ENDELEG TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring Bergen kommune Kirkevoll skole 1
1. Innleiing Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Bergen kommune, Kirkevoll skole. Rapporten gir inga fullstendig tilstandsvurdering av skulen. Tilsynet er gjennomført ved å vurdere praksis og rutinar som er omtalt i tilbakemeldingane frå kommunen og skulen opp mot lovkrav. 2. Rettsleg grunnlag for tilsynet Etter opplæringslova 14-1 har Fylkesmannen heimel til å føre tilsyn med offentlege skular. Kommunelova har utfyllande reglar om dette i kapittel 10A, jf. 60c. Tilsynsmyndigheita skal i denne samanheng ha tilgang til skuleanlegg og dokumentasjon. Tilsynet har ikkje avdekt lovbrot. 3. Tema for tilsynet Tema for tilsynet var om Kirkevoll skole følgjer krava i opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. 2-15 seier: Elevane har rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring. Kommunen kan ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter i samband med grunnskoleopplæringa, til dømes utgifter til undervisningsmateriell, transport i skoletida, leirskoleopphald, ekskursjonar eller andre turar som er ein del av grunnskoleopplæringa. Vidare er det vurdert om krava i opplæringslova 2-11 om permisjon frå den pliktige opplæringa er følgt når denne regelen blir aktualisert i samanheng med gratisprinsippet. 2-11 første ledd seier: Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker. Retten og plikten til opplæring varer til eleven har fullført tiande skuleåret. Grunnskuleopplæringa skal vere i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet, under dette fag- og timefordelinga. Kommunen gir forskrifter om skule- og feriedagar for elevane. Det går fram av opplæringslova 2-2 at opplæringa skal strekkje seg over minst 38 skuleveker innafor ei ramme på 45 samanhengande veker i skuleåret. Kommunane står fritt til å fastsetje eit anna tal undervisningsdagar enn 190, dersom dagane blir fordelte innanfor ei ramme på minst 38 og maksimalt 45 samanhengande veker. Forskrift til opplæringslova 1-6 seier at undervisninga som regel skal gå føre seg mellom kl. 08 00 og kl. 15 30. Unnatak frå denne regelen kan gjerast i enkelte tilfelle. Eit døme kan vere å forlenge skuledagen dersom elevane skal på teaterbesøk som ein del av undervisninga på ettermiddag/kveld. 4. Rettslege krav Opplæringslova 2-15 Rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring: Utdanningsdirektoratet har tolka denne retten og seier: Lova slår fast at den offentlege grunnskuleopplæringa skal vere gratis for elevane. Det betyr at kommunen/skulen ikkje kan krevje betaling frå elevane eller foreldra for verken undervisningsmateriell eller aktivitetar (faglege og sosiale) som går føre seg i skuletida og i skulen sin regi, og som er ein del av grunnskuleopplæringa i samsvar med opplæringslova og forskriftene til lova. Dei døma som er nemnde i lovparagrafen er ikkje uttømmande. Forbodet mot å krevje eigenbetaling gjeld all verksemd i samband med 2
opplæringa, også aktivitetar som går føre seg utanom ordinær skuletid når desse aktivitetane er ledd i at skulen gjennomfører opplæringa i samsvar med lov og forskrift. Opplæringslova 2-11 Permisjon frå den pliktige opplæringa Ordlyden i opplæringslova 2-11 regulerer permisjonar knytt til den enkelte elev, og regulerer derfor ikkje permisjonar for grupper av elevar. Opplæringslova 2-11 kan heller ikkje brukast når turen er ein del av grunnskuleopplæringa. Omsynet bak regelen er at det skal vere mogeleg for foreldre å ta ut elevane frå den obligatoriske grunnskuleopplæringa utanom skulen sine feriar. Både ordlyden og omsynet bak regelen tilseier derfor at regelen ikkje kan brukast slik at det blir ei omgåing av gratisprinsippet. Kommunen/skulen kan derfor ikkje gje permisjon for ei gruppe elevar med heimel i opplæringslova 2-11. 5. Skriftleg dokumentasjon Fylkesmannen har utarbeidd spørsmål som skuleeigar, rektor og leiar for FAU skulle svare på. Det var og høve til å leggje ved annan relevant dokumentasjon. Fylkesmannen har mottatt svar på spørsmåla frå rektor ved Kirkevoll skole, frå Bergen kommune og frå FAU-leiar. Følgjande spørsmål blei stilt: 1. Korleis informerer skulen foreldre og lærarar om retten til gratis grunnskuleopplæring? 2. Er gratisprinsippet drøfta i skulen sine rådsorgan? 3. Gjennomfører skulen turar/arrangement som til dømes; a. leirskule b. utanlandsturar c. andre turar med overnatting d. dagsturar/ekskursjonar (t.d. skidagar, kinobesøk, museumsbesøk) e. jul/sommararrangement Gjer nærmare greie for praksisen. 4. Blir turane/arrangementa fullfinansiert av skulen sine midlar? a. Dersom svaret på spørsmål 4 er nei blir det kravd eigenandel frå elevar/foreldre? 5. Arrangerer foreldra turar/arrangement for elevane i skuletida, jf. kulepunkta til spørsmål 3? a. Dersom svaret er ja på spørsmål 5 korleis vert desse finansiert? b. Dersom svaret på spørsmål 5 er ja, kva rolle og deltaking har skulen? 6. Har skulen ei eiga «gåvekasse/gåvekonto»? a. Er denne i tilfelle for heile skulen eller for enkeltklassar? b. Kven administrerer gåvekassa? c. Er foreldra informert om at alle gåver må vere reelt frivillig? 7. Gir skulen elevane permisjon etter opplæringslova 2-11 for å reise på aktivitetar arrangert av foreldre? a. Kva for tilbod får eventuelt dei elevane som ikkje søkjer permisjon? Følgjande tilleggsspørsmål blei stilt: 3
Korleis vert informasjonen om innbetaling til «gåvekonto/klassekasse», formidla til foreldra? Dersom det føreligg informasjonsskriv til foreldre om innbetaling til «gåvekonto/klassekasse», ber vi om å få tilsendt dette skrivet. Kva skjer dersom det er foreldre som ikkje betaler? 6. Oppsummering av dei skriftlege tilbakemeldingane Informasjon Rektor ved Kirkevoll skole skriv at skulen årleg gjev informasjon til FAU om retten til gratis grunnskuleopplæring. Informasjon om dette vert og gjeve i møte og informasjonsskriv til alle foreldre. Lærarane ved skulen drøftar jamleg retten til gratis grunnskuleopplæring i samband med planlegging, prioritering og gjennomføring av skulerelaterte turar, og med den enkelte klasselærar i samband med innkjøp av utstyr. FAU uttrykker at dei opplever ikkje at det vert gjeve direkte informasjon om retten til gratis grunnskuleopplæring, men at dette vert rekna som «allmenn kjennskap». Bergen kommune ved byrådsavdeling for barnehage og skole har laga rundskriv om skuleturar og gratisprinsippet. Dette rundskrivet er datert 7. februar 2014 og ligg og ute på kommunen si nettside. I følgje rektor og leiar for FAU blir gratisprinsippet drøfta i skulen sine rådsorgan. Arrangement i regi av skulen og finansiering av desse Rektor opplyser at det ikkje vert kravd eigenbetaling og skulen dekker utlegg til elevdeltaking på Internordisk leirskule, leirskuleopphald i Hardanger, ekskursjonar, museumsbesøk, deltaking på idrettsarrangement, Trivselssamlingar og kinobesøk. På spørsmål om skulen gjennomfører turar/arrangement svarar FAU ja på dette, og dei viser til at turar med overnatting har låg eigendel, som regel finansiert av klassekassa. Arrangement i regi av foreldre Rektor informerer om at våren 2015 reiste ein 10. klasse på fire dagars tokt med Statsråd Lemkuhl. Turen var initiert og planlagt av foreldra, og lærarar deltok ikkje verken i planlegginga etter gjennomføringa av denne turen. Turen vart finansiert med mykje felles dugnad, men og ein eigendel på 2000 kr per elev. Skulen hadde fleire møte med foreldra der tilhøve til gratisprinsippet vart drøfta, og det var ei tid diskutert om turen burde avlysast. Dette vart likevel ikkje gjennomført då foreldre og elevar ville har tapt ein god del innbetalte pengar. Det var og ein klasse som reiste til Voss, også denne turen vart finansiert med eigendel. Skulen har etter dette gjeve tydeleg informasjon om at turar med eigendel er det slutt på. Dette har FAU fått informasjon om og rektor opplever at FAU og foreldre støttar skulen sitt syn i denne saka. FAU svarar ja på spørsmål om foreldra arrangerer turar for elevane i skuletida, og viser til at desse turane vert finansierte av klassekasse, dugnad og eigendel. Gåvekasse/gåvekonto Rektor opplyser at skulen ikkje har gåvekasse. Vidare opplyser rektor at nokre klassar, men ikkje alle, har ein klassekasse, med det føremålet å gjera kjekke ting for elevane på fritida. Klassekassen vert administrert av foreldra. Innsamling av pengar til klassekassane har og vore drøfta i FAU. Rekor skriv 4
at representantar for FAU informerer om at innsamlinga av midlar er frivillig. Skulen ser likevel at «frivillige» innbetalingar kan vera problematiske dersom det er mogeleg å spora gjevaren. FAU opplyser at klassane har klassekonto som det vert «fremma innbetaling» til, i snitt 200 kr per år. Det er klassekontaktane som administrerer klassekassane. Dei sender ut brev om klassekasse til foreldre i klassane. I tillegg opplyser FAU at foreldra er informert om at innbetalinga er frivillig, og at det ikkje vert purra dersom det er foreldre som ikkje betaler inn til klassekassa. FAU opplyser at dei diverre ikkje har skriv frå klassekontaktar om klassekasse. Permisjonar På spørsmål om skulen gir elevane permisjon etter opplæringslova 2-11 for å reise på aktivitetar arrangert av foreldre, svarer rektor at skulen per i dag ikkje har aktivitetar arrangert av foreldre der det er aktuelt å søkja permisjon. Vidare skriv rektor at foreldre og FAU er informert om at skulen heller ikkje kan gje ein slik permisjon. 7. Fylkesmannens vurdering Etter den dokumentasjonen som føreligg går det fram at kommunen og skulen informere elevar og foreldre om dei rettane og pliktane dei har i grunnskuleopplæringa, mellom anna retten til gratis grunnopplæring. Det går og fram at retten til gratis grunnskuleopplæring er drøfta i skulen sitt rådsorgan, FAU. Når det på spørsmål om skulen eller foreldra gjennomfører turar/arrangement i skuletida, er svaret frå FAU at turar kan ha ein eigendel. Dermed kan det sjå ut for at ikkje alle turar i skuletida er fullfinansierte av skulen sine midlar, og at innkrevjing av eigenbetaling frå foreldre kan førekoma. Det går fram av dokumentasjonen at foreldra administrerer klassekassar der føremålet er å gje elevane gode opplevingar på fritida. Til dette vil Fylkesmannen visa til kva Utdanningsdirektoratet har uttalt: «Det følgjer dessutan av Innst. O. nr. 43 (2002-03) at presiseringa av at grunnskoleopplæringa skal vere gratis, ikkje inneber eit forbod mot å ta imot gåver. Det blir likevel understreka at slike gåver må vere reelt frivillige, komme heile klassen eller skolen til gode, og ikkje innebere motytingar av noko slag. Dersom gåvene har form av foreldrebidrag til klassekassar eller liknande, må gåvene så langt det er praktisk mogleg også vere anonyme. Alle elevane i klassen må få delta i dei same aktivitetane, uavhengig av om deira foreldre har gitt gåver/andre bidrag eller ikkje». Fylkesmannen ser det som svært positivt at foreldre engasjerer seg i sosiale aktivitetar som kjem elevane til gode, men vil likevel minna om ein viktig intensjon bak regelverket om gratis grunnskuleopplæring er at den skal vera med å utjamna sosiale ulikheiter mellom elevane og inkludera alle elevane. Vidare vil vi visa til at foreldrerådet/fau skal fremja fellesinteressene til alle foreldre og vera med å skapa eit godt skulemiljø. Dersom turar i regi av foreldre skapar splid mellom foreldre og ekskludering av enkelte elevar, så er dette ikkje i samsvar med intensjonen i lova, sjølv om det ikkje er brot på gratisprinsippet. Det er og viktig å merka seg at alle gåver til klassekasser skal vera reelt frivillige og, så langt det er praktisk mogeleg, vera anonyme. Skulen og FAU uttaler at dette er tilfelle ved Kirkevoll skole, men det er likevel i liten grad synleggjort i dokumentasjonen frå skulen og FAU korleis dette vert ivareteke i praksis. 5
8. Konklusjon Fylkesmannen finn det godtgjort at informasjonsplikta om retten til gratis grunnskuleopplæring er ivareteken av skulen og kommunen. Fylkesmannen vurderer det slik at Kirkevoll skole sin praksis for finansiering av arrangement og turar i regi av skulen og foreldra, i opplæringstida, ikkje er i tråd med krava i opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Ut frå den dokumentasjonen som føreligg, praktiserer Kirkevoll skole permisjonsreglane i samsvar med 2-11 i opplæringslova om permisjon frå den pliktige opplæringa. 9. Lovbrot som må rettast 1. Bergen kommune må sjå til at Kirkevoll skole oppfyller krava i opplæringslova 2-15 om Rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kommunen må i den samanheng sjå til at skulen: sikrar at det ikkje blir kravd eigendel frå elevane. 10. Frist for tilbakemelding For Fylkesmannens tilsyn etter opplæringslova 14 1, gjeld reglane i kommunelova kapittel 10 A. Kommunelova 60d seier: «Fylkesmannen kan gi pålegg til kommunen eller fylkeskommunen om å rette forhold som er i strid med de bestemmelser fylkesmannen fører tilsyn med etter 60 b. Før pålegg benyttes, skal kommunen eller fylkeskommunen gis en rimelig frist til å rette forholdet». Bergen kommune er gitt frist til 1. mai 2016 til å rette lovbrot som er avdekka i tilsynet, jf. kommunelova 60 d. Innan denne fristen må Bergen kommune og gje ei erklæring til Fylkesmannen om at lovbrotet er retta og gjere greie for korleis dette er gjort. Dersom forholdet ikkje er retta innan 1. mai 2016, vil Fylkesmannen vedta pålegg om retting med heimel i Kommunelova 60 d. Kommunen har rett til innsyn i saksdokumenta, jf. forvaltningslova 18. Toril Tysseland tilsynsleiar Kjetil Stavø Høvig rådgjevar 6