SAKSFRAMLEGG Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 024/13 UTVAL FOR OPPVEKST 13.06.2013 Per Olav Sørås OG KULTUR 072/13 KOMMUNESTYRE 18.06.2013 Per Olav Sørås Arkivsaknr. 13/716 Arkiv: FE-611 Skule i nord - skulestruktur 18.06.2013 KOMMUNESTYRE Handsaming i møtet: Tilrådinga frå utval for oppvekst og kultur vert lagt fram som fellesframlegg frå alle parti + at det vert lagt til i pkt. 3, 1. setning: - samt Austevoll ungdomsskule. Samrøystes vedteke. KST-072/13 Vedtak: og Kolbeinsvik skular, samt Austevoll ungdomsskule, slik at det kan verta sett av midlar i budsjett, økonomiplan og vedlikehaldsplan for å få skulane helseverngodkjente. Vedlikehaldsplanen må vera politisk handsama før budsjett 2014. Ein bed om ei vurdering frå ungdomsskulen på eventuelle framtidige plassbehov og vedlikehald.
13.06.2013 UTVAL FOR OPPVEKSTOGKULTUR Handsaming i møtet: Framlegg frå H, Sp og Frp v/renate Møgster Klepsvik: og Kolbeinsvik skular, slik at det kan verta sett av midlar i budsjett, økonomiplan og vedlikehaldsplan for å få skulane helseverngodkjente. Vedlikehaldsplanen må vera politisk handsama før budsjett 2014. Ein bed om ei vurdering frå ungdomsskulen på eventuelle framtidige plassbehov og vedlikehald. Det vart røysta over tilrådinga frå rådmannen og fellesframlegget frå H, Sp og Frp. Ved røysting vart fellesframlegget samrøystes vedteke. OKU-024/13 Vedtak: og Kolbeinsvik skular, slik at det kan verta sett av midlar i budsjett, økonomiplan og vedlikehaldsplan for å få skulane helseverngodkjente. Vedlikehaldsplanen må vera politisk handsama før budsjett 2014. Ein bed om ei vurdering frå ungdomsskulen på eventuelle framtidige plassbehov og vedlikehald. Tilråding frå rådmannen: Møkster skule blir lagt ned 1.august 2013 elevane blir flytta til Storebø skule. Kolbeinsvik skule blir lagt ned 1.august 2014 elevane blir flytta til Selbjørn skule. Utbygging og renovering av Storebø skule. Utbygginga skal gjerast etter dei planane som alt er lagt, men det må lagast eit klasserom ut over det som ligg i planane slik at
skulen blir ein fullt ut to parallellar. Rådmannen får fullmakt til å greie ut dette og utgiftene blir belasta Skuleinvestering i nord. Utval for oppvekst og kultur får fullmakt til å godkjenne planane for så å leggje dei ut på anbod. Utbygging og renovering av Trolandshamar skule. Vedlagte saksdokument: Dok.dato Tittel 06.05.2013 Uttale - Personalet og administrasjonen ved Kolbeinsvik skule 14.05.2013 Uttale - Samarbeidsutvalet i kulturskulen 08:16:39 14.05.2013 Uttale frå Storebø skule v/rektor 15.05.2013 Uttale - Linn Benedicte Wågnes Johansen Våge og Rolf Våge 15.05.2013 Uttale - Ann-Elen Waage Drivenes 15.05.2013 Uttale - Karia Stenevik 15.05.2013 Uttale - Asbjørg Aasebø 16.05.2013 Uttale - FAU Trolandshamar v/hans Erling Sandtorv 21.05.2013 Underskriftliste frå FAU Trolandshamar skule 16.05.2013 Uttale - Anders Arve Kalve 16.05.2013 Uttale - FAU ved Storebø skule 16.05.2013 Uttale - Austevoll Musikkråd 23.05.2013 Vedlegg 1: Askøyposten mars 2013 23.05.2013 Vedlegg 2: Informasjon om akustikk frå lokale musikkråd 23.05.2013 Vedlegg 3: Presentsjon: Det gode øverommet 23.05.2013 Vedlegg 4: Akustikknormer musikklokaler-2009 23.05.2013 Vedlegg 5: Akustisk måleutstyr - prisliste 23.05.2013 Vedlegg 6:Akustiske forhold i lokalene 16.05.2013 Uttale - Tilsette ved Trolandshamar skule 21.05.2013 Uttale - Rektor Vibecke Storebø ved Trolandshamar skule 21.05.2013 Uttale - Alf Helge Møgster 21.05.2013 Uttale - Flemming Zetterstrøm 21.05.2013 Uttale - Åsmund Aasebø 21.05.2013 Uttale - Dorthea Margrethe Møgster og Kenneth Samland 21.05.2013 Uttale - Torbjørn Kirkhorn og Veronika Møgster 21.05.2013 Uttale - Rebekka Bjånesøy 21.05.2013 Uttale - Austevoll Arbeidrparti v/bård Moshagen 21.05.2013 Uttale - FAU Kolbeinsvik skule v/nina Møgster 21.05.2013 Uttale frå Stein Magnar Kalvenes 21.05.2013 Uttale frå Hundvåkøy kvinne- og familielag 21.05.2013 Uttale frå Austevoll Idrettsråd 21.05.2013 Uttale frå Knut K. Kalvenes 13:57:02 21.05.2013 Uttale frå Camilla Solbakken, Yngve Ringdal, Kathrine Vassnes og Ivan Berntsen 22.05.2013 Uttale - Marita Otterå med familie 02.05.2013 Uttale - Lars - Roar Drivenes 11.06.2013 Frå rektor Møkster skule - tilbakemelding på forslag om nedlegging av Møkster Skule 11.06.2013 Frå Møkster Bu - tilsvar på forslaget om å legge ned skulen på Møkster 11.06.2013 Frå FAU Møkster skule - innspel på forslag om nedlegging av skulen
Bakgrunn for saka: Austevoll kommunestyre vedtok i desember 2011 å setje av pengar til å planlegge ny skule nord i kommunen. Hausten 2012 starta arbeidet med skuleanalysen i Austevoll og det blei utlyst anbod om utarbeiding av rapport med analyser for 3 utvalde tomtealternativ i og rundt Eidsbøen gjort av Tippetue arkitekter AS. Analysen av tomtealternativa på Eidsbøen blei drøfta i kommunestyret i Austevoll 13.12.2012. Kommunestyret vedtok i sak 156/12 at dersom Eidsbøen blei vald som ny lokalisering, er det tomt 2b som er aktuell. Kommunestyret vedtok òg etter drøftinga av analysen at dei ynskte eit utvida avgjerdsgrunnlag og ei tilsvarande analyse for eksisterande skuletomt på Storebø. Dei ynskte difor å utsetje den endelege avgjerda til denne analysen låg føre. Utval for oppvekst og kultur fatta 09.04.2013 fylgjande vedtak i sak 012/13: Utval for oppvekst og kultur sender planutkastet Ny barneskule i Nord ut på høyring med frist til å kome med innspel, 20.mai 2013. Utvalet meiner no at ein har tilstrekkeleg med utgreiingar av alternativa. Det vert avholdt folkemøte før frist for høyring er ute. Politisk sak må fremjast i møte i Oppvekst og kulturutvalet i juni. Utvalet ber om å få høyringsutkastet til gjennomsyn før det vert sendt ut på høyring. På bakgrunn av dette vart det sendt ut høyringsbrev der det vart presisert at ein mellom anna ynskte uttalar om: 1) Skal vi byggje ny skule på Eidsbøen, eller skal vi byggje ny skule på Storebø? 2) Viss du/de ynskjer at skulen skal byggjast på Storebø, kva for alternativ skal vi då velje? 3) Vi skal byggje ein ny, stor skule i nord. Kva tankar/idear har du/de til ny skulestruktur i Austevoll kommune? Då høyringsfristen var ut 20. mai var det kome inn 28 uttalar frå lag/organisasjonar. Vurdering: Det er blitt gjort eit grundig forarbeid med å sjå på det å bygge ein ny skule nord i kommunen. Mulighetsanalysen til Tippetue arkitekter AS viser at det er mogleg å byggje ei ny stor barneskule både på Eidsbøen, og på Storebø. Fleire folkemøte har vore arrangert, og ei høyring har vore gjennomført. Austevoll kommune er ein kommune i vekst, men blir ikkje større enn at ein framtida vil kunne klare seg med to eller tre barneskular, og ein felles ungdomsskule. Austevoll kommune har allereie teke grep og lagt ned fleire barneskular i kommunen. Intensjonen med ein analyse i nord var eventuelt å kunne byggje ein ny felles skule for å samle alle elevane i nord på ein felles barneskule. Etter fleire folkemøte og ei høyring med stor deltaking, ser rådmannen at det ikkje er ynskje om ein felles skule nord i kommunen. Sjølv om høyringa spriker, og alle snakkar varmt for sin skule, er det nokre tendensar som rådmannen har lagt vekt på. - Det er svært liten vilje til å legge ned Trolandshamar skule
- Mange ynskjer å behalda Kolbeinsvik skule, men fleire opnar opp for å legge ned viss ny skule kjem på Eidsbøen, nokre meiner og at Selbjørn skule er eit alternativ, medan ingen vil til Storebø. - Ingen har uttalt seg om Møkster skule. Rådmannen meiner at ein kommune som Austevoll kan leve med tre barneskular og ein felles ungdomsskule og har difor i vurderinga si lagt stor vekt på pedagogiske fordelar og ulemper ved skulane ein har i dag, og kor vil folkeauken kome dei neste åra i kommunen. I tillegg kostar det meir å drive små skular, enn større skular. Skular med mindre enn femti elevar er svært sårbare i høve til både fagleg kompetanse og eit trygt skulemiljø for alle elevar. Eit lite miljø kan vere trygt og godt, men fell ein elev utanfor blir kvardagen vanskeleg. Det er færre å spele på i det vaksne miljøet, og ein blir veldig avhengig av den enkelte vaksne. Det er sjølvsagt små skular som lukkast med godt utviklingsarbeid og får mykje til, men dei er meir utsett og sårbare for små variasjonar. I tillegg ser det ut som om veksten i Kolbeinsvik og Møkster blir relativt liten dei neste åra. Ved å satse på Storebø og Trolandshamar skule, i tillegg til Selbjørn skule, vil ein kunne legge til rette for to skular med fullt ut to parallellar, og ein skule med ein parallell som kan ta opp mot 150 elevar. Denne strukturen vil uansett kunne møte elevtalsauken i Austevoll kommune dei neste 20-30 åra. Prognose elevar i 2033 er: Storebø i underkant av 300 elevar, Selbjørn om lag 280 elevar og Trolandshamar om lag 150 elevar. Det er i dag sett av 170 millionar til skuleutbygging, det blir viktig at skulane fullt ut blir helseverngodkjend og får ei universell utforming. For Storebø skule er det utarbeida ein plan for korleis skulen kan byggjast ut, denne planen må kunne brukast no. Planen må likevel bli tilpassa slik at Storebø blir ein fullt ut to parallellar, og at ein samstundes rustar opp uteområdet ved skulen. Med ein kraftig auke i elevmassen i Austevoll, vil ein og måtte bygge fleire klasserom på ungdomsskulen om nokre år. Slik rådmannen ser det vil ein uansett med ei slik utbygging i Austevoll kommune, kome godt under dei 170 millionane som i dag ligg inne i investeringsbudsjettet. På drifta vil Austevoll kommune frigjere ressursar dersom Møkster skule og Kolbeinsvik skule blir nedlagt. Møkster skule vil frå hausten kunne gå rett inn i eksisterande klasser på Storebø og vi vil derfor kunne frigjere ca 1,8 mill kroner i året. Ved å leggje Kolbeinsvik skule til Selbjørn skule, vil vi sleppe utbygningskostnader fordi Selbjørn skule vil være stor nok til å ta desse elevane. Utbygginga på Selbjørn skule vil være avslutta i haust og skulen vil være godt egna til å ta imot elevane frå Kolbeinsvik ved skulestart 2014. Innsparing pr år vil bli på ca. 3 mill kroner.