UUI-sak 11/12 Vedlegg NOLI211, NOLI311 og NOLI212, NOLI312, endring i obligatorisk aktivitet Emneplanar for NOLI211, NOLI311, NOLI212, NOLI312. Saksomtale: NOLI211 har felles undervisning og vurdering med NOLI311. NOLI212 har felles undervisning og vurdering med NOLI312. I tillegg har tilbodet i Nordisk retorikk (under emnekoden RET205) også vore felles med NOLI212 i nokre semester. Per i dag ligg det inne krav om obligatorisk pensumliste på NOLI311 og NOLI312, med gyldigheit berre i undervisningssemesteret. Den korte gyldigheita for pensumlista fører til at studentar som av ulike grunnar ikkje får tatt eksamen i emna i undervisningssemesteret, heller ikkje kan melde seg opp til midtsemestereksamen i semesteret etter. På 200-emna NOLI211 og NOLI212 er det derimot ikkje ei slik obligatorisk pensumliste, slik at studentar som følgjer same undervisning får ulike vilkår med tanke på midtsemestereksamen. Ein måte å få til både like moglegheiter for studentane og samstundes avgrense høvet til å melde seg til midtsemestereksamen, er å leggje inn obligatorisk pensumliste også på 211/212 slik at alle emna med felles undervisning krev dette. For å gjere det mogleg å ta midtsemestereksamen i påfølgjande semester for studentar som har fulgt undervisninga, men av ein eller annan grunn ikkje har fått tatt eksamen, kan pensumlista få ei gyldigheit på to semester; undervisningssemesteret og semesteret etter. Framlegg til vedtak: Emneplanane i NOLI211, NOLI311 og NOLI212, NOLI312 blir endra slik at alle emna har krav om obligatorisk pensumliste. Pensumlista får ein gyldigheit på to semester på alle fire emna. Verknad frå hausten 2012. Vedlegg: Emneplanar for NOLI211, NOLI212, NOLI311, NOLI312 Foreslåtte endringar er markerte med kursiv (under punktet «obligatoriske arbeidskrav») Kategoriar Emnekode Emnenamn, nynorsk Emnenamn, engelsk NOLI211 Nordisk: Litterært fordjupingsemne C Nordic literature: Literary specialization C
Studiepoeng 15 Undervisningssemester Haust Undervisningsspråk Studienivå Krav til studierett Mål og innhald Norsk og ev. dansk og svensk. Bachelor. Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Studieadministrativ avdeling. Se UHL 3-10. Emnet skal gje ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innafor nordisk litteraturforsking. Det skal utfylle breiddestudiet på 100-nivå og gje kunnskapar og dugleikar som går ut over det studentane har tileigna seg der. Emnet er ein valfri del av bachelorgrad med spesialisering i nordisk, der studentane spesialiserer seg i eit nærare definert område av faget. Kva fagområde emnet dekkjer, ligg ikkje fast. Det kan variere frå gong til gong emnet blir tilbode. Emnet kan gje tilbod om fordjuping i t.d. retorikk, ein sjanger, ein forfattarskap, ein litterær tradisjon eller epoke, ein spesifikk metode eller teori osv. Emnet må vere ulikt andre emne som kan studerast under andre emnekodar i det same semesteret, og det må vere ulikt andre emne den enkelte studenten vel i løpet av studiet. Pensumet tilsvarer om lag 1000 sider av normal vanskegrad. Instituttet fastset pensumet. Læringsutbyte/resultat Etter å ha studert dette emnet skal studentane kunne gjere greie for, diskutere og vurdere sentrale delar av den studerte faglitteraturen og det aktuelle tekstmaterialet kjenne att og vurdere bruken av tolkingsmønster i ein fagtekst skape nye fagtekstar med grunnlag i adekvate omgrep og metodar grunngi valet og bruken av omgrep og metodar i eigne tekstarbeid
Krav til forkunnskapar Ingen. Tilrådde forkunnskapar NOLI102 og NOLI103 eller tilsvarande. Undervisning og omfang Undervisninga er felles med NOLI311. Førelesingar: 1 dobbeltime i veka i 13 veker. Kan delvis ha seminarform. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september. Obligatoriske arbeidskrav Vurderingsformer (dvs. Eksamen) Karakterskala Det er obligatorisk å levere og få godkjend pensumliste. Obligatoriske aktivitetar gjeld i undervisningssemesteret og semesteret etter. Skriftleg prøve på 6 timar. Målforma på prøva vert fastsett ved loddtrekking seinast 14 dagar før eksamensdagen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk. Karakterskala A F. Læremiddelomtale Undervisningsstad Emneevaluering Kontaktinformasjon Bergen Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Arbeidsdokument emneplanendring februar 2012 Foreslåtte endringer i kursiv (under punktet «obligatoriske arbeidskrav») Kategoriar Emnekode Emnenamn, nynorsk Emnenamn, engelsk NOLI212 Nordisk: Litterært fordjupingsemne D Nordic literature: Literary specialization D Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår, men ikkje fast Undervisningsspråk Studienivå Krav til studierett Mål og innhald Norsk og ev. dansk og svensk. Bachelor. Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Studieadministrativ avdeling. Se UHL 3-10. Emnet skal gje ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innafor nordisk litteraturforsking. Det skal utfylle breiddestudiet på 100-nivå og gje kunnskapar og dugleikar som går ut over det studentane har tileigna seg der. Emnet er ein valfri del av bachelorgrad med spesialisering i nordisk, der studentane spesialiserer seg i eit nærare definert område av faget. Kva fagområde emnet dekkjer, ligg ikkje fast. Det kan variere frå gong til gong emnet blir tilbode. Emnet kan gje tilbod om fordjuping i t.d. retorikk, ein sjanger, ein forfattarskap, ein litterær tradisjon eller epoke, ein spesifikk metode eller teori osv. Emnet må vere ulikt andre emne som kan studerast under andre emnekodar i det same semesteret, og det må vere ulikt andre emne den enkelte studenten vel i løpet av studiet. Pensumet tilsvarer om lag 1000 sider av normal vanskegrad. Instituttet fastset pensumet. Læringsutbyte/resultat Etter å ha studert dette emnet skal studentane kunne gjere greie for, diskutere og vurdere sentrale delar av den studerte faglitteraturen og det aktuelle tekstmaterialet kjenne att og vurdere bruken av tolkingsmønster i ein fagtekst skape nye fagtekstar med grunnlag i adekvate omgrep og metodar grunngi valet og bruken av omgrep og metodar i eigne tekstarbeid Krav til forkunnskapar Ingen.
Tilrådde forkunnskapar NOLI102 og NOLI103 eller tilsvarande. Undervisning og omfang Undervisninga er felles med NOLI312. Førelesingar: 1 dobbeltime i veka i 13 veker. Kan delvis ha seminarform. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september. Obligatoriske arbeidskrav Vurderingsformer (dvs. Eksamen) Karakterskala Det er obligatorisk å levere og få godkjend pensumliste. Obligatoriske aktivitetar gjeld i undervisningssemesteret og semesteret etter. Skriftleg prøve på 6 timar. Målforma på prøva vert fastsett ved loddtrekking seinast 14 dagar før eksamensdagen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk. Karakterskala A F. Læremiddelomtale Undervisningsstad Emneevaluering Kontaktinformasjon Bergen Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Kategoriar Emnekode Emnenamn, nynorsk Emnenamn, engelsk NOLI311 Nordisk: Litterært masteremne C Nordic literature: Literary master s course C Studiepoeng 15 Undervisningssemester Haust
Undervisningsspråk Studienivå Krav til studierett Mål og innhald Norsk og ev. dansk og svensk. Master. Emnet er ope for studentar med studierett ved masterprogrammet i nordisk språk og litteratur eller integrert lektorutdanning med master i nordisk. Emnet skal gje ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innafor nordisk litteraturforsking. Det skal gje kunnskapar og dugleikar som går ut over det studentane har tileigna seg på bachelornivå. Emnet er ein valfri del av mastergraden i nordisk språk og litteratur, der studentane spesialiserer seg i eit nærare definert område av faget. Kva fagområde emnet dekkjer, ligg ikkje fast. Det kan variere frå gong til gong emnet blir tilbode. Emnet kan gje tilbod om fordjuping i t.d. retorikk, ein sjanger, ein forfattarskap, ein litterær tradisjon eller epoke, ein spesifikk metode eller teori osv. Emnet må vere ulikt andre emne som kan studerast under andre emnekodar i det same semesteret, og det må vere ulikt andre emne den enkelte studenten vel i løpet av studiet. Pensumet tilsvarer om lag 1000 sider av normal vanskegrad. Læringsutbyte/resultat Etter å ha studert dette emnet skal studentane kunne gjere greie for, diskutere og vurdere sentrale delar av den studerte faglitteraturen og det aktuelle tekstmaterialet gjere greie for teorigrunnlaget for, og vurdere bruken av, eit tolkingsmønster i ein fagtekst skape nye fagtekstar med grunnlag i adekvate omgrep og metodar grunngi valet og bruken av omgrep og metodar i eigne tekstarbeid, og relatere eige arbeid til ein forskings- eller fagtradisjon Krav til forkunnskapar Ingen. Tilrådde forkunnskapar Undervisning og omfang Undervisninga er felles med NOLI211. Førelesingar: 1 dobbeltime i veka i 13 veker. Kan delvis
ha seminarform. Obligatoriske arbeidskrav Vurderingsformer (dvs. Eksamen) Karakterskala Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september. Det er obligatorisk å levere og få godkjend pensumliste. Obligatoriske aktivitetar gjeld i undervisningssemesteret og semesteret etter. Skriftleg prøve på 6 timar. Målforma på prøva vert fastsett ved loddtrekking seinast 14 dagar før eksamensdagen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk. Karakterskala A F. Læremiddelomtale Undervisningsstad Emneevaluering Kontaktinformasjon Bergen Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Kategoriar Emnekode Emnenamn, nynorsk Emnenamn, engelsk NOLI312 Nordisk: Litterært masteremne D Nordic literature: Literary master s course D Studiepoeng 15 Undervisningssemester Vår, men ikkje fast Undervisningsspråk Studienivå Krav til studierett Norsk og ev. dansk og svensk. Master Emnet er ope for studentar med studierett ved masterprogrammet i nordisk språk og litteratur eller
Mål og innhald integrert lektorutdanning med master i nordisk. Emnet skal gje ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innafor nordisk litteraturforsking. Det skal gje kunnskapar og dugleikar som går ut over det studentane har tileigna seg på bachelornivå. Emnet er ein valfri del av mastergraden i nordisk språk og litteratur, der studentane spesialiserer seg i eit nærare definert område av faget. Kva fagområde emnet dekkjer, ligg ikkje fast. Det kan variere frå gong til gong emnet blir tilbode. Emnet kan gje tilbod om fordjuping i t.d. retorikk, ein sjanger, ein forfattarskap, ein litterær tradisjon eller epoke, ein spesifikk metode eller teori osv. Emnet må vere ulikt andre emne som kan studerast under andre emnekodar i det same semesteret, og det må vere ulikt andre emne den enkelte studenten vel i løpet av studiet. Pensumet tilsvarer om lag 1000 sider av normal vanskegrad. Læringsutbyte/resultat Etter å ha studert dette emnet skal studentane kunne gjere greie for, diskutere og vurdere sentrale delar av den studerte faglitteraturen og det aktuelle tekstmaterialet gjere greie for teorigrunnlaget for, og vurdere bruken av, eit tolkingsmønster i ein fagtekst skape nye fagtekstar med grunnlag i adekvate omgrep og metodar grunngi valet og bruken av omgrep og metodar i eigne tekstarbeid, og relatere eige arbeid til ein forskings- eller fagtradisjon Krav til forkunnskapar Ingen. Tilrådde forkunnskapar Bachelorgrad eller tilsvarande i nordisk Undervisning og omfang Undervisninga er felles med NOLI212. Førelesingar: 1 dobbeltime i veka i 13 veker. Kan delvis ha seminarform. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før
Obligatoriske arbeidskrav Vurderingsformer (dvs. Eksamen) Karakterskala semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september. Det er obligatorisk å levere og få godkjend pensumliste. Obligatoriske aktivitetar gjeld i undervisningssemesteret og semesteret etter. Skriftleg prøve på 6 timar. Målforma på prøva vert fastsett ved loddtrekking seinast 14 dagar før eksamensdagen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk. Karakterskala A F. Læremiddelomtale Undervisningsstad Emneevaluering Kontaktinformasjon Bergen Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no