ÅRSMELDING FOR VELLEDALEN I BALANSE AS 2015 Verksemda sin art Selskapet sitt formål er å legge til rette for, og i nødvendig grad engasjere seg i, utviklingstiltak som kan kome Velledalen til gode, eller aktiviteter som står i samband med dette. I 1998 starta VIB AS opp dagligvarebutikk. Butikken vert i dag driven som Jokerbutikk i den gamle Bruafabrikken på Brunstad. Rettvisande oversikt over utvikling og resultat. Styret meiner at rekneskapen gir eit rettvisande bilde av drifta av selskapet. Selskapet gjekk i 2015 med underskot på kr 109 878,-. Inntektsføring av BU midlar og utbetaling av tidlegare kundefordingar i bygdemobiliseringsprosjektet er no sluttført. Fortsatt drift Styret meina at det er grunnlag for framleis drift av selskapet. Årsrekneskapen er utarbeidd etter denne føresetnaden. Dette sjølv om selskapet dette året har eit underskot i rekneskapen. Vi har i 2015 auka omsetninga med 427 000,. Butikken har ei stabil kundegruppe. Den har også eit stort potensiale. Det viser seg at tiltak som er sett i verk har betra situasjonen noko, men det er arbeidskrevjande å snu den negative utviklinga. Aksjekapitalen i selskapet er redusert til under 50 %. Det er sett i verk fleire tiltak for å betre dette jf. styrets handlingsplikt aksjelova 3-5 Ny utviding av aksjekapitalen er nadusynt for å kunne opp fylje aksjelova sitt krav om eigenkapital og vidare drift av selskapet. Dårleg likviditet i selskapet dei siste året har gjort at det har vore krevjande å drifte butikken. Det er sett i verk tiltak for å redusere kostandar og auke bruttofortenesta. Det vart set i gong ei kapitalutviding for å betre eigenkapitalen i selskapet i november 2015, men den må tingast på nytt pga. fristane for tining av ny aksjekapital. Det er viktig å sette inn endå fleire tiltak for å snu den negative utviklinga, slik at ein på nytt får overskot i drifta. Det vil i hovudsak vere å auke antall kundar og at dei som i dag handlar ved butikken handlar endå meir av sine total innkjøp. Arbeidsmiljø Det er om lag to årsverk ved butikken. Tre personer arbeider fast. Det har ikkje vore behov for å setje i verk spesielle tiltak i samband med arbeidsmiljøet ved bedrifta. Styret Styret består av fem personer. To kvinne og tre menn. Vararepresentantane er to menn. Det har vore gjennomført 13 styremøte i 2015.
Ytre miljø Etter styret si meining forureinar selskapet si verksemd ikkje det ytre miljø. Andre forhold Styret kjenner ikkje til andre forhold som er viktige for å vurdere selskapet si stilling og resultat, enn dei som går fram av denne årsmeldinga og rekneskapen med notar. Det er heller ikkje etter utgangen av rekneskapsåret hendingar som etter styret si meining har betyding ved vurdering av rekneskapen. Styret ser ein positiv utvikling i drifta første kvartal 2016.(første kvartalsrapport pr. 30.4,16 ) Bruttoavansen har auka frå 2015 til 2016. Varekostandane er redusert sjølv om ein har hatt ein liten reduksjon i omsetnaden hit til i år. Joker Velledalen Det har vore eit eige butikkstyre som har arbeidd med butikken, det har i 2015 bestått av Anita Kjersheim, Linda Øye, Sindre Hjorthol og Kristin Grebstad. Per Magne Drotninghaug kom med frå hausten 2015 då det er på butikken hovudfokuset i selskapet har vore denne tida. Det har vore eit behov for å styrke oppfølginga i forhold til økonomiske tiltak og kontroll. Det var etablert eit brukarråd med tre representantar i 2014. Desse har kome med forslag til tiltak som ein kunne sette i gang og skal vere med å bygge omdøme for butikken. Desse har hatt møter med leiar i butikkstyret. Ein har teke tak i uteståande beløp ved butikken og ein har fått innbetalt store delar av desse beløpa. Det er ikkje lenger høve for privat personar å handle på kreditt. Kassakreditten er redusert ned igjen til 100 000 kr frå 1.7.15 Vi hadde godkjent 200 000 kr tom 1.7.15. Det har vore gjennomført fleire dugnadar ved butikken med ein hovuddugnad med ryddig av lageret. Butikkstyret har bruka mykje av tida si og ressursane med å fylje opp drifta av butikken, sette i verk tiltak, utarbeide rapportar, sjekklister, rutinar for å kunne betre lønnsemda og oversikt over utgifter og uteståande postar. Tiltak for å redusere utgiftene har vore fokus heile året og det har vore regelmessig møte mellom butikkstyret og daglegleiar. På eit av møte deltok også dei andre tilsette. Hovudfokus har vore : Redusere lønn kostnadar Redusere finanskostnadar Auke bruttoforteneste/redusere svinn Tiltak for å betre likviditet. NorgesGruppen har delteke på møte for å kunne få tilbakemeldingar på kva grep vi burde ta for å få opp lønnsemda ved butikken. Det har også vore søkt råd hos revisor og rekneskapsførar. Velledalen helselag gav ein stor utebenk til Joker Velledalen i samband med avviklinga av laget. 2
Det har vore fleire Vaffeldagar ved butikken. Dette var eit positivt tiltak og bør gjennomførast vidare. Mange sette pris på å kunne treffe sine naboar for å kunne slå av eit prat på nærbutikken. Ekstraordinær generalforsamlinga den 30.11.15 På tross av iverksetting av tiltak i butikkdrifta sleit ein med å snu trenden og ved utgangen av oktober viste rekneskapet at eigenkapitalen mest truleg var tapt. Det vart kalla inn til ekstraordinær generalforsamling for å hente inn meir aksjekapital. På generalforsamlinga kom det Det kom fram ein fleire tilbakemeldingar på drifta av butikken. Dette var både positive og konstruktive tilbakemeldingar på tiltak ein burde sette i verk for å betre omsetnadene på butikken. Det var sett eit minimum 50 000 kr og maksimum 200 000 i ny aksekapital med ein tengningsfristen til 31.1.16. Aksjonærregisteret Styret har heller ikkje dette året hatt midlar til å få på plass registreringa i aksjonærregistert. Bygdemobiliseringsprosjektet Bygdemobiliseringsprosjektet er eit prosjekt som skulle gå over tre år frå 2009 til 2012. I 2012 vart det søkt om utviding av prosjektet over ein periode med avslutning i 2014. Etter det vart søkt utsetting om arbeidet med sluttrapporten vart våren 2015 brukt til arbeidet med sluttrekneskap og sluttrapport for prosjektet. Sluttrapport og sluttrekneskap vart i begynnelsen av juli godkjent av fylket. Det har gjennom dei seks åra gjennomført mykje godt arbeid i dette prosjektet. Sjølv om prosjektet no formelt sett er avslutta vil Velledalen i Balanse fortsatt jobbe med utviklingstiltak i Velledalen. I samband med Bygdemobiliseringsprosjektet vart det både søkt og budsjettert med SMIL midlar til klima og miljøtiltak. Det har og vore utarbeidd rekneskap og sluttrapport for dette arbeidet. Av prosjekt knytt til dette arbeidet kan nemnast: Oppstart av Velledalen andelslandbruk Skilting og rydding av råser Dalaråsa. Av prosjekt som har vore oppstarta og arbeidd med i Bygdemobiliseringsprosjektet har nokre av desse også vore jobba vidare med. Bustadar Bygdemobiliseringsprosjektet var pådrivar for å få skipa eit aksjeselskap som kunne stå for bustadbygging. Velledalen Eigedomselskap AS vart skipa i 2011 og VIB eig ein liten aksjepost i selskapet. Ein tomannsbustad stod ferdig i 2012. Ein av einingane vart i 2014. Den andre eininga vart seld i 2015. Profilering Det har og i 2015 vore ein avtale om profilering av Velledalen på vogntoget til Ståle Ødegård. Denne avtalen vart avslutta hausten 2015. 3
Ein reklameskjerm har vore i drift i skisesongen på Fjellsetra. På skjermen reklamerer vi for butikken, Grendahuset og symjehallen. Også andre har mogelegheit å få kjøpe annonseplass på skjermen. Nettsida Per Magne har drifta sida i 2015. Det har ikkje vore arbeidd aktivt med stoff til sida frå styret si side, men det har inni mellom kome inn saker so har blitt lagt ut. Største bidragsytarane er Velledalen Montessoriskule, Velledalen Naturbarnehage og Velledalen Sogelag. Det var forsøkt å sett ned eit råd som skulle hjelpe til å bidra med stoff. Men dette har vore lite fokus på dette arbeidet 2015. Dersom ein skal få det til å fungere på ein fylje det opp regelmessig. Skilting Huseigar ved Joker Velledalen har ein plan på skilting, men den er ikkje effektivisert. Ein vil her først skilte ved butikken som også dekker skilting til dei ulike fjelltoppane i dalen. Oppsetting av turskilt: Der er eit samarbeid mellom Sykkylven kommune, VIB og Fjellhug. Midlane til skilting fekk ein frå Gjensidigstiftelsen. Det gjeld både enkelt skilt og fleire tavler. Tavlene er no også sett opp, men det manglar turkart. Bustadfelt Etter at arealdelen av kommuneplanen vart godkjent opna det seg fleire område for spreidd bustadbygging i Velledalen, samt bustadfelt og næringsområder. Dette gjere det lettare for dei som ønskjer å selje tomter i gitte områder. Det har vore kontakt mellom styret og grunneigar med med konkrete planar. Små klyngetun i jordbrukslandsapet - eit alternativ til byggefelt på bygda Før i tida var det Klyngetun på dei fleste gardane i Velledalen. No har dei fleste flytta ut, men på Fet har dei framleis bevart den gamle tunskipnaden. Delar av styret var i haust på synfaring til ein ny sort klyngetun i Svidalen i Jølster. Der har Janne Karin Støylen fått regulert eit lite byggefelt med fem store tomter, trehus er bygde og ei anna tomt er seld. Klyngetunet ligg nær garden. Tanken er at huseigarane om dei vil kan delta i arbeidet på garden, ha sin eigen åkerflakk og stalle opp eigen hest eller andre dyr. Janne Karin flytta frå Volda og hem for å ta over garden, og starta dette prosjektet fordi det mangla familiar i same livssituasjon i Svidal. Ho har fått økonomisk støtte til prosjektet frå Landbruks og matdepartementet, regionale utviklingsmidlar og Bu midlar. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har utarbeida ein rapport, Det moderne klyngetun- ein buplass for fleire enn bønder» Styret Har jobba med eit par alternativ for klyngetun i Velledalen, men så Langt har ein ikkje lukkast å får noko interessentar til å byrje å planlegge noko konkret. 4
Andre saker: Ekstraordinær generalforsamlingar den 18.6.15 Det var gjennomført ekstraordinær generalforsamling Velledalen i Balanse 18. juni 2015- Årsaka var at ein ikkje klarte å få på plass eit nytt styret på den ordinære generalforsamlinga. Det var spesielt ny leiar som var svært vanskeleg. Med nokre kompromiss avtalar mellom medlemane i styret klart ein til slutt å få på plass eit nytt styre med ny leiar. Forslag til bruk av overskot/dekking av underskot I 2015 hadde selskapet eit underskot på kr. 109 878,-. Det vert foreslått å føre over til udekka tap. Styret vil takke dei tilsette for godt samarbeid i året som gjekk. Vi vil og takke kundane som brukar butikken. Det er viktig med møteplasser, og vi vil at butikken vår skal vere ein triveleg møteplass i kvardagen. Styret vil og takke alle som er med og hjelper til i det viktige arbeidet med å utvikle, og å gjere Velledalen til ein endå betre stad å bu. Velledalen - der folk trivst er alt muleg Velledalen 20.06.16 Nils Sigurd Drabløs Styreleiar Håkon Fedt Per Magne Drotninghaug Nestleiar Anita Kjersheim Linda Øye 5