1 BREHEIMEN NASJONALPARKSTYRE Breheimen nasjonalpark Mørkridsdalen landskapsvernområde Vigdalen landskapsvernområde Strynefjellet landskapsvernområde Mysubytta landskapsvernområde Høydalen landskapsvernområde Høyrokampen naturreservat Breheimen nasjonalparkstyre sakliste til styremøte 6/2011 Tid: Torsdag 10.september fredag 11.september 2011 Stad: Skjolden, Luster kommune Sakliste Saksnr. Innhald Arkivsaksnr. 64-2011 Godkjenning av innkalling og sakliste 65-2011 til 66-2011 Særskilde styresaker 67-2011 til 69-2011 Orienteringssaker Særskilde styresaker (vedtakssaker) Under følgjer ei oversikt over særskilde styresaker med kort oppsummering og framlegg til vedtak. Nedanfor følgjer saksframlegg og framlegg til vedtak i fulltekst, i same rekkefølgje. Saksnr. Innhald Arkivsaksnr. 65-2011 Administrering av Breheimen utviklingsfond Oppsummering: Sekretariatet meiner utviklingsfondet bør vere samla slik at styret kan holde kontinuerlig oversikt og dokumentasjon. Sekretariatet gjer framlegg om at Luster kommune utbetalar og fører rekneskap for fondet mot ein fast kompensasjon. 66-2011 Tildeling av midlar frå Breheimen utviklingsfond Oppsummering: Nasjonalparkstyret annonserte ein søknadsfrist til 1. november for første handsaming av søknadar til Breheimen utviklingsfond. Det kom inn 25 søknadar. Sekretariatet har sett opp alle søknadane i vedlagt skjema og gjort framlegg til prioritering og løyving
2 Orienteringssaker Under følgjer ei oversikt over orienteringssaker til styret frå sekretariatet. Saksnr. Innhald Arkivsaksnr. 67-2011 Bestillingsdialogen førebels liste Oppsummering: Sekretariatet presenterer førebels liste med tiltak som vert omsøkt finansiering gjennom bestillingsdialogen. 68-2011 Mennesket og naturarven (MONA) i Mørkridsdalen Oppsummering: Presentasjon av prosjektet, kva som er gjort i Mørkridsdalen og planar vidare 69-2011 Internettside for Breheimen nasjonalparkstyre Oppsummering: Breheimen er plukka ut som pilot for DN si utvikling av nettsider for vernemyndigheitene. Presentasjon av planar og behov.
3 Sak nr. 64-2011 Godkjenning av innkalling og sakliste Innstilling: Innkalling og sakliste vart godkjent. Vedtak: Innkalling og sakliste vart godkjent. Samrøystes.
4 Sak 65-2011 Breheimen NP og tilgrensande verneområde administrering av Breheimen utviklingsfond Dokumenter i saken: 1. Løyvingsbrev for Breheimen utviklingsfond frå DN til Luster kommune datert 08.12.2011. SAKSFRAMLEGG Bakgrunn I samband med oppretting av verneområdet Breheimen nasjonalpark med tilgrensande verneområde i 2009, vart det vedteke å opprette eit lokalt utviklingsfond. Fondet skal nyttast til å stimulere til naturbasert reiseliv. Midlane var avsett på statsbudsjettet i 2010 og vart overført til ein bunden driftskonto hos Luster kommune i desember 2010. Nasjonalparkstyret annonserte ein søknadsfrist til 1. november i 2011 for første handsaming av søknadar til Breheimen utviklingsfond. Det er dermed planlagt utbetalingar frå fondet i 2012. Det er ikkje vedteke korleis fondet skal administrerast. Vurdering Den bundne driftskontoen med utviklingsfondet ligg uforandra i Luster kommune sin rekneskap. Renter er ikkje lagt inn, men kan sjablongmessig utreknast til ca. 120 000,- per i dag. Utbestalingar direkte til tiltak/prosjekt frå Luster kommune vil gje administrasjonskostnadar for Luster kommune. Dersom fondet vert fordelt mellom kommunane, vil administrasjonskostnadane verte like, men fondet kan verte meir uoversiktleg. Sekretariatet meiner at fondet bør haldast som ein pott og at Luster kommune skal få ansvar for utbetaling til tiltak/prosjekt i samsvar med styret sine vedtak etter tilvising frå styreleiar og attestering av nasjonalparkforvaltar. Utbetaling skjer til tiltakshavar sin bankkonto og rekneskap skal leverast ved prosjektslutt. Årlege renter skal utreknast sjablongmessig fram til og med 2016, men Luster kommune skal trekke frå 20 000,- grunna administrasjonskostnadar. Eventuelle renter etter 2016 skal gå til Luster kommune. 8 til 12 i naturmangfaldlova er vurdert som ikkje relevante for denne søknaden. Framlegg til vedtak Breheimen nasjonalparkstyre vedtek at Luster kommune skal få ansvar for utbetaling til tiltak/prosjekt i samsvar med styret sine vedtak etter attestering av styreleiar og kontering frå nasjonalparkforvaltar. Årlege renter skal utreknast sjablongmessig fram til og med 2014, men Luster
5 kommune skal trekke frå 20 000,- grunna administrasjonskostnadar. Eventuelle renter etter 2016 skal gå til Luster kommune. Sak 65-2011 Breheimen utviklingsfond gjennomgang av søknadar og prioritering Dokument i saka: 2. Søknad av 25.10.2011, om tilskot til restaurering av stølshus Knivabakkli i Mørkridsdalen. Søknaden er stila til Breheimen nasjonalparkstyre v/magnus Snøtun. 3. Søknad av 31.10.2011, om midlar til utvikling av webportal for Breheimen nasjonalpark. Søknaden er stila til Breheimen nasjonalparkstyre. 4. Søknad av oktober 2011, om tilskot til mellombels anlegg og planlegging av tiltak i uteområdet ved Breheimsenteret. Søknaden er stila til Breheimen nasjonalparkstyre. 5. Søknad av 01.11.11, om søknad til ny hytte på Geisdalshalsane, Norsk Brefestival, Brøyting på Myri, Trakking av skiløyper og do på Styggevatnet. Søknaden er stila til Breheimen nasjonalparkstyre. 6. Søknad av 22.05.2011, om midlar vedlikehald av den private vegen Mørkrid Meljane. Søknaden er stila til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. 7. SAKSFRAMLEGG Bakgrunn I samband med oppretting av verneområdet Breheimen nasjonalpark med tilgrensande verneområde i 2009, vart det vedteke å opprette eit lokalt utviklingsfond. Fondet skal nyttast til å stimulere til naturbasert reiseliv. Nasjonalparkstyret har også lagt til føringar for tildeling av midlar. Nasjonalparkstyret annonserte ein søknadsfrist til 1. november for første handsaming av søknadar til Breheimen utviklingsfond. Basert på innkomne søknadar og omfang, vil styret sette føringar for tildeling frå fondet. Vurdering Sekretariatet for styret vil presentere alle søknadar for styret og har laga ei forenkla oversikt med geografisk fordeling og det samla omfanget. I dette oppsettet er dei ulike tiltaka/prosjekta prioritert etter kriterium opplista under. Kriteria er basert på tidlegare diskusjonar i styret og nasjonale føringar for opprettinga av Breheimen utviklingsfond. Framlegg til kriterium for tildeling av midlar frå Breheimen utviklingsfond: - Tiltak/prosjekt skal gjennomførast i verneområdet eller vere tett knytt til verneområdet. - Tiltak/prosjekt skal ikkje ha negativ påverknad på verneverdiane knytt til verneområda. - Tiltak/prosjekt skal stimulere naturbasert reiseliv. - Tiltak/prosjekt skal vere til allmenn nytte. - Midlar frå utviklingsfondet skal ikkje erstatte tildeling av midlar gjennom bestillingsdialogen. - Midlar skal ikkje brukast som driftsmidlar. - Både organisasjonar, bedrifter og einskildpersonar kan søkje om midlar. - Styret ynskjer ei geografisk spreiing av midlane.
6 - Dei endelege rammene for tildeling vert bestemt av styret. Basert på desse kriteria, har sekretariatet prioritert søknadane i tre grupper: - Pri 1: Tiltak/prosjekt som stettar alle kriteria. Sekretariatet tilrår at desse tiltaka/prosjekta får tildelt midlar for 2012. - Pri 2: Tiltak/prosjekt som stettar nokre av kriteria eller tiltak/prosjekt som kan finansierast eksternt (t.d. bestillingsdialogen). Sekretariatet tilrår at tildeling til desse tiltaka/prosjekta vert utsett til neste søknadsrunde. - Pri 3: Tiltak/prosjekt som ikkje stettar kriteria. Sekretariatet har ikkje vurdert dei samla rammene for tildeling eller geografisk fordeling. Styret må vurdere rammene for tildeling samla og for kvar søknad. Medfinansiering og eigeninnsats varierer med storleiken på prosjekta og frå søknad til søknad. 8 til 12 i naturmangfaldlova er vurdert som ikkje relevante for denne søknaden. Framlegg til vedtak Breheimen nasjonalparkstyre vedtek å gje tilskot frå Breheimen utviklingsfond i samsvar med oppsett i vedlagt rekneark.
7
8 Sak 63-2011 Orienteringssak Omdisponering av midler frå Bestillingsdialogen (arkivsak 2011/1112) Saksframlegg Magnus Snøtun orienterte om prosjekt i Luster som hadde blitt dyrare enn fyrst forutsett. Spørsmålet som melder seg er om det er midler andre stader som kan omdisponerast for å vere med å delfinansiere prosjekta. Vedtak Breheimen nasjonalparkstyre vedtek at forvaltarane lagar sak til neste møte der ein får oversikt over den økonomiske stoda i prosjekta og korleis meirkostnaden kan dekkast opp.