HMT-TILBOD frå Helse-, Miljø- og Tryggleiksseksjonen Din bedriftshelseteneste! Godt arbeidsmiljø gir betre resultat 2014
Hmt- tilbod / 1 KURSTILBOD 2014 1.halvår Kurs jan. feb. mars april mai juni Førstehjelpskurs Grunnopplæring i arbeidsmiljø (3 dg) 13-14 Kurs etter avtale 5 Meistring Av Truslar og Vald (MATV) (2 dg) Risikovurdering / hmthandlingsplan 13-14 Kurs/opplæring etter avtale 2. halvår Kurs juli aug. sept. okt. Nov. des. Førstehjelpskurs Grunnopplæring I arbeidsmiljø (3 dg) Stressmeistring ( 2 dg) Meistring Av Truslar og Vald (MATV) (2 dg) Risikovurdering / hmthandlingsplan Kurs etter avtale 2-3 + 23 Dato kjem. Sjå hmt-kurs tilbod: www.hordaland.no/hmt 16-17 4-5 Kurs/opplæring etter avtale Meir informasjon om hmt-kurs tilbod: www.hordaland.no/hmt Påmelding kurs: Intranett kurs og konferansar Kven kan bestille hmt- tenester? Alle tilsette i fylkeskommunen kan kontakte oss og diskutere arbeidsmiljørelaterte problemstillingar. Men før vi tar på oss eit oppdrag, vert leiinga og eventuelt verneombodet på avdelingar / einingar informert om «bestillinga».
Hmt- tilbod / 2 HMT- seksjonen kan vere støttespelar for einingar og avdelingar som ønskjer å arbeide systematisk med utvikling av arbeidsmiljøet. Inneklima / kjemisk og fysisk helse Inneklimamålingar til dømes lys, fukt, temperatur og Co2 Støysonekartlegging Rådgjeving og stoffkartotek Kartlegging (t.d. ved soppskadar) Systematisk hmt-arbeid HMT- seksjonen støttar avdelingar / einingar i arbeid med undervisning, oppbygging og revisjon av det systematiske hmt- arbeidet, som internkontroll og kvalitetssystemet. Bistå kartleggingar og risikovurdering Vidareutvikle det skriftlege hmt- systemet Auke kompetanse om systematisk hmtarbeid i verksemda Støtte ved etablering av arbeidsmiljøutval Støtte arbeidet i arbeidsmiljøutval Støtte ved utvikling av handlingsplan for verksemdene Spørsmål? kontakt Bjørn-Atle Mikkelsen (sjå info på baksida)
Risikovurdering Hmt- tilbod / 3 I arbeidsmiljølova er det krav om at farer og problem skal kartleggjast og risikoforhold på arbeidsplassen vurderast. HMT- seksjonen: Kan assistere / støtte verksemdene ved risikovurdering Har utvikla verktøy som kan gjere risikovurdering enklare Individuell helseoppfølging Oppfølging av arbeidstakarar som er utsett for spesiell helserisiko i arbeidssituasjonen, til dømes: Støy (helsekontroll) Asbest Løysemiddel Smitte (vaksinasjon mot hepatitt, stivkrampe og influensa) AKAN / Rusførebygging Oppfølging av AKAN- saker Rusmiddelarbeid i Hfk Etiske og juridiske problemstillingar i høve til rus og arbeidsliv Førstehjelp Teoretisk gjennomgang og praktisk trening i førstehjelp. Undervisning i overvaking av ein skadd person, sikring av luftvegar og hjarte- / lungeredning. Målet er å sette arbeidstakarar i Hfk i stand til å gje livreddande førstehjelp. Spørsmål? kontakt hmt@hfk.no, tlf. 55 23 94 30
Hmt- tilbod / 4 Ergonomi Hjelp til å kartleggje og betre dei ergonomiske tilhøva på arbeidsplassen. Til dømes: Arbeidsteknikkar Utnytting av eksisterande utstyr Innkjøp av nytt utstyr Tilrettelegging av arbeidsplassar Meistring av truslar og vald (MATV) Opplæring i førebygging og meistring av truslar og vald frå elevar / kundar ved hjelp av: Kurs og informasjon tilpassa behov Individuell oppfølging Spørsmål? kontakt Rikke Richardsen (sjå info på baksida) Oppfølging og forebygging av sjukefråvær Dialogmøte 1. Bedriftshelsetenesta (HMT) skal delta. Råd og støtte ved individuelle oppfølging og ivaretaking av sjukemelde Informasjon om lovverk og fylkeskommunalt regelverk Informasjon og råd om fysisk aktivitet og friskvern Spørsmål? kontakt hmt@hfk.no, tlf. 55 23 94 30
Hmt- tilbod / 5 Psykososialt arbeidsmiljø HMT- seksjonen stiller gjerne opp når det er behov for undervisning og rådgjeving om psykososialt arbeidsmiljø: Kommunikasjon Konflikthandtering Omstilling Teambygging og teamarbeid Konflikthandtering HMT- seksjonen har utarbeidd eit informasjonshefte om konfliktar og konflikthandtering. Det kan du få frå HMT- seksjonen. Vi gir og gjerne råd, rettleiing og/eller bistand i handtering av konfliktar. Lagutvikling og samarbeid HMT-seksjonen kan bidra i arbeid med å betre kommunikasjon og samhandling i ei gruppe / avdeling. Verktøy HMT- seksjonen har utvikla ei rekkje dialog- og kartleggingsverktøy som skal være ei hjelp for dei som arbeider for eit godt psykososialt arbeidsmiljø. Dei fleste verktøya finn du i Kvalitetssystemet. Der ligg og rutinar for bruk av verktøya. Bruk av alle verktøy krev god førebuing og systematisk etterarbeid. Samtaleverktøy Eit dialogverktøy for å fremje det «gode og viktige samtalen» mellom kollegaer. På jakt etter våre ressursar Eit dialogverktøy som fokuserer på ressursar og nærværefaktorar i arbeidsmiljøet
Hmt- tilbod / 6 Miljøbarometer Ei enkel kartlegging av psykososiale arbeidsmiljøfaktorar. Til støtte for verneombod I alt mellommenneskeleg utviklingsarbeid er det lettare å få gode resultat om vi fokuserer på ressursar, meistring og løysingar framfor feil, manglar og problem. Dette gjeld både for menneske og organisasjonar. LØFT Løysingsfokusert tilnærming er difor ein gjennomgåande metodikk i det arbeidet vi gjer. Verktøya ligg i Kvalitetssystemet. Sjå også info på www.hordaland.no/hmt under hmt- tenestetilbod / psykososial arbeidsmiljø Spørsmål? kontakt Gina Herland Landro (sjå info på baksida) Arbeidsmedisinsk poliklinikk Ta kontakt med bedriftslege Gro Altenau, spesialist i arbeidsmedisin, for utgreiing av arbeidsrelaterte problemstillingar. Eksemplar på aktuelle problemstillingar er: Misstanke om luftveisplagar grunna inneklima Allergi Muskel-/skjellettplagar Helseplagar sett i samanheng med det psykososiale arbeidsmiljø på arbeidsplassen (til dømes konflikt, trakassering) Behov for helsetilpassa arbeid Rusproblematikk (alkohol, narkotiske stoff) Lista er ikkje uttømmande, men gjer eksempel på problemstillingar. Bedriftslegen samarbeider med dei andre fagpersonane i HMT-seksjonen. For timebestilling kontakt Linda Moen Olsen, hmt@hfk.no eller tlf. 55 23 94 30. Tilbodet gjelde kun for tilsette i Hordaland fylkeskommune
Medarbeidarar i HMT-seksjonen Profesjonell på arbeidsmiljø Alle medarbeidarane i HMT-seksjonen har teieplikt Ruth Brudvik 55 23 94 25 HMT-sjef Leiar arbeidet i HMT-seksjonen og tverrgåande prosjekt e-post: Ruth.Brudvik@hfk.no Rikke Richardsen 55 23 94 27 HMT-rådgjevar / fysioterapeut Rådgjeving i ergonomi. Spes. helse og miljøarbeid MNFF e- post: Rikke.Richardsen@hfk.no Linda Moen Olsen 55 23 94 30 Førstekonsulent Ekspedisjon, timebestilling for vaksinasjon, legetime, ergonomisk rådgjeving etc. kurspåmelding og intranett e-post: hmt@hfk.no Bjørn-Atle Mikkelsen 55 23 94 28 HMT-rådgjevar / yrkeshygienikar Rådgjevar innan hmt-system og yrkeshygiene e-post: Bjorn-Atle.Mikkelsen@hfk.no Gina Herland Landro 55 23 94 23 HMT-rådgjevar / arbeidspsykolog Rådgjevar innan psykososialt og organisatorisk arbeidsmiljø e-post: ginland@hfk.no Gro Altenau 55 37 80 82 Bedriftslege Kontordag: måndag e-post: Gro.Altenau@hfk.no Organisasjonsavdelinga Helse-, Miljø- og Tryggleikseksjonen Adr: Agnes Mowincels gt. 6 Tlf 55 23 94 30, faks 55 23 94 29 E-post: hmt@hfk.no www.hordaland.no/hmt