Lærlingar i kommunen. Fyresdal kommune 2014 :: 731 012



Like dokumenter
Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Lønnsundersøkinga for 2014

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

Lovvedtak 93. ( ) (Første gangs behandling av lovvedtak) Innst. 336 L ( ), jf. Prop. 72 L ( )

NORSK LOVTIDEND Avd. I Lover og sentrale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Plan for forvaltningsrevisjon Sogn og Fjordane fylkeskommune

Plan for forvaltningsrevisjon

Retningslinjer for Lærlingane i Masfjorden kommune

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Utdrag fra FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA SÆRSKILTE REGLER FOR FAGOPPLÆRINGA FAG- OG SVENNEPRØVE

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Hordaland fylkeskommune - Forvaltningsrevisjon av fagopplæring Prosjektplan/engagement letter

RSK 001 Standard for forvaltningsrevisjon

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Informasjon om Lærekandidatordninga. Bedrift. Elev. Skule

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

NORSK LOVTIDEND Avd. I Lover og sentrale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Kompetansebehov Spørjeundersøking blant bedrifter i Hordaland Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Plan for forvaltningsrevisjon

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Forskrift til opplæringslova Særskilte regler for fag- og svenneprøver

Ny høring, «Fagbrev på jobb»

1. Fagleg støtte. 2. Medverknad. 0.1 Eg jobbar til dagleg i eit opplæringskontor 0.2 Eg jobbar til dagleg i ei bedrift/verksemd med lærling

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Tenk framtid Bli lærebedrift

Plan for forvaltningsrevisjon

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune

Plan for forvaltningsrevisjon

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Rutine for varsling FORORD. Vedteke i kommunestyret den

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Fylkesmannen i Oppland. Rapport frå tilsyn med rettstryggleiken ved bruk av tvang og makt overfor psykisk utviklingshemma.

Retten til spesialundervisning

Årsmelding 2014 for kontrollutvalet

Plan for forvaltningsrevisjon Luster kommune

Tysnes kommune Plan for forvaltningsrevisjon

Hyllestad kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteke i kommunestyresak 64/16 den

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

IKT-kompetanse for øvingsskular

HØYRINGSUTTALE - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE MED FRAMLEGG OM ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA NÅR DET GJELD FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Plan for selskapskontroll

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Engasjements- og eigarskapskontroll i Møre og Romsdal fylkeskommune

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Jan Erik Hovdenak, kommunalsjef drift (under sak OS 16/16 og sak 27/16) Protokollen vert formelt godkjent i neste møte

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Sakliste: Saknr. Sak 29/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

VEDTEKT av februar 2007

Innleiing. Obligatoriske planar

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Forvaltningsrevisjon Hordaland fylkeskommune Fagopplæring

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

OPPFØLGING AV BEDRIFTER OG OPPLÆRINGSKONTOR - TAP AV GODKJENNING SOM OPPLÆRINGSBEDRIFT

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Heile IOP skal arkiverast i elevmappa i P360

BUDSJETT KONTROLLORGAN

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Stryn kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteken i kommunestyresak 56/16 den

Transkript:

Lærlingar i kommunen Fyresdal kommune 2014 :: 731 012

Innhald Samandrag... ii 1 Innleiing... 1 1.1 Bestillinga frå kontrollutvalet...1 1.2 Bakgrunn...1 1.3 Problemstillingar og revisjonskriterium...2 1.4 Avgrensing...2 1.5 Metode og kvalitetssikring...3 1.6 Høyring...3 2 Om arbeidet med lærlingar i kommunen... 4 2.1 Analyse av behov for arbeidskraft...4 2.2 Politiske målsettingar...4 2.3 Administrative målsettingar...5 2.4 Stimuleringsmidlar frå KS...5 2.5 Administrativ organisering...6 2.6 Tal på lærlingar i kommunen...7 2.7 Fråfall i læretida...8 3 Krav til fagopplæringa... 9 3.1 Problemstillinga...9 3.2 Revisjonskriterium...9 3.3 Fakta om krav i opplæringslova...9 3.4 Revisor si vurdering av oppfølging av krav i opplæringslova... 11 4 Rettar og pliktar som andre tilsette?... 12 4.2 Fakta om rettar og plikter... 12 4.3 Revisor si vurdering av rettar og plikter... 12 5 Er lærlingane nøgde med innhald og oppfølging?... 13 5.1 Fakta om innhald og oppfølging... 13 6 Konklusjon... 15 6.1 Konklusjon... 15 Litteratur og kjeldereferansar... 16 Vedlegg... 16 Vedlegg 1: Revisjonskriterium... 17 Vedlegg 2: Metode og kvalitetssikring... 20 Vedlegg 3: Statistikk for tal på lærlingar i Telemark... 23 Foto framside: freeimages.com 2

Samandrag Bestilling og bakgrunn Forvaltningsrevisjonen er bestilt av kontrollutvalet i Fyresdal kommune i sak 9/14, med godkjenning av prosjektskisse i sak 12/14. Vi har undersøkt følgjande problemstillingar: I kva grad følgjer kommunen opp krava i opplæringslova og dei rammer for fagopplæring som Telemark fylkeskommunen sett til lærebedrifter I kva grad sikrar kommunen at lærlingar har rettar og plikter som andre tilsette i kommunen I kva grad er lærlingar i Fyresdal kommune nøgde med innhald og oppfølging i læretida Rapporten inneheld og ein beskrivande del om kommunen som aktør på eit meir overordna nivå. Her er og gitt nokre oversikter over tal på lærlingar dei ulike åra. Vi har teke føre oss åra 2010 2014, der til saman 17 lærlingar var knytt til kommunale verksemder. Datainnsamling har skjedd ved samtalar med administrativ leiing 1 i kommunen, andre tilsette og dokumentgjennomgang. Vi har også hatt samtalar med og fått tilgang til dokument frå andre instansar; Telemark fylkeskommune, Opplæringskontoret for offentlig sektor i Telemark og Fagforbundet Ungdom i Telemark. Krav i opplæringslov Vi har funne at kommunen følgjer opp dei krava som blir stilt for å ha lærlingar i kommunen. Lærlingane sine rettar og plikter Vi har funne at kommunen gjennom skriftlige arbeidskontraktar med lærlingane sikrar at dei har same rettar og plikter som dei andre tilsette i kommunen. 1 Med administrativ leiing og kommuneleiing meinast i denne rapporten rådmannen, personalkonsulent og kommunalsjefane for dei to kommunalområda som hadde lærlingar i perioden, Helse og omsorg og Kultur og oppvekst. ii

Lærlingane si oppfatning av innhald og oppfølging Det er grunn til å tru at lærlingane i Fyresdal kommune i stor grad har vore nøgde med innhald og oppfølging i læretida, men det har og vore tilfelle der lærlingar har vore misnøgde. Kommunen har treft tiltak for å sikre ei best mogleg oppfølging i det vidare. Skien, 13.10.2014 Kirsti Torbjørnson oppdragsansvarleg for forvaltningsrevisjon Dag Oftung prosjektleiar iii

1 Innleiing 1.1 Bestillinga frå kontrollutvalet Forvaltningsrevisjonen blei bestilt av kontrollutvalet i Fyresdal kommune i sak 9/14. Framlegg til prosjektskisse frå blei vedteken av kontrollutvalet i møte 12. juni 2014, sak 12/14. Bakgrunnen for forvaltningsrevisjonen er plan for forvaltningsrevisjon 2012 2015 vedteke av kommunestyret i Fyresdal (sak 20/12). Heimel for forvaltningsrevisjon er gitt i kommunelovens 77 nr. 4, jamfør forskrift om kontrollutval kapittel 5 og forskrift om revisjon kapitel 3. 1.2 Bakgrunn Denne rapporten tek føre seg kommunen sitt arbeid med den fagopplæringa som skjer i kommunale verksemder i Fyresdal. Fagopplæringa er den delen av vidaregåande opplæring som fører fram til sveinebrev (handverksfag) eller fagbrev (andre lærefag). Siste delen av denne opplæringa skjer i bedrift eller på ein lærestad. Dei som har slik opplæring kallas lærlingar (eller lærekandidatar). I bedrifta eller på lærestaden får lærlingen både opplæring og praksis i faget. I starten av læretida er det mest opplæring, men etter kvart deltar lærlingen i dei vanlige oppgåvene på arbeidsplassen. Ofte får lærlingen difor mindre lønn i starten av læretida enn mot slutten. Elles har lærlingar same rettar 2 og plikter som andre tilsette i bedrifta eller på lærestaden. Etter læretida blir utdanninga avslutta med ei prøve, og lærlingane får sveinebrev eller fagbrev etter bestått prøve. Det er også mulig å gå i lære som lærekandidat eller ta praksisbrev. Lærekandidatar tek ikkje sveine- eller fagprøver, men får eit kompetansebevis. Fagopplæring skjer både i private og offentlege verksemder. Fyresdal kommune har gjennom fleire år hatt lærlingar i eigne verksemder innafor faga institusjonskokkfaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget, helsearbeidarfaget og kontor- og administrasjonsfaget. 2 Sidan tilsettingsforholdet er knytt til opplæringsløpet, vil tilsettingsforholdet kunne bli heva dersom lærekontrakten blir heva. Meir om dette finn ein i opplæringslova 4-2. 1

Hausten 2014 har kommune tre lærlingar, alle desse i helsearbeidarfaget. 1.3 Problemstillingar og revisjonskriterium Rapporten handlar om følgjande problemstillingar: I kva grad følgjer kommunen opp krava i opplæringslova og dei rammer for fagopplæring som Telemark fylkeskommunen sett til lærebedrifter. I kva grad sikrar kommunen at lærlingar har rettar og plikter som andre tilsette i kommunen. I kva grad er lærlingar i Fyresdal kommune nøgde med innhald og oppfølging i læretida. Revisjonskriteria 3 i denne forvaltningsrevisjonen er i stor grad henta frå opplæringslova og forskrift til opplæringslova. Kriteria går fram under kvar problemstilling nedanfor, og er nærmare omtala i vedlegg 2 til rapporten. 1.4 Avgrensing Omgrepet Fyresdal kommune blir i denne rapporten brukt om organisasjonen og ikkje geografisk område. Spørsmål rundt lærlingar i private verksemder i kommunen er ikkje med i undersøkinga. Talet på lærlingar pr. år i Fyresdal kommune er lågt. Dersom vi berre skulle sjå på åra 2013 og 2014 ville det etter vår vurdering gitt snautt med datagrunnlag. I rapporten har vi difor teke føre oss åra 2010 2014. Ved å utvide perioden noko, meiner vi at datagrunnlaget er tilstrekkelig til å seie noko om stoda i kommunen. Når vi i rapporten snakkar om det totale talet på lærlingar pr. år, meiner vi talet på lærlingar pr. 31.12 det aktuelle året. På andre tidspunkt på året kan det ha vore fleire lærlingar i kommunen. I omgrepet lærlingar i kommunen har vi og teke med det som kallast lærekandidatar (gjeld 1 person i perioden). Dette er ei opplæringsform som liknar lærlingeløpet, men som gjev kandidaten eit kompetansebevis og ikkje fagbrev. 3 Revisjonskriterium er dei reglar og normer som gjeld innanfor det området vi skal undersøke. Revisjonskriteria er grunnlaget for de analysar og vurderingar som revisjonen gjer og dei konklusjonane vi får. Revisjonskriteria er eit viktig grunnlag for å kunne dokumentere samsvar, avvik eller svakheiter. 2

I samband med problemstillinga om rettar og plikter i kapitel 4 seier vi noko om kommunen har eit formelt system for å sikre lærlingane rettar og plikter. Vi har ikkje hatt høve til å sjå på i kva grad det er slik at lærlingane faktisk har fått dei rettar dei har krav på og oppfylt dei pliktar dei er pålagde i perioden dei har vore lærlingar. 1.5 Metode og kvalitetssikring For å undersøkje arbeidet med lærlingar i Fyresdal kommune har vi snakka med administrativ leiing, ein tillitsvald med oppgåve å følgje opp lærlingar og fagleiarar på lærestadane. Vi har vidare fått tilgang til og gått igjennom diverse dokument i kommunen som gjeld lærlingar. Vi har og hatt samtalar med representantar frå Telemark fylkeskommune, Opplæringskontoret for offentlig sektor i Telemark (OKOS) og Fagforbundet Ungdom i Telemark. Desse instansane har og gitt oss innsyn i relevante dokument. I høve til problemstillinga om korleis lærlingane sjølv har oppfatta innhald og oppfølging i læretida har vi vi har ikkje hatt direkte kontakt med lærlingane, men basert våre vurderingar på sekundærkjelder. Val av metode og tiltak for kvalitetssikring er omtala nærmare i vedlegg 3 til rapporten. 1.6 Høyring Utkast til rapport blei sendt på høyring til rådmannen i Fyresdal kommune 25.09.2014. Vi har fått følgjande tilbakemelding frå rådmannen: «Vi har ingen tilføyingar eller rettingar å kome med, er fornøgde med rapporten og takkar så langt for samarbeidet». 3

2 Om arbeidet med lærlingar i kommunen I dette kapitlet gir vi ei skildring av korleis Fyresdal kommune arbeidar som lærlingeaktør på overordna nivå. Sidan det ikkje er lover, regler eller andre autoritative kjelder å måle dette arbeidet opp mot blir dette i stor grad ein beskrivande del. 2.1 Analyse av behov for arbeidskraft Fyresdal er ein liten kommune med god oversikt over eksisterande arbeidskraft og deira kompetanse. Det betyr og at kommunen kan analysere behovet for framtidig arbeidskraft og planlegge rekruttering mellom anna ved å ta inn lærlingar der det vil vere behov. Leiinga i kommune gir uttrykk for at dei er bevisste rundt problemstillingar med rekruttering og kompetanse. Dette heng og saman med kommunen si generelle fokus på befolkningstilvekst og innflytting dei seinaste åra. Prosjektet «Heime = Fyresdal» er eit døme på dette. 2.2 Politiske målsettingar Administrativ leiing i Kommunen seier dei ikkje kjenner til politiske vedtak som omhandlar kommunen sitt overordna arbeid med lærlingar. Dei har likevel ei klår oppfatning av at det politiske miljøet i kommunen har stort fokus på området og ønskjer at kommune skal vere aktiv på området. Kommuneleiinga peikar på at dette kjem fram i samtalar med politikarar og ved at det vert diskutert i møter: «Det ligger eit sterkt politisk ønske om å ta imot lærlingar nesten uansett. Derfor var det et ønske om å sjå på korleis administrasjonen har følgt opp den sterke politiske føringa.» «Det er tilbake til det politiske, at dei ønsker det. dei ser på det som veldig viktig i forhold til framtidig rekruttering.» «Vi rapporterer kor mange lærlingar vi har. Munnleg orientering. og politikarane gjev uttrykk for stor tilfredsheit med at vi følgjer opp på ein slik måte. Så er dei veldig tydelege på et lærlingar eller ungdom som kjem frå bygda her skal få eti tilbod hjå oss.» 4

2.3 Administrative målsettingar Den administrative leiinga gir også uttrykk for at dei sjølv, og dei som jobbar ute i tenesteområda, har ei positiv og aktiv haldning til å ta inn lærlingar i kommunen, jamfør avsnittet om politiske målsettingar. To perspektiv ligg til grunn. Det eine er kommunen sitt behov for å sikre rekruttering av fagkompetanse til dei ulike tenesteområda. Det andre er ønskje om å sikre ungdom frå bygda eit utdanningsløp og ei orientering mot arbeidslivet, det dei omtalar som eit «samfunnsoppdrag». «.Det er heilt gjennomgåande blir lærlingane sett på som ein ressurs, dei er motteke med ein positivitet. blir ivertatt på en god måte Det gjenspegler haldninga i heile kommune at det blir sett på som noe positivt, men det er noko med det med å finne tida. Det beskriver at dei tek det seriøst og da kan det være ei utfordring å føle at dei får nok tid» «Generelt sett er vi veldig tilfredse med at vi kan ha et så breitt tilbod som vi har til lærlingar og det er positiv holdning til det i administrasjonen. Det er ikke noen opplagt ting at det er slik. Det kan av og til vere mykje arbeid. Men vi ser og nytteverdien av det dei gjer og spesielt nå dei begynner å bli ferdige med eit løp så gjer dei mykje godt arbeid og vi har god dialog med tillitsvalte rundt dette her i forhold til arbeidsoppgåver..» Administrativ leiing gir uttrykk for at dei søkjer å gi eit tilbod til alle ungdomane frå Fyresdal som ønskjer det. I nokre tilfelle har kommunen i høve til rekruttering av arbeidskraft ønskt seg lærlingar men ikkje hatt søkjarar. Det har altså vore mangel på ungdom frå kommunen som ønskjer å byrje som lærlingar i faget, og ein har heller ikkje klart å rekruttere ungdom utanfrå. I dei tilfelle der det har kome ungdom frå andre kommunar, har ungdomane gjerne ei eller anna tilknyting til Fyresdal. 2.4 Stimuleringsmidlar frå KS Kommunenes sentralforbund (KS) har i samband med tariffoppgjera dei siste åra sett av midlar for å styrke arbeidet med lærlingar i kommunane. Ordninga skal stimulere kommunane til å ta inn fleire lærlingar enn ein normalt kan forvente (B-rundskriv nr 10/2010). Fyresdal kommune søkte om midlar frå ordninga, og fekk i 2010 og 2011 til saman kr 462.000. 5

I 2012 vert det på nytt utlyst midlar frå KS (B-rundskriv nr 8/2012) og også denne gongen fekk Fyresdal kommune midlar, kr 502.000, med bakgrunn i høgt tal på lærlingar i kommunen. 2.5 Administrativ organisering Dei såkalla opplæringskontora er bindeledd mellom dei ulike aktørane i fagopplæringa. På vegner av medlemsbedriftene/kommunane tek dei på seg opplæringsansvaret for lærlingane. Lærekontrakten er i slike tilfelle ein avtale mellom opplæringskontoret og lærlingen. I Telemark har ca. 90 prosent av lærlingane kontraktane sine gjennom eit opplæringskontor. Kontora blir finansiert gjennom tilskott frå medlemskommunane ved at delar av lærlingetilskottet som kommunen får frå fylkeskommunen blir overførd til opplæringskontoret. I Telemark finns opplæringskontor for fleire fagområde innan industri og næringsliv, men i høve til kommunal sektor er «Opplæringskontoret for offentlig sektor i Telemark» (OKOS) det mest aktuelle. Dette kontoret femnar 15 av kommunane i Telemark samt Telemark fylkeskommune. Fyresdal (saman med Seljord og Tinn kommunar) har valt å ikkje vere tilslutta OKOS. Kommunen må då sjølv stå ansvarleg for lærekontraktane og oppfølging av fagleiarar, instruktørar og lærlingar. Det aller meste av dette administrative arbeidet ligg til personalavdelinga i Fyresdal kommune. Det har ved fleire høve vore diskutert om kommunen burde ha vore tilslutta OKOS. Den administrative leiinga meiner at det hadde vore rett å vere tilslutta kontoret. Det hadde etter deira oppfatning letta det administrative arbeidet i kommunen, og kanskje vel så viktig vore med på å få til eit større fagleg/sosialt miljø for både fagleiarar, instruktørar og lærlingane sjølve. Det blir og peika på at medlemsskap i opplæringskontoret særleg hadde vore ein fordel der det dukkar opp «vanskelege» saker. «Det er jo eit ønske frå dei som jobbar med det å vere ein del av OKOS. Både for dei som er instruktørar, å få meir hjelp og kursing.og for lærlingane sin del å bli tatt med på ting.det er noko med arrangement og fellesskap» Fleire av fagleiarane, som har den direkte kontakten med lærlingane, gjev også uttrykk for at dei ønskjer ei tilknyting til OKOS. 6

Frå rådmannen blir det oppgitt at kostnadane for medlemsskap er grunnen til at kommunen ikkje er tilslutta opplæringskontoret. 2.6 Tal på lærlingar i kommunen Kommunenes Sentralforbund (KS) har på sitt landsting 12. 14. februar 2012 vedteke ei uttale 4 der dei har sett eit måltal for lærlingar i kommunane. Denne norma seier at det totale talet på lærlingar pr. år i ein kommune bør vere 1 lærling pr. 1000 innbyggjar. For Fyresdal sin del vil måltalet seie at kommunen (matematisk sett) skal ha 1,3 lærlingar i kommunen pr. år. Her er sett opp ei oversikt over det totale talet på lærlingar i kommune pr. 31.12 for åra 2010 2014. Tabell 1: Tal på lærlingar i Fyresdal kommune pr. 31.12 i perioden 2010-2014 Fag/årstal 2010 2011 2012 2013 2014* Barne- og ungdomsarbeiderfaget 3 5 4 2 Helsefagarbeidet 4 3 2 1 3 Institusjonskokkfaget 1 1 1 1 Kontor og adm. faget 1 1 1 Totalt 9 10 8 4 3 *tal pr. september 2014 I høve til måltalet som KS har sett ligg Fyresdal i den undersøkte perioden svært godt an. Vi ser at kommunen i perioden har hatt mellom 3 og 10 kontraktar gåande pr. år. Oversikten nedanfor viser talet på nye lærlingkontraktar som blei teikna kvart år i femårsperioden 2010 2014. Tabell 2: Tal på nye lærlingar i Fyresdal kommune i perioden 2010-2014 Fag/årstal 2010 2011 2012 2013 2014 Barne- og ungdomsarbeiderfaget 1 2 2 Helsefagarbeidet 3 1 2 Institusjonskokkfaget 1 1 Kontor og adm. faget 1 Totalt 6 2 3 1 2 4 KS - Sak 12/11: Uttalelser fra Landstinget 7

Også om ein legg talet på nye lærlingar pr. år til grunn ligg Fyresdal framleis over det måltalet KS har sett. Opplæringskontoret for offentlig sektor i Telemark (OKOS) har ei meir offensiv målsetting enn KS. Dei opererer med ei målsetting om ein ny lærling pr. 1000 innbyggjar pr. år. Statistikk utarbeida av Fagforbundet Ungdom i Telemark i høve til OKOS si målsetting ligg som vedlegg 4 til rapporten. Også i denne statistikken ligg Fyresdal kommune bra an samanlikna med dei andre kommunane i Telemark. 2.7 Fråfall i læretida I vidaregåande opplæring, og i fagopplæringa spesielt, er det forholdsvis høg grad av fråfall, det vil seie at elevar av ulike grunnar avsluttar utdanningsløpet. Grovt sett kan ein seie at om lag ein tredjedel av kvart elevkull ikkje fullfører utdanninga. Her er det rett nok variasjonar mellom kjønn, sosial bakgrunn, fylker, utdanningsprogram m.v. Fråfall reduserer moglegheiter til jobb og aukar sjansen for uføretrygd og eit vaksenliv utanfor arbeidslivet. Vidare aukar sjansen for dårlegare levekår og helse gjennom heile livet (Fafo: Gull av Gråstein). Det aller meste av fråfallet skjer før læretida. Om ein ser på fråfallet hjå dei som har begynt i lære i Telemark har dette dei siste åra ligge på rundt 5 % (Telemark fylkeskommune: kvalitetsmelding 2012). Ein gjennomgang av lærlingane i Fyresdal kommune i perioden 2010 2014 syner at 1 av 17 lærlingar avslutta opplæringsløpet undervegs. Det er om lag 6 %. Dette talet er ikkje statistisk signifikant 5. Det vil seie at talgrunnlaget er for lite til å fastslå at dette resultatet ikkje er tilfeldig. Vi meiner likevel det gir ein indikasjon på at Fyresdal ikkje avvik særleg frå Telemark som heile på dette området. 5 Statistisk signifikans er eit omgrep som brukast for å seie noko om i kva grad det er truleg at noko er eit resultat av tilfeldigheiter. Eit resultat av ei statistisk analyse blir omtalt som statistisk signifikant om det er lite truleg at resultatet har oppstått tilfeldig. Omgrepet signifikans i statistisk samanheng seier ikkje nødvendigvis at noko er viktig, slik det ofte kan i andre samanhengar. 8

3 Krav til fagopplæringa 3.1 Problemstillinga Problemstillinga vi tek opp er: I kva grad følgjer kommunen opp krava i opplæringslova og dei rammer for fagopplæring som Telemark fylkeskommunen sett til lærebedrifter? 3.2 Revisjonskriterium Revisjonskriterium: Lærestadene og fagleg ansvarlege skal vere godkjende av fylkeskommunen. Det skal ligg føre godkjende lærekontraktar mellom kommunen og lærlingar. Kommunen skal sjå til at det ligg føre intern læreplan for opplæring. Kommunen skal sjå til at det vert gjennomført halvårssamtalar minst to gonger i året. Samtalane skal vere dokumenterte. Kommunen skal rapportere til fylkeskommunen kvart år. 3.3 Fakta om krav i opplæringslova 3.3.1 Godkjenning av lærestader og fagleiarar Kommunar som ønskjer å ta inn lærlingar må søkje om godkjenning for kvart fagområde det skal undervisast i. Fagleg leiar på lærestaden må også godkjennast. Søknaden om godkjenning blir handsama av fylkeskommunen. Dersom lærestaden ikkje har hatt lærlingar inne på to år, må det søkjast om ny godkjenning. Fyresdal kommune har godkjenning frå Telemark fylkeskommune for alle dei fagområda dei har hatt lærlingar på i perioden 2010 2014. Det ligg føre godkjenningar av alle fagleiarar på dei aktuelle fagområda. 3.3.2 Lærekontraktar med lærlingane Kvar og ein lærling har eiga personalmappe som er lagra hjå personaladministrasjonen på kommunehuset. Skjema fastsett av departementet skal nyttast som lærekontrakt, og denne skal godkjennast av Telemark fylkeskommune, fagopplæringa. Ein gjennomgang av mappene til lærlingar i perioden 2010 2014 syner at alle lærlingane i kommunen hadde godkjende lærekontraktar i tråd med lovverket. Lærekontraktane vart førd på skjema fastsett av departementet. 9

3.3.3 Lokale planar for opplæring Kunnskapsløftet (ofte forkorta KL06 eller K06) består mellom anna av læreplanar og kompetansemål knytt til opplæringa. Dette gjeld også for opplæring i bedrift. I lovverket er det krav om å utarbeide interne planar for opplæring på lærestadene. Når vi etterspør bruk av slik læreplan verkar det som sjølve omgrepa lokal eller intern læreplan er lite kjend, og det er fagleiarar som seier at dei ikkje nyttar slik plan. Når vi går nærare inn på dette viser det seg at alle nyttar det som blir kalla opplæringsbøker/permar der det er sett opp kva for teori og praksis som skal gjennomgåast. Permane skal brukast aktivt av lærlingar og instruktørar på lærestadene. Oppgåvebøkene er tilpassa dei ulike fagområda. Malen for desse er utvikla av OKOS. Både i Telemark fylkeskommune og OKOS blir slike oppgåvebøker rekna som og brukt som lokale planar for opplæringa. Oppgåvebokene er lærlingane sin «eigedom» og blir ikkje lagra i kommunen etter at læretida er slutt. 3.3.4 Undervegsvurderingar I opplæringslova er det krav om halvårssamtalar minst to gonger i året. Kommunen skal kunne dokumentere at slike samtalar har funne stad. Alle fagleiarar opplyser at det blir gjennomført halvårssamtalar minst to gonger i året. I visse høve blir det ved behov gjennomførd fleire samtalar i løpet av eit år. Det blir nytta skjema eller mal for dette. Fagleiarane seier det blir laga skriftlege referat frå samtalane. Referata blir sletta når kandidatane er ferdige med læretida og har gjennomført fagprøva. Frå Telemark fylkeskommune og OKOS blir vi fortalt at dette er vanleg praksis. Utdanningsdirektoratet bekreftar at det ikkje er noko krav i lova om kor lenge dokumentasjon av undervegsvurderingane skal vere tilgjengeleg. Avtale om undervegsvurderingar blir i nokre tilfelle gjort pr. e-post, men oftast i form av munnleg avtale. 10

3.3.5 Rapportering til fylkeskommunen I opplæringslova finn vi krav om rapportering: «Lærebedrifta skal årleg rapportere til fylkeskommunen om opplæringa av lærlingar og lærekandidatar». Tilbakemeldinga til fylkeskommunen har dei siste åra skjedd elektronisk, og dei som fyller ut rapportane og sender dei frå seg får ikkje nødvendigvis kopiar. Frå Telemark fylkeskommune har vi fått utskriftar av ein del rapportar frå lærestadene i Fyresdal kommune, men det manglar også nokre. Det stemmer med tilbakemeldinga frå fagleiarane der det er nokre som seier dei ikkje har rapportert kvart år. Frå fylkeskommunen blir det sagt at det generelt sett er slik at det kvart år er ein del lærebedrifter som ikkje rapporterer. I den grad det er kapasitet blir disse følgt opp med ein telefonsamtale eller e-post. Det er inga sanksjonar knytt til manglande rapportering, men det blir jobba systematisk med å auke svarprosenten. 3.4 Revisor si vurdering av oppfølging av krav i opplæringslova 3.4.1 Godkjenning av lærestader og fagleiarar Fyresdal kommune har dei naudsynte godkjenningar for lærestader og fagleiarar slik lova krev. 3.4.2 Lærekontraktar med lærlingane Fyresdal kommunen tilfredsstiller kravet om at det skal ligge føre godkjente lærekontraktar for alle som har læretid i kommunale verksemder. 3.4.3 Lokale planar for opplæring Kommunen brukar lokale planar for opplæring for å sikre at lærlingen eller lærekandidaten får ei opplæring som tilfredsstiller krava i læreplanen. 3.4.4 Undervegsvurderingar I Fyresdal kommune blir halvårssamtalar med lærlingane gjennomførd slik det er krav om i lov og forskrift. 3.4.5 Rapportering til fylkeskommunen Revisor meiner Fyresdal kommune berre delvis tilfredsstiller kravet om årleg rapportering til Telemark fylkeskommune. 11

4 Rettar og pliktar som andre tilsette? 4.1.1 Revisjonskriterium I arbeidslivet er det grunnleggande at det vert teikna skriftlig arbeidskontrakt mellom arbeidsgivar og arbeidstakar. I tillegg er tilhøva mellom arbeidsgivar og arbeidstakar regulert gjennom arbeidsmiljølov og hovudtariffavtale. I opplæringslova ( 4-2) er det stadfesta at lærlingar skal ha dei same rettar og plikter som andre tilsette i kommunen. Kommunen skal difor inngå skriftlig arbeidskontrakt med lærlingane. Kontraktane må sikre at lærlingane har same rettar og plikter som andre tilsette i kommunen. Revisjonskriterium: Kommunen skal inngå skriftlige arbeidsavtalar som sikrar lærlingar same rettar og plikter som andre tilsette i kommunen. 4.2 Fakta om rettar og plikter Ved dokumentgjennomgang finn vi same type skriftlige arbeidsavtalar for alle lærlingar som det blei inngått lærekontraktar med i Fyresdal kommune for perioden 2010 2014. Kontraktane er utforma som mellombels tilsettingar av di arbeidsforholdet er knytt til læretida. Avtalen viser til at «Tilsettinga skjer elles på dei vilkåra og med dei plikter som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og avtaler mellom partane, sentralt og lokalt». 4.3 Revisor si vurdering av rettar og plikter Vi meiner Fyresdal kommune tilfredsstiller kravet om at det skal ligge føre skriftlige arbeidsavtalar for alle som har vore lærlingar i kommunen i perioden 2010-2014. Avtalane gir etter vår vurdering lærlingane same rettar og plikter som de andre tilsette i kommunen. 12

5 Er lærlingane nøgde med innhald og oppfølging? 5.1 Fakta om innhald og oppfølging Beskrivinga i dette kapitlet byggjer på munnleg og skriftlig dokumentasjon frå Fagforbundet Ungdom i Telemark som over fleire år har samla informasjon om lærlingar i offentleg sektor i Telemark. Dette har skjedd ved besøk på arbeidsplassar og gjennom spørjeundersøkingar med dei såkalla «Lærlingepatruljene». Generelt sett viser undersøkingane at lærlingar i Telemark i hovudsak er svært nøgde med val av fag, tilhøva på arbeidsplassane og opplæringa som blir gitt der. Over år har det vore ei positiv utvikling. Vi har fått tilgang til svara som blei gitt i samband med undersøkingane hjå lærlingar i Fyresdal kommune i perioden 2009 2012 6. Det er 12 lærlingar med i talgrunnlaget og ein fekk denne svarfordelinga på nokre sentrale spørsmål som blei stilt: Spørsmål Ja Nei Føler du at læreplanen blir ivaretatt og du får den opplæringa du har behov for? 12 0 Får du tid til å jobbe med opplæringsbok/perm i arbeidstida di? 12 0 Føler du at du har valgt riktig yrke? 12 0 N=12 Det blei vidare spurd om følgjande: På ein skala frå 1-10, kor 10 er best, kor nøgd er du med læretida der du er no? Skala for Vurdering Ikkje 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 svart Fordeling 2 1 2 1 6 N=12 Trass i små tal, og at dei er litt tilbake i tid, meiner vi det er grunnlag for å anta at tilhøva i Fyresdal følgjer mønsteret ein elles ser i fylket og at dei i hovudsak har vore nøgde med innhald og oppfølging i læretida. I samtale med leiar for Fagforbundet Ungdom i Telemark blir dette underbygd med utsegn som: «Har skriftlige tilbakemeldinger fra lærlingene etter besøkene. De svarer positivt, tror ikke vi har hatt et eneste brudd oppe i Fyresdal aldri hatt noe annet å rapportere der annet enn at lærlingen har hatt det bra.» 6 Tal i rapporten Lærlingepatruljen 2010 gjeld 2009. Fyresdal vart ikkje besøkt i 2013. Det er enno ikkje gjennomførd besøk eller undersøking i 2014. 13

«Jeg har inntrykk av at Fyresdal er en god læreplass.» Undervegs i prosjektet har vi fått informasjon om at det i eit av kommunalområda siste året har vore noko misnøye med oppfølginga i læretida. Forholdet er kjend i leiinga i sektoren og det har vore følgt opp med møter. Det er gjort endringar i organiseringa for å sikre best mogleg kvalitet på oppfølginga i det vidare. 14

6 Konklusjon 6.1 Konklusjon Våre undersøkingar viser at Fyresdal kommune følgjer krav i opplæringslova og dei rammer fylkeskommunen sett til lærebedrifter. Fyresdal kommune sikrar gjennom skriftlege arbeidsavtalar at lærlingane har rettar og plikter som andre tilsette i kommunen. Det er grunn til å tru at lærlingane i Fyresdal kommune i stor grad har vore nøgde med innhald og oppfølging i læretida, men det har og vore tilfelle der lærlingar har vore misnøgde. Kommunen har treft tiltak for å sikre ei best mogleg oppfølging i det vidare. 15

Litteratur og kjeldereferansar Lover og forskrifter: Lov 25. september 1992 nr. 107 om kommunar og fylkeskommunar (kommuneloven). Forskrift 15. juni 2004 nr. 905 om revisjon i kommunar og fylkeskommunar mv. Lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova. Anna Fagforbundet Ungdom i Telemark. Lærlingepatruljen 2010» Fagforbundet Ungdom i Telemark. Lærlingepatruljen 2011» Fagforbundet Ungdom i Telemark. Lærlingepatruljen 2012» Fagforbundet Ungdom i Telemark. Lærlingepatruljen 2013» Hernes, Gudmund (2010): Gull av gråstein. FAFO Vedtak frå Kommunenes Sentralforbund landsting 12.2.2012 - Sak 12/11: Uttalelser fra Landstinget Offentlege dokument: Telemark fylkeskommune: Kvalitetsmelding for fag- og yrkesopplæring i Telemark 2012 Vedlegg Vedlegg 1: Revisjonskriterium Vedlegg 2: Metode og kvalitetssikring Vedlegg 3: Statistikk frå Fagforbundet Ungdom i Telemark «Lærlingepatruljen» 16

Vedlegg 1: Revisjonskriterium Kommunen som lærlingaktør Kapitlet er beskrivande. Det er ingen lover eller andre krav som regulerer kva omfang av lærlingar det skal vere i ein kommune. Kommunane står såleis fritt til velje om dei vil ta inn lærlingar i kommunal verksemd eller ikkje. Vi har ikkje sett opp revisjonskriterium for dette kapitlet. Er krav i opplæringslova og rammer for fagopplæring følgt? Problemstillinga er følgjande: I kva grad følgjer kommunen opp krava i opplæringslova og dei rammer for fagopplæring som Telemark fylkeskommune sett til lærebedrifter? Den opplæringa som skjer i bedrift/på lærestader er omfatta av opplæringslova. Vi har brukt opplæringslova med forskrift til denne som kjelder til revisjonskriterium. Krav til godkjenning av lærestad og fagleiar Kvar enkelt bedrift som driv opplæring av lærlingar og/eller lærekandidatar må vere godkjend av fylkeskommunen (opplæringslova 11-1). Det er fylkeskommunen der lærebedrifta er lokalisert som gir godkjenning for kvart enkelt fag lærebedrifta skal kunne ha lærling eller lærekandidat i. Fylkeskommunen skal og godkjenne dei fagansvarlege på dei ulike fagområda. Revisjonskriterium: Lærestadene og fagleg ansvarlege skal vere godkjende av fylkeskommunen. Lærekontrakt med alle som er lærlingar Opplæringslova stiller krav til at det skal teiknast lærekontrakt med lærlingane. Desse kontraktane skal fyllast ut på skjema fastsett av departementet. Lærekontraktane skal sendast fylkeskommunen for godkjenning (opplæringslova 11-6). Revisjonskriterium: Det skal ligge føre godkjende lærekontraktar mellom kommunen og lærlingar i kommunen. Plan for opplæring For kvart fag har Utdanningsdirektoratet laga nasjonale læreplanar. Her er det gjort greie for formål, kompetansemål og grunnleggjande ferdigheiter som lærekandidatane skal beherske. Dette skal vere med på å sikre ei likearta utdanning over heil landet. 17

I opplæringslova ( 4-4) er det stilt krav om interne læreplanar. Dette er planar som skal konkretisere kva for arbeidsoppgåver lærlingen skal jobbe med for å nå dei kompetansemåla som er sette i læreplanen for faget. Her må opplæringa tilpassast den einskilde lærekandidaten sine evner og føresetnader og dei praktiske tilhøva på lærestaden. Revisjonskriterium: Kommunen skal sjå til at det ligg føre interne læreplanar for opplæring. Undervegsvurderingar Alle elevar i grunnskule og vidaregåande opplæring har rett på vurderingar undervegs i utdanningsløpet (forskrift til opplæringslova 3-1 og 3-11). Dette kan skje både munnleg og skriftleg. Det aller meste av tilbakemeldingar til lærlingane skjer gjennom den daglege kontakten med instruktørar. Kvart halvår skal det gjennomførast såkalla halvårssamtalar. Desse samtalane er meint å gi lærlingen eit meir aktivt forhold til eiga læring. For det første skal dei gi informasjon om lærlingen si kompetanse vurdert mot kompetansemåla i læreplanen for faget. For det andre skal samtalane vere orientert mot det som skal lærast, og gi rettleiing om korleis lærlingen kan auke si eiga kompetanse i faget. Begge delar er viktige for at undervegsvurderinga skal være ein reiskap for læring. Kommunen skal kunne dokumenterast at undervegsvurderingane er gitt (forskrift til Opplæringslova 3-16). Revisjonskriterium Kommunen skal sjå til at det vert gjennomført halvårssamtalar minst to gonger i året. Samtalane skal vere dokumenterte. Rapportering til fylkeskommunen Fylkeskommunen ber kvart år om rapportar frå dei ulike lærestadane (opplæringslova 4-7 og forskrift til opplæringslova 11-3). Opplysningar som blir etterspurde er mellom anna om kommunen er tilknytt eit opplæringskontor, om det er laga interne opplæringsplanar, om det er gjennomførd undervegssamtalar og deltaking på kurs og opplæring. Dei siste åra har det vore nytta elektroniske tilbakemeldingar. Hensikta med rapporteringa er delvis i høve til administrative system og statistikkføring. Vidare gir rapporteringa opplysningar som trengst for å vurdere 18

tilstanden og utviklinga innanfor fagopplæringa. Fylkeskommunen nyttar rapporteringa til å følgje opp lærestader/fagleiarar dersom det blir etterspurd i rapportane eller dei av andre grunnar meiner det er grunnlag for å ta kontakt. Revisjonskriterium: Kommunen skal rapportere til fylkeskommunen kvart år. Rettar og plikter som andre tilsette? Problemstillinga er: I kva grad sikrar kommunen at lærlingar har rettar og plikter som andre tilsette i kommunen? I opplæringslova er det stadfesta at lærlingane skal ha same retter og pliktar som dei andre tilsette i lærebedrifta (opplæringslova 4-2). Tilhøva mellom arbeidsgivar og arbeidstakar er regulert gjennom arbeidsmiljølova og hovudtariffavtale og avtale mellom den enkelte arbeidsgivar og den enkelte arbeidstakar. I arbeidslivet er det grunnleggande at den individuelle arbeidsavtalen er skriftlig. For ein arbeidsavtale som er knytt til eit opplæringsløp gjeld særlege reglar for heving av arbeidsavtalen (opplæringslova 4-2). Det er også slik at dersom lærlingen skal halde fram i bedrifta etter enda læretid, så må ein inngå ny arbeidsavtale. Revisjonskriterium: Kommunen skal inngå skriftlige arbeidsavtalar som sikrar lærlingar same rettar og plikter som andre tilsette i kommunen. Nøgde med innhald og oppfølging? Problemstillinga er: I kva grad er lærlingar i Fyresdal kommune nøgde med innhald og oppfølging i læretida? I dette kapitlet har vi ikkje laga revisjonskriterier men gitt ei framstilling av korleis lærlingar i kommunen har oppfatta innhald og oppfølging i læretida. 19

Vedlegg 2: Metode og kvalitetssikring Den praktiske gjennomføringa Forvaltningsrevisjonen starta med brev om oppstart til Fyresdal kommune, dagsett 16. juni 2014. Møte om oppstart blei halde på kommunehuset i Fyresdal onsdag 2. juli 2014. Til stades var rådmann, kommunalsjef for kultur og oppvekst, kommunalsjef for helse og omsorg samt personalkonsulenten. Frå møtte prosjektleiar Dag Oftung. Innsamling og handsaming av data blei gjennomført i juni, juli og august. Rapportskriving gjekk føre i august/september og utkast til rapporten blei sendt på høyring 25. september 2014. Innsamling og analyse av data Vi har gjennomført intervjuar med kommuneleiing, tidlegare tillitsvald for lærlingar i kommunen og leiar i Fagforbundet Ungdom i Telemark. Referata frå samtalane er godkjende av dei som var til stades. Innhaldet i referata er brukt som datagrunnlag i rapporten. Vi har hatt telefonsamtalar med fagleiarar i kommunen. Desse har og svart på eit spørjeskjema om praksis rundt arbeidet med lærlingane. Vi har fått innsyn i kommunen sitt arkiv, der vi har sett på alle lærlingkontraktar og arbeidskontraktar i den aktuelle perioden. Vi har vidare sett alle godkjenningar av lærebedrifter og fagleiarar gitt av Telemark fylkeskommune. Talmaterialet i rapporten er henta frå åra 2010 2014. Det omfattar til saman 17 lærlingar (av dei 1 som undervegs endra status til lærekandidat). Det har vore samtalar med leiar og tilsette i Opplæringskontoret for offentleg sektor i Telemark (OKOS), og vi har fått tilgang på dokument dei nyttar i si verksemd. Det har vore samtalar med ulike personar i Telemark fylkeskommune. Delar av talmaterialet er henta frå fylkeskommunen. Det er metodiske utfordringar i høve til personvern og praktisk gjennomføring når det gjeld undersøking av om lærlingane er nøgde med innhald og oppfølging i læretida. 20

I den undersøkte perioden har kommunen hatt 17 lærlingar. Av desse var det tre «aktive» lærlingar i tida undersøkinga gjekk føre. Ein av desse starta i 2013, medan to starta i august 2014. Desse to siste har såleis inga historikk og svært knapt med erfaringar i høve til problemstillinga. I staden for sjølv å intervjue/gjennomføre spørjeundersøking hjå tidlegare lærlingar har vi nytta sekundærkjelder. Fagforbundet Ungdom Telemark oppsøkjer kvart år lærestader/bedrifter i fylket, den såkalla «Lærlingepatruljen». På lærestadene treff dei lærlingane, snakkar med dei og gir dei tilbod om å vere med på ei anonym spørjeundersøking om læringssituasjonen. På bakgrunn av besøka og undersøkinga blir det laga ein årleg rapport. Vi har sett på rapportane for åra 2010, 2011, 2012 og 2013 og hatt ein samtale med leiar i ungdomsutvalet i Fagforbundet i Telemark. Innhaldet i rapportane frå Fagforbundet Ungdom i Telemark og samtalen med leiaren er brukt til å underbygge våre vurderingar som er gjort greie for i kapittel 5. Påliteleg og relevant Forvaltningsrevisjon skal gjennomførast på ein måte som sikrar at innhaldet i rapporten er gyldig og påliteleg. Det betyr at innsamling av data skal skje så nøyaktig som mulig og at ein skal kunne få same resultat dersom undersøkinga vert gjort på nytt. Vi meiner at data som er henta inn frå dei intervjua og dokumenta vi viser til ovanfor er relevante i høve til problemstillingane for prosjektet. Vi meiner vidare at datagrunnlaget i rapporten er gyldig. Det har vi sikra ved å få verifisert intervjuar og ved å hente informasjon frå fleire ulike kjelder. Utvalet av lærekontraktar, arbeidsavtalar og godkjenningar av lærebedrift og fagleiarar er fullstendig. Etter dette meiner vi at vi har undersøkt dei forholda som problemstillingane skal avklare. God kommunal revisjonsskikk - kvalitetssikring Forvaltningsrevisjon skal gjennomførast og rapporterast i samsvar med god kommunal revisjonsskikk og etablerte og anerkjente standardar på området, jf. forskrift om revisjon 7. Denne rapporten er utarbeida med grunnlag i RSK 001 Standard for forvaltningsrevisjon 7. 7 Gjeldande RSK 001 er fastsett av Norges Kommunerevisorforbund sitt styre med verknad frå 1 februar 2011, og er gjeldande som god kommunal revisjonsskikk. Standarden bygger på norsk regelverk og 21

I følgje RSK 001 skal forvaltningsrevisjon kvalitetssikrast, for at undersøkinga og rapporten skal ha naudsynt fagleg og metodisk kvalitet. Vidare skal det sikrast at det er konsistens mellom bestilling, problemstillingar, revisjonskriterium, data, vurderingar og konklusjonar. har utarbeidd eit system for kvalitetskontroll som er i samsvar med den internasjonale standarden for kvalitetskontroll ISQC 1 Kvalitetskontroll for revisjonsfirmaer som utfører revisjon og begrenset revisjon av regnskaper samt andre attestasjonsoppdrag og beslektede tjenester. Denne forvaltningsrevisjonen er kvalitetssikra i samsvar med vårt kvalitetskontrollsystem og i samsvar med krava i RSK 001. internasjonale prinsipp og standardar som er fastsett av International Organization of Supreme Audit Institutions (INTOSAI) og Institute of Internal Auditors (IIA). 22

Vedlegg 3: Statistikk for tal på lærlingar i Telemark Fagforbundet Ungdom i Telemark gir kvart år ut ei rapport i høve til situasjonen rundt lærlingar i offentleg sektor i Telemark. Her finn ein mellom anna statistikk om tal på lærlingar i kommunane. Nedanfor er vist statstikk henta frå rapportane i 2010, 2011, 2012 og 2013. Måltalet desse undersøkingane tek utgangspunkt i er OKOS si målsetting om ein ny lærling pr. 1000 innbyggar pr. år. Dette er ei meir offensiv målsetting enn den KS har gitt uttrykk for og som vi har teke utgangspunkt i for våre tabellar i kapitel 2.6. Frå «Lærlingepartuljen 2010» (tal frå 2009) 23

Frå Lærlingepatruljen 2011 (viser tal frå 2010 og 2011) Frå «Lærlingepatruljen» 2012 (viser tal frå 2011 og 2012) 24

Tal frå «Lærlingepatruljen» 2013* (viser tal frå 2011, 2012 og 2013) * Rapporten er ikkje publisert enno. 25