SAKSFRAMLEGG UTVALGSSAK

Like dokumenter
Nord-Aurdal kommune. Deres ref.: Vår ref.: Vår dato: stujan - 11/

Austevoll kommune. Arkivkode FA-000

Uttalelse fra Vikna kommune vedrørende kulturskoleutvalgets rapport.

Høringsuttale frå Time kommune - Kulturskuleløftet

Kulturskolen I Måsøy.

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

SAKSDOKUMENT. Møteinnkalling. Hovedutvalg for kultur og næring har møte den kl i møterom Formannskapssalen. Tillegg - Saksliste

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

KULTURSKULEPLAN. Forsand kommune. - Kulturskulen for alle!

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Kvam herad. Endra drift resulterer ikkje i auka driftskostnadar for Kvam kulturskule. Sjå vedlegg for fullstendig tekst i den nye serviceerklæringa.

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE Steinar Hole. Arkiv: FE-030

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak: 12/165 Løpenummer: 12/ Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

Vedlegg: doc; doc

MASFJORDEN KOMMUNE. Rådmannen Rådgjevarar. Høyring framlegg til endring i opplæringslova - melding om vedtak. Dato:

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Arkiv FE-140. Kommuneplan Planprogram arealdel - Offentleg ettersyn

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

FAUSKE KOMMUNE Kultur

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2015

Saksnr Innhald Arkivsaknr Godkjenning av protokoll

Linda Nyvoll Antonsen

4rov, kia,vu HEMNE KOMMUN E. Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep OSLO

Oppsummering av saka: Formannskapet er av kommunestyret gitt fullmakt til å utforme endeleg svar til Fylkesmannen i Oppland.

Saksnr. utval Utval Møtedato 112/18 Formannskapet Kommunestyret. Vedlegg i saka: Prisbok

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

SØKNAD OM RETTLEIING I SAMBAND MED IMPLEMENTERING AV RAMMEPLAN FOR KULTURSKULEN

NORDRE LAND KOMMUNE SÆRUTSKRIFT

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2014/7 Komite for oppvekst, kultur, idrett

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Deres ref: Vår ref Saksbehandler Dato 2010/ Eldbjørg Hogstad

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Ann Margrethe Kråvik Kari Bolstad Gunnvor Linde Kjetil Nesse Gudvin Haraldsson

Sakspapir. Saksnr Utval Type Dato 036/14 Formannskapet PS /14 Kommunestyret PS

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

Ad Hoc utval - Skuleutvalet

Høyring - Forskriftsendringar. Krav til relevant kompetanse i undervisningsfaget m.m.

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

Styret meiner at Møre og Romsdal med sine 450 fagskolestudentar er ei naturleg eining med tilstrekkeleg omfang til å stå på eigne bein.

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Dykkar ref. Vår ref. Saksh. tlf. Dato 2014/ /2014 Unni Rygg

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

4A-3 VAKSNE SIN RETT TIL VIDAREGÅANDE

Fjell kommune Arkiv: 214 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

N OU 2016: 14 Høyring - Meir å hente. Betre læring for elevar med stort læringspotensial

Årsmelding Fjell kulturskule 2018

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Levanger kommune Rådmannen

VANG KOMMUNE. Dykkar ref.: Vår ref.: Arkiv: Vår dato: SUNHAK - 15/ ,

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Kommunedelplan for oppvekst

Saksnr. Utval Møtedato 054/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Sakspapir. Saksnr. Utval Møtedato 020/18 Formannskapet /18 Kommunestyret

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Innstilling frå rådmannen: Levekårskomiteen sluttar seg til framlegg til uttale slik det går fram av saksutgreiinga.

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Det er henta inn tilbod på utbygginga og prisen er basert på dei innkomne tilboda.

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

HØYRING VEDK FORSLAG TIL STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR DIFFERENSIERT FORVALTNING AV STRANDSONA LANGS SJØEN

Øystre Slidre kommune

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

SUtDAI K O M M O N E STABEN. Levekårsutvalet i Suldal handsama dette i møtet og gjorde slikt vedtak:

Transkript:

SAKSFRAMLEGG UTVALGSSAK Behandlet av Møtedato Saksnr. Saksansvarlig Formannskapet 17.02.2011 003/11 PERELL Mappe JournalID ArkivID Saksbehandler 11/85 11/294 A30 Ellen Persvold Kulturskuleløftet - Kulturskule for alle Høyringsuttale frå Etnedal kommune Andre saksdokumenter (ikke vedlagt): Nr T Dok.dato Avsender/Mottaker Tittel 2 I 01.02.2011 Oppland Fylkeskommune Kulturskoleutvalgets rapport Kulturskoleutvalget sin rapport til Kunnskapsdepartementet. Rapporten kan lastes ned her: http://www.musikerorg.no/_img/kulturskoleutvalget_07.09.2010.pdf Eller her: http://www.kulturskoleradet.no/www/forside?plugin=mappe&menu=0 Saksopplysninger: Innleiing Etnedal kommune er gjort kjent med rapporten frå Kulturskoleutvalget, Kulturskuleløftetkulturskole for alle. Nasjonalt sett har kulturskulefeltet hatt sterkare fokus det siste året, og mellom anna regjeringa må rosast for å plassere kulturskulen på den politiske dagsorden. Etnedal har ein relativt liten kulturskule etablert i 1998 med 54 elevplassar og 1,3 stillingsheimel. Kulturskulen har tilbod innan musikk, teater og trearbeid. 30 % av stillingsressursen er instruksjon av kor og korps for vaksne. Det er ynskje frå elevar om fleire tilbod og plassar i kulturskulen enn det me no har kapasitet til å realisere. I ein fase der kommunen ynskjer å sjå nærare på kva kulturskulen kan bety for ein liten kommune, er det Sign. Utskrift sendt til: Musikk og kulturskolerektor for videre beh.

interessant å lesa rapporten frå Kulturskoleutvalget og forventningane som ligg der til at staten tek eit større økonomisk medansvar og tydlegare føringar for innhaldet i utviklinga av kulturskular i kommunane. I utgreiinga heiter det mellom anna at alle barn som ønsker det får et kulturskoletilbud av god kvalitet til en rimelig pris. Dette skal sikres ved statlige stimuleringsmidler og en solid kommuneøkonomi. Utvikling av et mer omfattende kulturskoletilbud i tilknytning til SFO/skole skal utredes. Det skal være rom for ulik lokal organisering av kulturskolen. Det skal legges til rette for synliggjøring av kulturskolen og for talentutvikling. Dette er ei ambisiøs, framtidsretta og riktig målsetjing med tanke på kulturuttrykk som ein viktig ingrediens i eit moderne danningsperspektiv. Me vil i det følgjande knytte nokre kommentarar til ulike sider ved rapporten. Stimuleringsmidlar og prosjekt Stimuleringsmidlane for kulturskulane på 40 millionar i 2010 og 2011 er ei god ordning, og det er viktig at desse midlane også er reelle å søkje på for mindre kommunar. Løftet som Kulturløftet II peiker på, vil koste meir enn 40 millionar kroner, og me støttar utvalet si vurdering i pkt. 8.3 av at denne summen må aukast dei kommande åra. I tillegg til prosjektmidlar peiker utvalet på i punkt 1.5.7 at ein del pengar bør fordelast ut til generell styrking av tilbodet og reduksjon av ventelister, noko me støttar. Prosjekt kan fremme gode tilbod og spennande prosjektperiodar for kulturskulen, men det er tre tilhøve me særskilt vil peike på som konsekvensar av prosjektarbeid. Prosjektorganisering er administrativt meir ressurskrevjande enn ordinær drift. Gjennom prosjekt av ulik karakter og lengde vil ein også byggje ein større etterspørsel etter undervisning i kulturskulane. Ved større grad av prosjektorganisering av undervisinga vil ein få større utfordring med å sikre elevane kontinuitet i opplæringa. Auka prosjektmidlar må difor følgjast opp av auka driftsmidlar, og me vil understreke at det er viktig at også mindre kommunar får økonomiske rammer til å utvikle seg som ressurssenter for eigen kommune. Estetiske fag i det 13-årige skuleløpet Mandatet til Kulturskoleutvalget var i stor grad retta mot samarbeidet SFO og kulturskulen, og me støttar utvalet si fokusutviding til å gjelde heile det 13-årige skuleløpet. Både for breidde, rekrutteringa og målet om innsikt i ulike kunstområde som ein del av allmenndanninga, vil samarbeid mellom SFO og kulturskulen vera viktig. Tilbodet innan SFO gjeld til og med 4. trinn, men eit sterkare fokus på denne gruppa vil også gjera både etterspørselen etter kulturskuletilbod og behovet for ressursar til eldre elevar større. Statistisk sett sluttar mange elevar i kulturskulen i overgangen til ungdomsskule og/eller vidaregåande skule. Denne typen bortval bør ein også ta på alvor med tanke på ressurstilgangen og fokusere heile det 13-årige kulturskuleløpet jfr pkt 2.7. Etnedal musikk- og kulturskule har i dag ingen elevar på vidaregåande skule som sine elevar. Kontinuitet i kunstnarleg uttrykk er viktig i seg sjølv, men frirommet det gir å kunne uttrykke seg gjennom kunst, vil for mange vera ei støtte i gjennomføringa av vidaregåande opplæring, jfr pkt 4.7 i høyringa.

I pkt 4.1 peiker også utvalet på kunstfaga som ein støttande faktor for gjennomføring av ordinær skulegangen. Utvalet foreslår å bruke faget utdanningsval på ungdomsskulen for å få opp omfanget av estetiske fag på ungdomsskulen. Dette ungdomsskulefaget skal fokusere kompetansemål frå utdanningsprogram på vidaregåande og aktuelt fagområde innan faget utdanningsval er estimert til 66 timar fordelt på tre år på ungdomsskulen. Desse 66 timane skal gå til utprøving av fleire av dei tolv utdanningsprogramma på vidaregåande, og tidsramma strekk ikkje til for å gi det rommet for estetiske fag som utvalet ynskjer. I pkt 3.2 viser utvalet tilbakegangen estetisk fag har hatt frå 19,7 % av timetalet i Mønsterplanen av 1974 til 13,3 % i Kunnskapsløftet frå 2006. Dette er alvorleg på bakgrunn av dei nemnde punkta i dette avsnittet og får også konsekvensar også for grunnlaget elevane har når dei møter til opplæring i kulturskulane. Sett i lys av tilbakegangen for kunstfaga i grunnopplæringa, behovet for kontinuitet i opplæringa og behovet for og gleda av kunstfag som mange unge opplever, så støttar me utvalets vurdering av at ein også på ungdomsskulen må få mulegheit til å velje kunstfag. Me meiner at ein må finne andre løysingar enn faget utdanningsval. Kompetanse Kulturskulelærarens kompetanse er avgjørande for å skape god kvalitet, noko som må sikrast både gjennom utdanningssystemet og ved å legge til rette for kombinerte stillingar lokalt jfr pkt 1.5.5. Viktigheita av å ha obligatoriske kunstfag innan lærarutdanninga kjem fram her, og vil vera sentralt for ei felles forståing av eigenverdien dei estetiske faga representerer innan opplæringa. Ei lærarutdanning der også estetiske fag står sentralt er også grunnlaget for å kunne tenkje sambruk av lærarkrefter mellom kulturskule og grunnopplæringa. I denne samanhengen vil me støtte opp om rapportens kapittel tre der utvalet drøftar kunst og kulturs verdi og ulike rolle i grunnutdanninga, og me støttar utvalets poengtering av kunstens eigenverdi i pkt 3.1 og 3.4. Samarbeid mellom skule og kulturskule, og sambruk av den utøvande pedagogen er ynskjeleg, men Etnedal kommune etterlyser meir klare retningsliner for samarbeidet både med tanke på organisering og spørsmålet om eigenbetaling. Dersom kulturskuletiboda skal vera for alle i td SFO, er det spørsmål om finansiering. Skal alle, ingen eller nokon betale dersom det skal vera for Forskrift Utvalet foreslår i rapporten at det lages ei forskrift for kulturskulen knytt til 13-6 i Opplæringslova, noko me meiner er positivt for å manifestere kulturskulen sin eigenverdi som skuleslag og kulturskulen sitt eksistensgrunnlag. Me er i prinsippet einige om at 8 er riktig og viktig. Kulturskulen skal ha tilsette med pedagogisk og kunstfagleg høgare utdanning, men me ser at dette kan bli ei utfordring i mindre kommunar.

Konklusjon Vurdering: Forslag til vedtak: Formannsskapet vedtek følgjande forslag til vedtak:

17.02.2011 Formannskapet FS-003/11 Vedtak: Formannsskapet vedtek følgjande forslag til vedtak: SAMRØYSTES