Sentraladminstrasjonen Solund kommune Totalentreprise Prosjektering og opprusting av hamneområdet i Hardbakke Kravspesifikasjon Tilbodsreglar
Kravspesifikasjon 1.0 ADMINISTRATIVE OPPLYSNINGAR 1.1. Innbyding Solund kommune, som oppdragsgjevar, byr inn til tilbodskonkurranse for prosjektering og bygging av kommunale kaifronter og opprusting hamneområde. Prosjektnamn: Totalentreprise : Prosjektering og opprusting av hamneområdet i Hardbakke Solund. Invitasjonen gjeld anskaffing under EØS terskelverdi for bygge- og anleggsarbeid, jfr. del II i forskrift om offentlege anskaffingar, og gjennomførast som open anbodskonkurranse med forhandling. Det synast til kunngjering i DOFFIN 18.12.2015. 1.2. Innlevering av tilbod Tilbodet skal innleverast i eit forsegla konvolutt til: Solund kommune Kommunehuset 6924 Hardbakke Tidsfrist for mottak av tilbod er torsdag 15. februar 2016 kl. 13.00. Konvolutt skal merkast: «TILBOD: Totalentreprise : Prosjektering og opprusting av hamneområdet i Hardbakke Solund» Tilboda kan sendast i posten eller leverast direkte ved oppmøte hos Solund kommune. Tilbod kan ikkje gjevast pr. telefaks. Elektronisk innlevering av tilbod aksepterast ikkje. Tilbodsopninga vil skje hjå Solund kommune og er ikkje offentleg. Dersom tilboda blir sendt som post skal sendinga bekreftast elektronisk direkte etter postlegginga. Språk: Nynorsk eller bokmål. Innlevering av tilbod. Desse delane skal inngå i tilbodet som skal leverast. 1. Tilbodsbrev 2. Kvalifikasjonskrav 3. Løysningsforslag 4. Tilbodskjema 5. Vedlegg Alle dokument skal leverast på norsk. 1. TILBODSBREVET I tilbodsbrevet lyt det gjevast opplysningar om følgjande: Tilbyder sitt namn, adresse, organisasjonsnummer og fullmaktsperson (er) Kva dokument tilbodet består av. Atterhald eller avvik i forhold til tilbodsgrunnlaget
2. KVALIFIKASJONSKRAV For at tilbodet som er innlevert skal kunne vurderast lyt tilbydar stette kvalifikasjonskrava som nemnd under, jf. FOA del I og II: 2.1 Dokumentasjonskrav knytt til leverandørens organisatoriske og juridiske stilling: (1) Firmaattest (2) Attester for registrering i faglig register som bestemt ved lovgivning i det land hvor leverandør er etablert (gjeld utanlandske føretak) (3) Krav til å framlegga skatteattest for meirverdiavgift (Nasjonale krav) (4) Krav til å framlegga skatteattest for skatt (Nasjonale krav) (5) Krav til å framlegga eigenerklæring i samsvar med forskriftens vedlegg 2 om HMS (Nasjonale krav) 2.2 Dokumentasjonskrav knytt til tilbydars tekniske og faglige kvalifikasjonar: (1) Redegjørelse vedrørende foretakets kvalitetsikringssystem/ kvalitetstyringsystem. Ei enkel beskriving av kva type system som vert nytta, og korleis dette skal nyttast i forprosjektet. (2) Bygget vert omfatta av tiltaksklasse 2, jf. Plan og bygningslova med forskrifter. Det lyt dokumenterast at tilbydar og/eller eventuelle underleverandørar innehar den fagkompetansen forskriftene krev i høve arkitektur og prosjektering av bygg i tiltaksklasse 2. (3) Tilbydar lyt inneha Sentral Godkjenning, eller kan vise til lokal godkjenning for tiltaksklassen (oppgjev då eventuelle kommunar som de har hatt oppdrag i) 2.3 Dokumentasjonskrav knytt til leverandøren si økonomiske og finansielle kapasitet: (1) Føretaket si siste års beretning, samt nyare opplysningar som har relevans til føretakets rekneskapstal (2) Erklæring om føretaket si omsetning de siste årene med relevans til denne kontrakten Det er viktig at alle som leverer tilbod har med skriftleg dokumentasjon av punkta over. Dersom dette ikkje vert levert med tilbodet kan det vere avvisingsgrunn jf. FOA 12-3 3. Løysningsforslag Vedlagt utlysninga fyljer forprosjekt utarbeida av Norconsult AS og skal vere retningsgivande for utføringa. Tilbydar skal skissere eit forslag korleis det er mulig å gjennomføre dette og evnt med nye skisse. Hamna skal etter dette framstå som ein attraktiv plass og vere med eit godt miljø for gangveier, parkering og lyssetting. Det er og utarbeidd ein lysplan frå Zenisk AS som og skal være retningsgivande.
6. TILBODSSKJEMA Firmanamn: Postadresse: Besøksadresse: Føretaksnummer: Kontaktperson: Namn Ansvarsområde (Anbod/sal etc.) Telefon direkte E-post Anna VEDSTÅINGSERKLÆRING: Dette firma vedstår seg tilbodet 90 dagar frå tilbodsfrist.. Stad/dato: Underskrift dagleg leiar (ikkje maskinskriven, scanna eller liknande) 3.0. Krav til prosjektet Solund kommune skal ruste opp hamneområdet i forbindelse med tettstadsutformingsprosjektet Hamna skal tilretteleggjast for allmenn ferdsel. Det skal vere normal eller høgare standard på materialval. Det er krav om universell utforming. Leverandøren skal ta ansvar for heile prosjektgjennomføringa, dvs. frå planlegging til overlevering av ferdig utført, inklusiv byggjesøknader. Heile prosjektet må ferdigstillast innan 1. desember 2016 (basert på avtaleinngåing seinast 1. mars 2016). Synfaring av hamna blir torsdag 14. januar 2016 kl. 11.00. Solund kommune vil påvise avstikk for vatn, avløp og kablar. Oppmøte på kommunehuset i Hardbakke hamn. Påmelding til Geir-Kåre Ynnesdal på geir.kare.ynnesdal@solund.kommune.no.
4.0. TILBODSBESTEMMELSER 4.1. Vilkår for deltaking/dokument som skal leggast ved tilbodet. Det settast fylgjande kvalifikasjonskrav til tilbydar: 1. Firma skal ikkje ha uteståande skattar eller avgifter og skal ha ordna økonomi og arbeidsforhold for å kunne delta i konkurransen. 2. I forbindelse med innlevering av tilbodet, skal det leverast fylgjande dokumentasjon: 3. Firmaattest 4. Skatteattest (skatt, arbeidsgjevaravgift og meirverdiavgift) a. Leverandørar med forretningsadresse i andre land enn Norge, skal legge fram attestar eller annan lovbestemt dokumentasjon etter forskrifta sin 15-10. 5. HMS-eigenerklæring. 6. Eigenerklæring om at bedrifta føl lønns- og arbeidsforhold etter nasjonale tariffavtaler. 4.2. Konkurransegrunnlaget Konkurransegrunnlaget består av: 1. Kravspesifikasjon 2. Skisser frå Norconsult AS 3. Lysplan frå Zenisk 4.3. Tomter Sjå pkt 3.0. Plassering av bygg og planar for utnytting av tomter må visast på situasjonsplan. 4.4. Atterhald Atterhald i høve tilbodsføresetnadane skal gjevast i tilbodsbrevet. Atterhald skal prissettast. Atterhald som ikkje kan prissettast, kan føre til avvising av tilbod. 4.5. Tilbodsskjema, utfylling av tilbod Tilbodsskjema skal fyllast ut og signerast. 4.6. Alternative løysingar Det kan ikkje gjevast tilbod på alternative løysingar på konkurransegrunnlaget, men ein leverandør kan levere fleire tilbod. Fleire tilbod frå same tilbydar vil verte handsama separat. 4.7. Avviste og forkasta tilbod Byggherren returnerer ikkje tilboda til dei tilbydarane som ikkje har fått sine tilbod godkjent.
4.8. Tildelingskriterier Kriterier Vurdering 40 % Pris Pris totalt etter omfang/innhold og pris pr enkeltparameter 30 % Kvalitet Bruk av gode og varige kvaliteter på materialvalg 30 % Utforming av uteområdet og bygg Løysningsforslag Pris (spesifiserast ved behov i eige vedlegg) Det skal gjevast delprisar for 5 ulike tiltak som spesifisert i vedlegg prosjektskildring pkt 4 tabell Totalpris for heile prosjektet: kroner Kvalitet og Utforming Vi ber om at det vert lagt ved skildring av tilbodet og uteområde, der det kjem fram kva materiale/standard som er valt for prosjektet og som er grunnlag for tilbodet. 4.9. Oppdragsgjevar si handsaming av tilbod Saksgangen er som følgjer: 1. Tilbodsopning lukka. 2. Tilbodsvurdering med forslag til innstilling. 3. Tilbydarar som ikkje når opp i konkurransen vert informert om dette, og vert gjevne ei grunngjeving for val av kontraktspartnar. Tilbydar vert også gjeve klagefrist. 4. Kontraktsinngåing. 4.10. Oppdragsgjevar sitt atterhald. Oppdragsgjevar har rett å avvise alle tilboda dersom det skjer endringar i politiske vedtak, økonomiske rammar, endra behov eller andre forhold som hindrar gjennomføringa av entreprisa. Slik avvising vil i så fall skje utan kompensasjon til tilbydarar i tilbodsprosessen. Solund Kommune vil gjennomføre forhandlingar med dei aktuelle og tar atterhald om valt løysning i tilbod.
5.0 KONTRAKTSBESTEMMINGAR 5.1. Generelt Desse føresegnene har til hensikt å regulere kommunen sin rett til deltaking og påverknad i prosessen med utvikling, prosjektering, utføring og ferdigstilling av hamneområdet, som dette anbodet gjeld. Leverandøren er ansvarleg for at planene prosjekterast og utførast etter dei til ei kvar tid gjeldande lover, forskrifter, reglar, standardar, rettleiingar og retningslinjer. Anskaffinga gjennomførast etter føresegnene i: - lov om offentlige anskaffelser av 16. juli 1999 (LOA, ajourført med endringer ved lov av 30. juni 2006 nr. 41) og endret forskrift 24. november 2006 nr.1295. - ILO Konvensjon nr. 94. Leverandøren skal sørge for at ansatte i egen organisasjon og ansatte hos eventuelle underleverandører ikke har dårligere lønns- og arbeidsforhold enn det som følger av tariffavtaler, regulativer eller det som er normalt for vedkommende sted og yrke. Dette gjelder bare for ansatte som direkte medvirker til å oppfylle kontakten. Lederen av virksomheten er ansvarlig for at denne regelen blir etterlevd. Alle avtaler leverandørene inngår som innebærer utføring av arbeid under denne kontrakten skal inneholde tilsvarende forskrifter. Dersom leverandøren ikke etterlever klausulen, har oppdragsgiveren rett til å avvise tilbudet eller holde tilbake deler av kontraktssummen til det er dokumentert at forholdet er i orden. Summen som blir holdt tilbake skal tilsvare ca. 2 ganger innsparingen for arbeidsgiveren. Leverandøren skal på oppfordring legge fram dokumentasjon om de lønns- og arbeidsvilkårene som blir benyttet. Dokumentasjonsplikten omfatter også underentreprenører (underleverandører). Med leverandøren meinast også kontraktspartnaren sine underleverandørar. 5.2. Retningslinjer for prosjekteringsfasen: Det vert føresett at leverandøren engasjerer arkitekt (bygg, landskap) i ein tidleg fase. Bl.a. må følgjande tema utgreiast og leggjast fram for kommunen for godkjenning: 1. Planløysing for området 2. utforming og detaljering av installasjonar 3. val av material, overflatebehandlingar 4. tekniske løysingar inkl. miljøtiltak 5. utomhusplan med parkering for bilar og syklar, tilkomstar Leverandøren skal dokumentere at krava vert oppfylt. Leverandøren skal sørgje for å halde kommunen informert om framdrifta i prosjektet og eventuelle andre forhold som har betyding for kommunen.
5.3. Retningslinjer for byggefase Gjennomføring Kommunen skal inviterast inn til regelmessige (min kvar 4.veke) orienteringsmøter der leverandøren skal orientere om status og framdrift. Kommunen har møterett på byggemøter og skal ha anledning til å synfare byggearbeidet etter avtale med leverandør. Ved særskilte kritiske forhold som har betyding for lokala skal leverandøren varsle kommunen skriftleg om forholdet. 5.4 Ferdigstilling Heile prosjektet må vere ferdigstillt og klart for å takast i bruk seinast 1.desember 2016 (basert på avtaleinngåing seinast 15. mars 2016). Bruk av det einskilde anlegg/anleggsdel kan ikkje skje dersom det føreligg vesentlege manglar som hindrar den føresette bruk, eller det ikkje føreligg dokumentasjon som er naudsynt for å vurdere om spesifiserte krav er oppfylt. Dersom det er tvil om stilte krav er overheldt i det ferdige lokalet, skal leverandøren føreta målingar/kontrollar som dokumenterer den faktiske ytinga. Dette gjeld generelt alle funksjonskrav, f eks krav til overflate, kvaliteter, belysningsnivå etc. Dersom det syner seg at funksjonskrav ikkje er overheldt må entreprenør føreta tiltak kostnadsfritt for kommunen. FDV- dokumentasjon og som-bygget teikningar av lokala skal leverast kommunen både elektronisk i redigerbart filformat og på papir. ADRESSELISTE Solund kommune v/ prosjektleiar Kommunehuset 6924 Hardbakke Tlf. 57 78 62 00 E-post: geir.kare.ynnesdal@solund.kommune.no Vedlegg ; 1. Prosjektskildring 2. Forpliktelseerklæring underleverandør 3. HMS eigenerklæring 4. Tilbydar sine atterhald