ÅRSMELDING. for Sandsøy Idrettslag 6089 Sandshamn. Hovudsamarbeidspartnar 2016:

Like dokumenter
ÅRSMELDING. for året Sandsøy Idrettslag 6089 Sandshamn. Hovudsamarbeidspartner 2015:

Også i år har Sandsøy samarbeidd med Kvamsøy på a-lags nivå, 5 spelarar var med og spelte kampar i 6. divisjon

Drifta i år har gitt ei omsetning på vel 91000,- og der av eit overskot på ca ,-. Viser elles til rekneskapen og gjennomgangen av den.

Godkjenning av innkalling, saksliste og dei stemmeføre Innstilling: Offentleggjort innkalling og saksliste.

4. juni arrangerte vi tombola på Dollstun. Vi fekk inn bra med gevinstar og som vanlig stilte bygdefolket opp og kjøpte lodd til bøttene var tomme.

Årsmelding Internettsida til laget har fått ein fin form, og Norunn Skretting har ansvaret for å fylgja opp denne. Det har

ÅRSMØTE I V.I.L. Tid: kl kl Stad: Klubbhuset på Omenås

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

ARBEIDPLAN 2013 VALLDAL IDRETTSLAG

Rapport ungdomskurs i bridge på Os februar 2016

Norheimsund Fotballklubb

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

Innbyding til KM I BORDTENNIS 2016 FOR MØRE OG ROMSDAL

Årsmelding for O-gruppa 2015

Sjutoppsturen FAKTA OVERSIKTSKART LØYPESKILDRING

Årsberetning Vassøy idrettslag 2013 side 2 av 7

SFFK takkar igjen for påmeldinga, og gratulerar med avansement til sluttspelet!

INVITASJON til Etne Cup 2007

Evaluering av ordninga "Spissa idrettstilbod i vidaregåande opplæring"

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Velkommen til. Årsmøte Førde Brukshundklubb

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Stad: Psykiatrisk Dagsenter v/ Byrg Kompetanse, Stranda Når: Laurdag 20. januar 2018, klokka 12: JANUAR 2018 MENTAL HELSE STRANDA

Rekrutteringsplan FBK Voss

Årsmelding 2012 Rubbetadnes Idrettslag

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Referat frå årsmøte i Haugaland Golfklubb Søndag 30. januar 2011 kl 18:00

Kva er klokka? Kva er klokka? Kva er klokka?

Sakspapirer for. Årsmøte. Gudbrandsdal Folkemusikklag Laurdag 6. april 2019 Utgard fleirbrukshall, Lom

Saksliste for årsmøtet i Fotballgruppa

Kap 1 Innleiande fastsettingar

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

Årsmelding Øystese Fotball 2016

Bruk av driftsmidlar Frifond

Årsmøte i Årdal Båtforening

Velkommen til årsmøte for KORSSUND DYKKEKLUBB. Dale, 09. februar 2013

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Årsmelding IL JOTUN FOTBALL

Årsmøte i Nordfjord Golfklubb

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Leiarmøte Søndag 25.november, Scandic Hotell, Førde NFF Sogn og Fjordane

ÅRSMØTE I OSTERØY IDROTTSLAG Protokoll frå årsmøte

Visjon og verdiar KLAR for Stranda

ÅRSMELDING. IL JOTUN Symjegruppa for perioden 1. januar 2016 til 31. desember 2016 PÅ VEG MOT HUNDRE!

Vintervèr i Eksingedalen

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Ørsta/Volda Pistolklubb fredag 26. februar kl på skytebana i Ørsta Kulturhus.

Referat frå årsmøte i Jotunfjell Fjordane EHK, Vågå Hotell 13.februar 2010.

1Vaksne i grunnskoleopplæring

Styremøte i fotballgruppa i Kvernbit 15. februar 2017 REFERAT I.L. Kvernbit Fotball

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Kjerstin Boge Solås. Fjaler Idrettsråd. Dale Idrettslag

ÅRSMELDING IL JOTUN Symjegruppa. for perioden 1. januar 2016 til 31. desember 2017 PÅ VEG MOT HUNDRE!

Olsoksstemnet skyttarstemne med lange tradisjonar

KAMPMANUAL SESONGEN VIKTIGASTE ENDRINGAR FOR SESONGEN 2015 i HØVE NFF SITT BREIDDEREGLEMENT.

Årsmelding IL JOTUN FOTBALL

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

NVBF REGION SOGN OG FJORDANE 38. ORDINÆRE TING 2014 TINGSAKER. STED: Idrettens hus Concordbygget. TID: Onsdag 22. april 2014 kl.

Møtedokument til årsmøte i Lærdal Idrettslag

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Velkommen til. årsmøte!

Årsmelding for sykkelgruppa i IL Harding 2014

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Årsmelding Øystese Fotball 2012

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Årsmøte. Ørsta idrettslag Kl på klubbhuset

// Notat 2 // tapte årsverk i 2014

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

ÅRSMELDING FOR KVAM BOWLINGKLUBB

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

ÅRSMELDING FOR RADØY SAU OG GEIT Leiar Kåre Hole * Nestleiar ; Ivar Soltveit * Skrivar ; Erna Tunsberg Erstad

Referat. DEN NORSKE KYRKJA Fitjar sokn. Utval: Fitjar sokneråd Møtestad: Kyrkjestova Dato: Torsdag 21. mars 2019 Tid: Møtenr.: Kl. 18.

Årsmelding for sykkelgruppa i IL Harding 2013

Regelverk Innhald:

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

7. Festivalar. Statistiske analysar 127 Kulturstatistikk ,5 millionar til musikkfestivalar

Innkalling til. Årsmøte i Aurland Kabel TV. Fredag 5. april 2013 kl. 19:00 på Aurland Fjordhotell

Surnadal Idrettslag. Referat frå styremøte i Surnadal IL. Henvending om oppretting av ny gruppe i Surnadal IL - Frisbeegolf

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Årsberetning Vassøy idrettslag 2014 side 2 av 6

Barn hjelper Barn ein miniputt kan gjere stor skilnad. Ei oppsummering av tiltak som miniputtane har vore med på i

PROTOKOLL ETTER ORDINÆRT ÅRSMØTE I ÅIL for 2013

SPORTSPLAN FOTBALLGRUPPA HAFSLO IL

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

tapte årsverk i 2011

Årsmøte - Innkalling Fredag 10. februar 2017 klokka 18:00 i Åheimsbuda

Å FORME DEN NYE KOMMUNEN DIN?

2014/

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

ÅRSMELDING, FOTBALLGRUPPA 2018 KVITESEID IDRETTSLAG

DIS- Sogn og Fjordane

Søknadsinfo:

Årsmelding. for. Lærdal I. L.

Transkript:

ÅRSMELDING for 2016 Sandsøy Idrettslag Hovudsamarbeidspartnar 2016:

Tillitsverv 2016 Sandsøy Idrettslag har i 2016 bestått av hovudstyre, trimgruppe, fotballgruppe, banenemnd, kiosknemnd, valkomité, rekneskapsførar og revisorar. Det har vore totalt 27 tillitsverv, fordelt på 21 personar, der ni av desse er kvinner og tolv er menn. Av dei 27 verva, er elleve dekt av kvinner og 16 av menn. Seks personar har hatt to verv kvar. I tillegg er eitt verv ein innkjøpt teneste; Sande Rekneskap AS. Hovudstyre: Leiar: Anne Bjørg Bringsvor Nestleiar: Endre Vorren Sekretær: Eirik Voksøy Bringsvor Kasserar: Svein Helge Bringsvor Styremedlem: Knut Olav Skare Vara: Gunnhild Bringsvor Vara: Bjørn Voksøy Undergrupper og nemnder: Leiar, banenemnd: Arnvald Bringsvor Leiar, kiosknemnd: Anne Bjørg Bringsvor Leiar, trimgruppa: Anders Bringsvor Leiar, fotballgruppa: Svein Helge Bringsvor Valkomité: Jorunn Worren, Vidar Waage, Solgunn R. Våge (Rekneskapsførar: Sande Rekneskap AS) Revisorar: Jan Bugge, Anna Kirsti Skare Viser til liste over tillitsverv for fullstendig oversikt. Styret sitt arbeid Det er siste året halde åtte styremøte, der totalt 41 saker er tekne opp. Hovudfokus i 2016 har vore ferdigstilling av klubbhusprosjektet. Det har vore nokre utfordringar undervegs, men alt i alt har det gått bra. Det nye treningsstudioet har vore ein suksess så langt. I februar vart det bestemt å gjere eit meir omfattande arbeid på det eksisterande handikaptoalettet enn først tenkt. Dette er å rekne som eit tilleggsprosjekt til hovudprosjektet (tilbygget). Det vart samtidig også vedteke å kople klubbhuset opp til fibernettet, som er under utbygging. Forhåpentlegvis vil det vere Internett-tilgang på huset i løpet av første halvdel av 2017! Årsmelding 2016 2 av 7

Frå våren av hadde vi tilbod om kjøp av trenings-/overtrekksklede som vi fekk i stand avtale om med butikken Tegu Sport på Hamar. Mange har utover året nytta seg av dette tilbodet, og vi ser på det som eit vellukka tiltak. Vi var i august atter ein gong med i samarbeidslaget som stod for matservering med meir under Arthur-helga. Det vart igjen relativt gode inntekter frå tilstellingane, spesielt med tanke på at vêret gjorde frammøtet mindre enn det vanlegvis har vore. Godt jobba! Elles har representantar frå styret delteke på nokre møter i regi av blant anna Sande Idrettsråd og Møre og Romsdal Idrettskrins. Trimgruppa har vore delaktig i eit fellesprosjekt for alle idrettslaga i Sande, som går ut på å merke og skilte utvalde trimløyper i kommunen. For vår del har stien frå Skare til Dollsteinen vore inkludert. Både merkepinnar og skilt ut langs fjøra er skifta. Det kjem også nytt informasjonsskilt på Skarshaugen om løypa og Dollsteinhola etter kvart. Dei siste par åra har heimesida vår på Internett, sandsoyil.no, utvikla seg jamt og trutt. Sida har vore oppdatert ofte, med stadig nye saker og anna stoff. All aktivitet i idrettslaget er omtala på nettsida. I desember 2016 gjekk vi over til ei ny og betre side, som er mykje enklare å redigere enn den gamle. Også Facebook-sida vår har titt og ofte vore i bruk. I tillegg til å legge ut korte beskjedar og linkar til saker på heimesida, har vi av og til lagt ut korte videoar frå for eksempel fotballkampane. Bilete har også vorte publisert på Facebook. I samband med bygginga av klubbhuset, har vi fått gjort ein del arbeid også på den gamle delen. Vi kan nemne utvendig beising, renovering av handikap-toalettet og bygging av hyller i utstyrsromet. Det er også planlagt (og delvis kome i gang med) skifte av kjøkeninnreiing og maling av veggar på kjøkenet. Eit stort høgdepunkt for idrettslaget var då klubbhuset med dei nye garderobene og treningsstudioet vart nyopna den 7. oktober. Mange var til stades og feira det flotte tilbodet vi no har i bygda vår. Oppsummering av prosjektet er eigen sak på årsmøtet. Aktivitet i idrettslaget Sjutoppsturen Langfredag i påska 2016 vart nok ein flott dag. Dette var tolvte gongen idrettslaget har arrangert Sjutoppsturen, og heller ikkje denne gongen utan suksess. Heile 369 deltakarar totalt, fordelt på fjellturen og landevegsmarsjen. Dette er det andre beste deltakartalet for arrangementet, berre slått av rekordåret 2014, då det var 440 deltakarar. Det er tydeleg at interessa for Sjutoppturen er stor og ikkje minkande. Vi har alle moglegheiter til å utvikle arrangementet ytterlegare, dersom vi vil. Det viser også igjen i sponsortilskotet, som auka frå cirka 10 til 20 000 kr frå 2015 til 2016. Årsmelding 2016 3 av 7

Gjennomføringa gjekk så å seie etter planen. Tilbakemeldingane frå deltakarar og andre er positive og/eller konstruktive. Til og med personen som brakk ein fot på veg ned til Hellandsvågane var full av lovord, og garanterte at det ikkje var siste deltaking. Pokal for deltaking og fullføring av Sjutoppsturen ti gongar til Anders Bringsvor. Fotballen Også dette året hadde vi tre aldersbestemte lag som alle var i samarbeid med Kvamsøy IL. Dette var gutar/jenter 9 år, jenter 13 år og gutar 13 år. Dei to sistnemnde spelte enkeltkampar i serie, medan dei yngste deltok på turneringar. I tillegg var alle laga med på Gursken Cup i august. Frå vår side er det Bjørn Thore Hansen (GJ9), Endre Vorren (G13) og Svein Helge Bringsvor (J13) som har vore involvert som trenarar og/eller oppmenn. På dei tre fotballaga våre, har det totalt vore med fem jenter og åtte gutar i alderen 8-13 år. Trettenårslaga deltok for første året i avdelingar med teljande resultat og tabellrangering, sidan dei no er ein del av ungdomsfotballen. Forbundet har lagt det opp slik at laga sjølve kan velje kva divisjon dei vil spele i, både for våren og for hausten. Jentelaget vann alle kampane sine i vårsesongen, og kom dermed på førsteplass i den eine av 2.divisjonsavdelingane. I haust gjorde dei også skarpt, noko som resulterte i sju sigrar og ein uavgjort kamp. Nok ein gong førsteplass, her i 3.divisjon. Gutane hadde ein noko meir varierande sesong, med høge toppar og litt svakare enkeltkampar. I vår spelte dei i 2.divisjon avdeling 1. Dei enda midt på tabellen, som nummer fire av sju lag etter like mange sigrar som tap, og ingen uavgjorte på seks kampar. Haustsesongen i 3.divisjon bestod av seks vunne og fire tapte kampar. Laget vart nummer tre av seks på tabellen, med seks poeng opp til vinnaren og à poeng med nummer to. Fotballsesongen 2016 var det totalt sju kampar i Oshaugane tre før og fire etter sommarpausen. Kvamsøy IL arrangerte turnering for G09-laget laurdag 24. september, og stod også for avslutningsfesten for 2016-sesongen fredag 18. november, der alle laga våre var samla. Trimtilbodet I fjor skreiv vi: «Året 2015 toppa dei føregåande gode åra når det gjeld bruken av trimløypene på Sandsøya og Voksa. Med totalt 12 944 signeringar fordelt på dei elleve bøkene, var det ein oppgang på 1 914 frå 2014, då folk skreiv seg 11 030 gongar. I 2013 var talet 7 058, men då med to færre trimpostar.» Årsmelding 2016 4 av 7

I 2016 var det 14 912 registrerte besøk på trimpostane våre. I 2015 vart det innført nye reglar for premiering. For borna er det framleis som før, at ein får premie dersom ein har besøkt alle postane eller har oppnådd ein viss poengsum. Det nye, som er uavhengig av alder, er merkeordninga der ein får heider, ære og diplom dersom ein klarer 300 (bronse), 500 (sølv) eller 1000 poeng (gull). Denne gongen var det 19 personar som fekk bronse, elleve som klarte sølv, og ti som bikka gull-kravet. Totalt var det 40 personar klarte minimum 300 poeng. I fjor var talet 31. Fullstendig statistikk er å finne på sandsoyil.no, og vi viser også til trimgruppa si utdeling av premiar for trimåret 2016. Deltakarar på løpskonkurransar Også i 2016 har idrettslaget stadig vore representert på individuelle konkurransar rundt om. Under føresetnad av at ingenting har gått under radaren, er alt omtala på Internett-sida vår. Dei åtte som har ført Sandsøy IL på påmeldingsinformasjonen sin er Tony Stian Våge, Åsmund Bringsvor, Eirik Voksøy Bringsvor, Sigfred Worren Nystøyl, Juliane Voksøy Bringsvor, Vebjørn Støyle Bringsvor, Anders Bringsvor og Thomas Voksøy Bringsvor. Vi har vore med på følgjande konkurransar: På vårparten: Sjutoppsturen, 1. mai-løpet (Åheim), Molde7Topper, Motbakkeløpet til Hidsegga (Moltustranda), Varden Opp (Langevåg), Blåfelden Opp (Syvde), Birkebeinerløpet (Lillehammer), Nibbeløpet (Geiranger), Molden Opp (Gaupne, NM-status), Ørsta Fjellmaraton (Follestaddalen) og Blåhø Opp (Vågåmo). Haustsesongen: Atlanterhavsløpet (Averøya/Fræna), Saudehornet Rett Opp (Ørsta), Skåla Opp (Loen), Troda Opp (Davik), Melshorn Opp (Hjørungavåg), Skarsteinsætra Opp (Olden), Ålesund Triathlon, Røddalshornet Opp (Leikong) og Veten Opp (Måløy). Dette året har representantane våre oppnådd tre førsteplassar, fire andreplassar og to tredjeplassar. Alle konkurransane er løpskonkurransar (Ålesund Triathlon også med symjing og sykling), dei fleste med betydeleg innslag av terreng og fjell. Fotballkveld I samband med opninga av klubbhuset, arrangerte vi «Fotballkveld» fredag 7. oktober. Her var det med om lag 25 unge og litt eldre fotballglade menneske. Det vart inndelt i tre lag, som kvar spelte fire kampar à ti minutt. Innsatsen var formidabel, og fleire av dei yngste ønskte at tilstellinga burde gjentakast! Årsmelding 2016 5 av 7

Medlemsmasse Medlemstal for 2015 0-5 år 6-12 år 13-19 år 20-25 år 26 år + Totalt Kvinner 2 6 3 0 17 28 Menn 2 6 2 1 21 32 Totalt 4 12 5 1 38 60 Medlemstal for 2016 0-5 år 6-12 år 13-19 år 20-25 år 26 år + Totalt Kvinner 0 3 9 3 33 48 Menn 1 5 9 3 31 49 Totalt 1 8 18 6 64 97 Medlemstalsutvikling 2012-2016 2012 2013 2014 2015 2016 Kvinner 29 30 27 28 48 Menn 32 35 28 32 49 Totalt 61 65 55 60 97 Perioden 2005-2009 var medlemstalet oppe i mellom 80 og 100. Dei siste åra har vi hatt ein nokså stabil medlemsmasse på rundt 60 medlemmer. Den veldige auken i 2016 skuldast treningsstudioet. Skilnaden i pris på abonnent for medlemmer kontra ikkje-medlemmer har gjort at vi har fått mange nye til å skrive seg som medlem i idrettslaget. Økonomisk status Viser til rekneskapen for detaljert oversikt. Klubbhusprosjektet har sjølvsagt sin eigen rekneskap, og denne vert omtala på årsmøtet under eigen sak om prosjektet. Som ein god konsekvens av at klubbhuset no er ferdig, har vi fått ein fin auke i medlemspengar og sjølvsagt ein ny inntektspost med abonnent. Dette utgjer totalt ein auke i inntektene på om lag 55 000 kroner samanlikna med 2015. I tillegg var august-helga tilbake i 2016. Grasrot-midlane har auka med over 20 000, til 39 000 kr. Det er fantastisk. Nedgangen i kioskinntekter skuldast hovudsakleg at vi ikkje arrangerte fotballturnering for det yngste laget dette året. Turstiprosjektet skal gå i null, men alle kostnadane har ikkje kome enno. Difor er det overskot på dette punktet. Posten for lønningar gjeld arbeidet med oppføringa av klubbhus-tilbygget (overført til klubbhusrekneskapen) og jamleg vasking innvendig no i driftsfasen. Auken i straumkostnadar skuldast både bygginga av klubbhuset og bruken av treningsstudioet. Årsmelding 2016 6 av 7

Bakgrunnen for nokre av tala i rekneskapen: - Auke i utgifter Sjutoppsturen: Røde Kors kr 4.000, buss kr 1.000 og premiar ca. kr 6.500 (2015-2016). - Auke i inntekter Sjutoppsturen: Sponsing kr 10.000, kiosk kr 2.000, buss kr 600 og startkontingent kr 7.500 (2015-2016). - Nedgang sponsorinntekter 2016: Mindre tilskot frå kommunen (kulturmidlar) med kr 3.000 og LAM (lokale aktivitetsmidlar) med kr 2.000 (2015-2016). - Forbruksvarer: Det er for det meste tørkepapir, toalettpapir, såpe osv. til treningsstudio og toalett. Ca. kr 6.500. - Rekneskap/programlisensar: Dette er det vi betaler for å få ført rekneskapen. - Forsikring: Før betalte vi forsikringspremien i eitt avdrag, no er det delt på fire. Den nye premien er på kr 7.941 per år (gjeld også tilbygget). Tidlegare kr 7.000 per år. Summa summarum er overskotet for driftsåret 2016 på 123 507 kroner. Sandshamn, 22. februar 2017 Styret i Sandsøy Idrettslag Anne Bjørg Bringsvor, leiar Endre Vorren, nestleiar Eirik Voksøy Bringsvor, sekretær Svein Helge Bringsvor, kasserar Knut Olav Skare, styremedlem Årsmelding 2016 7 av 7