Saksframlegg Oppfølging budsjett 2016 Saksnr Utvalsnamn Møtedato 2016/04 Styret for Helse Møre og Romsdal HF 27. januar 2016 Saksbehandlar: Heidi Anita Nilsen Arkivreferanse: 2016/373 Forslag til vedtak: 1. Styret for Helse Møre og Romsdal tek saka om oppfølging budsjett 2016 til orientering. 2. Styret for Helse Møre og Romsdal ber administrerande direktør kome tilbake til styret med månadleg rapportering på realisering av tiltaka som er sannsynlegheitsvurdert i budsjettet. 3. For å stoppe kostnadsutviklinga i føretaket, er styret for Helse Møre og Romsdal samd i adm. direktør si vurdering av at det vert iverksett ytterlegare tiltak slik det framgår av saksutgreiinga. Ålesund, 21. januar 2016 Espen Remme Adm. direktør 1
Saksutgreiing: Bakgrunn Styret for Helse Møre og Romsdal handsama Sak 2015/66 «BUDSJETT 2016» i møte den 9. desember 2015. Styret gjorde følgjande vedtak: 1. Styret i Helse Møre og Romsdal vil rose dei tilsette for det gode arbeidet som blir lagt ned i høve til pasientbehandlinga. 2. Styret for Helse Møre og Romsdal sluttar seg til eit resultatkrav på 25,6 mill. kroner for 2016. Resultatkravet vil bli korrigert ved eventuelle endringar i basisramme for 2016 frå Helse Midt-Norge RHF. 3. Styret for Helse Møre og Romsdal er bekymra for høg inngangshastigheit i 2016 og ber adm.direktør sette i verk tiltak for å sikre ei riktig utvikling. I styremøtet blei det uttrykt uro for den økonomiske utviklinga og styret ba administrerande direktør gjere ei risikovurdering av dei tiltaka som ligg inne i budsjett for 2016. Etter at budsjettet for 2016 blei lagt fram for styret i desember er det gjort mindre endringar i inntektsrammene frå Helse Midt Norge. Det er også gjort korrigeringar knytt til avskrivingane i helseføretaket. Vi kjem tilbake til ein oppstilling på dette i neste avsnitt. Resultatkrav 2016 I sak 2015/66 slutta styret seg til eit resultat på 25,6 mill. kroner for 2016. Resultatet var basert på inntektsfordelinga i sak 92-15, Inntekts og aktivitetfordeling 2016 Helse Midt-Norge, og eit effektiviseringsmål på 100 mill. kroner i høve til den økonomiske situasjonen slik den var i mai månad i klinikkane og stabsavdelingane i føretaket. Etter at budsjett 2016 blei lagt fram er det gjort korrigeringar i inntektsrammene frå HMN. I samsvar med vedtak i sak 2015/66 er resultatet korrigert for denne endringa. I tillegg foreslår adm. direktør å korrigere resultatkravet i høve til endringar i avskrivingar. Det er i samband med årsoppgjøret gjort nye vurderingar av avskrivingstida ved sjukehusbygga i Ålesund og Volda. Dette har ført til lågare avskrivingar samla sett. Forslag til nytt resultatkrav er endra i høve til budsjett på totale avskrivingar i 2016 målt mot budsjett på totale avskrivingar i 2015. Tabellen under viser ei berekning av nytt resultatkrav for 2016. Resultatkrav 2016 ST 2015/66 25600 Rammekorrigering HMN -11453 Endring avskrivinger 2016 17853 Nytt resultatkrav 2016 32000 Inntektsrammene som ligg i budsjettet for 2016 er avstemt mot økonomiske inntektsrammer som ligg i førebels styringsdokument for 2016.
Økonomisk utvikling 2015, inngangshastigheit 2016 og utfordringsbilete Helse Møre og Romsdal oppnår gode resultat på aktivitet, reduksjon av ventelister og reduserte fristbrot, og det er viktig å understreke at det blir gjort ein kjempegod innsats av dei tilsette kvar dag. Samstundes med denne positive utviklinga har vi for høge kostnader. Auken i kostnadene kan heller ikkje aleine forklarast med auka aktivitet. Det økonomiske resultatet for den underliggande drifta viser ei negativ utvikling i oktober og november i høve til det som var føresett i prognosen for året. Årsresultat og resultatet for desember månad er ikkje ferdig, men foreløpige tal tyder på ei dårlegare utvikling enn kva som var sett i prognosen. Resultatet for november viser eit avvik på 15,5 mill. kroner i forhold til resultatkravet. Dette betyr også at hastigheita inn i 2016 er for høg i høve til dei budsjettrammene som føretaket er tildelt for 2016. Det vil bli gitt ei munnleg orientering i styremøte 27. januar om årsresultat 2015. Utvikling i kostnadsnivå påverkar kor mange tiltak klinikkane og stabsavdelingane må ha for å kome i mål. I budsjettarbeidet er det jobba med eit effektiviseringsmål på netto 100 mill. kroner i forhold til situasjonen slik den var i mai månad. Sidan kostnadsnivået ikkje har utvikla seg slik som føresett i mai betyr dette at effektiviseringa må vere høgare enn 100 mill. kroner. I dei to første vekene i januar var det gjennomført møter med alle klinikkar og stabsavdelingar i føretaket. Tema for møta var signalet frå styret, utfordringsbilete i den enkelte klinikk/ stabsavdeling, budsjett 2016, tiltak og sannsynlegheitsvurdering av tiltaka. Det er meldt inn tiltak for omlag 100 mill. kroner. Det er gjort ei vurdering av sannsynligheita for at ein vil oppnå full økonomisk effekt av tiltaka. Denne vurderinga er gjort for alle enkelttiltak og den enkelte klinikk/stabsavdeling har stått for vurderinga. Det er framleis knytt økonomisk risiko til realisering av enkelte tiltak, men samla sett meiner klinikkane/stabsavdelingane at det er stor sannsynlegheit (83 %, som er eit vekta tal) for at tiltaka blir realisert. Risikoen for manglande tiltaksoppnåing er størst knytt til variable lønskostnader og innleige. For 2016 er det lagt opp til ei detaljert oppfølging og måling av alle tiltaka som er melde inn. Tabellen under viser tiltak for ulike hovudområder. Tiltak budsjett 2016 Kroner Sannsynligheit Auka inntekter 17587 Reduserte varekostnader 23112 Reduserte lønnskostnader 48756 Reduksjon i andre driftskostnader 11122 - Sum tiltak 100 577 83 % Sjølv om det er meldt inn tiltak for om lag 100 mill. kroner er det framleis eit uløyst utfordringsbilete i dei fleste klinikkane. Årsaka er at den økonomiske prognosa har forverra seg utover hausten i klinikkane og at det er etablert nye tilbod/tilsett i vakante stillingar ved enkelte seksjonar. I tillegg har ein kravet om at TSB og psykisk helsevern skal vekse meir enn somatikken(den gyldne regel). Innanfor dei rammene helseføretaket har er det uansett ikkje rom for å vekse utan at ein reduserer eller effektiviserer på andre områder. Det er difor nødvendig å få kontroll over kostnadsveksten i føretaket.
Omstilling og kostnadsreduksjonar Det er utfordrande å få på plass eit budsjett som er realistisk for den enkelte klinikk, samtidig som helseføretaket held seg innanfor dei føresetnadene som er gitt for budsjettarbeidet og styringskrava for 2016. Administrerande direktør meiner likevel at ein i fellesskap er i stand til å handtere situasjonen som vi står i saman. Kontinuerleg forbetring er den overordna strategien for omstilling. Det å forbetre pasientforløp slik at dei meir fag og kvalitet til pasientane, med bruk av mindre ressursar er heilt avgjerande. Helseføretaket er avhengig av at kvar og ein i organisasjonen har motivasjonen og evna til å sjå potensialet på forbetringar i eigen kvardag. Samstundes må vi sjå på kva tiltak som kan gjerast på kort sikt. Slik situasjonen er no vil det vere naudsynt å bremse kostnadsveksten på mange områder. Det har vært diskusjonar i leiargruppa på korleis ein raskt kan bremse kostnadsveksten. Leiargruppa ønskjer å skjerme pasientbehandling. Samstundes er det truleg også potensiale for å få meir pasientverdi ut av dei rammene føretaket har fått tildelt. Punkta under er område som blei løfta fram i diskusjonen i leiargruppa før jul, og noko alle klinikkar og stabsavdelingar nærare på. Forlenge planleggingshorisonten for å optimalisere ressursbruken og få betre oversikt (t.d. time direkte) Prioritere ressursar til aktivitet som gir verdi for pasientane Redusere innleie av vikarar Vurdere tal på vaktordningar og omfang Halde stillingar vakante Reduksjon av overtid Endring av arbeidstidsavtalar som fordyrar vakt og drift Ta vekk aksjonsretta driftsformer som kan handterast i ordinære drift I tillegg innfører adm. direktør avgrensa innkjøpsstopp, avgrensa reiseverksemd og det er ikkje anledning å etablere nye tilbod eller stillingar før ein har eit driftsnivå i balanse i høve til budsjett i klinikken eller avdelinga. Administrerande direktør har også lagt eit ekstra innsparingskrav på sentrale stabsavdelingar og redusert felles kostnadsområder. Ytterlegare reduksjon innan desse områda vil bli ein buffer for å redusere den økonomiske risikoen. I løpet av våren vil helseføretaket jobbe vidare med analyser av verksemda for å få fram informasjon som kan gi grunnlag for ytterlegare effektivisering. Dashbordløysning for å gi betre oversikt og kontroll for leiarar er under utarbeiding, og ein tek sikte på å følgje opp sentrale styringsindikatorar gjennom leiaravtalane. Betre informasjon om kostnad per pasient vil vere på plass i løpet av året. Oppfølging, opplæring og utvikling av leiarar er eit sentralt tema i det vidare arbeidet Konsulentselskapet Deloitte leverte før jul 2015 ein rapport knytt til organisasjonsevaluering av HMR si overordna organisering. Administrerande direktør jobbar no med ulike modellar for å organisere helseføretaket på ein best mogleg måte. Med ny organisering ser ein føre seg å påverke strukturar som også gir gode driftsmessige konsekvensar. Innan 1. april tek administrerande direktør sikte på å ha organiseringa av nivå 1 og 2 på plass. Basert på den nye organiseringa vil det også bli ei ny samansetting av toppleiargruppa, basert på den nye organiseringa. Viser til eige notat om vidare organisasjonsutvikling.
Arbeidet med utviklingsplan for Helse Møre og Romsdal vil i løpet av 2016 bli intensivert. Adm. direktør vil sette meir fokus på ordningar knytt til beredskapsnivå, vaktordningar og ressursstyring. Områder som er uavhengig av avgjerd knytt til nasjonal helse og sjukehusplan kan bli sett på tidlegare enn større prinsipielle områder som er avhengig av handsaminga i Stortinget. Vi vil understreke at HMR kan revidere utviklingsplana etter vedtak i Stortinget, og etter at Helse Midt Norge RHF har starta sitt arbeid med "Strategi 2030" som vil vere den regionale utviklingsplanen/ strategien. Likviditet og investeringar Som omtalt i ST 2015/66 har Helse Møre og Romsdal ein krevjande situasjon knytt til likviditet. Ved årsskiftet fekk sjukehusføretaka redusert ramma for driftskreditten ytterlegare. Ny ramme var sett til 326,6 mill. kroner per 31.12.2015. Trekket på kassakreditten var ved årsskiftet på 311 mill. kroner. Periodisert budsjett viser at situasjonen kan bli kritisk mot slutten av året. Helseføretaket er ansvarleg for å styre total likviditet innan tildelte økonomiske rammer og krav, og gjere ei hensiktsmessig forvaltning av tildelte midlar mellom investeringar og drift. Slik budsjettet ligg for 2016 er det svært knappe rammer knytt til likviditet. Dette betyr at investeringsnivået vil bli lagt til det absolutte minimum. Midlane som er gitte gjennom tiltakspakka frå regjeringa vil bli nytta, medan andre investeringar vil bli nøye vurdert i forhold til tilgjengeleg likviditet og økonomisk utvikling.