SAKSFRAMLEGG - Saksbehandlar: Morten Ugelvik Arkiv: 142, &18 Arkivsaksnr.: 12/551-112 REVISJON AV AREALDELEN TIL KOMMUNEPLANEN 2013-2023 Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst 04.06.2013 030/13 Rådmannen si innstilling: Fagutvalet for oppvekst i Sula kommune har følgjande innspel til arealplanrulleringa: Behandling i Fagutvalet for oppvekst 04.06.2013 Følgjande fellesforslag vart lagt fram: Utvalet meiner det er viktig å sikre at det vert avsett nok areal til skular og barnehagar i Sula kommune den neste 10 - års perioden. Både auka busetnad og folketalsauke gjer det naudsynt å planlegge for framtida. Solevåg skule Skulen ligg arealmessig krevande til for vidare utbygging. Kapasiteten pr juni 2013 er god og ein har tatt høgde for auke i elevtalet dei neste åra. Det avsette arealet rundt skulen/fleirbrukshallen er truleg tilfredstillande idag og nokre år fram i tid. I endeleg forslag til arealdelen må ein sikre at det er utvidingsmuligheit også vidare etter 2023. Måseide skule Skulen har nok uteområde slik elevtalet er idag. Skulen manglar eindel spesialrom som det er muleg å bygge ut om ein ønsker det. Utvalet meiner at skulen har nok areal til rådvelde og kort veg ut i naturen.
Ein må sikre at skulen får erstatta areal som det misser når Måseide barnehage er ferdig utbygd. Sjå og under Måseide barnehage. Sjå under - felles for Måseide og Fiskarstrand skule. Fiskarstrand skule Skulen har for lite uteområde slik situasjonen er idag. Skulen ligg på "feil" side av FV 657, med begrensa muligheiter for utviding. Nord for skulen ligg "Bukkeskinngarden" gnr 79 bnr 1. Her vart våningshuset nedbrent og fjerna for nokon år sidan. Det står no att ei gammal løe. Denne eigedomen burde kommuna sikre seg, slik at ein får til ei utviding av uteområdet for skulen. Felles skule - Måseide-Fiskarstrand Utvalet meiner at ein bør sikre eit framtidig areal for ein felles skule i Fiskarstrand/Måseide krins. Dette arealet vil bli omtrent rett aust for Øtrevatnet - sjå kartvedlegg. Det er framtidsretta å sjå for seg ein ny felles skule for Mauseidvåg-Fiskarstrand nokre år fram i tid. Ein må ha areal tilgjengeleg til dette formålet. Langevåg skule Skulen er nyinnflytta i februar 2013 og det er sikra areal rundt skulen. Ein må i tillegg sikre areal slik at ein får direkte tilgang til Vasset Friluft- og Idrettspark. Dette gjeld den garden som ligg sør for skulen. Arealet her bør sikrast slik at ein får det ein treng til dette formålet. Gamle Sula v,g,skule som ligg unytta rett sør for skulen - tar opp plass for ein optimal utnytting av utearealet. Sula u skule Skulen har fått nabo, nye Langevåg skule. Det er nok areal til rådvelde slik utvalet ser det idag. Felles Sula u / Langevåg skule Arealet er stort nok, når Langevåg skule får tilgang via garden som ligg mot sør. For begge skulane gjeld det at ein nyttar ut det store arealet som ligg mot nord(mellom Langevå skule - tannlegebygget) I tillegg må området rundt gymnastikksalen til ungdomsskulen utnyttast optimalt. Sunde barnehage Arealmessig ligg denne inneklemt. Slik utvalet har forstått det er det vanskeleg med utviding. Då har ein fleire val, å la den ligge slik den er idag, eller bygge ny barnehage ein annan stad. Det ligg altså ikkje til rette for ei utviding pga manglande areal. Utvalet har heller ikkje funne tilleggsareal som grensar inn til dagens barnehage. Oppvekstutvalet ønsker at det skal avsettes tilstrekkelig areal til fremtidig barnehage i nærheten av de framtidige utbyggingsområder på indre sula i forbindelse med eksisterende område ved nausthaugen/pebakken. En forlengelse av dette området langs Valen. Måseide barnehage
Arealmessig ligg denne slik at den deler med Måseide skule. Ei ny avd er under planlegging/bygging og denne tar av utearelalet. Isolert sett vil Måseide få det ein treng av areal(inne-ute) til å drifte den nye 4 avd - barnehagen. Minus er at Måseide skule får redusert til uteareal. Dette må løysast i nært samarbeid mellom barnehage og skule. Molvær barnehage Det er nok areal til rådvelde slik ein ser det idag. Langevåg barnehage Er vedteke flytta til gamle Molvær skule. Felles Langevåg / Molvær barnehage Slik utvalet ser det er det nok areal i åra framover for Molvær og Langevåg barnehager. Private barnehagar Alle private barnehagar vert drive under tilsyn av Sula kommune. Drifta deira idag er tilpassa det arealet som barnehagane er godkjent for. Utvalet kjem ikkje med forslag til utviding av arealet for desse i forslag til arealdelen av kommuneplanen. Saka vart diskutert. Framlegget vart samrøystes vedteke. OP-030/13 Vedtak: Utvalet meiner det er viktig å sikre at det vert avsett nok areal til skular og barnehagar i Sula kommune den neste 10 - års perioden. Både auka busetnad og folketalsauke gjer det naudsynt å planlegge for framtida. Solevåg skule Skulen ligg arealmessig krevande til for vidare utbygging. Kapasiteten pr juni 2013 er god og ein har tatt høgde for auke i elevtalet dei neste åra. Det avsette arealet rundt skulen/fleirbrukshallen er truleg tilfredstillande idag og nokre år fram i tid. I endeleg forslag til arealdelen må ein sikre at det er utvidingsmuligheit også vidare etter 2023. Måseide skule Skulen har nok uteområde slik elevtalet er idag. Skulen manglar eindel spesialrom som det er muleg å bygge ut om ein ønsker det. Utvalet meiner at skulen har nok areal til rådvelde og kort veg ut i naturen. Ein må sikre at skulen får erstatta areal som det misser når Måseide barnehage er ferdig utbygd. Sjå og under Måseide barnehage. Sjå under - felles for Måseide og Fiskarstrand skule.
Fiskarstrand skule Skulen har for lite uteområde slik situasjonen er idag. Skulen ligg på "feil" side av FV 657, med begrensa muligheiter for utviding. Nord for skulen ligg "Bukkeskinngarden" gnr 79 bnr 1. Her vart våningshuset nedbrent og fjerna for nokon år sidan. Det står no att ei gammal løe. Denne eigedomen burde kommuna sikre seg, slik at ein får til ei utviding av uteområdet for skulen. Felles skule - Måseide-Fiskarstrand Utvalet meiner at ein bør sikre eit framtidig areal for ein felles skule i Fiskarstrand/Måseide krins. Dette arealet vil bli omtrent rett aust for Øtrevatnet - sjå kartvedlegg. Det er framtidsretta å sjå for seg ein ny felles skule for Mauseidvåg-Fiskarstrand nokre år fram i tid. Ein må ha areal tilgjengeleg til dette formålet. Langevåg skule Skulen er nyinnflytta i februar 2013 og det er sikra areal rundt skulen. Ein må i tillegg sikre areal slik at ein får direkte tilgang til Vasset Friluft- og Idrettspark. Dette gjeld den garden som ligg sør for skulen. Arealet her bør sikrast slik at ein får det ein treng til dette formålet. Gamle Sula v,g,skule som ligg unytta rett sør for skulen - tar opp plass for ein optimal utnytting av utearealet. Sula u skule Skulen har fått nabo, nye Langevåg skule. Det er nok areal til rådvelde slik utvalet ser det idag. Felles Sula u / Langevåg skule Arealet er stort nok, når Langevåg skule får tilgang via garden som ligg mot sør. For begge skulane gjeld det at ein nyttar ut det store arealet som ligg mot nord(mellom Langevå skule - tannlegebygget) I tillegg må området rundt gymnastikksalen til ungdomsskulen utnyttast optimalt. Sunde barnehage Arealmessig ligg denne inneklemt. Slik utvalet har forstått det er det vanskeleg med utviding. Då har ein fleire val, å la den ligge slik den er idag, eller bygge ny barnehage ein annan stad. Det ligg altså ikkje til rette for ei utviding pga manglande areal. Utvalet har heller ikkje funne tilleggsareal som grensar inn til dagens barnehage. Oppvekstutvalet ønsker at det skal avsettes tilstrekkelig areal til fremtidig barnehage i nærheten av de framtidige utbyggingsområder på indre sula i forbindelse med eksisterende område ved nausthaugen/pebakken. En forlengelse av dette området langs Valen. Måseide barnehage Arealmessig ligg denne slik at den deler med Måseide skule. Ei ny avd er under planlegging/bygging og denne tar av utearelalet. Isolert sett vil Måseide få det ein treng av areal(inne-ute) til å drifte den nye 4 avd - barnehagen. Minus er at Måseide skule får redusert til uteareal.
Dette må løysast i nært samarbeid mellom barnehage og skule. Molvær barnehage Det er nok areal til rådvelde slik ein ser det idag. Langevåg barnehage Er vedteke flytta til gamle Molvær skule. Felles Langevåg / Molvær barnehage Slik utvalet ser det er det nok areal i åra framover for Molvær og Langevåg barnehager. Private barnehagar Alle private barnehagar vert drive under tilsyn av Sula kommune. Drifta deira idag er tilpassa det arealet som barnehagane er godkjent for. Utvalet kjem ikkje med forslag til utviding av arealet for desse i forslag til arealdelen av kommuneplanen. Vedlegg: Dok. dato Tittel Dok.ID 16.04.2013 Revisjon av arealdelen til kommuneplanen 2013-2023 185058 Bakgrunn for saka: I møte den 30.04.2013 i sak 018/13 vedtok fagutvalet for oppvekst følgjande: «Saka vert utsett til 4.6. slik at representantane kan førebu konkrete framlegg til innspel i planarbeidet.» Saksopplysningar Viser til sak 018/13. Leon Aurdal rådmann Leif Muri Driftseiningsleiar