STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I ARBEID MOT ØKONOMISK KRIMINALITET 15 studiepoeng Modul 2 Godkjent i høgskolestyret 25. april 2012
1. Innleiing Økonomisk kriminalitet er eit samleomgrep for ei rekkje lovbrot som primært er retta mot næringslivet og offentleg sektor. Studiet omfattar profittmotiverte, lovstridige handlingar knytt til verksemd som i seg sjølv er eller gir seg ut for å vere lovleg. Eit kjenneteikn ved økonomisk kriminalitet er at det ofte ikkje er nokon personleg fornærma i saka, og at det ikkje er nokon tradisjonell åstad. Innsatsen til styresmaktene er difor ofte avgjerande for å avdekkje denne kriminaliteten. Det er gjerne ressurssterke og profesjonelle aktørar som utfører alvorleg økonomisk kriminalitet, og dei nyttar til dels infløkte metodar som krev god innsikt i ulike bransjar. Kriminaliteten er òg kjenneteikna av grensekryssande strukturar og transaksjonsmønster som ofte vert brukte medvite for å gjere det vanskeleg og ressurskrevjande å avdekkje og etterforske sakene. Noreg har gjennom internasjonale avtalar forplikta seg til å rette seg etter og handheve lover og regelverk knytt til slik aktivitet. Det er ofte kontrolletatane som avdekkjer økonomisk kriminalitet. Ein føresetnad for å få størst mogleg effekt av den samla innsatsen mot økonomisk kriminalitet er eit godt samarbeid mellom kontrolletatane, og mellom kontrolletatane og politiet/påtalemakta. Studiet i etterforsking av økonomisk kriminalitet har to modular: Modul 1: Vidareutdanning i finansiell etterforsking og inndraging (10 studiepoeng). Modul 2: Vidareutdanning i arbeid mot økonomisk kriminalitet (15 studiepoeng). Utdanninga vert fullført med ein påbyggingsmodul som gir fem studiepoeng, og som er felles for fleire etterforskingsstudium. Studieplan for vidareutdanning i arbeid mot økonomisk kriminalitet 2012 Side 1
2. Føremål Utdanninga skal gjere politiet og påtalemakta betre kvalifiserte til å arbeide mot økonomisk kriminalitet gjennom effektiv sakshandsaming og med tilfredsstillande sakshandsamingstid. 3. Målgruppe og opptakskrav 3.1 Målgruppe Målgruppa er tilsette i politiet og påtalemakta som arbeider, eller skal arbeide, for å hindre økonomisk kriminalitet. Det er ein føresetnad at deltakarane vert valde ut i samsvar med dei lokale kompetanseplanane. Tilsette i samarbeidande kontrolletatar kan òg søkje på studiet. 3.2 Opptakskrav Søkjarane må: ha politiskolen/politihøgskolen, revisorutdanning, mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande eller anna relevant utdanning på minst bachelornivå vere tilsette i politiet og påtalemakta eller ein samarbeidande kontrolletat ha bestått vidareutdanning i finansiell etterforsking og inndraging (modul 1) ha minst tre års praksis etter avslutta grunnutdanning ha relevante etterforskingsoppgåver under utdanningsperioden Søkjarar utan økonomibakgrunn må ha gjennomført nettbasert utdanning i grunnleggjande reknskapsforståing hjå NKI, NKS eller tilsvarande. Etter særskilt vurdering kan det gjerast unntak frå opptakskrava om praksis og det formelle kravet om bestått Vidareutdanning i finansiell etterforsking og inndraging (modul 1). 4. Læringsutbyte Ålmenn kompetanse Etter avslutta utdanning skal studentane kunne: Studieplan for vidareutdanning i arbeid mot økonomisk kriminalitet 2012 Side 2
stå fram med auka innsikt og tryggleik i si eiga yrkesrolle identifisere og vurdere aktuelle etiske dilemma innanfor fagfeltet ha innsikt i og forstå bruken av rettskjelder og kva forskings- og røynslebasert kunnskap vil seie vise eit sjølvstendig ansvar for ulike etterforskingsoppgåver innanfor fagfeltet medverke til lokal utvikling og kompetanseheving Kunnskapar Etter avslutta utdanning har studentane utdjupande kunnskap om: Lovforankring og lovregulering av dei utvalde emna innanfor økonomisk kriminalitet. Sanksjonssystemet og rettspraksis for dei utvalde emna innanfor økonomisk kriminalitet. Verdien av notoritet og systematisk dokumenthandsaming. Dei negative konsekvensane økonomisk kriminalitet har for enkeltindividet, næringslivet og samfunnet som heilskap. Metodar for avdekking og etterforsking av av ulike lovbrot i følgjande kategoriar: o underslag Ferdigheiter o bedrageri o korrupsjon o økonomisk utruskap o konkurskriminalitet o rekneskapsbrot o skatte- og avgiftskriminalitet o verdipapirkriminalitet o merkevareforfalsking Moglegheiten til samarbeid med og dei rettslege rammene for samarbeidet med kontrolletatane og andre partar. Etter avslutta utdanning skal studentane kunne: Studieplan for vidareutdanning i arbeid mot økonomisk kriminalitet 2012 Side 3
identifisere ulike former for økonomisk kriminalitet velje dei rette etterforskingsmetodane setje i verk naudsynte etterforskingssteg identifisere potensielle bevis og vurdere bruken av dei bruke reglane på eit konkret faktum 5. Organisering og arbeidskrav Studiet er lagt opp som eit deltidsstudium med samlingar og nettbasert undervising. Utdanninga tar om lag 420 timar og skal i regelen gjennomførast på eitt år. Det omfattar undervising, øvingsoppgåver, individuelt arbeid, gruppearbeid, nettbasert arbeid og litteraturstudium. Samlingane er obligatoriske og utgjer til saman inntil 105 timar. Ei nettbasert læringsplattform vert brukt til administrasjon og pedagogisk gjennomføring av studiet. Arbeidsmåtane i studiet skal gi studentane godt læringsutbyte, og særleg klargjere sambandet mellom teori og praksis. Det vert lagt vekt på varierte arbeidsformer med mykje studentaktivitet. Det er forventa at studentane tar ansvar for eiga læring. Det er ein føresetnad at dei er aktive og tar ansvar for felles læringsutbyte. Arbeidskrav Arbeidskrav som må vere oppfylte og godkjente før studentane kan ta eksamen: Ei individuell oppgåve med utgangspunkt i eit sentralt emne i studiet. Emnet og problemstillinga skal godkjennast av den fagsansvarlege (inntil 3000 ord). Ei individuell oppgåve som tar utgangspunkt i eit emne eller ei sak som den fagansvarlege vel (inntil 2000 ord). Studieplan for vidareutdanning i arbeid mot økonomisk kriminalitet 2012 Side 4
6. Vurdering Studiet vert avslutta med ein individuell heimeeksamen over åtte timar. Karakterane er graderte frå A til F, der F er ikkje bestått. 7. Litteratur 7.1 Obligatorisk pensum (900 sider) Andenæs, J. & Myhrer, T.-G. (2009). Norsk straffeprosess (4. utg.). Oslo: Universitetsforlaget. Kap.: 8 10, 21 39, 41 42, 49 og 75 (234 sider). Andenæs, J. & Andorsen, K. V. (2008). Spesiell strafferett og formuesforbrytelser. Oslo: Universitetsforlaget. Kap.: 27 31, 41, 47 og 53 57 (129 sider). Bergo, K. (2008). Børs- og verdipapirrett [3. utg.]. Oslo: Cappelen Damm. Kap.: 2 og 10 (74 sider). Eskeland, S. & Høgetveit, E. (red.). (1994). Økonomiske forbrytelser og straff: Juridiske grunnlagsproblemer. Oslo: Ad Notem Gyldedal. Kap.: 9 (19 sider). Gjems-Onstad, O. (1999). Valg av selskapsform (4. utg.). Oslo: Gyldendal akademisk. Kap.: 2 og 3 (41 sider). Gundersen, Aa. & Stenvik, A. (red.). (2008). Aktuell imaterialrett. Oslo: Gyldendal akademisk. S. 138 139 (2 sider). Harboe, E., Leikvang, T. & Lystad, R. S. (2005). Ligningsloven: Kommentarutgåve. Oslo: Universitetsforlaget. Kap.: 12 (8 sider). Holmboe, M. & Jahre, H. P. (2011). Dobbeltstraff er ikke enkelt: Gjentatt straffeforfølgning etter Den europeiske menneskerettskonvensjons protokoll 7 artikkel 4: En oppdatering. Lov og rett, 50(4), 191 212. (21 sider). Lassesen, B. S & Stenvik, A. (2011). Kjennetegnsrett (3. utg.) Oslo: Universitetsforlaget. Kap.: 1.1. 1.5. (11 sider). Matningsdal, M. (2010). Norsk spesiell strafferett. Bergen: Fagbokforlaget. Kap.: 31, 32, 43 53 (99 sider). Studieplan for vidareutdanning i arbeid mot økonomisk kriminalitet 2012 Side 5
Stordrange, B. (2007). Forbrytelser mot vårt økonomiske system (2. utg.). Bergen: Fagbokforlaget. (212 sider). Stub, M. (2011). Tilsynsforvaltningens kontrollvirksomhet: Undersøkelse og beslag i feltet mellom forvaltningsprosess og straffeprosess. Oslo: Universitetsforlaget. Kap.: 2.2.3 2.2.4 og 9 (37 sider). Øyen, Ø. (2010). Vernet mot selvinkriminering i straffeprosessen. Bergen: Fagbokforlaget. Kap.: 9.1 (13 sider). 7.2 Skal vere kjent Andenæs, J., Matningsdal, M. & Rieber-Mohn, G. F. (2010). Alminnelig strafferett (5. utg.). Oslo: Universitetsforlaget. Kap.: 47 (21 sider). Andenæs, J. & Myhrer, T.-G. (2009). Norsk straffeprosess (4. utg.). Oslo: Universitetsforlaget. Pensum: Kap.: 40 og 43 (10 sider). Dyrnes, A.-M.(2004). Inndragning: Hva må gjøres?. Oslo: Ciceron. Kap.: 10 14 (119 sider). Høgberg, A. P. & Stridbeck, U. (red.). (2008). Hvitvasking. Oslo: Universitetsforlaget. Kap.: 2 10 (251 sider). Matningsdal, M. (2010). Norsk spesiell strafferett. Bergen: Fagbokforlaget. Kap.: 37 39 (37 sider). NOU 1996:21. (1996). Mer effektiv inndragning av vinning. Oslo: Statens forvaltingsteneste. Kap.: 5, 7, 10, 13 og 14 (48 sider). NOU 2009:15. (2009). Skjult informasjon: Åpen kontroll. Oslo: Departementenes servicesenter. Kap.: 15.9 og 19 (19 sider). St.meld. nr 18. (1999 2000). (1999). Om Norges deltakelse i internasjonalt politisamarbeid. Oslo: Justis- og politidepartement. Kap.: 1 5 (50 sider). Sunde, I. M. (2011). Automatisert rettshåndhevelse på nettet. Nordisk Tidsskrift for Kriminalvitenskap, 98(3), 245 266 (22 sider). Riksadvokaten (2007). Selvvasking: Retningslinjer og praktiseringen av straffeloven 317 annet ledd (Rundskriv, Ra 07/225). Oslo: Riksadvokaten. (11 sider). Studieplan for vidareutdanning i arbeid mot økonomisk kriminalitet 2012 Side 6
7.3 Støttelitteratur Stub, M. (2011). Tilsynsforvaltningens kontrollvirksomhet: Undersøkelse og beslag i feltet mellom forvaltningsprosess og straffeprosess. Oslo: Universitetsforlaget. Kap.: 2.2.3 2.2.4 og 9 (37 sider). Øyen, Ø. (2010). Vernet mot selvinkriminering i straffeprosessen. Bergen: Fagbokforlaget. Studieplan for vidareutdanning i arbeid mot økonomisk kriminalitet 2012 Side 7