Kommuneplan 2016-2028 1.gongs høyring, mai 2016. Høyringsfrist 1.juli 2016. 1
Innhold 1.Innleiing... 3 1.1.Bakgrunn... 3 1.2 Kva er eit planprogram... 4 1.3 Kva er ein kommuneplan... 4 1.4 Føremålet med planarbeidet... 4 1.5 Føringar for planarbeidet... 5 2.Utfordringar for Bykle framover... 5 2.1 Økonomi... 5 2.2 Folketal... 6 2.3 Folkehelse, likestilling og integrering... 6 3.Hovudtema i samfunnsdelen... 7 3.1 Klima... 7 3.2.Det gode liv... 7 3.3 Utdanning... 7 3.4 Kommunikasjon... 7 3.5.Kultur... 7 4.Hovudtema i arealdelen... 8 4.1 Tema og sbehov... 8 4.2 Bestemmingar og retningsliner... 8 4.3... 9 5.Planprosess... 10 5.1 Organisering... 10 5.3 Medverknad... 10 5.4 Framdriftsplan... 11 2
1.Innleiing 1.1.Bakgrunn Planstrategi for 2016-2019 legg opp til full rullering av kommuneplanen. Kommunen har vedtatt samfunnsdel frå 2007, og arealdel frå 2012. Arealdelen er juridisk bindande, og legg føringar for arealplanlegging. I og med at samfunnet er i eit raskt skifte, må kommunen vere aktiv og ha til ei kvar tid oppdatert planverkty som gjer at folk har lyst til å bu og etablere verksemder her. Dei største utfordringane for kommunen i åra som kjem blir nedgangen i inntekter. Samstundes ynskjer vi auke i folketalet og eit godt tenestetilbod. Tilflytting til Bykle krev at vi gjer oss attraktive som kommune. Kommunen har stått for mykje av tenesteytinga, også utover det som er lovpålagt. Sjølv om vi framleis vil ha eit godt tenestetilbod, vil også innsatsen til den enkelte innbyggar bety mykje. Den som er hovudbidragsytar er menneska, ikkje kommunen. Dette kan best oppsummerast slik: Ikkje spør kva kommunen kan gjere for deg, men kva du kan gjere for kommunen! Fritt omsett etter John F. Kennedy 3
1.2 Kva er eit planprogram Etter plan og bygningslova 4 skal det utarbeidast eit planprogram for planar som har vesentleg verknad for miljø og samfunn. Planprogrammet skal sei noko om korleis vi skal arbeide for å kome fram til ny kommuneplan, og kva vi vil legge vekt på i arbeidet med kommuneplanen. Det skal også skildre planprosessen og gi ein omtrentleg tidshorisont på planarbeidet. 1.3 Kva er ein kommuneplan Kommuneplanen er kommunen sitt overordna styringsdokument som skal vise langsiktige mål i kommunen, og kva ein trur må til for å nå desse måla. I samfunnsdelen skal ein gi mål for korleis ein vil at Bykle-samfunnet skal utvikle seg. I arealdelen ynskjer ein å vise ane av måla i samfunnsdelen på kartet, og vege dei ulike interessene opp mot kvarandre. 1.4 Føremålet med planarbeidet Føremålet med å revidere kommuneplan er å få eit oppdatert planverk som skal legge føringar for all kommunal verksemd. Planstrategi for 2016-2019 tek for seg dei ulike kommunale planar og status på desse og trong for rullering eller oppstart. Kommuneplan er ein av dei som vi treng å rullere. Kommuneplan-samfunnsdel, er den eldste, som vart vedtatt i 2007. Vi har fått mange nye utfordringar og føringar sidan den tid, og vil difor starte denne prosessen. Kommuneplanens arealdel vart vedteken i 2012. Her har det vore ulike kommunedelplanar som ein i den følgjande planprosessen vil bruke slik dei er, men opne for naudsynte endringar, blant anna kommunedelplan for Hovden. 4
1.5 Føringar for planarbeidet Nasjonale føringar: Mål og rammer for den nasjonale arealpolitikken blir mellom anna sett gjennom nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging (Vedteke ved kongeleg resolusjon 12.juni 2015). Dokumentet er inndelt i tema som gode og effektive planprosessar, berekraftig areal- og samfunnsutvikling, og attraktive og klimavenlege by- og tettstadsområde. Sentralt i dette dokumentet er berekraftig og klimatilpassa samfunnsutvikling, klimavenleg bumiljø, næringsutvikling og innovasjon. Forenkling av plan og bygningslova står sentralt i forventingane til betre og meir effektive planprosessar. I den komande kommuneplanprosessen må dette innarbeidast i planen. Regionale føringar: Bykle kommune har tenkt at samfunnsdelen i den nye kommuneplanen skal bygge vidare på Regionalplan Agder, med desse 5 hovudsatsingsområda: Klima-høge mål- låge utslepp Det gode liv- Agder for alle Utdanning- verdiskaping bygd på kunnskap Kommunikasjon dei viktige vegval Kultur-opplevingar for livet 2.Utfordringar for Bykle framover 2.1 Økonomi Bykle kommune sin største utfordring blir nedgang i realinntekter på ca 20 %. Bykle er likevel ein kommune med god økonomi, men gullalderen er forbi. 5
Utfordringa blir å få mest muleg ut av den verdiskapinga som Bykle kommune bidreg med i form av fornybar energi. Denne verdiskapinga må for ein stor del kome lokalsamfunnet tilgode. 2.2 Folketal I dei siste åra viser kurvene nedgang i folketal. Det kan sjå ut som nedgangen er størst i Bykle og mindre på Hovden. Dette viser også belegget i skular og barnehagar no i 2016. 2.3 Folkehelse, likestilling og integrering I statistikkar frå Folkehelseinstituttet for 2015 ser det ut som Bykle ikkje har som bur her vil blisærlege utfordringar når det gjeld folkehelse. Det same kan ein seie om statistikkar frå Statistisk sentralbyrå når det gjeld likestilling. I folkevalde organ er det likevel overvekt av menn. Vi vil måtte jobbe målretta for å integrere flyktningar som slår seg ned her. Språk er ein viktig nøkkel for både trivsel og arbeidsmulegheiter. Vi må ikkje slå oss til ro med dette, men ha dette i fokus i all planlegging og kommunal verksemd. 6
3.Hovudtema i samfunnsdelen 3.1 Klima Mål: Bykle kommune skal vere trygg og framtidsretta i det grøne skifte. Verdiskaping bygd på naturen og fornybar energi skal kome Bykle tilgode. 3.2.Det gode liv Mål: Bykle kommune skal vere så attraktiv at folk som bur her vil bli, og at nye vil flytte hit. Det skal vere godt å bu og arbeide her heile livet. Vi skal ha gode vilkår for god folkehelse. 3.3 Utdanning Mål: Bykle kommune gjev vilkår for god læring heile livet. Vi skal ha gode tilbod frå barnehage til vidaregåande skule. 3.4 Kommunikasjon Mål: «Frå anker til ambolt» Infrastruktur er ein viktig premissleverandør. Kommunikasjonen til innbyggjarane skal betrast. 3.5.Kultur Mål: Bykle kommune set pris på mangfaldet Bykle kommune skal vere bevisst sin eigen kultur i møte med framtida. Vi verdset eit mangfaldig kulturliv og friviljuge organisasjonar. 7
4.Hovudtema i arealdelen 4.1 Tema og sbehov Tema: Føremål: Utfordringar: Midtregionen Fritidshus Fortetting, eldre planar og nye område. Stavenes Fritidshus/bustader Nye område, infrastruktur. Heieplanen Omsynsone villrein Vedtatt plan. Trafiksikringsplan Nye tiltak Finansiering. LNF- spreidd Fritidshus utan disp Område som kan byggast på. Næringsareal Næring/lager osv Lage gode planar. Sti- og løyper Revisjon Skjøtsel og vedlikehald. Finansiering. Massetak Reguleringsplanar Lage gode planar. Kommunedelplan Hovden Fritidshus Nye område,fortetting. Varme og kalde senger. Hegni Næring Viktig for Hovden som heilårsdestinasjon. Kulturminneområde Omsynssoner Vern og bruk. Formidling. Landbruk og kulturlandskap. Biologisk mangfald og matproduksjon. Beitedyr og skjøtsel. 4.2 Bestemmingar og retningsliner I kommuneplanen må det lagast retningslinjer for arealdelen, herunder desse tema: Kulturminne Motorisert ferdsel Landbruk-driftshytter Grad av utnytting/arealgrenser/deling av tomter 8
Flaum og ras Byggeskikk Byggegrenser mot vassdrag For område omfatta av Heiplanen blir desse integrert slik dei er vedteke. 4.3 vert eit krav til alle nye område, jfr PBL ar for natur, miljø og samfunn Mål i samfunnsdelen: Bykle kommune skal vere trygg og framtidsretta i det grøne skifte. Bykle kommune skal vere attraktiv. Bykle kommune gjev vilkår for god læring heile livet Frå anker til ambolt Bykle kommune set pris på mangfaldet Kommunal økonomi Universell utforming Folkehelse Overord na utbyggin gsmønst er Nye utbyggi ngsomr åde Utnytti ng og utbyggi ngsrek kefølge Lokalmi ljøomsyn Næringsutvi kling/reiseli v 9
Barn og unges interesser Arealforbruk trafikkintegrering Naturvernområde Friluftsliv Biologisk mangfald Landbruk og kulturlandskap Kulturminne Risiko og sårbarhet ut ut ut ut ut ut ut ut Ikkje relevant u t u t Ikkje relevant utgreiin g 5.Planprosess 5.1 Organisering Planutvalet i Bykle kommune utgjer styringsgruppe. Rådmannen saman med rådgjevar areal/plan og rådgjevar kart/plan er den administrative gruppa. Leiargruppa i kommunen er trekt inn og andre tilsette innan sine fagfelt. 5.3 Medverknad Medverknad i planarbeidet er viktig for at både innbyggarar, hyttebyklarar og utbyggarar får tilhøyre og eigarskap til planen. Medverknad og delaktigheit tidlig i prosess vil styrke engasjementet og involveringa gjennom heile planprosessen. Gjennom ein god medverknadsprosess inkludere vi heile kommunen til å være med på å forvalte kommunen sine ressursar i framtida. I planprosessen skal vi bruke sosialt medium aktivt for å kommunisere status i planarbeidet, samtidig som vi ynskjer å nytte oss av nyare medverknadsmetodar som Gjestebod for å nå fleire og andre byklarar enn dei som tradisjonelt tek del på folkemøta. 10
Opplegg for medverknad: Eiga lenke på heimesida med framdrifta Folkemøte Opplegg for frivillige lag og foreiningar Gjestebod metoden Kampanjar i sosiale medium Tidsperspektiv: Under heile planprosessen Før 1. gangs handsaming og endeleg vedtak Parallelt med planarbeidet Ved utarbeiding av planforslaget Under heile planprosessen 5.4 Framdriftsplan Med utgangspunkt i planprosessen som skissert leggjast følgjande framdrift til grunn: År 2016 2017 Månad Planprog utarbeiding Planprogram høyring Handsame innspel Vedtak planprogram Utarbeide planforslag 1.gongs handsaming Offentleg ettersyn Handsame innspel Vedtak i kommunestyre Mai - jun X Janfeb Marsapr Maijun Augsept Oktdes Janfeb Marsapril Septokt 11
12