Styret har hatt 2 styremøte + 1 møte med Sparebanken DIN angåande sponsing.

Like dokumenter
Årsmelding for Bø Orienteringslag, 2015

Årsmelding for Bø Orienteringslag året 2017

Årsmelding for O-gruppa 2015

VEL MØTT TIL O-SESONGEN 2007!

Referat fra kretstinget, Telemark Orienteringskrets 2017 Aarnes Kafeteria

Også i år har Sandsøy samarbeidd med Kvamsøy på a-lags nivå, 5 spelarar var med og spelte kampar i 6. divisjon

Velkommen til Orienteringsgruppa Konnerud IL 2018

INFORMASJON FOR REKRUTTER

Telemark O-krets 2013 Styremøte nr. 4

Årsmelding IL Gular orienteringsgruppa 2014

Terminliste 2018 for Larvik OK

Årsmelding Internettsida til laget har fått ein fin form, og Norunn Skretting har ansvaret for å fylgja opp denne. Det har

Velkommen til Orienteringsgruppa Konnerud IL 2017

Hatlestrand og Ølve skyttarlag (3806). Årsberetning 2012

Terminliste 2016 A B C D E G H

Årsmelding Skigruppa Osterøy Idrettslag

Stord IL Orientering Årsrapport 2003

Velkommen til. Årsmøte Førde Brukshundklubb

ÅRSMELDING FOR KVAM BOWLINGKLUBB

Velkommen til Orienteringsgruppa Konnerud IL 2019

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

«Ikkje dytt» har ikkje vore aktive i 2014, og leverar ikkje årsmelding i 2014.

Årsmelding Hemsedal idrettslag langrennsgruppa 2015

Rekrutteringsplan FBK Voss

ÅRSMELDING. IL JOTUN Ski PÅ VEG MOT HUNDRE!

Ansvar gjennomføring: FAU og klassekontaktar i 2. trinn. 5 personar. 2 FAU-repr + vara og 2 klassekontaktar.

Årsmøte 2012 Ænes og Mauranger Bygdalag

Rapport ungdomskurs i bridge på Os februar 2016

Stord IL Orientering Årsrapportar 2007

ÅRSMELDING. IL JOTUN Symjegruppa for perioden 1. januar 2016 til 31. desember 2016 PÅ VEG MOT HUNDRE!

Telemark O-krets 2013 Styremøte nr. 4

Tid: Onsdag ls.0z.zal2 kl. 1g,30. l) 2) 3) 4) 5) 6) 7) 8) 9) l0) 11) 12) 13) 14) 15) 16) 17) Y"lg av o-rdsfyrer, sekretærer og protokoilunderskrivere.

Telemark O-krets 2013 Styremøte nr. 3

Toppidrettsprisen 2016/2017

Bruk av driftsmidlar Frifond

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Telemark O-krets 2013 Styremøte nr. 6

Sakspapirer for. Årsmøte. Gudbrandsdal Folkemusikklag Laurdag 6. april 2019 Utgard fleirbrukshall, Lom

Å rsmelding 2014 Nordbygda og Rand skyttarlag

Stein Turtumøygard. Tormod Strand og Morten Karlsen. Stein Turtumøygard og Per Hermann Krøger. Tormod Strand og Gro Hege Ludvigsen.

ÅRSMØTE 24 JANUAR 2017 kl 18:00 - rådhus 1, møterom 1

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Ørsta/Volda Pistolklubb fredag 25. februar kl på skytebana i Ørsta Kulturhus.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

INFORMASJON FOR REKRUTTER

Årsmelding Samlagsstyret har vore: Jostein Bjørke, leiar Nils Gunvald Hamre, Røldal nestl. og leiar i Ungdomsutvalet Vara.

Årsberetning for Lierbygda o lag 2007

Året som er gått - trening og turer

Styremøte Raumar Orientering. Sak nr. Sak Ansvarlig Politiattester Alle i styret må ha, samt trenere i Raumar-regi. Mangler fra Katja.

Telemark O-krets 2013 Styremøte nr. 1

NOL treningsløp Deltakere: 64

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

Rapport Camp Svalbard vinter 2015

Telemark og Vestfold Skiskytterkrets. Årsmelding for sesongen 2011/2012:

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

Telemark O-krets 2014 Styremøte nr. 2

Innkalling til årsmøte for året 2014 i Sogndal Sau og geit og Sogndal beite og sankelag

Telemark O-krets 2012 Styremøte nr. 2

Sats på førarpatruljen! Om å starte og drive førarpatrulje i troppen v/sveinung Eiksund

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2016/2017

Årsmelding 2015 IL Gular, orienteringsgruppa

Oppe til venstre: Thomas Fenne, Norgesmester sprint senior 2016.

ÅRSMØTE for Tresfjord Skytterlag 2012 Søndag 25 november 2012 kl Etac AS Tresfjord møterom

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Medlemsundersøking for Mållaget i Kristiansand november 2018

Telemark O-krets 2013 Styremøte nr. 7

ÅRSMELDING IL JOTUN Symjegruppa. for perioden 1. januar 2016 til 31. desember 2017 PÅ VEG MOT HUNDRE!

Administrasjon: Sidan årsmøtet 21 mai 2012, har styre og tillitsvalde vore (talet i parentes viser rest av valperiode):

SKIGRUPPAS ÅRSBERETNING 2010

Bryne skule. Årsmelding frå Foreldreutvalet ved Bryne skule 2016/2017

Årsmelding 2013 IL Gular Orientering


ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2015/2016

ÅRSMELDING FOR RADØY SAU OG GEIT Styret har vore samansett av : Leiar Kåre Hole * Nestleiar ; Ivar Soltveit. Skrivar ; Erna Tunsberg Erstad *

Styremøte Raumar Orientering

Telemark O-krets 2012 Styremøte nr. 1

Innbyding til KM I BORDTENNIS 2016 FOR MØRE OG ROMSDAL

HAGESELSKAPET SOGN OG FJORDANE

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Årsberetning. Bokn Sykkelklubb 2016

Årsmelding for orienteringsåret 2016

Informasjon til alle deltakere på Idrettsuka i Østmarka august 2016

Årsmelding for 2016 «Vi lager veien videre.»

UNG I RADØY SOMMARAKTIVITETAR 2015

RENNINNBYDING TIL NM 2012 del 1 LANGRENN OG KOMBINERT VOSS SKI- OG TURSENTER OG BAVALLEN januar 2012.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

Sportsleg plan. Vågå IL Skigruppa

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Årsmøte Notodden Bridgeklubb Årsmøte FOR Notodden BridgeKlubb. ØTA-BYGGET fredag Side 1 av 10

HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE

Telemark O-krets 2014 Styremøte nr. 3

Årsmelding 2018 Mo orienteringsklubb

ÅRSMØTE 2008 LØRDAG 1. MARS 2008

INNKALLING TIL STYREMØTE nr 3/18 i 4H Hordaland

UNG I RADØY SOMMARCAMP FOR UNGDOM 2017

ÅRSMELDING Årsmelding 2015 Sogn CK

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Årsmelding feltutvalget 2017.

Referat frå årsmøte i Jotunfjell Fjordane EHK, Vågå Hotell 13.februar 2010.

Transkript:

Årsmelding for Bø orienteringslag 2016 Styret for Bø o-lag har i 2016 sett slik ut: Leiar: Steinar Lande (på val) Sekretær: Tone Nilsen (på val) Kasserar: Jon Kvisli (ikkje på val) Sportsleg leiar: Dag Steinar Ragvin (ikkje på val) Styremedlem: Synne Kleiven (ikkje på val) Styremedlem: Bjørn Steen (på val) Styremedlem: Dag-Øyvind Olsen (på val) Kartansvarleg: Per Chr. Hagen (på val) Valkomitè: Jon Solberg (ikkje på val) Eivind Frode Rinde (ikkje på val) Revisor: Web-ansvarleg: Lars Sanden og Trude Harstad Jon Kvisli Styret har hatt 2 styremøte + 1 møte med Sparebanken DIN angåande sponsing. Betalande medlemmer i Bø o-lag Medlemstalet har gått opp frå i fjor. Me har nå totalt 114 medlemmer. Vi har eit resultat (overskot) i 2016 på 125.655 kroner, mot budsjettert 120.900. Overskotet skuldast i hovudsak inntekter frå SG2015 og spelemiddel for Vatnar-kartet som først blei utbetalt i 2016. Laget har 315.553 kroner «på bok» (balansen). 22.637 av dette er fordringar, som hovudsakeleg skuldast at eigenandeler for startkontingentar blir betalt inn etter nyttår 2017.

Heimeside og Facebook. Bø o-lag har både heimeside og profil på FB. Heimesida www.boolag.org, som Jon Kvisli er ansvarleg for, inneheld informasjon om resultat og strekktider frå alle treningsløp. Både på FB og heimesida blir det lagt ut informasjon om kva som skjer i og rundt Bø o-lag. På FB kan også medlemmene sjølv legge ut kommentarar og bilete dei vil dele med resten av klubben. Dette opplevast som ein fin måte å nå ut til dei fleste av medlemmene på. Rekruttering i Bø o-lag (av Bjørn Steen) I vår hadde vi tre løp av type «Råtassen». 30. mars og 6. april ved Bø skule og 13. april ved Gullbring. Det var godt frammøte alle tre gongene, totalt 114 born var med til saman på disse 3 kveldane. Siste kvelden kolliderte det med langrennsgruppas avslutning. Det bør vi prøve å unngå i år. Vidare hadde vi enkle løyper i heile april og mai månad med hjelpeplakatar for å unngå at nokon tulla seg bort. Resten av året gjekk nybyrjarane vanleg N-løype. Bø o-lag arrangerte også skulesprint i Gullbring for 6. og 7. klasse frå Folkestad skule og 6. klasse frå Bø skule. Her var det til saman ca. 90 elever som fekk prøvd seg med kart og kompass. I slutten av september hadde vi intern o-troll-leir for Bø OL på Folkestad skule. 19 deltakarar møtte fram, alder 7-12 år. Antall leiarar var 3 stk som var der heile tida + nokon som kom litt til og frå. Vi hadde nattorientering på skulekartet på fredag kveld. Vi er ikkje heilt sikre på at alle tok postane i riktig rekkefølge, men ungane hadde det moro og løp løypene opptil fleire gonger. Vidare var det spel, eigenmoro i gymsalen og ikkje minst god mat. Ein stor takk til dei som lagde desse måltidene! Laurdag hadde Dag Steinar eit opplegg med stjerneorientering i skogen utanfor skulen, og etter det var det ulike leiker i skulegarden. Det blei vist stor innsats frå samtlege. Etter formiddagsmat var det avslutning og premieutdeling av tremedaljar. Det som ikkje var så bra var at det blei gjort noe rot i ein av korridorane, sannsynlegvis på laurdag. Dette såg vi dessverre ikkje, og det blei påpekt da vi leverte tilbake nøklane. Elles var dette eit vellukka arrangement. Nybyrjarar på onsdagsløpa I vårsesongen var det 130 startande i N - løypa på treningsløpa. Om hausten var det 70 startande. Tala for 2015 var henholdsvis 177 og 35. 4 rekruttar frå Bø OL deltok på kretsløpet vårt på Vatnar. Fleire frå o - laget deltok på orienteringsforbundets rekruttseminar og Møt ein meister onsdag 19. oktober i Bø.

Større arrangement (av Dag Steinar Ragvin) Kretsløp på Vatnar sundag 8. mai 119 deltok. 12 av desse var frå Bø. Dei øvrige frå andre stader i Telemark og Vestfold. Bjørn Steen og Dag Steinar Ragvin var henholdsvis løypeleggjar og løpsleiar. Veret var fint og folk virka nøgd. Tusen takk til dei som hjelpte til! Sportsleg aktivitet (av Dag Steinar Ragvin) Treningsløp 20 treningsløp blei arrangert på onsdagar. Inkludert i desse var 4 haustsprintløp og klubbmeisterskap på Forbergåsen. Desse klubbløpa hadde totalt ca. 755 startar, 38 i gjennomsnitt pr. løp. Deltakinga har variert frå 5 på siste haustsprint til 70. Tala er gode, slik dei også har vore dei siste åra då tala var: 720 startar, 36 pr. løp (20 løp) i 2013 860 startar, 41 pr. løp (21 løp) i 2014 725 startar, 36 pr. løp (20 løp) i 2015 235 personar deltok ein eller fleire gonger. Ein viktig årsak til gode tal er truleg sesongstart med rekruttløp rundt påsketider ved Bø skule og Gullbring, men også marknadsføring av rekruttløpa og treningsløpa i Bø blad tidleg. Vi var også veldig heldige med veret i 2016. Val av stad/terreng har også mykje å seie. Vi la ekstra ressursar i dei 5 første løpa med eigne rekruttansvarlege. Tusen takk til alle arrangørar! Klubbmeisterskap Klubbmeisterskapet blei arrangert onsdag 21. september på Forbergåsen. Følgjande blei klubbmeistrar: D15- Elise Støren H15- Dag Steinar Ragvin D50- Gunn Botnen H50- Per Christian Hagen D65- Bjørg Mostaul H65- Bjørn Steen Kretsmeistrar og medaljar i KM Individuelt D15-16: Elise Støren Bronse sprint

H21: Dag Steinar Ragvin Gull langdistanse + sølv nattorientering H60: Per Christian Hagen Gull samanlagt alle KM D65: Bjørg Mostaul Kretsmeister langdistanse Stafett 28. august i Skien H17: Gull til Bø o lag (Eivind Frode Rinde, Steinar Lande, Dag Steinar Ragvin) H150: Bronse til Bø o lag (Sigbjørn Ytrehus, Jarle Botnen, Per Christian Hagen) Resultat frå nasjonale meisterskap Hovudløpet sprint Konnerud: 51. Elise Støren D15 Hovudløpet langdistanse Konnerud: 31. Elise Støren D15 NM langdistanse Bodø: 57. Dag Steinar Ragvin H21 NM ultralangdistanse Fredrikstad: 29. Dag Steinar Ragvin H21 Noregscup samanlagt H21: 186. Dag Steinar Ragvin 1 poeng Veteranmeist. langdistanse Modum: 6. Bjørg Mostaul D65 Veteranmeist. mellomdistanse Modum: 3. Bjørg Mostaul D65 15. Margit Ryen Steen D65 24. Synnøve Dalva D70 8. Steinar Lande H40 24. Øyvind Støren H45 19. Per Christian Hagen H60 46. Arne Lande H70 World Master Orienteering Championship 5. 14. august, Estland Sprint: 36. Per Christian Hagen M60 B finale 41. Inger Lise Solberg W70 B finale 32. Arne Lande M70 D finale Olav Solberg (deltatt) M70 D finale Langdistanse: 9. Inger Lise Solberg W70 B finale 7. Per Christian Hagen M60 C finale 29. Olav Solberg M70 D finale 35. Arne Lande M70 D finale Anna Talet på deltakarar frå o laget i utvalgte løp utanfor Bø: KM Skien: 10 Drangedalsløpet 10

Pinseløp Kongsberg 9 Sørlandsgaloppen: 19 Me drog på klubbtur til Danmark og Nord Jysk 2 dagers på Skagen 11. 13. mars. 9 deltok. Elise Støren deltok på o landsleiren på Konnerud for ungdommar i alderen 14 16 år, samt i MOT TV cupen, ungdomscupen for løparar i Telemark og Vestfold. Klubben deltok med seks løparar som utgjorde eit herrelag i den stemningsfulle natt- og dagstafetten Night Hawk frå Linderudkollen i Oslo på seinsommaren. Kartarbeid 2016 Bø o-lag har ikkje gjeve ut nye kart eller føreteke revisjon av konkurransekart i 2016. Det blei laga eit nytt skulegardskart over Folkestad skule på hausten før o-troll-leiren i september. Det er gjort ein del oppdateringar, hovudsakeleg nye stiar, på Breisås-kartet og på Folkestadkartet. Bjørn Steen, Jon Kvisli, Steinar Lande og Per Chr. Hagen synfarte inn nye stiar og noen få andre detaljar, og Jon Kvisli har lagt dei inn i kartfilene. Spelemiddel for Vatnar-kartet, som blei gjeve ut i 2014 (54 000 kr.), blei utbetalt i 2016. Avslutningsfest på Bø ungdomskule Det er blitt ein tradisjon å avslutte o-året på Bø ungdomskule. Medlemmer i alle aldrar møter opp. I år var med ca. 40 stk. Quiz laget av Bjørn Steen er fast post på programmet her får både ny og meir erfaren løpar bryna seg på spørsmål frå diverse kategoriar. For dei minste er det o-løp i Frivoll spektrum dette er gøy! Løypa blir sprunge mange gonger - om å gjere å få ny rekord kvar gong! Alle barna som er møtt opp får ein premie for deltakinga i o-året. Serveringa er pizza, med kaffe og kaker. Festen blir avslutta med loddsal med premiar gitt av lokale bedrifter og medlemmer. Dette er ein hyggeleg kveld takk til dykk som arrangerer! Styret takkar medlemmer og andre som har stilt opp for Bø o-lag i året 2016. Bø 12.feb 2016. For styret, sekretær: Tone Nilsen