ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2016/2017

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2016/2017"

Transkript

1 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2016/2017 Innleiing Årsmøtet for 2015/16 vart avvikla i grendahuset På dette årsmøtet vart det gjort to endringar i styret. Etter mange år i styret i grendalaget ville Ingfrid gå av som styremedlem og kasserar. Frode Tufte vart innvalt som styremedlem og overtok Ingfrid sitt verv. Når det gjaldt varamedlemmer, vart Vegard Rasdal valt inn som nytt medlem. Styret har då vore samansett slik : Leiar : Terje Rasdal Styremedlemmer : Frode Tufte, Arild Skjelbred, Frøydis Eide og Jan Rasdal Varamedlemmer : Vegard Rasdal, Victor Larsen Av styret står Terje på val (leiar), Jan og Frøydis står på val (styremedlemmer) og Victor står på val (varamedlem) Valnemd : Jan Olav Larsen og Geir Rasdal, Jan Olav står på val. Revisor er Agny Laukeland Bygnes. Møteverksemd Også dette året har det vorte halde tre styremøte i grendalaget. Det første møtet hadde me 27.mai og det andre 14.oktober. I tillegg hadde også styret som vanleg eit møte i forkant av årsmøtet 24.mars. Årsmeldinga vil vidare setja fokus på nokre av dei sakene som me i styret synest har vore viktige for grendalaget - og som kan ha interesse for alle medlemmene. Den godkjende årsmeldinga og informasjon og bilete elles - vert lagd ut på Rasdalssida, Styret oppfordrar fleire av medlemmene til å senda bilete, ev. med tekst, til Arild. Dermed kan sida oftare oppdaterast, slik at folk kan sjå korleis det ser ut i Rasdalsområdet.

2 Viktig informasjon vert også kunngjort som oppslag her i Rasdalen. Det kan også nemnast at Arild har oppretta ei Face book-side til Rasdalen for ei tid tilbake, der ein raskt kan dela informasjon.om ein ikkje er på Face book, så er det likevel fullt mogeleg å ha ein profil der utan bilete og innlegg. Då kan ein samtidig vera medlem av grupper og såleis vera i stand til å motta informasjon. Saker det har vore arbeidd med : Dugnaden Etter målingsarbeidet i 2015 stod berre austveggen igjen å måla på grendahuset. Kåre hjelpte nok ein gong til og fekk opp stillas, og i tillegg hadde me vergudane på vår side denne gongen. Veggen vart målt med to strøk, og lister og vindauge vart også behandla. Så no skulle grendahuset stå seg godt utvendig i mange år, og det er bra å sjå at det ser velstelt ut. Men det vart også arbeidd på fleire felt, det var innvendig vask og opprydning, og det vart også rydda og ordna i vedhuset. I tillegg fjerna Vegard noko seinare mykje av gjerdet rundt grendahuset, og det var også arbeid som viste igjen. På sjølve dugnadsdagen var det 10 personar i sving, og me hadde lunsj utandørs det skjer ikkje kvart år. Sommarfesten Sommarfesten vart stort sett avvikla etter same mønster som tidlegare, men veret var nok ikkje av det aller beste og kanskje kom sommarfesten litt seint. Det var ikkje meir enn ca 30 personar denne gongen, men stemninga var like god for det. Etter at uteaktivitetane med diverse konkurransar, natursti og kultursti var avvikla i nokolunde ver, heldt me til i salen nede. Der hadde me ein triveleg kveld i saman med eit rikhaldig koldtbord, quiz med varierte spørsmål, allsong og eit åresal som gav grendalaget pengar i kassa. Inntektene på denne festen er viktige for grendalaget, og i fjor fekk me inn 6000 kr på åresalet. Inngangsbillettar har me no sløyfa på sommarfestane. Tradisjonen med sommarfest er også viktig med tanke på samhald og sosialt engasjement i dalen. Til sommaren vert det sommarfest litt tidlegare, nemleg laurdag 29.juli. Då håpar me på god oppslutning.

3 Påskebasaren Basaren på påskeaftan har vore ei viktig inntektskjelde for Rasdalen grendalag. Me fekk nok ein gong inn kr på basaren eller heilt nøyaktig kr, og det er imponerande. Det var som vanleg fire trekningar, og det vart gitt litt informasjon frå leiaren. Styret er svært takksam for at folk er så flinke til å stilla opp, kjøpa årer og gje gevinstar til åresalet. Også denne gongen var det god oppslutning på basaren, om lag 65 personar med stort og smått. Påskerennet, som Geir arrangerte før basaren, gjekk føre seg i Haugamyra. Premieutdelinga tok me som vanleg under påskebasaren. Økonomien til grendalaget Som det har vorte skrive i dei siste årsmeldingane, har me hatt bra kontroll og styring med økonomien over mange år. Med god hjelp frå medlemmene meiner me å ha kontroll, noko som medfører at det er lettare å driva og å halda oppe aktiviteten i grendalaget. Saldo per var på 38453,36 kr. Etter den tid har det gått ut om lag kr til faste utgifter, men påskeaftan kjem basaren vår med forhåpentlegvis nytt økonomisk påfyll. Når det gjeld medlemskontingent for 2016, har det kome inn 5900 kr på kontoen vår. Diverse Grendahuset har, som me før har påpeika, fått ein god del «oppgraderingar» i løpet av dei siste åra. Dermed vert det også meir attraktivt å bruka som lokale for møte, samkomer og festar av ulikt slag. Me håpar at folk vil bruka huset til ymse arrangement, og det bør også nemnast at styret har lagt seg på eit heller lågt nivå når det gjeld utleigesatsar. Sist sommar fekk me avslutta målingsarbeidet, det var eit heller stort dugnadsprosjekt. Det er viktig at me tek vare på huset, og at det ser velstelt og skikkeleg ut. På dugnaden i 2017, som er bestemt til pinseaftan 3.juni, vil me fortsetja med arbeid for å halda huset i stand, og truleg også få rydda stiar innover i dalføret. Når me i grendalaget utfører diverse vedlikehaldsarbeid, er det alltid godt å ha med seg folk med kompetanse og det har me her hjå oss. Prosjekt Tostigen er no avslutta, og sjølve Tostigen framstår heilt annleis no enn då arbeidet tok til. Laurdag 23.juli arrangerte me ein tur gjennom Tostigen. Nærmare 20 personar starta frå grendahuset, gjekk gjennom Berget, opp Todalen og Tostigen og tilbake igjen nedom Leite og vidare om Nerjorda. Det vart gitt mykje informasjon undervegs, og det tok Jan og Olav (Olemann) seg av på ein grei måte. Sommaren 2016 var ein av dei skikkelege våte, men akkurat den helga fekk me tildelt godt og tenleg

4 ver. Så etterpå var me ein gjeng som laga til bord på skuleplassen og der hadde me oss eit måltid og sosialt samvær. I fjor sommar rydda og merka Terje litt meir frå Todalen til Nerjorda, slik at det no skal vera greitt å finna fram for dei som ikkje har gått der før. Me vil gjerne arrangera ein fellestur også i sommar, og det er allereie kome framlegg til tur. I samband med ein slik tur kan det også verta aktuelt med å gjera ein del ryddingsarbeid. Informasjon om dette vil koma etter kvart. Elles har Terje fått mykje stoff frå Ingfrid om Rasdalen, både frå grendalaget si historie og også frå tidlegare tider, heilt frå huset vart bygt. Alt dette stoffet har eg prøvd å få systematisert litt og samla i permar. Permane vert plasserte her i grendahuset, slik at folk som har interesse for det, kan få sjå igjennom alt det som har samla seg opp gjennom åra. Me håpar også å få opp eit stativ ved vegenden med informasjon og kart. Det kan vera greitt med litt informasjon for dei som vil ta turen inn til Vibotn eller som vil gå lengre inn i fjellet. I oppturboka for Hordaland er turen inn til Vibotn teke med, og me ser at denne turen er populær. I sommarhalvåret møter me ganske ofte ukjende folk som tek turen inn dit. Vurdering av arbeidsåret og vegen vidare I året som har gått så har det vorte utført ein god del dugnadsarbeid. Det har også vorte arrangert påskebasar, dugnad, fellestur og sommarfest. Styret prøver så godt det kan å halda oppe aktiviteten i dalen i tillegg til å halda grendahuset i bra stand, og der har me fått gjort ganske mykje i løpet av dei siste åra. Men me har alltid ting på lista vår som må gjerast, så me vert ikkje arbeidsledige. Det er positivt at badet vert så mykje brukt, det fungerer som eit godt tilbod for mange her i dalen. Me har også fått ein førespurnad frå Vassvøri Sogelag om å samla inn lokale stadnamn. Dette er me positive til i styret, og me håpar å koma i gang med arbeidet med å ta vare på gamle stadnamn her i området. Elles har det i løpet av dei siste åra kome nye eigarar i tre av hyttene her i dalen. Dei ser ut til å ha funne seg godt til rette, og dei synest at Rasdalen er ein fin plass med storslått natur. Det er vel slik me alle synest, det er godt å ha ein ein plass som Rasdalen å koma til anten det er for å slappa av og gå på tur, eller det er å gå i gang med eit eller anna arbeid. Uansett, så er nok det å koma opp her rekreasjon for oss alle! For styret i Rasdalen grendalag Terje Rasdal Leiar

5

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2015/2016

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2015/2016 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2015/2016 Innleiing Årsmøtet for 2014/15 vart avvikla i grendahuset 02.04.15. På dette årsmøtet vart det vedteke at dei fem medlemmene i styret skulle halda fram i eitt

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2017/2018

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2017/2018 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2017/2018 Innleiing Årsmøtet for 2016/17 vart avvikla i grendahuset 13.04.17. På dette årsmøtet vart det ikkje gjort endringar i styret. Styret har då vore samansett slik

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2018/2019

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2018/2019 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2018/2019 Innleiing Årsmøtet for 2017/18 vart avvikla i grendahuset 29.03.18. På dette årsmøtet vart det ikkje gjort endringar i styret. Styret har då vore samansett slik

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2006/2007

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2006/2007 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2006/2007 Innleiing Årsmøtet for 2005/06 vart avvikla i grendahuset 13.04.06. På dette årsmøtet vart det gjort ein del endringar når det gjaldt samansetjinga av styret.

Detaljer

Ansvar gjennomføring: FAU og klassekontaktar i 2. trinn. 5 personar. 2 FAU-repr + vara og 2 klassekontaktar.

Ansvar gjennomføring: FAU og klassekontaktar i 2. trinn. 5 personar. 2 FAU-repr + vara og 2 klassekontaktar. Lysfest Rommetveit skule 2016 Ansvar planlegging: foreldre på 2. trinn Ansvar gjennomføring: FAU og klassekontaktar i 2. trinn Dato: Onsdag 7. desember 17.30-19.00 Inviterte: 1-4. trinn med foreldre/besteforeldre

Detaljer

Årsmøte 2012 Ænes og Mauranger Bygdalag

Årsmøte 2012 Ænes og Mauranger Bygdalag Årsmøte 2012 Ænes og Mauranger Bygdalag Søndag 03. mars kl. 14.00 2013. i Samfunnshuset Årsmøte startar kl. 14.00. Under årsmøte vert det vist film for borna. Kl. 15.00 vert det servert kjøttkaker m/dessertbord.

Detaljer

Velkommen til. årsmøte!

Velkommen til. årsmøte! Velkommen til årsmøte! 21.3.2013 SAKLISTE: 1. KONSTITUERING GODKJENNING AV MØTESKIPNAD A) Årsmøtet skal leiast av ein oppnemnd ordstyrar B) Protokollen skal førast av den oppnemnde sekretæren C) Ynskjer

Detaljer

Referat frå årsmøte i Silda Velforening påskeafta, 22.03. 2008.

Referat frå årsmøte i Silda Velforening påskeafta, 22.03. 2008. Referat frå årsmøte i Silda Velforening påskeafta, 22.03. 2008. Frammøtte: Utanom styret og varamedlemar møtte 15 medlemar. Sakliste: 1. Velkommen v/ leiar Helge Silden. 2. Valg av møteleiar og referent.

Detaljer

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 Årsmøtet konstituerte seg med Steinar Røyrvik som møteleiar og Rigmor Øygarden som skrivar. Glenn Arne Vie og Sigurd Hatlenes vart valde til å

Detaljer

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad. Kvinnheerrad kommunee MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: 31.05.12 Kl.: 10.00 13.00 Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 20/12 27/12 MØTELEIAR Sølvi Ulvenes (H) DESSE MØTTE Frøydis Fjellhaugen (Ap) Are Traavik

Detaljer

ÅRSMELDING FOR OPPLAND JOURNALISTLAG ARBEIDSÅRET 2006

ÅRSMELDING FOR OPPLAND JOURNALISTLAG ARBEIDSÅRET 2006 ÅRSMELDING FOR OPPLAND JOURNALISTLAG ARBEIDSÅRET 2006 Frå gågata i Lillehammer som var ankerpunkt for medlemma i NJ og KL i NRK då streiken var eit faktum. på Biletet ser vi Maria Ekerholt, Erik Jakobsen

Detaljer

Utdeling av premiar til mestvinnande spaniels i fylket 2018 (sjå årsmeldinga for namn). Utdeling av premiar adventskonkurranse.

Utdeling av premiar til mestvinnande spaniels i fylket 2018 (sjå årsmeldinga for namn). Utdeling av premiar adventskonkurranse. Norsk Spaniel Klub avdeling Sogn og Fjordane ynskjer velkommen til årsmøte og medlemsmøte / sosial samling Stad: Thon hotell, Skei Tid: Laurdag 9. februar 2019 kl. 11.00 Det vert med dette kalla inn til

Detaljer

Referat. DEN NORSKE KYRKJA Fitjar sokn. Utval: Fitjar sokneråd Møtestad: Kyrkjestova Dato: Torsdag 21. mars 2019 Tid: Møtenr.: Kl. 18.

Referat. DEN NORSKE KYRKJA Fitjar sokn. Utval: Fitjar sokneråd Møtestad: Kyrkjestova Dato: Torsdag 21. mars 2019 Tid: Møtenr.: Kl. 18. Referat Utval: eråd Møtestad: Kyrkjestova Dato: Torsdag 21. mars 2019 Tid: Møtenr.: Kl. 18.30 2/2019 Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling. Faste

Detaljer

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE 2012 13 SAMARBEIDSUTVALET Samarbeidsutvalet er samansett av 6 medlemar, 2 valde av foreldre, 2 valde av

Detaljer

MØTEINNKALLING. Folkevalde, både medlemer og varamedlemer, plikter å møte jf. kommunelova 40 nr. 1, med mindre det ligg føre gyldig forfall.

MØTEINNKALLING. Folkevalde, både medlemer og varamedlemer, plikter å møte jf. kommunelova 40 nr. 1, med mindre det ligg føre gyldig forfall. Utvalg: Ungdomsrådet Møtestad: Møterom A, Rådhuset Dato: 16.11.2017 Tid: 16:00 MØTEINNKALLING Forfall skal snarast meldast til koordinator på e-post: mll@volda.kommune.no eller mobil nr. 480 09 814 som

Detaljer

Referat frå Årsmøte i Flåm Musikklag Laurdag 16.06.07 på Holo Gardstun

Referat frå Årsmøte i Flåm Musikklag Laurdag 16.06.07 på Holo Gardstun Referat frå Årsmøte i Flåm Musikklag Laurdag 16.06.07 på Holo Gardstun Det var 16 medlemmar og 1 støttemedlem tilstades Sak 1 Konstituering a) Godkjenning av innkalling og saksliste Det var ein merknad

Detaljer

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014 Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014 Møtestruktur: Fylkesstyremøte ein gong kvar månad. Ein bør setja dato for neste møte når ein er samla slik at flest mogleg har høve til å notera seg datoen

Detaljer

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål Namnet til Båtlaget er: Kinsarvik Båtlag Kinsarvik Båtlag sitt føremål er å samla båtinteresserte

Detaljer

Innkalling til årsmøte for året 2014 i Sogndal Sau og geit og Sogndal beite og sankelag

Innkalling til årsmøte for året 2014 i Sogndal Sau og geit og Sogndal beite og sankelag Innkalling til årsmøte for året 2014 i Sogndal Sau og geit og Sogndal beite og sankelag Sakliste 1. Godkjenning av innkalling og sakliste 2. Val av møteleiar 3. Val av skrivar 4. Val av to til å underskriva

Detaljer

(Leikarringen vart skipa 14. november Lov og styringsføresegner sist endra )

(Leikarringen vart skipa 14. november Lov og styringsføresegner sist endra ) LOVER FOR LEIKARRINGEN I BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO (Leikarringen vart skipa 14. november 1919. Lov og styringsføresegner sist endra 01.03.2016.) 1 Skipnad Leikarringen vart skipa som særlag i Bondeungdomslaget

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS) Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2012/1597-12483/2013 Sakshandsamar: Unni Rygg Dato: 04.06.2013 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 30/13 Ungdommens kommunestyre 11.06.2013 72/13 Kommunestyret 20.06.2013

Detaljer

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Tilleggsinnkalling av Formannskapet MODALEN KOMMUNE Tilleggsinnkalling av Formannskapet Møtedato: 31.01.2017 Møtestad: Formannskapsrommet Møtetid: 09:00-12:00 Det vert eit kort møte i valstyret før lunsj - sjå eiga møteinnkalling. Eventuelle

Detaljer

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING SAK 32/12 LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING Saksopplysning (i grove trekk brev dat. 13.8.2012) I vedlagt brev dat. 13.8.2012 (vedlegg 1) frå prosjektgruppa for Prosjekt lokalmedisinske

Detaljer

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet DEN NORSKE KYRKJA KM 5.1/06 Kyrkjemøtet Saksorientering Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet Samandrag Mandatet og retningslinjene for protokollkomiteen vart vedtekne av høvesvis

Detaljer

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19 Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19 Til stades på møtet: 15, alle med røysterett Sak 1 Opning av møtet 1.1 Godkjenning

Detaljer

Avtale om samanslåing mellom

Avtale om samanslåing mellom Avtale om samanslåing mellom Norsk Landbruksrådgiving Dalane Norsk Landbruksrådgiving Rogaland Norsk Landbruksrådgiving Suldal og Sauda Haugaland landbruksrådgjeving 1 Innhald 1. Bakgrunn... 3 2. Styringsgruppe...

Detaljer

Vintervèr i Eksingedalen

Vintervèr i Eksingedalen Vintervèr i Eksingedalen Innlevert av 4. og 7. ved Eksingedalen skule (Eidslandet, Hordaland) Årets Nysgjerrigper 2016 Ansvarlig veileder: Frøydis Gullbrå Antall deltagere (elever): 3 Innlevert dato: 08.03.2016

Detaljer

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING STAD: Høgteknologisenteret, Thormøhlensgate 55 DATO: 20.01 2011 TIL STADES: 18 Sak 1 Sak 2 Godkjenning av innkalling og dagsorden Innkalling var tilgjengeleg ifrå 20.

Detaljer

Bruk av driftsmidlar Frifond

Bruk av driftsmidlar Frifond Bruk av driftsmidlar Frifond 2017-2018 Os Bridgeklubb fekk hausten 2017 tilsegn om 8436.- i driftsmidlar frå frifond. Støtten denne gongen har i sin heilhet blitt brukt til oppstart av Os juniorbridgeklubb.

Detaljer

Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling. Vara for soknepresten Kyrkjeverje

Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling. Vara for soknepresten Kyrkjeverje Referat Utval: eråd Møtestad: Fitjar rådhus, kyrkjekontoret Dato: Torsdag 22. mars 2018 Tid: Møtenr.: Kl. 18.30 2/18 Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling.

Detaljer

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen. Ung i Kor - Rettleiing til medlemsregister og innsending av årsrapport. Oppdatert 28. januar 2019 Steg 1 - Innlogging Medlemsregisteret til Ung i Kor finn du på nobu.ensembler.no. Ein loggar inn på medlemsregisteret

Detaljer

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Styret har vore samansett slik i 2012 : Årsmelding for Volda Dykkerklubb 2012 Styret har vore samansett slik i 2012 : Formann : Roar Gjerde ( ikkje på val, 1 år att) Nestformann : Alf Henning Ervik ( på val 2013) Kasserar/IT ansvarleg : Rolf

Detaljer

Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )

Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte ) Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte 22.03.2017) 1 - MEDLEMMAR Sunnmøre friluftsråd er eit interkommunalt samarbeidsorgan etter 27 i Kommunelova mellom kommunane Giske, Haram, Norddal, Skodje, Stordal, Sula,

Detaljer

Sansehage Kleppheimen

Sansehage Kleppheimen 2012 Sansehage Kleppheimen Anne Reidun Garpestad Ressurskommune universell utforming Klepp og Time 01.06.2012 Sansehagen ved Kleppheimen Sansehagen vart opna vår 2012. Det er eit gammalt utområde ved Kleppheimen

Detaljer

Årsmøtet vart halde den Kl på Smiths møte og selskapslokaler.20 medlemmer møtte.

Årsmøtet vart halde den Kl på Smiths møte og selskapslokaler.20 medlemmer møtte. ÅRSMØTE I RADØY SAU OG GEIT 2018 Årsmøtet vart halde den 31.01.2018 Kl 20.00 på Smiths møte og selskapslokaler.20 medlemmer møtte. Kåre Hole ønskte velkommen til møtet.denne kvelden hadde vi fått med oss

Detaljer

ÅRSRAPPORT BYGDEUTVIKLINGSLAGET NYE BREMANGER 2013

ÅRSRAPPORT BYGDEUTVIKLINGSLAGET NYE BREMANGER 2013 ÅRSRAPPORT BYGDEUTVIKLINGSLAGET NYE BREMANGER 2013 Styret i Nye Bremanger 2012: Anita Solbakken Nygård- leiar/skrivar Tom Hem- nestleiar Steinar Ryland- kasserar Marie Nyborg styremedlem(ny) Aleksander

Detaljer

Årsmøte - Innkalling Fredag 10. februar 2017 klokka 18:00 i Åheimsbuda

Årsmøte - Innkalling Fredag 10. februar 2017 klokka 18:00 i Åheimsbuda 1 Årsmøte - Innkalling Fredag 10. februar 2017 klokka 18:00 i Åheimsbuda Når årsmøtet startar skal det velgast møteleiar, referent og to til å skrive under møteprotokollen. SAKER 1. Årsmelding 2. Rekneskap

Detaljer

ÅRSMØTE I V.I.L. Tid: 27.02.2013 kl 19.30- kl 22.00. Stad: Klubbhuset på Omenås

ÅRSMØTE I V.I.L. Tid: 27.02.2013 kl 19.30- kl 22.00. Stad: Klubbhuset på Omenås ÅRSMØTE I V.I.L Tid: 27.02.2013 kl 19.30- kl 22.00 Stad: Klubbhuset på Omenås Desse møtte: Einar Hoel, Yvonne Dale, Inge Sunde, Ellisiv Valdal Jarvik, Karianne Vestre Døving, Anders Rem, Liv Hanne Svensvik,

Detaljer

Forfall vert å melda til kundetorget på tlf , som syt for innkalling av varamedlemar. Varamedlemar møter kun etter særskild innkalling.

Forfall vert å melda til kundetorget på tlf , som syt for innkalling av varamedlemar. Varamedlemar møter kun etter særskild innkalling. Møteinnkalling Utval: Råd for funksjonshemma Møtestad: Kommunestyresalen, Fitjar rådhus Dato: 06.11.2017 Tid: 14:00 Forfall vert å melda til kundetorget på tlf 53 45 85 00, som syt for innkalling av varamedlemar.

Detaljer

Årsmøte 2015 Ænes og Mauranger Bygdalag

Årsmøte 2015 Ænes og Mauranger Bygdalag Årsmøte 2015 Ænes og Mauranger Bygdalag Søndag 13. mars kl. 14.00 2016. i Samfunnshuset Årsmøte startar kl. 14.00. Under årsmøte vert det vist film for borna. Kl. 15.00 vert det servert kjøttkaker m/dessertbord.

Detaljer

LOV FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO. (Skipa 15. oktober 1899) (Lova sist endra 18. mars 2015)

LOV FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO. (Skipa 15. oktober 1899) (Lova sist endra 18. mars 2015) LOV FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO (Skipa 15. oktober 1899) (Lova sist endra 18. mars 2015) 1 LAGSFØREMÅLET Laget vil samla norsklyndt bondeungdom til samvære på heimleg grunn og gjeva landsungdom i hovudstaden

Detaljer

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) SAK 55/13 REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) Saksopplysning I sak 49/13, under eventuelt var eit punkt spørsmålet om ikkje Regionrådet for Hallingdal burde

Detaljer

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi

Detaljer

Tokke kommune. Møteinnkalling. Til medlemene i Oppvekstutvalet. Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet

Tokke kommune. Møteinnkalling. Til medlemene i Oppvekstutvalet. Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet Tokke kommune Møteinnkalling Til medlemene i Oppvekstutvalet Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet Møtestad: Kommunehuset, kommunestyresalen Dato: 10.01.2012 Tid: 08:00

Detaljer

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer. Forfall: Namn Funksjon Representerer Johnny Westvik

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer. Forfall: Namn Funksjon Representerer Johnny Westvik 1 Fitjar kommune Møteprotokoll Utval: Råd for funksjonshemma Møtestad: Møterom 2. etasje, Fitjar rådhus Dato: 18.09.2017 Tid: 14:00 15:30 Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Giske

Detaljer

VEDTEKTER ETNE ELEKTRISITETSLAG AS

VEDTEKTER ETNE ELEKTRISITETSLAG AS VEDTEKTER FOR ETNE ELEKTRISITETSLAG AS 2/6 1 Føretaksnamn Selskapets namn er Etne Elektrisitetslag AS 2 Forretningsstad Selskapets forretningskontor er i Etne kommune. 3 Føremål Selskapets føremål er å

Detaljer

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

UTVIKLINGSPLAN Bø skule UTVIKLINGSPLAN 2018-2019 Bø skule 1.0 Mål... 3 1.1 Lesing... 3 1.2 Inkluderande og trygt skulemiljø... 3 2.0 Nå-situasjonen ved Bø skule... 3 2.1 Nå-situasjonen knyta til lesing... 3 2.2 Nå-situasjonen

Detaljer

Årsmøte 2016 Ænes og Mauranger Bygdalag. Søndag 5. mars kl I Samfunnshuset

Årsmøte 2016 Ænes og Mauranger Bygdalag. Søndag 5. mars kl I Samfunnshuset Årsmøte 2016 Ænes og Mauranger Bygdalag Søndag 5. mars kl. 14.00 2017. I Samfunnshuset Årsmøte startar kl. 14.00 Under årsmøte vert det vist film for borna. Kl. 15.00 vert det servert kjøttkaker m/ dessertbord

Detaljer

Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte

Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte No ser det endeleg ut til at våren og kanskje sommaren er her, og folk kan løysa sveitten både på byggjedugnader oppå Pustut (sjå baki avisa), og på Bygdelagsdagen/Bygdøystemna

Detaljer

VEDTEKTER FOR FOLKEHØGSKOLEFORBUNDET

VEDTEKTER FOR FOLKEHØGSKOLEFORBUNDET VEDTEKTER FOR FOLKEHØGSKOLEFORBUNDET Vedtatt på landsmøtet på Agder folkehøgskole 19.3.2013 Med endringar vedtatt på landsmøtet på Voss folkehøgskule 2.6.2015 Med endringar vedtatt landsmøtet på Elverum

Detaljer

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU Møteinnkalling Stølsheimen verneområdestyre - AU Utval: Møtestad: E-post, Fjordsenteret Aurland Dato: 09.11.2015 Tidspunkt: 12:00 Eventuelt forfall må meldast snarast på tlf. 99499753 eller e-post fmsfano@fylkesmannen.no.

Detaljer

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG INNHALD: DEL I Lover for Norsk Bonde og Småbrukarlag side 1 DEL II Mønsterlover for lokallag av Norsk Bonde og Småbrukarlag side 6 DEL III Mønsterlover for fylkeslag

Detaljer

ÅRSMØTE I OSTERØY IDROTTSLAG Protokoll frå årsmøte

ÅRSMØTE I OSTERØY IDROTTSLAG Protokoll frå årsmøte Protokoll frå årsmøte Årsmøte vart halde på Banehuset på Hatland 16. mars 2016 kl. 19.00. 1. Godkjenna stemmeretten til dei frammøtte Frammøte: Det møtte 9 medlemmar. Desse møtte: Magne Espelid, Elin Herland,

Detaljer

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009 1 PROTOKOLL Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009 L01/09 Oppnemning av møteleiar, referent, tellekorps og to personar til å skriva under landsmøteprotokollen.

Detaljer

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober Bore Nytt Informasjon frå Bore skule skuleåret 2016 2017 Nr 2 - Oktober Hausten blei finare enn sommaren! Sjølv om ikkje turdagen til Synesvarden var den finaste dagen, så blei det ein gild tur med alle

Detaljer

Møteprotokoll. Ålfotbreen verneområdestyre. Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer

Møteprotokoll. Ålfotbreen verneområdestyre. Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer Møteprotokoll Ålfotbreen verneområdestyre Utval: Møtestad: Flora samfunnshus, Florø Dato: 16.12.2016 Tidspunkt: 13:00 15:00 Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer Hege Lothe Leder

Detaljer

Årsmøte i Stokkenes Golfpark BA, 27.01.2006

Årsmøte i Stokkenes Golfpark BA, 27.01.2006 Nordfjord Golfpark BA, Stokkenes, 6770 NORDFJORDEID mob.: 48 11 22 60 e-post: post@norgolf.com webside: www.norgolf.com Årsmøte i Stokkenes Golfpark BA, 27.01.2006 Årsmøtet vart halde på Nordfjord Hotell,

Detaljer

REPRESENTANTSKAPET PÅ VIKEDAL BYGDAHUS KLOKKA 19.30. www.vikedal- bygdahus.no

REPRESENTANTSKAPET PÅ VIKEDAL BYGDAHUS KLOKKA 19.30. www.vikedal- bygdahus.no INNKALLING TIL ÅRSMØTE I REPRESENTANTSKAPET TORSDAG 17. FEBRUAR 2011 PÅ VIKEDAL BYGDAHUS KLOKKA 19.30 www.vikedal- bygdahus.no SAKLISTE 1. Årsmelding 2010 2. Rekneskap 2010 3. Val av 2 medlemmer til underskriving

Detaljer

Rapport ungdomskurs i bridge på Os 27. 28. februar 2016

Rapport ungdomskurs i bridge på Os 27. 28. februar 2016 Rapport ungdomskurs i bridge på Os 27. 28. februar 2016 Os Bridgeklubb arrangerte helga 27. 28. februar 2016 bridgekurs for ungdom. Planlegginga av kurset starta hausten 2015, og etter at vi fekk innvilga

Detaljer

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Eidskog på studietur til Spydeberg De kan lesa meir om dokumentasjon av vandringar her: http://bibliotekarvandring.wordpress.com/2013/10/07/dokumentasjon-av-vandringa/

Detaljer

Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale. MØTEINNKALLING Utval Komite for helse, omsorg, miljø Møtedato 04.12.2012 Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 10:00 - Orienteringar: Barnevern Samhandlingsavdelinga Forfall skal meldast til telefon

Detaljer

Referat frå årsmøte i Haugaland Golfklubb Søndag 30. januar 2011 kl 18:00

Referat frå årsmøte i Haugaland Golfklubb Søndag 30. januar 2011 kl 18:00 Referat frå årsmøte i Haugaland Golfklubb Søndag 30. januar 2011 kl 18:00 1. Opning av årsmøtet v/erik A. Søndervik Styreformann, Erik A. Søndervik opna årsmøtet, og ynskte dei frammøtte velkommen. Vel

Detaljer

VEDTEKTER for Lusetermorkje beitelag

VEDTEKTER for Lusetermorkje beitelag VEDTEKTER for Lusetermorkje beitelag 1 LUSETERMORKJE BEITELAG Lusetermorkje beitelag, nedanfor kalla laget, er eit organisert fellesskap mellom beiterettshavarane og grunneigarane i Lusetermorkje. Som

Detaljer

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB Kultur og fritid ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB Velkomne inn i Valle ungdomsklubb! 2016 Vedlagt finn du årsmeldinga vår for 2016. Det har vore eit spennande år med mykje aktivitet. Vi

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING Utval: UTVAL FOR PLAN OG BYGGESAK Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Møtedato: 27.01.2014 Kl. 17.15 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 55 08 10 00 Offentleg servicekontor.

Detaljer

Protokoll Årsmøte 2017 Møre og Romsdal folkemusikklag

Protokoll Årsmøte 2017 Møre og Romsdal folkemusikklag Protokoll Årsmøte 2017 Møre og Romsdal folkemusikklag Dato/tid: 26. mars 2017 /kl 10.00-12.00 Stad: Fosnavåg hotell Sakliste: 1. Registrering av deltakarar med stemmerett 2. Godkjenning av innkalling og

Detaljer

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet Sttorrd kommunee MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: 25.05.10 Kl.: 12.00 18.30 Stad: Formannskapssalen Saknr.: 08/10 22/10 MØTELEIAR Amram Hadida (Ap) DESSE MØTTE Odd Martin Myhre (FrP) Ola Malvin Lomheim

Detaljer

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 3 / juni 2017 Nordhordland Husflidslag var godt representert i Peer Gynt-paraden som gjekk gjennom Bergens gater. Spinnetreff Den 4 september hadde me det første

Detaljer

Velkommen til. Årsmøte 2014. Førde Brukshundklubb

Velkommen til. Årsmøte 2014. Førde Brukshundklubb Velkommen til Årsmøte 2014 Førde Brukshundklubb Tysdag 24.februar 2015 kl. 19.00 Rødekorsbygget i Førde Sakliste: Sak 1 Sak 2 Sak 3 Sak 4 Val av møteleiar, ordstyrar og referent Godkjenning av innkalling

Detaljer

LEIAR NESTL MEDL MEDL MEDL

LEIAR NESTL MEDL MEDL MEDL 1 Fitjar kommune Møteprotokoll Utval: Eldrerådet Møtestad: Møterom 2. etasje, Fitjar rådhus Dato: 29.10.2018 Tid: 11:00 Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Eva Pernille Tufteland Arvid

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Erik Vangsnes leia møtet tom sak 021/13. Vegar Berget leia møte frå sak 022/13.

MØTEPROTOKOLL. Erik Vangsnes leia møtet tom sak 021/13. Vegar Berget leia møte frå sak 022/13. FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Arkivsak: 13/281-2 Løpenummer:13/5845 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 24.09.2013 Tid: 12:.00-14.00 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

Detaljer

Årsmøte i Øvre Guddal Storvald

Årsmøte i Øvre Guddal Storvald Årsmøte i Øvre Guddal Storvald Dato: Torsdag 16.03.2017 kl 20:00 Stad: Guddal Skule Saksliste: Sak 1: Godkjenning av innkalling og saksliste Gjere ei justering i rekkefølgja på saker. Vi handsamar klage

Detaljer

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE KAP. 1. FIRMA, KONTORKOMMUNE, FORMÅL 1-1 SpareBank 1 Søre Sunnmøre er skipa den 17. september 1853. Vedtektene vart godkjende første gongen ved høieste Resolution

Detaljer

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Kontrollutvalet i Suldal kommune Kontrollutvalet i Suldal kommune KONTROLLUTVAL ET SI ÅRSMELDING FOR 2010 1. INNLEIING Kapittel 12 i kommunelova omtalar internt tilsyn og kontroll. Kommunestyret sjølv har det øvste tilsynet med den kommunale

Detaljer

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: 19.11.12 Kl.: 10.00 14.00 Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 36/12 42/12. MØTELEIAR Sølvi Ulvenes (H)

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: 19.11.12 Kl.: 10.00 14.00 Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 36/12 42/12. MØTELEIAR Sølvi Ulvenes (H) Kviinnheerrad kommunee MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: 19.11.12 Kl.: 10.00 14.00 Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 36/12 42/12 MØTELEIAR Sølvi Ulvenes (H) DESSE MØTTE Frøydis Fjellhaugen (Ap) Are Traavik

Detaljer

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag. Fra: [Guro.Hoyvik@sfj.no] Til: Rivedal Yndestad (kryndestad@gmail.com) [kryndestad@gmail.com] Kopi: Sendt: 20.06.2016 13:41:13 Emne: SV: Utbetaling Holmedal ungdomslag Vedlegg: Hei, det er slik at vi må

Detaljer

INNKALLING TIL STYREMØTE nr 3/18 i 4H Hordaland

INNKALLING TIL STYREMØTE nr 3/18 i 4H Hordaland INNKALLING TIL STYREMØTE nr 3/18 i 4H Hordaland Dato: 20. mars 2018 Klokka: 16.00 Stad: Lokala til UngVest i Bergen Desse blir kalla inn til styremøte: Jens Håkon Birkeland, Mona Feste, Ingrid Otnes, Janniche

Detaljer

Vedtekter for Revisjon

Vedtekter for Revisjon Vedtekter for 1 2 VEDTEKTER 1. Namn Laget sitt namn er: Eidesjøen Grendalag, stiftet 14.10.2002. 2. Føremål og verkemiddel 2.1 Føremålet til grendalaget er å fremja medlemmene sine felles interesser i

Detaljer

Vedtekter Sagvåg skulekorps.

Vedtekter Sagvåg skulekorps. Vedtekter Sagvåg skulekorps. 1. Organisasjon. Sagvåg skulekorps stifta i 1954 er tilslutta Norges Musikkorps Forbund (NMF) og tilslutta NMF i Hordaland. Styremedlem må vere medlem i NMF. Faste dirigentar

Detaljer

Månadsbrev for Blå, april 2016

Månadsbrev for Blå, april 2016 Månadsbrev for Blå, april 2016 Oppsummering/ evaluering av april Me har i april hatt fokus på friluftsliv. Før me starta på denne månaden var det få av oss som visste kva ei grandekule er, no er det begrepet

Detaljer

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Birger og bestefar på bytur til Stavanger Birger og bestefar på bytur til Stavanger Denne dagen var heilt spesiell, for i dag skulle Birger få lov å bli med bestefar frå Hjelmeland der dei bur, til Stavanger, for å selja plommer på torget. Kvelden

Detaljer

HDBUL. Haugen og Dalen Bygdeutviklingslag. Referat frå Årsmøte 02.03.2014. Saksliste:

HDBUL. Haugen og Dalen Bygdeutviklingslag. Referat frå Årsmøte 02.03.2014. Saksliste: HDBUL Haugen og Dalen Bygdeutviklingslag Referat frå Årsmøte 02.03.2014. Saksliste: 1. Opning av møtet 2. Val av møteleiar 3. Val av referent 4. Val av to til å skrive under protokollen 5. Godkjenning

Detaljer

Fitjar kommune Møteprotokoll

Fitjar kommune Møteprotokoll Fitjar kommune Møteprotokoll Utvalg: Kontrollutvalet Møtestad: Kommunestyresalen, Fitjar rådhus Dato: 24.09.2014 Tidspunkt: 10:00 13:45 Følgjande faste medlemmer møtte: Navn Funksjon Representerer Helga

Detaljer

Stad: Psykiatrisk Dagsenter v/ Byrg Kompetanse, Stranda Når: Laurdag 20. januar 2018, klokka 12: JANUAR 2018 MENTAL HELSE STRANDA

Stad: Psykiatrisk Dagsenter v/ Byrg Kompetanse, Stranda Når: Laurdag 20. januar 2018, klokka 12: JANUAR 2018 MENTAL HELSE STRANDA Stad: Psykiatrisk Dagsenter v/ Byrg Kompetanse, Stranda Når: Laurdag 20. januar 2018, klokka 12:00 20. JANUAR 2018 MENTAL HELSE STRANDA 1 SAKLISTE Sak 1: Opning/konstituering Sak 2: Godkjenning av innkalling

Detaljer

Årsmøte i Øvre Guddal Storvald

Årsmøte i Øvre Guddal Storvald Årsmøte i Øvre Guddal Storvald Dato: Torsdag 06.03.2014 kl 20:00 Stad: Guddal Skule Saksliste: Sak 1: Godkjenning av innkalling og saksliste Godkjent utan merknader Sak 2: Val av 2 personar til å skrive

Detaljer

Hovudstyret. Referat frå styremøte onsdag Til stades: For gruppene: Harald Tveito nordisk. Marianne Lunde Bystøl - hestegruppa

Hovudstyret. Referat frå styremøte onsdag Til stades: For gruppene: Harald Tveito nordisk. Marianne Lunde Bystøl - hestegruppa Hovudstyret Referat frå styremøte onsdag 01.03.2017 Til stades: Tore Tvilde leiar Gro Prestegard Gjeraker sekretær For gruppene: Harald Tveito nordisk Tone Handegård orientering Nils Inge Haaland turn

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Kap 1 Innleiande fastsettingar

Kap 1 Innleiande fastsettingar Kap 1 Innleiande fastsettingar 1-1 Organisasjon og virkeområde Namnet til klubben er Kvam Hundeklubb, og vert forkorta til KHK. Klubben er sjølvstendig rettssubjekt og er å rekna som eiga juridisk eining.

Detaljer

HØYRING - NOU 2006:2 - STATEN OG DEN NORSKE KYRKJA

HØYRING - NOU 2006:2 - STATEN OG DEN NORSKE KYRKJA Klepp kommune Postboks 25 4358 Kleppe SÆRUTSKRIFT Formannskapet AV MØTEBOK... Sak nr 37/06 Saksbehandler : Ivar Undheim Arkivsak : 06/590-5 Arkiv: D13 Møtedato : 04.09.2006 HØYRING - NOU 2006:2 - STATEN

Detaljer

Medlemsundersøking for Mållaget i Kristiansand november 2018

Medlemsundersøking for Mållaget i Kristiansand november 2018 Våren 2018 vedtok styret å utgreia stoda for medlemsmassen. Arbeidet var todelt; fyrst ein oppdatert medlemsstatistikk i mars og så gjennomføre ei spørjeundersøking for medlemmane i haust. Resultatet er

Detaljer

Årsmøte 2011. Ænes og Mauranger Bygdalag

Årsmøte 2011. Ænes og Mauranger Bygdalag Årsmøte 2011. Ænes og Mauranger Bygdalag Søndag 19. februar kl. 14.00 2012. i Samfunnshuset Årsmøte startar kl. 14.00. Under årsmøte vert det vist film for borna. Kl. 15.00 vert det servert kjøttkaker

Detaljer

2 av 7 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

2 av 7 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær SAMNANGER KOMMUNE 1 av 7 MØTEPROTOKOLL Utval: Eldrerådet Møtedato: 21.08.2014 Møtetid: 10:00-12:10 Møtestad: Kommunehuset Av 5 medlemmer møtte 5, inkludert varamedlemmer. Desse medlemene møtte ikkje: I

Detaljer

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014. Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 1. Analysar av blod viser tydeleg utslag for selen og jod med bruk av mineralkapslar til dyr på utmarksbeite. Me registrerer også høgre innhald

Detaljer

Kontrollutvalet i Hå INNKALLAST TIL MØTE 12. februar 2008 kl på Rådhuset, Varhaug

Kontrollutvalet i Hå INNKALLAST TIL MØTE 12. februar 2008 kl på Rådhuset, Varhaug ROGALAND KONTROLLUTVALGSSEKRETARIAT IS Møte nr. 1 Kontrollutvalet i Hå INNKALLAST TIL MØTE 12. februar 2008 kl. 08.30 på Rådhuset, Varhaug SAKLISTE Godkjenning av innkalling og saksliste Godkjenning av

Detaljer

Årsmøte i Øvre Guddal Storvald

Årsmøte i Øvre Guddal Storvald Årsmøte i Øvre Guddal Storvald Dato: Torsdag 08.03.2017 kl 20:00 Stad: Guddal Skule Saksliste: Sak 1: Godkjenning av innkalling og saksliste Godkjent Sak 2: Val av 2 personar til å skrive under møteboka

Detaljer

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE 2016-2019 INNLEIING Organisatorisk plattform er vedteken av Unge Venstres landsmøte 2015 og gjeld for perioden 2016-2019. Det er berre landsmøte som i perioden

Detaljer