Februar 2004 (Revidert August 2004)
Forord Arbeidet med studiekvalitet har i mange år vore høgt prioritert ved Universitetet i Bergen. I institusjonens første langtidsplan av 1983 - Universitetsplan 2000 - heiter det at Universitetet skal systematisk og kontinuerleg evaluere si utdanning i forhold til kvalitet, effektivitet og relevans. Alle sider ved utdanninga skal evaluerast. Det er på denne bakgrunn, og med den kunnskap og erfaring som finst i fagmiljøa, at Universitetet i Bergen no etablerer eit kvalitetssikringssystem etter retningsliner gitt av styresmaktene. Handbok for kvalitetssikring av universitetsstudia skal vere ein rettleiar i det praktiske kvalitetsarbeidet. Dei delområde, prosessar og tiltak som er nærmare omtalte her, utgjer grunnsteinane i eit kvalitetssikringssystem, og handboka skal etter vedtak i styret tene som grunnlag for det systematiske arbeidet ved universitetet med vedlikehald og vidareutvikling av kvaliteten i utdanningane. Vilkåret for høg kvalitet i utdanninga er eit læringsmiljø der oppdaterte kunnskapar i alle fag og vilje til pedagogisk kvalitet blir vektlagt. Samtidig viser all erfaring at i arbeidet med studiekvalitet blir vi ofte stilte overfor alternative vegval. Kunnskapar og haldningar hos studentane endrar seg, og struktur og innhald i studiet må fornyast i takt med den faglege utviklinga, og med endringar i samfunnet. Evaluering, og tolking av evalueringstiltak, blir viktige føresetnader for kvalitetsutvikling. Kvalitetsreforma er den mest omfattande reforma innan høgre utdanning på mange år. Med Kvalitetsreforma blir evaluering og utvikling over tid endå viktigare. Det er mitt ønske at det programmet for kvalitetssikring som denne handboka legg opp til, også kan tene som ei oppfølging og utdjuping av Kvalitetsreforma, med vekt på fagleg kvalitetsutvikling. Greier vi det, vil også sjølve kvalitetssikringssystemet kunne opplevast som eit nyttig verktøy i arbeidet med å forbetre studietilboda ved universitetet. Kirsti Koch Christensen rektor 2
Innhald Innhald...3 1. Kvalitetssikringssystemet...4 2. Rekruttering og mottak av nye studentar...4 3. Planlegging av undervisningstiltak og studietilbod...5 4. Evaluering av undervisningstiltak og studietilbod...5 4.1.Emneevaluering...5 4.2 Programevaluering...6 5. Rapportering frå faglærar, institutt og fakultet...6 5.1 Emnerapportering...7 5.2 Programrapportering...7 5.3 Fakultetsrapportering (Utdanningsmelding)...7 6. Delstudium ved utanlandske universitet...8 7. Ekstern sensur...8 8. Rammevilkår...8 9. Universitetet si utdanningsmelding...9 10. Kvalitetssikring av nye undervisningstiltak og studietilbod...9 10.1 Nye emne...9 10.2 Nye studieprogram...10 Vedlegg 1...11 3
1. Kvalitetssikringssystemet Universitetet sitt kvalitetssikringssystem er etablert for å vedlikehalde studiekvaliteten og vidareutvikle denne kvaliteten på ein måte som kan dokumenterast. Systemet femner vidt og omfattar alle prosessar som har innverknad på studiekvaliteten. Vedlikehald og vidareutvikling av studiekvalitet oppnår ein ved at kvalitetssikringssystemet - systematiserer kunnskapen om verksemda og betrar føresetnadene for studentar og tilsette til å få auka innsikt i verksemda og kvarandre sine oppfatningar og synspunkt, - stimulerer til arbeid med læringsspørsmål, - framskaffar den informasjonen som skal til for å kunne føreslå og gjennomføre tiltak som betrar utdanningskvaliteten og utdanningsresultata, - klargjer det ansvaret studentar og tilsette har for at arbeidet med studiekvalitet skal lykkast, - får tilført naudsynte ressursar til studieprogram og støttesystem. Eit velfungerande kvalitetsutviklingssystem fører til auka medverknad i utdanningsprosessen frå alle grupper i universitetssamfunnet og legg vekt på ansvaret den enkelte har for verksemda ved institusjonen. Kvalitetssikringa skjer etter ein plan som er kjenneteikna av kontinuitet og oversyn. Arbeidet kan skjematisk framstillast som ein repeterande prosess med fire fasar. I planleggingsfasen blir måla med studiet stilte opp og planane for undervisninga utarbeidde. I utføringsfasen skjer tileigning av kunnskapar, dugleikar og haldningar, samstundes som det også blir vurdert om framdrift og retning er i samsvar med måla. Når studiet er gjennomført, blir vurderingar og studieresultat gjennomgåtte, med sikte på å forbetre opplegget og/eller korrigere måla. Planleggje Korrigere Utføre Vurdere 2. Rekruttering og mottak av nye studentar Rekruttering av studentar skjer etter ein handlingsplan for dette arbeidet. Informasjon om studietilboda ved universitetet blir utvikla og gjennomført av Utdanningsavdelinga i samarbeid med grunnmiljøa og fakulteta. All skriftleg informasjon om studietilbod som universitetet nyttar i profilering og marknadsføring, skal vere godkjent av relevante fakultet for ein gitt periode. Informasjonen blir tilpassa dei enkelte målgruppene og justert i samsvar med erfaringar og tilbakemeldingar. 4
Å legge til rette for eit vellykka mottak av nye studentar krev aktiv medverknad frå studentar og tilsette. Sosiale og studieretta tilbod og aktivitetar som universitetet har ansvaret for i det første studiesemesteret, blir vurderte og eventuelt forbetra på grunnlag av evalueringar. Utdanningsavdelinga, i samarbeid med fakulteta, har ansvar for at slike evalueringar blir gjennomførte og at endringar blir vurderte. 3. Planlegging av undervisningstiltak og studietilbod Ansvarlege for emne og studieprogram skal syte for ein årleg gjennomgang av studietilboda med sikte på forbetring og korrigering av opplegg og omtale. Denne revisjonen må vere ferdig innan ein frist som er tilpassa den fristen universitetet har for ferdigstilling av studieinformasjonen for neste studieår. I særskilte tilfelle kan endringar også gjerast undervegs, som framfor eit nytt semester. All informasjon om undervisningstiltak og studietilbod er nettbasert og tilgjengeleg gjennom Studentportalen. Presentasjonane skal følgje ein eigen mal og vere tilrettelagt for dei relevante målgruppene. Det må føreligge ei tenleg og årviss arkivering av denne informasjonen som fungerer slik at den mest oppdaterte versjonen automatisk vil synast i Studentportalen, mens tidlegare versjonar også kan hentast fram ved behov. Timeplanar med informasjon om tid og stad for gjennomføring av undervisningsaktivitetane samt litteraturlister skal vere ope tilgjengeleg på Studentportalen seinast 1. desember/1. juli. Når studentane melder seg til ulike undervisningsaktivitetar, skal desse registreringane kome fram på timeplanen til den einskilde student. Utdanningsavdelinga, i samarbeid med fakulteta, er ansvarleg for å setje opp timeplanar og tildele undervisningsrom. 4. Evaluering av undervisningstiltak og studietilbod Universitetet praktiserer evaluering på to nivå, som ein løpande aktivitet med vekt på opplegg og gjennomføring av undervisninga i det enkelte emne (emneevaluering), og som ei meir omfattande evaluering med vekt på studiet og utdanningstilbodet i eit programperspektiv (programevaluering). 4.1.Emneevaluering Minst 1/3 av dei emna som blir underviste til ei kvar tid, skal underleggast ei løpande evaluering. Det enkelte fakultet avgjer kva for emne som skal evaluerast for eitt studieår om gongen, mens emneansvarleg, i samarbeid med studieadministrasjonen, står for planlegging og gjennomføring av evalueringa. Emneevalueringar skal minst omfatte: Evaluering av dokumentasjon, informasjon og tilgjengeleg litteratur for emnet. 5
Studentevaluering av emnet. Hovudresultata frå evalueringa og eventuelle konsekvensar av desse skal gjerast kjent for studentane i same semester eller neste gong emnet blir undervist. Ei vurdering av om framdrift og opplegg for emnet er i samsvar med dei oppgitte måla, kommentarar til studentevalueringa og eventuelle andre former for evaluering, og forslag til tiltak. Omtale av oppfølgingsarbeid etter tidlegare evaluering. Fakulteta kan fastsetje at andre forhold og spørsmål også blir vurderte under emneevalueringa, til dømes korleis emnet fungerer i ulike samanhengar innanfor ulike studieprogram. Så langt det er praktisk gjennomførleg, bør alle emne bli evaluerte minst ein gong kvart 3. år. 4.2 Programevaluering Meir omfattande evalueringar av studietilbod skal gjennomførast minst kvart 4. år, men nye tilbod bør evaluerast etter kortare tid. Studietilbod i denne samanhengen kan vere studieprogram på bachelor- eller masternivå, avslutta delar av profesjonsutdanningar, eller dei utdanningstilboda som fag- eller disiplinstudium representerer. Det er fakulteta som fastset kva for studietilbod som skal programevaluerast, mens programansvarleg/-styret i samarbeid med studieadministrasjonen står for planlegging og gjennomføring av evalueringa. Programevalueringar av utdanningstilbod skal normalt gjennomførast som ei sjølvevaluering, men i tillegg kan det nyttast ekstern fagfellevurdering. Sjølvevaluering av utdanningsprogram skal minst omfatte: Vurdering av tilgjengeleg dokumentasjon, informasjon og relevant litteratur for studieprogrammet. Ei vurdering av korleis studiet fungerer, med ein analyse av sterke og svake sider, og om undervisningstilboda i si inndeling, breidde og gjennomføring er optimale for studiekvaliteten. Som del av sjølvevalueringa bør ein mellom anna sjå på rekrutteringa av så vel studentar som lærarar, ressursbruken medrekna lærar- og studentinnsatsen, studieresultata, samarbeid mellom fagmiljø om vidareutvikling av studietilbodet, og yrkes- og arbeidssituasjonen for uteksaminerte kandidatar. Sjølvevalueringa skal munne ut i forslag til forbetringar av studiet. Fakulteta kan sjølve lage nærmare retningsliner for programevaluering av sine studietilbod og skal setje opp ein plan for gjennomføringa slik at alle programtilbod blir evaluerte over ein 4- årsperiode. 5. Rapportering frå faglærar, institutt og fakultet Evaluering av emne og program skal dokumenterast gjennom skriftlege rapportar. Rapportane skal sendast til næraste overordna nivå for handsaming. Rapportar om emne som inngår i tverrfakultære studieprogram, skal handsamast av dei organa som styrer programma. 6
5.1 Emnerapportering 1. Faglærar skal skrive ein rapport etter at eit emne er evaluert, jf. 4.1. Det er utarbeidd eit elektronisk verktøy for faglærars emnerapportering. 2. Instituttet lagar ein samla rapport om evaluerte emne, normalt etter kvart semester. Det er utarbeidd eit elektronisk verktøy for instituttrapportering. Instituttrapportane skal fokusere på tiltak og handling som kan føre til forbetring og vidareutvikling av studiekvaliteten og syne korleis arbeidet med utdanningskvalitet har konsekvensar med omsyn til prioriteringar og ressursstyring på instituttet. Instituttrapportane skal sendast til relevant fakultet innan fastsett frist. 5.2 Programrapportering 1. Årsrapportering Det skal utarbeidast ein standardisert rapport om fakultære og tverrfakultære studieprogram etter kvart studieår. Denne inngår i instituttrapporteringa som det er utarbeidd eit elektronisk verktøy for. 2. Rapportering etter meir omfattande evaluering, minst kvart 4. år, jf. 4.2. Fagmiljøa står fritt til å utforme sine sjølvevalueringsrapportar, ev. etter retningsliner frå fakultetet. 5.3 Fakultetsrapportering (Utdanningsmelding) På grunnlag av instituttrapportane, programrapportane og statistikk over studiegjennomføring, skal kvart fakultet etter kvart studieår utarbeide ein rapport om utdanninga ved fakultetet. Fakultet si utdanningsmelding skal gi ein analyse av måloppnåing i kvalitetsarbeidet, både i fagmiljøa og på fakultetsnivået, og studentane sin medverknad. Korleis kan kvalitetsarbeidet samla sett medverke til å klarlegge sterke og svake sider ved undervisninga og i utdanningstilboda ved fakultetet? kort skissere særskilte metodar eller system for kvalitetsutvikling som fakultetet eller grunneiningar ved fakultetet har brukt, og om det er (planlagt) nytta forskjellige metodar for kvalitetsutvikling av studium på ulike nivå. gi ei vurdering av erfaringane med programsensorar, og bruk av karakterskalaen. gi ei vurdering av kvalitetsarbeidet som grunnlag for ressursstyring og prioriteringar (menneskelege ressursar, infrastruktur, rammevilkår). gi ei vurdering av studiekvaliteten ved fakultetet og oversikt over resultat og tiltak i kvalitetsarbeidet. identifisere eventuelle behov som fakultetet ikkje kan løyse åleine. Utdanningsmeldinga skal munne ut i ei samla vurdering av undervisninga og utdanningstilbodet ved fakultetet på grunnlag av fakultetet sin strategi for forsking og utdanning. Utdanningsmeldinga gjeld for studieåret. Den skal sendast frå fakulteta til universitetsdirektøren innan 15. september og skal normalt ikkje overstige 5 sider. 7
6. Delstudium ved utanlandske universitet Alle studentar som ønskjer det, har rett til eit studieopphald i utlandet, som ein integrert del av sine studieprogram. Fagleg ansvarleg for det enkelte studieprogram skal legge til rette for og tilrå delstudium ved utvalde universitet i utlandet. Slike tilrådde delstudium skal ha kvalitetssikra fagleg innhald, og studentane skal få råd og tilbod om førehandsgodkjende emne som gir fritak for del(ar) av studieprogramma deira ved universitetet. I samarbeid med Utdanningsavdelinga skal dei ansvarlege for studieprogramma også syte for at programstudentane før avreise får god skriftleg og munnleg informasjon om tilrådde delstudietilbod i utlandet, tryggleiksforholda på studiestaden, kvaliteten på studenttenestene, bustadtilhøva, sosialt læringsmiljø, økonomiske forhold og anna. Studentar som tek eit delstudium i utlandet, skal registrere seg i følgje utarbeidd mal i førekant av utreise, samt levere ein rapport om erfaringane sine når dei kjem tilbake til universitetet. 7. Ekstern sensur Universitetet nyttar to former for ekstern sensur som ledd i den systematiske kvalitetsutviklinga av studietilboda. I tillegg til at det enkelte fagmiljø kan bruke eksterne sensorar til å vurdere studentane sine individuelle prestasjonar ved eksamen eller prøve, skal fakulteta ta i bruk ordninga med programsensor. Programsensor kan m.a. evaluere vurderingane som blir utførte og vurderingsordningane som blir nytta i studiet. Programsensor skal utarbeide ein årleg rapport der m.a. strukturen i studieprogrammet samt vurderinga og vurderingsordningane, blir omtala. Fakulteta fastset sjølve kor mange programsensorar det ønskjer å gjere seg nytte av og kva for del(ar) av studiet programsensoren sitt oppdrag skal rettast mot. Det er utarbeidd nærmare retningsliner for ekstern sensur. Retningsline for ekstern sensur ved UiB er lagt ut på følgjande nettadresse: http://www.uib.no/info/undervisning/. I følgje punkt 6 i denne skal programsensor levere ein årleg rapport om arbeidet ved å nytte ein standard rapport, sjå vedlegg. 8. Rammevilkår Både fakulteta og universitetet sentralt har ansvar for materielle og ikkje-materielle støttesystem for undervisningsaktivitetane. Viktige støttesystem i denne samanheng er mellom anna tenester ved Universitetsbiblioteket, IT- avdelinga, Utdanningsavdelinga, Formidlingsavdelinga og Eigedomsavdelinga. Desse må underleggjast eit system for kvalitetssikring, som den enkelte avdeling er ansvarleg for. Desse støttesystema er under tilsyn av Læringsmiljøutvalet, som skal utarbeide ein årleg rapport om status på dette feltet. Eit viktig utgangspunkt for arbeidet med å forbetre sørvis og rammevilkår i studiesamanheng, er at institusjonen kjenner studentane sine erfaringar og oppfatningar. Studentbarometeret og andre tilfredsundersøkingar om meir spesifikke studieforhold skal derfor gjennomførast med 8
visse mellomrom i eit samarbeid mellom Utdanningsavdelinga og fakulteta. I oppfølginga av desse undersøkingane vil Utdanningsutvalet og Læringsmiljøutvalet ha sentrale roller. Både fakulteta og universitetet sentralt har ansvar for at den kompetansen som studentdemokratiet gjennom fagutval, studentutval og Studentrådet representerer, blir utnytta i arbeidet med kvalitetsforbetring av rammevilkår. 9. Universitetet si utdanningsmelding For kvalitetssikringa av heile universitetet er fakulteta sine utdanningsmeldingar av stor betydning. På grunnlag av desse rapportane blir den årlege utdanningsmeldinga for heile institusjonen utarbeidd. Denne utdanningsmeldinga skal gi ei samlande og overordna vurdering av studiekvaliteten ved institusjonen og oversikt over opplegg og tiltak i kvalitetsarbeidet. Formålet med utdanningsmeldinga går likevel utover dette ved at Utdanningsutvalet etter sitt mandat skal føreslå framtidige strategiske satsingar på bakgrunn av utdanningsmeldingar frå fakulteta. Etter å ha vore drøfta i Utdanningsutvalet blir universitetet si utdanningsmelding sendt til styret i oktober for endeleg handsaming som også inkluderer prioritering av ressursar til føreslåtte tiltak. 10. Kvalitetssikring av nye undervisningstiltak og studietilbod Kvalitetssikring av nye utdanningstilbod skjer både på emnenivå og programnivå. 10.1 Nye emne Ansvar og dynamikk i prosessen for godkjenning av nye emne er illustrert i følgjande tabell. Arbeidsoppgåve Ansvar Bidragsytarar Godkjenning Vurdere relevans for emnet Fast eller særskilt utval av fagleg tilsette og studentar, ev. også representantar frå næringslivet (heretter kalla Utvalet) Aktuelle fagpersonar og fagmiljø Institutt, Fakultet Utvikle mål og innhald Utvalet/Institutt Aktuelle fagpersonar og fagmiljø Finne fram til Utvalet/Institutt Emneansvarleg, faggruppe, læringsmetodar og programstyret vurderingsformer (Utvalet), Institutt, Fakultet(a) Programstyret, instituttet, (fakultetet) 9
Formidle mål og innhald Ansvarleg institutt Emneansvarleg, instituttet, fakultet(a) Utvalet, Institutt(a) Fakultet(a) 10.2 Nye studieprogram Søknadsfrist for oppretting av nye studieprogram er 1. juni året før ev. studiestart. Ved søknaden må det føreliggje plan for studiet som er utarbeidd i samsvar med skjemaet nedanfor. Det er universitetsstyret som vedtar å opprette eller legge ned bachelorprogram og masterprogram. Studieprogramma er organiserte innanfor eitt institutt, interfakultært på tvers av institutt eller tverrfakultært. Områda som skal kvalitetssikrast, er lite påverka av organiseringa, men ansvaret for arbeidet og godkjenningsprosessen vil variere noko for dei ulike organisatoriske hovudtypane. Arbeidsoppgåver Ansvar Bidragsytarar Godkjenning 1) Vurdere relevans for studieprogrammet Fast eller særskilt utval av fagleg tilsette og studentar, evt. også representantar frå næringslivet (heretter kalla Utvalet) Aktuelle fagpersonar og fagmiljø, studentar, fakulteta Utvikle mål og innhald Utvalet Aktuelle fagpersonar og fagmiljø, studentar, næringslivet Utvikle studieplan, eventuelt med nye emne; vurdering av heilskapen i undervisnings-tilbodet og dei valde vurderingsformene Formidle mål og innhald Institutt, Fakultet(a), Utdannings-utvalet, U-styret Utvalet, Institutt, Fakultet(a) Utvalet Fagmiljø, studentar Utvalet, Institutt, Fakultet(a) Utvalet, evt. nyoppnemnt programstyre Utvalet eller programstyret, studierettleiar eller ein administrativ koordinator, Utdanningsavdelinga Utvalet, Institutt(a) Fakultet(a) 1)Det er universitetsstyret som endeleg vedtar nye studieprogram på bachelor- og masternivå. Når nye undervisningstiltak og studietilbod skal godkjennast endeleg av ansvarleg nivå, må det vere utarbeidd ein detaljert studieplan med omtale av dei ulike emna i høve til fastsett mal. Vidare må ressursane som trengst, avklarast i godkjenningsprosessen. For fakultære og tverrfakultære studieprogram skal det i prosessen også fattast vedtak om kva for organ som skal vere administrativt ansvarleg. 10
Vedlegg ÅRSRAPPORT FRÅ PROGRAMSENSOR Namn: Programsensor ved fakultet: studieprogram/fagområde: Oppnemnt for perioden: Rapporten gjeld perioden: Kommentar til: 1. Pensum Studieopplegg Prøveordning/eksamen 2. Studie- og eksamenskrav og generelt om studentane sine prestasjonar 3. Vurderingsprosessen som blir nytta i studiet og praktiseringa av karakterskalaen A-F og ev. bestått/ikkje bestått 4. I kva grad har du som programsensor deltatt i drøftingar i fagmiljøet om struktur og innhald i studieprogrammet og om dei vurderingsmetodane som blir nytta 5. Ev. særlege forhold ved gjennomføringa av studieprogrammet i perioden 6. Rolla og oppgåvene som programsensor 11
12