Morfologioppgåva om Kongo-swahili Aronoff & Fudeman: What is Morphology? Ch. 1, oppgåve 14. Merknader skrivne av Rolf Theil. 1. Subjektsprefiks m.m. Sjå fyrst på dei 6 orda i (1), dvs. alle orda som tyder speak. Dei gjer det mogeleg å identifisere 6 ulike prefiks som uttrykkjer person og tal ved subjektet, jf. (2). Grunnlaget for denne analysen er å finne ut kva som er ulikt og kva som er likt i tyding og uttrykk. (1) Verbformer som tyder speak ni-nasem-a I speak tu-nasem-a we speak wu-nasem-a you (sg) speak mu-nasem-a you (pl) speak a-nasem-a he speaks wa-nasem-a they speak (2) Subjektsprefiks ni- eg tu- vi wu- du mu- de a- han wa- dei Det som er likt i alle orda i (1) er nasem-a, som tyder speak / snakkar. At a-en på slutten er eit suffiks, får vi vite i pkt. b i Supplementary information; tydinga skal vi ikkje bry oss om. Eg skal kome tilbake til nasem-a i pkt. 3. 2. Objektsprefiks, tempusprefiks og verbstruktur Så tek vi ein titt på ein del av dei som tyder hit ; jf. (3). Vi ser førebels ikkje på passive, kausative og negative former, og heller ikkje den med tydinga remote time. (3) Nokre verbformer med tydinga hit ni-na-pik-a I hit ni-li-pik-a I have hit ni-na-ku-pik-a I hit you (sg) ni-li-mu-pik-a I have hit him ni-na-nu-pik-a I hit you (pl) ni-taka-nu-pik-a I will hit you (pl) ni-na-wa-pik-a I hit them a-na-ni-pik-a he hits me a-na-nu-pik-a he hits you (pl) Det einaste som er konstant i uttrykket, er pik-, som utan tvil tyder hit / slå. Vi kjenner at subjektsprefiksa ni- eg og a- han frå (2). I tillegg finn vi her nokre prefiks som gjev informasjon om person og tal ved objektet; jf. (4). Oss kjem vi tilbake til i pkt. 7. (4) Objektsprefiks ni- meg ku- deg nu- dykk mu- han wa- dei
I tillegg ser vi ein variasjon i tempus, der alle orda med prefikset na- etter subjektprefikset har tydinga presens, alle med prefikset li- har tydinga presens perfektum og ordet med prefikset taka- har tydinga futurum. At taka- uttrykkjer futurum, er òg nemnt under pkt. a Supplementary information. Vi oppsummerer i (5). (5) Tempusprefiks nalitaka- presens presens perfektum futurum Det kan òg vere greitt å nemne at vi ser ein klår morfologisk struktur i desse verbformene jf. (6). (6) Den morfologiske strukturen til verbformene så langt Prefiks Prefiks Prefiks Rot Suffiks ni- na- ni- pik -a wu- li- ku- sem? a- taka- mu- on? tu-? mu- nuwa- wa- Eg har teke med stammene sem og on, som eg kjem inn på i pkt. 3 nedanfor. 3. On og sem? Då går vi vidare til verbforma som tyder see, og samanliknar ho med nasem-a; jf. (7) (7) see og speak ni-na-on-a I see -na-sem-a speak Det er rimeleg å føreslå at na i ninaona og nasema er det prefikset vi identifiserte i (5) som eit uttrykk for presens. Dersom du var i Kongo og gjorde feltarbeid med swahilitalarar, hadde det vore greitt å spørje informantane («the consultants») om det gjekk an å seie slikt som det eg har sett opp i (8). Det eg har gjort, er (a) å byte ut na- presens med li- presens perfektum og taka- futurum og (b) å setje inn objektsprefikset ku- deg ; dette burde vere mogeleg dersom vi har rett i at naona og nasema inneheld prefikset na- presens. (8) Ting å spørje informantane om ni-li-on-a I have seen ni-li-sem-a I have spoken ni-taka-on-a I will see ni-taka-sem-a I will speak ni-na-ku-on-a I see you (sg) 2
4. Passiv Så vågar vi oss vidare til formene som endar på pikiwa; jf. (9). (9) Verbformer som endar på pikiwa wu-taka-pik-iw-a you (sg) will be hit ni-na-pik-iw-a I am hit ni-li-pik-iw-a I have been hit I Supplementary information får vi vite at suffikset iw uttrykkjer passiv, og då skulle alt vere greitt, for resten kjenner vi att jf. (10) (12). (10) Wutakapikiwa du vil bli slegen Prefiks Prefiks Prefiks Rot Suffiks y DIATESE wu- taka- pik -iw -a du futurum slå passiv (11) Ninapikiwa eg blir slegen DIATESE ni- na- pik -iw -a eg presens slå passiv (12) Nilipikiwa eg har blitt slegen ni- li- pik -iw -a eg pres. perf. slå passiv 5. Kausativ og passiv Tre verbformer endar på pikizwa. Under pkt. c i Supplementary information får vi vite at w (akkurat som iw) er ein allomorf av eit morfem med tydinga passiv, og då er det berre iz som er eit nytt element. Tydinga til iz må bli kausativ. Analysen må bli som i (13) (15). (13) Wunapikizwa du får til å bli slegen wu- na- pik -iz -w -a du presens slå kausativ passiv (14) Wunanipikizwa du får meg til å bli slegen wu- na- ni- pik -iz -w -a du presens meg slå kausativ passiv 3
(15) Wutakanipikizwa du vil få meg til å bli slegen wu- taka- ni- pik -iz -w -a du futurum meg slå kausativ passiv 6. Fjern tid Éi verbform har tydinga remote time, på norsk fjern tid, nemleg nilipikaka. Fjern tid tyder vel helst fjern fortid. Her har vi ikkje nok data til å segmentere på ein eintydig måte. Vi kan vel primært seie at valet står mellom analysane i (16) og (17). (16) Nilipikaka. 1. alternativ ni- li- pik -ak -a eg pres. perf. slå fjern tid (17) Nilipikaka. 2. alternativ ni- li- pik -a -ka eg pres. perf. slå fjern tid Det 1. alternativet inneber at eit suffiks ak fjern tid er sett inn framfor det finale suffikset a; det 2. alternativet inneber at eit suffiks ka er sett til heilt på slutten av ordet, bakom det finale suffikset a. Korleis skal vi avgjere kva som er den beste analysen? Då treng vi meir data. Helst burde vi hatt data der det finale suffikset var noko anna enn a. Lat oss tenkje oss at det også finst eit finalt suffiks i. Då kunne vi sjå kvar suffikset med tydinga fjern tid stod i høve til denne i-en. Heiter det «pik-i-ka» eller «pik-ak-i»? 7. Negativ På botnen av lista står det fire negative (dvs. nekta) verbformer. Vi kan byrje med dei to siste jf. (18) og (19). Eg har streka under det som er nytt. (18) Hatutanupika vi slår dykk ikkje ha- tu- ta- nu- pik -a negativ vi presens dykk slå (19) Hawatatupika dei slår oss ikkje ha- wa- ta- tu- pik -a negativ dei negativ presens oss slå Begge desse verbformene har prefikset ha- framfor dei kjende subjektprefiksa. Eg har føreslege at det har tydinga negativ. 4
Dessutan finn vi prefikset ta- på «tempusplassen». Under pkt. a i Supplementary information er ta- omtala som "the negative ta-", men eg har føreslege negativ presens som tyding, sidan det ikkje finst noko anna uttrykk for presens. Dei dataa vi har utelukkar heller ikkje den hypotesen at vi no har funne to prefiks med tydinga presens, nemleg na- og ta-, som då kan reknast som allomorfar av eit morfem med tydinga presens. Allomorfen na- finst i positive verbformer og allomorfen ta- i negative verbformer. Når (eller dersom!) ta- berre finst i negative verbformer, kan ein likevel hevde at det det signaliserer negativ, utan primært å vere eit negativ-prefiks. Merk at vi no endeleg har funne ut kva oss heiter, slik at vi kan komplettere lista vår over objektsprefiks. Lista i (4) kan erstattast av lista i (20). (20) Objektsprefiks ni- meg tu- oss ku- deg nu- dykk mu- han wa- dei Men så var det dei to resterande negative formene, sitanupika eg slår dykk ikkje og hatanupika han slår dykk ikkje. Desse formene er ikkje akkurat slik vi skulle ynskt dei, for å seie det slik! Etter mønster av (18) og (19) kunne vi ha venta (21) og (22), med negativprefikset ha- føre subjektsprefikset. Eg har sett ei stjerne (*) framfor desse formene for å understreke at dei ikkje er korrekte. (21) *Hanitanupika eg slår dykk ikkje *ha- ni- ta- nu- pik -a negativ eg presens dykk slå (22) *Haatanupika han slår dykk ikkje *ha- a- ta- nu- pik -a negativ han presens dykk slå Når vi samanliknar *ha-a-ta-nu-pik-a med det som det verkeleg heiter, ha-ta-nu-pika, verkar det rimeleg å hevde at ha-ta-nu-pik-a kan analyserast som i (23) dvs. med eit subjektsprefiks som er realisert som Ø (= null). (23) Hatanupika han slår dykk ikkje ha- Ø- ta- nu- pik -a negativ han presens dykk slå Vi hugsar Principle 4 frå s. 16 i læreboka: Principle 4 A morpheme may have zero as one of its allomorphs provided it has a non-zero allomorph. 5
Då kan vi seie at morfemet med tydinga han (som subjektprefiks) har dei to allomorfane a- og Ø. Vi finn allomorfen Ø etter negativmorfemet ha- og allomorfen a- i andre samanhengar. Så var det sitanupika eg slår dykk ikkje. Her er det mogeleg å tenkje seg analysen i (24). (24) Sitanupika eg slår dykk ikkje. 1. alternativ si- Ø- ta- nu- pik -a negativ eg presens dykk slå I (24) har vi rekna med at morfemet med tydinga negativ har to allomorfar, ha- og si-. Allomorfen si- finn vi når subjektet er eg, og allomorfen ha- finn vi elles dvs. i andre samanhengar. På same vis må vi rekne med at morfemet med tydinga eg har to allomorfar, ni- og Ø, der allomorfen Ø finst etter negativmorfemet og allomorfen ni- finst elles. Men analysen i (24) har sine problematiske sider. Ein kunne nemleg like gjerne tenkje seg analysen i (25)! (25) Sitanupika eg slår dykk ikkje. 2. alternativ Ø- si- ta- nu- pik -a negativ eg presens dykk slå I (25) har eg tenkt meg at negativmorfemet har to allomorfar, ha- og Ø; allomorfen Ø finst føre morfemet med tydinga eg, mens allomorfen ha- finst elles. Då må vi rekne med at morfemet med tydinga eg også har to allomorfar, ni- og si-; allomorfen sifinst etter negativmorfemet og allomorfen ni- finst elles. Det finst iallfall minst eitt alternativ til, der vi reknar med at både negativ og eg er uttrykte gjennom den eine kumulative allomorfen si-, som illustrert i (26). (26) Sitanupika eg slår dykk ikkje. 3. alternativ si- ta- nu- pik -a negativ + eg presens dykk slå Ikkje alle problem har ei enkel løysing, og elementet si i swahili er eit døme på ei lita nøtt. Dei fleste språk har morfologiske problem av dette slaget. 8. Litt om rot og stamme Eg har gjennom heile analysen kalla pik, sem og on for røter jamfør til dømes (15), som eg tek opp att her: (15) Wutakanipikizwa du vil få meg til å bli slegen wu- taka- ni- pik -iz -w -a du futurum meg slå kausativ passiv 6
Vi har ikkje data nok til å ta alle slags avgjerder i denne oppgåva, men ein kunne tenkje seg at rota og nokre affiks til saman utgjer ei stamme, slik eg har framstelt det i (27). Dei to suffiksa som eg har rekna til stamma, må då vere avleiingsaffiks, mens alle andre affiks er bøyingsaffiks. (27) Wutakanipikizwa du vil få meg til å bli slegen STAMME wu- taka- ni- pik -iz -w -a du futurum meg slå kausativ passiv Dersom det ikkje finst nokon avleiingsaffiks, utgjer rota stamma aleine, som i (28). (28) Ninakupika eg slår deg STAMME Prefiks Prefiks Prefiks Rot Suffiks ni- na- ku- pik -a eg presens deg slå 9. Avslutning Lat meg avslutte med ei oppsummering av alle dei morfema og allomorfane vi har kome fram til jf. (27). (27) Oppsummering Suffiks ha- ni- na- / ta- ni- pik -iw / -w -a negativ eg presens meg slå passiv? si- wu- li- ku- sem? -iz jf. pkt. 7 du pr. perf. deg snakke kausativ a- / Ø taka- mu- on? han futurum han sjå tu- tu- vi oss mu- nu- de dykk wa- wa- -ak eller -ka dei dei fjern tid Eg har gjort denne framstellinga ganske omstendeleg, og vist steg for steg korleis ein kan kome fram til ein morfologisk analyse. Ein tek til med det enklaste og sparar det vanskelegaste til slutt. Nokre fenomen finn ein ikkje ei eintydig løysing på, og då trengst det som regel meir data. 7