Side 1 av 5 Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.15 Møtedato: 20. mai 2015 Frå saksnummer: 31/15 Møtestad: Bore kyrkjekontor Til saksnummer: 38/15 Av soknerådet sine medlemmar/ varamedlemmar møtte Medlemmer Vara medlemmer Andre Meldt forfall Nicolai Homme Elin Anita Garpestad Terje Skår Kjersti M. Berge Jens Kåre Stokka Åsmund Steinnes, sokneprest Elling Hodne Olaug Mestad Slettbakk, referent Tønnes Grødem Hilde B. Kimo Diverse merknader Underskrifter: Vi stadfester med underskriftene våre at det som er ført på blada vi har signert i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møte. Utskrifter: Medlemmer og 1. varamedlem i Bore sokneråd, trusopplæringsmedarbeidar Olaug M.Slettbakk, Andreas Haarr, Ove Byberg, Karsten Degnes, sokneråda i Klepp, Orre og Frøyland-Orstad, prosten i Jæren prosti, formann i fellesrådet, kyrkjeverje Dagbjørg Straume, rettleiar Kjell Birkeland og formannskapsrepr. og repr. i menighetsbladet, Einar Egeland. Side 1 av 5
Side 2 av 5 I forkant av soknerådsmøtet hadde med ei samling med staben. Me starta derfor soknerådsmøtet med ein ispause sidan me hadde opning og bønn i forkant av stabssamlinga. SAK 31/15 GODKJENNING AV SAKSLISTE OG PROTOKOLL Det blei lagt fram 3 saker på eventuelt. Sjå sak 38/15. Protokoll frå møte i Bore Sokneråd 15. april 2015vert godkjend Innkalling til møte i Bore sokneråd 20. mai 2015 vert godkjend. Protokoll frå møte i Bore Sokneråd 15. april 2015vert godkjend Innkalling til møte i Bore sokneråd 20. mai 2015 vert godkjend med 3 saker på eventuelt SAK 32/15 SAMTALE OM ARBEIDET Elementar frå evaluering av konfirmantfesten: Det meste fungerte godt på konfirmantfesten. Det er lagt gode rutinar for festen og det gjer eit godt grunnlag for ein vellukka fest. Det var flott at ryddinga blei ferdig så tidleg. I år blei mengda brus beregna ut frå 0.5 liter pr. person. Dette kan nok reduserast til 0,4 litar pr. person. Det er mange som drikk vatn. Me må huska å ha nok vannmuggar. Vurdera system for fordeling av foreldre til dugnaden. I år var det mange av dei som var sett opp på serveringa som ikkje kunne komme. Det løyste seg med at nokre i ryddegjengen heller blei med på serveringa. Medarbeidarfest: Dagleg leiar føreslår at staben arrangera medarbeidarfest for dei frivillige. Dagleg leiar meiner ikkje at det er rett at dei frivillige lagar fest for seg sjølve! Me jobbar mot å ha medarbeidarfest 16. september 2015. Soknerådet kan evt bistå med enkelte oppgåver. Soknerådet tar saka til etterretning. Soknerådet tar saka til etterretning. SAK 33/15 ORIENTERINGSSAKAR Status tilsette: Solfrid Vigdel Skalvik har takka ja til stillinga som trusopplærar i Bore sokn. Ho begynner i stillinga 15. august 2015. Julekonsertar: Stavanger Gospel Choir vil ha konsert i kyrkja siste laurdag før jul. Me ha fått ein annan henvending ang ein konsert arrangert av Skjærgårds live. Dagleg leiar følgjar opp Side 2 av 5
Side 3 av 5 denne saka. Nytt kyrkjekontor: Møtet var på det nye kyrkjekontoret. Det blir flott å ta disse lokala i bruk. Håpar det kan bli til velsigning for mange og at me som kyrkje kan bli meir tydelege i bygda. Logo Kraftfôr: Soknerådet blei orientert om den nye logoen til trusopplæringsarbeidet. Soknerådet tar saka til orientering. Soknerådet tar saka til orientering. SAK 34/15 REKNESKAP FOR 2014 Leiar i soknerådet la fram det reviderte årsrekneskapet for 2014. Dagleg leiar tar kontakt med økonomiavdelinga i kommunen og sjekkar om me treng eit vedtak på disponering av underskotet. Soknerådet godkjenn rekneskapet for 2014. Soknerådet godkjenn rekneskapet for 2014. SAK 35/15 ØKONOMISAKAR 1. Rekneskapsrapport for januar mars 2015 Soknerådet ønskjer ei halvårsrapport. Ut frå den rapporten treng me kanskje å justere budsjettet. Soknerådet vil at det skal bli lagt fram ein rekneskapsrapport pr. 30. juni på fyrste møte etter ferien. 2. Status byggjerekneskapet Dagleg leiar la fram status på byggjerekneskapet. Det er om lag 180 tusen igjen på byggjerekneskapet. Det bør stå om lag 50 tusen igjen til evt. garanti. Det er noko i forbining med elektriske installasjonar som ennå ikkje er avklart. Det er allereie kjøpt noko inn av trådlause mikrofonar. Restkapital er derfor om lag kr 100 tusen. Soknerådet vil at dagleg leiar skal sjekka om innkjøp av dei trådlause mikrofonane skal gå av byggeprosjektet og kor lenge garantien må stå. Soknerådet vil og at dagleg leiar skal sjekka korleis det ligg an i fht montering av kassane over rullegardinanen. 3. Status gjevartenesta Dagleg leiar orienterte. Pr april er den månadlege gjevartenesta på kr 41 600,-. Det blei ikkje snakka noko om høve til å samle inn midlar på anna måte enn fast gjevarteneste. Side 3 av 5
Side 4 av 5 Soknerådet diskuterte korleis me skal løyse utfordringa med at me ikkje lenger har tilgang til nattsafe på søndagar og kom fram til ei god løysing som me vil prøve ut. Soknerådet har eit innspel i forhold til å samle inn offer for dei som ikkje har kontantar. Dagleg leiar sjekkar ut vilkåra for bruk av tenesta som heiter IZettle. Soknerådet tar saka til orientering Soknerådet tar saka til orientering SAK 36/15 FORDELING AV OFFER FOR HAUSTEN Det var ingen drøfting i rådet. Soknerådet vedtar forslaget til fordeling av offer for hausten 2015. Soknerådet vedtar forslaget til fordeling av offer for hausten 2015. SAK 37/15 ENDRING AV GUDSTENESTEORDNINGA Soknepresten la fram endringa i den nye søknaden. Soknerådet diskuterte om ein skal bruka to forskjellige Kyrie/ Glora og i kva grad ein evt skal bruke ein annan Kyrie/ Gloria. Soknerådet sin endelege avgjerd var å følgje innstillings som gudstenesteutvalet la fram. Soknerådet godkjenn søknad om godkjenning av lokal grunnordning. Soknerådet godkjenn søknad om godkjenning av lokal grunnordning. SAK 38/15 EVENTUELT 1. Rapport frå møte med NaMu-rettleiar. Rapporten blei ikkje gått gjennom, men den blei sendt på førehand til soknerådet for gjennomlesing. Soknerådet ønskjer å fortsette å ha Kjell Birkeland som rettleiar om han er interessert i det. Soknerådet har hatt stort utbytte av dei innspela Birkeland har gitt og synes det kan vere nytting å fortsette det samarbeidet. Soknerådet ønskjer ei samling i med rettleiar kvart semester. På den eine samlinga ser me at det hadde vore nyttig å ha staben med på samlinga. 2. Kyrkjevalet 2015 Dagleg leiar la fram søknad frå dei som ønskjer å flytte stemmeretten frå Klepp til Bore sokn. Det gjeldt 4 personar. Soknerådet skal godkjenne Side 4 av 5
Side 5 av 5 søknaden før den blir sendt til biskopen for endeleg vedtak. Me har behov for å diskutere fleire saker i forbinding med valet. Me tar dette opp som ei sak på neste sokneråd i juni. 3. Soknegrensar Dagleg leiar sendte ut brev frå kyrkjeverje og kartutsnitt før møtet. Bore sokneråd meiner me bør søkje om å flytte soknegrensene ut frå det som kyrkjeverje føreslår. 1. Dagleg leiar tar kontakt med rettleiar med ønsker om å lage ein ny rettleiarkontrakt. 2. Soknerådet godkjenner søknad om å flytte stemmeretten for dei fire som søkjer om det. 3. Soknerådet vedtar å flytte soknegrensane ut frå det forslaget som kyrkjverje har lagt fram. Side 5 av 5