INFRASTRUKTUR FOR ELBILAR



Like dokumenter
Infrastruktur for elbilar i Hordaland

«El 39» og erfaringar frå Hordaland

INFRASTRUKTUR FOR ELBILAR

Elbilar og ladestasjonar

Saksbehandlar: Ida - Beate Mølmesdal, Fylkesrådmannen Sak nr.: 16 /

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Guri Bugge Tlf: Saksnr Utval Møtedato Miljøutvalet

SØKNADER FRÅ HORDALAND FYLKESKOMMUNE OM STATLEGE TILSKOTSMIDLAR FOR 2013 FOR AUKA TILGJENGE TIL KOLLEKTIVTRANSPORTEN

Elbil Noko for meg? På Hellesøy, i Hordaland og på Vestlandet? Laurdagskafeen på Hellesøy,

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

NY SKULE I ÅSANE. UTBYGGINGSAVTALE I SAMBAND MED REGULERINGSPLAN.

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

SAK OM INNFØRING AV TIDSDIFFERENSIERTE BOMPENGAR (KØPRISING) I BERGEN

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

HANDLINGSPROGRAM OG PLAN- OG BYGGEPROGRAM FOR FYLKESVEGANE

Innfartsparkering Kollektivtransportforum årskonferanse 2015

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP FOR ASKØYPAKKEN - ASKØY BOMPENGESELSKAP AS

Program for kollektivterminalar

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Oppgradering av Fv 218 til Horsøy - Askøy kommune

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

TILTAKSPLAN KOLLEKTIVTRAFIKKEN SIN INFRASTRUKTUR

Kollektivstrategi for Hordaland - Årsrapport 2016

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

INNFARTSPARKERING I BERGENSOMRÅDET FYLKESKOMMUNEN SITT INVESTERING- OG DRIFTSANSVAR

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

FYLKESVEGAR - PLAN- OG BYGGEPROGRAM FOR 2012

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Trafikkstatistikk for bomringen i Bergen - per september 2013.

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Saksbehandlar: Ida - Beate Mølmesdal, Fylkesrådmannen Sak nr.: 16 /

SØKNAD OM TILSKOTSMIDLAR TIL KOMMUNESEKTOREN (BRA- MIDLAR) FOR 2010 OG PRIORITERING AV SØKNADER FRÅ HORDALAND

Trafikksikringsarbeid i Hordaland fylkeskommune

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

FRAMTIDIG FERJELEIE PÅ VARALDSØY I KVINNHERAD KOMMUNE

FYLKESKOMMUNAL FORSKOTTERING TIL FRAMSKUNDING AV E39 SVEGATJØRN-RÅDAL ANLEGGSVEG TIL ENDELAUSMARKA

NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE

Disponering av investeringsmidlar i opplæringssektoren 2017

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

KOLLEKTIVTRANSPORT - KJØP AV BYSTASJONEN TERMINAL OG TOMTEAREAL TIL BUSSANLEGG PÅ ASKØY

SØKNADER OM TEST OG UTVIKLING AV TEKNOLOGI FOR BIOGASSHYBRIDBUSSAR FYLKESKOMMUNAL EIGENANDEL

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Fylkesvegane - Plan- og byggeprogram 2016

Etne kommune SAKSUTGREIING

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

DROSJELØYVE MED SÆRSKILTE MILJØKRAV

Kostnader for bussar i kø i Bergensområdet

Servicebygg Jondal ferjekai fylkeskommunal løyving

Skogsvegar på Vestlandet -no eller aldri? Kjetil André Rødland Vestskog

FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL 2013

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

FINANSFORVALTNINGA I 2011

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

HØYRINGSUTTALE - TIL RAPPORT OM REGIONALE BOMPENGESELSKAP

I Tussaområdet står transport for om lag 30 % av den totale energibruken, derav om lag 50 % knytt til personbilar

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0038/05 04/01566 SØKNAD OM KJØP AV TOMT 230

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

HORDALANDD. Utarbeidd av

VOSSAPAKKO UTVIDING AV BOMPENGESØKNAD RV 13 JOBERGTUNNELEN

HØYRINGSUTTALE TIL RAPPORTEN "BELØNNINGSORDNINGA FOR BEDRE KOLLEKTIVTRANSPORT OG MINDRE BILBRUK - FORSLAG TIL NY INNRETTNING"

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Forslag frå fylkesrådmannen

FYLKESVEGPLANEN

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Statens vegvesen. Sakshandsamar/lnnvalsnr Per Sttffen Mybrcn

Utbygging av ladeinfrastruktur for ladbare kjøretøy - tilskuddskriterier normalladere

Skyss, Bergen Adm. direktør Bernt Reitan Jenssen, Ruter As. Ruter sine strategiar på miljøområdet - kva fungerer?

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Søknad om samtykke til detaljhandel- Kleppestø sentrum områdeplan Plan Askøy kommune

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

FINANSRAPPORT PR. AUGUST 2010

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Bompengereforma - overføring av garantiar til Ferde AS

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

VIDARE FYLKESKOMMUNALT ENGASJEMENT I ARBEIDSMARKNADSBEDRIFTENE

Kl 09:00: Gudrun Einbu frå Skyss presenterer deira ynskje om innspel til justeringar i busstilbodet.

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Fylkesdelplan for ny hamn i Bergensområdet.

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Brukarkvotar i Transportordninga for funksjonshemma

FRÅSEGN - HØYRING AV STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR BOLIG-, AREAL- OG TRANSPORTPLANLEGGING - MLJØVERNDEPARTEMENTET

TILLEGGSINNKALLING. Formannskapet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.16:00. Utval:

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Transkript:

HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Klima- og naturressursseksjonen Arkivsak 201208674-3 Arkivnr. 734 Saksh. Gudrun Mathisen, Tale Halsør, Per Svae Saksgang Fylkesutvalet Kultur- og ressursutvalet Samferdselsutvalet Møtedato 31.10.2013 22.10.2013 23.10.2013 INFRASTRUKTUR FOR ELBILAR SAMANDRAG Hordaland fylkeskommune har sidan 2010 hatt ei satsing på infrastruktur for elbilar. Satsinga har vore utløysande for det store salet av elbilar i fylket, som har gjort Hordaland til det tredje største elbilfylket i landet. I 2013 har fokus vore på utbygging av hurtigladestasjonar i indre delar av fylket i tillegg til normallading i eiga verksemd. Det er søkt om støtte til utbygging av tre nye stasjonar med planlagd byggestart i 2014. Når desse stasjonane er på plass vil alle regionsentra og store delar av det overordna vegenettet vere tilgjengeleg for lengre køyring med elbil. Prioriterte oppgåver for 2014 vil vere vidare utbygging og oppgradering av hurtigladenettet i fylket, og normallading ved burettslag, parkeringsplassar og større arbeidsplassar. FORSLAG TIL INNSTILLING 1. Fylkeskommunen skal halde fram med utbygging av infrastruktur for elbilar og arbeidet vil følgje denne prioriteringa: a) Overordna vegnett b) Region- og kommunesentra c) Trafikale knutepunkt d) Burettslag, parkeringsanlegg og større arbeidsplassar 2. Statlege overføringar til investeringar i infrastruktur for elbilar må aukast for å lukkast med den naudsynte utbygginga. 3. Fylkesutvalet oppmodar kommunane om å innarbeide ei arealpolitisk retningsline om minst èin eigen straumkrets for framføring av straum til normallading på parkeringsplassar i alle nybygg. For nybygg med større parkeringsanlegg gjeld at 20 % av parkeringsplassane skal ha eigen straumkrets for normallading tilgjengeleg. 4. Fylkesutvalet ber administrasjonen utarbeide ein handlingsplan for utbygging av ladeinfrastruktur i samband med nye vegprosjekt 5. Fylkesutvalet løyver 542 000 kr. over klimaplanbudsjettet til etablering av hurtigladestasjonar i Odda, på Romarheim og Straume. Rune Haugsdal Fylkesordførar Bård Sandal Fylkesdirektør Regional utvikling

FYLKESRÅDMANNEN, 08.10.2013: Utslepp av klimagassar er ei stor utfordring for det globale klimaet og det er behov for ein rask og stor reduksjon i utsleppa om vi skal unngå store endringar i klimaet. Det er eit mål at Hordaland skal bidra til å redusere utsleppa lokalt og transportsektoren er ei av dei største kjeldene til klimagassutslepp i fylket. Elektrifisering av transport er ein konkret og rask måte for kommunar og fylkeskommunar å redusere utslepp av klimagassar og betre kvaliteten på lufta lokalt. Hordaland fylkeskommune si satsing på infrastruktur for elbilar er heimla i Klimaplan for Hordaland 2010-2020, delmål 5.12: Innan 2020 skal minst 20 % av alle lette køyretøy vere ladbare motorvogner og vidare i dei årlege handlingsprogramma. 1. Tidlegare politiske vedtak Saka infrastruktur for elbilar vart handsama i samferdselsutvalet (sak 37/12), kultur- og ressursutvalet (sak 55/12) og Fylkesutvalet (sak 120/12) våren 2012. Fylkesutvalet sitt vedtak: 1. Satsing på hurtigladestasjonar for elbilar er eit viktig tiltak for å nå målet i Klimaplan for Hordaland om 20 % elbilar innan 2020. 2. Hordaland fylkeskommune sin bilpark skal så langt det er praktisk mogleg skiftast ut til ladbare bilar. 3. Ved utforming av kollektivterminalar og innfartsparkeringsanlegg skal det i samarbeid med aktuelle kraftselskap leggjast til rette for hurtiglading. 4. Alle regionsentra i fylket og det overordna vegnettet må ha allment tilgjengelege hurtigladepunkt. Hordaland fylkeskommune vil i samarbeid med kraftselskap, Transnova og andre fullføre den grunnleggjande infrastrukturen for elbilar i Hordaland. Det vil seie hurtiglading i resterande regionsentra og i passe avstand langs vegane E39, E16, E134, Rv 7, Rv 555, Rv 13 og Fv 551. 5. Fylkesutvalet løyver i 2012 kr 370.000 til utbygging av hurtigladestasjonar i Odda, Norheimsund, Straume, Eidfjord, Etne og Matre. 6. Trong for midlar til å fullføre satsinga i 2013 vil ein kome attende til i budsjetthandsaminga for 2013. 7. Fylkesutvalet ber Avinor om å etablere hurtigladestasjon på Bergen Lufthavn Flesland. 8. Fylkesutvalet ber Jernbaneverket, Statens Vegvesen og Bergen og Omland Havnevesen om å etablere hurtigladepunkt på større stasjonar, ferjekaiar og hamner i fylket. 9. Fylkesutvalet oppmodar om at fylkeskommunen legg til rette for lading på eigne anlegg og oppmodar kommunane og staten om å gjere det same. Minst 20 % av plassane skal ha ladepunkt, kor ein del må reserverast for ladbare motorvogner. 10. Fylkesutvalet oppmodar kommunane i Hordaland om å leggje til rette for hurtiglading for å bidra til å oppfylle transportmåla i klimaplanen. Gjennom dei kommunale parkeringsnormene bør ein mellom anna stille krav til kjøpesenter om etablering av hurtigladepunkt og minst 20 % av parkeringsplassane bør ha vanlege ladepunkt. Ein del må reserverast for ladbare motorvogner (t.d. el- og hybrid). 11. Det er behov for ein offensiv, langsiktig og føreseieleg statleg politikk som kan gje trygge rammer for andre aktørar si satsing på elbilar og tilhøyrande infrastruktur. Transnova må sikrast tilstrekkelege midlar, og statlege tilskott til hurtiglading må aukast monaleg. 12. Fylkesutvalet ber Transnova om å satse på ein radiusstrategi for hurtiglading rundt dei største byane i Noreg, for å gjere byane og deira omland gjensidig meir tilgjengelege med elbil. 13. Fylkesutvalet ber om at det vert gjort ei løpande vurdering av ulike teknologiske løysingar for lading/hurtiglading og kompatibilitet. 14. Fylkesutvalet ynskjer ei årleg evaluering av infrastrukturen for elbilar i Hordaland. 2. Status for utbygging i Hordaland Utbygging av ladepunkt for elbilar i Hordaland starta i 2010 og har hatt hovudfokus på å etablere hurtigladestasjonar langs det overordna vegnettet og i regionsentra. I tillegg er det etablert normallading i eiga verksemd. 2

År Type Stad Finansiert av 2010 Normallading Kjøpesentre, kommunar, vg.skular Transnova 2012 Hurtiglading, Chademo Halhjem, Fjøsanger, Knarvik, Dale, Leirvik Transnova, HFK, kraftselskap, Bergen kommune 2012 Hurtiglading, Chademo Voss HFK, Voss kommune, Voss Energi 1 2013 Hurtiglading, multiladar Norheimsund, Rosendal Transnova, kraftselskap, HFK, kommunar 2013 Hurtiglading, multiladar Eidfjord, Etne Kommunar, HFK, kraftselskap, Statkraft 1 2013 Normallading Fylkeshuset, Vidaregåande skular HFK 1 Det vart søkt støtte frå Transnova også til desse stasjonane, men dei fekk ikkje støtte. I tillegg er det etablert hurtigladestasjonar på Aksdal i Rogaland og Oppedal ferjekai i Sogn- og Fjordane, begge etter initiativ frå Hordaland fylkeskommune. Hordaland fylkeskommune har brukt i alt 2,2 mill. kr. over klimabudsjettet som har generert totale investeringar på 7,9 mill. kr. Ulike ladestandardar Då fylkeskommunen starta med utbygging av hurtigladestasjonar var det èin standard på marknaden, tilpassa dei bilmodellane som eksisterte. Dette var den japanske standarden Chademo. I sommar kom også dei europeiske elbilmodellane på den norske marknaden. Desse nyttar ein annan ladestandard for hurtiglading. Då veksten i elbilar er venta å komme frå alle desse bilmodellane er det viktig at stasjonane kan tilby hurtiglading til alle. Dei stasjonane som vert bygde hausten 2013 vil tilby hurtiglading etter begge dei to hurtigladestandardane, sokalla multiladar. For dei eksisterande stasjonane vert det søkt om oppgradering til multiladarar. For dei stasjonane som er under planlegging vil også ein tredje form for lading, tilpassa bilar som Tesla, men som ikkje er hurtiglading, bli inkludert, sokalla trippelladarar. Då denne forma for ladarar krev større tilgjengeleg nettkapasitet enn kva det vart lagt til rette for ved planlegging av dei tidlegare stasjonane, vil det ikkje vere mogleg å oppgradere til trippelladarar for eksisterande stasjonar. 3. Søknader som er sende Transnova har lyst ut ei ny runde, med søknadsfrist 1.10.13, for oppgradering av eksisterande hurtigladestasjonar til også å inkludere den nye, europeiske ladestandarden. Søknadsrunden inkluderer også nye hurtigladestasjonar som styrker infrastrukturen i prioriterte områder. I samarbeid med kraftselskap i fylket har vi sendt inn følgjande søknader. Oppgraderingsprosjekta er planlagde inn i budsjettet for 2013, medan dei nye stasjonane vil komme på budsjettet for 2014. År Type Stad Finansieringsplan 2014 Oppgradering hurtiglading, multiladar Halhjem, Fjøsanger, Knarvik, Dale, Leirvik Transnova, HFK, kraftselskap 2014 Hurtiglading, trippelladar Odda, Romarheim, Straume Transnova, kommunar, kraftlag, HFK 4. Finansiering I hurtigladeprosjekta som Fylkeskommunen har initiert er det kraftselskap som byggjer ut, eig og driv stasjonane. Fylkeskommunen har lagt ned mykje arbeid i utbyggingane og det største bidraget er eigeninnsats gjennom å koordinere og initiere utbygging av hurtigladestasjonar. Prosjekta har søkt 3

statleg støtte gjennom Transnova sine utlysingar. Ikkje alle stasjonane har fått støtte og i siste runde fekk berre to av fire. Det er framleis langt fram til det er kommersielt lønsamt å byggje ut hurtigladestasjonar utanfor dei større bysentra. Det er difor eit stort behov for støtte til denne typen utbyggingar og konkurransen mellom prosjekta er stor. Ved førre utlysing var det sett av 6 mill. kr til hurtiglading. Transnova sine støtteordningar må oppretthaldast og rammene aukast. 1 Hurtigladestasjonar i regi av Hordaland fylkeskommune per okt.2013. Blå er operative, grøne er under bygging og raude er under planlegging. 4

5. Strategi for vidare utbygging For dei vidare utbyggingane av infrastruktur for elbilar i fylket vil følgjande plasseringar prioriterast. 5.1 Det overordna vegnettet Den regionale strategien for hurtigladestasjonar i Hordaland tek utgangspunkt i det overordna vegnettet i fylket, slik det er planlagd for perioden 2013-2024. Vegnettet er definert etter kva for nokre vegar som er viktige bindeledd i senterstrukturen, er diagonale bindeledd, er høgt trafikkerte eller speler ei viktig rolle for næringslivet. 1 Ved å leggje dei regionale transportplanane til grunn sikrar vi at utpasseringa av hurtigladestasjonar kjem på plassar som vil vere dei viktigaste for samferdsle også i framtida. Vi knyt saman bu- og arbeidsmarknadsregionar med tilhøyrande pendlartrafikk og inkluderer dei sentrale næringslivsrutene og dei mest trafikkerte strekka. I tillegg inkluderer dette viktige transportårer for byfolk som dreg til dei store hyttefelta og trafikk mellom regionar, noko vi veit er viktige barrierar mot elbilkjøp. Det overordna vegnettet har hatt høgaste prioritet i dei utbyggingane av hurtigladestasjonar som har vore fram til no. Det vil i løpet av 2013 vere mogleg å køyre frå Stavanger til Sogn langs E39, frå Bergen til Voss langs E16, frå Haugesund innover fylket langs E134. I tillegg er det stasjonar i Norheimsund og Rosendal som kompletterer det overordna vegnettet i fylket (sjå kart). Med dei planlagde stasjonane i Odda og Romarheim vil store delar av det overordna vegnettet vere elektrifisert. 5.2 Regionasentra og kommunesentra Regionsentra og senterstruktur står sentralt i Hordaland sin strategi for fordeling av vekst i folketal og busetnadsmønster. Regionsentra er også viktige som trafikale knutepunkt. Dei fungerer som trafikale «nav» i regionane og medverkar samstundes til effektiv trafikkavvikling inn mot Bergen. Etablering av hurtigladestasjonar i utvalde region- og kommunesentre gjev viktige insentiv til å etablere lokale elbilflåter i offentleg- eller privat regi. Alle regionsentra i Hordaland har i dag enten utplassert eller det er under planlegging utplassering av hurtigladestasjonar. Det er også plassert ut hurtigladestasjonar i viktige kommunesentra. 5.3 Trafikale knutepunkt Det er kostbart å føre fram straum og etablere ladestasjonar for elbilar og det er difor viktig å prioritere plasseringar der fleire brukarar kan nytte ladeinfrastrukturen. Det er også viktig at desse plasseringane er praktiske og tilgjengelege for flest mogleg trafikantar. Vidare er det effektivt å utnytte tida til å lade der bilistane uansett vil vente eller parkere. Å etablere ladeinfrastruktur på slike plassar vil også gjere det lettare å nytte elbilar til drosjetrafikk. Fylkeskommunen prioriterer difor å plassere ladestasjonar på trafikale knutepunkt som flyplassar, hamner, ferjekaier, større drosjehaldeplassar og jernbanestasjonar. I vedtaket frå Fylkesutvalet (sak 120/12) punkt 7 og 8 ber Fylkesutvalet Avinor, Statens vegvesen, Jernbaneverket og Bergen og Omland Havnevesen om å etablere hurtigladestasjon ved lufthamna Flesland, større stasjonar, ferjekaier og hamner i fylket. I dag er det etablert hurtigladestasjonar på ferjekaiene på Halhjem og Oppedal. 5.4 Burettslag, parkeringsanlegg og større arbeidsplassar Normalladepunkt er det elbilistar treng i kvardagen for å reisa til og frå jobb, til handling og lokale besøk til familie og vener. Meir enn 2/3 av all biltrafikk er slik trafikk. Dersom vi skal få ein storstilt overgang til elektriske køyrety, må denne «grunnpilaren» i oppladingssystemet vere mykje meir utbreidd. Dei låge drivstoffkostnadene ved normallading er eit av fleire viktige incitament som har ført til det relativt høge elbilsalet i Noreg. Offentleg støtte til etablering av normalladepunkt bør difor prioriterast, slik at drivstoffutgiftene ved elbilbruk ikkje vert høgare grunna høge 1 Regional transportplan Hordaland 2013-2024. Vedteke av fylkestinget 12. desember 2012. 5

investeringskostnadar. Ladbare hybridbilar har det største potensialet til store, raske kutt i klimagassutsleppa frå transportsektoren. Dagens ladbare hybridbilar har relativt små batteri og treng difor normalladepunkt «over alt», slik at dei kan lade både heime, i byen og på arbeidsplassen. På mange område vil grunneigar sjølv kunne stå for kostnaden ved å etablere normallading til elbil. Vi ser likevel at det er behov for offentleg støtte til særskilde målgrupper, der slike investeringar er vanskelegare å utløyse. Grupper som bør prioriterast innafor ein slik strategi er større private og offentlege parkeringsplassar, bustadsområde med omfattande gateparkering og parkeringsplassar i burettslag. Når den grunnleggjande infrastrukturen for hurtiglading er på plass i fylket, bør fortetting av semi- og hurtigladarar vere ei oppgåve som marknaden løyser sjølv. For det offentlege bør oppgåva vere å stimulere til høgare tempo i etablering av normalladepunkt. Hordaland fylkeskommune oppmodar Transnova, Bergen kommune og kommunar i Hordaland med tettbygde sentrum om å etablere støtteordningar eller andre ordningar for å sikre ressursar til utbygging av normallading i burettslag, parkeringsanlegg og større arbeidsplassar. Fylkeskommunen oppmodar vidare kommunane til å innarbeide retningsliner for normallading av elbilar i arealplanar og i retningsliner for nye bygg. Der fylkeskommunen er hovudansvarleg for nye anlegg, som anlegg for innfartsparkering, vil det vere naturleg at minst 20 % av parkeringsplassane er tilrettelagde for lading. Eit døme på dette er det nye innfartsparkeringsanlegget på Birkelandskrysset. Betalingsløysingar I dag er det gratis å lade ved ladestasjonane Hordaland fylkeskommune har teke initiativ til å setje opp. Førebels er ikkje talet på elbilar så høgt at det er ein god marknad for å selje hurtiglading og det er meir kostnadskrevjande å hente inn betalinga enn å tilby den gratis. Det har heller ikkje vore tilgjengeleg enkle, teknologiske løysingar for å ta betalt. Det har vore eit ønskje at ei betalingsløysing skulle vere felles for alle stasjonane i fylket og at den aller helst skulle vere kompatibel med løysingane elles i landet. Det er dei lokale kraftselskapa som eig og driftar hurtigladestasjonane og dei fleste eig berre ein stasjon. Kostnadane ved å etablere eit betalingssystem er difor høge for kvar einskild eigar, men det er eit godt samarbeid mellom aktørane og BKK har teke på seg ansvaret for å finne ei løysing som alle kan nytte. Det er likevel eit statleg krav at for å få støtte må det etablerast ei ordning i snarleg framtid. Fleire av dei andre aktørane i landet har funne løysingar slik at dei kan ta betalt og få dekka nokre av investeringane sine. I Hordaland er ikkje aktørane kome like langt, men truleg ligg ei løysing i nær framtid slik at aktørane kan komme i gang med å etablere ein sjølvdriven hurtiglademarknad. 6. Resultat av satsinga Talet på elbilar har vokse kraftig dei siste åra. I landet generelt har talet på elbilar gått frå 3900 bilar i 2011 til 13 000 bilar i dag. Hordaland låg fram til 2010 under det nasjonale snittet i elbilar per innbyggjar med 312 elbilar totalt i fylket. Dei siste to åra har veksten vore stor og fylket har no teke att resten av landet og ligg no godt over snittet, med 1548 elbilar i juni 2013. Fylket ligg i dag på tredje plass i tal på elbilar og hadde den største veksten i elbilsal i landet. Det er i dag ingen kommunar i Hordaland der det ikkje er elbilar og både fordelinga av bilar og veksten er spreidd utover heile fylket. Dei største elbilkommunane er i rekkjefølgje Bergen, Askøy, Os, Bømlo, Fjell og Kvinnherad. 6

7. Økonomiske konsekvensar Det er framleis behov for utbygging av infrastruktur til elbilar. Finansiering av punkter langs dei store trafikknutepunkta der Fylkeskommunen er hovudansvarleg for utbygginga bør gå over samferdselsavdelinga eller Skyss sine budsjett. Det er likevel behov for fylkeskommunal støtte til prosjekt som fell utanfor desse områda, som etablering av nye hurtigladestasjonar ved eksisterande vegnett eller oppgradering av eksisterande stasjonar. Det er difor trong for midlar over klimaplanbudsjettet til dette tiltaket. For 2014 er det budsjettert med 542 000, noko som avgrensar satsinga til dei tre nye punkta Odda, Straume og Romarheim. Dette føreset at prosjekta får innvilga støtte frå Transnova (i alt 700 000 kr.). 7