Luster kommune Handsama: Formannskapet/kommuneplannemnda sitt framlegg til 2. gongs handsaming 30.01.2014
Bilete framside: Gaupne skule sitt arbeid med «Stadanalyse Gaupne»
INNHALD 1. Bakgrunn for planarbeidet... 4 1.1. Planprogram... 4 2. Overordna utviklingstrekk og utfordringar... 5 3. Lokale føringar... 6 3.1 Fokusområde... 7 4. Nasjonale og regionale føringar... 8 4.1 Nasjonale føringar... 8 4.2 Nasjonale forventingar til kommunal planlegging jfr PLBL 6... 8 4.3 Regionale føringar... 9 5. Planprosess og opplegg for medverknad... 10 6. Konsekvensutgreiingar og behov for utgreiingar... 13 7. Sentrale problemstillingar som bør avklarast i arealdelen... 14 3
1. Bakgrunn for planarbeidet Kommuneplanen sin arealdel (KPA) skal vera Luster kommune sitt overordna styringsdokument for korleis ein ynskjer arealutviklinga i kommunen skal vera, og ein reiskap for korleis ein skal møta nye og endra utfordringar i eit langsiktig perspektiv. Planstrategi vedteken oktober 2012 seier at kommunen skal ha ein kommuneplan som består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Føremålet med revisjon av KPA er å sikre ein langsiktig og berekraftig arealbruk som legg til rette for ynskt vekst og utvikling i Luster kommune. Arealdelen skal vere eit effektivt styringsverktøy for politikarar og administrasjon. Det skal vera ein arealdel for heile kommunen. Det er viktig å sikra god samanheng mellom kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel. Sosiale, økonomiske, kulturelle og teknologiske utviklingstrekk i samfunnet er med på å bestemma arealbruken. Endringar i folketalsutviklinga, næringsstruktur og sysselsetjingsutvikling vil ha innverknad på lokaliseringa av byggeområde. Gjeldande kommuneplan for Luster Luster kommune har kommuneplan vedteke slik: Arealdelen 04.12.2008 K-sak 100/08 (byggjer på tidlegare samfunnsdel frå 2007) Samfunnsdelen 20.06.2013 K-sak 48/13 Planarbeidet er delt i tre fasar: I Planoppstart og planprogram II Konsekvensutgreiing og planløysingar III Planframlegg og planhandsaming Kommunestyret summerte i 2011 opp kommuneplanarbeidet i førre periode gjennom ei kommuneplanmelding. Det vart då gjort ei oppsummering av korleis arealdelen var fylgt opp i perioden. Denne er igjen justert (sjå vedlegg 1). 1.1. Planprogram Plan- og bygningslova har innført eit lovbestemt krav ( 4-1) til at det vert utarbeidd eit planprogram ved revisjon av kommuneplanen. Planprogrammet skal leggja til rette for ein god planprosess, og skapa best mogeleg rammer for arbeidet og skal minst gjera greie for: føremålet med planarbeidet planprosessen deltakarar, fristar opplegg for medverknad skildring av evt alternativ som vert vurdert behov for utgreiingar spesielt i høve til forskrift om konsekvensutgreiingar 4
2. Overordna utviklingstrekk og utfordringar I høve til å stå fram som ein attraktiv kommune for innbyggjarane, besøkjande og næringslivet står Luster jfr KPS, overfor mange muligheiter og utfordringar i tida som kjem. Kommunen sine sentrale roller er: Kommunen som tenesteytar og velferdsprodusent Kommunen som tilretteleggar og samfunnsutviklar Kommunen som forvaltar av fellesskapet sine verdiar I planprosessen er det ynskjeleg at det vert sett opp felles målsetjingar for kommunen og at det vert utforma klare strategiar for korleis desse ein skal nå desse måla. Faktadel som vart utarbeidd til Kommuneplanen sin samfunnsdel er også faktagrunnlag for KPA. Folketalsutvikling Dei siste åra har det vore ein gradvis folketalsauke i Luster. Denne kjem hovudsakleg av auka tilflytting frå utlandet med vekt på Aust-Europa og då hovudsakleg frå Polen. Trenden viser også auka familietilflytting slik at dei som i utgangspunktet kom som sesongarbeidarar no buset seg med familiar. Statistisk Sentralbyrå sine framskrivingar tyder på at denne utviklinga vil halda fram nokre år til. Auka folketal medfører auka etterspurnad av bustader og ei utvikling i næringsverksemd og etterspurnad i offentlege tilbod som føreset tilrettelegging av areal til slike føremål. Luster kommune legg vekt på gode tilbod i alle delar av kommunen. Likevel er det ei utviklinga der folketalet aukar mest i Gaupne og på Hafslo, og held seg stabilt eller er i nedgang i dei andre krinsane. Gaupne og Hafslo har også størst del av den yngre befolkninga. Ei slik fordeling av befolkninga gjer at det vil vera behov for ulike typar offentlege tenester i dei ulike delane av kommunen i åra framover som barnehage/skule og eldreomsorg. Ei ny eldrebølgja vil fyrst slå inn i 2025-2030. Næring og sysselsetjing Landbruket har tradisjonelt vore viktigaste næringsvegen i Luster. Nedgang i årsverk i landbruksnæringa skjer også i Luster. På mange bruk står ein overfor eit generasjonsskifte og korleis dette vil påverka næringa er uvisst. Det er ei positiv utvikling i fleire av industriverksemdene i kommunen. Dei to største industriverksemdene i kommunen har no internasjonalt eigarskap. Innafor vasskraft er det mange, både større og mindre utbyggingar som er til konsesjonshandsaming. Kraftutbygging vil dei kommande 10-15 åra vere ein aktivitet der bygg og anleggssektoren vil kunne vinne oppdrag. Reiselivet har synt stor investeringsinteresse dei siste åra, og aktiviteten i næringa er god. Det er ei interessant utvikling at personar med kapital har valt å satse betydeleg i reiselivet i Luster. Bygg og anlegg er framleis ei stor næring i Luster, fleire av selskapa har kompetanse til å stå ansvarleg for store prosjekt og har marknad i heile sogneområdet. Privat tenesteyting inkludert handelsnæringa held posisjonen sin. 5
3. Lokale føringar Kommuneplanen sin Samfunnsdel (KPS) har gjeve desse føringane for arealdelen som også er i samsvar med vedteken Planstrategi: 10. Føringar for arealdelen: Ved utarbeiding av arealdelen vert desse føringane lagt til grunn: 10.1 Bustadområde a. Areal til bustadbygging i alle bygder b. Tilretteleggja for god variasjon i bustadtilbodet for ulike aldersgrupper, funksjonshemming etc. c. Tilretteleggja for tomter i bustadfelt d. I bygder utan regulerte byggeområde bør det i arealdelen avsetjast område for spreidd bustadbygging utafor jordbruksareal 10.2 Næringsareal a. Sørgja for tilgjengeleg næringsareal i Gaupne og Hafslo til ei kvar tid b. Leggja til rette for næringsareal i andre bygder c. Kommunedelplan for mineralske råstoff skal innarbeidast i arealdelen 10.3 Sentrumsområde a. Stadanalyse for Gaupne vert lagt til grunn i planarbeidet for vidare arealplanlegging i Gaupne b. Luster kommune skal leggja vekt på å utvikla sentrumsområde med gode møteplassar for alle. Det skal spesielt leggjast vekt på aktivitetsområde for barn og unge og universell utforming c. I Gaupne skal arealøkonomisering vektleggast ved vidare planlegging / utbygging 10.4 Hytteområde For å sikra ei bærekraftig hyttebygging skal utbygging i hovudsak konsentrerast i hyttefelt framfor spreidd utbygging. 10.5 Landbruksområde og jordvern Med bakgrunn i globale klimaendringar og matvaresituasjonen i verda, ynskjer kommunen å ha fokus på å sikra areala som er eigna for matproduksjon i eit lokalt perspektiv. I dei tilfelle bustadbygging må skje på dyrka mark skal dette skje gjennom høg arealutnytting. 10.6 Universell utforming Nasjonal handlingsplan «Norge universelt utformet til 2025» skal fylgjast opp gjennom arealdelen. Uteområde og byggverk skal utformast slik at dei så langt det er mogleg kan brukast av alle innbyggjarane på ein likestilt måte. 10.7 Miljø og berekraftig utvikling Luster kommune skal: a. Ivareta større samanhengande områder med høg landskaps- og opplevingskvalitet b. Ta vare på biologisk mangfald (jfr. kartlegging av biologisk mangfald i kommunen) c. Sikra inngrepsfrie samanhengande strandområder med vekt på fri ferdsel, biologisk mangfald og viktige naturkvalitetar d. Leggja vekt på at utbyggingsareal som hovudregel vert lagt på uproduktive/lågproduktive areal utan spesielle økologiske eller biologiske funksjoner med særlig verdi for trua, sårbare, sjeldne artar eller bestandar 10.8 ROS Vektleggja kunnskap om naturendringar som flaum, skred og havnivåstiging i arealdelen som førebyggjande tiltak for Risiko og sårbarheit. 10.9 Motorferdsel i utmark Luster kommune skal søkja om å verta forsøkskommune for etablering av løyper for snøskuterkøyring i utmark. Aktuelle trasear skal avklarast i arealdelen. 6
3.1 Fokusområde I KPA vil det vera viktig å fylgja opp dei tre hovudfokusområda i KPS og leggja til rette for utvikling innafor desse. Luster ein god stad å bu - «gode tenester og tilbod for innbyggarar og tilflyttarar» Strategiar: Me skal leggja til rette for ei god bustadutvikling Me skal leggja til rette for at folk trivest med å bu i Luster Me skal leggja til rette for gode kommunale tilbod/tenester for innbyggjarane Luster ein god stad for å driva bedrift «aktiv næringspolitikk for etablering og utvikling av næring» Strategiar: me skal tilby gode rammevilkår for etablering og vidareutvikling av verksemder me skal vera aktive for vidareutvikling av landbruket me skal leggja til rette for ein infrastruktur som gjev gode vilkår for verksemder og for busetnad i kommunen Luster ein god stad å besøkja - «gode opplevingar som får besøkande, frå både nære og fjerne område, til å komme og bli» Strategiar: me skal leggja til rette for at det vert god kvalitet på besøksnæringa i Luster me skal vera i framkant i utvikling og tilrettelegging av berekraftige kultur- og naturopplevingar me skal vera attraktiv å besøkja for folk i regionen 7
4. Nasjonale og regionale føringar 4.1 Nasjonale føringar Nasjonale og regionale planar og retningsliner/politikkdokument skal leggjast til grunn for planarbeidet i kommunane. Sentrale dokument er: Plan- og Bygningslova av 2008 Naturmangfaldslova av 2009 Folkehelselova av 2011 Statlege planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen. 25.3.2011 Rikspolitiske retningsliner for samordna areal- og transportplanlegging. (T-5/93) Rikspolitiske retningsliner for å styrke barns og unges interesser i planlegginga. (T-5/95) 4.2 Nasjonale forventingar til kommunal planlegging jfr PLBL 6 Med bakgrunn i endringane i PLBL i 2008 kom det inn reglar om at det kvart fjerde år skal utarbeidast eit forventingsdokument med nasjonale forventingar til både kommunal og regional planlegging. Dokumentet (T-1497), som er ein del at det formelle plansystemet, kom ut i 2011. Det vert forventa at kommunane fylgjer opp den politikken som vert formidla gjennom forventingane som har følgjande hovudtrekk: Verdiskaping og næringsutvikling det vert forventa at det vert teke omsyn til verksemder og næringar sine behov for lokalisering og eigna areal, samstundes som arealbruken vert avklart mot andre interesser. Det vert lagt til grunn eit breitt verdiskapingsperspektiv der eksisterande og nye næringar basert på lokale natur- og kulturressursar vert vektlagt. Forvaltninga av kulturog naturverdiane er bærekraftig og ivaretek naturmangfald og kulturhistoriske verdiar. Planlegging hjelper til med å oppretthalda og vidareutvikla landbruket. Samferdsel og infrastruktur- det vert forventa at statlege, fylkeskommunale og kommunale planprosessar som omfattar samferdsel vert samordna. Natur, Kulturmiljø og landskap det vert forventa at planlegginga byggjer på oppdatert og tilgjengeleg kunnskap om arealbruk og natur, kulturminne, kulturmiljø og landskapsverdiar. Berekraftig utvikling byggjer på desse prinsippa: rettferdig fordeling, internasjonal solidaritet, føre-var-prinsippet, prinsippet om at ureinaren betaler og felles innsats Naturmangfaldlova sine alminnelege bestemmelsar om bærekraftig bruk vert lagt til grunn for planlegging som vedkjem naturmangfald. Førekomstar av utvalde naturtypar og prioriterteartar sine økologiske funksjonsområde vert innarbeidd i planlegging på land og i sjø. By- og tettstadutvikling det vert forventa at kommunane bidreg til å hindra nedbygging av verdifulle landbruksområde. Helse, livskvalitet og oppvekstmiljø det vert forventa at kommunane har oversikt over helsetilstanden i befolkninga og dei faktorar som kan verka inn på denne og tek omsyn til desse. Klima og energi det vert forventa at kommunane tek omsyn til klimautfordringane og norsk energiomleggingspolitikk i planlegginga 8
4.3 Regionale føringar Sogn og Fjordane fylkeskommune som regional planstyresmakt har ei rekkje overordna planar som er vedtekne eller under utarbeiding, og gjev føringar for kommunen sitt planarbeid. Gjeldande planar / strategidokument (jfr planprogram) Planstrategien FoU-strategi for næringsutvikling i Sogn og Fjordane 2010 2020 Reiselivsplan for Sogn og Fjordane Strategi for satsinga på fornybar energi i Sogn og Fjordane Fylkesdelplan for arealbruk Kulturstrategi 2008 2011. Sogn og Fjordane fylkeskommune Strategisk plan for bibliotekutvikling i Sogn og Fjordane 2011 2014 Fylkesdelplan for idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og folkehelse 2010 2013 «Den kulturelle skulesekken strategiplan 2010 2014» Plan for bevaring av utvalde arkeologiske kulturminne (BARK) Regional plan for vindkraft Fylkesdelplan for klima og miljø Regional skulebruksplan for Sogn og Fjordane fylkeskommune - 2013 Planar under utarbeiding / revisjon Regional transportplan Sogn og Fjordane 2014 2023 Regional plan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2014 2017 Regional plan for Ottadalsområdet Regional plan for verdiskaping Regional plan for folkehelse. Vassområdedirektivet 9
5. Planprosess og opplegg for medverknad Framdrift Målet er at Luster kommune skal få etablert ein «4-års-syklus» for kommuneplanarbeidet som omfattar desse delane: Planstrategi Samfunnsdelen med planprogram Arealdelen med planprogram Kommuneplanmelding Dette skal igjen koplast nær opp til kommunen sit «årshjul» som omfattar årsmelding, handlingsdel med budsjett, økonomiplan, planprogram og tenestplan og handlingsprogram. Figur: 4 års syklus for kommuneplanarbeidet 2012 2013 2014 2015 2. kv 3. kv 4. kv 1.kv 2. kv 3. kv 4. kv 1.kv 2. kv 3. kv 4. kv 1.kv 2. kv 3. kv 4. kv Planstrategi Planprogram* samfunnsdel Samfunnsdelen Planprogram arealdel* Arealdelen Kommuneplan -melding VAL Planstrategi Planprogram S. * her er me no Luster kommune som planmynde skal (jfr PLBL 5-1) syrgja for ein open og brei medverknadsprosess. Ansvar for kommuneplanarbeidet er lagt til kommunestyret (jfr PLBP 9-1) og arbeidet er elles organisert slik: Gruppe Styringsgruppe/kommuneplannemnd Arbeidsgruppe / prosjektgruppe Plangruppe Medlemer Formannskapet Rådmann, plansjef, kommuneplanleggjar, landbrukssjef, næringssjef og eigedomssjef Plansjef, kommuneplanleggjar, arealplanleggjar og ingeniør-gis 10
Planframlegg og planhandsaming Konsekvensutgreiing og planløysingar Planoppstart og planprogram Planprogram - framlegg Tabell: Planprosessen framdriftsplan Fasar Oppgåver Samarbeid og medverknad Vedtak utlegging av planprogram og varsel om oppstart av planarbeid Bygdemøter : Gaupne, Hafslo, Luster, Skjolden og Jostedal Opne kontordagar 1 dag/ettermiddag/kveld pr bygd, for innlevering av innspel Bransjemøte: Bygg- og anleggsnæringa Frist: Innspel til arealdelen og merknader til planprogram Handsaming av innkomne innspel og utarbeiding av planprogram (inkludert område som skal konsekvensutgreiast ) Samråd med regionale sektormyndigheiter avklaringar Vedtak av planprogram Utarbeida framlegg til arealdel: Kunnskapsgrunnlag og situasjonsskildring kart, føresegner, planomtale, KU og ROSanalyse Ansvarleg Fristar / Framdrift Kommuneplannemnd 28. August 2013 X Rådmann September/oktober 2013 X Rådmann Oktober 2013 X Rådmann September/ oktober 2013 X Oktober 2013 Rådmann Oktober desember X Rådmann November 2013 Kommuneplannemnd Kommunestyret Rådmann 11.12.13 19. 12.13 Nov mars 2012/2013 Januar Drøftingsutkast Kommuneplannemnd Februar 2014 Samråd med regionale sektormyndigheiter X Rådmann Februar - mars 2014 1. g. handsaming og utlegging til offentleg Kommuneplannemnd Mars 2014 ettersyn vedtak Offentleg ettersyn av planframlegg 6 veker Handsaming av merknader, utarbeiding av endeleg planframlegg X Rådmann / Mars april 2014 kommuneplannemnd Rådmann Mai 2014 2. gongs handsaming av planframlegget Kommuneplannemnd juni 2014 Vedtak arealdelen Kommunestyret Juni 2014 Føresetnad for denne framdrifta er m.a. at endringane etter 1.g. offentleg ettersyn ikkje er så omfattande at det medfører krav om ny utlegging. I så fall kan det føra til forlenging av planarbeidet med vedtak ca desember 2014. Forlenging av prosessen kan også skje dersom det er mange nye tiltak som krev meir omfattande konsekvensutgreiingar. Innspel og medverknad Planprogrammet vert lagt ut til offentleg ettersyn i minst 6 veker. I denne perioden skal innspel til ny/endra arealbruk fremjast overfor Luster kommune. 11
Bygdemøte og kontordagar I perioden planprogrammet er utlagt til offentleg ettersyn vert det gjennomført 4 bygdemøte: Gaupne Hafslo Luster Jostedalen Skjolden I møta vert det informert om planarbeidet og føresetnader som er lagt til grunn. I tillegg gjennomfører rådmannen oppfylgjande kontordagar i kvar av bygdene der interessentar kan levera innspel. Frist for innspel er den same som frist for høyring av planprogrammet. Innspela som skal leverast kommunen skal omfatta m.a. fylgjande opplysingar (sjå også vedlegg 1): Informasjon om eigartilhøve og gbnr Kart med tydeleg avgrensing av område med framlegg til endra arealbruk Omtale av framlegg til endra arealbruk og omfanget av eventuell framtidig utbygging, og tidsramme for gjennomføring av tiltaket Kort skildring og grunngjeving for forslag til endring/ny arealbruk Kart med eintydig avgrensing av arealet som vert føreslått endra Bransjemøte Det vert også halde eit møte med bygg- og anleggsnæringa for innspel og diskusjon om utbyggingar i Luster. Vurdering av innspel Planprogrammet er eit utgreiingsprogram der det skal takast stilling til kva område som skal konsekvensutgreiast og handsamast i arealdelen. Rådmannen vil vurdera alle innspel og i denne fasen føreta ei siling av område. Erfaringsmessig er det ein del område som vil gå ut grunna store konfliktar i høve andre arealbruksinteresser. Det vert så utarbeidd ein rapport som grunnlag for politisk handsaming om kva område som bør gå ut og kva område som vil verta med til vidare vurdering og konsekvensutgreiing. Sentrale kriterier for siling av område: Er i samsvar med lokale føringar gjeve i samfunnsdelen eller andre sentrale politiske dokument som er handsama av Luster kommune (KPS) Er ikkje i sterk konflikt med viktige verneverdiar og overordna føringar Kommunestyret skal vedta planprogrammet. Dette vedtaket omfattar kva område som skal konsekvensutgreiast og endeleg handsamast i arealdelen Samråd er ein diskusjon med regionale forvaltningsmynde om prinsippløysingar, for på eit tidleg tidspunkt avklara vanskelege saker. Føremålet er å gje muligheit for ei tidleg konfliktløysing, betre innsikt og muligheit for å drøfta alternativ, kunnskapsbehov og konsekvensar, og behov for planoppfylging. Dette kan gje eit betre grunnlag for avgjerd og for den politiske handsaminga før utlegging til offentleg ettersyn ved at synspunkt og eventuelle konfliktar er godt kjent og vurdert. Samråd med regionale / nasjonale forvaltningsmynde vert gjennomført i to omgangar: Etter offentleg ettersyn av Planprogram Før offentleg ettersyn av KPA 12
6. Konsekvensutgreiingar og behov for utgreiingar KPA er ein plan som gjev føringar og retningslinjer for framtidig utbygging og som kan få vesentleg innverknad på miljø og samfunn. For ein slik plan skal det utarbeidast ei konsekvensutgreiing (KU) jf Plan- og bygningslova 4-2. KU skal skildra verknadene av nye utbyggingsområde, og vesentlege endringar av eksisterande byggeområde. Ved handsaming av planprogrammet skal det på grunnlag av innkomne framlegg, takast stilling til kva område som skal konsekvensutgreiast ved utarbeiding av arealdelen. KU skal vera tredelt: Del I: er ei konsekvensutgreiing for dei einskilde endringsframlegga på overordna nivå tilpassa kommuneplanen sine intensjonar. Vurderinga vil byggja på planfaglege vurderingar, temakart, flyfoto og utgreiingar som er offentleg tilgjengeleg i kommunen eller i regionale eller statlege databasar. ROS-analyse skal utarbeidast for kvart framlegg (sjå vedlegg 2). Som hovudregel vil det i samband med konsekvensutgreiinga vera gjennomført synfaring til dei aktuelle områda. Del II: er ei utgreiing av dei samla verknadene av KPA innafor dei ulike utgreiingstema. Aktuelle tema vil vera økonomi, samfunn og miljø. Del III: er ei utgreiing av dei samla verknadene innafor dei ulike arealbruksføremåla. Analysar og utgreiingar som grunnlag for planarbeidet: Med utgangspunkt i gjeldande arealdel er det siste åra utarbeidd dokument som grunnlag for komande plan: Stadanalyse Gaupne 2010 Stadanalyse Gaupne er ei fagutgreiing som skal leggjast til grunn for KPA. Stadanalysen vart gjennomført med brei medverknad frå skulane i Gaupne. I tilfelle det vert konkludert med å gjera større endringar i Gaupne sentrum vil dette medføra endringar av reguleringsplan og Kommunedelplan for mineralske råstoff Det er utarbeidd og vedteken kommunedelplan for mineralske råstoff som skal innarbeidast i KPA. Overordna ROS-analyse I samband med kommunedelplan for beredskap risiko og sårbarheit vil det verta utarbeidd ein overordna ROS-analyse som grunnlag for neste revisjon av arealdelen. Målet med analysen vil vera å kartleggja risiko- og sårbarheitsforhold på eit overordna nivå. Dette skal vera ein grovanalyse som gjev føringar for kvar det eventuelt må gjerast nærmare undersøkingar. Kommunen vil då fokusera på m.a. fylgjande tema: Naturbasert risiko Risiko knytt til verksemder og infrastruktur Beredskap i Luster kommune Sårbare objekt 13
7. Sentrale problemstillingar som bør avklarast i arealdelen Etter vedtak av gjeldande arealdel har fleire sentrale saker som har vore til handsaming/ drøfta i kommunen, vorte vist vidare til avklaring i samband med revisjon av arealdelen. Aktuelle saker er: Arealføremål Bebyggelse og anlegg Bruk og vern av sjø og vassdrag Omsynssoner Samferdselsanlegg Problemstillingar Bustadareal Gaupne Utviding av eksisterande bustadfelt Sentrumsområde Gaupne - arealøkonomisering Skuleeigedom Fortun endra arealføremål Avgrensa areal for «Witgenstein-området», Skjolden Harastølen omdisponering av areal (LNFR-område i dag) Engjadalselvi rekreasjonsområde og badeplass Verdsarv Urnes stavkyrkje Fareområde skred, ras m.m. (ROS) Tunnelpåhogg Sognefjellsvegen Småbåthamner Solvorn og Gaupne Gondolbane Skjolden Helikopterlandingsplass Skjolden Trafikk/parkeringssituasjon i Solvorn Løypetrasear for snøskuterkøyring i utmark 14