HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD

Like dokumenter
HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD. Horpestad skule. Alle elevane på skulen vår skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø som er fritt for mobbing.

HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD. Horpestad skule. Alle elevane på skulen vår skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø som er fritt for mobbing.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Rosendal ungdomsskule er ein trygg og utviklande læringsarena for alle elevane. VISJON. Partar: Rektor.

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Løkken Verk Montessoriskole. Prosedyrer for håndtering av mobbesaker

Handlingsplan mot mobbing

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

1. AVDEKKING AV MOBBING

BRUSKANVISNING. Prinsipper for god håndtering ved. mistanke om mobbing eller meldt mobbesak: Skolens mål og arbeid Prosedyrer Lovverk

Føreord side 2. Innhald side 3. Førebyggjande arbeid side 4. Avdekking av mobbing side 5. Problemløysing side 6

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Handlingsplan mot mobbing. for. Stranda ungdomsskule

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

1. Forord fra rektor s Bakgrunn og definisjoner s Avdekking av mobbing s Problemløsning av mobbesaker s. 7

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.

Denne planen består av fire deler 1. AVDEKKING AV MOBBING 2. PROBLEMLØYSING AV MOBBESAKER 3. FØREBYGGING 4. KONTINUITET

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ATFERD

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS)

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den..

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Handlingsplan mot mobbing. Grunnskolen i Søgne

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

PLAN FOR SOSIAL KOMPETANSE

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

Melding til Sandved bydelsutvalg /11

Plan for å sikre elevane eit godt psykososialt miljø på Tuv og Ulsåk skular og sfo

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

TILTAKSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Hvordan håndtere mobbesaker? Prosedyre i mobbesaker ved Montessoriskolen i Bergen

TILTAK MOT MOBBING Geiranger skule og barnehage 2012

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Arbeid med det psykososiale miljøet. Byåsen skole

Erfarings- og kunnskapsinnhenting - tilbakemelding frå Hatlestrand oppvekstsenter

Forord

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Plan mot mobbing og mistrivsel

Godkjent av driftsstyret Handlingsplan mot mobbing

PLAN FOR ET GODT OG TRYGT SKOLEMILJØ BRØNNERUD SKOLE

Handlingsplan mot mobbing

Handlingsplan mot mobbing. Grunnskolen i Søgne

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Handlingsplan mot mobbing - Gol vidaregåande skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ADFERD KYLSTAD SKOLE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

GISKE OPPVEKSTSENTER SKULE OG SFO

OVERORDNET PLAN FOR PSYKOSOSIALT MILJØ

KVITESEID SKULE. Planen er handsama i FaU , Samarbeidsutvalet og i TPO team med PPT

Opplæringslova 9A Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

PLAN FOR ET GODT OG TRYGT SKOLEMILJØ BRØNNERUD SKOLE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

Fedje Skule HANDLINGSPLAN OG FØREBYGGJANDE ARBEID MOT MOBBING. Fedje kommune 2015/2016

Lysheim skole Plan for å sikre elevene et godt psykososialt miljø

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Nissedal kommune Eining for skule Plan og rutinar for arbeid med elevane sin rett til eit godt psykososialt miljø etter 9a-3 i Opplæringslova

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

Elevene sitt psykososiale arbeidsmiljø, mobbing og andre brudd på opplæringsloven 9a-3. Sentrum skole. Meldeskjema og tiltaksplan

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Handlingsplan mot mobbing Glomfjord skole. Avdekke, stoppe og forebygge mobbing.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING GOL UNGDOMSSKULE

SAMARBEID HEIM OG SKULE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKINGAR. Danielsen Ungdomsskule Osterøy

04-02 HANDLINGSPLAN MOT MOBBING for Malmheim skole

Handlingsplan mot mobbing på Eiganes skole. Er tilstede Er i utvikling Går sammen

HANDLINGSPLAN FOR ET TRYGT OG GODT SKOLEMILJØ

Plan for oppfølging av elevenes skolemiljø.

Overordnet handlingsplan mot mobbing og krenkende atferd

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017

Retningslinjer for uønskede hendelser mellom elever ved AUSK

Plan for elevenes psykososiale skolemiljø

Transkript:

HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD Vasshus skule og barnehage Revidert 2012/ 2013

Forord Vasshus skule vil arbeide målretta mot krenkjande åtferd. Sosial kompetanse er eit av satsingsområda på skulen, og herunder kjem også systematisk arbeid mot mobbing gjennom blant anna denne ZERO- planen. Vasshus skule er med i ZEROprogrammet, som er eit mobbeførebyggjande program, utarbeidd ved Senter for atferdsforskning ved UiS. Alle elevar ved Vasshus skule har rett på eit godt læringsmiljø utan å bli utsett for krenkjande ord eller handlingar, jmf. Opplæringslova 9a-3.: Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør. Dersom nokon som er tilsett ved skolen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skoleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn. Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet, deriblant tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal skolen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skolen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak. Denne handlingsplanen skal vise skulen sitt arbeid mot mobbing og krenkjande åtferd. Det er fire viktige prinsipp i dette arbeidet: 1. Avdekking av mobbing 2. Problemløysing i mobbesaker 3. Førebygging 4. Kontinuitet Planen skal vise skulen si haldning og tiltak innanfor desse fire prinsippa. Vasshus skule er ein Zero-skule med nulltoleranse for mobbing. Handlingsplanen er utarbeidd av personalet ved Vasshus skule, med innspel frå elevrådet og FAU. Revidert plan skal vedtas i Samarbeidsutvalet (SU). Mette Johnsen Monge rektor

Skulen sitt arbeid mot mobbing Mål: Alle elevar skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø fritt for mobbing på skulen. Med mobbing eller plaging forstår vi psykisk og/ eller fysisk vold rettet mot et offer, utført av enkeltpersoner eller grupper. Mobbing forutsetter et ujevnt styrkeforhold mellom offer og plager, og episodene gjentas over tid. (Roland og Sørensen Vaaland, i Zero, SAF sitt program mot mobbing, lærarveiledning 2003)

1. Avdekking av mobbing Mål: Oppdage mobbing som går føre seg i og ved skulen. 1.1 Årleg mobbeundersøking Skulen gjennomfører kvart år ei mobbeundersøking før påske for 2.- 7. trinn. Mobbeundersøkinga har same innhald kvart år slik at resultata er samanliknbare. (Skoleundersøking om mobbing, Zero) Elevundersøking før påske kvart år, samstundes for 2.- 7. trinn. Gjennomføring og registrering. Resultatet på skulenivå blir gjennomgått med personalet, elevrådet og FAU før sommaren. Resultata vert lagde fram for SMU (Skulemiljøutvalet) i løpet av hausten. Kontaktlærarar og alle som arbeider på dei aktuelle trinna drøftar funna frå undersøkinga. Det blir iverksett tiltak dersom funna viser mobbing. Jmf. del 2. Ein postkasse på skulen der elevane kan leggje framlegg til tiltak og aktivitetar som gjeld miljøet ved skulen. Kassen er plassert i biblioteket. for å kontrollere og bringe vidare aktuelle saker: - Leiinga og kontaktlærarar -Leiinga -Leiinga for Elevrådet. 1.2 Vakt og tilsynsordningar Me har eit flott uteområde med både skog og bekk, og vanleg skulegard. Det er sett opp 2 til 3 vakter i alle friminutt etter eigen vaktplan. Alle vaksne som har vakt skal ha på refleksvest for å vere synlege i skulegard og uteområdet. Det er også gode rutinar for vakt på enkeltelevar etter behov. Vakta blir også bedt om å gå visse stader etter behov, om ein høyrer at det er problem. Når det er heimreise for 1.- 4. trinn har me ei vakt ved busshaldeplassen. Me har også 1-2 vakter ute kvar morgon dei siste 15 minutta før skulestart. Ha vaktplan klar til skulestart. Alle som har vakt skal ha vest som gjer dei synlege i skulegard/ uteområde. Vakta skal vandre rundt på heile området. -Leiinga -Vakt -Vakt

Vakta har ansvar for å kome presis på plass. -Vakt Alle grupper skal ha vaksen med når dei et skulematen. Dersom det skjer krenkjande åtferd som t.d. mobbing, skal vakta melde frå til kontaktlærar. Alle vaksne sitt ansvar ved vakt eller tilsyn: - Leggje merke til elevar som ofte går åleine. - Gripe aktivt inn når episodar oppstår. - Vere interesserte i kva som skjer mellom elevane. - Tenkje om alle elevane at dei er våre elevar, og at alle elevar skal høyre på alle vaksne. 1.3 Kommunikasjon lærar- elev- føresette Mobbing vert teke opp i dei faste elevsamtalane haust og vår. Kontaktlærar legg vinn på å ha ein open dialog med kvar elev og har mobbing som fast punkt i samtalen. Mobbing vert teke opp i faste utviklingssamtalar med føresette. Mobbing og sosialt miljø er tema på felles foreldremøte for heile skulen. Foreldrekontaktane/ FAU har eit foreldremøte på våren, der ein kan ha mobbing/ elevmiljø- relaterte emne på dagsorden. FAU/ foreldrekontaktar kan også arrangere aktiviteter og treffpunkt for eit eller fleire trinn. Tema i klassen: Sosial kompetanse, sosialt årshjul, Zippy for 1. trinn, ta opp enkeltepisodar undervegs osv.. Det blir sett i verk tiltak etter fast prosedyre om det blir avdekka mobbing/ krenkjande åtferd. Sjå del 2. Sosiale mål på vekeplanen. Drøfting og dramatisering av måla. -Leiinga og kontaktlærarar -FAU 1.4 Ved mistanke om mobbing Informasjonsinnhenting gjennom observasjon både i klasse og i friminutt. Tilfellet vert drøfta med lærarane, og fleire vaksne observerer. Informasjonsinnhenting gjennom samtale med den som kan vere eit offer. Kontaktlærar har elevsamtale og bruker god tid på samtalen. Gjennom ulike problemstillingar prøve å kome inn på eleven. Viktig å og leiinga og evt. Leiinga

Mål: skape tillit og tryggleik. Det kan hende ein må ha fleire samtalar. Informasjonsinnhenting frå medelevar kan vere aktuelt. Helsesyster og / eller PPT er aktuelle samarbeidspartnarar. All informasjon eller meldingar til og frå heimen skal dokumenterast i eige skriv og arkiverast i elevmappa (til scanning). Samordne informasjon, for å kartleggje situasjonen. Me skal bruke skjema for å dokumentere : - Registrering av eller mistanke om krenkjande åtferd/ mobbing- Vedlegg 1 - Avtale med elev som har mobba eller utøvd krenkjande åtferd- Vedlegg 2 og leiinga 2. Problemløysing av mobbesaker Skulen tek ansvar og initiativ for å stoppe mobbing. Dette skal gjerast på måtar som i neste omgang førebyggjer mobbing ved skulen. Skulen sin fellesstrategi skal sikre at lærarar/ andre tilsette eller føresette som tek opp ei mobbesak veit at den blir seriøst behandla etter retningsliner me er blitt einige om. Alle i miljøet må kjenne skilnaden på konflikt og mobbing. I det vidare oppsettet er teke med Zero sin problemløysingsmetode. Denne må alle øve seg i og praktisere. 2.1 Skulen sine prosedyrer når mobbing er meldt eller avdekka Tilsett som avdekker uønska åtferd grip straks inn for å ordne opp på staden. Merkar seg kven som er deltakarar og kva som hende. Dersom uønska åtferd blir observert igjen: gje åtvaring der ein seier klart frå om konsekvens dersom dette held fram. -Vakt/ tilsett -Vakt/ tilsett 2.1.1 Prosedyre for første samtale med den som har blitt mobba/ krenkja Før samtalen har lærar skaffa informasjon frå andre i kollegiet. Avdekkje mobbing + samle informasjon er ei felles oppgåve i kollegiet. Lærar gjer klart at han/ ho veit kva som skjer og at skulen ikkje kan akseptere det. + andre tilsette

Gje eleven støtte. Ta eleven på alvor. Har mobbinga gått føre seg lenge, kan eleven kjenne seg skuldig eller vere redd for represalier. Eleven må få høve til å fortelje, men ikkje press. Kjem det ikkje noko fram her, eller at eleven verkar redd, kan ein ta ein ny førstesamtale ganske snart etterpå. Denne må fullførast! Lærar seier at han/ ho vil stoppe dette og at eleven skal få vite kva som skal skje på førehand. Lærar gjer det klart at foreldra til eleven vert kontakta og informerte. Nå vil fleire vaksne spele på lag og gje eleven tryggleik. Det kan og vere aktuelt å seie at dei andre lærarane veit det og følgjer med. Avtal nytt møte med eleven. 2.1.2 Prosedyre for første samtale med mobbar/ mobbarane Individuelle samtalar der elevane ikkje får høve til å snakke saman mellom samtalane; dette gjeld mobbarar og mobbeoffer. Dersom det gjeld fleire mobbarar, kan det vere avgjerande kven av mobbarane ein startar samtale med. Den vaksne skal ha ei nøytral haldning til det mobbaren seier. Det er viktig å ha merksemda retta mot framtida og kva som skal gjerast. Vis at du har tru på eleven, gje positive innspel. Ta tak i forslaga og konkretiser. Målet er at eleven skal ta avstand frå mobbinga. Lærar konfronterar eleven med at han/ ho veit kva som føergår, og at det ikkje kan aksepterast. Lærar gjev eleven høve til å uttale seg, men går ikkje inn i diskusjon. Læraren skal ha ei aksepterande haldning til eleven, men vere bestemt på at det som føregår ikkje vert godteke. Læraren skal seie at eleven får lov til å uttale seg, men at ein ikkje vil bryte inn anna enn å stille spørsmål. Skal den vaksne kommentere, seier ein: Eg registrerer kva du seier. (Å gå inn i diskusjon er første felle i samtalen, det gjev eleven kontroll.) Lærar må følgje godt med på det eleven seier, det kan kome informasjon som er nyttig i det vidare arbeidet. Lærar seier at han/ ho vil informere føresette og at rektor er informert.

Læraren inviterer eleven til å kome med forslag og tiltak for å få slutt på mobbinga. Eleven må konkretisere kva dei ulike tiltaka inneber, og kva han då vil gjere i konkrete situasjonar. Læraren prøver å få eleven til å forplikte seg til å slutte med mobbinga. Avtalen skal skriftleggjerast. Sjå vedlegg Lærar informerer om at han/ ho også vil snakke med dei andre som deltek i mobbinga enkeltvis og deretter snakke saman med dei. 2.1.3 Prosedyre for oppfølgingssamtalar med den som har blitt mobba Bruk samtalane til å få meir informasjon om situasjonen; vener, namn på mobbarane, statuspersonar, skildring av mobbesituasjonane og om vedkomande har støttespelarar og andre kjende som veit om problema. Gje kort referat frå samtale med mobbar/ mobbarane. Informèr om vidare framdrift. Det er viktig å ivareta den som har blitt mobba denne perioden. Då opplever eleven tryggleik og støtte frå ein vaksen. Eleven kan vere nervøs og engsteleg for kva som kjem til å skje. 2.1.4 Prosedyre for oppfølgingssamtale med mobbar/ mobbarane Læraren startar med å refererekva som er kome fram i dei individuelle samtalane Læraren informerer om at saka er teken opp med den som er utsett for mobbing og at eleven også er informert om samtalen som no finn stad. Læraren informerer om at mobbarane sine føresette og vil bli informert og at rektor er informert om saka. Ein må oppfordre mobbarane til å informere sjølv når dei kjem heim. Læraren freister å forplikte elevane til å unngå mobbing ved å få kvar og ein til å seie at dei ikkje meir vil vere med på mobbing. Læraren spør elevane kva dei vil gjere dersom dei ser ander mobbe/ krenkje den aktuelle eleven. Læraren førebur elevane på at dei skal møte den aktuelle eleven og andre elevar.

Læraren gjer det klårt for elevane at han/ ho har tillit til at elevane no følgjer opp avtalane. Brot på avtalar vil føre til konsekvensar. Lærar avtalar tid for ny samtale med den enkelte for å høyre korleis det går (innan ei veke). Læraren vurderer om det straks skal vere eit møte mellom dei/ den som mobbar og den som vert mobba. I ein slik samtale skal normalt læraren gje elevane ordet, men sjå til at det vert ein konstruktiv konklusjon. Den som blir mobba må vere førebudd på dette møtet, og ønskje det sjølv. Det må også avklarast med dei føresette. 2.1.5 Prosedyre for samtalar med føresette til den som blir mobba/ krenkja Lærar tek kontakt med føresette same dag som den første samtalen med eleven. Lærar informerer om situasjonen, og om samtalen med eleven. Lærar skal gje føresette garanti for at skulen tek fatt i problemet og vil informere om prosessen vidare. Det er viktig at skulen og heimen samarbeider i prosessen vidare. 2.1.6 Prosedyre for samtalar med føresette til mobbar/ mobbarane Lærar kontaktar føresette same dag som den første samtalen med eleven. Lærar informerer kort om saka og samtalen med eleven. Lærar avtaler tid for møte på skulen. Føresette til den som blir mobba skal vere informert og vite at eleven sitt namn kjem fram i samtalar. To modellar som kan brukast etter skjønn i møte med føresette til mobbarane: Modell 1: 1. Foreldra til kvar av mobbarane vert kalla inn kvar for seg. Då konsentrerer ein seg om åtferda til deira barn. Gjer merksam på at namn på deira barn vil bli nemnd i samtalar med andre. 2. Eventuelt fellesmøte med føresette til mobbarane. Målet med møtet er å sjå framover og kome med konkrete tiltak for korleis ein kan få slutt på mobbinga. Leiinga er med på dette møtet. Ein fattar eit enkeltvedtak. Sjå vedlegg.3

Modell 2: 1. Lærar orienterer om samtalane med den som blir mobba og hans/ hennar føresette. Ver kortfatta og presis. 2. Samarbeidet vert avtalt vidare. Ein må oppmoda føresette til å snakke alvorleg med barnet sitt og følgje med vidare. Ein kan eventuelt snakke om tiltak i klassen. 3. Ein må gjere føresette merksame på konsekvensar ved avtalebrot. 4. Det vert skrive ein avtale etter standard skjema. Underskrift frå føresette. 5. Leiinga skriv referat. Det er viktig at avtalar og konsekvens ved avtalebrot blir dokumentert skriftleg, eit enkeltvedtak. Sjå vedlegg 3. 6. Vurder om det skal følgjast opp med nytt møte etter ei vekes tid. Ein må òg vurdere å avtale eit nytt møte der offeret sine føresette er tilstades. 2.1.7 Konsekvensar når ein ikkje held avtalar Moglege konsekvensar på brot av avtalar skal klargjerast med elev og føresette. Konsekvensane er ikkje sett opp i prioritert rekkefølgje, men skal klargjerast med føresette og elev i kvar enkelt sak. a) Eleven må ringe heim og fortelje kva han/ ho har gjort. b) Føresette blir kontakta og bes kome og hente barnet om det har fått åtvaring og ikkje følgjer dette opp. c) Eleven får begrensa rørsle. Og leikemoglegheit- må evt. vere ute på eit anna tidspunkt. d) Det kan haldast møte mellom mobbar, eigne og offeret sine føresette og læraren. e) Mobbaren kan skifte klasse for ein periode. -Leiinga og kontaktlærar -Leiinga og kontaktlærar 2.2 Samarbeid med andre instansar ved mobbing Skulen si ressursgruppe; mobbesaka skal drøftast her før ein tek kontakt med andre hjelpeinstansar. -Leiinga Aktuelle samarbeidspartnarar utanfor skulen er: - PPT - Helsesyster - Barnevernstenesta - BUP - Politi U- 18

2.3 Arbeid i etterkant av ei mobbesak Etter at ei mobbesak er løyst, eller at det er teke grep for å endre situasjonen, er det naudsynt å arbeide strategisk i forhold til dei ulike partane: mobbeofferet, mobbarane og klassen/ andre elevar. Målet med arbeidet må vere å førebyggje at dei kjem i desse rollane igjen seinare. 2.3.1 Oppfølging av offeret a) Kontaktlærar følgjer opp og spør med jamne mellomrom korleis det går. b) Ein må følgje med i utetida. c) Ein må vere klar på at offer må gje beskjed dersom mobbar bryt avtalar eller at mobbinga ikkje opphøyrer. d) Tett samarbeid og kontakt med heimen er og aktuelt. Ein kan følgje opp med nytt møte, telefon og E- mail 2.3.2 Oppfølging av mobbar a) Kontaktlærar må jamnleg etterspørje om eleven held avtalen. b) Ein har tett samarbeid og kontakt med heimen. c) Kontaktlærar følgjer opp konsekvensar ved avtalebrot. d) Skulen må vurdere om eleven bør henvisast til PPT. 2.3.3 Oppfølging i klassen a) Kontaktlærar må forplikte alle til positiv åtferd. b) Ein må vise til klassereglar og ordensreglement. c) Ein må bevisstgjere tilskodarane på deira rolle og oppfordre dei til å vere støttespelarar. d) Jobbe jamnt og trutt med klassemiljøet. e) Ha mobbing som fast tema på foreldremøtet om hausten. 2.3.4 Arbeid i etterkant av ei mobbesak- organisasjonsarbeid Problemløysing på individnivå og etterarbeid etter ei mobbesak kan avdekkje svikt i systemet, som bør endrast for å virke forebyggjande. Det er difor viktig at kvar mobbesak blir avslutta med ei evaluering saman med leiinga. Her kan ein drøfte kva organisasjonen kan lære av denne saka med tanke på å førebyggje mobbing.

3. Førebygging Mål: Alle elevar skal ha eit godt arbeidsmiljø og oppleve skulen som trygg. 3.1 Relasjon lærar- elev Læraren er ein tydeleg vaksen som eleven har tillit til. Læraren er ein som eleven kan kome til med små og store problem.

Kontaktlærar har faste elevsamtalar to gonger i året. I tillegg er det samtalar etter behov. Zero- arbeidet er fast tema på elevsamtalane. I samspel med eleven legg me vekt på å utvikle eit positivt sjølvbilete hjå eleven. Leggje til rette for elevmedverknad og for at eleven kan ta bevisste verdival. -Alle tilsette -Alle lærarar 3.2 Relasjon lærar- klasse/ gruppe Lærar viser tydeleg leiing på ein slik måte at alle elevane er trygge i klassen/ gruppa. Tilbakemelding og refleksjon skal brukast bevisst i forhold til prosessar som skjer i klassen. Kontaktlærar må leggje til rette for positive felles opplevingar. -Alle lærarar 3.3 Relasjon elev- elev Elevane i klassen/ gruppa tek vare på kvarandre og er opptekne av at alle har det trygt. Klassen skal arbeide med samarbeidsoppgåver, rollespel og liknande, i forhold til dei verdiane som ligg i det sosiale årshjulet. Elevane skal få erfaring i å arbeide i ulike gruppesamansetningar. -Alle lærarar -Alle lærarar 3.4 Relasjon lærar- føresette Relasjonen mellom lærar og kvar elev sine føresette er prega av respekt, tillit og samarbeidsvilje. Ha jamn kontakt med heimen og dei føresette. Ha eit samarbeid som er prega av likeverd, som sikrar og utfordrar foreldre/ føresette til å ta medansvar i skulen. -Leiinga og alle tilsette 3.5 Samarbeid mellom skule og heim Skulen har eit ope og aktivt samarbeid med dei føresette som gruppe. Samarbeidet blir sikra gjennom lovfesta samarbeidsorgan som FAU, SU, SMU og foreldremøter.

3.6 Skulestart Skulestarten skal vere forutsigbar, trygg og gje alle elevar ein positiv oppleving. Rektor sender brev heim ( i desember) til alle som skal ta til i 1. klasse til hausten, med innbyding til Innskriving i januar. 0. trinn- barna får tilbod om besøksdag på skulen ca ein gong per månad det siste halve året. I mai skal kontaktlærar for 1. trinn til hausten besøke barna i barnehagane som er aktuelle. Overlevering av mappe. Gjennomgang av handlingsplan og samversreglar i august, med tilsette og elevar. Ha felles prosjekt God skulestart for heile skulen i august, for alle elevane, men spesielt med tanke på 1. trinn og fadrane. Ha nøye gjennomgang av samversreglar og ordensreglar, og sosial kompetanse i oppstartveka med alle elevar. Utvikle eit godt sosialt og fagleg miljø gjennom å lage klassereglar og arbeide medvite med Zippy og Zero. Byrje dette arbeidet ved oppstart av skuleåret. -Rektor -Rektor i samarb. M. lærar og bhg. -Rektor og ny kontaktlærar 1.tr. -Rektor ar ar ar 3.7 Klassestart Lærare møter klassen på ein måte som signaliserer ei trygg leiing og ivaretaking som basis for gjensidig tillit. Fast plass til alle elevane. God informasjon om alt som skal skje. Lage klassereglar som alle kjenner, slik at alle føler seg trygge. ar ar ar 3.8 Overgang mellom barnehage- skule Overgang mellom barnehage og skule skal opplevast som kjent i god tid på førehand, og vere trygg for elevane. Rektor sender brev heim ( i desember) til alle som skal ta til i 1. klasse til hausten, med innbyding til Innskriving i januar. -Rektor

0. trinn- barna får tilbod om besøksdag på skulen ca ein gong per månad det siste halve året. I mai skal kontaktlærar for 1. trinn til hausten besøke barna i barnehagane som er aktuelle. Overlevering av mappe. -Rektor i samarb. M. lærar og bhg. -Rektor og ny kontaktlærar 1.tr.

4. Kontinuitet Mål: Skulen sitt arbeid med å førebyggje, avdekke og stoppe mobbing er eit kontinuerleg arbeid. 4.1 skjede Me har som prinsipp at problem skal løysast på lågast mogleg nivå. Den vaksne skal vite kor tid saker skal meldast vidare, og kven dei skal gå vidare til dersom problema ikkje kan løysast på lågaste nivå. et kan sjåast som ei trapp. Nivå 1 Nivå 2 Nivå 3 Kontaktlærar Kontaktlærar til mobbar som samarbeider med kontatklæraren til offer. Situasjon Mobbing på trinnet Mobbing på tvers av trinn Varsling Foreldre Kollegiet Rektor Foreldre Kollegiet Rektor Rektor i samarbeid med kontaktlærarar og relevant hjelpeinstans. Mobbing som krev ekstern hjelp/ støtte. Foreldre Kollegiet Rektor Ekstern hjelp, t.d. PPT 4.2 Årshjul For å sikre kontinuitet i tiltak for å førebyggje og avdekke mobbing skal det setjast faste tiltak på skulen inn i ein kalender over skuleåret. Her nytter me det sosiale årshjulet for kommunen. 4.3 Årleg gjennomgang og revisjon av planen For å gjere planen til eit aktivt verkty på Vasshus skule, vil det vere naudsynt med ein årleg gjennomgang for å vurdere om planen fungerer tilfredsstillande eller om det er naudsynt med revisjon. Ein gong i året- om hausten- vert det gjennomgang av planen. Rektor har ansvar for at planen blir gjennomgått både i FAU, elevrådet og kollegiet. Rektor ser til at revisjon blir sett i verk. Revidert ZERO- plan må bli vedteken i Samarbeidsutvalet (SU). Vedlegg: 1. Skjema for registrering av eller mistanke om krenkjande åtferd/ mobbing. 2. Avtale med elev som har mobba eller utført krenkjande åtferd/ utsagn. 3. Enkeltvedtak