Dialogkonferanse med kommunane i Hordaland



Like dokumenter
Tilrettelegging av fysisk aktivitet - Hordaland

Velkomen til Dialogkonferansen august - 1. september 2009

Velkomen til Dialogkonferansen september 2010

Statusrapport for handlingsprogram for folkehelse

Velkomen til Dialogkonferansen september 2010

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Velkomen til Dialogkonferansen september 2012

Aktiv kvar dag opne idrettsanlegg

Velkomen til Kvinnherad Dialogkonferansen september 2014

Kvar står vi og kvar går vi når det gjeld idrett og fysisk aktivitet i Fjell?

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Til deg som bur i fosterheim år

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

- Offentleg planarbeid

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Anleggs- og tildelingspolitikk for Vestland fylkeskommune Anleggskonferansen, Bergen

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Universell utforming i anskaffingar. Innkjøpsrådgivar Torgeir Riksfjord

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Frivilligpolitisk plattform

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Rullering av fylkesdelplan idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv.

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Regionale føringar og utfordringar knytt til idrett og fysisk aktivitet Britt Karen Spjeld.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Tilskot til lavterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom

Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv: Rullert handlingsprogram

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Med god informasjon i bagasjen

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

REGIONALE IDRETTSANLEGG

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 13. JUNI 2013 KL , SCANDIC HOTEL, HAUGESUND

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Psykologisk førstehjelp i skulen

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Resept for eit sunnare FørdeF

INTERNASJONAL STRATEGI

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 29. JANUAR 2015 KL , KULTURSKULESENTERET HUSNES

Anleggsutvikling i Hordaland. Kjell Gitton Håland nestleiar i Utval for kultur, idrett og regional utvikling

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Ad hoc arbeidsgruppe i Arbeidet resulterte i 3 ulike forslag til ombygging av Storstoga. Det som vart vedtatt fekk førehandsgodkjenning som

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: /HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Nettverksgruppa på hospiteringsbesøk i Danmark

SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Fordeling av spelemidlar til Den kulturelle skolesekken for skuleåret

Inkluderande lokalsamfunn Folkehelse og aktivitet

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Kommunal planlegging behovsvurdering og medverknad gjev betre planar

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Referat frå MINTA møte

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Fylkeskommunale konferansar om fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv hausten 2008

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Virksomhetsplan for år 2016 BESØKSSENTER FOLGEFONNA NASJONALPARK

Informasjonshefte Tuv barnehage

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

Spørjeundersøking om sentrumsområde

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

Ny strategiplan for Høgskulen

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Aktiv kvar dag for personar med utviklingshemming

Transkript:

Dialogkonferanse med kommunane i Hordaland København 12. 14. september 2007

Innhald Kvifor er det deilig å vere norsk i Danmark?... 3 Program for Dialogkonferansen 12.-14. september 2007... 4 Onsdag 12. september... 7 Hjertebank og hjertesukk + forventningar!... 7 Det Maritime Ungdomshus... 8 Korleis drives anleggsutvikling i København?... 9 Trendar anleggsutbygging døme på kreativ fleirbruk... 9 Omvisning i ulike idrettshallar... 10 Prismen... 10 Korsgadehallen... 10 Sjakket... 11 Torsdag 13. september... 11 Mangfaldsåret 2008... 11 Aktiv kvar dag... 12 Folkehelseplan 2007-2008... 12 Innspel frå gruppearbeid om psykisk helse og fysisk aktivitet... 13 Erfaringar med folkehelsearbeid frå Kvinnherad kommune... 14 Spelemidlar... 14 Universell utforming, idrettsanlegg.no og ny regional anleggspolitikk... 15 Gruppearbeid om spelemidlar... 16 Tilrettelegging av fysisk aktivitet... 17 Idrettsfabrikken... 17 Idrætshuset... 17 Utfordring tilrettelegging for fysisk aktivitet innan psykisk helsevern... 18 Pladsen v. Ravnsborggade... 19 Fredag 14. september... 19 Omvisning - DGI-byen... 19 Evaluering... 22 Nettverksbygging... 22 Fagleg oppdatering:... 22 Deltakarliste... 24 2

Kvifor er det deilig å vere norsk i Danmark? v/ Britt Karen Spjeld, fylkesidrettssjef Dialogkonferansen er ein årleg møtestad for kommunar og fylkeskommunen der målet er fagleg oppdatering, nettverksbyggjing og motivering til vidare arbeid med tilrettjelegging for fysisk aktivitet. Dei siste åra har representantar frå kommunar delteke i planleggjinga av konferansen for å få eit best mogleg program i høve til dei utfordringane kommunane står ovanfor innanfor fagfeltet. I år var det Sissel Aarseth frå Kvinnherad og Thor Harald Bringedal frå Fjell som bidrog. Nye impulsar og inspirasjon vart framheva som viktig, og ideen om å dra til Danmark kom opp. Der seier dei å dyrke idræt og tenkjer heilskapleg i høve til mennesket i tilretteleggjingsarbeidet. Den sosiale og estetiske dimensjonen er gjennomgåande når det gjeld anlegg. Også når det gjeld tilbod om fysisk aktivitet til grupper med særskilde behov tenkjer dei vidare enn det vi tradisjonelt har gjort. Dei har m.a. ein eigen idrettsklubb for sinnslidande Kemperne. Mottoet er ikke så tosset enda! Laura Munch i Lokale- og anleggsfonden bidrog på ein flott måte på vår fylkeskonferanse fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i 2006. Vi tok kontakt med henne og fekk god hjelp og tips for å tilretteleggje eit fagleg og sosialt godt program. Idrettskretsen vart invitert med. Det same vart UTFAP = utvalg for tilretteleggjing av aktivitet innan psykisk helsevern i Hordaland. Saksordførar Stig Høgholm frå Kultur- og ressursutvalet tok seg tid til å delta på heile konferansen. Såleis hadde vi eit breidt grunnlag for gode drøftingar og gode innspel til å vidareutvikle politikk og tiltak knytta til aktivitetar og anlegg til den nye fylkesdelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2008-2012. Stort engasjement frå dei 35 deltagarane undervegs på seminaret og mange gode attendemeldingar i etterkant gjer at vi er særs nøgd med konferansen sett i høve til målsetjingane og deltagarane sine forventningar. Kostnadsmessig vert den nok noko dyrare enn ei tradisjonell samling, men totalt sett vert me vonaleg mykje rikare! Eit grunnlag for vidare samhandling med våre kollegaer i Danmark er lagt. Me har framleis mykje å lære av Lokale- og anleggsfonden og København kommune. Ildsjel og forskar Jan Svensson gav mange mykje å tenkje på. Dei har også signalisert at dei vil ta turen til oss. Bergen kommune dreg på studietur allereie denne hausten! Vonaleg kan me få til ein felles utanfor fylket/ evt. region oppleving kvart tredje/ fjerde år. Lukke til vidare med dykkar viktige arbeid. Vi ser fram til vidare samhandling for ein aktiv kvar dag i Hordaland! 3

Program for Dialogkonferansen 12.-14. september 2007 Mål: Målgruppe: Onsdag 12.9 Fagleg oppdatering, nettverksbyggjing og motivasjon Adm. tilsette og politisk ansvarlege for kultur, idrett og friluftsliv Adm. representanter for kommuneplanlegging Fly Bergen København 10.05 11.30 * Hjertebank og hjertesukk! 12.00 Buss ventar på oss på Kastrup 12.30 Dansk frukost på Det Maritime Ungdomshus Kvifor er det deilig å være norsk i Danmark? 13.00 15.00 15.00-16.00 16.45-17.15 17.30-17.45 18.00-19.00 v/ Stig Høgholm (FrP) og Britt Karen Spjeld (fylkesidrettssjef). Omvisning i Det Maritime Ungdomshus Omvisning med Frank medarbeider i Det Maritime Ungdomshus. (Eitt hus der barn og unge kan komme og drive maritime aktivitar, med deira skule, deira institution eller lag). Korleis drives anleggsutvikling i København? v. Winnie Brandt Madsen, Idrettskonsulent i Københavns Kommune o Trendar anleggsutbygging døme på kreativ fleirbruk v/ Lokale- og anlæggsfonden, Laura Munch Praghs Blv. og Prismen Vi går frå Det Maritime Ungdomshus til Prags Blv. Der er eit nærmiljøanlegg, der er tilrettelagt som eit gadestrøg med ein masse aktivitetsmoglegheiter. Prismen - omvisning v. Anne Kristine Van der Sach, aktivitetskonsulent i Prismen. Prismen er eit heilt nytt idrettsanlegg til fleirbruk. Anlegget har mange forskellige brukergrupper, og vinklinga vil vere fleirbruk og brukargrupper herunder integrationsproblematikk. (Noreg har Mangfaldsår i 2008!) Korsgadehallen Omvisning v. Flemming Ohm, medarbeidar Korsgadehallen. Korsgadehallen er også ein heilt ny hall, nedgrava pga. begrensa byggefelt, men med ein grasbakke på taket. Anlegget ligg midt i eit kvartal i København, med ein særs høg prosentdel av borgarar med anna etnisk bakgrunn. Fokus vil vere fleirbruk og integration. Pladsen v. Ravnsborggade Vi går opp til plassen v. Ravnsborggade der er eit nærmiljøanlegg til både idrett, open air film og gatekunst. Sjakket Eit heilt nytt idrettsbygg som vert innvia den 7. september. Ein gamal industribygning er renovert og nyinnreia med idrettshall, undervisningslokaler og musikkproduktionslokaler. Sjakket driv sosialpedagogisk arbeid for dei unge i området, og gir skuletilbod for unge som har svært ved at begå sig i de almindelige skoler. Fokus, idrett, integration og sosialt arbeide. Ein enkel middag blir ete her. 19.15 Innsjekk på hotellet 20.30-- Sosialt samkvem. Copenhagen by night! 4

Torsdag 13.9 8.30 Aktiv kvar dag! v/ Jens Harald Garden Rullering av fylkesdelplanen fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv Planarbeid i kommunar og regionar - erfaringsutveksling Partnarskap for folkehelse o Erfaringar frå Kvinnherad kommune o Presentasjon av ulike aktivitetsmodellar i ulike kommunar. 10.00 Kaffe/te/frukt 10.30 Spelemidlar v/ Tore Andersen og Svein Erik Såtendal Søknadskvalitet: den blå boka Inneståande midlar Universell utforming www.idrettsanlegg.no Ny regional anleggspolitikk? Nytt frå KKD m/ spørjetime v/ Morten Roa 13.00 Dansk frukost 14.00-15.30 16.00-19.00 Tilrettelegging av fysisk aktivitet Idrettsfabrikken Omvisning og opplegg v ein instruktør frå Idrætsforeningen Kæmperne, som er ein foreining for sindslidande. Idrætsfabrikken er eit fleirbruksanlegg som utover alminneleg sjølvorganisert og foreningsorganisert idrett, driv ein masse ulike prosjekt. Av dei mange brukargruppene er ei idrettsforeining for sindslidande. Opplegget vil handle om det å ha idretsaktivitetar for sindslidande, samtidig som det er andre brukarar på anlegget. Kva stiller det av krav til organisationen, til anlegget og til planleggninga m.m. Idrætshuset Omvisning og opplegg v. Jan Svensson og Jens. Jan har forsket i idrett si tydning for sindslidande og har vore involvert i idrettsprosjekt for sindslidande gjennom mange år. Jens er tidlegare sindslidande og no aktiv leiar for Idrætsforeningen Kæmperne. Idrætshuset er eit idretts- og aktivitetshus for sindslidande med idrettshall, kafé og møtelokaler. Jan vil fortelje sine mange års erfaringar med idrett for sindslidande, og Jens vil vise rundt i huset. Korleis kan personar innafor psykisk helsevern i Hordaland få eit betre tilbod i sine kommunar? Gruppedrøfting v/ Jens Harald Garden 20.00 Middag og sosialt samvær Bading i Vannkulturhuset i DGI-byen 5

Fredag 14.9 -- 8.30 Morgonmat og utsjekk frå rom 8.30 Omvisning på DGI-byen 10.00 Kaffe/te/frukt 10.05 Idrettskretsen informerer om: modellen toppidrettsgymnas basistrening treningskontakt Samhandling med frivillige organisasjonar - idrett og friluftsliv v/ Knut Songve, org.sjef Hordaland idrettskrets Erfaringsutveksling 11.00 Aktiv pause 11.10 Vegen vidare: Kva innspel kan vi ta med oss frå samlinga til det vidare arbeidet på lokalt og regionalt nivå? Konsekvensar for innhald i fylkesdelplan? Ny anleggspolitikk? Korleis kan personar innafor psykisk helsevern i Hordaland få eit betre tilbod i sine kommunar? Mangfaldsåret 2008? Gruppedrøfting og plenum 12.15 Oppsummering og evaluering av samlinga 12.30 Dansk frukost 13.30 Avreise til Kastrup 6

Onsdag 12. september Hjertebank og hjertesukk + forventningar! På Flesland vart deltagarane utfordra til å skrive ned ein ting dei brenn for/ synes går bra i deira kommune/ org. = Hjertebank + ein ting som ein strevar med/ kan bli betre = hjertesukk! I tillegg skulle alle notere dei viktigaste forventningane til dialogkonferansen. Hjertebank (summering): Fokus Aktiv kvar dag Pasientar som strekker hendene i været på toppen av eit fjell og seier at dette er den beste behandlinga eg kan få. Brenn for å få fleire barn og unge i aktivitet, særleg inaktive barn Nærmiljøtiltak og nærmiljøanlegg Lokalt engasjement, godt samarbeid med lag / organisasjoner, stor dugnadsånd. Treningskontakter Hordaland Aktivitet for personer med psykisk liding Bra profilert friluftsliv. Fått folk ut på tur. Idrettsanlegg er god samfunnsøkonomi! Aukande aktivitet på utbygging av anlegg / større volum på søknader om spelemidlar Skape arenaer og aktivitetstilbod for organiserte og uorganiserte Mange aktivitetar på avgrensa område Fleirbruksanlegg, ny idrettshall Bygge opp om aktivitetar, anlegg, struktur som gjer at fotball vert mindre viktig Sykkelanlegg utvikle anlegg for sykkelsporten Å utvikle skisenteret på Folgefonna til å bli 1. val i Sør Norge Gjort vedtak om stor utbygging av kulturhus (inkl. flerbrukshall, kunstgrasbane m.m.) Momskompensasjon Driftsavtaler Meir ressursar til frivillig arbeid Hjertesukk (summering): Lite ressursar (tid & pengar) Arbeidspress: Liten tid til å jobbe med idrett i eigen kommune, og eitt stort prosjekt tek mykje av ledig kapasitet/ blir liten fordjupning til kvar oppgåve. Lite fokus på idrett politisk og iflg. budsjett. Manglande midlar til drift/ vedlikehald / investering Dårlig koordinering av arbeid med idrettsanlegg i kommunen Manglande avklaringer tverrsektoriell økonomi / ansvar For dårlig dialog med fylket Manglande attendemelding frå kommunen - må purre! Få til godt samarbeid i alle kommunar i fylket vedr. idrettsorg. og kommune Anleggsutbygginga er styrt og gjennomført av private Liten kommunal medverknad Ungdomsaktivitet Informasjon om allsidig aktivitet til idrettslag Aktivitetar uten anlegg / plass Fine og gode arrangement, men må få til varig AKTIVITET 7

Institusjonspersonale har aktivitetsbremsen på. Har ikkje idrettshall / bygg At fotballanlegg ser ut til å prioriteres før alt anna Den evige drøftinga om idrettshall / fleirbrukshall For dårlig overnattingskapasitet i sommerhalvåret Planarbeid Forventningar til dialogkonferansen Treffe kollegaer i kommunar + nye impulsar Utvide nettverk, verta kjent med likesinna Inspirasjon, læra noko NYTT, få ny kunnskap, tenkja nytt, nye løysingar Fagleg lærdom ift. anlegg og idr. feltet i kommunane Få nye innspel på utvikling av anlegg og aktivitetstilbod Få innblikk i korleis danskane utviklar og byggjer idrettsmiljøanlegg Konkrete planar for nye aktivitetsanlegg for jenter Få så mykje info som mogleg som er overførbar til forhold / utfordringar i eigen kommune Idear til organisering av tilbod til nye grupper Sjå gode døme på mangfaldfokus Kunne drøfte eigne prosjekt med fylkeskommunen i ledige stunder Det Maritime Ungdomshus I 2004 sto det maritime ungdomshuset ferdig i strandkanten i København. Byggeprosjektet hadde ei samla kostnad på 10. mill. Prosjektet var et lokalt initiativ. Målet er å introdusere vatnsport for barn og ungdom i København kommune. I løpet av eit år har ungdomshuset i overkant av 3000 barn og ungdom innom. Dei som kjem til klubben er frå 10 år. På anlegget er det tre tilsette. To av dei er aktivitetsleiarar og har ansvar for aktiviteten ved anlegget. Dei tilrettelegg aktivitetstilbod for grupper som kjem frå lag, klubbar og klassar som avtaler tid på førehand. Lærar/ klubbleiar må delta saman med deltagarane. Opningstida er kl 9-17 alle kvardagar og tilbodet er gratis! Aktivitetane som tilbys er ulike vatnaktivitetar som t.d. segling, kayak, windsurfing. Ungdomshuset er bygd inne i ei havn for seglbåtar, og i tillegg er det fleire andre vannaktivitetsklubbar som driv med kajakk, seglbrett og lignande. Dette er klubber som barna har høve til å melde seg inn om dei vert interessert. Klubbane har 3 dobla tal medlemmar sidan opninga. Ungdomshuset har stundom arrangement i helgane, men i hovudsak er det dei ulike frivillige laga som nyttar lokala då. Anlegget er på 1400 m2, der 400 m2 er under tak. 90% av aktivitetane foregår ute. Dei har eit årleg driftsbudsjett på 1,3-1,5 mill. Kommunen og laga har sambruk av utstyret, og alt utstyret vert lånt ut gratis. Dei vedlikeheld alt utstyret sjølv, m.a. har dei eit eige båtverkstad. For å god inkludering med dei som er i miljøet gir aktivitetsleiarane deltagarane ulike oppgåver der dei m.a. må snakke med gamlekara som steller båtane sine for å få svar. 8

Korleis drives anleggsutvikling i København? v/ Winnie Brandt Madsen, Københavns Kommune København kommune har 500.000 innbyggjarar, og det er 500.000 i nabokommunane Det er 7 forvaltningar. 2500 tilsette i Kultur- og fritidsforvaltninga i København. 400 er tilsette i idrett, 10 arbeidar i administrasjonen. Ser ikkje utelukkande på idrettsdeltakinga når planleggjer anlegg, men vurderer tilretteleggjingsbehov ut frå all aktivitet. Kvart andre år lager dei ein idrettspolitisk utgreiing. Kvart 4. år vert barn sine kultur- og fritidsvaner kartlagt. Kvart år vert det kartlagt korleis status er i høve til inkludering av dei etniske minoritetane. Visjon som København vert styrt etter: 1. fleire fasilitetar med lokal og internasjonal standar 2. flere aktivitetar 3. by for københavnerne, utnytte byen sine rom Trendar anleggsutbygging døme på kreativ fleirbruk v/ Lokale- og anlæggsfonden, Laura Munch www.loa-fonden.dk Lokale- og anleggsfonden skal: 1. utvikle kultur- og fritidsområdet 2. innsamle, formidle og utvikle viten Dei forvaltar om lag 80 mill i året. Det vert bygd totalt for 3 milliander. Deira søkekriteriar: nye funksjonar og ny arkitektur frivillig innsats inkludere barn og ungdom + fleirbruk universell utforming Gir støtte til pilotanlegg som grunnlag for å spre kunnskap til heile landet. Alltid opne anlegg med sosiale samlingsstader. Små anlegg mest etterspurd. PowerPoint-presentasjon frå innlegget finn du på på www.hordaland.no/idrett 9

Omvisning i ulike idrettshallar Prismen Prismen er eit heilt nytt idrettsanlegg til fleirbruk (opna i 2006). Anlegget har mange forskjellige brukarar frå ulike nasjonar. Areal: 3400m2. Total kostnad kr 52 mill. Kr. 20 mill i støtte frå lokale og anleggsfonden. Dorthe Mandrup arkitektur. Hallen ligg i indre byområder der utfordringa er å utnytte små ledige byrom. Hallen er bygd inntil ein eksisterande bygård. Inneheld aktivitetsflater for ulike idrettar, klatrevegg, sklibane, dansesal, kultursal, masasje/behandlingsrom, cafe m.m. Det er kommunalt dreve, med 7 tilsette. Fordeling av brukstid er 60% til idrettsforeningane, 20% til eigne prosjekt og 20% til eigenorganisert aktivitetar der det berre er høve til å bukke tid tre veker fram i tid. Dei uorganiserte kunne kjøpe klippekort til ein rimeleg pris. Skulane i nærmiljøet nyttar anlegget. Korsgadehallen Opna i 2006. Areal 3400m2. Total kostnad kr 60 mill. Kr. 10 mill i støtte frå lokale og anleggsfornden. Tegna av BBP Arkitektar. Korsgadehallen er nedgrava pga. begrensa byggefelt, med ein grasflate på taket. Grunnen var prega av miljøforureining. Dette er kapsla inne, og anlegget bygd over. Lukta trenger gjennom og kjennes godt i garderobane. Anlegget ligg midt i eit kvartal i København med ein særs høg prosentdel av borgarar med anna etnisk bakgrunn. Fokus er fleirbruk og integration. Hallen er open kl. 7-23 på kvardagar, og kl. 8-21 lørd/sønd. Det skal vere ein treningshall for lokale innbyggjarar, og ingen konkurranse hall. Det sosiale er like viktig som det idrettslege. Hallen inneheld ballbane, dansesal, kampsport, leikeområde, kafe / balkong og møterom for lokale lag. NB! Bygg dansesalen utan vinduer om ein vil ha med jenter som går med tørkle. Fordeling av brukstid er 60% til idrettslaga, 20% opent for uorganisert aktivitet for barn og 20% kjøpetid. For å få tilgang i kjøpetida kan ein kjøpe klippekort til ein rimeleg pris; 100 kr = 11 aktivitetstimar. Fleire gutar enn jenter nyttar hallen. Hallen har 5 faste medarbeidarar (ikkje aktivitet praktisk jobb). Det er vektlagt at dei tilsette skal kunne kommunisere godt med dei som nyttar anlegget. Såleis er 2 etniske danske, 2 marokanarar og 1 pakistanar tilsett. Kafeen er ein av dei fremste på økologisk mat i København. Av og til arrangerer dei rockekonsertar. Dei stenger hallen for vanlig aktivitet ved høgtider, men arrangerer fest for alle i nærmiljøet på nyttårsafta. Visjonen er å kunne vere ein møtestad 24 timar i døgnet heile året. 10

Sjakket Bygget er heilt nyopna 7. september 2007. Areal 1100m2. Total kostnad kr 28 mill. Kr. 4,7 mill i støtte frå lokale og anleggsfonden. Dei kjøpte ein gamal trykkerifabrikk for kr 1 mill. Nybygget er tegna av BIG/ Bjarke Ingels. Etter renoveringa og nyinnreiinga er det idrettshall, kamptreningsmatte, klatrevegg ute, undervisningslokaler og musikkproduktionslokaler. Sjakket er ein privat organisasjon og dei eig bygget. Dei driv sosialpedagogisk arbeid for dei unge i området, og gir skuletilbod for unge som har svært ved at begå sig i de almindelige skoler. Kriminelle invandrar ungdom 13-16 år er hovudmålgruppe (ope både for begge kjønn, men no var det berre gutar). Dei er siste stopp før ungdomsfengsel. Sjakket gir eit dagtilbod med skule. Fokus er idrett, integration og sosialt arbeide. Sjakket får stønad frå København kommune. Dei har 12 tilsette og gir tilbod om kosthald også. Idrettar som vert nytta i det pedagogiske opplegget er kampsport, badmington, dans, volley, og fekting. I tilegg lagar dei kontraktar med idrettslag om å inkludere ungdommane i laget sitt mot at dei får trenge gratis i deira lokal når dei ikkje nyttar det sjølv. Sjakket tilbyr rettleiing til laget om korleis handtere ungdomane med særskilde utfordringar. I tillegg tilbyr dei musikk som del av undervisninga. På toppen av bygget er det ein container med musikkstudio. Torsdag 13. september Mangfaldsåret 2008 v/ Ingebjørg Astrup, fylkeskultursjef Mangfaldsåret skal auke innbyggjarane si interesse og informasjon om kulturelt mangfald. Viser til St.t.meld 17 Kulturelt mangfald Det er laga ei eiga intern gruppe i fylket. Det er mange ting å lyfte fram. Mål: stimulera nye og eksisterande miljø som alt driv kulturelt mangfald (Bente Møller i dep. er sentral person) Lågterskeltilbod Kalendarie få idear, ikkje alltid det er så mykje som skal til Bergen fysisk aktivitet vektlagt a) Melde inn ting som skjer b) Kalendariet, eiga nettside. Adressa får ein ved å kontakta fylket. 11

Aktiv kvar dag Rullering av fylkesdelplan for fysisk aktivitet v/jens Harald Garden Planen skal leverast før jul. Ambisiøst, men ein vil freista klara dette. Bakgrunn: Oppstart i fylkestinget 10.10.06 - rullering av gjeldande fylkesdelplan frå 2002-2005, den gamle er gjeldande til ny er vedteken. Den nye planen skal ikkje vera ein skrivebordsplan, bruk han! Folkehelse har eit vidt spekter og er sentralt i planen. Vi vil ha eit meir detaljert handlingsprogram på lik line med det Sogn og Fjordane har fått til i sin plan. Framdrift: Høyringsutkast desember 2007 - Høyring januar mars 2008 - Vedtak juni 2008 Organisering: Styringsgruppe: Kultur og ressursutvalet Saksordførar: Stig Høgholm Prosjektgruppe: Fylkeskommunen, Kommunar i Hordaland, idrettskrets, Bergen Turlag og BOF Ressursgruppe: HFK, FK, KKD, FoU, FM og andre Strategiske mål: auka HFK sitt engasjement innan fagfeltet. Samordning. Gjeldande plan: 16 tiltak som verkty for å nå måla. Dei fleste er gjennomførte eller sett i gang, nokre er ikkje påbyrja. Ber litt preg av høge tankar der ein nyttar papir pengar ein ikkje har. Må vera meir realisme mellom mål og midlar i den nye planen. Krav til ny fylkesdelplan FK skal sørgje for kontinuerlig fylkesplanlegging innan idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet; jfr. Plan- og bygningslova; samordne staten, FK og kommunane si verksemd i fylket. Friviljuge lag/organisering av samfunnet sentralt. Folkehelseplan 2007-2008 Sjekk FK sine heimesider www.hordaland.no 1 Handlingsprogram 2 Partnarskap for folkehelse premiss 3 Organisering av folkehelsearbeid i HFK 16.10.06 vart partnarskapsarbeidet for folkehelse i Hordaland sett i gang ulike moment og punkter Folkehelse er ikkje berre fysisk aktivitet St. meld 16 Resept for eit sunnare Noreg Tilskot: Inntil 1,5 millionar kroner til stimulering av folkehelsearbeid, 500.000,- til fysisk aktivitet. Det er lagt føringar for bruk av midlane. Kommunar som vil ha midlar må skriva partnarskapsavtale. Organisering vert sentralt då her er mange ulike aktørar. Det er og problem knytt til lange avtalar der ein ikkje veit økonomien. 12

Grøn resept andre samarbeidsavtalar 500.000,- til den kulturelle spaserstokken i FK Treningskontaktar Tverrfagleg ressursgruppe Sentrale utfordringar i den nye planen Folkehelse Frivillige organisasjonar Anlegg (idrett og friluftsliv) Statlege føringar sjekk nettsida til FK Regionale føringar sjekk nettsida til FK Tilstandsrapport for fysisk aktivitet i Hordaland ligg på nettet. Innspel frå gruppearbeid om psykisk helse og fysisk aktivitet Påstand 1: Alle kommunar skal ha ein strategi for fysisk aktivitet som skal nedfellast i den kommunale psykiatriplan ta det opp med adm.leiing og politisk for å få det inn i kommunale planar idrettskretsen motivere idrettslag med økonomi, kunnskap og anlegg/treningstid få fysisk aktivitet nedfelt ved neste rullering av den kommunale psykiatriplanen fokus på samanhengen mellom fysisk aktivitet og helse Fylkeskommunen: arrangere kurs for kommunane f.eks med Jan Svenson innspel til planprosessen/delta i plangruppe Påstand 2: Alle kommunar skal opprette eit aktiv på dagtid -tilbod kartlegge eksisterande tilbod og kartlegge behov køyre pilotprosjekt på ulike tiltak i nokre kommunar prioritere fysisk aktivitet i eksisterande tilbod - inngå i behandlinga starte med treningskontakter, så aktiv på dagtid samarbeid med dagsenter, frivillighetssentralen, Valen Påstand 3: Alle fem regionane skal ha fått tilbod om treningskontaktkurs innan 2009 ja fylkeskommunen må støtte utdanning av personell. Idretten kan bidra ansvarlege for forvaltning av psykiatrimidlene/ helse- og sosialsjefar må få info om ordninga med treningskontaktar slik at dei ser at dette kan bli eit billigare og sunnare verkemiddel på sikt Påstand 4: Hordaland skal ha 250 fungerande treningskontaktar innan 2012 300 treningskontaktar auke tallet treningskontaktar fram til 2012 Evalueres etter omlag 2 år? Påstand 5: Det skal opprettast minst eitt idrettslag i Hordaland for psykisk sjuke ja KAN bli stigmatisering i mindre lokalsamfunn. Integreres bedre. skeptisk til etablering av eget I.L. til psykisk syke 13

Elles kom dette fram: Kva kan kommunane gjere? Skaffe anlegg/tid Sende info vidare til alle potensielle brukarar og instruktørkorps Bruke ressursar som allereie er i idrettsanlegga til aktivitetar Kva kan HFK gjera? Stille midlar til disposisjon (kanskje øremerke til ekstra småsalar i tilknytning til idrettshallar/institusjonar Koordinere og utvikle idebank Møter med helsesektoren for å overtale dei Kven andre kan/bør vi dra inn i arbeidet? vidaregåande skular med idrettslinje Kursopplegg HIK PowerPoint-presentasjon frå innlegget finn du på på www.hordaland.no/idrett Erfaringar med folkehelsearbeid frå Kvinnherad kommune v/sissel Aarseth Kultur gjer Kvinnherad rikare Folkehelse komplekst omgrep. Skal sikre gode strukturar i samfunnet for unngå reperasjon av menneska. Ansvar låg tidlegare under kultur, men er flytta over til sosiale helsetenester. Konferansetema på Rosendalskonferansen 2006: Helsefremjande fellesskap og møteplassar. Open hall. Husneshallen er open i feriane. Symjebassenga i haustferien. Partnerskapsavtale for folkehelse er ikkje underskriven, men har fått tilsegn om kr 150.000 i midlar frå fylkeskommunen ved underteikning av avgrensa partnerskapsavtale. Her er stilt ulike krav til kommune, fylkeskommunen og fylkesmannen. PowerPoint-presentasjon frå innlegget finn du på på www.hordaland.no/idrett Spelemidlar v/tore Andersen og Svein Erik Såtendal I den blå boka (ei intern erfaringsbok knytta til spelemiddelhandsaminga) har fylkeskommunen registrert feil og manglar ved søknad om spelemidlar og lagt denne ut på nettet. Emna er opplista under: Behovsvurdering Kostnadsoverslag Finansieringsplan Forvaltning/Drift/Vedlikehald (FDV) 14

Det vart drøfta kva vi kan gjera for å betra samspelet mellom kommunane og fylket når det gjeld spelemidlar og KRISS. Kort summering av svara: Bruk blåboka som sjekkliste eller fylkeskommunen lagar ei liste! Sjekk kartreferansar! Avhenda restanselista! Få inn rekneskap og/eller be om delutbetaling! PowerPoint-presentasjon frå innlegga finn du på på www.hordaland.no/idrett Universell utforming, idrettsanlegg.no og ny regional anleggspolitikk v /Morten Roa, rådgjevar i Idrettsavdelinga, KKD Universell utforming Krav om tilgjenge for å få spelemidlar bygd på heftet idrettsanlegg for funksjonshemma. Overordna målsetting frå staten å få dette vidareført i form av nytt hefte universell utforming. Byggjer på St.t meld 8 frå 1998/99 Deltaking og likestilling. VANSKELIG område då omgrepet er lite konkret. Kva krav skal ein setja til anleggsflater/aktivitetsflater/områder, tilkomst/parkering, tilskodarområder og serviceområder garderobar, opphaldsrom, servering, toaletter? Det viktigaste er kanskje ei medvetgjering i høve til tilgjenge/uu hjå arkitektar, ansvarleg prosjekterande? Kontroll av planlegging, kven passar/kontrollerar kva? Eigenkontroll? Stort potensiale for forbetringar. Synfaring korleis har andre gjort det? Brukarmedverknad organisasjonane sjølve er ikkje like bevisste på kva UU er. NB! Ny rettleiar skal vera ferdig i 2007! Deltasenteret: vektlegging av praktiske hjelpemiddel. Hordaland: Hild Kristin Morvik tilsett i 50% stilling i FK og 50% stilling i Bergen kommune for å arbeide med UU. Trendar Talet på søknader går litt ned, medan søknadssummen går opp. Fleirbrukshallar stor auke i søkjarar. Isanlegg: 50% auke dei siste åra. Nærmiljøanlegg: på veg ned. Finn info på www.idrettsanlegg.no - eit nytt elektronisk system som vert teke i bruk 01.11.07. Kommunar vert oppmoda om å søke elektonisk for 2008. Frå 2009 skal det meste skje elektronisk sjølv om einskilde vedlegg kanskje må sendast pr post. Hovudfordeling små endringar. 10 millionar til Holmenkollen nasjonalanlegg, 60 millionar til anleggspolitiskprogram. Endringar i rettleiar få, men viktige 1.2 Lovhjemmel halde seg orientert om til ei kvar til gjeldande retningsliner 2.4.5 Ikkje stønadsretta kostnader: leige av grunn og reguleringsarbeid 2.7 Idrettsfunksjonell godkjenning. Skilje mellom idrettsfunksjonell og teknisk godkjenning. 2.8.4 Idrettshus klubbhus, garderobehus, hus for vedlikehald, drift og idrettsmateriell. 4.6 Turvegar, stiar og turløyper justeringar av vedlegg 2 15

Frivillighetsmeldingen St.t melding 39 frå 2006/07 Kompensasjon for tap av automatinntekter: 2008: 168 mill 2009: 308 mill Ny spelemiddelnøkkel 2009: Idrett 45,5%, kultur 36,5%, humanitære forhold 18% Mindre midlar til idretten, i tillegg flatar overskotet til Norsk Tipping ut. Køen på spelemidlar vert større. Innspel frå salen: Ta nokre milliardar av statsbudsjettet? PowerPoint-presentasjon frå innlegga finn du på på www.hordaland.no/idrett Gruppearbeid om spelemidlar 1. Korleis kan du og din kommune være med og forbetre kvaliteten på spelemiddelsøknadene? Hjelp med å fylla ut søknaden frå kommunen. Halde oss oppdatert på søknadsprosedyrar, utfylling av skjema, regnskap etc. Flinkare til å informere om krav til søknaden og rettleie potensielle søkjarar Sjekkliste frå Hordaland fylkeskommune som kan brukast av kommunen og søkjarar. Tidlig frist lokalt slik at ein har tid til gå gjennom og eventuelt etterlyse dokumentasjon. Ta i bruk nytt internettverktøy www.idrettsanlegg.no Sjekke punktliste på nettet fylke og kommuner. Meir konkret info til lag og organisasjoner gjennom idrettsråds- møter/konferanser. Søkjarkurs for lag/organisasjonar Mønstersøknader lagt ut på nettet til kommunene eller link til fylkeskommunen. 2. Kva skal til for at fleire organisasjonar/kommunar gjer seg nytte av den mindre kostnadskrevjande nærmiljøordninga? Betre kjennskap til ordninga, og døme på kan ein kan få tilskot til. Informasjon til lag og organisasjonar Enklare skjema Lempe på kravet til tinglysing. Endring i kriteriar (utstyr vedlikehald). Markedsføring kan bedras med gode døme og bileter. Utfordre skulane til å nytte ordninga. Må ha møter med potensielle søkarar for å klargjere krav til søknaden. 3. Kva skal til for at IDRETTSANLEGG.NO til einkvar tid skal vere oppdatert med rette opplysningar? Lett å bruka for sakshandsamer i kommunen. Søkbart og funksjonelt register. Nøye med registreringa. Har tru på at idrettsanlegg.no vil fungere bra når kommunane sjølv skal stå for oppdateringen av opplysningane. (Kanskje noko optimistisk?) Kommunen bør ha det overordna ansvar for ajourføring av registeret. 16

Anlegg som vert registrert av andre instansar (t.d. anlegg i fjellet) bør ha same krav til registrering av informasjon som kommunane. Kvar kommune må gå inn og kontrollera om opplysningane om den enkelte kommune er rette. God kursing - ikkje berre e-læringsprogram. Tilrettelegging av fysisk aktivitet - eit innblikk i ulike modellar for sinnslidande, men som kan overførast til ulike målgrupper. Idrettsfabrikken Idrætsfabrikken er eit fleirbruksanlegg som utover alminneleg sjølvorganisert og foreningsorganisert idrett, driv ein masse ulike prosjekt. Det er eigd av ei stifting, og dei får kommunal stønad gjennom leige av omlag 40 timar pr veke til skular/barnehagar/idrettslag. Driftsbudsjettet er på kr 2-2,5 mill. Idrettsfabrikken er eit lokalt anlegg med eit lokalt føremål! Bygget hadde mange små lukka rom utan innsyn. Bra for særskilde brukargrupper. Manglar sosiale rom. Delar av anlegget vert nytta til vandrarheim om sommaren. Av dei mange brukargruppene er ei idrettsforeining for sindslidande (personar innan psykisk helsevern) Kæmperne stifta i 1998. Dei har 200 medlemmer som betalar kontingent på kr 250 pr år. Sjå sjansar i staden for grenser! Dersom medlemer har ein dårleg dag held dei seg heime eller dei har ein sosial arena og treffa likesinna samt dyrka sin idrett. Aldersgruppa er 20-55 år, med hovudvekt mellom 30 og 45. Tilboda er mellom 11 og 16 då det er vanskeleg å få halltid på ettermiddagane. Det er 10 instruktørar som byter på å hjelpa til. Desse er betalt av staten. Ein av motivasjonane er eit årleg arrangement/løp på 2,5 eller 5 km. Enkelte år reiser ein og på skitur i Sverige. Dei har aktivitetar samstundes som det er andre brukarar på anlegget. Stiftinga har og hatt grupper for rusbrukarar og alkoholikarar. Det har vore nærast ingen problem med brukarane i anlegget. Andre målgrupper er tospråklege, innvandrarar og utviklingshemma. Dei driv aktivitetar som badminton, styrketrening, symjing, fotball, innebandy, kvinnegymnastikk, barneidrett. Idrætshuset Omvisning og opplegg ved professor Jan Svensson. Jan har forska på idrett si tydning for sindslidande og har vore involvert i idrettsprosjekt for sindslidande gjennom mange år. Danskane reiste til Gaustad for 20 år sidan for å læra, no reiser nordmenn til København for å læra. Idrætshuset er eit idretts- og aktivitetshus for sindslidande med klatrevegg, småsal, styrkerom, kafé og møtelokaler. Aktivitetar som vert tilbydd er klatring, springing, dans, fitness, gym, joga, sykling og friluftsliv. Det vert gjeve treningsprogram og oppfølging. Kafeen byr på økologisk mat! Brukarane får servert mat og får opplæring. Sinnslidande er ei gruppe som ofte brukar medisin for å klara seg. Medisinane gjer ein passiv. Enkelte brukarar har lagt på seg 60 kilo på 3 månadar ved innlegging på institusjon. Fysisk aktivitetsnivå vart redusert til nivå med ein rullestolbrukar. Ein fokuserer på haldningsendring då ein i institusjonane vanlegvis har lite aktivitet og mykje god mat med kaffi og kaker/dessert kvar dag. Livsstilen må endrast. Ser på det heile mennesket med kosthald fysisk aktivitet og arbeid. 17

Ei undersøking om motivasjon for fysisk aktivitet blant tilsette og klientellet viste eit overraskande gap. Medan vel 90% av dei tilsette ikkje trudde klientellet ville ha fysisk mosjon, var det over 90% av desse som ville ha det. Vidare kom det fram at prosentvis tal på røykjarar, både klientell og tilsette, er mykje høgare i institusjonar enn elles i samfunnet. Ideen er å hjelpa den enkelte på vegen ved å fokusera på dei små tinga og koma i gang med det ein klarar og vera realistisk i oppfølginga. Fleire har kome seg ut i samfunnet med tilnærma normal livsførsel. Utfordring tilrettelegging for fysisk aktivitet innan psykisk helsevern Påstand: personar innafor psykisk helsevern i Hordaland skal få eit betre tilbod i sine kommunar! Kva idear kan de ta med heim direkte (i ryggsekken) og kva må idear må evt. til resirkulering før kan takast i bruk? I ryggsekken: Organisatorisk/system; politisk/administrativt politikarane må skulerast innan temaet for å kunne vite nok til å prioritere og satse på det helsesjefen og politikarane må ta idrett/friluftsliv på alvor som behandlinga i psykiatrien kommunen må peike ut ei stilling (ev. opprette) som får ansvaret for oppfølging samarbeid på tvers, førebygging tilsette idrettsfagleg personell som kurser og motiverer andre i psykiatrien ta eit oppgjer med pleiarane! mindre forhold i min kommune lang endringsprosess motivere til idrett, organiserte treningsgrupper fokusere på å gjere ting enkelt same idrettstilbod som andre brukarar (t.d. open hall) eigen organisasjon for sinnslidende sine interesser tilby brukarane treningskontaktar 1. Samarbeid - læring om samarbeidstanken helse/kultur/idrett i helsearbeid. 2. Fysisk tilrettelegging ved å byggje anlegg som kan nyttast/er ønska av psykiatrien. Leggje til rette for aktivitet i alle idrettshallar, t.d. open hall, dagtrim som er lågterskel og inkluderande. 4. Idrettstilbod på psykiatri-institusjonane. Kva skal resirkulerast utfordringar: danne eigne idrettsforeiningar for personar innan psykisk helsevern er usikker på om idrettslag kan gjere ein jobb med psykiatrien i tillegg til det dei har i dag fagpersonale, helsepersonell må overbevisast kraftig vanskeleg å motivere helsepersonell utan å heve lønn for tette skott mellom kultur/idrett/helse små kommunar lukka kommunikasjon store utfordringar grunna små miljø/ressursar aktivitetskutt grunna økonomi fleire dagsentre satse på idrett og idrettslærarar tilgangen til lokaler/områdetrur alt er overførbart bare vi vil og er villige til å satse tid (og pengar) 18

Pladsen v. Ravnsborggade Dei som ville gjekk innom plassen v. Ravnsborggade der er eit nærmiljøanlegg til både idrett, open air film og gatekunst. Kveldsbad i Vannkulturhuset med dempa lys og musikk. Vannkulturhuset er ein heilt anleis symjehall. Eit elipseforma basseng med eit mindre firkanta basseng i midten der djubda kan regulerast. Såleis kan det tilpassast ulike brukargrupper og i tillegg nyttast til ulike kulturføremål som festar, konsertar, moteshow, film og teater. Det er også ein eigen avdeling for småbarn med ulike barnebasseng. Bak ein skjermingsmur var det tilrettelagt for stuping, hopping frå trampoline og kalatrevegg. Det var også ein open spa-avdeling for interesserte. Vannkulturhuset er open frå kl. 7.00-24.00 kvar dag og i feriar! www.dgi-byen.dk Fredag 14. september Omvisning - DGI-byen DGI står for Dansk gymnastikk og idrettsforening. Dei tok kontakt med København kommune for å få bygge idrettsanlegg sentralt i byen der behovet for innbyggjarane var stort. Kommunen var visjonær og stilte den attraktive tomta like ved sentralbanestasjonen til rådigheit. DGI-byen står for idrett, opplevingar og konferansar i hjertet av København. DGI-byen er ein by i byen. Det tredje stad mellom heim og arbeide. I DGI-byen vert idrett, kultur og opplevingar kombinert med konferanse, hotell og mat. Området består av 22.000 kvm og inneheld cafe, undervisningsrom, skytebane, ulike aktivitetshallar, bowlingbane, ulike symje- og stupebasseng, spa, treningssenter, klatrevegg, utstillingslokal, 2 restauranter, 3 hotell. Brukarane er innbyggjarar, lag, skular/ barnehagar, bedrifter, offentlege, turistar. DGI si satsing har før til anna næringsutvikling i området. www.dgi-byen.dk Idrettskretsen informerer om v/ Knut Songve, org.sjef Hordaland idrettskrets * Idrettskretsen er paraplyorganisasjon for idretten i Hordaland. Dei kan hjelpe kommunen med idrettspolitisk arbeid i høve til idrettslaga sine rammevilkår, anti-dopingarbeid, kosthald, integrering, kurs/utdanningstiltak, regnskapstenester, info om støtteordningar og ungdomsarbeid. * Modellen toppidrettsgymnas. Første offentlege toppidrettsgymnas i offentleg regi for sommaridrettar i Åsane og vinteridrettar på Voss. Resultat hittil viser god sportsleg og skulemessig utvikling. Olympiatoppen Vest-Norge koordinerer opptak og oppfølging av lærarane. Nivå to i modellen er idrettslinjer i fylket: Stord, U.Pihl, Odda, Stend, Sotra og Sveio der OLT Vest bidrar med fagleg oppdateringstiltak. 19

* Basistrening er grunnøvingar som m.a. set ungdom i stand til å tole mykje trening som kan gjennomførast på tvers av nivå, idrett, alder og kjønn. Øvingar finn de på www.hordaidrett.no * Treningskontakt v/ prosjektleiar Anne Kristine Aas Kurs for å skulere personar som kan engasjerast/ betalast av kommunen til å vere treningskontakt for personar med særskilde behov. Fokus på trening og kjennskap til rus/ psykiske lidingar. Skal vere motivator/ støttespelar, ikkje behandlar. Sosialsektor betalar, ikkje del av idrettsbudsjett. Målet er å bruke fysisk aktivitet som ettervernstilbod eller i kombinasjon med behandling, forebygge tilbakefall, senke treskel for å bli med i eit idrettslag/ turlag og auke livskvaliteten! 4 kurs i løpet av hausten, fleire til våren. Ta kontakt om interesse i din kommune. * Idrettsrådsarbeid. 25 kommunar har idrettsråd. Arbeidet fungerer særs ulikt. HIK arrangerer samlingar denne hausten for fagleg oppdatering, erfaringsutveksling og nettverksbyggjing Kommunen bør ta kontakt med idrettskretsen om idrettsrådet ikkje fungerer. Viktig med tett og god kontakt mellom kommune og idrettsråd med ei klar rolleavklaring. Les meir på www.hordaidrett.no PowerPoint-presentasjon frå innlegga finn du på på www.hordaland.no/idrett Gruppearbeid om vegen vidare: Gruppene fekk ulike påstandar laga av summering av innspel frå gruppearbeid tidlegare i samling og faglege innlegg. Utfordringa var om einige eller ueinige, og kva konsekvensar det kan/vil få for det vidare arbeidet på lokalt og regionalt nivå (i høve til ny fylkesdelplan m/ anleggspolitikk, tilbodet om fysisk aktivitet til personar innafor psykisk helsevern i Hordaland m.m.)? Påstand 1: Det vert ikkje prioritert å byggje nye symjeanlegg i Hordaland fram mot 2012. Fokus skal vere på rehabilitering av eldre symjeanlegg. Einig. Krav om å setje av pengar til drift. Rehabilitering kan bli særs kostnadskrevjande. Det må kost-nytte vurderast opp mot kostnad for eit nytt og meir moderne anlegg. Påstand 2: Dei kommunane i Hordaland som ikkje har fleirbrukshall, skal prioriterast med omsyn til fordeling av spelemidlane. Einig Kan ikkje gjennomførast. Behov og avstand mellom fleirbrukshallane må vere avgjerande, ikkje kommunegrensa. Påstand 3: Det vert sett større krav til søknaden til bygging av kunstgrasbaner. Søknaden skal dokumentere behov, ikkje bare ut frå auke i brukstid. I tillegg skal anleggseigar setje av minst kr 100 000,-/år til drift og vedlikehald. Einig! Fylkeskommunen må kome med normer/føringar for kva vi skal gjere, i staden for kva vi ikkje skal gjere. I staden for krav til driftsbudsjett samarbeid for å få til lågare driftskostnader. Nord-Rogaland har felles utstyrskonto. Påstand 4: Det skal vere ein ishall i kvar region i Hordaland. Bergen har to ishallar, og såleis vert bygging av ishallar i regionane prioritert først. Ut frå behov ikkje geografiske grenser. 20

Ishallar må leggast der det er mange innbyggjarar og der det er engasjement rundt å byggje og drifte. Påstand 5: Det er ikkje prioritert å byggje fleire golfbanar i Hordaland Einig utnytte dei som er. Påstand 6: Tilskot til ballbingar vert ikkje prioritert i planperioden då behovet for denne type anlegg i Hordaland er dekka. Einig må løyse problema med ballbingar som allereie er laga. Prioritere kva bingar som skal byggjast ut frå avgrensa midlar. Einig i at ballbingar er for mykje fokus på og at utbyggjarar ikkje kjenner til andre typar anlegg. Alternativ: Multifunksjonsanlegg med vekt på motorisk trening (balanse/koordinasjon). For jenter?! Ballbinger vert fotballbinger. Hindrer jenter i aktivitet. Påstand 7: For å møte ein felles utfordring med vedlikehald av kunstgrasbanar, vil Bergen kommune bli ein regional kompetanseeining med utlån av vedlikehaldsmateriell Einig, men må også vurdere samarbeid i regionane også kompetanseutveksling. NEI: Trur ikkje dette kan fungere. Nabokommunar kan evt. gå saman om bruk av vedlikehaldsmateriell. Greitt med fylkeskommunale føringar, men behova er ulike frå kommune til kommune. Påstand 8: Kommunen skal gjennomføre årlege kurs for anleggs-søkjarar med omsyn til spelmiddelsøknadene Fylkeskommunen/kommunen må markedsføre ordninga med spelemidlar betre blant lag og organisasjonar. Fylkeskommunen må ha årlege kurs med kommunane slik som i dag. Bruke nettbasert informasjon og gode døme på gode søknader. Påstand 9: Alle kommunane skal oppdatere sitt anleggsregister innan 1. oktober Ok med 1. oktober/ litt kort frist i år. KRISS er dårleg, vanskeleg å bruke. Venta lenge på nytt system. Må kvalitetssikre data som vert overført til nytt system. Staten må ha eit oppegåande datasystem så snart som mogleg som er enkelt å bruke for kommunane. Enkel løysning på retting på nettet vil vere grunnleggjande. Fylkeskommunen må halde kurs i bruk av idrettsanlegg.no Kommunane ansvar for registreringar, men fylkeskommunen/kkd må vere klar på korleis ein skal gjere dette. Ulikt korleis ein brukar systemet i dag. MÅL: få alle opp på same nivå. Elles vart følgjande skrive ned i gruppearbeidet: Friluftsliv meir satsing på turløyper, turstiar, nærmiljøanlegg, billige anlegg, bruke naturelementa, får stor effekt og kostar lite. Meir marknadsføring av dette. Viktig for folkehelsearbeidet. Utstyrsbod slik at det vert fleire aktivitetar. Satse på meir estetikk og miljø skal vere triveleg å dyrka idrett! 21

Evaluering i høve til mål for samlinga og forventingane frå deltagarane: Nettverksbygging Summering av kvifor? Nettverksbygging er viktig, fordi det må bli meir samarbeid / ideutveksling mellom kommunane og HFK / HIK i framtida, til beste for alle. Vorte kjend med og utveksla erfaring med andre kommunar, frå fylket og idrettskrets Mange gode diskusjoner og utveksling av informasjon med repr. fra kommunar. Lettare å ta kontakt etterkvart som ein arbeider vidare med ulike tema. Idemyldring, tiltaksfokus - treningskontakter Konkret avtale med Kvam om besøk på Idrettens hus Kjent med fylkeskommunen og kva dei kan bidra med, m.a. open hall. Nyttig med kven gjer kva i idrettskretsen Fått nye impulsar frå Danmark Noko intenst program, kunne vore sett av litt meir tid til mingling og small talk. Enno meir tid til uformelle drøftingar og relasjonsbyggjing oppimot saksbeh. i HFK Er usikker på om vi kan få våre politikarar til å prioritere på samme måte som fylkeskommunen vil! Meir gruppearbeid. Får meir tid til å bli kjent med andre. Supert! Fagleg oppdatering: Summering av kvifor? Aktuelle problemstillingar, dyktige førelesarar, gode drøftingar Nye impulsar og idear, påfyll / supplement til eksisterande kunnskap Viktige opplysningar å ta med vidare lokalt Beste dialogkonferansen eg har vore på! Meget bra! Psykiatri = muligheter! Auka kunnskap om bruk av aktivitet som eit behandlingstilbod. Aktivisering av nye brukarar. Danskane er flinke å tenka heilskap. Vi har noko å læra! Nye kontaktar om korleis og kvifor aktivera ulike grupper. Fått gode innspel i høve til arbeid med sinnslidande og idrett. Mykje å ta med seg heim og prøve å bruke. For mye psykisk helse på bekostning av anlegg. Gode og interessante anlegg, nye idear, tankevekkande nytenkning. Biletgjering er viktig. Dyktige folk som guida rundt. Spennande nye tankar og konkrete idear. Presis info om spelemidlar og oppdatering innan spelemiddelsystemet. Viktig å sjå dette utifrå (fattige) små kommunar sine føresetnader. 22

Kunne ha nytta noko meir tid på felles drøftingar rundt anlegg i kommunane. Særs bra i høve til anleggstypar og samlokalisering av desse. Både interessant og positivt å få kjennskap og informasjon om alternative anlegg og idear til bruk lokalt. Tankar rundt organisering og drift av idrettshallar. For lite om nærmiljøanlegg og friluftsliv (uteanlegg) Svært bra! Stig Høgholm avslutta dialogkonferansen 2007 med å takke deltagarane og administarsjonen for gode bidrag, og ønskja alle vel heim! 23

Deltakarliste Deltakarliste: Dialogkonferanse 12. 14. september 2007 Namn Kommune/ Herad/Org E-post Sissel Aarseth Kvinnherad sissel.aarseth@kvinnherad.kommune.no Tor Harald Bringedal Fjell tor.bringedal@fjell.kommune.no Atle Kjosåa Kvam atle.kjosas@kvam.kommune.no Gunnar Brynjulfsen Askøy gunnar.brynjulfsen@askoy.kommune.no Øyvind Stang Lindås stoy@lindas.kommune.no Sveinung Klyve Vaksdal sveinung.klyve@vaksdal.kommune.no Vibeke Øksnevad Stoltz Tysnes vibeke.stoltz@tysnes.kommune.no Karl Johan Haugland Austevoll karl-johan.haugland@austevoll.kommune.no Sylve Rusten Stord sylve.rusten@stord.kommune.no Svein Lohne Osterøy osak@online.no Kjell-Tore Karlsen Austrheim kjell.tore.karlsen@austrheim.kommune.no Kurt Andreassen Voss kurt.andreassen@voss.kommune.no Johannes Tysseland Samnanger johannes.tysseland@samnanger.kommune.no Dag Lothe Bømlo dag_lothe@bomlo.kommune.no John Skogseth Jondal john.skogseth@jondal.kommune.no Nils Halleland Etne erik.kvalheim@etne.kommune.no Erik Kvalheim Etne erik.kvalheim@etne.kommune.no Elise Aarbø Fitjar elise.aarbo@fitjar.kommune.no 24

Namn Kommune/ E-post Herad/Org Marit Liknes Sveio marit.liknes@sveio.kommune.no Bernt Hjørnevik Øygarden bernt.hjornevik@oygarden.kommune.no Liv. E. Mikkelsen Øygarden liv.mikkelsen@oygarden.kommune.no Ronny Lockert Bergen ronny.lockert@bergen.kommune.no Jan Haugland Bergen jan.haugland@bergen.kommune.no Per Fedje Bergen frode.karlsen@bergen.kommune.no Camilla Rødberg Bergen camilla.rødberg@bergen.kommune.no Anne-Kristine Aas Hordaland anne.kristine.aas@nif.idrett.no Idrettskrets Knut Songve Hordaland knut.songve@nif.idrett.no Idrettskrets Lars Inge Kårstad HFK, (UTFAP) lars.inge.karstad@helse-bergen.no Merethe Skadal HFK, (UTFAP) merete.skadal@nif.idrett.no Stig Høgholm HFK stig.hogholm@bir.no Ingebjørg Aastrup HFK ingebjorg.astrup@post.hfk.no Britt Karen Spjeld HFK britt-karen.spjeld@post.hfk.no Tore Andersen HFK tore.andersen@post.hfk.no Svein Erik Såtendal HFK svein-erik.satendal@post.hfk.no Jens Harald Garden HFK jens-harald.garden@post.hfk.no. 25