BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Like dokumenter
HAR DU BARN ELLER UNGDOM SOM PÅRØRANDE? Når nokon i familiaen blir alvorleg sjuk

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Har du barn/ungdom som pårørende? Når noen i familien blir alvorlig syk

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Minnebok. Minnebok NYNORSK

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

Om å høyre meir enn dei fleste

Til deg som bur i fosterheim år

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Kven skal bera børene? KPI-Notat 2/2006. Av Anne-Sofie Egset, Rådgjevar KPI Helse Midt-Norge

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Informasjon til pasientar og pårørande

Månadsbrev for Rosa september 2014

Informasjon til elevane

Det nödvendiga samtalet hur ger vi vi allvarliga besked til patienter och närstående?


Radar Reklame og Rådgivning AS 03/08 Forsidefoto og side 3: Scanpix Creative. Har du barn som pårørende?

HJARTEAVDELINGA MEDIKAMENTELL STRESS-EKKOKARDIOGRAFI

KVINNEKLINIKKEN TIL deg som skal TIL operasjon av skjede/livmor

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Erfaring og forsking

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Info til barn og unge

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

6-åringar på skuleveg

Informasjon til pasient med. brudd i øvre lårbein. Kristiansund sjukehus Molde sjukehus Volda sjukehus Ålesund sjukehus

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Avdeling for urologi

8 tema for godt samspel

Månadsplan for Hare November

pressemelding og informasjonstekst til for eksempel bruk på kommunen eller legevaktens hjemmesider

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA

Informasjonshefte Tuv barnehage

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Plassebakken Barnehage

Samtalegruppe for par der den eine har kreft.

Sandeid skule SFO Årsplan

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Trivsel og vekstvilkår

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

TIL DEG SOM SKAL REISE UT OG FAMILIEN DIN

PSYKOLOGISK FØRSTEHJELP OVE HERADSTVEIT PSYKOLOG, PPT ØYGARDEN

Innsats i BTI Barnevern

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

TIL BARN OG UNGDOM MED FORELDRE SOM HAR MULTIPPEL SKLEROSE (MS)

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

OPERASJON I MAGE ELLER TARM

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

mmm...med SMAK på timeplanen

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

BARN SOM PÅRØRANDE AURLAND, LÆRDAL OG ÅRDAL. Eit samarbeid mellom kommunane Aurland, Lærdal og Årdal. Aurland kommune Vangen

Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Aktiv kvar dag opne idrettsanlegg

Neste månad vil me retta fokus mot høgtlesing og språkstimulerande aktivitetar, men dreg sjølvsagt fokus frå denne månaden med oss vidare.

Psykologisk førstehjelp i skulen

Konkret arbeid med psykisk helse i skulen. Kva seier opplæringslova? Kvifor arbeide systematisk og målre9a med psykisk helse?

Barn og ungdom som pårørende i somatisk sykehus Undervisning vedlegg til kompetansepakke, Oslo universitetssykehus

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Velkommen til DUGNAD!

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

SJUKE BARN I BARNEHAGEN

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Kva skal gjerast og kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

Når noen i familien er syke påvirker det hele familien. Dette gjelder både fysiske og psykiske sykdommer.

Pedagogikk som behandling? Ein del av behandlingstilbodet til pasientane

Transkript:

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

BARN OG UNGDOM SINE REAKSJONAR I denne brosjyra finn du nyttige tips for deg som er innlagt, og har barn under 18 år. Når ein i familien vert alvorleg sjuk rammar det heile familien, og alvorleg sjukdom inneber ofte endringar i livssituasjonen. Barna og ungdommane sin kvardag kan verta prega av uro og frykt. Det er viktig at dei vaksne ikkje gløymer barna/ungdommane og korleis dei har det i denne situasjonen. Barna/ungdommane vil heller verta involvert i vanskelege ting enn å verta haldne utanfor. Det skapar tryggleik å verta inkludert og å få informasjon. Fantasien er ofte verre enn verkelegheita. Lov om helsepersonell 10a omfattar barn sine rettar til informasjon og oppfylging når foreldre vert alvorleg sjuke. Lova seier at alt helsepersonell som kjem i kontakt med pasientar med rusavhengigheit, psykisk sjukdom eller alvorleg somatisk sjukdom/skade, har ansvar for å snakke med foreldra om barna og deira situasjon. KORLEIS HJELPA BARN OG UNGDOM MED NÆR FAMILIEMEDLEM SOM ER SJUK? Informasjon og openheit Det er ikkje alltid lett å svara på alle spørsmål. Det er likevel viktig å stilla seg open for spørsmål og svara så ærleg som mogeleg. Informasjon gjev tryggleik og gjer det lettare å meistra ein vanskeleg livssituasjon. Det er lov å seie at ein ikkje veit svaret, om dette er sanninga. Spør oss gjerne, sjukepleiar eller lege, om du lurar på noko. Tidleg deltaking Informasjon bør koma så tidleg som mogeleg i sjukdomsprosessen. Vi oppfordrar foreldra til å ta barna/ungdommane med til sjukehuset på eit tidleg tidspunkt. Alderstilpassa informasjon Informasjonen bør vera konkret. Det er lurt å bruka ord og uttrykk som er tilpassa barnet sin alder og å gje jamleg informasjon. Start gjerne med å gje eit kort samandrag av situasjonen, så kan detaljane koma etter kvart. Barna/ungdommane treng fleire forklaringar etter kvart som dei utviklar seg og forstår meir.

La barna og ungdommane få bidra Barn og ungdom ynskjer ofte å bidra med noko og vera til nytte. Det er fint om dei vil ta med eller senda helsingar med bilete eller teikningar, som vi kan henge opp ved senga. Normale reaksjonar på sjukdom kan vera: Skuldkjensle, sinne, tilbaketrekking, uro, søvnvanskar, konsentrasjonsproblem, kroppslege plager som hovudverk og magesmerter, bråmodenheit, sengevæting, auka trong for nærleik, sorg, uro for framtida. Om reaksjonane varar over tid, bør barnet/ungdomen få hjelp til å bearbeida opplevingane og reaksjonane sine. BESØK PÅ SJUKEHUSET Forklar på ein enkel måte om sjukdom og behandling. Førebu barnet på eventuelle endringar i utsjånad til den sjuke. Forklar utstyr ved senga, til dømes pumper som gjev medisinar og væsker. Gje barna/ungdommane tid til å verta kjent i nye omgjevnader. Nokre vil vera inne hjå den sjuke i kort tid for så å koma att. Det er ikkje lurt å pressa dei til å besøkja den sjuke. Ta gjerne med ein nær person som kan avlasta dykk som foreldre og vera saman med barna og ungdommane på sjukehuset. Gje gjerne beskjed til personalet på avdelinga når barn/ungdom kjem på besøk. Vi har leiker, bøker og spel til å låna på avdelinga. Nintendospel er innelåst, så gje beskjed til personalet om du vil låna det. Det er normalt at barn/ungdom kan vera triste i den eine augneblinken for så å le og vera tilsynelatande upåverka i den neste. Gje og rom for glede i kvardagen og lat barna uttrykkja seg slik det fell seg naturleg. INFORMASJON TIL NÆRMILJØET Vi anbefaler å informera skule, barnehage og helsesyster slik at barna kan verta sett og tekne hand om der dei er. Dersom du ynskjer hjelp til å informera nokon, kan vi bidra med det.

STØTTE OG RÅDGJEVING Ved sjukdom kan det vera mange utfordringar i høve til barn og familien sin situasjon. Du kan snakka med sjukepleiar eller lege på avdeling og dei kan og formidla kontakt med sosionom. Om problema kjem i ettertid, kan helsesyster eller fastlege vera til støtte, eventuelt formidla kontakt vidare.det er viktig for barn og ungdommar å vita at dei ikkje er åleine med tankane og kjenslene sine. Det er mange andre som er i liknande situasjonar som dei. Her er nokre gode nettsider der barn/ungdom og du som vaksen kan finna meir informasjon: www.kreftforeningen.no Under «våre tilbud» finn du Treffpunkt, som er ein møteplass for barn og unge på Voss. www.ungsorg.no Laga av Senter for krisepsykologi. Her kan du mellom anna finna grupper for barn/ungdom som har mista foreldre. Det vert arrangert slike gruppesamlingar i Bergen. www.barnsbeste.no Eit nasjonalt kompetansenettverk om barn som pårørande. Under rubrikken»verktøy og materiell» ligg informasjon til både barn og foreldre. www.narbarnerparorende.no For barn som pårørande og har som visjon at barn skal takast på alvor og få ein trygg oppvekst. www.barweb.no Ein brukar- og interesseorganisasjon for barn i alle aldrar, som opplever foreldre med rusbruk. www.morild.org Nettside for barn og unge som har far eller mor med psykiske problem. HUGSELISTE FOR BARN OG UNGE Du har lov til å ha det bra. Du har lov å vera sint på mor eller far. Det er vanleg å verta både redd, sint og lei seg. Det er ikkje din feil at mor eller far er sjuk. Du har ikkje ansvaret for å hjelpa mor eller far til å verta frisk. Det er mange andre barn og ungdommar som er i same situasjon som deg. Dei tenkjer og føler nesten det same som deg.

BARNEANSVARLEGE PÅ VOSS SJUKEHUS Sosionom Anne Cecilie Kaldefoss. Tlf 56533849 Barneansvarleg Medisinsk avdeling: Tlf 56533780 Barneansvarleg Kirurgisk avdeling: Tlf 56533680 www.helse-bergen.no Haukeland universitetssjukehus Telefon: 05300 Nr. 2024276 Barneansvarleg og koordinator Voss sjukehus: