Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 179/16 Formannskapet 08.12.2016 Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr. 16/155-7 Kommunal planstrategi 2016-2020 - utlegging til offentleg ettersyn Kort samandrag: Kvar kommune skal utarbeide og vedta ein Kommunal planstrategi, som skal vere ein gjennomgang og prioritering av alt planarbeid i kommunen. Administrasjonen har utarbeida framlegg til planstrategi, som kan leggjast ut til offentleg ettersyn og høyring. Rådmannen si tilråding: Formannskapet legg framlegg til Kommunal planstrategi 2016-2020 for Lærdal kommune, datert november 2016, ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av Plan- og bygningslova 10-1. 08.12.2016 Formannskapet Røysting: Tilrådinga frå rådmannen vart samrøystes vedteke. FS-179/16 Vedtak: Formannskapet legg framlegg til Kommunal planstrategi 2016-2020 for Lærdal kommune, datert november 2016, ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av Plan- og bygningslova 10-1.
Vedlegg: NOTAT til planstrategi Laerdal 2016-2020.docx Revidert utviklingsplan for omstilling.pdf Lærdal kommune - fråsegn til oppstartvarsel for arbeid med kommunal planstrategi Uttale - Oppstart av kommunal planstrategi for Lærdal kommune.pdf Kommunal planstrategi for Lærdal - innspel frå fylkeskommunen NOTAT til planstrategi Jølster 2016-2020.docx Oppstart av kommunal planstrategi - Lærdal kommune image001.gif Oppstart av arbeid med kommunal planstrategi Planbehov 2016-2020.xlsx Framlegg_planstrategi_Lærdal_2016_2020.pdf Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m. Mest relevant er Plan- og bygningslova, men og andre lover har påverknad på kommunal planlegging som f.eks Naturmangfaldlova, Sivilbeskyttelseslova, Folkehelselova osv. Dei nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging, 12. juni 2015, vektlegg at kommunane skal arbeide for gode og effektive planprosessar, ei berekraftig areal- og samfunnsutvikling, og attraktive og klimavennlege by- og tettstadområde. Det er og vedteke statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging 26. sep. 2014, som mellom anna skal bidra til å utvikle berekraftige byer og tettstader, leggje til rette for verdiskaping og næringsutvikling, og fremje helse, miljø og livskvalitet. Omsorg 2020 og Demensplan 2020 legg føringar for kommunal planlegging innanfor helseog omsorgsektoren. Saksutgreiing I medhald av 10-1 i plan- og bygningslova skal kommunen minst ein gong i kvar valperiode, og seinast innan eitt år etter at nytt kommunestyre er konstituert, utarbeide og vedta ein kommunal planstrategi. Føremålet med den kommunale planstrategien er å klargjere kva slags planoppgåver kommunen bør starte opp og/eller vidareføre for å leggje til rette for ei ønskja utvikling i kommunen. Planstrategien sett sterkt fokus på at planlegginga skal vere behovsstyrt, og ikkje gjerast meir omfattande enn naudsynt. Planstrategien er ikkje ein plan, men eit enkelt verkty for politisk styring og prioritering av ressursar ut i frå planbehova til kommunen. Den kommunale planstrategien skal sikre overordna planlegging og ta opp i seg utfordringane kommunen står overfor, knytt til samfunnsutvikling, sårbarheita til kommunen, mellom anna som følgje av klimaendringar, miljøutfordringar, folkehelse og utfordringar for tenesteytinga. På dette grunnlaget skal me vurdere planbehov i valperioden. Det er også difor strategien bør utarbeidast og skal verte vedteken av kommunestyret, som øvste organ i kommunen. Kommunestyret vedtok 10.03.2016 oppstart av prosess med Kommunal planstrategi. Oppstartvarsel vart sendt ut i mars, og det kom inn 4 merknadar. I mellomtida har det vore overgang mellom to planleggjarar, noko som har gjort at arbeidet med planstrategien ikkje er komme i gang att før i haust. Planavdelinga har drøfta planstrategien i Intern planforum, og har hatt interne høyringar og drøftingar med leiarane på dei ulike sektorane.
Økonomiske konsekvensar Ingen, då administrasjonen utarbeider framlegg til høyringsdokument sjølve. Vurdering Innkomne innspel i høyringsperioden: Brev frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, datert 22.04.2016 - Rår til at kommunen prioriterer arbeidet med revisjon av dei viktige overordna planane, samfunnsdel og arealdel i kommuneplanen. - Kommunar som legg opp til revisjon av kommuneplan, vil kunne bruke kommuneplanprosessen til grundigare diskusjonar og medverknad, og kan såleis utarbeide ein mindre omfattande planstrategi. Meiner at dette kan passe vårt arbeid med planstrategien og kommuneplan. - Rår til at kommunen konkretiserer dei største miljøutfordringane, og tema innanfor miljø og samfunn som skal ha særskild fokus i planlegginga. - Viktig å synleggjere kommunen sine langsiktige og overordna utviklings- /utbyggingsstrategiar - Rår til at tilsynsrapport (17.04.2016) på beredskapsområde ligg til grunn i arbeidet med planstrategien. - Bør reflektera over kommunen si rolle i arb. med klimagassutslepp og klimatilpassing. Integrere klimaomsyn i alle planar og prosessar der det er relevant. - Oppmodar om å vurdere om mulegheiter og utfordringar i asyl- og flyktningområde utløyser behov for planlegging, t.d. innanfor det bustadsosiale arbeidet eller innan oppvekst-, helse- eller kultursektoren. - Må vurdere korleis folkehelsearbeidet skal planleggjast, i eigen folkehelseplan eller integrert i alle relevante planar i kommunen. - I følgje plan- og bygningslova 10-1 bør planstrategien omfatte drøfting av kommunen sine strategiar knytt til samfunnsutvikling og langsiktig arealbruk. Merknadane vert teken til fylgje. Når det gjeld vurderingar/drøftingar, vert dette gjort i samfunnsdelen i kommuneplanen, slik Fylkesmannen oppfordrar til. Brev frå Statens vegvesen, datert 18.04.2016 - Vi vil oppmode om at de planlegg slik at transportfunksjon og trafikksikkerhet vert ivareteke. Langsiktig planlegging som kartlegg framtidig behov for bu- og arbeidsplassar, kan vera eit godt verkty for å leggja til rette for ei god plassering av desse. Slik kan ein unngå at vegen sin transportfunksjon vert redusert og samstundes ivareta trafikksikkerheten. Merknadane vert teken til fylgje. Det er lagt opp til arbeid med Trafikktryggingsplan, og tema transport vert innarbeida i samfunnsdelen og arealdelen i Kommuneplanen. Epost frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, sendt 18.04.2016 - Fylkeskommunen forventar at Lærdal kommune i det vidare arbeidet med samfunnsdelen av kommuneplanen drøftar og legg til grunn regional planstrategi
- Tilbyr kommunen at fylkeskommunen kan utarbeide eit notat ned utvalde tal, prognosar og analysar i samband med oppstart av arbeidet med kommunal planstrategi. Merknadane vert delvis teke til fylgje. Administrasjonen har teke i mot tilbodet om notat med utvalde tal, prognosar og analysar. Dette notatet vert berre lagt som vedlegg til Kommunal planstrategi 2016-2020, men vert innarbeida i samfunnsdelen i Kommuneplanen. Epost frå NVE, sendt 08.04.2016 - NVE har ingen innspel til saka Merknaden vert teke til orientering Eit av hovudmomenta i arbeidet med Kommunal planstrategi er å vurdere behov for revidering av kommuneplanen til kommunen heilt eller delvis. Administrasjonen har ikkje nytta mykje tid på denne gjennomgangen, då det er heilt utvilsomt at kommunen har behov for ei slik revidering, både av arealdelen og samfunnsdelen i kommuneplanen. Det er tidlegare gjort vedtak om oppstart av desse planane, og arbeidet med samfunnsdelen er kome langt. På grunn av fleire ulike årsakar, har denne prosessen dessverre vorte lang, og ein er framleis ikkje heilt nøgd med høyringsframlegget som har lege til offentleg ettersyn. Det vert no arbeida med å gjennomføre ein grundigare gjennomgang av problemstillingar, utfordringar, mål og strategiar i samfunnsdelen, og ein betre samordning med Lærdal Næringsutvikling sine planar, før samfunnsdelen vert lagt ut til nytt offentleg ettersyn på nyåret. Etter samfunnsdelen er vedteken, vil Planavdelinga gå i gang med revidering av arealdelen til kommuneplanen. Dette var også oppførd som planlagd i førre planstrategiperiode. I innspel til Kommunal planstrategi 2016-2020, meiner Fylkesmannen at kommunen kan gjennomføre ein enklare prosess med analysearbeidet for Kommunal planstrategi, dersom dette vert gjennomførd i samfunnsdelen, og at ein er i gang med dette arbeidet. Administrasjonen har teke dette innspelet til fylgje, då ein meiner det ikkje er naudsynt med ein grundig gjennomgang av analysar og statistikk for å avdekke planbehovet til Lærdal kommune denne gongen, då det stort sett er godt kjende behov gjennom arbeidet med samfunnsdelen og omstillingsplanen, i tillegg til at den vanskelege økonomiske situasjonen til kommunen ikkje har rom for store kostnadar til nye planprosessar. Kommunen har arbeida så lenge med samfunnsdelen, i tillegg til omstillingsplanar gjennom Lærdal Næringsutvikling, at administrasjonen meiner ein har godt grunnlag for å gjennomføre ein prosess med Kommunal planstrategi, utan å gjennomføre ein ny grundig analysering av samfunnet også i denne prosessen. Ulike analysar og statistikk vil koma godt fram i samfunnsdelen. Fylkeskommunen sitt notat om utvalde tal og prognosar frå Lærdal vert lagt ved som vedlegg, i tillegg til Revidert utviklingsplan for Omstilling. Her vert dei viktigaste statistikkane presentert og kommentert. Administrasjonen meiner hovudprioriteringa til kommunen i planstrategi-perioden, er å få utarbeida gode, oppdaterte overodna planar. Dette er og vedteke tidlegare politisk, både gjennom prosessvedtak i planprosessane, og i vedtak av førre Kommunal Planstrategi. Samfunnsdelen og arealdelen må prioriterast, og dette er store planar som vil ta mykje tid og
ressursar. Samfunnsdelen vert forhåpentlegvis vedteken på nyåret, men planprosessen med arealdelen er omfattande. Difor har ikkje administrasjonen lagt opp til mange andre reguleringsplanar og kommunedelplanar i planstrategi-perioden. Av kommunedelplanar (areal) har ein berre lagt opp til revisjon av Kommunedelplan for Lærdalsøyri, då denne bør reviderast etter arealdelen er ferdig, spesielt for å oppdatere til dagens situasjon, og vurdere nye bustad- og næringsområde. Elles har administrasjonen fått melding frå tekniske tenester at det kan verte behov for ein reguleringsplan for hageavfallsplassen i Bergo, for å få oppdatert planverket til dagens bruk av arealet. Administrasjonen har og teke med reguleringsplanen for E16 Tønjum-Ljøsne, då ein ser at det er viktig å få på plass denne planen for å kome inn på Nasjonal Transportplan. Utarbeiding av plandokument er det Statens vegvesen som vil stå ansvarleg for, medan planavdelinga må vera deltakande i planprosessen. Elles er det berre reguleringsplanar som allereie er i gang, som er teke med som behov i planstrategi-perioden. Økonomiplanen er også eit overordna og svært viktig styringsdokument, som vil krevje mykje arbeid dei neste åra, for å klare å få kommunen i ein betre økonomisk situasjon. Ein har i planstrategi-perioden lagt opp til at nokre av planane vert slege saman, for å forenkle plansystemet vårt noko. Det er gjort ein vurdering av kva planar som bør og kan slåast saman, og nokre av desse er tenkt gjennomførd i Kommunal planstrategi 2016-2020, men ein meiner det bør vurderast å gjere fleire samanslåingar i neste planstrategi-periode. Temaplanar: Administrasjonen har lagt opp til få nye temaplanar, då det vil vera krevjande nok å ajourhalde og revidere dei planane ein allereie har, innanfor dei budsjettrammene dei ulike avdelingane har dei komande åra. Nye behov for temaplanar som er meldt inn er: Barnehageplan (Kultur og oppvekst) der ein ser på status og mål, barnetalsprognosar, kompetanse for tilsette og framtidas barnehage i Lærdal. Planlagd oppstart av planprosess i 2017. Kulturminneplan (Kultur og oppvekst) arbeidet er i gang, planlagd vedtak vår/sommar 2017 Forvaltningsplan for Lærdalsvassdraget (Planavdelinga m/fleire) arbeidet er i gang, planlagd gjennomførd i 2017 Opplæring-/kompetanseplan (Organisasjon) var ynskja også i førre planstrategi-perioden, men ikkje gjennomførd. Er planlagd gjennomførd i 2017. Det er behov for å utarbeide ny Helse og Omsorgsplan, der fleire andre planar er inkludert i den overordna planen. Hovudplanen vart sist revidert i 2012, og det vart i førre planstrategiperiode lagt inn behov for å slå saman fleire av dei mindre planane inn i hovudplanen. Administrasjonen har sett opp at desse planane vert lagt inn i Helse og Omsorgsplan, og revidert saman med hovudplanen i 2017: - Plan for folkehelse - Ruspolitisk handlingsplan - Plan for psykisk helsearbeid Beredskapsplanar: I førre planstrategi var det oppførd 12 ulike beredskapsplanar. Det har vore eit behov for å forenkle plansystemet for beredskapsplanane, for å gjere det meir oversiktleg, og lette
arbeidet med revidering og ajourhald. Kommunen hadde tilsyn av Fylkemannen på nyåret 2016, og det vart her blant anna peika på mange planar og moglegheit for betre ajourhald. Det er viktig at kommunen innarbeider eit godt system med ajourhald av desse svært viktige planane. Administrasjonen har lagt inn framlegg om at Risiko og sårbarheitsanalyse og smittevernplan vert innarbeida i ein overordna Beredskapsplan for Lærdal kommune. Brann og redning har eigne planar, det har og kriseleiinga. På sikt bør det lagast store permar, der alle beredskapsplanane i kommunen er lagt inn systematisk i papirform. Det er då lettare å finne aktuell plan ved ulike situasjonar og kriser. Sidan førre planstrategi-periode, er dei tre kriseplanane for handtering av ulukker, krise og sorg i skular og barnehagar slått saman til ein plan. Administrasjonen meiner det ligg til rette for å leggje framlegg til Kommunal planstrategi 2016-2020 ut til offentleg ettersyn og høyring.