KONKURRANSEGRUNNLAG OPEN ANBODSKONKURRANSE Rådgiving, prosjektering og byggeleiing i samband med nytt dagsenter USAS for Ulstein Eigedomsselskap KF Frist 03.08.2015 kl 10.00 1
1. GENERELL INFORMASJON 1.1. Innleiing Ulstein kommune ved Ulstein Eigedomsselskap KF innbyr til konkurranse på rådgivings- og prosjekteringstenester til gjennomføring av utbygging av nytt dagsenter for Ulstein sanse- og aktivitetssenter (USAS) i Holsekerdalen 24, i Ulsteinvik. 1.2. Oppdragsgjevar Ulstein Eigedomsselskap KF (org. nr. 985 212 899) Kontaktperson: Dagleg leiar Rune Urke. Mobil: 982 30 690 E-mail: rune.urke@ulstein.kommune.no Spørsmål kan rettast til kontaktperson per e-post. Det skal ikkje vere kontakt/kommunikasjon med andre personar hjå oppdragsgivar når det gjeld denne konkurransen enn nemnte kontaktperson. 1.3. Kunngjering Konkurransen er kunngjort i DOFFIN-databasen. 1.4. Kontraktføresegner Kontrakt i samband med prosjektering vil bli oppretta i samsvar med NS 8401 «Alminnelige kontraktsbestemmelser for prosjekteringsoppdrag». Med dei suppleringar og tillegg som går fram vedlegg 3, spesielle kontraktsvilkår. Kontrakt i samband med byggeleiing vil bli oppretta i samsvar med NS 8403 «Alminnelige kontraktsbestemmelser for byggelederoppdrag». Med dei suppleringar og tillegg som går fram vedlegg 4, spesielle kontraktsvilkår. Det vert i kontraktane stilt krav til lønns- og arbeidsvilkår, jf. reglane i forskrift om lønns- og arbeidsvilkår i offentlige kontraktar av 09.02.2008. 1.5. Språk og rettsgrunnlag Alle dokumenter er utarbeidd på norsk og eventuell oversetting av dokument til andre språk må gjerast av tilbydar. Tilbod kan gis på norsk, svensk eller dansk. Brosjyrar, tekniske datablader og liknande kan i tillegg vere på engelsk. Kontraktspråk er norsk og kontrakten sine føresegner skal tolkast i samsvar med norsk rett. 2
1.6. Orientering om prosjektet og oppdraget 1.6.1. Føremål 1.6.2. Oppdraget 1.6.2.1. Nærmare om oppdraget Ulstein Eigedomsselskap KF har behov for eit rådgivande ingeniørfirma som kan utarbeide teikningar og utgreiingar i tilknyting til nytt dagsenter for USAS, samt ein byggeleiar som skal vere Ulstein Eigedomsselskap KF sin representant i byggesaka. Byggeprosjektet er eit bygg i to etasjar, sjå vedlagte teikningar. Bygget skal hovudsakeleg brukast til dagsenter til menneske med utviklingshemming på dagtid. Prosjektering Prosjekterande skal stå for prosjektering fram til ferdig skildra prosjekt. Bucci arkitektar har hatt ideane til prosjektet og blir med vidare i prosjektet. Det ingeniørfirmaet som blir vald skal samarbeide med Bucci arkitektar. Kontrakten med arkitekt skal tiltransporterast til prosjekterande, slik at all fakturering skjer gjennom det prosjekterande firma, for vidarefakturering til Ulstein Eigedomsselskap KF. Kostnader til arkitekt skal ikkje reknast med i prosjekterande sitt tilbod. Prosjekterande skal også utarbeide grunnlag for å lyse ut prosjektet på anbod. Byggearbeidet skal lysast ut som konkurranse på heile arbeidet som generalentreprise. Bygningsmessig arbeid skal beskrivast i detalj etter NS 3420. Tekniske fag skal beskrivast som funksjonsbeskrivelse i samråd med byggherre. SHA-koordinator skal liggje til hovudentreprenør. Byggeleiing Byggeleiar er Ulstein Eigedomsselskap KF sin representant i byggjesaka, og skal arbeide for at prosjektet vert realisert i tråd med detaljprosjektet til ein god kvalitet, og innanfor budsjetterte økonomiske rammer. Byggherre har behov for ein byggjeleiar som er til stades på byggjeplassen, og som kan følgje tett opp byggjeprosessen. Byggeleiar vil vere bindeleddet mellom byggherre og entreprenør. Følgjande oppgåver vil naturleg liggje til byggeleiaren: Byggherreansvar, leie den kontraktmessige, økonomiske og tekniske kontrollen av utført anlegg Oppfølging av kvalitet og HMS Kontakt med offentlege etatar, grannar og andre involverte Assistere prosjekterande med bygg- og anleggsmessige vurderingar, samt vurderingar av tilhøve som gjeld drift og vedlikehald Ansvar for byggjemøter, referat og oppfølging Rapportering og informasjon til strekningsleiar/prosessleiar 3
Byggeleiarens ytingar er nærmare skildra i vedlagte utfylte NS 8403 B «Veiledende ytelsesbeskrivelse for byggelederopprag». 1.6.3. Omfang Prosjektering er venta å skje i perioden 2015/2016, og byggeleiinga i perioden 2016. Prosjektet er venta ferdigstilt i innan utgangen av 2016. Forventa behov for byggeleiar er antatt å vere om lag 500 timar. Oppdragsgjevar har opsjon på å bruke byggeleiar ved behov i reklamasjonsperioden, basert på oppgitte timeprisar for tilleggsarbeider. 1.6.4. Tal på leverandørar For dette innkjøpet vil det bli inngått kontrakt med ein leverandør. 2. ALMINNELIGE REGLAR FOR GJENNOMFØRINGA AV KONKURRANSEN 2.1. Prosedyre og reglar for konkurransen Innkjøpet er omfatta av lov om offentlige anskaffelser av 16. juli 1999 nr. 69 og forskrift om offentlig anskaffelser av 7. april 2006 (FOA). For dette innkjøpet gjeld FOA del I og II. Dette innkjøpet følgjer prosedyren for open anbodskonkurranse. Berre dei tilbydarane som oppfyller kvalifikasjonskrava vil få sine tilbod evaluert. I denne konkurransen er det ikkje høve til å forhandle. Det er difor ikkje høve til å endre tilbodet etter utløpet av tilbodsfristen. Vidare vert det gjort merksam på at tilbod som inneheld feil, avvik, atterhald, ufullstendigheitar, uklårheiter mv. som kan leie til tvil om korleis tilbodet skal forståast samanlikna med dei andre tilboda, skal avvisast etter FOA 11-11 (1). Leverandør vert difor oppmoda om å følgje dei retningsliner som vert gitt i dette konkurransegrunnlaget med vedlegg og eventuelt stille spørsmål ved uklårheiter per e- post til kontaktperson. 2.2. Offentleg innsynsrett Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova) av 19.05.2006, som trådde i kraft 01. januar 2009, gir rett til å unnta tilbod og protokoll frå offentleg innsyn, inntil valet av leverandør er gjort. Etter at kontrakt er tildelt, er tilboda offentlege. Oppdragsgjevar skal likevel ikkje offentleggjere til dømes forretningsløyndomar. Tilbyder må sjølv opplyse kva deler av tilbodet og kva opplysningar som han ynskjer skal vere unntatt offentlegheit. Vi vil etter eiga vurdering avgjere kva som må vere unntatt offentligheit. 4
2.3. Teieplikt Oppdragsgjevar og hans tilsette plikter å hindre at andre får tilgang, eller kjennskap, til opplysningar om tekniske installasjonar, framgangsmåtar eller drifts- og forretningstilhøve som det vil vere grunnlag for å halde hemmeleg av konkurransemessige omsyn. 3. KRAV TIL LEVERANDØR 3.1. Generelt Føremålet med å stille krav til leverandørane sine kvalifikasjonar er å sikre at leverandøren er i stand til å oppfylle ein kontrakt. Tilbydar kan bli avvist dersom dokumentasjon og referansar viser at dette ikkje er sannsynleg. Dersom leverandøren er klar over at opplysningane etter kvalifikasjonskrava kan gi uvisse om leverandøren si evne til å oppfylle ein kontrakt, bør relevant tilleggsinformasjon leggast ved tilbodet. Alle krav må vere oppfylt for at leverandør skal vere kvalifisert for deltaking i konkurransen. 3.2. Kvalifikasjonskrav 3.2.1. Lovpålagte krav knytt til skatt og avgift Tilbydar skal ha ordna forhold kva gjeld betaling av skattar og avgifter. Norske leverandørar skal legge fram skatteattestar for meirverdiavgift og skatt (skjema RF-1244) som dokumenterer at føretaket ikkje skuldar skatt eller meirverdiavgift. Skatteattestane for både skatt og meirverdiavgift kan tingast frå leverandøren sin lokale skatteoppkrevjar og skattekontoret. Attestane skal ligge føre innan tilbodsfristen, og dei skal ikkje vere eldre enn 6 månader rekna frå tilbodsfristen. Eventuelle restansar eller andre mishald må grunngjevast. Leverandør som ikkje er etablert i Noreg, skal levere tilsvarande dokumentasjon frå myndigheitene i det landet leverandøren er etablert. 3.2.2. Lovpålagte krav knytt til HMS Tilbydar skal stå inne for at føretaket arbeider systematisk for å oppfylle krava i helse-, miljø- og sikkerheitslovgivinga og ved at dei tilfredsstiller internkontrollforskrifta. Tilbyder skal vidare stadfeste at verksemda er lovlig organisert i samsvar med gjeldande skatte- og arbeidsmiljøregelverk når det gjeld tilsette sine faglege og sosiale rettar, og skal akseptere at oppdragsgivar blir gitt rett til å gjennomgå og verifisere føretaket sitt system for ivaretaking av helse, miljø og sikkerheit. Skjema for HMS-eigenerklæring følgjer som vedlegg 1. Stadfestinga skal ikkje vere eldre enn 12 månader rekna frå fristen for innlevering av tilbod. 5
3.2.3. Organisatorisk og juridisk stilling Leverandøren skal vere eit lovleg etablert føretak. Norske føretak som vil levere tilbod skal levere firmaattest. Utanlandske føretak skal levere stadfesting på at leverandøren er registrert i bransjeregister eller føretaksregister i samsvar med lov i det land der leverandøren er etablert. For alle føretak: attesten skal ikkje vere eldre enn 12 månader rekna frå fristen for innlevering av tilbod. 3.2.4. Finansiell og økonomisk stilling Det vert kravd at leverandøren har tilstrekkeleg finansiell styrke til å oppfylle kontrakten. Dette skal dokumenterast med å legge fram fullstendig rekneskap for rekneskapsåret 2013 inkludert revisjonsberetning. Dersom leverandøren ikkje kan leggje fram den dokumentasjon oppdragsgjevar har bedt om, kan han godtgjere si økonomiske og finansielle stilling med andre dokument som oppdragsgjevar kan akseptere. 3.2.5. Leverandøren sine tekniske og faglege kvalifikasjonskrav Leverandøren skal ha erfaring frå minimum 1 samanliknbart oppdrag i løpet av dei 3 siste år. Kravet skal dokumenterast ved ei skildring av det mest relevante oppdraget i løpet av dei 3 siste åra. Skildringa må inkludere verdien på oppdraget, tidspunkt og mottakar (namn, telefon og e-post). Referansar vil kunne bli kontakta ved behov for klargjering av oppdraget sin relevans. Det er likevel slik at det er leverandøren sitt ansvar å dokumentere relevans gjennom skildringa. I tilknyting til dette punktet skal det ikkje leverast CV`ar eller tilsvarande dokumentasjon for enkeltpersonar. 3.2.6. Bruk av underleverandørar Der leverandøren støttar seg på ein underleverandør for å verte kvalifisert, må leverandøren dokumentere ovanfor oppdragsgjevar at han vil ha rådigheit over dei naudsynte ressursane. Dette kan dokumenterast ved at leverandøren legg fram ei gjensidig stadfesting på sine plikter eller tilsvarande. 6
4. KONKURRANSEREGLAR 4.1. Tilbodet si utforming I tillegg til dokumentasjon av kvalifikasjonskrava skal tilbodet innehalde tilbodsbrev med svar relatert til kriteria for tildeling (sjå punkt 5), i samsvar med skjema med tilbodsopplysingar (sjå vedlegg 1). Leverandør er sjølv ansvarleg for at alle spørsmål, krav og avklaringspunkt vert svart på/belyst og dokumentert i tilbodet. Innsendte tilbod vil ikkje bli returnert. 4.2. Tilbodsfrist Innleveringsfristen er 03.08.2015 kl. 10.00. Tilbodet skal vere oppdragsgjevar i hende på innleveringsstaden før utløpet av tilbodsfristen. Tilbod som ikkje er kome oppdragsgivar i hende innan tilbodsfristen vil bli avvist. 4.3. Vedståingsfrist Vedståingsfristen er 03.11.2015 kl. 10.00. 4.4. Levering av tilbod Oppdragsgivar si postadresse og besøksadresse for sending/levering av tilbod er: Ulstein Eigedomsselskap KF Reiten 22 6065 Ulsteinvik Tilbodet må ikkje leverast via e-post eller faks. Tilbodet skal vere datert og underteikna av ansvarleg representant for leverandør, leggjast i nøytral lukka konvolutt og tydeleg merkast med: Konvolutten skal merkast med «Tilbod - rådgiving, prosjektering og byggeleiing i samband med nytt dagsenter USAS. Åpnast berre av adressat». Tilbodet skal leverast i eitt eksemplar utan innbinding eller stifting anten innsett i ringperm, eller i plastlomme eller liknande. Innsendte tilbod vil ikkje bli returnert. 4.5. Spørsmål og svar i kunngjeringsperioden Tilbydar vert oppmoda om å ta kontakt med oppdragsgjevar i god tid før utløpet av tilbodsfristen dersom det vert oppdaga at konkurransegrunnlaget inneheld feil, utegløymingar, uklarheiter eller anna og det har relevans for tilbodet. Dersom tilbydar har spørsmål vedkomande konkurransen, skal spørsmål rettast på e- 7
post til oppdragsgjevar rune.urke@ulstein.kommune.no innan 1 juli 2015. Alle spørsmål og svar vil bli publisert på DOFFIN og i TED utan å oppgi identiteten til spørsmålstillar. Spørsmåla og svara er ein del av konkurransegrunnlaget. 4.6. Atterhald og avvik Eventuelle atterhald og avvik frå konkurransegrunnlaget må vere klart og eintydig formulert. Det må gå klart fram kva atterhalda gjeld og om mogeleg kva økonomiske konsekvensar desse vil kunne få. 4.7. Deltilbod Det er berre høve til å gi tilbod på heile oppdraget. 4.8. Alternative tilbod Det er ikkje høve til å gi alternative tilbod. 4.9. Tilbodsopning. Tilbodsopning finn stad 03.08.2015 kl.12.00. Opninga skal verte utført av minst to representantar for oppdragsgjevaren. Det skal skrivast protokoll frå opninga av tilboda. Leverandøren har ikkje rett til å være til stade ved opninga. 5. AVGJERDA AV KONKURRANSEN 5.1. Kriterier for tildeling Tildelinga vert gjort på grunnlag av kva tilbod som økonomisk sett er det mest fordelaktige, basert på følgjande kriterium: - Pris 50% - Kompetanse 30 % - Skildring av gjennomføring av oppdraget 20 % Det vert gjort nærmare greie for kva som ligg i desse kriteria under. 5.1.1. Pris Pris oppgitt i tilbodsbrev evt. korrigert etter kontrollrekning. I tilbodet skal tilbydar gje opp fastpris for heile oppdraget (prosjektering og byggeleiing) eksklusive mva. Fastpris skal inkludere alle kostnader for oppfylling av avtalen, som møter, reisekostnader, kost, overnatting osb. I tillegg skal tilbydar oppgi timepris for tilleggsarbeider/endringsarbeider for både prosjektering og byggeleiing. Det er oppgitt fastpris for heile oppdraget (prosjektering og byggeleiing) som vil bli lagt vekt på ved evalueringa av tilboda. 5.1.2. Kompetanse Under dette kriteriet vert tilbode nøkkelpersonell si erfaring og kompetanse vurdert. Kriteriet skal dokumenterast med CV for tilbode personell. 8
CV skal innehalde opplysingar om tilbode personell si: - Utdanning - Kurs - Yrkeserfaring - Referanseprosjekt (storleik, verdi og type/art og personen si rolle i prosjektet skal gis opp) 5.1.3. Skildring av gjennomføring av oppdraget Leverandøren skal, i skildringa, vise korleis ein har tenkt å angripe oppgåva, peike ut særlege utfordringar og gjere greie for framdrift, ressursbruk og kapasitet, herunder oppgåvedeling hjå tilbode personell. 5.1.4. Evaluering av tildelingskriteria I oppdragsgivar si evaluering av tildelingskriteria blir tilboda gitt poeng frå 0 til 10 poeng på kvart kriterium. For kvart enkelt tildelingskriterium vil det beste tilbodet bli gitt poengscore 10, sjølv om tilbodet ikkje representerer ein ideell kvalitet eller pris. Det tilbodet som får den høgaste samanlagde poengsummen vert vurdert som det økonomisk sett mest fordelaktige tilbodet. Kriterietet pris vert vurdert etter ein basis lineær modell, som inneber at skilnader i poengscore gjenspeglar den prosentmessige skilnaden i pris (frå lågaste tilbod). Formelen kan skildrast slik: Poengscore = 10 10 x (Pe-Pb)/Pb der Pe er den prisen som vert evaluert og Pb er beste (lågaste) pris. Den lineære modellen vil ikkje verte brukt dersom modellen gir negativ poengscore. I eit slikt tilfelle vil oppdragsgivar evaluere kriteriet pris etter ein hybridmodell. Den matematiske formelen som då blir brukt vert laga slik at evalueringa er lineær inntil et gitt knekkpunkt, då ho går over til å bli forholdsmessig. For kriteriet kompetanse og skildring av gjennomføring av oppdraget vert det beste tilbodet gitt maksimalt oppnåeleg poeng (10). Oppdragsgivar vil deretter gjere ei skjønsmessig vurdering av dei relevante skilandane mellom det beste tilbodet og dei andre tilboda og set ein poengscore i forhold til det. 6. Vedlegg 1. HMS-erklæring 2. Tilbodsopplysingar 3. Avtaledokument Addendum NS 8401 4. Avtaledokument Addendum NS 8403 5. «Veiledende ytelsesbeskrivelse for byggelederoppdrag» 6. Teikningar 9