Utval Formannskap Etne kommune SAKSUTGREIING HORDALANDTYLKES KOMMUNE Arkivnr, S- To? 3 O NOV. 2006 Møtedato Saksh. 21.11.2006 09j0a?6ff. ELS Saksh.m*. Sakshandsamar: Elisabeth Silde Arkiv: N-700 Arkivsaknr: 2006001341 TRANSPORTPLAN FOR VESTLANDET 2007-2019 - HØYRING. UTTALE FRÅ ETNE KOMMUNE. Vedlegg i saka: Utdrag frå Transportplan for Vestlandet 2007-2019 Høyring (sjå www.vestlandsraadet.no for heile planen) Utrykte saksdokument: Skriv i samband med høyring frå Hordaland Fylkeskommune, samferdselsavd datert 12.10.06 Møteprotokoll frå Vestlandsrådet, 29.09.06 Transportplan for Vestlandet 2007-2019 - førebels utgave 08.09.2006 Samferdselsplan for Sunnhordland - Kortversjon Saksgang: Formannskapet Kommunestyret Utskrift til: Hordaland Fylkeskommune, Samferdselsavdelinga, Postboks 7900, 5020 Bergen (Utskrift sendast både etter handsaming i formannskapet og kommunestyret) Vestlandsrådet, Postboks 130,4001 Stavanger (Etter handsaming i kommunestyret)
SAKSUTGREIING: 1. Kva saka gjeld: Vestlandsrådet har sendt Transportplan for Vestlandet 2007-2019 ut på høyring til kommunane i dei 4 fylka. 2. Bakgrunn for saka: Dei fire Vestlandsfylka har i fellesskap utarbeidd eit forslag til transportplan. Planen inneheld Vestlandsrådet sine mål og strategiar for ei framtidsretta transportutvikling og omhandlar heile samferdselssektoren - veg, jernbane, sjø, luftfart og kollektivtransport. Planen omhandlar og mål og strategiar for finansiering og organisering. Planen er meint å vera Vestlandet sitt felles innspel til revisjon av Nasjonal Transport-plan (NTP) for perioden 2010-2019. Når ein veit kvantp betyr som grunnlag for statleg finansiering av samferdselstiltak skjønar alle at dette innspelet frå Vestlandet er eit viktig dokument. 3. Problemstilling: Transportplanen må sikre at transporttilbodet på Vestlandet ikkje vert ein bremsekloss for vidare utvikling av området. Transportplanen er sendt ut på høyring til kommunane i dei 4 fylka. Hordaland Fylkeskommune skal handsame planforslag i samferdselsutvalet 7.-8.november og i -fylkesutvalet 22.-23.november. Høyringsfristen er difor sett til 3.november 2006, og høyringsfråsegner etter denne frist vil bli lagt fram undervegs i handsaminga av saka. Brevet frå Hordaland Fylkeskommune kom inn til Etne kommune 18.10.06 og det vil då vere umogleg for kommunen å komme med uttale innan fristen. Det vert difor lagt opp til at tilrådinga frå formannskapet til kommunestyret vert sendt fylkeskommunen, medan det endelege vedtaket i kommunestyret vert sendt Vestlandsrådet. I vedtaket til Vestlandsrådet 29.09.06 står det ein frist til 20.12.2006. 4. Vurdering: Høyringsutkastet tek føre seg vegsystema, der det er delt opp i E39 Kyststamvegen, Aust- Vest samband, øvrig vegnett, rassikring og ferier. E134 - MÅL OG STRATEGIAR FOR ULIKE DELAR AV VESTLANDET Sør for Hardangervidda vil Vestlandsrådet særleg framheve satsing på El 34 Haukelivegen med utbetring av stigningsforhold, vinterdrift og innkorting. Dei viktigaste prosjekta på ruta ligg vest for Haukeli, må. innkorting ved Røldal.(side 19) Det er bra at E134 er framheva som viktig rute for næringstransport. Vegen er mykje utbetra igjennom kommunen, men det er framleis store vegstrekk som krev utbetring.
ØVRIG VEGNETT Høyringsutkastet (side 21) slår fast at dei indre delane av Vestlandet har store utfordringar i høve til folketals- og næringsutvikling. Styrking og utviding av arbeids- bustad og serviceregionar i desse områda er difor eit viktig mål for Vestlandsrådet. Dette er noko Etne kommune sluttar seg til. Samarbeidsrådet for Sunnhordland har utarbeidd Samferdselsplan for Sunnhordland, der hovudvegar langs fem prioriterte aksar er omtala. Ein av dei viktige aksane er "Midtre trase Sauda-Bergen", som inneheld mellom anna prosjekta ny veg Sauda-Etne og bygging av ny tunnel Etne-Skånevik. Dette er prosjekt som er viktige for fleire av kommunane på Vestlandet, og denne vegaksen bør difor inn i Transportplanen for Vestlandet. I arealdelen til kommuneplanen er det tatt med ny tunnel Etne-Skånevik. Prosjektet vil vere viktig for å knyte Etne og Skånevik såman. Reisetida vil verte redusert med 20-25 min. Riksvegen og fylkesvegen som i dag vert nytta er enkelte stader svært smal og dårleg. Det har i fleire år vore arbeidd med ny Rv 520 Sauda - El 34 Etne, og arbeidet er kome så langt at det skal lagast ein reguleringsplan. Dette prosjektet er ikkje omtala i planen. Etne meiner dette prosjektet må inngå som ein del av planen. I planen er omtala Rvl3 Ryfast, som ikkje inneheld denne vegen. Fylkesplan for Areal- og transport i Ryfylke (Ryfylkepakken) fekk brei tilslutning frå kommuna og fylkesnivå då den var til handsaming i 2001, difor er det viktig at heile Ryfylkepakken blir prioritert ved innspel til Nasjonal Transportplan, ikkje berre Ryfast som er ein del av pakken. større grad må sikre mogleg oppgradering og nybygging til brukbar standard for "Utvikling av Rvl3 - indre nord-sør korridor" Vestlandsrådet meinar at dei viktigaste enkeltprosjekta for utvikling av øvrig vegnett er: Midtre trase Sauda-Bergen "Mål og strategiar for øvrig vegnett" JERNBANE Det er arbeidd med eit prosjekt for å få jernbane frå Austlandet til Haugesund lenge. Etne kommune har bidrege med midlar til planarbeidet. Sjølv om realiseringa av prosjektet kan
ligge langt fram i tid, så bør planane utgreiast i komande planperiode. Dette er ikkje med i planen, og bør difor tilføyast. FINANSIERING OG ORGANISERING Vestlandsrådet meiner det må auka statlege rammer til, dagens statlege rammer og vilkår for investeringar i samferdsel møter ikkje det store behovet næringsliv og folk på Vestlandet har. Vestlandsrådet vil vidare godta ein vesentleg del bompengefinansiering, men at slik finansiering i første rekke vert nytta i dei mest trafikkerte områda. Det er i planen lagt opp til at det skal nyttast prosjektfinansiering for meir samanhengande utbygging og modernisering av vegnettet. Dette vil vere viktig for å sjå større samanheng mellom dei ulike prosjekta og finne finansiering for samanhengande løysingar, ikkje slik som i dag med oppdeling i mindre einskildprosjekt. Det er foreslått at slik organisering skal nyttast for E39 Kyststamvegen. Sakshandsamar meiner dette ikkje treng gjelde berre for denne strekninga, men for dei fleste større vegsamband. Vestlandsrådet går og inn for ny organisering av bompengeordninga. Dei går inn for å opprette regionale/fylkeskommunale administrasjonsselskap for å redusere kostnader og sikre kompetanseoverføring ved bompengeprosjekt. På sikt vil dei etablere regionale bompengeprosjekt. Det kan då stillast spørsmål ved om ein reduserer kostnader ved å overføre dette frå private konkurranseutsette selskap til regionale/fylkeskommunale selskap med "monopol". Kanskje er det heller føringane/premissane ovanfor desse selskapa som må endrast. TILRÅDING FRÅ RÅDMANNEN: Etne kommune rår til at følgjande vert endra i Transportplan for Vestlandet - førebels utgave 08.09.2006: større grad må sikre mogleg oppgradering og nybygging til brukbar standard for "Utvikling av Rvl3 - indre nord-sør korridor" Vestlandsrådet meinar åt dei viktigaste enkeltprosjekta for utvikling av øvrig vegnett er: Midtre trase Sauda-Bergen
"Mål og strategiar for øvrig vegnett" Ut over dette sluttar Etne kommune seg til det framlagde forslag. 21.11.2006 FORMANNSKAP F-090/06 TILRÅDING FRÅ FORMANNSKAPET TIL ETNE KOMMUNESTYRE: (samrøystes) Etne kommune rår til at følgjande vert endra i Transportplan for Vestlandet - førebels utgave 08.09.2006: større-grad må sikre mogleg oppgradering og nybygging til brukbar^ standard for "Utvikling av Rvl3 indre nord-sør korridor" Vestlandsrådet meinar at dei viktigaste enkeltprosjekta for utvikling av øvrig vegnett er: Midtre trase Sauda-Bergen (jfr samferdselsplan for Sunnhordland) "Mål og strategiar for øvrig vegnett" Ut over dette sluttar Etne kommune seg til det framlagde forslag.