Fjell kommune Arkiv: 010 Saksmappe: 2016/2734-25717/2016 Sakshandsamar: Lillian Torsvik Dato: 26.10.2016 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 68/16 Formannskapet 09.11.2016 135/16 Kommunestyret 24.11.2016 Høyringsuttale - Intensjonsplan for etablering av Vestlandsregion Samandrag av saka: I samband med at Stortinget i vårsesjonen 2015 handsama St.meld. 14 (2014 15), «Kommunereforma nye oppgåver til større kommunar», vart det vedteke å invitera fylkeskommunane inn i kommunereforma med sikte på å fastlegge struktur for eit nytt regionalt folkevald nivå våren 2017. Som ei oppfølging av denne invitasjonen er det forhandla fram ein intensjonsplan for samanslåing av fylkeskommunane Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland i ein ny Vestlandsregion. Hordaland fylkeskommune har med bakgrunn i vedtak i Fylkestinget 5. oktober 2016, sendt intensjonsplanen for etablering av Vestlandsregionen til open høyring. Med utgangspunkt i intensjonsplanen ber fylkeskommunen om synspunkt på om Hordaland fylkeskommune bør inngå i eit nytt regionalt folkevald nivå saman med fylkeskommunane Rogaland og Sogn og Fjordane. Høyringsfristen er sett til 30. november 2016. Innstilling: 1. Fjell kommunestyre har mellom anna nyleg gjeve uttale til rapport om utredning av fylkesmannens framtidige struktur og gjeve uttale til høyringsnotat om nye oppgåver til større kommunar. I tillegg har kommunestyra i Fjell, Sund og Øygarden gjort felles vedtak om å etablera ein ny felles kommune frå 01.01.2020. Vedtaka i desse sakene legg føringar for synspunkt knytt til denne saka og er lagt til grunn for kommunestyret si uttale til intensjonsplan for samanslåing av fylkeskommunane Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. 2. Kommunestyret er i utgangspunktet positiv til ein ny Vestlandsregion dersom Stortinget står fast på å oppretthalda fylkeskommunane som politiske regionale nivå.
Kommunestyret har likevel synspunkt på intensjonsplanen og premissane som der er lagt til grunn for ein ny Vestlandsregion. 3. Ein viktig premiss for etablering av ein ny Vestlandsregion må vera at ikkje byråkratiet veks og utgiftene aukar. Dette ser ikkje ut til å vera tilfelle i intensjonsplanen for den nye Vestlandsregionen, heller tvert i mot. Det er ikkje sagt noko som helst om målsetting om effektivisering, korkje på kort eller lengre sikt. 4. Ein ny Vestlandsregion må ikkje vera i motstrid med intensjonane for kommunereforma og etablering av nye og større kommunar. Det kan ikkje vera slik at den nye Vestlandsregionen skal få overført nye statlege tenester og oppgåver, samstundes som den skal behalda eksisterande tenester og oppgåver fylkeskommunane har i dag. Dette vil i så fall ha som konsekvens at nye og større kommunar ikkje vil få overført nye statlege og fylkeskommunale oppgåver, eller at byråkratiet aukar ved at tenester og oppgåver må finna si løysing på fleire politiske nivå. 5. Kommunestyret meiner at nye og større kommunar må få tilført fleire og større oppgåver frå fylkeskommunen og staten. Døme på slike oppgåver er tannhelseteneste, strandsoneforvaltning, forvaltning av landbrukslova, fylkesvegar, fortidsminnevern og barnevern. 6. Kommunestyret meiner det er viktigare at Fylkesmannen framleis har sitt hovudsete i Bergen, enn at den nye fylkeskommunen vert leia frå Bergen. 7. Kommunestyret meiner det er viktig at den nye Vestlandsregionen har nynorsk som administrasjonsmål, då dette vil vera «limet» som gjev den nye regionen felles kultur og identitet, samstundes som ein opprettheld lokale skilnader i kultur og identitet på andre måtar. Straume, den 25.10.2016 Steinar Nesse Rådmann Lillian Torsvik servicetorgsjef Handsama i Formannskapet - 09.11.2016: Framlegg frå Anita G. Johannesen FrP om endring av pkt. 6: Kommunestyret meiner det er viktig at Fylkesmannen framleis har sitt hovudsete i Bergen. Innstillinga pkt. 1-5 og pkt. 7 vart samrøystes vedtekne. Pkt. 6 i innstillinga vart stemt opp mot framlegget om endra pkt. 6 slik: Pkt. 6 i innstillinga fekk 4 stemmer og fall. Endre pkt. 6 fekk 5 stemmer og vart vedteke. Mindretalet: AP og KrF. Tilråding i Formannskapet - 09.11.2016: 1. Fjell kommunestyre har mellom anna nyleg gjeve uttale til rapport om utredning av fylkesmannens framtidige struktur og gjeve uttale til høyringsnotat om nye oppgåver til større kommunar. I tillegg har kommunestyra i Fjell, Sund og Øygarden gjort felles vedtak om å etablera ein ny felles kommune frå 01.01.2020. Vedtaka i desse sakene legg føringar for synspunkt knytt til denne saka og er lagt til grunn for kommunestyret si uttale
til intensjonsplan for samanslåing av fylkeskommunane Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. 2. Kommunestyret er i utgangspunktet positiv til ein ny Vestlandsregion dersom Stortinget står fast på å oppretthalda fylkeskommunane som politiske regionale nivå. Kommunestyret har likevel synspunkt på intensjonsplanen og premissane som der er lagt til grunn for ein ny Vestlandsregion. 3. Ein viktig premiss for etablering av ein ny Vestlandsregion må vera at ikkje byråkratiet veks og utgiftene aukar. Dette ser ikkje ut til å vera tilfelle i intensjonsplanen for den nye Vestlandsregionen, heller tvert i mot. Det er ikkje sagt noko som helst om målsetting om effektivisering, korkje på kort eller lengre sikt. 4. Ein ny Vestlandsregion må ikkje vera i motstrid med intensjonane for kommunereforma og etablering av nye og større kommunar. Det kan ikkje vera slik at den nye Vestlandsregionen skal få overført nye statlege tenester og oppgåver, samstundes som den skal behalda eksisterande tenester og oppgåver fylkeskommunane har i dag. Dette vil i så fall ha som konsekvens at nye og større kommunar ikkje vil få overført nye statlege og fylkeskommunale oppgåver, eller at byråkratiet aukar ved at tenester og oppgåver må finna si løysing på fleire politiske nivå. 5. Kommunestyret meiner at nye og større kommunar må få tilført fleire og større oppgåver frå fylkeskommunen og staten. Døme på slike oppgåver er tannhelseteneste, strandsoneforvaltning, forvaltning av landbrukslova, fylkesvegar, fortidsminnevern og barnevern. 6. Kommunestyret meiner det er viktig at Fylkesmannen framleis har sitt hovudsete i Bergen. 7. Kommunestyret meiner det er viktig at den nye Vestlandsregionen har nynorsk som administrasjonsmål, då dette vil vera «limet» som gjev den nye regionen felles kultur og identitet, samstundes som ein opprettheld lokale skilnader i kultur og identitet på andre måtar. Handsama i Kommunestyret - 24.11.2016: Framlegg om nytt punkt 8 v/andreas Sjalg Unneland (SV): Det vart røysta slik i saka: Punkta 1 5 i formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke. Punkt 6 i innstillinga vert sett opp mot punkt 6 i tilrådinga gjort i formannskap: Punkt 6 i innstillinga fekk 14 røyster og fall (Ap, Krf og SV). Punkt 6 i formannskapet si tilråding vart vedteke med 20 røyster. Framlegg til nytt punkt 8 fekk 13 røyster og fall (FrP, SL, V, SP og SV, MDG) Desse hadde ordet i saka: Egil Haaland, Andreas Sjalg Unneland, Kristin Brennhaug, Anita Garlid Johannessen,
Vedtak i Kommunestyret - 24.11.2016: 1. Fjell kommunestyre har mellom anna nyleg gjeve uttale til rapport om utredning av fylkesmannens framtidige struktur og gjeve uttale til høyringsnotat om nye oppgåver til større kommunar. I tillegg har kommunestyra i Fjell, Sund og Øygarden gjort felles vedtak om å etablera ein ny felles kommune frå 01.01.2020. Vedtaka i desse sakene legg føringar for synspunkt knytt til denne saka og er lagt til grunn for kommunestyret si uttale til intensjonsplan for samanslåing av fylkeskommunane Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. 2. Kommunestyret er i utgangspunktet positiv til ein ny Vestlandsregion dersom Stortinget står fast på å oppretthalda fylkeskommunane som politiske regionale nivå. Kommunestyret har likevel synspunkt på intensjonsplanen og premissane som der er lagt til grunn for ein ny Vestlandsregion. 3. Ein viktig premiss for etablering av ein ny Vestlandsregion må vera at ikkje byråkratiet veks og utgiftene aukar. Dette ser ikkje ut til å vera tilfelle i intensjonsplanen for den nye Vestlandsregionen, heller tvert i mot. Det er ikkje sagt noko som helst om målsetting om effektivisering, korkje på kort eller lengre sikt. 4. Ein ny Vestlandsregion må ikkje vera i motstrid med intensjonane for kommunereforma og etablering av nye og større kommunar. Det kan ikkje vera slik at den nye Vestlandsregionen skal få overført nye statlege tenester og oppgåver, samstundes som den skal behalda eksisterande tenester og oppgåver fylkeskommunane har i dag. Dette vil i så fall ha som konsekvens at nye og større kommunar ikkje vil få overført nye statlege og fylkeskommunale oppgåver, eller at byråkratiet aukar ved at tenester og oppgåver må finna si løysing på fleire politiske nivå. 5. Kommunestyret meiner at nye og større kommunar må få tilført fleire og større oppgåver frå fylkeskommunen og staten. Døme på slike oppgåver er tannhelseteneste, strandsoneforvaltning, forvaltning av landbrukslova, fylkesvegar, fortidsminnevern og barnevern. 6. Kommunestyret meiner det er viktig at Fylkesmannen framleis har sitt hovudsete i Bergen. 7. Kommunestyret meiner det er viktig at den nye Vestlandsregionen har nynorsk som administrasjonsmål, då dette vil vera «limet» som gjev den nye regionen felles kultur og identitet, samstundes som ein opprettheld lokale skilnader i kultur og identitet på andre måtar.
Dokument vedlagt saka: Høyringsbrev frå Hordaland fylkeskommune datert 14.10.2016 Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland Saksopplysningar: Bakgrunn I samband med at Stortinget i vårsesjonen 2015 handsama St.meld. 14 (2014 15), «Kommunereforma nye oppgåver til større kommunar», vart det vedteke å invitera fylkeskommunane inn i kommunereforma med sikte på å fastlegge struktur for eit nytt regionalt folkevald nivå våren 2017. Med grunnlag i vedtaket i Stortinget vart fylkeskommunane i brev frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet 02.07.2015, inviterte til å «ta nabosamtalen» og å fatta vedtak om strukturendringar på regionalt nivå i løpet av hausten 2016. Som ei oppfølging av denne invitasjonen er det gjennomført nabosamtalar og forhandlingar om ein intensjonsplan for samanslåing av fylkeskommunane Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland i ein ny Vestlandsregion. På fylkestinget 5. oktober 2016, vart det vedteke å legge denne intensjonsplanen ut på høyring før endeleg vedtak om etablering av Vestlandsregionen på fylkestinget i desember 2016: 1. Fylkestinget ser på forhandlingsresultatet i intensjonsplanen for samanslåing av Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar som eit godt utgangspunkt for endeleg handsaming av etablering av Vestlandsregionen på fylkestinget i desember 2016. 2. Fylkestinget legg intensjonsplanen for samanslåing av Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar ut på offentleg høyring fram mot fylkestinget i desember 2016. Som ein del av høyringsgrunnlaget blir fylkesrådmannen bedt om å utarbeide ein samla rapport av felles utgreiingsarbeid som vart lagt til grunn for forhandlingane om intensjonsplanen. 3. Dersom dei andre fylkeskommunane gjennom sine vedtak ikkje godkjenner intensjonsplanen og forhandlingsresultatet, som grunnlag for endeleg handsaming av etablering av ein Vestlandsregion, får styringsgruppa fullmakt til å avklare om forhandlingsutvalet skal starte ein ny dialog med den av fylkeskommunane som seier ja, for å vurdere andre moglege nye regionløysingar. 4. Spørsmålet om kva administrasjonsspråk det nye Vestlandsfylket skal ha, blir ein del av høyringsprosessen og vil bli avgjort av fylkestinget i dei tre fylkeskommunane etter at alle høyringsinstansar har fått uttalt seg. Med grunnlag i dette vedtaket vert intensjonsplanen for etablering av Vestlandsregionen lagt ut på open høyring. Det vert med utgangspunkt i denne intensjonsavtalen bedt om synspunkt på om Hordaland fylkeskommune bør inngå i eit nytt regionalt folkevald nivå saman med fylkeskommunane Rogaland og Sogn og Fjordane.
Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland Intensjonsplanen har følgjande hovudtema: Innleiing Mål for samanslåing Eit nytt regionalt folkevalt nivå på Vestlandet Leiing, organisering, arbeidsdeling Framtidig tenesteyting i Vestlandsregionen Tilsette Økonomi Samansetting av fellesnemnd for overgangsperioden mot 2020 Val av nytt regionting Premisser for Vestlandsregionen Sjølve intensjonsavtalen føl saka som vedlegg, der dei enkelte hovudtema er gjort nærare greie for. Intensjonsavtalen med tilhøyrande dokument er lagt ut på www.hordaland.no/regionreform Andre samtidige strukturendringar Samtidig med regionstruktur for fylkeskommunar og kommunar, er det fleire strukturendringar til vurdering på statleg nivå. Fjell kommunestyre har mellom anna nyleg gjeve uttale til rapport om utredning av fylkesmannens framtidige struktur og gjeve uttale til høyringsnotat om nye oppgåver til større kommunar. I tillegg har kommunestyra i Fjell, Sund og Øygarden gjort felles vedtak om å etablera ein ny felles kommune frå 01.01.2020. Vedtaka i desse sakene legg føringar for synspunkt knytt til denne saka og må leggjast til grunn for kommunestyret si uttale til intensjonsplan for samanslåing av fylkeskommunane Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Innspel til utredning av fylkesmannens framtidige struktur Kommunestyret gjorde slikt vedtak i sak 110/16 «Innspel til utredning av fylkesmannens framtidige struktur førebels rapport»: Vedtak i Kommunestyret - 29.09.2016: 1. Fjell kommune meiner «Konsolideringsmodellen» er best eigna for fylkesmannens framtidige struktur, sett frå kommunesektoren sin synsvinkel. Berre med ein slik modell kan ein sikra god og framtidsretta samhandling mellom statleg og kommunalt nivå. 2. Fylkesmannen i Hordaland sitt hovudsete bør framleis vera i Bergen då ei slik lokalisering vil gje best mogleg tilgjenge for dei fleste kommunane i fylket. 3. Ordninga med settefylkesmann bør avviklast. Slike saker bør i staden gå vidare til departementet, dette fordi fylkesmenn har ulik praksis og at ein slik får sikra nasjonal standard. 4. Fjell kommune ber om at det i det vidare arbeidet også blir vurdert ei overføring av oppgåver til kommunane mellom anna innan landbruk, kystsoneforvaltning, miljø og klima. Fylkesmannen bør så langt som mogleg stå igjen som eit kontrollorgan som i varetek nasjonale interesser og fører tilsyn med kommunane.
Uttale til høyringsnotat om nye oppgåver til større kommunar Kommunestyret gjorde slikt vedtak i sak 109/2016 «Uttale høyringsnotat om nye oppgåver til større kommunar». Vedtak i Kommunestyret - 29.09.2016: 1. Kommunestyret sluttar seg til forslag om endringar i lov og forskrift slik det går fram av kapittel 3 i høyringsnotatet. 2. Det er ei føresetnad for oppgåveoverføringa at staten føl opp med økonomiske ressursar gjennom rammeoverføringa til kommunane. 3. Kommunestyret meiner at det bør vere rom for at langt fleire oppgåver vert overført til dei nye større kommunane og vil oppfordre Stortinget til å gjennomgå saka på nytt. Slike oppgåver kan mellom anna vere: Tannhelseteneste Strandsoneforvaltning Forvalting etter Landbruksloven Fylkesvegar Fortidsminnevern Barnevernet Intensjonsplan for nye Øygarden kommune Dei tre kommunane Fjell, Sund og Øygarden gjorde slikt felles vedtak i kommunestyremøte 20.06.2016, i saka «Kommunereforma etablering av ein ny og større kommune som består av noverande Fjell, Sund og Øygarden kommunar»: 1. Kommunestyret vedtek at kommunane Fjell, Øygarden og Sund søkjer om å få etablera ein ny felles kommune med iverksetjingsdato 01.01.2020. Den nye kommunen vil ha eit folketal på om lag 40.000 innbyggjarar på iverksetjingstidspunktet. 2. Underskriven intensjonsavtale for «nye Øygarden kommune», datert 07.03.16, skal leggjast til grunn for den nye kommunen. 3. Kommunestyret ber felles forhandlingsutval halda fram den gode dialogen og leggja til rette for at ein raskt kan ta viktige avgjerder etter stortingsbehandlinga. Vurdering: Rådmannen vil i det følgjande kommentera nokre av punkta i intensjonsplanen. Rådmannen legg i si vurdering til grunn kommunestyrevedtaka i Fjell, Sund og Øygarden om å etablera ein ny kommune frå 01.01.2020 og vedteken intensjonsavtale. I tillegg legg rådmannen til grunn kommunestyret si uttale i saka «Innspel til utredning av fylkesmannens framtidige struktur - førebels rapport», sak 110/16 og til uttale i saka vedkomande høyringsnotat om nye oppgåver til større kommunar. 1. Innleiing I innleiinga i intensjonsplanen står det mellom anna at fylkestinga i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland set som vilkår for å etablera ein Vestlandsregion at dei får overført ansvaret for fleire store samfunnsoppgåver, samt at dei får behalde dei viktigaste oppgåvene dei har i dag. Dette er i strid med Fjell, Sund og Øygarden sine ønskje for etablering av ein ny og større kommune som har som intensjon å få tilført fleire oppgåver frå fylkeskommunen og staten som til dømes tannhelseteneste, strandsoneforvaltning, forvaltning av landbrukslova, fylkesvegar, fortidsminnevern og barnevern. Det må ikkje vera
slik at etablering av ein Vestlandsregion fører til at færre oppgåver vert overført til kommunar som har vedteke å slå seg saman. Skal ein utvikla lokaldemokratiet, er det ein føresetnad at fleire tenester og oppgåver enn i dag kan løysast lokalt i kommunane. 2. Mål for samanslåing Når det gjeld mål for samanslåinga av fylkeskommunane, vil rådmannen særleg kommentera hovudmål 4 strategisk infrastrukturbygging og hovudmål 5 kultur- og identitetsbygging. I Fjell si uttale til høyringsnotat om nye oppgåver til større kommunar var kommunestyret tydeleg på at det bør vera rom for at langt fleire oppgåver vert overført til dei nye større kommunane, mellom anna fylkesvegar. Det er og viktig at den nye Vestlandsregionen har nynorsk som administrasjonsmål. 3. Eit nytt regionalt folkevalt nivå på Vestlandet Pkt. 3.5 i intensjonsplanen omhandlar regionen sitt administrasjonssenter for Vestlandsregionen, med lokalisering av rådmannsfunksjon og politisk leiing. I kommunestyret sitt innspel til utredning av fylkesmannens framtidige struktur, er det presisert at Fylkesmannen i Hordaland sitt hovudsete framleis bør vera i Bergen då ei slik lokalisering vil gje best mogleg tilgjenge for dei fleste kommunane i fylket. Slik rådmannen ser det, er det viktigare at Fylkesmannen er lokalisert i Bergen enn at administrasjonssenteret for Vestlandsregionen er lokalisert i Bergen. 4. Leiing, organisering og arbeidsdeling Når det gjeld leiing, organisering og arbeidsdeling, vil rådmannen peika på at ein ved organiseringa må sikra at ikkje byråkratiet veks og utgiftene aukar. Ein må ha som ambisjon at etablering av ein eventuell ny Vestlandsregion skal føra til mindre byråkrati og lågare utgifter. 5. Framtidig tenesteyting Framtidig tenesteyting bør så langt det er mogleg utførast i kommunane for å oppnå ein brukarnær og desentralisert struktur. I den grad kommunen er stor nok til å ha tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse, bør tenester og oppgåver leggjast til kommunane i tråd med intensjonen for kommunereforma. 6. Tilsette Rådmannen etterlyser målsettingar om effektivisering både på kort og lengre sikt ved samanslåing til ein Vestlandsregion. Dette er ikkje omtala i intensjonsplanen og rådmannen vil peika på at risikoen er stor for at byråkratiet dermed veks og utgiftene aukar. 10. Premisser for Vestlandsregionen Dei fleste av premissane som er lagt til grunn i intensjonsplanen for etablering av ein ny Vestlandsregion står i motstrid til intensjonane knytt til kommunereforma. Det vil ikkje vera mogleg at nye og større kommunar skal få overført fleire oppgåver frå stat og fylkeskommune samstundes som den nye Vestlandsregionen både skal behalda eksisterande oppgåver og samstundes få tilført nye oppgåver frå statleg nivå utan at dette både fører til at byråkratiet veks og at utgiftene aukar. Dei tre fylkeskommunane legg til grunn at fylkesmannsembetet får ei organisering og ei regional inndeling som samsvarer med det nye folkevalde regionale nivået sin geografiske struktur. Samstundes vert det lagt til grunn at fylkesmannsembetet skal ha ei desentralisert forvaltning lokalisert i dagens fylke, med leiing frå Sogn og Fjordane. Fjell kommune har i høyringssaka om utredning av fylkesmannens framtidige struktur, gjeve innspel om at
konsolideringsmodellen er å føretrekkja når det gjeld fylkesmannen si organisering og at fylkesmannen bør vera lokalisert i Bergen. Fjell, Sund og Øygarden har i sin intensjonsavtale og felles kommunestyrevedtak om samanslåing til ein ny, større kommune føresett at den nye kommunen skal få overført fleire tenester og oppgåver frå både statleg og fylkeskommunalt nivå.