Finnøy kommune Fellestenester Rogaland fylkeskommune Postboks 130 Sentrum 4001 STAVANGER Dykkar ref.: 14/23032-32 Vår ref.: 16/8588-OHM Arkiv: K1-002 Dato: 25.11.2016 - Regionreform i Rogaland - høyringssvar frå Finnøy kommune Vi viser til handsaming datert 23.11.2016. Formannskapet- 122/16, har gjort følgjande vedtak i saka: 1. Finnøy kommune er positive til at Rogaland fylkeskommune går vidare med prosessen med å etablere Vestlandsregionen i frå 01.01.2020. 2. Finnøy kommune viser til at dei tre fylka har ein lang nynorsk tradisjon, og ynskjer på den bakgrunn at Vestlandsregionen skal ha nynorsk som administrasjonsspråk. Med helsing Helene M. Ohm rådmann Dokumentet er elektronisk godkjend og har difor ingen signatur. Mottakere: Rogaland fylkeskommune Postboks 130 Sentrum 4001 STAVANGER Finnøy kommune Tlf.: 51 71 47 00 Bankgiro: 3347 07 00195 Fellestenester Dir.: 51 71 47 00 Org.nummer: 938633029 Judabergvegen 6 E-post: post@finnoy.kommune.no 4160 Finnøy Heimeside: www.finnoy.kommune.no
Saksframlegg Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Helene M. Ohm K1-002 16/8185 Saksnr Utval Dato 122/16 Formannskapet 23.11.2016 Regionreform i Rogaland - høyringssvar Forslag til vedtak frå rådmannen: 1. Finnøy kommune er positive til at Rogaland fylkeskommune går vidare med prosessen med å etablere Vestlandsregionen i frå 01.01.2020. 2. Finnøy kommune viser til at dei tre fylka har ein lang nynorsk tradisjon, og ynskjer på den bakgrunn at Vestlandsregionen skal ha nynorsk som administrasjonsspråk. Finnøy 20.11.2016 Helene M. Ohm rådmann Formannskapet 23.11.2016: Framlegg, foreslått av Odd Bleie, Senterpartiet Finnøy kommune er negative til at Rogaland fylkeskommune går vidare med prosessen med å etablere Vestlandsregionen i frå 01.01.2020. Finnøy kommune meiner at Rogaland fylkeskommune er best tjent med å fortsetja som eigen kommune. Viss Rogaland fylkeskommune likevel går saman i ein Vestlandsregion ynskjer Finnøy kommune at nynorsk skal vera administrasjonsspråk. Innstillinga frå rådmannen vart vedteke med 5 røyster (Jon Olav Runestad (AP), Henrik Halleland (KRF), Ole Klingsheim (V), Frode Selvaag (H) og Jan Terje Vignes (H)). FSK- 122/16 VEDTAK: 1. Finnøy kommune er positive til at Rogaland fylkeskommune går vidare med prosessen med å etablere Vestlandsregionen i frå 01.01.2020. 2. Finnøy kommune viser til at dei tre fylka har ein lang nynorsk tradisjon, og ynskjer på den Side 2 av 7
bakgrunn at Vestlandsregionen skal ha nynorsk som administrasjonsspråk. Saksopplysningar Det pågar parallelt med kommunereforma, ein reformprosess knytt til det folkevalde fylkes- /regionnivået. Fylkeskommunane vart sommaren 2015 invitert til å starte naboprat for å vurdere ulike strukturalternativ. Det er i St.meld.22 (2015-2016) Nye folkevalgte regioner rolle, struktur og oppgaver, og i Stortinget si handsaming av denne, uttrykt ei målsetting om ein framtidig struktur med om lag 10 regionar i Norge. Stortinget har og bedt regjeringa om å oppnemne eit ekspertutval som skal foreslå nye oppgåver til regionane. Regjeringa vil leggje fram stortingsproposisjon om regionstruktur, i samband med proposisjon om kommunestruktur, våren 2017. Nye regionar skal gjelde i frå 01.01.2020. Fylkestinget i Rogaland vedtok 01.03.2016 å vere positive til naboprat med dei andre Vestlandsfylka og Agderfylka. I frå mars til september vart det gjennomført forhandlingar mellom Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar, som resulterte i ein intensjonsplan for å slå saman dei tre fylka i ein ny region, Vestlandsregionen. Rogaland fylkeskommune har også gjennomført samtaler med Agderfylka. Fylkestinget vedtok 25.10.2016 (sak 83/16) å sende følgjande fem alternativ for framtidig regionstruktur på høyring: Vestlandsregionen samanslåing av Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane Rogaland Rogaland+ (Rogaland med same geografiske avgrensning som Sør-Vest politidistrikt) Rogaland og Hordaland Rogaland og Agder, fortrinnsvis Vest-Agder Vestlandsregionen Ifølgje intensjonsplanen er overordna mål med Vestlandsregionen å vere ein sterk, attraktiv og kompetent samfunnsutviklar og tenesteytar under regional folkevald styring. Vestlandsregionen skal ha følgjande hovudmål: 1. Sterkare demokrati gjennom ein ny folkevald region. Vestlandsregionen skal ha større demokratisk påverknad regionalt og nasjonalt, og skal sikre fleire statlege ressursar, etableringar og prioriteringar på Vestlandet enn det fylkeskommunane kunne fått til kvar for seg. 2. Framtidsretta samfunnsutvikling på Vestlandet. Vestlandsregionen skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke byområde. 3. Høg kvalitet i tenestene. Vestlandsregionen skal vidareutvikle og sikre høg kvalitet i dei regionale tenestene til innbyggjarane, organisasjonane og næringslivet på Vestlandet. 4. Strategisk infrastrukturbygging. Vestlandsregionen skal sikre ein framtidsretta infrastruktur på Vestlandet, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet og ut i Europa. 5. Kultur og identitetsbygging. Vestlandsregionen skal bidra til å bygge ein sterkare felles kultur og identitet på tvers av dagens fylkesgrenser, utan at dette går ut over innbyggarane sin identitet til lokalsamfunna dei bur i. Vestlands-identiteten har lange historiske tradisjonar. Frå demokratisk samling og utvikling i mellomalderen til å vere ein landsdel med stor grad av internasjonalt samarbeid og handel i vår tid. Nynorsk har vore, og er, ein viktig felles identitetsbyggar. Lokale skilnader i kultur vil, og skal framleis vere, viktig og eit felles mål å ta vare på. 6. Berekraftig forvaltning av samla ressursar. Vestlandsregionen skal, innanfor strukturane som vert valde, sikre ei betre forvaltning av dei samla ressursane på Vestlandet enn dagens fylkeskommunar gjer kvar for seg, der kompetansen og ressursane i heile regionen vert Side 3 av 7
nytta. Bergen vert administrasjonssenter for Vestlandsregionen med politisk leiing og rådmannsfunksjon. Regionting og regionutval vert i Bergen. Fire hovudutval og fagadministrasjonen vert fordelt mellom Rogaland (kollektivtransport, næring, opplæring og idrett) og Sogn og fjordane (veg, kultur). Vestlansdsregionen vil få om lag 1,1 million innbyggarar og omfatte 85 kommunar (før gjennomført kommunereform). Intensjonsavtalen har fleire premissar for etablering av Vestlandsregionen: a. Viktige samfunnsoppgåver vert overført frå statleg til regionalt folkevalt nivå, og desse vert sett i samanheng med sentrale oppgåver og ansvarsområde som fylkeskommunane no har. b. Det er ein føresetnad at ansvaret for kollektivtransport og vidaregåande opplæring framleis skal liggje til regionen/fylkeskommunane. c. Regionen skal ha ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta. d. Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar føreset at fylka i sin heilskap inngår i den nye Vestlandsregionen. e. Dei tre fylkeskommunane legg til grunn at fylkesmannsembetet får ei organisering og ei regional inndeling som samsvarer med det nye folkevalde regionale nivået sin geografiske struktur. Det vert lagt til grunn at fylkesmannsembetet skal ha ei desentralisert forvaltning lokalisert i dagens fylke, med leiing frå Sogn og Fjordane. Aktuelle dokumenter og rapporter om Vestlandsregionen ligg her: http://www.rogfk.no/politikk/regionreform/aktuelle-dokumenter-og-rapporter-for-en- Vestlandsregion Moglege alternativ til Vestlandsregionen Med utgangspunkt i målsettinga om ca 10 regionar i Norge, legg vedtaket i fylkestinget til grunn følgjande fire moglege alternativ til Vestlandsregionen: A. Rogaland som eigen region med same geografiske avgrensning som nå. Med ca. 470 000 innbyggere (9 % av Norges folketall) kan Rogaland i utgangspunktet fortsette som eigen region i ny struktur med om lag 10 regionar. Rogaland aleine er større alene enn både eit samanslått Trøndelag og eit samanslått Agder. Rogaland er i dag det fjerde mest folkerike fylke og det mest befolkningstette utanom Østlandet. B. Ein ny region der Rogaland får same geografiske avgrensning som Sør-Vest politidistrikt. Sør-Vest politidistrikt er samansett av Rogaland pluss Sirdal i Vest-Agder og Hordalandskommunane Sveio, Etne, Bømlo (og inntil Hordfast er på plass, Stord og Fitjar). Folketall utan Stord og Fitjar: ca 493 000. Tal kommuner uten Stord og Fitjar og før gjennomført kommunereform: 30. C. Ein ny region mellom Rogaland og Hordaland. Ein ny region mellom Rogaland og Hordaland betyr samanslåing av to fylke med om lag samen befolkning og næringstruktur. Det vil og bety samanslåing av det 2. og 3.dje største byområdet i landet. Folketal: i underkant av 1 million. Tal kommunar før gjennomført kommunereform: 59 D. Ein ny region mellom Rogaland og Agderfylka, fortrinnsvis Vest-Agder. Agderfylka arbeidar med sikte på å slå seg saman til ein ny region, og fylkestingene skal ta stilling til Agder-regionen i desember. Eit samanslått Agder vil få ca 300 000 innbyggarar og 30 kommunar. Folketal i Rogaland og Vest-Agder: ca 650 000. Tal kommunar før gjennomført kommunereform: Side 4 av 7
41 Vurdering Norge har tre forvaltningsnivå, stat fylkeskommune kommune. Fylkeskommunane har sidan 1976 vore eit direkte valt folkevalt nivå, grunngjeve i omsynet til lokaldemokrati, regional utvikling og kvalitet og effektivitet i tenesteytinga. Fram til 1976 var fylkeskommunane indirekte valt, i frå kommunane i fylket. Endringa i 1976 kom for å styrke fylkeskommunen i forhold til demokrati, utvikling og tenesteyting, men det var særleg viktig å leggje oppgåver knytt til samfunnsutvikling under folkevalt styring. Dei siste tiåara har behovet for fylkeskommunen vore ei viktig nasjonal politisk diskusjon. Høgre og Fremskrittspartiet har i lang tid hatt programfesta at dei ynskjer å leggje nede fylkeskommunen, for berre å ha to forvaltningsnivå. Nedleggjng av fylkeskommunen er vanlegvis sett i samanheng med endring i kommunestrukturen, med færre og større kommunar. Også endringar i strukturen har vore diskutert, om fylkeskommunane bør erstattast av regionar. I fylkeskommune- /regiondebatten har tal einingar variert, frå at dei 18 (19) fylkeskommunane bør erstattast av 4-5 landsdelsregionarregionar til mindre justeringar i fylkeskommunestrukturen ved t.d. samanslåing i Agder og Trøndelag. Endring i regionstrukturen vert vanlegvis sett i samanheng med oppgåvefordelinga mellom stat, fylkeskommune og kommune, det vil seie at en parallelt med etablering av større regionar overførar oppgåver frå staten til dei nye regionane. Oppgåvefordelinga mellom forvaltningsnivåa, og særleg fylkeskommunane sine oppgåver, vart vurdert av Stortinget i 2001, 2002 og 2007. Med verknad frå 2009 fekk fylkeskommunane nye oppgåver knytt til veg og regional utvikling. Stortinget har i behandlinga av kommunereforma i 2014 og av St.meld.22 (2015-2016) våren 2016, slått fast at Norge skal ha eit fylkes-/regionnivå, men at det er eit reformbehov knytt strukturen, og i den samanheng uttrykt eit mål om ca 10 regionar. Rådmannen viser til at reformprosessen er lagt opp slik at fylkeskommunane må ta stilling til spørsmålet om framtidig struktur før spørsmålet om nye oppgåver er avklart. Dette er ei utfordring, fordi det i utgangspunktet bør vere oppgåvene som styrar strukturen. Med dei oppgåvene fylkeskommunane har i dag, er det etter rådmannens vurdering ikkje behov for store endringar i regionstrukturen. Behovet for endring er tvert imot knytt opp til formålet om å styrke det regionale nivået gjennom å overføre oppgåver frå staten, og slik styrke lokaldemokratiet og regionane som premisslevarandør for samfunnsutviklinga regionalt. I kva grad og kva slags oppgåver dei nye regionane er tenkt å få ansvaret for, er altså eit nøkkelspørsmål som ein per dato ikkje veit svaret på. Vestlandsregionen er det konkrete reformalternativet som nå ligg føre for Rogaland. Det er berre dette alternativet som er utgreidd og kor det ligg føre intensjonsavtale om samanslåing. Rådmannen meiner på den bakgrunn at valet som Rogaland no har, er enten å gå vidare med Vestlandsregionen eller å halde fram som eigen region. Rogaland har eit folketal og geografisk størrelse som i ein ny struktur med om lag 10 regionar, vil vere eit realistisk alternativ. Dette samanlikna med t.d. ein samanslått Agder-region. Ifølgje saksframlegg til fylkestinget, er situasjonen den at «Rogaland framstår som et veldrevet og kompetent fylke som også vil være i stand til å påta seg flere oppgaver.» Det er i saksframlegget vidare understrekt at det truleg heller ikkje vil skje store endringar i kommunestrukturen i Rogaland, noko som også kan vere eit argument for å vidareføre Rogaland som eigen region. Konklusjonen til fylkesrådmannen er følgjande: «Med den store usikkerheten som er knyttet til framtidig oppgaveportefølje for regionnivået og de geografiske utfordringer som eksisterer, framstår Rogaland som egen region som et godt og aktuelt alternativ.» Rådmannen viser likevel til at Vestlandsregionen på ein heilt annan måte enn Rogaland, vil vere ein region som kan påta seg nye og større oppgåver. Det er oppgåver knytt til samferdsel, næring og Side 5 av 7
regional utvikling som er mest aktuelle å overføre til regionane. Dette er oppgåver som i dag i stor grad ligg i sentral og/eller regional stat. Det er og oppgåver der størrelsen på fylkeskommunane i dag har vore hovudargumentet mot desentralisering til fylkes-/regionnivået. Dette er også oppgåver der forsking og utgreiing dei siste tiåra viser at det vil vere gevinster knytt til demokrati, næringsutvikling og samfunnsutvikling ved å leggje oppgåvene til eit regionalt folkevalt nivå. Ved å samle dei tre fylkeskommunane på Vestlandet i ein ny region, vil ein vidare leggje til rette for styrka konkurransekraft på Vestlandet. Ein vil få et tyngdepunkt på Vestlandet, i forhold til forvaltning, lokaldemokrati og næringsliv, som kan fungere som ein motvekt mot Oslo-regionen. Ambisjonen er at Vestlandsregionen vil sikre fleire statlege ressursar, etableringar og prioriteringar på Vestlandet enn det fylkeskommunane kan få til kvar for seg. Vestlandsregionen framstår altså som eit vesentleg betre alternativ enn Rogaland i forhold til regionen sin evne og styrke til å vere ein premissleverandør for eigen utvikling. Mange har argumentert med at geografien i Vestlandsregionen og at Bergen skal vere «regionhovedstad», kan føre til redusert lokal påverknad frå Rogaland. Rådmannen viser til at intensjonsplanen legg opp til å fordele politikk og administrasjon mellom dei tre fylka, og viser elles til at påverknad innad i regionen også må vurderast i lys av påverknad til Vestlandsregionen versus påverknad til Rogaland-regionen nasjonalt. Rådmannen rekner det som sannsynleg at Rogaland kan «overleve» behandlinga av regionreforma i Stortinget. Rådmannen trur og at Rogaland som eigen region vil vere ei god nok løysing på kort sikt. Rådmannen meiner likevel at det å stå aleine kan ha negative verknader på mellomlang og lang sikt. Over tid kan Rogalandregionen både verte for liten til å løyse dei nye oppgåvene på ein god måte og i forhold til regional utviklingskraft. Rådmannen viser i tillegg til at regionreforma skjer nå. Situasjonen vil vere at dei andre fylkeskommunane finn partnarar og slår seg saman i nye regionar i frå 2020. Rogaland må difor rekne med at det valet fylket tar i 2016 vil ståande også på mellomlang og lang sikt. Finnøy kommune er medlem i LNK (Landssamanslutninga av nynorsk kommunar). LNK har i brev av 24.10.2016 bedt medlemskommunane om å ta inn i høyringssvaret eit punkt om nynorsk i Vestlandsregionen. Kva administrasjonsspråk Vestlandsregionen skal ha er ikkje avklart i intensjonsplanen. Rådmannen meiner det er naturleg at ein region med Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, har nynorsk som administrasjonsspråk. Dei tre fylka har alle ein lang nynorsk tradisjon, og 67 av kommunane i regionen vil vere nynorskkommunar, medan berre tre vil vera bokmålskommunar og 15 har vedtak om å vere språkleg nøytrale. Av dei 26 kommunane i Rogaland har 11 nynorsk som administrasjonsspråk, tre har bokmål (Stavanger, Eigersund og Haugesund) og resten er nøytrale. Konklusjon Rådmannen viser til at nye oppgåver frå staten er eit vilkår i intensjonsplanen for Vestlandsregionen. Det betyr at den viktigaste innvendinga mot å gå vidare med Vestlandsregionen, er tatt høgde for i samanslåingsprosessen. Rådmannen tilrår på den bakgrunn at Finnøy kommune i høyringssvaret er positive til at Rogaland fylkeskommune går vidare med prosessen med å etablere Vestlandsregionen i frå 01.01.2020. Rådmannen tilrår vidare at Finnøy kommune ynskjer at Vestlandsregionen skal ha nynorsk som administrasjonsspråk. Side 6 av 7
Side 7 av 7