Brynjulv Gjerdåker: Delprosjekt 3 - Bondelensmenn i det nordafjelske Noreg ca 1750-1870



Like dokumenter
UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE

Samansette tekster og Sjanger og stil

Om læring Frontane i diskusjonar omkring læringsforsking. Ingrid Fossøy Fagdag, 19. september 2008 Høgskulen i Sogn og Fjordane

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Forslag frå fylkesrådmannen

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Til deg som bur i fosterheim år

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Lønnsundersøkinga for 2014

Ny strategiplan for Høgskulen

Folkevalde har mange rollar. Du skal målbera veljarane sine ønskje Du skal leia utviklinga av bygda Du skal leia den største verksemda i bygda

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den med heimel i Uhl

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Saksbehandling kva er no det?

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Tevling i Bygdekjennskap. Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag.

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Lov om endringer i barnelova (farskap og morskap)

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

Reflekterande team. Oktoberseminaret Ove Heradstveit, kommunepsykolog, Familiens Hus i Øygarden

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Brukarrettleiing. epolitiker

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Psykologisk førstehjelp i skulen

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkivsaksnr.: 06/482

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Med god informasjon i bagasjen

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

FORDJUPINGSEINING I NORSK (10 vekttal)

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Årsplan i SAMFUNNSFAG 9.klasse

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Kvalitetsplan mot mobbing

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR DELEGASJON TIL RÅDMANN

Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

INTERNASJONAL STRATEGI

Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes

Styresak. Bakgrunn: Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: Saka gjeld: Retningsliner for selskapsetablering

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Plan for selskapskontroll

Transkript:

SHP, Høgskulen i Volda: Kulturperspektiv på møte mellom bønder og embetsmenn Prosjektseminar 3. 4. september 2008 Brynjulv Gjerdåker: Delprosjekt 3 - Bondelensmenn i det nordafjelske Noreg ca 1750-1870 Administrasjonshistorisk bakgrunn Gjennom fleire hundreår av nytida har lensmannen, tidlegare også kalla bonde- eller bygdelensmannen, vore ein sentral og viktig lokal aktør i det norske sivile embetsverket. I før- og tidleg-modene tid, 1 det vil seia til fram til utgangen av 1800-talet, var dette embetsverket eit forvaltningshierarki, der det sentrale styringsverket i Kjøpenhamn og seinare Christiania var det øvste nivået. Derunder kom amtsforvaltninga omkring midten av 1800- talet var landet delt i 20 amt. Kvart amt var delt i to eller fleire regionale forvaltningsdistrikt, der futar og sorenskrivarar hadde dei to sentrale forvaltarrollene. Romsdals amt og trøndelagsamta hadde alle tre fogderi eller futedistrikt kvar. I Nord-Noreg varierte det noko meir mellom amt og over tid: Ved midten av 1600-talet var det sju fogderi i Nordlands amt ( Nordlandene ), som då omfata begge dei to seinare amta Nordland og Tromsø. I 1866 var dette talet redusert til fem i det same området, av desse berre eitt i Tromsø amt. Gjennom perioden hadde embetsdistrikt blitt delte, slik at det var nokre fleire sorenskriveri enn fogderi ved midten av 1800-talet, i det nordafjelske liksom i landet under eitt. Forvaltningsområdet til sorenskrivaren har vore veldefinert og relativt stabilt gjennom hundreåra, nær sagt frå starten av på 1590-talet til våre dagar. Hovudoppgåvene til skrivaren har vore domsmakt i underretten, tinglysing, skifte- og frå slutten av 1600-talet auksjonsforvaltning. Han var også notarius publicus i distriktet sitt. Om verkefeltet til sorenskrivaren var oversiktleg, var futeembetet tvert om uklårt avgrensa gjennom alle år til det vart avvikla tidleg på 1900-talet. Sentralt i futen sitt funksjonsområde stod rolla som kongen sin Fiskal. Det innebar at han forvalta oppebørselsoppgåvene: Han kravde opp og førte rekneskap over dei mange ulike offentlege skattane og avgiftene oppgåver som var nedfelte i Christian V si norske lov (1-1-5). Jamvel om det ikkje fanst ein uttrykkeleg lovheimel for det, var futen også den kontrollerande makta eller politimeister i distriktet sitt. Men utover dette har det vore vanskeleg å slå ring om futen sitt verkeområde og definera det samla omfanget av embetet positivt. Av amtmannsinstruksen 7. februar 1685 går det fram at futen plikta å hjelpa amtmannen innan heile krinsen av embetsoppgåvene hans, såframt annan assistanse ikkje var serskilt fastsett. På det sivile området var futen såleis mest pott og panne som forvaltar av staten sine tarv i distriktet sitt. På grunnlag av lang praksis er det likevel både mogeleg og tenleg å inndela embetsfeltet hans i fire større funksjonsgrupper: To av dei var dei ovannemnde oppebørselsog politimeister-funksjonane. Attåt desse kom rettsbetjentoppgåvene, som handla om eksekusjon/nam eller fullbyrding av domar, bøtelegging og annan bruk av tvangsmidlar, og endeleg oppgåvene som ordnande og leiande øverheit elles, det vil seia funksjonar som korresponderte til magistratsoppgåvene i byane. I sume distrikt var då også futane magistratar i dei lokale lade- eller kjøpstadene. Dei ordnande og leiande øverheitsoppgåvene hadde eit større omfang i byane enn på bygdene, slik at fleire av dei større kjøpstadene fekk tidleg eigne magistratar. Men utover på 1800-talet vart det kravd stendig meir av futen sin innsats på dette feltet også i landdistrikta. Tilveksten i oppgåver var tydeleg mellom anna på dei kommunale og semikommunale 1

forvaltningsarenaene: Futen vart pålagd å føra manntalsprotokollar over røysteføre og personar som kunne veljast til kommunale ombod. 2 Han skulle ha overoppsyn med kommunale val. Etter formannskapslova skulle han også vera til stades ved amtsformannskapsforhandlingane og han hadde høve til å ta del i formannskapsmøte. Vidare skulle han sørgja for eit høveleg brannvesen på kommunalt nivå, 3 han skulle ha ei leiande rolle med den ålmenne branntrygdinga i distriktet 4 og nemna opp og føra lister over branntakstmenn og takst- og skjønsmenn. 5 Futen hadde dessutan kontroll- og oppebørselsfunksjonar med overformynderiet og organiserte val på representantar til det lokale formyndarstellet. Av seinare futeoppgåver kan nemnast føring av firma- /handelsregistra, heimla i lov 3. juni 1874 (seinare overført til sorenskrivaren). Futen skulle også ferda ut handelsbrev i tråd med vedtak i lov 26. mai 1866. Dessutan hadde han oppgåver med militærstellet: Han skulle ha oversyn over tilfanget av hestar i distriktet, han førte rullar over militære mannskap, stelte med sesjonsvesenet, o.m.. I delar av det nordafjelske vart bergverksdrift tidleg ei stor næring. Den som ville skjerpa etter malm, trong løyve. Det var ein bergamtmann eller nettopp futen i distriktet som ferda ut skjerpingsløyve. Fengselsstell og fangebehandling var også ansvarsoppgåver som låg til futeembetet. Vidare var det gjennom futane at amts- og sentralstyresmaktene vanlegvis henta inn opplysningar og rapportar om dei økonomiske og sosiale tilhøva i samfunnslivet. Alt frå 1770-/1780-talet ser vi at sume futar leverte avlingsmeldingar til amtet. Desse meldingane vart seinare integrerte i dei meir detaljerte økonomiske beretningane som frå om lag 1830 vart den viktigaste delen av underlaget for dei regelmessige femårsberetningane til amtmannen. Kort sagt var futen den autoriteten i det sivile embetsverket som stod nærast folket, og breidda i ansvarsområdet hans voks vesentleg frå 1830-åra og frametter. Han var den sivile delen av den offentlege forvaltninga sin fremste representant i distriktet sitt, og han måtte stå til teneste når og kvar det måtte bli kravd opplysningar, utgreiingar, memoranda, kontrolloppgåver og andre administrative åtgjerder av han. Assistentar Både sorenskrivaren og futen hadde behov for lokale hjelpesmenn til å skjøtta ei rekkje av dei oppgåvene som låg til dei to embeta. Sorenskrivaren trong hjelp i arbeidet med skifte- og auksjonsstellet, til å føra manntal over lagrettemenn og ymse andre oppgåver i aukande tal frå utgangen av 1700-talet og framover. Men ikkje minst var futen avhengig av assistanse for å kunna skjøtta mange gjeremål og plikter. Dei fleste futedistrikta i det nordafjelske var vide, først og fremst i Nord-Noreg. I dei mest vidtfemnande kunne det vera eit krafttak å koma seg rundt på dei ordinære tingferdene under vanskelege vêrtilhøve. Det var ikkje kvart år dei tinglaga som låg lengst unna, hadde futen på vitjing. Dette var i seg sjølv grunn god nok til at han hadde assistentar lokalt, i bygdelaga. 6 Bondelensmenn Der det var aktuelt og i det offentlege si interesse hadde futen eigne, særskilte skogoppsynsmenn og tilsynsmenn i samband med sesongfiskeri. Av dei sistnemnde var lofotfisket utan samanlikning det største og viktigaste. Det var dessutan oppsyn og særskilt sesongrelatert jurisdiksjon også i Gjeslingan i ytre Namdal, i samband med vårtorskefisket på mørekysten og andre distrikt. Men når me talar om assistentar til dei regionale embetsmennene, var bondelensmennene utan samanlikning den viktigaste stillingsgruppa. Mot slutten av høgmellomalderen, det vil seia frå den andre halvdelen av 1200-talet, var lensmannen ein statstenestemann på landet, underordna sysselmannen. 7 Han representerte såleis den andre 2

lekken i ei todelt, hierarkisk regionalforvaltning. I lensvesenet si tid på våre kantar av Europa, det vil seia i dei første 200-300 åra av unionsfelleskapen med Danmark, vart dei tidlegare sysselmennene skifte ut med lensherrar. 8 Som sine næraste underordna sette dei inn futar, som i sin tur tilsette sine eigne assistentar, kalla bondelensmenn. 9 Denne overgangen innebar ei derangering frå det andre til eit nytt, tredje, nivå i den offentlege regionalforvaltninga. Statusfallet hadde ein romleg, lokal dimensjon: Gjennom 1400- og 1500-talet auka talet på desse ombodsmennene jamnt, slik at mest kvar skipreide/kvart tinglag hadde ein lensmann omkring 1600. 10 Problemorientering Med innføring av eineveldet frå 1662 følgde ei ny omlegging i forvaltningsskipnaden: Lena vart skifte ut med amt, med kvar sin amtmann i leiinga. Amtmenn, futar og sorenskrivarar vart kongelege embetsmenn. Feltet for den følgjande lensmannsstudien ligg innafor den ramma som vart etablert ved denne (makt-)politiske omskipnaden. I utgangspunktet følgde det no ei statusendring for bondelensmennene som korresponderte til den som vart dei regionale embetsmennene til del. I denne studien vil det bli vurdert kva som formelt vart forventa av desse funksjonærane gjennom eit drygt hundreår, frå tida omkring midten av 1700-talet til ca 1870, slik det kjem til uttrykk i instruksar, reglement, føresegner og lovtekstar av ulikt slag: Kva vilkår var dei tilsette på, det vil seia kva rettar og arbeidsoppgåver/plikter var føreskrivne i normverket. Kven stod dei til ansvar for i forvaltningssystemet? Kva vederlag og godtgjersle/løn høyrde til ombodet deira? Med dette utgangspunktet blir sentrale element i problemorienteringa vidare å koma under funn med korleis ombodsmennene på varierande vis skjøtta dei mange pliktene sine i den praktiske utøvinga av ombodet; kva handlingsrom ombodet baud på utover dei instruksfeste oppgåvene, kva realkompetanse bondelensmennene såg ut til å rå over. Forutan individuelle kvalifikasjonar har sosioøkonomisk bakgrunn og status i lokalsamfunnet relevans i denne samanhengen. Kva lokalsamfunnsgrupper vart dei rekrutterte frå? Frå bondebefolkninga? I så fall frå kva sjikt eller gruppering av den heterogene bondestanden? Kan ein finna uttrykk for kva kulturelle og sosiale ressursar bondelensmenn forvalta attåt dei økonomiske? Hadde nokon av dei sosial omgang med sine føresette i det regionale embetsverket utover ombodspraksisen? på kva måte patron-klient-relasjonar kom til uttrykk i tilsetjings- og tilsynssamanhengar. Var kommandolinene mellom nivåa i embetsverket tydelege og prosedyrar regelrett praktiserte på moderne og føreseieleg vis? I kva mon var det opningar for problemløysingar på sjølvstendig, uavhengig grunnlag for bondelensmenn? korleis representantar for lensmannsdynasti eventuelt markerte skilnader frå andre ombodsmenn med omsyn til legitimitet i lokalsamfunnet, til autoritet i yrkespraksis og til lojalitetstilhøve andsynes overordna. På dette problemgrunnlaget er det hovudambisjonen med prosjektet å profilera kulturmøtet mellom embetsmenn og bønder i utvalde regionar i komparativt lys: I den samanliknande studien vil det topografiske hovudfokuset liggja på desse sosialt og økonomisk ulikearta distrikta i alt seks fogderi i det nordafjelske Noreg: Sunnmøre og Romsdal fogderi i Romsdals amt, Inderøy og Namdal fogderi i Nordre Trondhjems amt og dei to fogderia Salten og Lofoten & Vesterålen i Nordlands amt. Av desse fogderia peika Inderøy og Salten seg ut med sitt rike kjeldetilfang først og fremst velberga futearkiv. I nokon mon er desse tre 3

distrikta sosiokulturelt og økonomisk heterogene og eignar seg såleis for intraregional komparasjon i tillegg til jamføring interregionalt. Analytiske perspektiv 1. Som det framgår av omtalen av dei ovanståande problemformuleringane, i tråd med omtalen av delprosjekt III u. dette strategiske høgskuleprosjektet, er maktanalysen ein hovudinngang til denne studien av bondelensmenns bakgrunn, posisjonar i offentleg forvaltning, handlingsrom og praksis i ombodet. I utgangspunktet synest patronat-relasjonar å ha tydeleg relevans for det autoritetsfeltet bondelensmenn opererte i. Kva inneber det? Ein patron-klientrelasjon er definert som asymmetrisk; han inneber maktulikskap. Eit patronat varer over lengre tid og har eit visst omfang i alle høve strekkjer det seg utover ei einskild samhandling. Det har ein eigen etos, som representerer noko anna enn den offisielle samfunnsmoralen, men pr. definisjon ikkje noko umoralsk eller illegalt. Kva favoriserer framveksten av patronat-relasjonar i eit samfunn? Der makt er effektivt sentralisert, eller systematisk fordelt, er patronat mindre vanleg. På den andre sida kan eit ufullstendig sentralisert statsapparat, eit uutvikla byråkrati eller også ein mangelfull marknad, gje utviklingsrom for patronatsyndrom. 11 På 1700-talet var den offentlege forvaltninga her i landet i vekst, men enno lågt utvikla kanskje ikkje først og fremst i territoriell kontekst, men kvalitativt: Til dømes mangla ein kapasitet til å driva inn visse skattar ved eigne embetsmenn eller deira betjentar. Karakteristisk i så måte vart kongetienda 12 i sume distrikt kravd opp av private proprietærar eller andre, som forpakta denne pålagde ytinga av det offentlege. I andre område derimot var denne oppkrevjinga futane sitt ansvar. 13 Aspekt ved Max Weber sine utgreiingar om makt og byråkrati er tenleg teoritilfang i arbeidet med bondelensmenn og utviklinga av ombodet deira gjennom før- og tidleg-moderne tid. Legitimitetsvariantar i idealtypiske herske-relasjonar er særleg aktuelle her: For det eine det tradisjonelle, patrimoniale herredømet, der legitimiteten generelt har ankerfeste i hevd og sedvane. For det andre har makt vore karismatisk legitimert. Endeleg har me den legalt rettferdiggjorde makta, som byggjer på lover, regelverk og sakleg kompetanse. 14 Av desse idealtypane er det først og fremst den første (tradisjonelle) og den siste, den nyare statstenar - varianten, som har relevans i den aktuelle analysekonteksten. Ein særvariant av det patrimoniale herredømet var den eineveldige kongen av Guds nåde sitt tilhøve til undersåttane. Herredømet til eineherskaren kravde knapt nokon legitimitet. Han var nådig når han fann det høveleg, han hadde sine yndlingar osb., slik han fann det for godt når som helst. Men bondelensmenn sitt tilhøve til monarken var distansert og perifært og det er ikkje eit tema i denne studien. Dei øverheitspersonar bondelensmenn i det store og heile hadde relasjonar til, var embetsmenn som representerte herredøme i kraft av lover og instruksar, ikkje personlege eller guddommelege rettar. Blant fleire stod fut, sorenskrivar og amtmann i sentrum i denne samanhengen. I teorien kan skilnadene mellom det patriomoniale og det legale/rettsbaserte herredømet synast tydelege: Tradisjonen er utan faste grenser, medan det legale er definert ved formelle, abstrakte normer som er gyldige innan avgrensa saksfelt eller kompetanseområde. 15 Men korkje formelt eller i praksis var dette så endeframt. Som nemnt utførte bondelensmenn dei fleste av ombodsoppgåvene sine på futen sine vegner så lenge futeembetet eksisterte. I amtmannsinstruksen 7. februar 1685 les me at futen plikta å hjelpa amtmannen innan heile krinsen av embetsoppgåvene hans, såframt annan assistanse ikkje var serskilt fastsett. I utgangspunktet var det altså uråd å definera futen sitt embetsområde positivt. Bondelensmannen sine oppgåver i ombodet vart nærare ekspliserte i instruksar o. l. på 1700-talet og vidare framover på 1800-talet. Men lenge var heller ikkje verkefeltet hans 4

klårt avgrensa. Til ein viss grad var altså futen på si side prisgjeven den til kvar tid presiderande i det høge amt og som nemnt sentral forvaltar av staten sine tarv i distriktet sitt. Om enn i mindre grad enn futen måtte også bondelensmannen, som futen sin viktigaste assistent, akseptera at oppgåvene ikkje var heilt ut spesifiserte og ekspliserte i instruks form. Såleis kunne grensene mellom tradisjonelt og legalt herredøme bli utydelege i varierande grad og på ulike nivå i embetsverket, og tilhøva såleis liggja til rette for variantar av patron-klientrelasjonar mellom øverheitspersonar som mellom fut og bondelensmann enno i den andre halvdelen av 1800-talet. I utgangspunktet blir det ein arbeidshypotese for det første at bondelensmenn i ulike kontekstar stod i klient-tilhøve til sine overordna, det vil seia embetsmenn i amts- og regionalforvaltningane (fogderia og sorenskriveria). For det andre spelte lensmenn sjølve roller som patronar eller meklar-patronar ( broker-patrons ) i sine lokalsamfunn: I ei tid med større distanse enn seinare mellom embetsstand og bygdefolk kulturelt og språkleg trong øverheita representantar i lokalforvaltninga som kunne kommunisera idiomatisk med, eller på same bølgelengd som, allmugen. I denne samanhengen var både alfabetiserings- og kunnskapsnivået i bondebefolkninga og utviklingsnivået i statsbyråkratiet vesentlege bakgrunnsvariablar for bondelensmenns ombodspraksis. Det er også ei kjensgjerning at bondelensmenn spelte roller som kreditorar i lokalsamfunent, ikkje minst i dei økonomisk og kredittpolitisk vanskelege åra frå napoleonskrigane og framover mot midten av 1800-talet eit interessant og relevant problem å undersøkja i ein patron-klient-kontekst. 2. Pierre Bourdieu gjev ein teoretisk og potensielt fruktbringande analytisk inngang til dette praksisfeltet med sin metodologiske relasjonisme. Det relasjonelle perspektivet hans går inn i ein lang strukturalistisk tradisjon, med røter attende til Marx og Durkheim og i dei seinaste 50-60 åra vidareutvikla av Claude Lévi-Strauss, Fernand Braudel og fleire. Hjå Bourdieu er det i stikkords form karakterisert ved omgrepa habitus, felt og kapital. Det første er å forstå som individuelt nedfelte og kroppsleggjorde skjema for erkjenning og handling, det andre som historiske relasjonar mellom posisjonar som er forankra i visse former for makt eller kapital 16 anten politisk, økonomisk, sosial eller kulturell kapital, eller gjerne fleire av dei i kombinasjon. Den individuelle habitus disponerer for rasjonell handling, men det er ein rasjonalitet innanfor rammene av eit felt/eit system av historisk skapte samfunnstilhøve eller - vilkår. Det bourdieuske feltet er eit handlingsrom som eksisterer for aktørar som går inn i det og som engasjerer seg i det fordi dei meiner dei har noko att for engasjementet. Felt-rammene opnar for improvisasjon og strukturelle endringar feltet er elastisk, det kan formast, endrast, utviklast. Dei handlande aktørane, med kvar sin habitus, er ikkje determinerte til handling, men interessentar med sine sett av sosialiserte disposisjonar som både representerer incitament til å gå inn i spelet og og tame til å utvikla det på grunnlag av den einskilde aktøren sine føresetnader. På dette teorigrunnlaget distanserer Bourdieu seg frå såvel deterministiske som intensjonalistiske og utilitaristiske forståingskategoriar. Med utgangspunkt i omgrepa illusio av lat. in og ludus (=spel), dvs. i spelet, og interesse av lat. inter og esse, dvs. å vera midt i det, 17 går Bourdieu til felts mot tendensen til å redusera tilhøvet mellom den handlande aktøren og handlingsfeltet til det nyttige, til å redusera illusio til den utilitaristiske interessa eller, om ein vil, til førestillinga om homo oecomicus ( det som svarte seg best ). Bourdieu si interesse-forståing byggjer på internaliserte spelereglar og sans for spelet/illusio hjå aktørane. Ei forståing av spelet si historie er ein føresetnad for den framgangsrike aktøren, som har spele-tendensane i kroppen, er eitt med spelet og meistrar det praktisk. Men framgang skal altså ikkje reduserast til økonomisk framgang. Den erkjenninga ligg nedfelt i Bourdieu sitt mangfaldige kapitalomgrep, som er eitt av elementa i den metodologiske omgrepstrikotomien hans habitus-felt-kapital. I denne konteksten er interessefridom og 5

ære relevante omgrep. Bourdieu minner om at det har funnest (og finst) miljø der det uttrykkeleg eller ved tause forbod blir markert distanse til reint økonomisk profitt, ikkje minst i før- eller tidleg-kapitalistiske samfunn. Sentensen adelskap forpliktar er eitt av fleire fynduttrykk for dette. 18 Det økonomiske vederlaget norske lensmenn fekk for innsatsen i offentleg teneste var ikkje stort i nokon region i denne undersøkingsperioden, jamvel om det auka noko under vegs. Kva økonomisk kapital lensmenn disponerte blir dermed eit spørsmål med relevans for seleksjonen av kandidatar til omboda: Ein måtte kort sagt ha råd til å vera lensmann. Kva kulturell og sosial kapital desse ombodsmennene forvalta, har likeins interesse. Korleis kompetanse eller tame i fleirkapital-samanheng ymsa i samanheng med skiftande lensmannsdistrikt regionar imellom og over tid, blir spennande analysetema. Året 1814 ligg midtvegs i undersøkingsperioden. Endra feltet for lensmenns ombodspraksis karakter med dei samfunnsendringane som me knyter til dette året? Vart lensmenns posisjonar i høve til både overordna i embetsverket og til klientar i bondesamfunnet andre? Var kanskje andre vendepunkt viktigare i denne ombodskonteksten? Korleis endra kapital-variantane verde over tid i det spelet som ombodspraksisen innebar? 3. Først på 1900-talet utvikla den italienske, marxistiske teoretikaren Antonio Gramsci (1891-1937) sitt hegemoni-omgrep. Med utgangspunktet sitt i eit utvikla, industrikapitalistisk klassesamfunn som det italienske utvida han hegemoniperspektivet frå det smalare fokuset på dominans eller makt med basis i politisk og militær kontroll og retta søkelyset på tankeherredøme, formidla gjennom hegemoniske instansar som kyrkje, skule, politiske parti, massemedia. Gramsci skil såleis mellom tvang, bygd på trugsmål om militære eller strafferettslege sanksjonar og meir subtile uttrykk for hegemoni. Det hegemoniske overtaket inneber at dei dominerande langt på veg får dei underordna eller dominerte til å tolka verda innanfor sine ideologiske rammer og forståingskategoriar. Det siste definerer Gramsci som sosiopolitisk makt som veks ut av eit breidt, spontant samtykke blant dei underordna, dvs. folk flest eller folket, om den kulturelle og moralske leiarskapen til hegemonen ein kulturell eller sosiopolitisk elite eller klasse. Hegemoni slik forstått er gjerne referert til som kulturelt eller ideologisk hegemoni. I mange dominans-samanhengar er det eit spørsmål kor absolutte eller sterke slike hegemoni i røynda er/har vore på ulike samfunnsfelt, og kva ulike uttrykk ein kan finna for subaltern 19 ulydnad i dei tilfelle der hegemonen kunne stø seg på eit lov- eller regelverk og på slikt grunnlag ty til rettslege sanksjonar. Hegemoni-perspektivet har ikkje minst ein tydeleg relevans for sume aspekt ved allmuge-/øverheitsrelasjonar og til bondelensmannen sin mellomkomst, som meklar -patron, i slike kontekstar. Me veit at folk ikkje utan vidare aksepterte kva påbod som helst, og det er eit interessant spørsmål kva rolle bondelensmenn spelte og kva standpunkt dei tok i saker der lojalitet og autoritet i tilhøve mellom undersåttar og øverheit kom på kritisk prøve. Notar: 1 Grensa mellom før - og tidleg -moderne tid er ikkje dregen stringent. Men ho går ein stad i denne undersøkingsperioden, dvs. mellom ca 1750 og 1870, eksakt kvar er irrelevant.. 2. Jfr. lov 4. august 1845. 3. Jfr. lov 26. august 1854. 44. Jfr. lov 19. august 1845. 5. Jfr. lov 28. august 1854, pgf 5, 18 og 19. 6

6. Futeassistentane hadde sine pendantar i dei danske sognefogder, som kom inn som ein ny instans i dansk statsforvaltning frå den siste delen av 1700-talet av. I tvillingriket i sør var behovet for herredsfogedassistanse størst på det politimessige området. I den danske politiforordninga 25. mars 1791 er det slått fast at ein lokalmann kalla sogne- og bondefoged eller opsynsmand skulle stå til teneste for rettsbetjenten. (H. Jørgensen 1985, s. 157ff). 7.. Den administrative skipnaden med syssel og sysselmann vart systematisk gjennomført av kong Sverre. 8. Iflg. Salmonsensn leksikon glider S. efterhaanden over i det 16. og 17. Aarhundredes Lensherrer (Salmonsens leksikon (1927), bind XXII, s. 931. 9. I 1293 vart det påbode å tilsetja forstandige bønder av god ætt til lensmenn, derav bondelensmenn. 10. Av stilistiske grunnar vil bondelensmann og lensmann bli brukt om einannan i framhaldet sålenge det ikkje er tvil om at det handlar om den same ombodspersonen. 11. Gellner and Waterbury 1977: 4 12. Etter reformasjonen overtok kongen bispeinntektene og bispedelen av tienden vart kalla kongetienden. 13. Sjå Gjerdåker i Carstens og Bjørkvik 1995: 38-39. I Senja og Tromsø fogderi vart kongetienda pakta av tre proprietærar i 1840-åra, i fogderia Helgeland og Lofoten & Vesterålen av Den angellske stiftelse i Trondheim. På Sunnmøre og i Salten var oppkrevjinga av kongetienda derimot eit ansvar som kvilte på futane i dei to fogderia. 17. Weber 1982, s. 91ff. 15. Østerberg 1984, s. 97. 16. Bourdieu og Wacquant 1993: 34 17. Bordieu 1996:136f 18. sst.: 142ff. 19. Etter Gramsci: Subaltern er ein eufemisme for folkeleg, proletær. Etter som det heiter, nytta Gramsci subaltern som løyndeuttrykk i sin korrespondanse frå fengselet med kontaktar utanfor. Litteratur i utval: Bonnell, Victoria E. and Hunt, Lynn (eds.) Beyond the cultural turn, California 1999 Bourdieu, Pierre Kultursociologiska texter, Stockholm 1986 Bourdieu, Pierre og Wacquant, Loïc J. D. Den kritiske ettertanke, Oslo 1993 Bourdieu, Pierre Symbolsk makt, Oslo 1996 Carstens, Svein og Bjørkvik, Eilert Jeg fant, jeg fant, Statsarkivet i Trondheim 1995 Gellner, Ernest and Waterbury, John Patrons and Clients in Mediterranean Societies, London 1977 Gramsci, Antonio Politikk og kultur (art. og brev i utval ved Kjeld Østerling Nielsen), Oslo 1973 Hunt, Lynn (ed.) The New Cultural History, California 1989 Jónsson, Gudmundur (red.) Vänner, patroner och klienter i Norden 900-1800, Reykjavík 2007 Rian, Øystein Maktens historie i dansketiden, Oslo 2003 Ringer, Fritz Max Weber s Methodology, Harvard 1997 Weber, Max Makt og byråkrati, Oslo 1982 - Sociological Writings, New York 1999 Winge, Harald (red.) Lokalsamfunn og øvrighet i Norden ca 1550-1750, Oslo 1992 Østerberg, Dag Sosiologiens nøkkelbegreper, Oslo 1984 7