HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Like dokumenter
HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

VENNSKAP. * Me vil at alle skal føla seg trygge på skulen og på skulevegen. * Me vil at alle skal gje melding dersom dei eller andre vert plaga

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ATFERD

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Plan for arbeid med elevmiljøet ved Sørreisa sentralskole

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.

1. Forord fra rektor s Bakgrunn og definisjoner s Avdekking av mobbing s Problemløsning av mobbesaker s. 7

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Handlingsplan mot mobbing

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

Godkjent av driftsstyret Handlingsplan mot mobbing

1. AVDEKKING AV MOBBING

TILTAKSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved

Handlingsplan mot mobbing

TILTAK MOT MOBBING Geiranger skule og barnehage 2012

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Handlingsplan mot mobbing

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule

Denne planen består av fire deler 1. AVDEKKING AV MOBBING 2. PROBLEMLØYSING AV MOBBESAKER 3. FØREBYGGING 4. KONTINUITET

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING For St. Paul skole og SFO/Pauline

Handlingsplan mot mobbing

Fedje Skule HANDLINGSPLAN OG FØREBYGGJANDE ARBEID MOT MOBBING. Fedje kommune 2015/2016

Plan for arbeid med elevmiljøet ved Sørreisa sentralskole

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED BRANDENGEN SKOLE

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Handlingsplan mot mobbing på Eiganes skole. Er tilstede Er i utvikling Går sammen

Standard for å forebygge, avdekke og følge opp mobbing og krenkelser ved Lusetjern skole

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

BAKGRUNN FOR HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANTISOSIAL ATFERD

PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS)

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Rosendal ungdomsskule er ein trygg og utviklande læringsarena for alle elevane. VISJON. Partar: Rektor.

Overordnet handlingsplan mot mobbing og krenkende atferd

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKINGAR. Danielsen Ungdomsskule Osterøy

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Heilt einig. Litt einig

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den..

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

Opplæringslova 9A Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Plan for oppfølging av elevenes skolemiljø.

Handlingsplan mot mobbing Hovinhøgda skole og SFO

HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD. Horpestad skule. Alle elevane på skulen vår skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø som er fritt for mobbing.

Plan for å sikre elevene et godt psykososialt læringsmiljø ved Gjettum skole

FEVIK SKOLE. Sosial handlingsplan. Handlingsplanen revideres hvert år i april.

Strategisk Plan Ytre Arna skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED BRANDENGEN SKOLE

Øystese barneskule April - 08

Handlingsplan mot mobbing. Grunnskolen i Søgne

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Handlingsplan mot mobbing og krenkende atferd 2018 Ekeberg skole

Handlingsplan mot mobbing. for. Stranda ungdomsskule

Arbeid med det psykososiale miljøet. Byåsen skole

Plan for å sikre elevane eit godt psykososialt miljø på Tuv og Ulsåk skular og sfo

Forord

Plan mot mobbing/krenkende atferd Bergen Katedralskole

Handlingsplan mot krenkende atferd Eide skole

HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Handlingsplan mot mobbing Glomfjord skole. Avdekke, stoppe og forebygge mobbing.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Plan mot mobbing og mistrivsel

ANDEBU SKOLE - kunnskap og utvikling

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

KVITESEID SKULE. Planen er handsama i FaU , Samarbeidsutvalet og i TPO team med PPT

HANDLINGSPLAN FOR ET TRYGT OG GODT SKOLEMILJØ

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

PLAN FOR ET GODT OG TRYGT SKOLEMILJØ BRØNNERUD SKOLE

Handlingsplan for å sikre eleven et trygt og godt psykososialt skolemiljø ved Rosenborg skole

Lysheim skole Plan for å sikre elevene et godt psykososialt miljø

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

Handlingsplan mot mobbing

GISKE OPPVEKSTSENTER SKULE OG SFO

Handlingsplan for å forebygge, oppdage og stoppe mobbing ved Hommelvik ungdomsskole

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN FOR ET GODT LÆRINGSMILJØ VED STORE BERGAN SKOLE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Retningslinjer for uønskede hendelser mellom elever ved AUSK

Transkript:

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Ytre Arna skule 2013-2014 MÅL: 1. Skulen skal ved førebyggjande tiltak hindre at elevar blir utsett for mobbing 2. Skulen sine rutinar skal avdekkje at mobbing foregår 3. Skulen skal følgje opp mobbar og mobbeoffer 4. Skulen sine rutinar skal sikre best mogleg samarbeid med dei føresette Opplæringslova Utdrag frå 9a-3: "... Dersom nokon som er tilsett ved skolen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev er utsett for mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skoleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn." Reaksjonsplikta er lovpålagt. Definisjon på mobbing (Dan Olweus): Ein person er mobba eller plaga når han eller ho, gjentatte gonger over ei viss tid, blir utsett for negative handlingar frå ein eller fleire andre personar. Eksempel på mobbing: Vi seier at ein elev blir mobba når ein annen elev eller fleire andre elevar: seier vonde og ubehagelege ting til han eller henne, gjer narr av han/henne eller brukar stygge og sårande kallenamn overser han/henne fullstendig eller stengjer han/henne ute fra venneflokken slår, sparkar, luggar, skubbar eller stengjer han/henne inne fortel løgner, sprer falske rykte om han/henne, sender ubehagelege lappar eller meldingar - også digitalt - eller prøver å få dei andre elevane til å mislike han/henne og liknande ubehagelege ting 1

1. FØREBYGGJING : MÅL: Alle elevar skal oppleve eit godt arbeidsmiljø Alle tilsette er tydelege vaksne som eleven har tillit til. Relasjonsbygging skal pågå kontinuerleg og ha høg kvalitet. ALLE elevar er ALLE sitt ansvar. ALLE elevar skal erfare at dei blir tatt på alvor. Det betyr på skulenivå: Ein jamleg gjennomgang av visjonar, mål og reglar på skulen Å leggje til rette for eit godt vaksen-elevforhold på skulen Å leggje til rette for gode kollegiale forhold Å leggje til rette for eit godt heim-skuleforhold Skulen innhentar nødvendig kompetanse ved behov Det betyr at den vaksne: Følgjer reglar og rutinar som er bestemt Må passa sine tider for inspeksjon og timar. Avsluttar lærar timen før tida, har han/ho ansvar for inspeksjon fram til andre overtar. Respekterer den enkelte eleven sine særtrekk og føresetnader Gir elevane tryggleik på at dei høyrer på elvane og held det dei lovar Er hyggjeleg og venleg i omgang med elevane Er bevisst og aktiv brukar av seg sjølv som førebilete Tilsette må melde frå til avdelingsleiar dersom vedkomande er forhindra frå å ta vakta si. Lærar har ansvar for: Å vere ein tydeleg klasseleiar (klar og tydeleg vaksen, god rollemodell, konsekvent, forutsigbar, førebudd, har ein venleg og god tone og gjennomfører individuell tilpassing) Å bli godt kjent med alle elevane og foreldra deira. Å oppfordre både barn og foreldre til å ta kontakt med skulen når det er problem o.l. Å ha ein planlagt og strukturert elevsamtale minst ein gong pr. halvår Å rose positiv åtferd i her og no -situasjonar. Å gjennomføre klassemøter kvar veke (I følge Olweus er klassemøter kvar veke grunnsteinen i det førebyggjande arbeidet) Å utarbeide få og tydelge klassereglar, der borna sjølv har utarbeidt og vedtatt reglane Å tilretteleggje for ro og orden i klassen Å leggje til rette for gode fellesopplevingar som skapar tryggleik, trivsel og tilhøyrsle Å nytte undervisningsopplegg i sosial kompetanse Å gjere elevane bevisste på at tull frå den eine si side kan oppfattast som plaging/mobbing frå den andre si side At trivsel og klassemiljø årleg skal vere tema på foreldremøte. Å utvikle gode relasjonar prega av respekt, tillit og samarbeidsvilje overfor både elev og føresette. (Det viktigaste for foreldre: Likar læraren mitt barn? Synes læraren at eg er ein god forelder?) At personalet er dirigentane som slår an fellesskapet sin tone og syter for at den er god for alle 2

Elevane har ansvar for: Å ta vare på kvarandre Å vere opptatt av at alle har det trygt Å inkludere kvarandre i arbeid og i leik Å vise omsorg for kvarandre Å vere hyggjelege og venlege mot kvarandre og dei vaksne Å sjå til at ikkje nokre få elevar i klassen blir utestengde frå bursdagbesøk og andre sosiale samankomstar. Tilsette og føresette har saman ansvar for: Å utvikle relasjon prega av respekt, tillit og samarbeidsvilje Å utvikle ein god og åpen dialog Å vere lydhøre for den andre sine synspunkt Å ha respekt for at ein har ulike perspektiv Å vere imøtekommande overfor kvarandre. Oppfordring til føresette om å engasjere seg i eigne barns klassemiljø ved å: Vise interesse for korleis eleven har det på skulen, sosialt og fagleg. Snakke positivt om skulen Snakke positivt om andre barn og foreldra deira Setje av tid til positivt samvær med eleven og til å hjelpe med skulearbeid. Delta på utviklingssamtalar, foreldremøte og arrangement der elevane er med. Hindre barna i å bruke digitale hjelpemiddel til å såre andre. Varsle skulen ved mistanke om mobbing på skulen eller skulevegen, og om misbruk av digitale hjelpemiddel. Ta kontakt med kontaktlærar. Sjå til at ikkje nokre få elevar i klassen blir utestengde frå bursdagsbesøk og andre sosiale samankomstar. Godt prinsipp: Be alle (jenter/gutar/klassen) eller nokre få (i så fall ikkje levering på skulen) 2. AVDEKKING : MÅL: Avdekke at mobbing foregår All mistanke om mobbing skal behandlast på ein seriøs måte. Informasjonsinnhenting må gjennomførast øyeblikkeleg. ALLE som oppdagar noko eller får mistanke om noko, må undersøkje saka vidare eller informere kontaktlærar. Deretter har kontaktlærar hovudansvar. Sjå under tiltaksrekkja på s. 5 og 6. Årleg trivselsundersøking, der spørsmål om mobbing er ein vesentleg del. Elevsamtale ein gong pr. halvår. "Trivsel og utvikling" skal også vere tema. Skjema med spørsmål i forkant. Utviklingssamtale med elev og føresette ein gong pr. halvår. "Trivsel og utvikling" skal også vere tema. 3

Samtlege elevar på 5. - 10. trinn deltar på "Elevundersøkelsen" i regi av Utdanningsdirektoratet. Kontaktlærar tar initiativ til individuelle elevsamtalar ved usikkerheit eller "signal". Kontaktlærar fører logg som dokumentasjon på kva som blir gjort i samband med mobbesaker. Det skal skrivast referat frå evt. møter. Avtalte tiltak skal alltid framgå skriftleg. Tilsyn/inspeksjon i friminutt: ALLE tilsette skal ALLTID "slå ned på" uønska åtferd. Føresette må vere snare med å ta kontakt ved mistanke eler signal Lærar og føresette må vere bevisste på årsak til fråver 3. OPPFØLGING : MÅL: Skulen tar ansvar og initiativ for å stoppe mobbing. Hovudansvarleg viss ikkje anna er avtalt: Kontaktlærar i samarbeid med spesialpedagogisk team. Kartleggje situasjonen (hovudansvarleg) Oppfølgingssamtalar: Etter to veker snakkar kontaktlærar (evt. annan ansvarleg for saka) med offer, mobbar og evt. tilskodarar for å høyre om mobbing har slutta. Dette blir gjenteke etter ytterlegare to veker, så etter ein månad. Kontaktlærar arbeider systematisk med klassemiljøutvikling (forslag til tema i vedlegg) Utviklingssamtalar og foreldremøter: Trivsel skal alltid vere med på dagsorden. Trivsel og mobbing er alltid tema i elevsamtalen. Andre samarbeidspartar ved behov: spesialped. team, helseteam, PPT, helsesøster m.fl. Dersom det kjem fram noko som tyder på systemsvikt, må rektor gjerast mersksam på dette. Kontaktlærar i samarbeid med rådgivar og adm evaluerer arbeidet. All skriftleg dokumentasjon om det som er gjort vert samla i ei eiga mappe. Resultat frå trivselsundersøking og elevundersøking må følgjast opp med tiltak (hovudansvar: kontaktlærar) 4. SAMARBEID : Kontaktlærar må melde saka til rådgivar eller administrasjon før evt. samarbeidspartar kan trekkjast inn. Aktuelle samarbeidspartar: - Spesialpedagogisk team ved Ytre Arna skule - Helseteam ved Ytre Arna skule - Helsesøster ved Ytre Arna skule - PPT Arna - Barnevern - Psykisk helse for barn og unge - Politi 4

Elevrådet har trivsel og mobbing som tema minst ein gong pr. halvår. Elevrådet kjem med innspel i evalueringsarbeidet etter den årlege trivselsundersøkninga og elevundersøkinga. Organisere miljøvakter Skulen har eit tett og godt samarbeid med FAU Resultat frå skulen si årlege trivselsundersøking, samt forslag til tiltak, blir gjort kjent blant elevar, føresette og tilsette. TILTAK VED MOBBING Dersom skulen oppdagar eller får vite om mobbing, kan følgjande tiltak setjast i verk: Strakstiltak: Offeret blir ivaretatt umiddelbart, til vanleg av kontaktlærar. (Støtte, informasjon om saksgang, avtale om oppfølgjing) Den vaksne som oppdagar eller blir gjort kjent med mobbing konfronterer straks utøvaren (e) av mobbing/problematferd/vald. Kontaktlærar til involverte elevar skal informerast. Mobbaren/utøvaren sine føresette blir kontakta av eleven sin kontaktlærar. I alvorlege tilfelle skal dei tilkallast. Kontaktlærar for offer ringjer/tar kontakt med offeret sine føresette. Kontaktlærar informerer avdelingsleiar I alvorlege tilfelle skal ein alltid informere rektor Oppfølging: Skulen skal snarast mogleg behandle mobbesaker etter reglane om enkeltvedtak i opplæringslova 9a. Kontaktlærar har oppfølgingsansvar. Kontaktlærarane har samtale med involverte partar. Det blir gjennomført møte der offer, utøvar og dei aktuelle kontaktlærarane er til stades. I særleg alvorlege tilfelle deltar også rådgivar og/eller adm. Offeret slepp å møte dersom han/ho ikkje ønskjer dette. Ved melding om mogleg mobbing, må skolen først kartleggje situasjonen. Kontaktlærar og rådgivar avtaler korleis dette skal gjerast (elevsamtaler, inspeksjon, loggbok, spørjeskjema, drøfting på lærarteam med meir) Kontrakt med skriftlege avtalar med partane si underskrift. Kontrakten må også innehalde ein oppfølgingsplan. Føresette får kopi av kontrakten. Kontaktlærar skriv referat frå møter. Oppfølgingssamtalar: Etter to veker snakkar kontaktlærar (evt. annan ansvarleg for saka) med offer, mobbar og evt. tilskodarar for å høyre om mobbing har slutta. Dette blir gjenteke etter ytterlegare to veker, så etter ein månad. Involverte foreldre blir fortløpande informert. I ein mobbekonflikt kan skulen avtale møte mellom partane sine føresette. 5

Kontaktlærar eller adm. kan evt. gi informasjon på fellesmøte for lærarne om utvikling i saka. Andre tiltak: Mobbar/utøvar kan bli nekta friminutt og må vere inne. Tettare oppfølging i friminutt. Han/ho må halde seg borte frå bestemte område i friminutta. Alvorleg samtale med rektor, avdelingsleiar eller rådgivar Byte gruppe / klasse /skule. Tema på foreldremøte, særleg dersom det er mange involverte. Dersom mobbing går føre seg på skuleveien anbefaler vi at mobbaren/plagaren blir følgt til/frå skulen av føresatte eller andre ansvarlege. Mobbarar kan bli halde igjen etter skuletid for at andre elevar skal kunne gå trygt heim. ÅRSHJUL Når Kva det skal arbeidast med Ansvar Skulestart Gå gjennom handlingsplan mot mobbing Fellestid / Rektor Skulestart Gå gjennom inspeksjonsrutinane Rektor / Avdelingsleiar Skulestart Gå gjennom ordensreglane (på 1, 5. og 8. Kontaktlærar trinn vert dei sendt heim til underskrift) Skulestart Gå gjennom handlingsplan mot mobbing med Kontaktlærar elevane August Lage plan for klassemiljøtiltak Kontaktlærar August Lage plan for systematisk undervisning i sosial kompetanse Team / Kontaktlærar Kvar veke Klassemøte Kontaktlærar August / skulestart August / skulestart August Utarbeide få men tydelege klassereglar saman med klassen Kartlegging av mobbeområde ute og inne Mobbing er tema på team Fellesmøte for foreldrekontaktar, kontaktlærarar og FAU. Utarbeide plan for sosiale arrangement og trivselstiltak i klassen Kontaktlærar Kontaktlærar +Team Rektor + FAU August-mnd.slutt Korleis fungerte skulestart? Heile personalet September September Elevmiljø og handlingsplan mot mobbing er tema på klasseforeldremøtet. Kartlegging av elevar som treng spesiell oppfølging Kontaktlærar Kontaktlærar/assistent og teamleiar September Skulen si årlege trivselundersøking Kontaktlærar + adm. Oktober Evaluering av trivselundersøking Kontaktlærar /fellestid / FAU 6

Oktober Elevråd har trivsel og mobbing som sak Elevråd Oktober Planlagt og systematisk elevsamtale Kontaktlærar Oktober Utviklingssamtale Kontaktlærar November Trivsel og mobbing er tema i FAU og Samarbeidsutvalet FAU-leiar + rektor November Temamøte for personale og foreldre Adm.+ FAU Januar Elevråd har trivsel og mobbing som sak Elevråd Februar 5-10. trinn deltar på den digitale elevundersøkinga Februar Planlagt og systematisk elevsamtale Kontaktlærar Mars Utviklingssamtale Kontaktlærar Mai Gjennomgang av skulen sin aktivitetsplan Plangruppa Juni Gjennomgang og eventuell revisjon av handlingsplan Plangruppa/Plenum FOR LÆRAREN: Idéliste: Olweusprogrammet Steg for steg ART Assertive dicipline Litteratur: Olweusprogrammet - personalveiledning Mobbing forbudt - et trinnvis undervisningsopplegg i 15 leksjoner Sylvia Laserow / Cappelen Hefte om læringsmiljø: "Materiell for helhetlig arbeid med læringsmiljø" utviklet av Forskergruppen på oppdrag fra Utdanningsdirektoratet i 2009 (ligger på It`s learning - personalrom) 7