Handlingsplan mot mobbing i Engelsvoll barnehage MÅL: Engelsvoll barnehage skal vera mobbefri. Mål for barnehagen sitt arbeid mot mobbing: Skapa ein barnehage med nulltoleranse for mobbing både blant born og vaksne Byggja positive sjølvbilete og respekt for mangfald Få til eit konstruktivt samarbeid med foreldrene når det gjeld mobbing Kva er mobbing? Mobbing er når ein person eller ei gruppe personer gjentatte gonger, og over tid, plager eit eller fleire offer og det er eit skjeivt maktforhold mellom dei som mobber og dei som blir mobba.
Mobbing kan arte seg som fysisk/psykisk plaging, trakassering, truslar, erting, håning, negativ omtale/tiltale, utestenging og/eller ignorering over tid. Det er ikkje mobbing ved vilkårlig erting, enkeltepisodar med konflikter eller slåssing, enkelttilfeller av utestenging m.m. Dette er noko som kan førekome i ungar sin leik, og som oftast ordnar dei opp i dette, etter kvart og utan problem for nokre av partane. Eks: Når eit barn seier eller gjer noko, og ser at den andre blir lei seg og dermed stopper med det han/ho seier eller gjer, er det ikkje mobbing. Det er derimot mobbing om eit barnet utnytter gråten eller sårbarheten og fortsetter sin atferd. Det eit barn kan reagere kraftig på, kan prelle av på eit anna. (Senter for Adferdsforskning) Forebyggande/kontinuerlig arbeid: 1-5 åringane; verktøy Være sammen 5 åringane har Løveklubb Vektlegging av voksenrolla. Alt arbeidet vårt er avhengig av gode relasjonar. Me vil væra autoritative vaksne. (Være sammen) Ein gong pr halvår:sjekkpunkt for samspel mellom vaksen-barn (Kari Pape) Barna lærer stopp- regelen. Konfliktløysing. Verta venner igjen.setje ord på, lage individuelle avtaler Den gyldne regelen Du skal gjera mot andre det du vil andre skal gjera mot deg. Foreldrekursing; mobbing, inklusjon, regel om barn i selskap. Personalkursing/veiledning Forebyggande arbeid vert jevnleg tatt opp på basemøter. Dramatisere sosiale historier.
TILTAKSPLAN NÅR MOBBING SKJER: TILTAK ANSVAR: GJENNOMFØRT: 1) Den som oppdager mobbing informerer ped.leder. Skriv ned det du ser og høyrer. Tas opp på ped.møte og så på basemøte. Den som oppdager mobbing. 2) Enkeltbarna kvar for seg Ped. leder 3) Foreldra til begge partar Ped. leder 4) Heile barnehagen Styrer/ped.ledere Samarbeid med PPT 5) Evaluering etter 1-2 uker Ped.leder/medarbeider Evt videre tiltak 6) Oppfølgingssamtaler med enkeltbarna. Korleis går det? Videre tiltak? Ped.leder 7) Oppfølgingssamtaler med foreldra. Ped.leder
SJEKKLISTE 1 BARNEHAGENS OPPVEKSTMILJØ: Sjekkliste angåande vaksnes forhold til barna: Spørsmål: Ja Ja - oftest sjeldan Nei Er vaksne i vår barnehage anerkjennande og støttande i forhold til barns initiativ? Vert alle borna lagt merke til i like stor grad, uavhengig av type personligheit? (Innadvendt/utadvendt) Får nokre born stadig positiv oppmersamheit frå oss vaksne meir enn andre barn? Får nokre born stadig negativ oppmerksamheit frå oss vaksne meir enn andre born? Kan ein sjå at det har vorte eit mønster i at me vaksne har lettare for å tru på nokre borns forklåring på konfliktar enn andre i gruppa? Er det nokre born i gruppa me vaksne tek meir kontakt med og finn på fleire aktivitetar med enn andre i gruppa? Er det nokre born i gruppa me vaksne tek lite kontakt med og sjeldan tek initiativ til aktivitetar med? Klarar me å involvera alle borna i fellesskapet t.d. praten rundt bordet ved måltid? Har me vaksne større tålmod med enkelte born i gruppa enn andre, når det gjeld å følgje dei opp/hjelpa dei? Vert nokre born raskare avbrotne/avviste av oss vaksne enn andre når dei tek kontakt med oss? Er alle vaksne bevisst på at born ikkje alltid klarer å skilje spøk/ironi?
SJEKKLISTE 2 BARNEHAGENS OPPVEKSTMILJØ: Sjekkliste angåande miljøet i barnehagen: Spørsmål: Ja - Ja - alltid oftast sjeldan aldri Er miljøet i vår barnehage prega av gjensidig omsorg, anerkjennelse, varme og respekt? Er samspelet borna i mellom prega av likeverd og veksling av kven som bestemmer og kven som til einkvar tid får vere med? Er det ein trygg og avslappa tone som er prega av humor, spontanitet, oppmuntring og glede? Sjekkliste 1 og 2 skal vere eit jevnleg diskusjonsgrunnlag i personalgruppa, på basemøter, personalmøter og planleggingsdager. Er vår barnehage der me vil den skal vere i forhold til oppvekstmiljø? EVALUERING: Personalet skal årlig evaluera sitt arbeid mot mobbing Planen skal holdes oppdatert i forhold til dei til einkvar tid gjeldande retningslinjer frå Kunnskapsdepartementet Barnehagen har sjølv ansvar for at ein jobber i henhald til dei mål og retningslinjer som er set i denne planen.