Budsjettnotat frå rådmann datert 31.10.2016. Dette notatet inneheld: 1. Tekst til postar sett opp på endringsliste i møte finansutvalet 26.10.16. 2. Utgreiing av moment som finansutvalet har bedt utgreidd frå administrasjonen og som ikkje står på endringsliste. 3. Nye opplysningar som tidlegare ikkje har vore lagt fram for finansutvalet. 1. Tekst til moment oppført på endringsliste
Ansvar 800 -Skatt på inntekt og formue og rammetilskot Regjeringa la den 6.10.16 fram framlegg til statsbudsjett 2016. I høve til rådmannen sitt arbeidsgrunnlag viser KS sin modell auke i skatteinntekter på kr 835.000. I høve til rådmannen sitt arbeidsgrunnlag viser modellen redusert rammetilskot inkludert inntektsutjamning på 1.273.000. Samla reduksjon i frie inntekter (skatt og rammestilskot) i høve rådmannen sitt arbeidsgrunn kr 438.000. Ansvar 800 - Konsesjonskraft Kommunen har 22,9374 GWh konsesjonskraft for sal. Krafta er selt på eittårskontrakt til 28,7 øre/kwh. I høve til rådmannen sitt arbeidsgrunnlag, som bygger på pris 21,0 øre/kwh, gir dette ei netto inntekt på 1.770.000 i 2017. For resten av planperioden er det lagt til grunn ein pris på 25,0 øre/kwh, som gir auke netto inntekt med kr 1.000.000 kvart år. Ansvar 800 - Eigedomsskatt Oversyn frå Sentralskattekontoret viser redusert grunnlag eigedomsskatt for vasskraftverk. Samla viser oversikt svikt i eigedomsskatt for vasskraftverk kr 1.430.000 frå 2016 til 2017. Ansvar 100 - Revisjon og kontroll Kontrollutvalet har gitt tilråding om budsjett 2017 på kr 387.200 + finansiell revisjon. I budsjettet er det medrekna kjøp av forvaltningsrevisjon med kr 160.000. I møteinnkalling til representasjonsskapsmøte i SF revisjon, er årskostand finansiell revisjon budsjettert til kr 343.000. Dette gir ein samla kostand på kr 729.300. I høve til rådmannen sitt arbeidsgrunnlag er dette ein auke på kr 14.000. Ansvar 200 - Skulebruksplan Det er i rådmannen sitt arbeidsgrunnlag budsjettert med kr 200.000 til kjøp av konsulenttenester knytt til skulebruksplan i 2017. Det er ikkje henta inn anbod på ein slik plan, men ein reknar med at kostnadane vil vere mellom kr. 200 000-400 000, alt etter detaljnivået som vil vere. Denne delen av skulebruksplanen omhandlar for det meste framtidsprosedyre og analyser henta frå offentlege statistikkar - utvikling av barnetal med meir i Balestrand kommune. Konsekvensane av å bruke eigne kommunale ressursar til arbeidet vil måtte medføre at planen vert mindre omfattande og ein må prioritere mellom andre kommunale oppgåver. Ein kan vurdere å kjøpe inn ekstern hjelp til deler av arbeidet. Ansvar 800 - Aksjeutbytte Med utgangspunkt i vedteke aksjeutbytte frå Sognekraft AS for rekneskapsåret 2015 kr 417.500, vert forventa aksjeutbytte auke for kvart år i planperioden med kr 50.000 til kr 400.000. Ansvar 262 - Reduksjon tilskot Balejazz Ein er usikker på kva konsekvensane vil vere. I 2015 var overskotet kr. 176 900 og i 2016 er det i budsjettet rekna eit overskot på kr. 60 000.
Musikkfestivalen Balejazz får statlege tilskot gjennom Norsk Kulturråd og Fylkeskommunale midlar. Arrangementet blir vurdert å vere eit kulturelt fyrtårn m.a. på linje med Folkemusikkfestivalen i Førde. Når Sogn og Fjordane Fylkeskommune tildeler midlar til kulturarrangement ser ein alltid etter korleis arrangementet er forankra lokalt og etter kommunal medfinansiering. Dette gjeld og for dei statlege tilskota. Storleiken på Fylkeskommunale og Statlege tilskot er i dette tilfelle likevel ikkje knytt opp til kva storleiken er på det kommunale tilskotet. Ansvar 262 - Redusert tilskot kor og korps Det vil bli redusert støtte til dirigentløn og prosjektarbeid i kor og korps Ansvar 250 - Reduksjon tilbod kulturskule Det vil bli mindre undervisningstilbod i kulturskulen om lag 1, 5 t pr. veke. Storleiken vil vere avhengig av kva for eit tilbod ein vel å redusere og lønsutgiftene til vedkomande instruktør / lærar. Det er ikkje tilrådeleg å auke eigenbetalinga utover dei 4 % ein legg opp til eller auke eigenandelane for vaksne i høve tilboda til barn. Vaksne er med på prosjekt gruppetilbod som alt ligg inne med ei høg deltakaravgift. Einskildelevar har 20 min undervisning pr. veke, dvs. 3 elevar pr. time. Individuelt tilbod kosta i 2016 kr. 1540 pr. 20. min. Gruppe på 6 elevar har 60 90 min pr. veke. Ansvar 190 - Reduksjon frå to til ein lærling I rådmannen sitt arbeidsgrunnlag er det budsjettert med 2 lærlingplassar i kommunen. Det er mogeleg å redusere dette til ein plass som gi ei innsparing på kr 100.000. Ansvar 230 - Drift PPT-kontoret redusert kontingent Mindre midlar til drift på eit frå før skore budsjett og der det har blitt fleire utfordringar det siste året. Omorganisering av drifta ved felles PPT kontor ser ut til å redusere betalinga for Balestrand kommune noko. Difor kan det vere mulig å hente inn kr. 50 000 her. Ansvar 276 - SYS IKS Dette gjeld betaling for legevaktsentral, legevakt, ØHD og overgrepsmottak. Framlegg til budsjett frå SYS viser ein samla kostand på 1.738.000. I rådmannen sitt arbeidsgrunnlag er det lagt inn kostand tilsvarande kr 1.385.000, ein manko på kr 350.000. Det vert gjort merksam på at budsjettet til SYS IKL ikkje vert vedteke før i desember. Balestrand kommune sin del av auke kjem som ein konsekvens av forventa auke i husleige kr 200.000 og auke lønsutgifter kr 1.500.000. Omstilling og strukturendringar i planperioden 2018-2020 Driftsbudsjettet i planperioden viser stort avvik mellom løpande inntekter/utgifter. Budsjettet 2017 er balansert med bruk av disposisjonsfond (i det vesentlege kostnad med start av Eplehagen). For resten av planperioden 2018-2020 vil det vera trong for vesentlege omstillingar og/eller strukturendringar tilsvarande 6,5 årsverk eller om lag 3,9 mill. kroner. Framlegg til reduserte stillingar i planperioden er sett opp etter ei førebels vurdering av kva som kan vera mogeleg slik rådmannen vurderer det. Rådmannen tek atterhald om at det kan bli endring mellom ansvarsområda innan planområda.
2. Avklaringar og nye moment som ikkje er oppført på endringsliste Synleggjer kostand med renter og avdrag for investeringsprosjekt «Ny brannstasjon» og «opprusting av Sagatun barnehage» Renteutgift ved 2% lånekostand Investeringsprosjekt Prosjektkostand Levetid år Årlege avdrag B2018 B2019 B2020 Ny brannstasjon kr 6 000 000 40 kr 150 000 kr 118 500 kr 115 500 kr 112 500 Sagatun barnehage kr 3 500 000 20 kr 175 000 kr 68 250 kr 64 750 kr 61 250 - Investeringskostand er budsjettert i 2017. Rente- og avdragskostnad er budsjettert frå år 2018, dvs. lån blir teke opp i slutten av år 2017. Ansvar 380 Sogn Brann og redning IKS (SBR) SBR hadde representasjonsmøte den 21. oktober der det vart vedteke kostnadsfordeling for budsjett 2017. Vedtaket medfører ei auke i utgiftene frå 2016 på kr 35.000 og meirutgift i høve sitt arbeidsgrunnlag på kr 27.000. 3. Nye opplysningar som tidlegare ikkje har vore lagt fram for finansutvalet, og som ikkje er med på endringsliste. Ansvar 211 Fjordtun oppvekstsenter (Ansvar 350 Teknisk drift) For skuleåret 2016/2017 ligg det inne drift av 1. og 2. klasse ved Fjortun skule. Drifta er budsjettert med bruk av gåvemidlar på kr 350.000 + kr 66.000. Med utgangspunkt i at det ikkje er vedtak om drift av skule for år 2017/2018 og vidare i økonomiplanperioden, vil det medføra ei redusert utgift på kr 66.000 for kvart av budsjettåra 2018-2020 i høve til rådmannen sitt arbeidsgrunnlag. I tillegg vil det vera ei redusert utgift knytt til drift av bygget, rekna til kr 40.000 per år (utgiftsført ansvar 350). Ansvar 800 Disposisjonsfond Framlegg til budsjettbalanse blir saldert med avsetjing/redusert bruk av disposisjonsfond.