Kvinnherad kommune MØTEPROTOKOLL Utval Forvaltningskomiteen Møtedato 01.02.2017 Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 17:00 18:00 Følgjande medlemmer møtte: Namn Funksjon Repr Øyvind Utne Medlem H Ingrid Koløy Eide Medlem H Otto Benjaminson Medlem KRF Aksel Kloster jr Medlem AP Irene Nielsen Sjo Medlem AP Følgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Repr Kari Fausk Blokhus MEDL FRP Lillian Åkre MEDL SP Jan B Ingvaldsen MEDL H Kjetil Mehl MEDL SP Følgjande varamedlemar møtte: Namn Vara for Repr Stig Rusten Jan B Ingvaldsen H Olav Gunnar Hjelmeland Kjetil Mehl SP Olav Sandvik Lillian Åkre SP Kai Morten Torget Kari Fausk Blokhus FRP Følgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Tormod Fossheim Einingsleiar PAB Sigbjørn Øye ( i sak 2017/1) Sektorleiar Bente Høyland Møtesekretær MERKNADER: Orienteringar: Tormod Fossheim ba om at neste møte i Forvaltningskomiteen vart flytta frå 1.mars til 15.mars. Dette var komiteen samd i. Kvinnherad kommune side 1
Permisjonar: Ingen. Inhabile: Evt. endring på saksrekkefølgje: Ekstrasak 2017/8 vart behandla etter sak 2017/1. Tilleggssaker: 2017/8 Prinsippavklaring 186/112 m.fl. saksgang for formalisering av løyver Valen - Aud Lother Kvinnherad kommune side 2
SAKLISTE Saksnr Innhald PS 2017/1 2. gongs behandling dispensasjon - 92/10 og 92/14 - lagerbygg - Seimsfoss - Torgeir Guddal PS 2017/2 Behandling mellombels dispensasjon - 83/53 - oppstillingsplass for bubilar - Rosendal - Skålafjæro AS PS 2017/3 3.gongs behandling dispensasjon - 241/7 - utleigehytte/rorbu - Sandvoll - Øyvind Ersland PS 2017/4 Behandling dispensasjon- 81/ 244 - tilbygg fritidsbustad - Løfallstrand - Torbjørn Havnerås PS 2017/5 Behandling - Konsesjon - 15/1, 16/1, 16/14 - Ølve - Tone Tufta Gaugstad PS 2017/6 Behandling - søknad om deling - 85/13 - Løfallstrand - Kåre Eikeland PS 2017/7 Behandling Søknad om deling- 59/1 - Mauranger - Bjørn Olav Bondhus Refererte vedtak (delegert sak) RV 2017/1 Svar på merknader - Oppføring av naust og brygge - Fylkesmannen i Hordaland Kvinnherad kommune side 3
PS 2017/1 2. gongs behandling dispensasjon - 92/10 og 92/14 - lagerbygg - Seimsfoss - Torgeir Guddal Det vart sett fram forslag om utsetjing av saka for synfaring. Røysting: 8 røysta for synfaring, 1 mot (Kai Morten Torget, Frp) Saka vart utsett til forvaltningskomiteen har vore på synfaring. PS 2017/2 Behandling mellombels dispensasjon - 83/53 - oppstillingsplass for bubilar - Rosendal - Skålafjæro AS Kvinnherad forvaltningskomite gjev tilsegn om mellombels dispensasjon frå arealføremålet i gjeldande reguleringsplan Rosendal sentrum - frå bustad og bustad/forretning/ til bubiloppstillingsplass (næring). Det vert og gitt dispensasjon frå pbl 1-8 om forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag, då det ikkje er fastsett byggjegrense i planen. Tiltaket kan omsøkjast og handsamast i samsvar med pbl 20-3 og tilhøyrande føresegner. Tilsegna er heimla i pbl 19-3 då omsyna bak reglane det vert dispensert frå, eller omsyna i føremåla til lova, ikkje vert vesentleg sette til side. I tillegg er fordelane ved å gi dispensasjon klart større enn ulempene etter ei samla vurdering. Vilkår 1. Mellombels dispensasjonen skal gjelda inntil reguleringsplanen vert realisert i samsvar med slik den er vedteken. 2. Alle tekniske krav som vatn, kloakk, renovasjon og brannsikring må vera oppfylte. 3. Det kan ikkje parkerast campingvogner/bilar permanent på staden, og det kan ikkje setjast opp faste tretelt, plattingar og likande. 4. Sidan tiltaket ligg innanfor flaumutsett område, jf. NVE sine aktsemdskart, og det er sett krav om utgreiing i reguleringsplanen, må det utarbeidast fagkunnig rapport som fastset tryggleiksklasse og avklarar eventuelle sikringstiltak. Dersom det ikkje kjem negative uttalar frå høyringsinstansane, kan rådmannen gjera endeleg vedtak. PS 2017/3 3.gongs behandling dispensasjon - 241/7 - utleigehytte/rorbu - Sandvoll - Øyvind Ersland Inhabil: Stig Rusten(H). Ansvarleg prosjekterande til prosjektet. Erklært inhabil 8 medlemmer ved røysting. Det vart sett fram forslag om synfaring. Kvinnherad kommune side 4
Røysting: 5 røysta for synfaring, 3 imot; Kai Morten Torget (Frp), Olav Sandvik (Sp) og Otto Benjaminson(Krf). Saka vart utsett til Forvaltningskomiteen har vore på synfaring. PS 2017/4 Behandling dispensasjon- 81/ 244 - tilbygg fritidsbustad - Løfallstrand - Torbjørn Havnerås Kvinnherad forvaltningskomite gjev tilsegn om dispensasjon frå arealføremålet naust i arealdelen til kommuneplanen, og pbl 1-8 om forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag til utviding og oppgradering av eksisterande hytte. Planlagt tiltak kan difor handsamast i samsvar med pbl kap 20 og tilhøyrandeføresegner. Tilsegna er heimla i pbl 19-2 då omsyna bak reglane det vert dispensert frå, eller omsyna i føremåla til lova, ikkje vert vesentleg sette til side. I tillegg er fordelane ved å gi dispensasjon klart større enn ulempene etter ei samla vurdering. Sidan det er ei eldre hytte som vert opprusta vil dette ikkje føra til vesentleg meir privatisering, eller vera til ulempe for allmenta. Området er bebygd med store naust, og i volum vert ikkje dette bygget høgare enn desse. Dersom det ikkje kjem negative uttalar frå høyringsinstansane, kan rådmannen gjera endeleg vedtak. PS 2017/5 Behandling - Konsesjon - 15/1, 16/1, 16/14 - Ølve - Tone Tufta Gaugstad Tone Tufta Gaugstad får konsesjon på overtaking av gnr/bnr 15/1,16/1 og 16/14. Det vert sett som vilkår for konsesjon at: Eigedomen tek del i fellestiltak i utmark At søkjar bur på gnr/bnr 12/108 eller på bruket i minst 5 -fem år etter overtaking. PS 2017/6 Behandling - søknad om deling - 85/13 - Løfallstrand - Kåre Eikeland Omdisponering og deling etter jordlova sine 9 og 12: Kvinnherad Forvaltnings komité syner til saksframstillinga og gir ikkje løyve til å dele i frå våningshuset på gnr/bnr 85/13 Vedtaket er gjort med heimel i jordlova. Kvinnherad kommune side 5
PS 2017/7 Behandling Søknad om deling- 59/1 - Mauranger - Bjørn Olav Bondhus Løyve til deling etter jordlova 12: Forvaltningskomiteen i Kvinnherad syner til saksframstillinga og gir søkjarane løyve til å dele frå hus nummer 3 på bruket med ei tomt på inntil 700 m 2 av sin eigedom gnr/bnr 59/1. Vedtaket er gjort med heimel i jordlova 12. Dispensasjon: Forvaltningskomiteen i Kvinnherad syner til saksframstillinga og gir søkjarane dispensasjon frå arealføremål Landbruk, Natur og Friområde i gjeldande kommunedelplan til å dele frå ein tomt på inntil 700 m 2 av sin eigedom gnr/bnr 59/1 Dispensasjonen er gitt med heimel i PBL 19-2. Løyve til deling etter PBL 20-1: Forvaltningskomiteen syner til saksframstillinga og gir søkjarane løyve med heimel i PBL 20-1 til å dele frå hus nummer 3 med ei på 700 m 2 tomt som omsøkt. Det vert sett slike vilkår for deling: at det vert gjeve vegrett over gnr/bnr 59/1, seinast når tomta vert skøyta. PS 2017/8 Prinsippavklaring - 186/112 m/fl - saksgang for fomaliserin av løyver - Valen - Aud Lother Det var synfaring i saka. Til synfaringa vart det lagt fram (epost frå advokatfirma HALD): «Erklæring vedk. Sjøtomten, gnr. 186 bnr. 112 i Kvinnherad» underteikna av dåverande eigar og naboar, dagsett 12.01.1978. Møtebok frå Kvinnherad bygningsråd frå møte 20.12.77 vart også lagt fram. Behandling Øyvind Utne sette fram nytt forslag til vedtak 1. Kvinnherad forvaltningskomite meiner at den framlagte underskrivne erklæringa er nye opplysningar som har betydning for saka. Med bakgrunn i denne meiner forvaltningskomiteen at kommunen ved tidlegare behandlingar har sett bort frå kravet om tinglysing og vurdert ei underskriven erklæringa som tilstrekkeleg. Kvinnherad forvaltningskomite stadfester difor med dette dispensasjonsvedtaket av 20.12.1977 i Kvinnherad bygningsråd som gjeldande arealavklaring for fritidsbustaden samt for behandlingar/godkjenningar av meldingane for tilbygga og annekset. Forvaltningskomiteen stadfester også sjølve behandlingane/godkjenningane av desse meldingane. Arealformål for eigedommen er i dag utbyggingområde naust, jf gjeldande kommunedelplan for området av 2003. Kvinnherad kommune side 6
Kvinnherad forvaltningskomite stadfester difor at grunnlaget for ei erklæring vedkomande eventuelle innløysing fell bort. Eventuelt nye tiltak på eigedommen som er i strid med til ei kvar tid gjeldande formål i arealplan for området, lyt planavklarast. 2. Forvaltningskomiteen finn ikkje at det ligg føre søknad for garasjen. Rådmannen lyt difor starta eiga sak om ulovlegoppfølging i samsvar med pbl kap 32. 1. Kvinnherad forvaltningskomite meiner at den framlagte underskrivne erklæringa er nye opplysningar som har betydning for saka. Med bakgrunn i denne meiner forvaltningskomiteen at kommunen ved tidlegare behandlingar har sett bort frå kravet om tinglysing og vurdert ei underskriven erklæringa som tilstrekkeleg. Kvinnherad forvaltningskomite stadfester difor med dette dispensasjonsvedtaket av 20.12.1977 i Kvinnherad bygningsråd som gjeldande arealavklaring for fritidsbustaden samt for behandlingar/godkjenningar av meldingane for tilbygga og annekset. Forvaltningskomiteen stadfester også sjølve behandlingane/godkjenningane av desse meldingane. Arealformål for eigedommen er i dag utbyggingområde naust, jf gjeldande kommunedelplan for området av 2003. Kvinnherad forvaltningskomite stadfester difor at grunnlaget for ei erklæring vedkomande eventuelle innløysing fell bort. Eventuelt nye tiltak på eigedommen som er i strid med til ei kvar tid gjeldande formål i arealplan for området, lyt planavklarast. 2. Forvaltningskomiteen finn ikkje at det ligg føre søknad for garasjen. Rådmannen lyt difor starta eiga sak om ulovlegoppfølging i samsvar med pbl kap 32. Kvinnherad kommune side 7
Refererte vedtak (delegert sak) RV 2017/1 Svar på merknader - Oppføring av naust og brygge - Fylkesmannen i Hordaland Svar på merknader - Oppføring av naust og brygge - Fylkesmannen i Hordaland Kvinnherad kommune side 8