HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD. Horpestad skule. Alle elevane på skulen vår skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø som er fritt for mobbing.

Like dokumenter
HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD. Horpestad skule. Alle elevane på skulen vår skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø som er fritt for mobbing.

HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Rosendal ungdomsskule er ein trygg og utviklande læringsarena for alle elevane. VISJON. Partar: Rektor.

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

1. AVDEKKING AV MOBBING

Handlingsplan mot mobbing. Grunnskolen i Søgne

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

BRUSKANVISNING. Prinsipper for god håndtering ved. mistanke om mobbing eller meldt mobbesak: Skolens mål og arbeid Prosedyrer Lovverk

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ATFERD

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved

1. Forord fra rektor s Bakgrunn og definisjoner s Avdekking av mobbing s Problemløsning av mobbesaker s. 7

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

Denne planen består av fire deler 1. AVDEKKING AV MOBBING 2. PROBLEMLØYSING AV MOBBESAKER 3. FØREBYGGING 4. KONTINUITET

PLAN FOR SOSIAL KOMPETANSE

TILTAKSPLAN MOT MOBBING

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

Handlingsplan mot mobbing. for. Stranda ungdomsskule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Løkken Verk Montessoriskole. Prosedyrer for håndtering av mobbesaker

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Handlingsplan mot mobbing

Føreord side 2. Innhald side 3. Førebyggjande arbeid side 4. Avdekking av mobbing side 5. Problemløysing side 6

Melding til Sandved bydelsutvalg /11

Lysheim skole Plan for å sikre elevene et godt psykososialt miljø

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

PLAN FOR ET GODT OG TRYGT SKOLEMILJØ BRØNNERUD SKOLE

PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS)

Hvordan håndtere mobbesaker? Prosedyre i mobbesaker ved Montessoriskolen i Bergen

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Arbeid med det psykososiale miljøet. Byåsen skole

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den..

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

Handlingsplan mot mobbing. Grunnskolen i Søgne

Godkjent av driftsstyret Handlingsplan mot mobbing

PLAN FOR ET GODT OG TRYGT SKOLEMILJØ BRØNNERUD SKOLE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Handlingsplan mot mobbing Glomfjord skole. Avdekke, stoppe og forebygge mobbing.

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Erfarings- og kunnskapsinnhenting - tilbakemelding frå Hatlestrand oppvekstsenter

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Forord

Handlingsplan mot mobbing

Plan for elevenes psykososiale skolemiljø

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

Handlingsplan for et trygt, godt og inkluderende miljø

Plan for å sikre elevane eit godt psykososialt miljø på Tuv og Ulsåk skular og sfo

Opplæringslova 9A Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

Handlingsplan mot mobbing - Gol vidaregåande skule

Plan for oppfølging av elevenes skolemiljø.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Nissedal kommune Eining for skule Plan og rutinar for arbeid med elevane sin rett til eit godt psykososialt miljø etter 9a-3 i Opplæringslova

Elevene sitt psykososiale arbeidsmiljø, mobbing og andre brudd på opplæringsloven 9a-3. Sentrum skole. Meldeskjema og tiltaksplan

Overordnet handlingsplan mot mobbing og krenkende atferd

HANDLINGSPLAN FOR ET TRYGT OG GODT SKOLEMILJØ

Nytt kapittel 9 A. Elevane sitt skolemiljø

OVERORDNET PLAN FOR PSYKOSOSIALT MILJØ

Retningslinjer for uønskede hendelser mellom elever ved AUSK

Plan mot mobbing og mistrivsel

Handlingsplan mot mobbing. Grunnskolen i Søgne

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017

ANDEBU SKOLE - kunnskap og utvikling

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ADFERD KYLSTAD SKOLE

TILTAK MOT MOBBING Geiranger skule og barnehage 2012

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKINGAR. Danielsen Ungdomsskule Osterøy

FEVIK SKOLE. Sosial handlingsplan. Handlingsplanen revideres hvert år i april.

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Handlingsplan mot mobbing på Eiganes skole. Er tilstede Er i utvikling Går sammen

Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul

Plan mot mobbing/krenkende atferd Bergen Katedralskole

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

GISKE OPPVEKSTSENTER SKULE OG SFO

KVITESEID SKULE. Planen er handsama i FaU , Samarbeidsutvalet og i TPO team med PPT

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

04-02 HANDLINGSPLAN MOT MOBBING for Malmheim skole

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

Oslo kommune Utdanningsetaten Kampen skole

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Plan for å sikre elevene i Lenvik kommune et godt psykososialt miljø

VESTFOLD FYLKESKOMMUNE SANDEFJORD VIDEREGÅENDE SKOLE

Transkript:

HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD Horpestad skule Alle elevane på skulen vår skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø som er fritt for mobbing. Med mobbing eller plaging forstår vi psykisk og/ eller fysisk vold rettet mot et offer, utført av enkeltpersoner eller grupper. Mobbing forutsetter et ujevnt styrkeforhold mellom offer og plager, og episodene gjentas over tid. (Roland og Sørensen Vaaland, i Zero, SAF sitt program mot mobbing, lærarveiledning 2003) Revidert februar 2016

Forord Horpestad skule vil arbeide målretta mot mobbing. Horpestad skule er med i ZEROprogrammet, som er eit mobbeførebyggjande program, utarbeidd ved Senter for atferdsforskning ved UiS. Alle elevar ved Horpestad skule har rett på eit godt læringsmiljø utan å bli utsett for krenkjande ord eller handlingar, jmf. Opplæringslova 9a-3.: Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør. Dersom nokon som er tilsett ved skolen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skoleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn. Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet, deriblant tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal skolen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skolen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak. Denne handlingsplanen skal vise skulen sitt arbeid mot mobbing: 1. Førebygging 2. Avdekking av mobbing 3. Problemløysing i mobbesaker 4. Kontinuitet Horpestad skule er ein Zero-skule med nulltoleranse for mobbing. Kariann F. Leikanger Rektor 2

Innhald 1.0 Førebygging... 4 1.1 Relasjon lærar- elev... 4 1.2 Relasjon elev- elev... 4 1.3 Samarbeid mellom skule og heim... 4 1.4 Skulestart... 4 1.5 Overgang mellom barnehage- skule... 4 2.0 Avdekking av mobbing... 5 2.1 Årleg mobbeundersøking... 5 2.2 Vakt og tilsynsordningar... 5 2.3 Kommunikasjon lærar- elev- føresette... 5 2.4 Ved mistanke om mobbing... 5 3.0 Problemløysing av krenkjande åtferd... 6 3.1 Skulen sine prosedyrer når krenkjande åtferd er meldt eller avdekka... 6 3.1.1 Prosedyre for første samtale med den som har blitt mobba/ krenkja... 6 3.1.2 Prosedyre for oppfølgingssamtalar med den som har blitt mobba... 6 3.1.3 Prosedyre for samtalar med føresette til den som blir mobba/ krenkja... 6 3.1.4 Prosedyre for første samtale med mobbar/ mobbarane... 7 3.1.5 Prosedyre for oppfølgingssamtale med mobbar/ mobbarane... 7 3.1.6 Prosedyre for samtalar med føresette til mobbar/ mobbarane... 8 3.1.7 Konsekvensar når ein ikkje held avtalar... 8 3.2 Samarbeid med andre instansar ved mobbing... 9 3.3 Arbeid i etterkant av ei mobbesak... 9 3.3.2 Oppfølging av mobbar... 9 3.3.3 Oppfølging i klassen... 9 3.3.4 Arbeid i etterkant av ei mobbesak- organisasjonsarbeid... 9 4.0 Kontinuitet... 10 4.1 Ansvarskjede... 10 4.2 Årshjul... 10 4.3 Årleg gjennomgang og revisjon av planen... 10 5.0 Vedlegg:... 10 3

1.0 Førebygging Mål: Alle elevar skal ha eit trygt arbeidsmiljø på skulen. 1.1 Relasjon lærar- elev Læraren er ein tydeleg vaksen som bygger positive relasjoner til alle elevane, og som elevane har tillit til. Læraren viser tydeleg leiing slik at alle elevane er trygge i klassen. Kontaktlærar har faste VFL samtalar gjennom heile året, med fokus på faglege og sosiale mål. og det å utvikle eit positivt sjølvbilete hjå eleven Lærar har fokus på klassemiljøet og legg til rette for positive felles opplevingar. 1.2 Relasjon elev- elev Lærar arbeider for å styrke klassemiljøet. Klassen skal arbeide med samarbeidsoppgåver, rollespel og liknande, i forhold til dei sosiale måla. Læraren gir elevane erfaring i å arbeide i ulike gruppesamansetningar. 1.3 Samarbeid mellom skule og heim Arbeider for at denne relasjonen er prega av respekt, tillit og samarbeidsvilje. Kontaktlærar har jamn kontakt med heimen og dei føresette. Ha eit samarbeid som er prega av likeverd, som sikrar og utfordrar føresette til å ta medansvar i skulen. Skulen har eit ope og aktivt samarbeid med dei føresette som gruppe.samarbeidet blir sikra gjennom lovfesta samarbeidsorgan som FAU, SU, SMU og foreldremøter. 1.4 Skulestart Skulestarten skal vere ei forutsigbar, trygg og positiv oppleving for alle. Samversreglar og ordensreglar, og sosial kompetanse i fokus i oppstartveka.. Utvikle eit godt sosialt og fagleg miljø gjennom å lage klassereglar og arbeide medvite med Zippy, Steg for steg og Zero. Fast plass til alle elevane og god informasjon om alt som skal skje. 1.5 Overgang mellom barnehage- skule Overgangen skal opplevast som kjent i god tid, og vere trygg for elevane. Rektor sender brev heim med innbyding til innskriving i januar. Rektor inviterer til besøksdag på skulen i mai/ juni ilag med framtidige fadrar. I mai/juni skal ein representant frå skulen, om mogleg kontaktlærar for nye 1. trinn til hausten, besøke barna i barnehagane som er aktuelle. Overlevering av mappe. Vi følger Klepp kommune sin plan for overføring til ungdomsskulen. 4

2.0 Avdekking av mobbing Mål: Oppdage mobbing som går føre seg i og ved skulen. 2.1 Årleg mobbeundersøking Trivselsundersøking før jul kvart år. Leiinga deler ut til 2.-7.trinn samstundes. Kontaktlærar ansvar for gjennomføring og registrering. Resultatet på skulenivå blir gjennomgått av leiinga i møte med personalet, elevrådet og FAU før sommaren. Resultata vert lagde fram av rektor for SMU i løpet av hausten. Kontaktlærarar og andre på dei aktuelle trinna drøftar funna frå undersøkinga. Det blir iverksett tiltak dersom funna viser mobbing. Jmf. del 2. 2.2 Vakt og tilsynsordningar Leiinga har vaktplan klar til skulestart, 2-3 vakter kvart friminutt og 1-2 vakter frå kl.08.10. Bussvakt når elevane skal heim, og elevvakter på bussen. Vakta skal ha refleksvest, og vandre rundt på området etter oppsett plan. Vakta har ansvar for å kome ut presis. Kontaktlærar sørger for at elevane har ein vaksen med når dei et skulematen. Vakta melder frå til kontaktlærar ved tilfelle av krenkjande åtferd. 2.3 Kommunikasjon lærar- elev- føresette Mobbing er tema i dei faste VFL samtalane gjennom heile året Mobbing er tema i faste utviklingssamtalar med føresette. Mobbing og sosialt miljø er tema på felles foreldremøte for heile skulen. Foreldrekontaktane/ FAU har eit foreldremøte på våren, der ein kan ha mobbing/ elevmiljø- relaterte emne på dagsorden. FAU/ foreldrekontaktar kan også arrangere aktiviteter og treffpunkt for eit eller fleire trinn. Fau skal ha skulemiljø/krenkjande åtferd fast på agendaen til kvart møte. Relasjonsbygging og sosial kompetanse er fokus på alle trinn heile året. Det blir sett i verk tiltak etter fast prosedyre om det blir avdekka mobbing/ krenkjande åtferd. Sjå del 2 2.4 Ved mistanke om mobbing Få informasjon gjennom observasjon både i klasse og i friminutt. Samtalar med medelevar kan vere aktuelt. Kontaktlærar innhentar informasjon gjennom samtale med den som kan vere eit offer. Sosiallærar og / eller PPT er aktuelle samarbeidspartnarar. All informasjon eller meldingar til og frå heimen skal dokumenterast i eige skriv og arkiverast i elevmappa (til scanning). Samordne informasjon, for å kartleggje situasjonen. 5

3.0 Problemløysing av krenkjande åtferd Mål: Skulen tek ansvar og initiativ for å stoppe mobbing på ein slik måte at det i neste omgang førebyggjer mobbing. 3.1 Skulen sine prosedyrer når krenkjande åtferd er meldt eller avdekka Tilsett som avdekker uønska åtferd grip straks inn for å ordne opp på staden. Vedkommande merkar seg kven som er deltakarar og kva som hende. Dersom uønska åtferd blir observert igjen: gje åtvaring der ein seier klart frå om konsekvens dersom dette held fram. 3.1.1 Prosedyre for første samtale med den som har blitt mobba/ krenkja Før samtalen har lærar skaffa informasjon frå andre i kollegiet. Lærar forklarer at han/ ho veit kva som skjer, og at skulen ikkje aksepterer det. Gje eleven støtte. Ta eleven på alvor.eleven må få høve til å fortelje, men ikkje verta pressa. Om det er vanskeleg akkurat då, kan ein ta ein ny førstesamtale ganske snart etterpå. Denne må fullførast! Lærar seier at han/ ho vil stoppe dette og at eleven skal få vite kva som skal skje på førehand. Lærar forklarer at foreldra til eleven vert informerte. Ein kan og seie at dei andre lærarane veit det og følgjer med. Avtal nytt møte med eleven. 3.1.2 Prosedyre for oppfølgingssamtalar med den som har blitt mobba Kontaktlærar bruker samtalane til å få meir informasjon om situasjonen; vener, namn på mobbarane, statuspersonar, skildring av mobbesituasjonane og om vedkomande har støttespelarar og andre kjende som veit om problema. Viktig å ivareta eleven i denne perioden. Gje kort referat frå samtale med mobbar/ mobbarane. Informèr om vidare framdrift. 3.1.3 Prosedyre for samtalar med føresette til den som blir mobba/ krenkja Kontaktærar tek kontakt med føresette same dag som den første samtalen med eleven for å informere om situasjonen, og om samtalen med eleven. Kontaktærar skal gje føresette garanti for at skulen tek fatt i problemet og vil informere om prosessen vidare. Det er viktig at skulen og heimen samarbeider i prosessen vidare 6

3.1.4 Prosedyre for første samtale med mobbar/ mobbarane Kontaktlærar konfronterar eleven/elevane i individuelle samtalar at han/ ho veit kva som føregår, og at det ikkje kan aksepterast. Kontaktlærar gjev eleven høve til å uttale seg, men går ikkje inn i diskusjon. Han/ho har ei nøytral haldning til det mobbaren seier. Skal den vaksne kommentere, seier ein: Eg høyrar kva du seier. ikkje gå inn i diskusjon Læraren skal ha ei aksepterande haldning til eleven, men vere bestemt på at det som føregår ikkje vert godteke.. Lærar må følgje godt med på det eleven seier, det kan kome informasjon som er nyttig i det vidare arbeidet. Lærar seier at han/ ho vil informere føresette og at rektor er informert. Læraren inviterer eleven til å kome med forslag og tiltak for å få slutt på mobbinga.ha merksemda retta mot framtida og kva som skal gjerast. Vis at du har tru på eleven, gje positive innspel. Ta tak i forslaga og konkretiser. Læraren prøver å få eleven til å forplikte seg til å slutte med mobbinga. Avtalen skal skriftleggjerast. Sjå vedlegg Lærar informerer om at han/ ho også vil snakke med dei andre som deltek i mobbinga enkeltvis og deretter snakke saman med dei. 3.1.5 Prosedyre for oppfølgingssamtale med mobbar/ mobbarane Kontaktlærar refererer til kva som er kome fram i dei individuelle samtalane Kontaktlærar informerer om at saka er teken opp med den som er utsett for mobbing og at eleven også er informert om samtalen som no finn stad. Kontaktlærar informerer om at mobbarane sine føresette og rektor er informert om saka. Kontaktlærar freistar å forplikte eleven til å unngå mobbing ved å få kvar og ein til å seie at dei ikkje vil mobbe meir. Kontaktlærar spør elevane kva dei vil gjere dersom dei ser andre mobbe/ krenkje den aktuelle eleven. Kontaktlærar førebur elevane på at dei skal møte den aktuelle eleven og andre elevar. Kontaktærar gjer det klårt for elevane at han/ ho har tillit til at elevane no følgjer opp avtalane. Brot på avtalar vil føre til konsekvensar. Det vert avtalt ny samtale med den enkelte innan ei veke. Læraren vurderer om det straks skal vere eit møte mellom dei/ den som mobbar og den som vert mobba. I ein slik samtale skal normalt læraren gje elevane ordet, men sjå til at det vert ein konstruktiv konklusjon. Den som blir mobba må vere førebudd på dette møtet, og ønskje det sjølv. Det må også avklarast med dei føresette. 7

3.1.6 Prosedyre for samtalar med føresette til mobbar/ mobbarane Kontaktærar kontaktar føresette same dag som den første samtalen med eleven, og informerer kort om saka og samtalen med eleven. Kontaktlærar avtaler tid for møte på skulen der føresette til den som blir mobba skal vere informert og vite at eleven sitt namn kjem fram i samtalar. Rektor er med på dette møtet. To modellar som kan brukast etter skjønn i møte med føresette til mobbarane: Modell 1: 1. Foreldra til kvar av mobbarane vert kalla inn kvar for seg. Då konsentrerer ein seg om åtferda til deira barn. Gjer merksam på at namn på deira barn vil bli nemnd i samtalar med andre. 2. Eventuelt fellesmøte med føresette til mobbarane. Målet med møtet er å sjå framover og kome med konkrete tiltak for korleis ein kan få slutt på mobbinga. Leiinga er med på dette møtet. Ein fattar eit enkeltvedtak. Sjå vedlegg.3 Modell 2: 1. Lærar orienterer om samtalane med den som blir mobba og hans/ hennar føresette. Vær kortfatta og presis. 2. Samarbeidet vert avtalt vidare. Ein må oppmoda føresette til å snakke alvorleg med barnet sitt og følgje med vidare. Ein kan eventuelt snakke om tiltak i klassen. 3. Ein må gjere føresette merksame på konsekvensar ved avtalebrot. 4. Det vert skrive ein avtale etter standard skjema. Underskrift frå føresette. 5. Leiinga skriv referat. Det er viktig at avtalar og konsekvens ved avtalebrot blir dokumentert skriftleg, eit enkeltvedtak. Sjå vedlegg 3. 6. Vurder om det skal følgjast opp med nytt møte etter ei vekes tid. Ein må òg vurdere å avtale eit nytt møte der offeret sine føresette er tilstades. 3.1.7 Konsekvensar når ein ikkje held avtalar Moglege konsekvensar på brot av avtalar skal klargjerast med elev og føresette. Konsekvensane er ikkje sett opp i prioritert rekkefølgje, men skal klargjerast med føresette og elev i kvar enkelt sak. a) Eleven må ringe heim og fortelje kva han/ ho har gjort. b) Føresette blir kontakta og må kome og hente barnet om det har fått åtvaring og ikkje følgjer dette opp. c) Eleven får begrensa rørsle og leikemoglegheit. Ein må evt. vere ute på eit anna tidspunkt. d) Det kan haldast møte mellom mobbar, eigne og offeret sine føresette og læraren. e) Mobbaren kan skifte klasse for ein periode. 8

3.2 Samarbeid med andre instansar ved mobbing Skulen si ressursgruppe; mobbesaka skal drøftast her før ein tek kontakt med andre hjelpeinstansar. Aktuelle samarbeidspartnarar utanfor skulen er: PPT Helsesyster Eirik Raude senteret Barnevernstenesta BUP Politi 3.3 Arbeid i etterkant av ei mobbesak 3.3.1 Oppfølging av offeret a) Kontaktlærar følgjer opp og spør med jamne mellomrom korleis det går. b) Ein må følgje med i utetida. c) Ein må vere klar på at offer må gje beskjed dersom mobbar bryt avtalar eller at mobbinga ikkje opphøyrer. d) Tett samarbeid med heimen er nødvendig. 3.3.2 Oppfølging av mobbar a) Kontaktlærar må jamnleg etterspørje om eleven held avtalen. b) Ein har tett samarbeid og kontakt med heimen. c) Kontaktlærar følgjer opp konsekvensar ved avtalebrot. d) Skulen må vurdere om eleven bør henvisast til PPT. 3.3.3 Oppfølging i klassen a) Kontaktlærar må forplikte alle til positiv åtferd. b) Ein må vise til klassereglar og ordensreglement. c) Ein må bevisstgjere tilskodarane på deira rolle og oppfordre dei til å vere støttespelarar. d) Arbeide med klassemiljøet. 3.3.4 Arbeid i etterkant av ei mobbesak- organisasjonsarbeid Problemløysing på individnivå og etterarbeid etter ei mobbesak kan avdekkje svikt i systemet, som bør endrast for å virke førebyggjande. Det er difor viktig at kvar mobbesak blir avslutta med ei evaluering saman med leiinga. Her kan ein drøfte kva organisasjonen kan lære av denne saka med tanke på å førebyggje mobbing. 9

4.0 Kontinuitet Mål: Skulen sitt arbeid med å førebyggje, avdekke og stoppe mobbing er eit kontinuerleg arbeid. 4.1 Ansvarskjede Me har som prinsipp at problem skal løysast på lågast mogleg nivå. Den vaksne skal vite kor tid saker skal meldast vidare, og kven dei skal gå vidare til dersom problema ikkje kan løysast på lågaste nivå. Nivå 1 Nivå 2 Nivå 3 Situasjon Mobbing på trinnet Mobbing på tvers av trinn Mobbing som krev ekstern Ansvar Kontaktlærer Kontaktlærar til mobbar samarbeider med kontaktlæraren til offer. Varsling Foreldre Kollegiet Rektor Foreldre Kollegiet Rektor hjelp/ støtte. Rektor i samarbeid med kontaktlærarar og relevant hjelpeinstans. Foreldre Kollegiet Rektor Ekstern hjelp, t.d. PPT 4.2 Årshjul For å sikre kontinuitet i tiltak for å førebyggje og avdekke mobbing skal det setjast faste tiltak på skulen inn i ein kalender over skuleåret. Her nytter me det sosiale årshjulet for kommunen. 4.3 Årleg gjennomgang og revisjon av planen Ein gong i året, om hausten, vert det gjennomgang av heile denne planen. Rektor har ansvar for at planen blir gjennomgått både i FAU, elevrådet og kollegiet. Rektor ser til at revisjon blir sett i verk. Revidert ZERO- plan må bli vedteken i Samarbeidsutvalet (SU). 5.0 Vedlegg: 1. Skjema for registrering av eller mistanke om krenkjande åtferd/ mobbing. s.11 2. Avtale med elev som har mobba eller utført krenkjande åtferd/ utsagn. s.12 3. Enkeltvedtak. s.13-14 10

Klepp kommune HORPESTAD SKULE Postboks 25 4358 Kleppe Tlf 51786260 Registrering av krenkjande åtferd/ mobbing, eller mistanke om krenkjande åtferd /mobbing. Dato: Namn på elev som er utsatt for, eller ein har mistanke om er utsatt for krenkjande åtferd/mobbing: Klasse: Namn på elev som krenkjar/mobbar, eller ein har mistanke om at krenkjar/mobbar: Klasse: Kva har skjedd: Kva tiltak vert sett i gang: Korleis følgje dette opp vidare: Underskrift av dei involverte: (Kopi til rektor ) Vedlegg 1 11

Klepp kommune HORPESTAD SKULE Postboks 25 4358 Kleppe Tlf 51786260 Avtale med elev som har mobba eller krenkja andre. Dato: Namn på elev: Namn på kontaktlærar: Kva har skjedd: Klasse: Kva har vi vorte einige om: Eg lovar å følgje denne avtalen, og ikkje fortsetja med den åtferden eg har hatt. Underskrift av elev : Vedlegg 2 12

Klepp kommune HORPESTAD SKULE Postboks 25 4358 Kleppe Tlf 51786260 ELEV (namn på elev) Vedtak om tiltak etter opplæringslova 9a-3, jf. 9a-1. Namn: Du/De har bede om tiltak den ( dato). Der blir det opplyst at (nam på elev) blir krenka/ mobba på skulen. Det skjer på ulike måtar, (beskrivelse ) Opplæringslova 9a-1 slår fast at alle elevar har rett til eit godt læringsmiljø på skulen. 9a-1. Generelle krav Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. I opplæringslova 9a-3 er skulen gitt eit særleg ansvar for å fremje eit godt psykososialt miljø, der alle elevar skal oppleve tryggleik og høyra til eit sosialt fellesskap. 9a-3. Det psykososiale miljøet Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør. Dersom nokon som er tilsett ved skolen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skoleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn. Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet, deriblant tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal skolen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skolen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak Undersøking På bakgrunn av oppmodinga har skulen gjort følgjande undersøking: Skulen har no avslutta sin undersøking og funne at (beskriv kva undersøkelsen har funne ut) 13

Konklusjon Skulen sin konklusjon er at retten til eit godt psykososialt miljø er brutt, og at det er grunnlag for tiltak etter opplæringslova 9a-3. Tiltak Det iverksettast følgjande tiltak: 1. 2. 3. Tiltaka vert evaluert. Klageadgang Vedtaket er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova 2 bokstav b, og det kan påklagast innan tre veker frå vedtaket er mottatt, jf. forvaltningslova 28 og 29. Klagen sendast skulen ved rektor. Klagen skal vera underteikna, nemne det vedtak som det det klagast over og den eller dei endringar som er ønska. Det bør gjevast ei grunngjeving for klagen. Dersom kommunen ikkje finn å kunne ta klagen til følgje, vil klagen verta oversendt Fylkesmannen i Rogaland som er endeleg klageinstans. Føresette har, med visse unntak, høve til å sjå saka sine dokument, jf. forvaltningslova 18 og 19. Med helsing rektor Kopi: Etat for skule og barnehage Klepp kommune, dato Kariann F. Leikanger rektor Dokumentet er elektronisk godkjent og treng derfor ingen signatur. 14