RISIKO OG SÅRBARHETSANALYSE. for GOL KOMMUNE 2004



Like dokumenter
Risiko- og sårbarheitsvurderingar

Risiko- og sårbarheitsanalyse for detaljereguleringsplan for Helsehuset i Øvre Årdal

Kva snakkar me om? Tog Brann Redning Flaum Snø, snøras og i store mengder Kriser

Undredal sentrum Reguleringsendring detaljregulering gnr 51, bnr 20 m.fl

Reguleringsplan for Bergebakkane

Kommuneplan for Radøy ROS

UTFYLLANDE PLANFØRESEGNER OG RETNINGSLINER

RISIKO- OG SÅRBARHEITSANALYSE (ROS-analyse) FOR FURULY

Dokumentdato Vår referanse 13/407

BRANNFØREBYGGANDE TILTAKSPLAN FOR SAGVÅG SKULE

TEMA. Stryn

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Rapport frå tilsyn med samfunnstryggleik og beredskap i Hå kommune 17. april 2015

Årsmøte i Driftsassistansen mai Innhald i foredraget. Lovgrunnlag

Hareid kommune Kommunedelplan for vatn og avløp Forslag til planprogram

Overordna rammeverk for handtering av beredskaps- og krisesituasjonar i Møre og Romsdal fylkeskommune

Risiko og sårbarheit i reguleringsplan. Kathrine Sæverud Hauge Rådgjevar Beredskap Fylkesmannen i Hordaland

Metode for ROS-analyse

SAMORDNINGS- OG BEREDSKAPSSTABEN. Rapport frå tilsyn med samfunns-sikkerheit i Skjåk kommune.

4. MÅL FOR AVLØP OG MILJØ Overordna mål Førebels mål for vasskvalitet... 3

Rapport frå tilsyn med samfunnstryggleik og beredskap i Bjerkreim kommune 12. og 14. april 2016

ROS-analyse. Reguleringsplan for veg til Grytebekkosen, del II PLANID Mai Øystre Slidre kommune

FYLKESROS

Lokal forskrift for bruk av mindre avløpsanlegg i Fjell kommune.

ROS ANALYSE, REGULERINGSPLAN GNR 46. BNR 1 MFL. NESET, HAUKANES

SUNNMØRE IUA - BEREDSKAPSPLAN MOT AKUTT FORUREINING

Til deg som bur i fosterheim år

FYLKESROS 2018: SMAKEBITAR OM KLIMA Tonje Fjermestad Aase

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Då flaumen ramma Aurland

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Kommuneplan Vik Kommune Arealdelen Vedlegg til 6.1 Konsekvensutgreiing DEL A og B

ROS-analyse i kommuneplan

ROS-analyse. Reguleringsplan for frigiving av kulturminna på Raubrøtmoen industriområde PLANID Mars Øystre Slidre kommune.

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Ekstremværet Dagmar erfaring frå Eid. Prosjektleiar Torfinn Myklebust, tidlegare driftssjef

Handbok i informasjonstryggleik. Presentasjon Geir Håvard Ellingseter, dokumentsenteret

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

DETALJREGULERINGSPLAN FOR AVKJØRSLAR FRÅ VINSTRAGATA (F319) VED FURULUND

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune

ROS-analyse Detaljplanendring for 199/165 m.fl. - Hyttefelt Grunnavåg, Halsnøy. Kvinnherad kommune

RISIKO OG SÅRBARHETSANALYSE

NES KOMMUNE Risiko- og sårbarhetsanalyse Versjon 2011

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Definisjon av Samfunnssikkerhet i St.meld. nr. 17 ( )

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

Strategiplan for Apoteka Vest HF

HEMSEDAL KOMMUNE RISIKO- OG SÅRBARHEITSANLYSE

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

NORD-FRON KOMMUNE DETALJREGULERINGSPLAN FOR LETRUDGRENDA. Analyse av risiko- og sårbarheit (ROS-analyse)

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Ekstremvêrhendingar. - lærer vi av dei? Idun A. Husabø

Interkommunalt skredsamarbeid. Kvam, Fusa, Ullensvang, Granvin, Ulvik, Jondal, Tysnes, Masfjorden og Modalen. Ansvar

Rogaland Kontrollutvalgssekretariat HJELMELAND KOMMUNE KONTROLLUTVALET PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

ROS ANALYSE, REGULERINGENDRING ENDRING GNR 45. BNR 6. DALEN, BJELLAND

Planprogram Interkommunal kommunedelplan for heilskapleg risiko- og sårbarhetsanalyse (ROSanalyse) og beredskapsplan for Midt-Telemark kommune

Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) og Konsekvensutgreiing av

Kommunane - fundamentet for lokal helse- og sosial beredskap

FylkesROS Hordaland 2015

Aurland kommune Det naturlege valet

Velkomen til kriseøvings- og seminardag

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Klimatilpassing i arealplanlegging og handtering av havnivåstigning. Eline Orheim Rådgjevar Samfunnstryggleik og beredskap

Saker til behandling. 18/13 13/ Plan for sentral kriseleiing i Ål kommune 2. 19/13 13/ Strategikonferanse kultur og oppvekst 5

Konsekvenser ved langvarig straumutfall

ROS-analyse Huglo. Kartlegging av beredskap og ulukkesrisiko

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Handlingsprogram Utviklingsplan Gol tettstad Kommunedelplan Gol tettstad Vedteke av Kommunestyre i K-sak 46/06

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

VANYLVEN KOMMUNE. Beredskapsoversyn

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Radøy kommune Kommunedelplan for vassforsyning og avløp - Planprogram. Utgåve: 1 Dato:

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Skredfarevurdering for Hanekam hyttefelt, Vik kommune

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

SOGNDAL KOMMUNE Støtteeining fag og utvikling. Risiko og sårbarheitsanalyse - Sogndal kommune. Vedlegg. Revisjon hausten 2012

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Rapport frå tilsyn med samfunnstryggleik og beredskap i Forsand kommune 30. september 2014

Oversyn over økonomiplanperioden

Handlingsplan 2012 for lukking av avvik i tilsynsrapportar og internrevisjonsrapport.

Tursti mellom Nymoen og Vadøyane, Luster kommune

DATO: SAKSHANDSAMAR: Torstein Solset SAKA GJELD: Risiko knytt til matforsyning - internrevisjon Helse Vest RHF

ROS-analyse Huglo. Kartlegging av beredskap og ulukkesrisiko. Oktober 2009

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Samfunnstryggleik og beredskap

Rapport frå tilsyn med samfunnstryggleik og beredskap i Sauda kommune 1. juni 2017

ROS ANALYSE, REGULERINGSPLAN FOR DEL AV GNR. 58 BNR. 5 KOLBEINSVIK (VESTREPOLLEN)

ROS ANALYSE, REGULERINGSPLAN DEL AV GNR 44. BNR 68. BJÅNESØY

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Overordna rammeverk for handtering av beredskaps- og krisesituasjonar i Møre og Romsdal fylkeskommune

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkiv: M74 Arkivsaksnr.: 12/1269

Transkript:

1 RISIKO OG SÅRBARHETSANALYSE for GOL KOMMUNE 2004

2 INNHALD 1. OPPSTART OG ORGANISERING AV ANALYSEARBEIDET 1.1 Oppstart 1.2 Definisjonar 1.3 Organisering 1.4 Målsetjing 1.5 Avgrensing 1.6 Gjennomføring 1.7 Ajourhald/vidareføring 2. GROVANALYSE 2.1 Innleiande arbeid 2.2 Klassifisering av risiko 2.3 Arbeidsmetodar 3. RAPPORTAR OG/ELLER SKJEMA FRÅ INFORMANTAR I GOL 3.1 Sårbarhet ved elektrisitets og kraftforsyning og samband 3.2 Sårbarhet ved naturkatastrofe 3.3 Sårbarhet ved transport og trafikk 3.4 Sårbarhet ved brann, helse/miljø, vassforsyning og forurensing 4. VURDERINGAR, KONKLUSJONAR, TILRÅINGAR 4.1 Risikomatrise for Gol 4.2 Generell vurdering VEDLEGG: Skjema for registrering av risiko og sårbarhet Risiko og sårbarhetsanalyse for Hallingdal Risiko og sårbarhetsanalyse for Gol vassverk (unntatt offentlighet) Tiltaksplan for brann i forsamlingslokale/hotell, utarbeidd av Gol og Hemsedal brann og redningsteneste Plangrunnlag for den kommunale atomberedskapen Oppsummering/evalueringskonferanse etter kollisjon mellom bil og tog 22.10.98

3 1. OPPSTART OG ORGANISERING AV ANALYSEARBEIDET 1.1 Oppstart Ønske om ei risiko og sårbarhetsanalyse byggjer på Stortingsmelding 24 (1992-93) Den fremtidige sivile beredskap og Stortingsmelding nr. 48 (1993-94) Langtidsplan for den sivile beredskap 1995-98. Her kjem det m.a. fram: En reduksjon av samfunnets sårbarhet er et sentralt virkemiddel for beredskapsapparatet i arbeid med å gjøre samfunnet mer robust, herunder å redusere omfang og skader av uønskede hendelser, både i krig og fred. Etter initiativ frå fylkesmannen i Buskerud vedtok regionrådet for Hallingdal at dei seks kommunane i regionen skulle gå saman om å utarbeide ei felles risiko og sårbarhetsanalyse. Arbeidet var ferdig i 1999. Tanken var at dette skulle utløyse ein tilsvarande prosess lokalt i Hallingdalskommunane. Dette arbeidet har tatt noko tid, og det er varierande kor langt i prosessen den einskilde kommune er komen. 1.2 Definisjonar Risiko: Sannsynlighet (frekvens) for og konsekvens av uønska hendingar. Sårbarhet: Uttrykk for lokalsamfunnet si evne til å fungere og oppnå sine mål under uforutsette påkjenningar. Risiko og sårbarhetsanalyse: Kartlegging av kva slags hendingar det er aktuelt å forebygge og planlegge mot. Beredskapsplaner: Planlegge og førebu handlingar for å møte ulykker og andre påkjenningar som i art eller omfang går ut over det som er rekna som normalrisiko og normalbelastning i fredstid. Ei risiko - og sårbarhetsanalyse vil kunne avdekke hendingar der lokalsamfunnet er sårbart. Den er ikkje eit sluttprodukt, men skal vere eit verktøy for vidare planlegging og tiltak. Desse vil ha som formål å heve kommunens evne til å fungere effektivt under alle forhold. Analysen er tenkt som første ledd i ein 3 trinns prosess: * Risiko og sårbarhetsanalyse * Beredskapsplanlegging * Innsatsplaner/tiltak (i årsbudsjett og 4 årsplaner) 1.3 Organisering Skjema for registrering av risiko og sårbarhet i Gol kommune er sendt ut til alle aktuelle informantar som antas å ha noko å bidra med innan dette fagfeltet. Det inkluderer nøkkelpersonar i kommuneadministrasjonen og frivillige organisasjonar, E CO Vannkraft AS, Gol Skiheiser m.v. Vidare har ein utarbeidde planer innan avgrensa område som underlag. Sjå innhaldslista for oversikt over vedlegg. 1.4 Målsetjing Målsetjinga er å utarbeide ei oversikt som avdekker risiko og sårbarhet i Gol kommune, med bakgrunn i utarbeidd risiko og sårbarhetsanalyse for Hallingdal. Arbeidet er tenkt som bakgrunnsmateriale ved utarbeiding av kommunale beredskapsplaner, og seinare prioritering i kommunale handlingsplaner.

4 1.5 Avgrensing Analysen omfattar berre hendingar som vil ramme større grupper av menneske, og som i art eller omfang går ut over hendingar som det ordinære hjelpeapparatet har kapasitet til å takle. Ein vanleg boligbrann eller ei ulykke med personbil vil falle utanom analyseområdet. Risiko og sårbarhet i fredstid er vektlagd. Det er ikkje gått spesielt inn på endra grad av sannsynlighet i ein krigssituasjon. Føresetnaden er vidare at mange av dei same funksjonar og reaksjonar som er skissert for uønska hendingar i fred også kan brukast, med evt. tilpasningar, i ein krigssituasjon. 1.6 Gjennomføring Arbeidet har vore basert på lokalkunnskap, røynsle og skjønn blant fagfolk og andre ressurspersonar i kommunen, som har oversikt over tilgjengelege ressursar. Ved gjennomføring av analysearbeid har ROS for Hadeland og Ringerike/Hole blitt brukt som mal, i tillegg til Veileder for kommunale risiko og sårbarhetsanalyser utgitt av Direktoratet for sivilt beredskap (DSB) i 1994. 1.7 Ajourhald/vidareføring Arbeidet med risiko og sårbarhetsanalyse er ein kontinuerleg prosess. Eksisterande analyse bør reviderast med jamne mellomrom, og tilpassast nye eller endra situasjonar i kommunen.

5 2. GROVANALYSE 2.1 Innleiande arbeid Ved gjennomføring av analysearbeid har ROS for Hadeland og Ringerike/Hole blitt brukt som mal, i tillegg til Veileder for kommunale risiko og sårbarhetsanalyser utgitt av Direktoratet for sivilt beredskap (DSB) i 1994. 2.2 Klassifisering av risiko Kvar aktuell hending vart vurdert med tanke på sannsynlighet og konsekvens. Sannsynlighet vart oppdelt i fem grupper som følgjer kriterier: Pårekneleg Vil skje kvart år Svært sannsynleg Sannsynleg Mindre sannsynleg Lite sannsynleg Vil skje med ein frekvens på 1 5 år Vil skje med ein frekvens på 5 15 år Vil skje med ein frekvens på 15 50 år Vil skje sjeldnare enn kvart 50. år Konsekvens vart også oppdelt i fem grupper som følgjer kriterier: Konsekvens Menneske Miljø Økonomiske skader Ufarleg Liten skade Ingen Inntil 1. mill. kroner Ein viss fare Nokre skadde Mindre 1 5 mill. kroner Kritisk Nokre alvorleg skadde Omfattande 5 20. mill. kroner + 1 2 døde Farleg 5-20 alvorleg skadde Alvorleg 20 100 mill. Katastrofal + nokre døde Over 20 alvorleg skadde + mange døde Svært alvorleg kroner Over 100 mill. kroner 2.3 Arbeidsmetodar Sannsynlighet og konsekvens er vurdert ut frå lokalkunnskap, røynsle og skjønn, og kunnskap i ulike fagmiljø. Der det er gjort registreringar under arbeidet med risiko og sårbarhetsanalyse for Hallingdal som er samanfallande med aktuelle forhold i kommunen, har ein nytta seg av desse registreringane utan endringar. Konklusjonane for kvar hending er felt ned i eit standardskjema for risiko og sårbarhetsanalyse. Samtlege vurderingsskjema følgjer denne rapporten som vedlegg. Arbeidet antyder forslag til løysingar, men tar ikkje mål av seg til å vere fullstendige planer.

6 3. RAPPORTAR OG/ELLER SKJEMA FRÅ INFORMANTAR I GOL OG HALLINGDAL 3.1 Sårbarhet ved elektrisitets og kraftforsyning og samband 3.1.1 Bortfall av straumforsyning 3.1.1.1 Generelt Hallingdal Kraftnett og Hemsedal Energi har god oversikt over alle objekt i Hallingdalsregionen som bør prioriterast ved avbrot i straumforsyningen; inkl. nøyaktig adresse. Det er viktig at Gol kommune i samarbeid med Hallingdal Kraftnett og Hemsedal Energi oppdaterer denne oversikta og held den à jour. 3.1.1.2 Variasjon i spenning/ blink i straumleveransen Dette vil vere eit årleg tilbakevendande fenomen, som kan påvirke dataanlegg, PLS styring etc. Straumabonnenten er ansvarleg for å sikre utstyret sitt mot slike feil på straumleveransen. 3.1.1.3 Kortare straumbrot Slike avbrekk i straumforsyninga kan oppstå på grunn av kabelbrot, sikringsbrot, kortslutning, lynnedslag og liknande, og straumkundar må rekne med slike brot kvart år. Slike avbrekk i straumleveransen vil normalt vare mindre enn 3 6 timar, (for prioriterte objekt), avhengig av stad og tidspunkt/årstid. 3.1.1.4 Mellomlange perioder inntil 24 timar og 1 3 døger Slike brot vil ofte vere ein følge av andre hendingar, som t.d. brann, uvær, avsporing etc., eller dersom større nettkomponentar havarerer. Straumen vil i slike tilfelle kunne bli borte i fleire dagar, men normalt vil det vere mogleg med alternativ straumforsyning. Alternativ forsyning av straum saman med evt. rasjonering gjer straumbrot ut over eit døger lite sannsynleg, spesielt til prioriterte kundar. Dei lengste straumbrota i Norge i seinare tid er ca. eit halvt døger i Lofoten i 1994, og opp til fem døger på Møre i 1992. Lange straumbrot har også skjedd på område på Austlandet vinteren 2003 2004. 3.1.1.5 Lengre perioder over 3 døger Sabotasje og krig kan føre til avbrekk i svært lange perioder. Risikoen for at dette skal skje er vurdert til å vere så liten at det ikkje vil vere aktuelt å leggje opp annan beredskap for dette enn den beredskapen nettselskapa allereie har. 3.1.1.6 Konklusjon 1. Ut frå statistikken vil ein del av Hallingdalsregionen oppleve straumbrot på inntil 24 timar ein gong kvart 15 år. I sentrale strøk er det sannsynligheten for dette noko lågare. Straumkundar som er svært avhengig av straum til ei kvar tid bør bygge opp sin eigen

7 beredskap til å dekke inntil 3 dagars utkobling. Lengre brot er ikkje pårekneleg. Ved å ha tenkt gjennom moglege problemsituasjonar og funne løysingar vil folk bli meir bevisst, og mindre sårbare. 2. Kommuner, offentlege institusjonar og evt. andre bør vurdere om det er mogleg å opprette eit organ der dei kan kjøpe beredskap for evt. avbrekk i straumleveransen. Kanskje kan det organiserast eit opplegg under Hallingdal Kraftnett og evt. Hemsedal Energinett som kjøper inn nødvendig utstyr som naudstraumsaggregat, som driftar ein felles beredskap mot straumutfall. Kostnaden blir fordelt mellom deltakarane. 3. Det er viktig å gi publikumsretta informasjon om moglege rasjoneringssituasjonar i framtida. Dersom kommunen skal følge opp dette, må det kome meir spesifikk informasjon frå sentrale styremakter. Derfor bør dette i første omgang følgjast opp av regionrådet, både mot NVE og andre. 3.1.2 Straumbrot i helseinstitusjonar Det går fram av ROS analysen for Hallingdal at Hallingdal Sjukestugu har bra beredskap mot straumbrot, men at beredskapen i dei øvrige institusjonane er svak og utan rutiner eller beredskapsplaner for straumutfall. I ROS analysen for Hallingdal er det lansert følgjande forslag: 1. Det bør utarbeidast beredskapsplaner for straumutfall ved alle institusjonar. 2. Behov for innkjøp av naudstraumsaggregat bør vurderast. Dette kan vere eit stort aggregat som dekker alle behov, eller mindre aggregat som dekker dei viktigaste funksjonane. 3. Som alternativ til å kjøpe eige aggregat bør det vurderast å kjøpe beredskap mot straumutfall sjå pkt. 3.1.1.6. I Gol kommune vil Gol Helsetun, omsorgsboligane og trygdeboligane samt boligane for psykisk utviklingshemma vere spes. utsett. Konsekvensane vil kunne vere store ved langvarig straumbrot. Mykje av dagens medisinske utstyr er datastyrt, og sårbart for straumbrot, med dei konsekvensane dette kan ha for liv og helse. Beredskapen mot straumbrot i private heimar, hos heimebuande eldre og funksjonshemma, må truleg ivaretakast gjennom det ordinære hjelpeapparatet (heimehjelpsordninga, heimesjukepleien, amb. vaktmeister), for å sikre at heimebuande eldre og funksjonshemma som ikkje kan ta vare på seg sjølv ved straumbortfall blir fanga opp av ordinært hjelpeapparat. Brot på telefonsambandet ut over 30 minutt på grunn av straumbrot eller svikt i sentral, kan også ha alvorlege konsekvensar. - Det bør utarbeidast beredskapsplan for midlertidig opphald på helsetunet for heimebuande - Tilgang til straumaggregat for helsetunet og kommunale omsorgsboligar - Løpande tilsyn av elektriske installasjonar - Etablere back up system som sikrar at elektronisk informasjon ikkje går tapt, og alternativ straumtilførsel - Oppretting av serviceavtale med telefonleverandør

8 3.1.3 Straumbrot i andre bygg eller foretak Straumbrot vil ofte handle meir om redusert service enn direkte fare for liv og helse. Det bør likevel vurderast spes. tiltak som t.d.: * Nødvendige beredskapsplaner * Evt. kjøp av naudstraumsaggregat * Kjøp av beredskap mot straumbrot sjå pkt. 3.1.1.6 Dette kan på generelt grunnlag vere aktuelt for kommunehuset med helsesentret, skiheiser, vassverk, gardar med dyrehald, forretningar, industri m.m. Gol kommunehus er sårbart ved straumbrot, med tanke på svikt i telefoni og datasystem. Datakommunikasjonen er avhengig av tilgang til viktige data på serverar, internett og e post. Telefonsentralen i Gol kommune styrer både Gol Helsetun, Gol Helsestasjon, Gol vgs. og Gol ungdomsskole. Svikt i telefonsambandet kan medføre fare for liv og helse i samband med drifta av Helsetunet og tryggleiksalarmane. Risikomatrisen vil endre seg i takt med lengda på straumbrotet. Korte brot på straumleveransen (opp til ein halv time) vil vere ufarleg, då batterikapasiteten tek hand om dette. Kommunen bør sjå på løysinga for tryggleiksalarmane på nytt, og finne prosedyrer for meldingar dersom telefonsentralen sviktar. - Større batterikapasitet på sentralt utstyr - Aggregat på eigne kursar til telefonsentral og serverar 3.1.4 Følgefeil av svikt i straumforsyning Røynsler etter straumbrot viser at det nokre gonger kan oppstå problem med automatisk oppstart av utstyr. Dette kan vere pga. feil i systemet, frostskader m.m. Sårbarheten kan reduserast ved å tenke gjennom ulike problemsituasjoner og finne løysingar. 3.1.5 Bortfall av telenett 3.1.5.1 Viktige prioriterte telefonar (VPT) Ordninga med VPT telefonar er avvikla. Derfor er det nødvendig å finne alternative løysingar som sikrar kommunen sitt behov for tele og datakommunikasjon ved langvarig straumbrot. 3.1.5.2 Kvalitetskrav til installasjonar * Kabelskader * Overbelastning (særleg mobiltelefon) * Alternative løysingar/liner ved bortfall av primæranlegg I samband med utarbeiding av ROS analyse for Hallingdal vart det tatt kontakt med Telenor, men svar kom aldri, trass i purringar. Konklusjonen var at det er usikkert om telefontenestene oppfyller alle kvalitetskrav. Følgjeleg bør dette granskast nærare.

9 3.1.6 Alternative sambandsnett 3.1.6.1 Oversikt I ROS analysen for Hallingdal vart det lista opp følgjande alternative samband i Hallingdalsregionen: * E - CO Vannkraft AS: Eige linenett (til dels fiberoptisk) med tilknytning ut av regionen. Eige radiosamband med fleire kanalar. * Hallingdalsmagneten Regionalt samarbeid om internettsamband som gjeld kabling, programvare, telefoni * Straumforsyning Kabelsamband (delvis avhengig av Telenor) Lokalt radiosamband (ferdig utbygd om nokre år) * Brannsamband: Lokale radiosendarar, men er førebels avhengig av Telenor for samband mellom dei forskjellige brannvesen og til Hønefoss. * Røde Kors: Eige radiosamband som via basestasjonar dekker heile Buskerud. NB: Berre ei samtale om gongen. * Ambulanse/helse: Eige radiosamband som via basestasjonar dekker heile Buskerud, og er ikkje avhengig av Telenor for samband mellom dei forskjellige distrikt og til Drammen. NB: Berre ei samtale om gongen i kvart distrikt. * Statens vegvesen) Eige radiosamband utanfor faste telenett. NB: Berre ein samtale om gongen. * Sikringsradio: Er i utstrekt bruk innan skogbruket og i jaktsamanheng. * Jernbaneverket: Bane Tele. Eigen lokalradio, men er delvis avhengig av Telenor (?) * Amatørradio: Hallingdal gruppe av NRRL 3.1.6.2 Konklusjon Det eksisterer fleire alternative samband i tillegg til Telenor. E - CO Vannkraft AS har god kapasitet, dei øvrige har meir avgrensa kapasitet for fleire samtaler samtidig. Det er eit klart behov for koordinering og planlegging for samarbeid i kriser. 3.1.7 Sabotasje Aktuelle sabotasjemål kan vere kraftliner/transformatorar, jernbaneliner, tlf. sentralar og matvarer. Sabotasje i fredstid har ikkje skjedd. Typiske forhold er øydelegging av viktige elektroniske databaser, men også andre viktige installasjonar og system kan vere utsett. Terrorhandlingar er lite sannsynleg. Kommunen har ingen samfunnsviktige mål, og det er tynt befolkningsgrunnlag. Ved oppgradering av anlegg og nybygg bør sikring mot sabotasje likevel vere eit plankrav. Viktige eksisterande anlegg bør sikrast betre. Problem på grunn av sabotasje vil oftare resultere i redusert service enn å skape stor fare for liv og helse. Dersom sabotasje skjer vil konsekvensreduserande tiltak vere dei same som for andre årsaker. 3.1.8 Konklusjonar * Helseinstitusjonar bør revurdere og/eller ajourføre beredskapen sin mot straumbrot. * Kommunale beredskapsplaner bør koordinerast. * Tilsette bør bevisstgjerast med tanke på auka beredskap.

10 3.2 Sårbarhet ved naturkatastrofe 3.2.1 Dambrot E CO Vannkraft AS har utført nye beskrivande dambrotsberekningar for Hallingdal offentleggjort i januar mnd. 2003. Den utarbeidde rapporten er illustrert med kartmateriale for kvar einskild kommune i Hallingdal, som også ligg føre i eigen versjon på CD rom. På illustrande kartskisse tyder fargane: Raud farge: Den høgaste vasstanden etter dambrot. M.a. verste scenariet. Mørk blå farge: Vasstand ved tusenårsflaum. Lys blå farge: Normalvasstand. For Gol sentrum innebær det verste scenariet (Brot på Flævassdammen kombinert med tusenårsflaum) ein stigning av vasstanden på 10,9 meter ved Hesla Bru i Gol sentrum. Vatnet vil ved ein slik flaumsituasjon stige til litt ovanfor eigedomen Jordmo nest på Breidokk jordet og nå opp til våningshuset og gamlehuset på eigedomen Kinneberg i Gol sentrum (del av Breidokk jordet). Garasjen på Kinneberg blir ikkje berørt. Korkje Gol helsetun, Breidokk barnehage eller Gol eldrebu blir berørt. Alt areal på sørsida av vestre avkøyrsle til Gol sentrum opp til Hesla brua vil bli sett under vatn. Det same vil øvste delen av vegen nærast brua. Gol stasjon vil bli sett under vatn. Det same vil tilgrensande jordbrukseigedomar. På vestsida av dalen vil jernbanelina bli sett under vatn, og sjølvsagt alt areal mellom jernbanen og elva. Det same vil riksveg 7 og store deler av bebyggelsen på Hagaskogen og i Herad. Riksveg 7 vil bli sett under vatn heile vegen mellom Gol sentrum og Svenkerud, saman med alt areal mellom riksveg 7 og elva og i tillegg dei flataste areala på austsida av riksvegen. Arealet mellom austsidevegen frå Svenkerud til Nesbyen vil bli sett under vatn like til kommunegrensa mot Nes. M.a. vil hovudkommunikasjonslinene gjennom Gol bli sett under vatn før det verst tenkelege scenariet (brot på Flævassdammen kombinert med tusenårsflaum) kulminerer. Ved brot på Flævassdammen vil det ta fem timar før bølgetoppen når Hesla bru i Gol sentrum. Utrekninga inkluderer ei brottid på 3,8 timar. - Utarbeide evakueringsplaner. For Gol kommune tyder desse berekningane at det er grunnlag for reduksjon av eksisterande evakueringsplaner, dersom desse inkluderer Gol helsetun. 3.2.2 Flaum Mindre flaumar i Hallingdalselva er uproblematiske. Dette gjeld både ordinære vårflaumar og haustflaumar. Store flaumar som t.d. tohundreårsflaumen vil kunne påføre regionen større økonomiske skader. Kommunen bør unngå utbygging i flaumsonen i elvenære område. Slik utbygging er fleire stader betenkeleg. Kommunen sit med ansvaret for å godkjenne eller nekte bruk av slike areal til utbygging. NVE har starta arbeidet med utarbeiding av flaumkart for regionen, og først i

11 Nes. Gol kommune bør påvirke/delta i den del av prosessen som gjeld Gol kommune for på den måten å skaffe seg viktig grunnlag for vidare arealplanlegging i kommunen. Flaum bør også takast inn som tema ved utarbeiding av farekart. Isgang er ei sannsynleg hending. Mykje overvatn om vinteren, som byggjer opp tjukk is, kombinert med tidleg flaumtopp om våren, kan gi isgang med tilhøyrande oppdemming og flaum. Slike flaumsoner vil avvike frå ordinære flaumsoner. - Bruer er spesielt utsett ved isgang. Farlege område bør visast som eige tema på farekart, og såleis takast inn som tema ved utarbeiding av slike kart. 3.2.3 Stein og jordras Deler av Gol kommune med morener i bratte dalsider vil vere spesielt utsett for jordras ved store nedbørsmengder. Områda er stort sett kjent og lite brukt. Deler av jernbanesporet ligg på grunn som er utsett for ras. Jernbaneverket foretar målingar med jamne mellomrom, og har utvida inspeksjon i område som er spesielt utsett for rasfare. Steinras i fjellsider kan vere eit problem. - Tidlegare røynsler tilseier at ein skal vere forsiktig med inngrep i bratt terreng som store snauhogstar, masseuttak, etableringar av nye vegar på tvers av fallretning. - Rasfarlege område bør leggjast inn som tema på farekart. 3.2.4 Snøskred Snøskred som rammar hytter og hus er godt som ikkje eksisterande i Gol, men nokre rasfarlege område er kjent. Snøskred kan utløysast i deler av Nystølsfjellet, og den synste kvelve ved Endefjell kan nemnast spesielt. Mindre snøskred går kvart år. Bygging av hus og hytter i rasfarlege område må ikkje tillatast. Gol Røde Kors disponerer utstyr og mannskap, og samarbeider med skredgruppa i Nes Røde Kors. Utstyr og kvalifiserte mannskap kan rekvirerast frå heile regionen dersom det skjer ulykker. - Få hand om snøskredkart over aktuelle område i Gol kommune frå Statens kartverk så snart dette lar seg gjere. - Kommunen må ikkje tillate bygging av hus og hytter i rasfarlege område. 3.2.5 Frost Frost er lite vanleg, og fysiske installasjonar som kommunalt ledningsnett er dimensjonert for dette. I einskilde tilfelle kan det likevel bli problem med endeledningar med liten sirkulasjon på vatnet. Røynslene frå vinteren 1994 viste likevel at tap av drikkevatn i hushaldningar og til husdyr kan bli eit problem i ekstreme tilfelle. Kommunen har etablert vassuttak på Glitre der ein kan ta ut større mengder vatn frå kommunalt vassverk. Dei fleste hentar vatn sjølve, men kommunen yter bistand så langt dette lar seg gjere.

12 - Sikre at kommunen har tilstrekkeleg tilgang på vatn i krisesituasjonar. 3.2.6 Isulykker regulerte vatn Det eksisterer planer og opplegg for gjerding/sikring/varsling. Problemet er vurdert som lite. Om hausten kan folk gå ut på tunn is før merking av svake parti er gjennomført. Det ligg ein fare i dette. Det er ein generell fare for overvatn samt gå gjennom isen på islagt vatn. Derfor bør aktuell situasjon registrerast og varslast t.d. gjennom media. Gol RKH kan evt. reise rundt og sjekke stoda i ekstremtilhøve. - Etablere godt fungerande rutiner for registrering og varsling i den grad dette er nødvendig. 3.2.7 Uvær og storm/vind Uvær er sjeldan noko problem i Hallingdal, men nokre skader på bygg (m.a. takkonstruksjonar) er kjent. I høgsesong for turisme bør det vere utvida beredskap ved dårleg ver, og urøynde turistar må gis informasjon og varsel om farer i området. Dette kan med fordel samordnast med varsel om skredfare. (Sjå pkt. 3.2.4) - Etablere informasjonsrutiner. Sjå elles pkt. 3.2.4. 3.2.8 Store snøfall/mykje nedbør Ein konsekvens er blokkerte vegar og svært dårlege vegtilhøve. Ekstrem snøtyngde på tak kan føre til samanbrot. Gol kommune har i eigen regi og gjennom avtale med entreprenørar normalt nok kapasitet til å forhindre at viktige kommunale vegar blir blokkert i meir enn nokre få timar. Mykje regn kan også føre til stengde vegar pga. ras over vegbane eller utrasing av vegbane. Lengre avstenging av grendavegar utan mulighet for omkøyring vil kunne få konsekvensar for tilførsel av forsyning til hushald og jordbruk/husdyr. Liagardsvegen og Grønlivegen er vurdert som mest utsett i Gol kommune. Problemet har meir karakter av redusert servicenivå enn akutt livsfare. I ekstremsituasjonar kan kommunen også rekvirere ekstra ressursar frå Mesta, private entreprenørar og lokale bønder med tungt brøyteutstyr. Beltegåande transport kan rekvirerast frå private og forsvaret, som t.d. løypemaskiner. - Sikre at kommunen til ei kvar tid har oppdatert oversikt over kvar ein kan rekvirere ekstra ressursar i ein krisesituasjon. 3.2.9 Jordskjelv Det er registrert små jordskjelv i Hallingdal, men faren for større skader er liten. Det er gjort vurderingar for nokre kraftverksdammar, og heller ikkje her synest jordskjelv å representere noko problem.

13 3.2.10 Ekstrem turke/varme Konsekvensen er vassmangel, som likevel blir vurdert som eit mindre problem ettersom Gol kommune har sikker vassforsyning frå grunnvassbrunnar i lausmassar nær Hallingdalselva. Vassmangel frå private vasskjelder er meir problematisk. Røynslene er likevel at fleire har etablert grunnvassanlegg, og såleis har ein betre og sikrare vassforsyning no enn for nokre år sidan. Desse er likevel avhengig av sikker straumforsyning. Private kan i naudsfall hente drikkevatn i kommunalt vassuttak på Glitre. Det er etablert ein del felles vatningsanlegg for jordbruksvatning i kommunen. Desse har stort sett tilgang til vatn frå større elvar/vassdrag som sjeldan går turre. 3.2.11 Solstorm Solstorm kan verke inn på helse, kraftliner, teleliner, radiosamband, elektronisk utstyr etc. Problemet er utanfor kommunens ansvarsområde, og bør finne si løysing nasjonalt/internasjonalt. 3.2.12 Lengre samanbrot i avløpsrenseanlegg og avløpsnett Samanbrot kan vere ein konsekvens av uvær, teknisk svikt på renseanlegg og pumpestasjonar, straumbrot og ledningsbrot. Eit godt løpande vedlikehald samt vaktordning for vatn og avløp vil redusere sannsynligheten for at store problem oppstår. Overløp av urensa avløp i kortare perioder har liten konsekvens. Ved overløpsdrift over lengre tid må det etablerast naudløysingar for å redusere utslepp. Det er svært viktig å hindre forureining av drikkevasskjelder, herunder utarbeide gode varslingsrutiner jfr. IK system for avløpssektoren. Det blir vist til eiga ROS analyse for Gol vassverk (følgjer som vedlegg, unntatt off.het)og tiltak for å hindre forureining av grunnvassanlegget på Eiklid. - Sjå eiga ROS analyse for Gol vassverk. (Vedlegg, unntatt off. het). 3.2.13 Svikt i kommunal vassforsyning Gol vassverk Årsak til slik svikt kan vere ulike hendingar, jfr. vedlagd ROS analyse for Gol vassverk, utarbeidd i samanheng med revidering av hovudplan vassforsyning i 2002. Tiltak for betring av beredskapen er lagd inn i plandokumentet sin handlingsplan. - Sjå eiga ROS analyse for Gol vassverk. (Vedlegg, unntatt off. het).

14 3.3 Sårbarhet ved transport og trafikk 3.3.1 Ulykker generelt Konklusjonen i ROS analysen for Hallingdal er at den generelle beredskapen mot ulykker er god. Den same konklusjonen kan trekkast for generell ulykkesberedskap i Gol kommune. Ved store ulykker med tap av menneskeliv eller skade på mange personar er det viktig at alle tilgjengelege ressursar arbeider saman. Politiet har eit lovfesta leiaransvar på skadestaden. Beredskapen kan vere svekka i einskilde høgtider og i sommarferien, i ein situasjon der det meste av nøkkelpersonellet med unntak av dei som er vakt, er bortreist. I slike situasjonar vil det kunne vere vanskeleg å skaffe nok fagpersonell i samband med større ulykker. Så langt har imidlertid slike situasjonar ikkje oppstått. Luftambulansen som er stasjonert på Ål hever beredskapen også i Gol. - Beredskapsplaner for politiet, brannvesen og kommunal kriseleiing er godt koordiner ved at det blir arrangert felles øvingar i regi av fylkesmannen kvart fjerde år. Dette blir vurdert som godt nok. - Planlegging og øving kan gjerne skje på regionalt nivå, i samarbeid med sivilforsvarets fredsinnsatsgrupper.(fig). FIG`s beredskapstilhenger (sanitet og brannvern) er stasjonert ved Gol brannstasjon. Tilhengeren inneheld mykje godt utstyr. - Det er mykje ressursar i området, og fleire kan bringast inn via alarmmottaket (AMK) på tlf. 113 i Drammen med ca. 1 times varsel, som ambulansar og Røde Kors Hjelpekorps. Vidare rår Hallingdal sjukestugu over ressursar i tillegg til to FIG grupper og ekstra brannvernressursar som også kan tilkallast ved behov. - Ved store ulykker er ein god informasjonsplan viktig. Aktuell målgruppe: Pårørande/lokalbefolkning, presse m.m. - Oppdaterte ressurslister må finnast i alle kommuner. 3.3.2 Vegulykker 3.3.2.1 Vanleg vegulykke Tala for trafikkulykker i Hallingdal ligg over landsgjennomsnittet, og tilhøva i Gol vil vere farga av dette faktum. Det er likevel relativt få ulykker med tungtransport, men når det skjer ulykker der tungtransport er innblanda får dette gjerne fatale konsekvensar. I perioden 1996 2002 var det i alt 11 dødsulykker med bil i Gol og Hemsedal. Trafikkulykkene skjer ofte i samband med helgeutfart og i feriar. - Arbeide for betra køyreåtferd hos trafikantane, samt arbeide for betring av vegstandarden. - Arbeide for intensiverte kontrollar og patruljering på vegane i helgene. - Ei eiga analysegruppe oppnemnd av Statens vegvesen har vurdert situasjonen. Kommunen bør ta omsyn til desse resultata i vidare planlegging.

15 3.3.2.2 Stor vegulykke (bussulykke) Ei slik ulykke er den mest påreknelege av spesialulykkene. I samband med utarbeiding av ROS analyse for Hallingdal vurderte den nedsette arbeidsgruppa sannsynligheten for ei slik hending i Hallingdal til ein gong kvart 5 15 år, sjølv om rein statistikk indikerer sjeldnare frekvens. Konsekvensgraderinga er farleg med fleire døde og inntil 20 alvorleg skadde. Beredskapen for slike ulykker i Hallingdalsregionen vart vurdert som god av arbeidsgruppa, men samtidig med presisering av at total kapasitet og organisering i regionen burde vurderast meir nøye. Ulykke med farleg gods er vurdert som mindre sannsynleg, sjå risikomatrise. - Kordinering av samøving med alle involverte partar bør prioriterast. 3.3.3 Togulykke Ei togulykke er mindre sannsynleg enn ei stor vegulykke, men kan skje i veglaust område der adkomst og transport blir vanskeleg. Togpersonalet er opplært i leiing på skadestaden og livreddande behandling. Varsling av uhell vil skje over mobiltelefon eller togradio. NSB la ned si eiga lokale redningsteneste i 1993, og Jernbaneverket er derfor heilt avhengig av beredskapen i lokalsamfunnet til å ta hand om skadde i større ulykker. Beredskap for generelle trafikkulykker/stor bussulykke kan i stor grad også brukast for togulykker. Brannvesenet vantar ein del spesialutstyr til bruk ved togulykke. Jernbaneverket har vogner i Drammen, Oslo og Bergen, men desse er meir tenkt for berging og reparasjon enn for tidleg livreddande hjelp i ein katastrofesituasjon. Det finst trekkaggregat (diesellokomotiv) i området, men der er ikkje beredskap (vakt) utanom lokførars arbeidstid.. Jernbaneverket er innstilt på tettare samarbeid (med utstyr og øving) med politi, brannvesen etc. for å heve beredskapen. Miljøkonsekvensane kan bli store, ved avrenning til elva. Gassulykke kan føre til at farlege situasjonar oppstår. Det har ved fleire høve vore alvorlege nesten ulykker der tankbilar har hamna i eller nær elva. Det same kan skje med farleg gods som blir transportert på jernbanen ved avsporing eller lignende. Sjå elles pkt. 3.4.5 i dette plandok. - Kordinering av samøving med alle involverte partar bør prioriterast. 3.3.4 Tunnellulykke I Gol kommune har vi ingen jernbanetunnellar. Derfor vil kommunens beredskap bestå i å hjelpe til ved ulykker andre stader. Beredskap for generelle trafikkulykker kan truleg også brukast for ulykker i tunnel, med nødvendige tilpasningar. Ei ulykke langt inne i ein tunnel er ei svært krevjande oppgåve. Det er neppe utstyr og kompetanse til å takle slike ulykker i Hallingdal. Statens vegvesen har eigne beredskapsplaner for tunnellulykker. Jernbaneverket har noko beredskapsutstyr.

16 E - CO Vannkraft har nokre røykdykkarar med nødvendig utstyr. Alle bør samordnast tettare med beredskap i politi/brannvesen og kommunane generelt. - Kordinering av samøving med alle involverte partar bør prioriterast. 3.3.5 Flyulykke Ei stor flyulykke er mindre sannsynleg, men kan skje i veglause område slik at adkomst og trafikk blir vanskeleg. Klanten småflyplass på Golsfjellet har gode og tilfredsstillande beredskapsplaner og øvingsrutiner. Den generelle beredskap mot ulykker kan i stor grad nyttast ved flyulykker. 3.3.6 Skiheisulykke Gol Skisenter gjennomfører opplæring og øvingar samt planlegging med tanke på å redusere omfang og konsekvens av ulykke i skiheisen. Kvaliteten på beredskapen synest å vere bra. Det synest ikkje å vere nødvendig med ytterlegare tiltak utover rein ajourføring. - Ajourføring av opplæring og kompetanse. - Ajourføring av vedlikehald og kontroll med anlegget. 3.3.7 Bombetrussel/bombeeksplosjon Bombetrussel kan forekome, bombeeksplosjonar er meir sjeldan, men har skjedd i regionen. Politiet vurderer trusselbiletet og organiserer tiltak. Politiet har innøvde og gode planer, men vil trenge hjelp til evt. evakuering og skadebehandling. Ytterlegare planlegging synest ikkje å vere nødvendig. - Samøvingar er viktig og ønskeleg. 3.3.8 Konklusjonar Beredskapen for ulykker ved transport og trafikk synest å vere god i Gol. Sårbarheten er størst for store vegulykker (bussulykker) med mange alvorlege skader, og dernest ulykker med farleg gods. Beredskapen må dimensjonerast for denne type hending ved vidare planlegging. Ein slik beredskap vil i stor grad vere anvendeleg for andre typer ulykker. Ferietid tyder ofte svakare beredskap, ved at mykje av ressurspersonellet på frivakt er reist ut av regionen på ferie. Koordinering av planer og felles øvingar for ulykker bør prioriterast høgare. Politiet bør ha eit leiaransvar også for øvingar, men kommunen kan kome med innspel og tiltak. Politiet i samarbeid med kommunen bør ta initiativ til denne type øvingar.

17 3.4 Sårbarhet ved brann, helse/miljø, vassforsyning og forureining 3.4.1 Drikkevatn frå Gol vassverk og private anlegg 3.4.1.1 Forureina drikkevatn Hovudvasskjelda i Gol er grunnvassbrunn som ligg nær elv, veg og jernbane. Ulykker med giftig gods kan føre til forurensing av drikkevatn, på same måte som innsig av anna forurensa overvatn også kan øydeleggje drikkevasskvaliteten. Utbetring av terreng og sikring vil kunne hindre at forurensa overflatevatn renn mot inntaket. Røynsler viser at gamle installasjonar rundt drikkevassinntak kan skape forureining. Derfor bør evt. slike underkastast systematisk kartlegging og fjernast. Det er viktig å ha tilgang til reservevasskjelde. Det er vidare krav om avklaring og dokumentasjon i samband med pågåande godkjenning av vassverk etter regelverket. - Helsevesenet bør i sine beredskapsplaner innskjerpe legane si varslingsplikt ved mistanke om sjukdom forårsaka av forurensa drikkevatn - Det bør vurderast i kor stor grad ikkje nedbrytvare giftstoff representerer ein fare for Gol vassverk - Jfr. elles utarbeidd ROS analyse for Gol vassverk. (vedlegg unntatt off. het). 3.4.1.2 Lengre avbrot i drikkevassforsyning Lengre avbrot i drikkevassforsyning, her definert som lenger enn 48 timar, vil føre til store problem for kommunen og samfunnet elles, og mange tiltak må setjast i gang. Eit slikt avbrot er lite sannsynleg. Fulle magasin varer ved normalt forbruk 8 10 timar utan tilsig. Langvarig brot på straumtilførsel til vassverk vil vere eit stort problem, og naudstrøm eller reservekjelde som er uavhengig av pumping bør vurderast, der dette ikkje er gjort. Eit alternativ kan vere å vurdere felles mobilt naudstaumsaggregat. Jfr. utarbeidd ROS analyse for Gol vassverk. 3.4.2 Massesjukdom (dyr og/eller menneske) 3.4.2.1 Munn og klauvsjuke, svinepest, skrapesjuke etc. Det finst gode beredskapsplaner hos dyrehelsetilsyn, meieri og slakteri, og slike sjukdomar er ikkje vurdert som nokon stor fare (?). 3.4.2.2 Smittsomme sjukdomar på menneske Det finst gode beredskapsplaner, og slike sjukdomar er ikkje vurdert som nokon stor fare. 3.4.3 Radioaktivt nedfall

18 Alle kommuner må ha ei overordna kommunal kriseleiing inkludert ein god informasjonsplan. Begge desse tilhøva er på plass i Gol kommune. Ut over dette treng ikkje den enkelte kommune å ha planer for radioaktivt nedfall. Melding om alle nødvendige tiltak vil kome frå sentrale myndigheter i ein krisesituasjon. Det er ingen spesielle forhold i Gol kommune som aukar risikoen. Sauedrift i Gol vil vere sårbart for nedfall. Mattilsynet har nødvendig måleutstyr for å kunne følge opp eit nedfall. 3.4.4 Brann I samtlege Hallingdalskommuner skal det vere utarbeidd ei risikovurdering med formål å avdekke om det er objekt eller område der brann eller ulykke kan føre til større konsekvenser enn det standardkrava i dimensjoneringsforskriftene er meint å skulle handtere. Desse risikovurderingane er grunnlaget for brannordningen i kommunen. Ny brannordning er utarbeidd og vedtatt for samtlege kommuner i 1998/99. Gol og Hemsedal brann og redningsteneste har utarbeidd eigen tiltaksplan for brann i forsamlingslokale/hotell. Samtlege brannobjekt som er vurdert i tiltaksplanen ligg i Hemsedal kommune. Elles er det utarbeidd innsatsplaner og HMS system som omfattar prosedyrer, instruks og oppgåvefordeling. Det er førebels ikkje utarbeidd overordna beredskapsplan. Gol og Hemsedal brann og redningsteneste har utstyr og kompetanse til å handtere dei brannane ein kan forvente skjer i området. - Gjennomføre brannførebyggjande arbeid (el og branntilsyn) - Utarbeide innsatsplanar for samtlege objekt, evakueringsplanar m.v. - Ha eit godt kontroll og vedlikehaldssystem med tanke på å forebygge større brann i kraftanlegg - For å redusere konsekvensar av brann i bygning der dyr er involvert må ein vektlegge forebyggande arbeid, utarbeide beredskapsplanar, drive informasjon, vedta interne vedtekter for driftsbygningar, heve kompetansen i beredskapsstyrken. 3.4.4.1 Skogbrann Ein skogbrann kan vekse til eit omfang som er større enn den kommunale brannberedskapen kan handtere. Det er tilgjengelege reserver i regionen, som FIG gruppa (stasjonert i Gol og Geilo) samt reservestyrke for skogbrann i Gol, Nes og Flå. NSB har dårleg beredskap for brannar forårsaka på grunn av nedbremsing av tunge godstog. I undersøkingar er det elles konkludert med at ein skogbrann med jamne mellomrom er bra for miljøet. - Utarbeide beredskapsplaner, drille skogbrannstyrken - Flyovervaking i perioder med stor skogbrannfare - Planting av lauvskog belter 3.4.4.2 Brann i forsamlingshus

19 Slike brannar vil i dei fleste tilfelle vere i tilknytning til hotelldrift. Gol og Hemsedal brann og redningsteneste har utarbeidd eigen tiltaksplan for brann i forsamlingslokale/hotell. Samtlege brannobjekt som er vurdert i tiltaksplanen ligg i Hemsedal kommune, fordi dette særleg er eit problem som heftar ved fenomenet after ski. 3.4.4.3 Brann i kraftanlegg Slike brannar er svært sjeldne, men vil kunne få store konsekvensar. Innsatsen vil vere vanskeleg, og truleg vil kommunen vere avhengig av ekstern kompetanse. 3.4.4.4 Brann i tunnell Sjå pkt. 3.3.4. 3.4.4.5 Brann i sjukeheim/aldersheim Standarden på Gol helsetun er gjennomgått systematisk i Gol kommune, m.o.t. konstruksjonar, installasjonar, utstyr samt organisasjonsmessige tiltak. 3.4.5 Forurensing frå ulykke med farleg gods Det er utarbeidd ei beredskapsplan mot akutt forurensing i Buskerud samt Svelvik kommune. Beredskapen er organisert som interkommunalt samarbeid der det er utstyr for å handtere akutt forurensing i kvar kommune. I kvar kommune er det vertskommunen som har ekstra utstyr og kompetanse for å handtere forurensing; i Hallingdal er dette Gol. Utstyr kan også rekvirerast frå Drammen og heile UIA`s område. Transport på bil og tog er den største trusselen. Det ligg føre planverk med tanke på handtering av akutt forurensing. - Brann og redningstenesta må kunne handtere ulykker med farleg gods. Det må vere utarbeidd beredskapsplaner - Tilstrekkeleg utstyr 3.4.6 Matforgiftning/matbåren sjukdom Beredskapen i kommunen er tilfredsstillande. Næringsmiddelindustrien har gode produksjonsrutiner, og Mattilsynet har rutiner for å spore opp evt. smittekjelder. Overfylte søppelcontainarar kan representere smittefare via beitedyr og småfugl. Mistanke om matbåren sjukdom i hotell skal alltid rapporterast til Mattilsynet. 3.4.7 Svikt i avløpsanlegg Kan føre til forurensing av vassdrag og setje viktige drikksvasskjelder i fare. Jfr. pkt. 3.2.12. 3.4.8 Konklusjonar - Drikkevatn må sikrast best mogleg mot forurensing med naudstraum og reservevasskjelde

20 - Brann i forsamlingslokale/hotell, systematisk brannsyn, kontroll med antall besøkande - Brannsikkerhet i institusjonar, systematisk brannsyn, opplæring, øving. 3.5 Kommunal kriseleiing 3.5.1 Status quo kva gjeld kriseplanlegging Gol kommune har kommunal kriseleiing, eigen kriseplan, eigen informasjonsplan, plan for evakuering og plan for forpleining. 3.5.2 Plan for rullering Det er viktig at beredskapsplaner rullerast og haldast ajour. Ressurslister bør rullerast minimum ein gong for året. Heile planen bør rullerast ein gong kvart 4. år. Ved viktige endringar bør planen rullerast med ein gong.

21 4. VURDERINGAR, KONKLUSJONAR OG TILRÅINGAR 4.1 Risikomatrise for RS - analyse Konsekvens Sannsynlighet Pårekneleg - 1 år Svært sannsynleg 1 5 år Sannsynleg 5 15 år Mindre sannsynleg 15 50 år Lite sannsynleg 50 år + Ufarleg Liten skade - 1 mill Straumbrot kommunehuset, Telefoni, data Stenging av kommunale vegar Ein viss fare Nokre skadde 1 5 mill Data ute av drift/helsetunet/lege Togavsporing godstog Straumbrot institusj. Frost Jord/steinras Isgang, flaum Uver Tørke Solstorm Matbåren sjukdom Større skogbrann, miljø, økonomi Brann der dyr er inv. Snøskred bygning Ulykke Gol skisenter Flaum 50 år Epidemi dyr, miljø, menneske Farleg godsulykke på veg og jernbane, menneske Kritisk Alvorleg skadde 1 2 døde 5 20 mill Svikt tlf. samband Gol helsetun/legesenter Lengre samanbrot i avløp renseanlegg og avløpsnett Brann hotell og forsamlingslokal Kollisjon tog Bil Ulykke Gol skisenter, menneske Ekstremt snøfall Epidemi dyr, økonomi Farleg godsulykke på veg og jernbane, miljø Isulykke regulerte vatn Jordskjelv Farleg 5 20 alv. skadde Nokre døde 20-100 mill Snøskred med personfare, overvatn, gå gjennom islagd vatn Bussulykke Ulykke med småfly Bombe eksplosjon Radio aktivt nedfall Epidemi, menneske Flaum 200 år Brann i aldersinst. Større brann i kraftanlegg Katastrofal 20+ alv.skadde Mange døde 100+ mill Dambrot Togavsporing persontog Kollisjon tog - tog

22