Møteprotokoll Utval: Kommunestyret Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset Dato: 24.03.2011 Tidspunkt: 18:00 19:40 Følgjande faste medlemmer møtte: Navn Funksjon Representerer Johanne Kathrine Vejrup Medlem AP Halvor Homme Medlem AP Vidar Valle Medlem AP Anne-Nora Oma Dahle Ordførar SP Kari-Anne Nordbø Medlem SP Marianne Bråten Odden Medlem SP Torgunn Hovland Tveit Medlem SP Øyvind Tveit Varaordførar KRF Bjarne Reime Medlem KRF Øyvind Sønderland Medlem KRF Rut Stokstad Nielsen Medlem KRF Carl Erik Winther Larsen Medlem H Frank Edvard Sjøgren Lien Medlem FRP Berit Grønås Medlem FRP Følgjande varamedlemmer møtte: Navn Møtte for Representerer Olav Borstad Astrid Eidem Nordal KRF Kåre Gisle Rønningen Jan Torfinn Solberg AP Per Øyvind Stokstad Geir Christian Enger KRF Følgjande frå administrasjonen møtte: Navn Stilling Sverre Sæter Rådmann Jarle Bruun Olsen Kommunalsjef økonomi Kjersti Vevstad Einingsleiar skule Frå saksnr.: 26/11 Til saksnr.: 28/11
Anne-Nora Oma Dahle ordførarsaksliste Utvalssaksnr Innhald Saker til behandling PS 26/11 Manifest mot mobbing 2011-2014 - Eit forpliktande samarbeid Side 5 for eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø PS 27/11 Skatterekneskapen 2010 - Kontrollrapport Side 15 skatteoppkrevjarfunksjonen. PS 28/11 Referat og drøftingssaker. Side 24
Arkiv: Saksmappe: Sakshandsamar: Dato: 2011/375-2 Anne-Nora Oma Dahle 09.03.2011 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Kommunestyret 26/11 24.03.2011 Manifest mot mobbing 2011-2014 - Eit forpliktande samarbeid for eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø Vedlegg: Manifest mot mobbing 2011 2014 Et forpliktende samarbeid for et godt og inkluderende oppvekst- og læringsmiljø Fakta i saka: Regjeringa, KS, Utdanningsforbundet, Fagforbundet, Norsk Skolelederforbund, Skolenes landsforbund, Foreldreutvalget for grunnopplæringen og Foreldreutvalget for barnehager har undertegnet et nasjonalt manifest mot mobbing (2011-2014). Desse partane har forplikta seg til å arbeide for at alle born og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing. No vert alle kommunane invitert til å bli med på manifestsamarbeidet Manifest mot mobbing (2011-2014) skal bidra til at mobbing settast på den nasjonale agendaen. Det viktigaste arbeidet mot mobbing er jamvel det som skjer lokalt. Styresmaktene skal bistå det lokale arbeidet mellom anna gjennom å sette årleg fokus på områder som er sentrale i arbeidet mot mobbing. Digital mobbing er det første området det skal fokuserast på. Arbeidet mot mobbing krever lokal handling, og må forankrast på lokalt politisk nivå. Ved å signera manifestet vil Nissedal kommune bli ein del av manifestsamarbeidet, og me vil forplikta oss til mellom anna aktivt å arbeida for gode oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing. Kunnskapsministeren oppmodar oss til å gjøre dette til et breitt samarbeidsprosjekt i kommunen, som forankrast hos ordførar og inkluderar relevante lokale partar. Det lokale manifestet skal signerast av ordførar. Vurdering: Ved å slutte seg til Manifest mot mobbing skal Nissedal kommune arbeida for at
barnehagar, skular, fritidsmiljø og andre stadar der born og unge oppheld seg er mobbefrie soner barnehagar og skular jobbar aktivt førebyggande ved å styrke born og unge sin sosiale kompetanse og motarbeidar alle former for mobbing og utestenging leiarar på alle nivå tek ansvar og har nulltoleranse for mobbing alle som har eit ansvar knytta til born og unge sitt oppvekstmiljø samarbeidar systematisk og målretta mot mobbing det finst planar, kompetanse og etablerte rutinar for handtering av mobbing ved skulane våre. For å klare dette vil Nissedal kommune fortsette med det gode førebyggande arbeidet som ein driv med i dag arbeide som ein aktiv deltakar i programmet Zero og tileigne seg den kunnskapen ein får gjennom dette programmet sjå skulesektoren som ei heil, ansvarsfull kjede frå skuleeigar til elev og heim få på plass og etterleve eit system for internkontroll i samsvar med opplæringslova Ordføraren si tilråding: Nissedal sluttar seg til det forpliktande samarbeidet for eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø, og signerar Manifest mot mobbing 2011 2014. Saksprotokoll i Kommunestyret - 24.03.2011 Votering: samrøystes som tilråding. Vedtak Nissedal sluttar seg til det forpliktande samarbeidet for eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø, og signerar Manifest mot mobbing 2011 2014.
Arkiv: Saksmappe: Sakshandsamar: Dato: 203 2011/146-4 Jarle Bruun Olsen 04.03.2011 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Kommunestyret 27/11 24.03.2011 Skatterekneskapen 2010 - Kontrollrapport skatteoppkrevjarfunksjonen. Vedlegg: 1 Årsregnskap - kommune - sammendrag 2 Kontrollrapport 2010 vedrørande skatteoppkreverfunksjonen i Nissedal kommune Fakta i saka: Skatterekneskapen skal gjerast kjent for kommunestyret, men skal ikkje handsamast av kommunestyret. Skatterekneskapen for 2010 vert med dette lagt fram for kommunestyret som ei orienteringssak. Det vert berre lagt fram hovudoversikter for rekneskapen. Valgt år er 2010 og førre år er fylgjelig 2009. Totalt skatte- og avgiftsinngang var i 2010 kr 107.347.864. Kommunen sin del av dette var kr 32.947.495. Dette er summen av skatt på medel/innkome og naturressursskatt i kommunerekneskapen. Dette var ein auke på ca. kr 100.000 i høve til 2009. Det var budsjettert med ein større vekst. Men på bakgrunn av ein reduksjon i inngangen i november (etterskotpliktige), blei anslaget på skatteinngangen nedjustert av kommunestyret i desember. Totale uteståande restansar utgjer pr 31.12.10 kr 8.056.569,- Dette er ein auke i høve til 2009 på om lag 1,3 mill. Skatteetaten har jamleg tilsyn skatteoppkrevjarane (ca. kvart 2. år). Den 20.01.11 blei det gjennomført tilsyn i Nissedal. I brev av 26.01.11, som det blir vist til i rapporten, blir det gitt 7 pålegg til skatteoppkrevjaren i Nissedal. Fleire av desse er av meir formell karakter, og påverkar ikkje direkte utøvinga av skatteoppkrevjarfunksjonen. Alle pålegga vil bli oppfylt og fleire er allereie er oppfylt/lukka. I rapporten av 15.02.10 vert det trekt fram 4 pålegg/avvik. Vurdering: Kommentarar til pålegg/avvik i kontrollrapport for 2010: Ressursar og tilpassa organisering: Etter gjennomført tilsyn i januar er det sendt dispensasjonssøknad i høve til arbeidsdeling ved utbetaling. Denne er søknaden er svara positivt på av Skatt Sør, slik at dette pålegget nå er lukka.
Betalingsavtaler: Ein har i nokre høve inngått betalingsavtaler t.d. munnleg pr. telefon. For å oppfylle Skattedirektoratet sine krav skal alle betalingsavtaler skje på bakgrunn av skriftleg søknad (fortrinnsvis på eige skjema) og svarast på skriftleg. Her vil ein nå endre rutinane, slik at all kommunikasjon skjer skriftleg. Dette vil nok av publikum opplevast som noko meir byråkratisk, men krava er klare og ein vil nå endre praksis. Sikre restansar: Ved inngåing av nedbetalingsavtalar har ein ofte ikkje tatt utleggspant for kravet, så lenge nedbetalingsavtala vert overhaldt. Denne praksis er ikkje i tråd med skatteoppkrevjarinstruksen, som seier at alle krav skal sikrast. Praksis vil bli endra og ein vil framover sikre krava med utleggspant også der det blir inngått betalingsavtaler. Arbeidsgjevarkontroll: Det vert peikt at %-kravet for stadleg kontroll ikkje vart oppfylt i 2010. Denne er ein teneste det var planlagt kjøpt inn frå ekstern aktør. Samarbeidet med valt leverandør av denne tenesta blei avbroten i 2010. Derfor blei, av kapasitetsmessige omsyn, berre gjennomført 1 kontroll i eigen regi. For 2011 er det inngått avtale med ein ny leverandør, slik at kravet for 2011 vert oppfylt. Når det gjeld restansesituasjonen vert dette i rapporten ikkje kommentert, slik at ein legg til grunn at dette kjem inn under dei generelle kommentarane om tilfredstillande kvalitet på arbeidet. Veksten i restansesituasjonen er knytt til ein særskilt situasjon. Dersom ein isolerer denne særskilte situasjonen, så har utviklinga frå 2009 til 2010 vore positiv i høve til restansane. Denne særskilte situasjonen er og bakgrunn for ein vesentlig del av total restansemasse. Samarbeidet med Kviteseid i høve til skatt har nå vore i funksjon i fleire år og erfaringa er utelukkande positiv. I den grad ein skulle vurdere endringar her, ser ein det som mest aktuelt å byggje vidare på samarbeidet som t.d. å overføre også skatteoppkrevjarfunksjonen inn i samarbeidet, slik at heile arbeidsområdet skatt vert lagt til samarbeidet mellom Nissedal og Kviteseid. Men slike vurderingar får ein kome tilbake til ved ei eventuell vurdering av det totale samarbeidet med Kviteseid eller i samband med eit eventuelt framtidig med fleire kommunar kring skatteoppkrevjarfunksjonen. Rådmannen si tilråding: Kommunestyret tek skatterekneskapen for 2010 og kontrollrapport 2010 av 15.02.11 til vitande. Saksprotokoll i Kommunestyret - 24.03.2011 Votering: samrøystes som tilråding. Vedtak Kommunestyret tek skatterekneskapen for 2010 og kontrollrapport 2010 av 15.02.11 til vitande.
Arkiv: Saksmappe: Sakshandsamar: Dato: 033 2011/41-5 Jarle Bruun Olsen 15.03.2011 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Kommunestyret 28/11 24.03.2011 Referat og drøftingssaker. A: Møtebok frå 17.02.11. B: Vest-Telemark Rådet 01.03.11. C: Bomselskapet på E-134 D: Søknad om barnehageplassar i andre kommunar. E: Årsmøte Telemark Mållag 12.03.11. F: Bygdekvinnelaget 60 år. G: Helselaget 80 år. H: Aktuelt frå rådmannen. Rådmannen si tilråding: Referat- og drøftingssaker vert teke til vitande. Saksprotokoll i Kommunestyret - 24.03.2011 Vedtak Referat- og drøftingssaker vert teke til vitande.