Resultat av spørjeundersøkinga «Velkomen til Vik og arbeidsplassar» 2014



Like dokumenter
Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Lønnsundersøkinga for 2014

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

IKT-kompetanse for øvingsskular

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: U01 Arkivsaksnr.: 14/912

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Til deg som bur i fosterheim år

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Innbyggarundersøking i Nordhordland kommunestruktur

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

NAV-kontora i Sogn og Fjordane. - vegen vidare

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Bustadmarknaden i Sogn. Presentasjon for Sogn Regionrådsdag Tirsdag 21.april 2015 Leikanger

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Kompetansebehov Spørjeundersøking blant bedrifter i Hordaland Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Hemsedal KRF Program

Miljøsertifisering av offentlige og private verksemder i Gol kommune Bruk av Miljøfyrtårn som sertifiseringsordning

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

HORDALANDD. Utarbeidd av

Framtidig tilbod av arbeidskraft med vidaregåande utdanning

Oversyn over økonomiplanperioden

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Program for. Sykkylven Venstre

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Rådgiving for berekraftig mjølkeproduksjon

AVTALE MELLOM SPELEREGLAR FOR PROSESS FOR DRIFTSTILPASSING

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

KONTROLLUTVALET FOR MASFJORDEN KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Styresak. Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013

Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins

Sogn lokalmedisinske senter

NAV- tenester over grenser PROSJEKTPLAN EIT ARBEIDSRETTA INTRODUKSJONSPROGRAM

STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF


Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Frå novelle til teikneserie

11 Eg i arbeidslivet

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

F E L L E S I K T - S T R A T E G I K O M M U N A N E F Y R E S D A L, K V I T E S E I D, FOR

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12a

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise

Styresak. Forslag til vedtak. Styret vedtek ombygging av kontorlokala ved Sjukehusapoteket i Bergen.

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Gjeldsbøra i kommunane Møre og Romsdal

DATO: SAKSHANDSAMAR: Hilde Christiansen/Bjørn Ivar Bø Tiltak for å auke utdanningskapasiteten for sjukepleiarar i regionen

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Tertialrapport 2 tertial 2015

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Sandeid skule SFO Årsplan

Endeleg rapport frå tilsyn med Fjell kommune ved Nav Fjell 2013

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Transkript:

Resultat av spørjeundersøkinga «Velkomen til Vik og arbeidsplassar» 2014 Innhold Om undersøkinga og rapporten... 2 Samandrag... 3 Responsen på undersøkinga... 5 Offentlege bedrifter... 5 Private bedrifter... 5 Forventa utvikling i tal arbeidsplassar dei neste åra... 6 Pensjonistar som er forventa skal erstattast... 7 Sysselsette med utanlandsk opphav... 8 Svara på dei 7 spørsmåla... 8 Tiltak... 12

Om undersøkinga og rapporten Våren 2014 vart arbeidsgruppa «Velkomen til Vik og arbeidsplassar» oppretta. I juli 2014 vart ei spørjeundersøking send ut til 79 private og offentlege bedrifter / avdelingar. Svara var mottekne innan utgangen av august. Mandatet til arbeidsgruppa: «Arbeid»-gruppa skal, for åra 2015 2019, lage oversikt over arbeidsmarknaden i kommunen. Arbeidet skal femne om både det private næringsliv og offentlege arbeidsgivarar. Arbeidsgruppa lagar forslag til kva verksemder det skal hentast inn informasjon om og den føretrekte rekkefylja. Det skal samlast inn og gjerast vurdering av informasjon kring: kompetansekrav til tilsette (fagleg / språkleg). utvikling i tal tilsette fordelt på fag/yrkesgrupper tilsette som arbeider i Vik og bur i annan kommune (innpendling) tilsette som er venta å gå ut i pensjon utfordringar i å få tak i tilsette. Kva bør gjerast? Kva bør kommunen legge til rette for / gjere for at verksemda skal utvikle seg? Interesse for å utvikle verksemda gjennom «Program for småbedrifter» og på den måten skape nye arbeidsplassar? Til lengre fram i tid ein skal sjå til meir usikker blir informasjonen. Arbeidsgruppa har difor avgrensa tidsperioden for undersøkinga til 2017 i staden for 2019 slik mandatet sa. Ein planlegg i staden årlege oppdateringar for å ha meir realistiske opplysningar å vurdere ut frå. Rapporten er ei oppsummering av dei innkomne svara. Ein har prøvd å unngå referansar til kven som har svara kva. Dei innkomne svara blir tekne vare på. Svara kan nyttast i vidare arbeidet det det fell naturleg / hensiktsmessig. Planen er å halde informasjonen oppdatert i åra framover ved å hente inn oppdatert informasjon kvart år. Rapporten vil bli distribuert til politikarane og næringslivet i kommunen. Rapporten vil bli gjort tilgjengeleg via Vik kommune si heimeside. Ved årsskiftet 2013/2014 hadde kommunen 2688 innbyggarar. Av desse var totalt 1456 sysselsette. Det var ei netto utpendling på 155, slik at 1301 sysselsette av dei som bur i kommunen har sitt arbeid her. Talet 1301 blir nytta som grunnlagt for utrekningar i denne rapporten. Rapporten er handsama i arbeidsgruppa som har bestått av Odd Rune Turvoll, Lin Marie Vikøren, Loek Laumans og Anne Grethe Tveit. Styringsgruppa for «Velkomen til Vik» har og hatt rapporten til handsaming før utsending. Side 2

Samandrag Undersøkinga tek for seg perioden 2014-2017. Omgrepet periode i denne rapporten betyr difor 2014-2017. Samandraget nedanfor tek utgangspunkt i svarprosenten på om lag 59%. Trongen for nye arbeidsplassar og nye arbeidstakarar for å erstatte dei som går ut i pensjon er stor. Det gjeld både for å behalde tal arbeidsplassar vi har no og ikkje minst nye arbeidsplassar som må skapast for å erstatte som forsvinn samt for å auke folketalet til 2800 innan 2024. Vi har og drista oss til å vise kva tal størrelsane hadde blitt viss dei resterande 41% hadde svara det same som dei som har svara. Sjå tabellen Tal størrelsar 1. Talmaterialet i undersøkinga må tolkast som indikasjonar. Ordet forventa er nytta for å indikere dette. Nye arbeidsplassar: Forventningane frå arbeidsgivarane er at dei vil trenge 49 nye arbeidstakarar fordi ein ventar auka aktivitet. Den forventa utvidinga av Vik fengsel utgjer åleine 23 av desse nye arbeidsplassane. Om den forventa utvidinga ikkje blir realisert vil behovet for nye arbeidstakarar bli redusert tilsvarande medan tal innbyggarar blir om lag 35 færre. Behovet for nye arbeidstakarar er ganske likt fordelt mellom private og offentlege arbeidsgivarar (viss Vik fengsel blir utvida). Nye pensjonistar som skal erstattast Om lag 40 av dei som er venta å pensjonere seg i perioden skal erstattast med nye arbeidstakarar. Dette fordelar seg med 35 i offentlege bedrifter og 5 i private bedrifter. Forventa trong for nye arbeidstakarar i perioden summerer seg då til 87. Dette betyr at vi treng om lag 89 nye arbeidstakarar i perioden. Dette betyr ein auke på om lag 134 innbyggarar viss alle nye arbeidstakarar blir tilflyttarar. Om Vik fengsel ikkje blir utvida i perioden er likevel forventningane at det trengst om lag 66 nye arbeidstakarar, noko som kan bety om lag 100 nye innbyggarar viss alle nye arbeidstakarar blir tilflyttarar. Side 3

Tal størrelsar 1 Forventa nye stillingar Ut frå mottekne svar Pensj. planlagt erstatta = nye innbygg. (Sum x 1,5) Forventa nye stillingar Viss 100% hadde svara(*) Pensj. planlagt erstatta = nye innbygg. (Sum x 1,5) Sum Sum 2014 4 4 6 6 6 9 2015 15 8 23 35 25 13 38 57 2016 30 13 43 65 41 22 63 95 2017 4 15 19 29 6 25 31 47 2014-2017: 49 40 89 134 72 66 138 207 Utan utviding av Vik fengsel -23 0-23 -35-23 0-23 -35 2014-2017: 26 40 66 99 49 66 115 173 Svara på dei 7 spørsmåla er forsøkt samanfatta på ein måte som ikkje viser kven som har svara kva. Konsekvensen av kommunereforma er ikkje vektlagt her både fordi ein ikkje kjenner konksekvensane og fordi ein eventuell effekt av reforma er venta først etter perioden for denne rapporten. Side 4

Responsen på undersøkinga Responsen, målt i tal sysselsette, utgjer 58,8% av dei som bur og arbeider i kommunen. Det hadde vore ynskjeleg at fleire sentrale bedrifter hadde svara. Spesielt gjeld dette Bygg og Anlegg sektoren. I alt 80 bedrifter / avdelingar vart spurt om å delta i undersøkinga. Dei 41 bedriftene / avdelingane som svara representerer om lag 765 sysselsette. Offentlege bedrifter 11 offentlege bedrifter / avdelingar svara på undersøkinga. Desse 11 representerer 345 sysselsette og dermed 26,5% av alle sysselsette som bur og arbeider i kommunen. Private bedrifter 30 private bedrifter svara på undersøkinga. Desse representerer 420 sysselsette og dermed 32,3% av alle sysselsette som bur og arbeider i kommunen. Desse har svara på undersøkinga: A-K MASKINER AS AVD VIK I SOGN ARKITEKTFIRMA JON VIKØREN AS ARKITEKTKONTORET ANDERS OG OLAV VIKØREN AS BARN - NETT AS BYSTØL AS CHARTER CRUISE AS COOP EXTRA / BYGGMIX FRESVIK PRODUKT AS GEIR OVE HOLEN AS HAGEBUTIKKEN AS HIGHSOFT AS HOLMBERG AS HOVE ELEKTRO AS KAFÈ ØYRI AS LINN BAD AS MONICASALONGEN AS REIN TRIVSEL AS SIRI BØTHUN NATURFORVALTNING SOGN BYGG OG MONTASJE AS SOGNABÆR AS SOGNEKRAFT AS STATKRAFT STOKKEBØ MASKIN AS TINE AS, Vik Meieri TISTELS AUTO Ivar Tistel VIK ELEKTRO VIK FARGEHANDEL AS Vik Fellesråd Vik Fengsel VIK IT PARTNAR AS Vik kommune, Helse Vik kommune, IKT og tenestetorg Vik kommune, NAV Vik kommune, Pleie og omsorg Vik kommune, Oppvekst Vik kommune, Kommunalteknisk eining VIK LENSMANNSKONTOR VIK REKNESKAP AS VIK ØRSTA ØKONOR SOGN / VIK KONTORTENESTE AS Side 5

Forventa utvikling i tal arbeidsplassar dei neste åra I oversikta nedanfor kan ein få eit bilete av kva type stillingar arbeidsgivarane forventar å tilsetje og kva type stillingar det kan bli reduksjonar i. Nettoeffekten i tal sysselsette blir og vist. I 2015: Private bedrifter forventar å tilsetje 4 personar på sal / marknadsføring, 3 personar innan administrasjon, 2 montørar, 1 bas/formann, 1 teknisk, 1elektrikar og 2 operatørar (i alt 14 stillingar). Ein forventar bortfall av 1 operatørstilling. Netto effekten blir då 13 fleire sysselsette. Offentlege bedrifter forventar å tilsetje 2 fengselsbetjentar, 1 økonomimedarbeidar, 1 energimontør / måleteknikar (i alt 4 stillingar). Ein forventar bortfall av 1 driftsstilling og 1 diakonstilling (i alt 2 stillingar). Netto effekten blir då 2 fleire sysselsette. Sum for 2015 er ein forventa auke på 15 sysselsette. I 2016: Private bedrifter forventar å tilsetje 2 programmerarar, 1 sal / marknadsføring, 1 i administrasjon, 1 i servar-park, 1 ny frisør, 1 ingeniør / sivilingeniør (i alt 7 stillingar). Offentlege bedrifter forventar å tilsetje 14 fengselsbetjentar, 2 førstebetjentar, 1 overbetjent, 2 verksbetjentar, 2 leiargruppe og 2 sosialfag/nav (i alt 23 stillingar). Alle desse stillingane er knytt til fengselet og den planlagde utvidinga der. Ingen har meldt frå om forventa bortfall av stillingar. Netto effekten kan difor bli 23 fleire sysselsette. Sum for 2016 er ein forventa auke på 30 sysselsette. Vik fengsel utgjer 23 av desse 30. I 2017: Private bedrifter forventar å tilsetje 1 frisør, 1 autorisert rekneskapsførar, 1 produksjon / sal og 1 teknisk fagoperatør (i alt 4 stillingar). Ingen har meldt om forventa frå fall av stillingar. Netto effekten blir då 4 fleire sysselsette. Offentlege bedrifter forventar ingen nye tilsette i 2017. Sum for 2017 er ein forventa auke på 4 sysselsette. Side 6

Pensjonistar som er forventa skal erstattast Vurderingane av tal nye pensjonistar er naturleg nok usikre. Tala her er i hovudsak for når dei tilsette fyller 67 år eller annan alder viss stillinga har ein annan standard pensjonsalder. Det er ein generell oppmoding om å stå lengre i arbeid, så tala nytta i denne rapporten må tolkast romsleg. Tal størrelsane gir likevel eit bilete av kor viktig det er å ta omsyn til at mange kjem til å gå ut i pensjon i åra framover. I 2014: Ingen private bedrifter har indikert nye pensjonistar i 2014. Blant offentlege bedrifter er det i alt 4 stillingar som er venta vil gå ut i pensjon; 1 fengselsbetjent og 3 pleiarar. I 2015: Ingen private bedrifter har indikert nye pensjonistar i 2015. Blant offentlege bedrifter er det i alt 8 stillingar som er venta vil gå ut i pensjon; 1 mekanikar, 1 fengselsbetjent, 5 pleiarar og 1 rehabilitering. I 2016: Blant private bedrifter er 1 stilling forventa å vil gå ut i pensjon; 1 arbeidar / operatør. Blant offentlege bedrifter er det i alt 12 stillingar som er venta vil gå ut i pensjon; 1 elektro, 1 ufaglært arbeidar / operatør, 2 rettleiarar, 4 pleiarar, 1 kjøkken, psykiatri og 2 rehabilitering. I 2017: Blant private bedrifter er 3 stillingar forventa vil gå ut i pensjon; 1 arbeidar / operatør, 1 rekneskapsførar / sakshandsamar og 1 butikkmedarbeidar. Blant offentlege bedrifter er det i alt 11 stillingar som er venta vil gå ut i pensjon; 1 politiutdanna, 1 elektro, 1 mekanisk / elektro, 1 brannvernleiar, 6 pleiarar og 1 kjøkken. Side 7

Sysselsette med utanlandsk opphav For åra 2014 til 2017 er tal sysselsette med utanlandsk opphav mellom 173 og 190. Av desse er 123 rapporterte å vere knytte til bærplukking (sesongarbeid). Vi veit det er mange fleire sesongarbeidarar men dette er ikkje rapportert i undersøkinga og difor ikkje teke omsyn til i denne rapporten. Nokre sesongarbeidarar med utanlandsk opphav vel å bli i kommunen utanom sesongen utan å ha arbeidsavtalar som sikrar dei tilstrekkeleg inntekt. Nokre av desse tek jobbar som tilkallingshjelp i forskjellige bedrifter. Jobb som tilkallingshjelp kan føre til at desse får for lita inntekt til å klare seg på eiga inntekt. Dei vil då trenge økonomisk hjelp frå det offentlege. Dette er som oftast personar i den aldersgruppa vi ynskjer skal busetje seg i kommunen. Det kan difor ligge eit potensiale ved både det offentlege og næringane legg meir innsats i inkludering og opplæring for å gjere dei til fast tilsette eller eigne næringsdrivande. Forventa tal fast tilsette i kommunen med utanlandsk opphav : 2015 2016 2017 Privat arbeidsgivar 38 40 42 Offentleg arbeidsgivar 17 20 23 Sum sysselsette 55 60 65 Svara på dei 7 spørsmåla Det er nedanfor forsøkt å summere opp slik at ein ser hovudtrekka i svara til dei enkelte spørsmåla. Spørsmål 1: «Beskriv forventa endringar i kompetansekrava i di bedrift.» [26 svar] Rettleiande tekst til spørsmålet: Forventar du å trenge andre kompetansar i framtida? I tilfelle, kva type kompetansar og frå når tid? For eksempel om de treng ingeniørar, indiker kva utdanningsretning de vil sjå etter. Oppsummering av innkomne svar: Det blir av mange påpeika behov for å auke kompetansen innan eksisterande fagområder i bedrifta. Mange peikar på trongen for betre kunnskapar og kompetanse innan data. Svara tyder på at fleire ser behovet for auka kompetansenivå blant operatørar for å betene moderne datastyrt produksjonsutstyr. Ein motivasjon for dette verkar å vere for å sikre konkurransekrafta samt sikring av kvaliteten i produkt og tenester. Ord / omgrep som er nytta for å beskrive dette er Programmering, Datakompetanse, IT/IKT, CNC, Automasjon. Andre omgrep som er nemnt er endra kompetansekrav / kompetanseområder innan Sal og marknadsføring, Produktutvikling, Prosjektleiing, Jus, Psykologtenester, Aktiv rådgiving innan administrasjon og rekneskap. Side 8

Spørsmål 2: «I kva grad lukkast de i å få tak i nye tilsette? Er det nokre grupper som er vanskeligare enn andre å få tak i? Har du forslag til kva som bør gjerast for å lette rekrutteringsprosessen?» [29 svar] Rettleiande tekst til spørsmålet: Viss det er vanskeleg å få tak i tilsette med rett kvalifikasjon, kva trur du bør gjerast for å få merksemda frå fleire arbeidssøkjarar? Er det etter din erfaring spesielle kvalifikasjonar som er meir vanskeleg å få tak i? Oppsummering av innkomne svar: I kva grad lukkast de i å få tak i nye tilsette? Majoriteten har klart å få tak i nye tilsette men til tider med kompetanse / erfaring som ikkje er ideell / det ein har lyst etter. Er det nokre grupper som er vanskeligare enn andre å få tak i? Det har vore vanskeleg å få tak i folk som er / har vore ettertrakta av oljenæringa. Dette dreier seg spesielt om mekanikarar og ingeniørar. Av kategoriar tilsette som er vanskeleg å få tak i blir nemnt Landbruksmekanikar, Kompetente IT folk, Salssjef, økonomisjef og direktør, Lokale basar, montørar, prosjektleiar, Fagbrev eller høgare utdanning, Erfarne anleggsfolk, Fagutdanna innan pleie og omsorg, Kompetente folk på ingeniørnivå (teknisk og sal) og autoriserte rekneskapsførarar Arbeidarar / operatørar utan spesielle krav om kompetanse lar seg relativt lett rekruttere frå den utanlandske arbeidskrafta som kjem hit i samband med bærplukkinga. Har du forslag til kva som bør gjerast for å lette rekrutteringsprosessen? Forslag til tiltak for å lette rekrutteringsprosessen er ting som å garantere barnehageplassar, meir bustadbygging, bruke Framtidsfylket, annonsere via kommunen si heimeside og møteplass for utflytte vikjer for å møte lokalt næringsliv. Elles blir det påpeikt mogelegheitene for jobb for lokal ungdom på fengselet. Spørsmål 3: «Kva bør kommunen / det offentlege gjere for at bedrifta skal kunne utvikle seg?» [30 svar] Rettleiande tekst til spørsmålet: Er det noko du meiner kommunen / det offentlege bør gjere for at di bedrift skal kunne utvikle seg? Hemmar kommunen / det offentlege ei utvikling av dykkar planar / strategiar? Oppsummering av svara: Tiltak som blir nemnt mest er: handle lokalt for å ta vare på lokale tilbod, arbeide for betre kommunikasjon (ferjene og tunnell gjennom Vikafjellet), legge til rette for og arbeide for utviding av fengselet, ha sentrumsnære tomter, bygge gjennomgangsbustader, oppretthalde barnehage og skule i grendane for å sikre busetjing der, god Internet tilgang i alle grendane, positiv marknadsføring av Vik, opprette fleire praksisplassar i offentlege bedrifter, fortsetje med rask og ryddig sakshandsaming. Side 9

Spørsmål 4: «Ynskjer bedrifta i Program for småbedrifter?» [26 svar] Rettleiande tekst til spørsmålet: Program for småbedrifter er eit program der kommunen finansierer utviklinga av ein fullstendig plan for vidareutvikling av bedrifta. Kommunen finansierer inntil kr 50.000, bedrifta bidreg med inntil kr 50.000 i form av eigen innsats + kr 5000 som skal dekke rådgivars reisekostnadar. Kontakt næringssjef for nærare informasjon viss de er interessert. Oppsummering av innkomne svar: I alt 10 bedrifter svara bekreftande på interesse for å vurdere deltaking i programmet. Av dei 10 er 4 bedrifter tekne opp i programmet. Næringssjefen vil fylje opp dei som har svara positivt (samt andre mogelege deltakarar). Spørsmål 5: «Har bedrifta idear / planar som kan utviklast viss ein får ekstern hjelp?» [24 svar] Rettleiande tekst til spørsmålet: Har bedrifta eller tilsette i bedrifta tankar / idear / planar om vidareutvikling men der ein sjølv ikkje har tid eller manglar kompetanse? Svar Ja viss de vil at næringssjefen kontaktar dykk om dette! Oppsummering av innkomne svar: 9 bedrifter / avdelingar har svara bekreftande på at dei ynskjer å bli kontakta for vidare utgreiing. Næringssjefen vil ta kontakt med desse. Foreløpige behov verkar å vere innan areal / kontor, forretningsutvikling, investeringsstøtte og lærlingordningar. Andre bedrifter / avdelingar har svara tvitydig. Desse vil og bli kontakta for vidare utgreiing / avklaring. Spørsmål 6: «Er de viljuge til å stille opp for å gi språk- og/eller arbeidspraksis?» [28 svar] Rettleiande tekst til spørsmålet: Utanlandske tilflyttarar vil ha trong for å vere saman med andre arbeidstakarar for å lære meir norsk og for å få arbeidspraksis. Slik kan dei utvikle seg til å bli viktige framtidige bidragsytarar til bedriftene. For nokre grupper finnest tilskotsordningar. Svar på om de viljuge til å hjelpe til på dette viktige området! Eit eige notat er vedlagt e-posten som forklarar nærare kva det inneber å ta inn personar på språk- og arbeidspraksis. Oppsummering av innkomne svar: Alt for få bedrifter / avdelingar har svara eintydig positivt «Ja». Dei som er i retning av positive svar har svara i retning av «ta kontakt ved behov så får vi diskutere..». Ein har forståing for at det er utfordrande / belastande å ta på seg rolla med praksisplass, men det må sjåast på som ei investering for framtida for Vik. Det vil vere kritisk for tilflyttarar at vi har tilstrekkeleg mengd praksisplassar å tilby. Utan slike plassar er sjansen stor for at tilflyttarar flyttar frå Vik. Side 10

Ein del bedrifter har svara «Nei». «Velkomen til Vik» kan likevel arbeide for å få nokre av desse til å bidra til å stille med praksisplassar. Spørsmål 7: «Andre kommentarar»[15 svar] Oppsummering av svara: Majoriteten av svara går på viktigheita av god infrastruktur (Vikafjellstunnelen, meir frekvente og regulære ferjeavgangar). Vidare blir påpeikt viktigheita av god norskopplæring for at tilsette skal fungere best mogeleg i jobbane sine. Andre punkt gå på kor viktig det er at ein får til utviding av fengselet for å skape mange nye arbeidsplassar og dermed tilflyttarar. Side 11

Tiltak Som ein konsekvens av tilbakemeldingane i undersøkinga vil prosjektgruppa ha fokus på fyljande tiltak: Tiltak Mål Tidsrom Ansvarleg Nærare kartlegging av kompetanseutviklingsbehov på tvers av næringane. Arbeide fram alternative løysingar slik at næringane får til kompetanseutviklinga. Nytte for eksempel web teknologi til å gjennomføre utviklinga. Kan dette bli ei næring for nokon i Vik? 2015 Næringssjef i samarbeid med VNS. Utgreie alternative kanalar for marknadsføring av ledige stillingar i heile kommunen. Bedriftsutvikling Etablere avtalar om praksisplassar. Årleg oppdatering av spørjeundersøkinga. Avgjere kva kanalar arbeidsgivarane i kommunen bør nytte ved annonsering av ledige stillingar. Kan vi gjere meir gjennom etablerte ordningar i NAV og Framtidsfylket? Gå i dialog med bedrifter som har signalisert at dei ser mogelegheiter for vidare utvikling gjennom ekstern hjelp. Lage avtalar med bedrifter som vil ta inn tilflyttarar eller flyktningar på språkog/eller praksisplassar. Auke svarprosenten ut over 59% som vart oppnådd i 2014. 2015 «Velkomen til Vik» saman med representantar frå VNS. 2015 Næringssjef i samarbeid med den enkelte bedrift. 2015 «Velkomen til Vik» i samarbeid med NAV. 2015 - Næringssjef Odd Rune Turvoll 31.10.2014 Side 12