Vegvisar til Stjernehagen



Like dokumenter
Kva er økologisk matproduksjon?

Minnebok. Minnebok NYNORSK


Hva er økologisk matproduksjon?

Til deg som bur i fosterheim år

Grønnsaker klare til høsting før sommerferien?

mmm...med SMAK på timeplanen

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Grøne punkt. Områdeplan for Knarvik sentrum LINDÅS KOMMUNE. Plan ID Dato: Vedteken av kommunestyret

Frå novelle til teikneserie

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

HAGEBLÅBÆR. Haugaland landbruksrådgjeving

«Aa Poteten er en makeløs Frugt, den står i Tørke, den står i Væte, men vokser» skrev Knut Hamsun i boken Markens grøde.

Klepp kommune Tu skule

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

1 BAKGRUNN 2 GJENNOMFØRING 3 FORSØKSOPPLEGG

Kom skal vi klippe sauen

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar,

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Vi må ta vare på matjorda. Om jordvern og eigedomspolitikk

Samansette tekster og Sjanger og stil

Månadsbrev for Rosa september 2014

Programområde for landbruk - Læreplan i økologisk landbruk 1 og 2 - valgfrie programfag Vg3

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Erfaringar frå økologisk dyrking. Nordre Nes, Gvarv Tone Ness og Mikkel Aanderaa

Ute mat Korleis laga god mat UTE

Livet i jorda. 16.april 2009 Tromsø, Arktisk Landbruk. Reidun Pommeresche Bioforsk Økologisk

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Brukarrettleiing. epolitiker

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

5 Grønsaker, frukt, bær, blomstrar, planteskule og veksthus

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 35 Vakre vekstar. 2t pr. veke i 4 veker

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Forebyggende plantevern. Kari Bysveen, Norsk Landbruksrådgiving Viken På oppdrag fra Foregangsfylket øko grønnsaker

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Ny utdanning i Norge! ARBORIST. Fagskulane i Hordaland. avdeling Hjeltnes

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Ribes. Mette Feten Graneng- rådgiver i hagebruk

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

År Tal born 102 millionar 69 millionar 59 millionar 59 millionar

Kryddertimian (Thymus vulgaris), prøvedyrking

Skolehage. Skolehagens festbord

Sporing og merking. Merking

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

/

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

EGENVURDERINGSSKJEMA FOR LÆREPLAN I ØKOLOGISK LANDBRUK 1 OG ØKOLOGISK LANDBRUK 2 VALFRIE PROGRAMFAG VG3.

Introduksjon til undervisningsmateriellet

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

FRUKT- OG BÆR- BOKA MI

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Gjødselvatning. pr daa:

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Trær, greiner og løv - biologi og bruk

Lærarrettleiing 1. Kornartane

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Beitepussing av setervollar i Oppdal Samandrag

Klima i plasttunnelar ved økologisk dyrking av bringebær

Plassebakken Barnehage

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Økogrønt Felles løft for økt produksjon av økologiske grønnsaker. Thomas Holz Rådgiver/Prosjektleder i økologisk grønnsaksdyrking

Respekt på Rommetveit skule

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Valdres vidaregåande skule

Transkript:

Vegvisar til Stjernehagen Kr 20 VEKSTSKIFTE, FRØAVL, URTER, JORDDEKKE, SKOLEHAGE, VEKSTAR I HAGEN, PLANTEVERN, REISKAP, KOMPOSTERING, GJØDSELKJELDER, VATN OG VATNING, TAUSANS UNIVERS, FRUKTHAGE, LEVANDE JORD, HOTELL TIL INSEKT OG FUGL, PILEGJERDE 1

Teksten i denne vegvisaren er skrevet av Kirsty McKinnon med bidrag frå Susanne Friis Pedersen og Alana Lennon. Oversett til nynorsk av Svein Sæter Layout: Anita Land Fotografer: Kirsty McKinnon, Susanne Friis Pedersen, Anita Land, Reidun Pommeresche, Erling Fløystad, Hanne Iren Dahlen, og Atle Wibe. ISBN: 978-82-8202-011-4 (NORSØK) (c) NORSØK 2

Vegvisar til Stjernehagen Med denne vegvisaren kan du vandre rundt i Stjernehagen og få innføring i praktisk økologisk hagebruk. Dei nummererte postane følgjer ikkje ei bestemt rute, fordi nokre av postane blir flytta frå år til år på grunn av vekstskiftet. Dei kan lesast uavhengig av kvarandre. Ønskjer du meir informasjon om økologisk hagebruk, er det litteratur til sals i resepsjonen. Vegvisaren kan leggast tilbake etter bruk. Ønskjer du å ta den med heim, betaler du 20 kroner i kassen. Vi er glade for frivillige bidrag til drift og utvikling av hagen. Omvising i hagen med guide kan avtalast med resepsjonen. God tur i Stjernehagen! 3

4

1 Stjernehagen Stjernehagen er ein demonstrasjonshage for småhagebrukarar. I hagen får du tips og rettleiing om korleis grønsaker, urter og bær kan dyrkast på ein økologisk forsvarleg måte. Vi ønskjer å gi inspirasjon til bruk av nyttevekstar i hagane, og vise korleis pryd og nytte kan kombinerast. Ein hage vil alltid få eit personleg preg. Stjernehagen er derfor ikkje ein fasit på korleis ein økologisk hage skal formast - den skal vera idébank og inspirasjonskjelde. Vi arbeider heile tida med å utvikle dei økologiske dyrkingsmetodane. Derfor vil du finne ulike utprøvingsfelt i tilknyting til hagen. Stjernehagen er med i eit nettverk av økologiske besøkshagar som er spreidd rundt i landet. Bilete: Eit sjølvlaga xylon. 5

4 1 2 3 Stjernehagen har eit fireårig vekstskifte. 1.år: Belgvekstar som lupin, bønner og kløver, som samlar nitrogen 2.år: Næringskrevjande vekstar, f.eks. purre, selleri, kål 3.år: Mindre krevjande vekstar, f.eks. salat, gulrot, raudbete 4.år: Potet gjerne med innslag av bondebønner og solsikker Fleirårige vekstar, som jordbær og mange av urtene, har sin eigen vekstskifteplan. 6

2 Vekstskifte Vekstskifte betyr at vekstar blir dyrka på ein ny plass, eller skifte, kvart år. Fordelar med vekstskifte er: - Redusert oppformeiring av skadedyr og sjukdommar. 1.år: Belgvekstar som lupin, bønner og kløver, som samlar nitrogen - Planter har ulike eigenskapar, blant anna rotsystem, noko vekstar som følgjer etter kan ha nytte av. Det er vanleg å gruppere vekstar i plantefamiliar, etter kva for krav dei har til næring og type gjødsel. Enkelte vekstar liker godt omdanna kompost, mens andre trivst med fersk gjødsel. Nokre planter gjer næringsstoff tilgjengeleg for andre vekstar. Eksempel: Planter med djupe røter trekkjer opp og gjer næring tilgjengeleg for vekstar med grunt rotsystem. Andre samlar nitrogen frå lufta gjennom eit samspel med bakteriar på røtene. 2.år: Næringskrevjande vekstar, f.eks. purre, selleri, kål 3.år: Mindre krevjande vekstar, f.eks. salat, gulrot, raudbete 4.år: Potet gjerne med innslag av bondebønner og solsikker 7

Purreblomster er fin å tørke til dekorasjonar. 8

3 Frøavl Det er ei spesiell oppleving å følgje heile syklusen til plantene. Som regel opplever vi ikkje blomstrane og frøa til kulturvekstane, fordi dei blir spist før dei går i frø. Mange er velduftande og vakre. Hageeigarar som dyrkar frø av gamle sortar, er med på å oppretthalde eit biologisk mangfald og eit stort sortsmangfald. Driv vi systematisk frøavl, vil vi over tid utvikle stammar som er spesielt tilpassa forholda på staden. Mange sortar er trua. Dei forsvinn frå frølistene, og er umuleg å få tak i. I løpet av kort tid kan verdifullt genetisk materiale vera forsvunne for godt. I Stjernehagen er vekstar med grøne merkeskilt gamle sortar, som ikkje står på offisielle sortslister. Nokre blir tatt vare på gjennom organiserte verneprogram for gamle sortar, og andre er bevart gjennom fleire generasjonar av norske hageeigarar. Frø av to gamle bønnesortar 9

Ringblomst Calendula officinalis Kamille Matricaria recutita Ringblomst Calendula officinalis Timian Thymus vulgaris Purpursolhatt Echinacea pururrea Mauretansk malva Malva sylvestris var. mauretania Hvitløk Allium sativum 10

4 Urter I Stjernehagen finn du urter til krydder, medisin, potpurri eller til plantefarging. Dei latinske namna fortel om eigenskapen eller bruken. Officinale i namnet betyr at planta er medisinsk, står oppført i farmakopéen og blir forhandla av apotek. Mange av plantene i hagen er officinale, for eksempel: agurkurt - Borago officinalis isop - Hyssopus officinalis lavendel - Lavendula officinalis legestokkrose - Althaea officinalis legevendelrot -Valeriana officinalis løpstikke - Levisticum officinale ringblomster - Calendula officinalis Tinctoria i namnet betyr at planta eignar seg til plantefarging. Fargetistel (også kalla safrantistel) gir ein gul farge, og heiter Carthamus tinctorius på latin. Odoratus betyr duftande, søtluktande, og vi finn dette ordet hos: gulaks - Anthoxanthum odoratum myske - Galium odoratum spansk kjørvel - Myrrhis odorata marsfiol - Viola odorata Vulgare betyr vanleg, og er ofte brukt om viltveksande planter som: marikåpe - Alchemilla vulgaris reinfann - Tanacetum vulgare bergmynte - Origanum vulgare løvetann - Taraxacum vulgare Fleire av dei eitt- eller toårige urtene sår seg sjølv, og kjem igjen året etter. Dei kan spreie seg meir enn ønskeleg dersom vi ikkje held dei i sjakk. Eksempel er kongslys, kamille, agurkurt og spansk kjørvel. Rubia tinctoria er det latinske namnet til krapp, som gir ein fin, raud farge. 11

12

5 Jorddekke Eit karakteristisk trekk ved naturen er at bakken er dekt av organisk materiale. I Stjernehagen dekkjer vi jorda med lauv, halm, avlingsrestar eller grasklipp. Dette jorddekket gir næring og vern til jordorganismane. Det betrar jordstrukturen og reduserer faren for at jord går tapt ved erosjon. Vi bruker også veksande planter som jorddekke. Som mellomkultur eller underkultur sår vi ofte eittårigekløverartar som jord-, perser- eller blodkløver. Etter tidlegkulturar, som tidlegpotet og sommarkål, kan det vera lurt å så ein vekst som spirer raskt og dekkjer jorda godt. Honningurt og sennep eignar seg godt til dette, likeins haustkorn og eittårig raigras. I tillegg til å beskytte jorda, fangar desse vekstane opp næringsstoff, og redusere faren for næringstap. 13

14

6 Skolehage I skolehagen blir elevane kjent med eit mangfald av kulturplanter, og følgjer dei frå frøstadiet til plantene er ferdig utvikla for bruk på matfatet, som medisin eller til fiber. Skolehagen er eit unikt «klasserom», som gir elevane impulsar til å bli glad i og respektere alt levande i naturen. Frå mellomkrigstida og fram til 1980-tallet var det mange skolehagar rundt i landet. Undervisning i skolehagane har gjennom åra gitt opplevingar og lærdom som det ikkje hadde vore muleg å formidle i klasserommet. Men trass i dei verdifulle pedagogiske sidene, gikk talet på skolehagar drastisk ned på 1980- og 90-talet. Meir enn nokon gong treng vi gode arenaer for å lære om prosessane i naturen, om kor matvekstar kjem frå og korleis dei ser ut og utviklar seg. Ein skolehage eignar seg godt til tverrfagleg læring, og til å øve og utvikle evne til samarbeid og god arbeidsteknikk. Skolehagen fortener ein renessanse! 15

16

7 Vekstane i hagen I hagen finst eit mangfald av grønsaker, frå dei mest vanlege som gulrot, raudbete, salat og kål, til dei meir uvanlege som jordskokk, pastinakk og svartrot. Av bær finst rips, solbær, stikkelsbær og jordbær, og i frukthagen finst mange ulike eplesortar. Det er spennande å bli kjent med sortsmagfaldet. Ei gulrot er ikkje berre ei gulrot. Jeanette er for eksempel ein tidleg sort med lange, koniske røter, Nantes Duke er robust og gir stor avling, Nantes Fancy er lang, velfarga og kraftig, Minicor er ein svært tidleg sort, London Torg er raudoransje, saftig og eignar seg for lagring, Autumn King er robust og storvaksen, Resistafly er sterk mot gulrotfluge, Beta III har høgare karoteninnhald enn vanleg og Magno er ein kraftigveksande sort med flott farge. Likeins er det med alle dei andre kulturvekstane. Det finst eit mangfald av sortar, med ulike eigenskapar som det er verdt å ta vare på. Mange av artane i hagen er representert ved fleire sortar. 17

Froskedammen i Stjernehagen. 18

8 Plantevern Eit mangfaldig økosystem er det beste plantevernet. Ein hage med et variert plantesamfunn gir rom for forskjellige insekt, i tillegg til insektetande fuglar og pattedyr. Gjer hagen tiltrekkjande for piggsvin ved å legge igjen ein lauv- eller kvisthaug, og for fuglar ved å henge opp fuglekasser. Planter som er tilpassa miljøet og som får rett mengde vatn og næring, vil ha færre problem med sjukdommar og skadegjerarar. Sjukdommar og det vi kallar skadeinsekt og ugras er ein del av naturen. Oppgåva vår er ikkje å bekjempe desse, men å regulere dei. Aktuelle tiltak: Vekstskifte - for å unngå oppformeiring av sjukdommar og skadedyr. Planteekstrakt laga av for eksempel brennesle, kjerringrokk, malurt, løk. Verkar styrkande på plantene, og i nokre tilfelle avskrekkande på insekt. Fiberduk stenger ute flygande skadeinsekt, som gulrotfluge, kålfluge, og kålsommarfugl. Jorddekke hindrar frøugras. Mekanisk og termisk ugrasregulering. Val av sort enkelte sortar er resistente eller sterke mot spesielle sjukdommar eller skadedyr. Fiberduk 19

Hjulhakke Stikkegreip 20

9 Reiskap I Stjernehagen bruker vi reiskapar som behandlar jorda mest muleg skånsamt. I staden for å spa om jorda, bruker vi spadegreip eller eit spesiallaga stikkegreip for å lausne jorda før såing eller planting. Vi stikk greipet ned i jord og beveger det litt fram og tilbake, og på den måten øydelegg vi ikkje den viktige lagdelinga i jorda. Jernriva er ein nyttig reiskap for å lage eit jamt og fint såbed. Hjulhakker finst i fleire utgåver. Dei kan påmonterast forskjellige skjer og tindar, og brukast til ugrasreinsing, jordlausning eller til hypping. Reiskapar til ugrasregulering varierer i storleik og utforming, frå små bøylar som kan manøvrerast tett inntil små planter, til pendelhakka og hjulhakka, som eignar seg for ugrasreinsing mellom planterekkene og i gangane. Er det ønskeleg å bruke motorisert reiskap, for eksempel til å lausne og lufte jorda, er rotorhakke meir skånsam enn jordfres. Jordfres roterer hurtig og har ein tendens til å piske sund strukturen i jorda, mens rotorhakke har lågare rotasjonsfart og ofte ein annan form på knivane. Hjulhakke 21

22

10 Kompostering I naturen blir daudt dyre- og plantemateriale brote ned på jordoverflata. Dette er ikkje like praktisk med alt organisk materiale frå hagen og hushaldet. Derfor er kompostering ei god løysing. Ordet kompost betyr samansetting, eller noko som er samansett. I praksis vil kompostering seie at vi blandar ulike organiske materiale for å få til ei styrt nedbryting og omdanning av materialet, til humus. For å få ei god omsetting i komposten er det viktig at organismane som bryt ned materialet har det bra. I dei store bingane komposterer vi greiner frå bærbuskar, lauv frå parken, grove plantedelar som ikkje eignar seg som jorddekke, ugras og noko plengras. Andre sesongen legg vi på eit lag med jord og dyrkar squash og agurk. I den fletta bingen komposterer vi lauv, som blir til fin såjord etter ca. tre år. Det betyr at det er ei god samansetting av næringsstoff og energirikt materiale, og at det er passe fuktig. Den lukka, isolerte bingen er til matrestar og sjukdomssmitta plantemateriale. 23

Valurt Gjødselvatn 24

11 Gjødselkjelder Gjødslinga i økologisk hagebruk er basert på hus-hage-kretsløp, dvs. at gjødsla kjem frå hushaldet og frå hagen. Aktuelle gjødselkjelder er Vi blandar det med vatn, 1:1 planterestar, grøngjødsel, til næringskrevjande vekstar gjødselvatn laga av eigna som purre og kål, og omtrent planter, kjøkkenrestar, 1:10-15 til småplanter. Gjødselvatn kan også lagast med grasklipp og oske. Menneskegjødsel kan også vera husdyrgjødsel. Ha gjødsla i ein verdifull ressurs, men er ein nettingsekk i vatnet, det per i dag ikkje tillate brukt i lettar spreiinga. Lét det stå økologisk drift. ca. eit døgn før bruk. Aktuelle gjødselressursar utanfrå er tang og tare, husdyrgjødsel, steinmjøl og diverse handelsprodukt som er godkjent for bruk i økologisk drift. Grasklipp lagt som jorddekke frigjer næringsstoff ganske raskt, spesielt i varmt og fuktig vêr. I plastdunkane har vi laga gjødselvatn av valurt eller brennesle. Dunkane blir fylt med planter, vi har på vatn og rører litt kvar dag. Etter omtrent fjorten dagar er det klart til bruk. Hausting av tang 25

26

12 Vatn og vatning Alt som lever treng vatn. I hagen sett fuglar, froskar og andre dyr pris på ei tilgjengeleg vasskjelde. Plantene må ha tilgang på vatn i mengder som er tilpassa planteslag og utviklingstrinn. Både for mykje og for lite vatn er uheldig. Vassmangel kan blant anna føre til at planta blir stressa og går i frø for tidleg. For mykje vatn kan føre til at røter dør på grunn av oksygenmangel, eller at røtene blir meir mottakelege for sjukdommar. Vått miljø stimulerer også sniglar. Hagevekstar treng ikkje drikkevasskvalitet. Regnvatn er ofte det beste, spesielt dersom drikkevatnet er klora. Regnvatn kan samlast frå tak via takrenner og nedløpsrør, og samlast i vasstønner, tankar eller dammar. Vatningsreglar: - Best å vatne tidleg på morgonen. - Blaut jorda godt. - Rotbløyte (ca. 10 l/m2) frå tid til anna, framfor vatning lite og ofte. - Jorddekking reduserer fordamping, og det blir mindre behov for vatning. - Vatn direkte på jorda, ikkje på plantene. - Bruk hageslange framfor spreiar. 27

28

13 Tausans Univers Dette huset har ei spesiell historie. For vel 350 år sidan vart det bygd eit stjerneobservatorium omtrent der huset står i dag. Det var presten Hans Nilsen Tausan som bygde det. Han vart tilsett som kapellan på Tingvoll frå 1650. Sidan vart han både sokneprest og prost. I Tingvoll kyrkje, ved døra til våpenhuset, finn du eit portrettmaleri av han.tausan var ein mann som sette spor etter seg i Tingvoll. Ikkje berre bygde han eit observatorium. Han fekk også i gang saltproduksjon ved husmannsplassen Saltkjelen, han starta eit teglsteinsverk og han dreiv gard. Tausan var ein lærd mann, med stor kunnskap om både planter og planetar. Vi har tatt opp ein gammal tradisjon ved å byggje dette huset. Inne i huset står ein stjernekikkert som er muleg å låne. Ta kontakt dersom du er interessert. Bioforsk Økologisk er eit forskingssenter som forvaltar kunnskap om økologisk landbruk. Verksemda vår og gardsdrifta fører gründerverksemda til Tausan vidare. 29

30

14 Frukthage Frukttre skal vekse på same stad i mange år. For at dei skal trivast, er det nødvendig å planlegge godt før planting. Finn ein solrik plass med le, og ver nøye med val av sortar og grunnstamme. Det varierer kor mottakelege sortane er for sopp og sjukdom. Til økologisk dyrking må ein velje sterke, sunne sortar, som må passe til klimaet. Grunnstammane, som frukttrea er poda på, betyr også noko for kor hardføre trea er, og dei har eigenskapar som bestemmer korleis treet veks og kor stort det blir. Her er det planta forskjellige eplesortar. Eple er ofte avhengig av andre sortar for å få god bestøving, sjekk derfor kva for sortar som passar saman. Andre fordelar er at sortane modnar til forskjellig tid og er eigna til ulike formål, som å eta rå, til most eller matlaging. Frukttre kan plantast som espalier oppetter ein vegg eller langs eit gjerde, eller dei kan stå fritt, som her. Rundt trestammane bør ein halde det reint for (u)gras. Blomsterløk kan med fordel settast under trea. Dei vil tiltrekkje bestøvande insekt tidleg i sesongen. Her finst også eit kirsebærtre av sorten Dønnisens Gul. Den gule fargen er lite attraktiv for fuglar, noko som igjen er ein fordel for oss. Plommetreet er av sorten Jubileum, ein ny, svensk sort som har vist seg å vera hardfør og gi stor avling. 31

32

15 Levande jord I jorda myldrar det av organismar i ulike storleikar, alt frå dei mikroskopiske bakteriane, algane og soppane, til dei større dyra som meitemark og midd. Viktige oppgåver for livet i jorda er omdanning av dødt plantemateriale, sirkulering av næring og fysisk stabilisering av jordpartiklar. Utan levande organismar i jorda ville planterestar og avføring frå dyr hope seg opp. Sopp og bakteriar er, saman med meitemark, dei viktigaste nedbrytarane. Dei omdannar organisk materiale til jord og næring. Spretthalar èt også dødt plantemateriale, i tillegg til algar og sopphyfar. Namnet har spretthalane etter ein hoppegaffel på bakkroppen. Tunnelane til meitemarken er attraktive for planterøter og andre jordlevande organismar. Luft og vatn blir lettare tilgjengeleg, og veggene er tapetsert med næringsrike stoff. Edderkoppar er rovdyr, som blant anna et bladlus og andre smådyr som gjer skade på planter. I jorda finst også egg, pupper og larver frå insekt, som seinare i livssyklusen lever oppå bakken eller som flygande insekt, for eksempel biller, sommarfuglar, mygg eller fluger. Kompost med kompostmark. Av midd finst det fleire artar, nokre èt døde planterestar, nokre er rovdyr og nokre syg Spretthaler er ein gruppe små dyr som er er viktige omdannere og nedbrytere av dødt plantemateriale og bidreg til sirkulering av næringsstoffer. 33

Gullauge har bladlus på menyen. Egga til gullauge står på stilkar under blada. Gullaugehotell. Flaggermusboks. Fuglebrett Saksedyrhotell. 34

16 Hotell til insekt og fuglar I frukthagen er det sett opp buplassar til utvalte insekt og fugleartar. Slik tilrettelegging kan bidra til regulering av insekt som gjer skade på frukt og frukttre. Bladlus kan bli ei plage i frukthagen. Eit av rovinsekta som èt bladlus er saksedyr, som jaktar om natta. For at saksedyra skal bli ved frukttrea er det hengt opp eit hotell til dei, der dei kan bu om dagen. Gullauge er eit anna insekt som har bladlus på menyen. Larvene deira lever av bladlus, og dei kan godt eta 20-100 stykk på eit døgn. Derfor kaller vi dei bladlusløvar. Egga til gullauge står på stilkar, og du finn dei under blada. Mange gullauge dør i løpet av vinteren. Derfor har dei fått eit varmt, raudt hotell å overvintre i slik at fleire overlevar. Den raude fargen tiltrekkjer dei. Flaggermus er også ein stor insekteter. På ei natt kan flaggermus ta 2000 insektar. Flaggermus trekker ofte lengre bort om vinteren. Her i frukthagen har vi satt opp eit sommerhus til flaggemus. For å tiltrekke fugler til hagen er det satt opp fuglekasser. Særleg meiser og fluesnappere er til nytte i en frukthage. Fuglene fôres også gjennom vinteren. På www.agropub.no finn ein oppskrift på koleis ein kan bygge nyttedyrhoteller. 35

36

17 Levande gjerde av pil Eit levande gjerde av pil med bua portalar er planta rundt skolehagen, som ei vakker grense mellom den og resten av Stjernehagen. Det er fleire fordelar med eit levande pilegjerde, i tillegg til at det er vakkert. Pilegjerdet fornyar seg sjølv når det veks ut nye skot. Dei nye skota kan brukast til å styrke eller utbetre konstruksjonen, eller til å gi den nye former. Eventuelt avskjer som ikkje blir brukt til planting, kan tørkast og brukast til fletting av korger, eller hakkast opp og brukast i kompost eller som jorddekke. Vekstar i pilefamilien veks raskt, dei er sterke og fleksible, og eignar seg derfor godt til denne bruken. I skolehagen har vi brukt forskjellige sortar med ulike kvalitetar, som farge og lukt. Gjerdet rundt skolehagen er vevd diagonalt, ein metode kjent som belgisk gjerde. Etter fleire års vekst vil stammane naturleg pode seg saman i kryssingspunkta, og danne ein enda sterkare konstruksjon. Skota kan skjerast eller vevast inn i gjerdet, etter eige ønske. 37

Eigne notater: 38

39

Bioforsk Økologisk Bioforsk Økologisk er eit nasjonalt kompetansesenter innan økologisk landbruk. Den viktigaste oppgåva til Bioforsk Økologisk er forskning og utvikling av økologisk landbruk. Hagen er open alle dagar, fjøset og Tingvoll sol- og bioenergisenter etter avtale. Omvisninger og guiding kan bestilles, tlf. 452 30 200 eller okologisk@bioforsk.no Arrangement vert annonsert i lokale medier og på www.agropub.no www.bioforsk.no/okologisk,www.sologbio.no og www.skolehagen.no ISBN: 978-82-8202-011-4 (NORSØK) 40