Planprogram for revisjon av Kommuneplan 2007 2019 Innhald: Bakgrunn s. 2 Rammer og premisser s. 2 Planprosess og medverknad s. 3 Vedlegg. s. 5 9.1.
Bakgrunn: Gjeldande Kommuneplan 2007-2019 blei vedteke 29. mai 2008. Sidan den gong har kommunen hausta erfaringar som tilseier at ein bør gjennomføre ein delvis revisjon av kommuneplanen. Revisjonen er nedfelt i kommunal planstrategi 2012-2015. Samfunnsdelen skal gjennom ei mindre endring, medan arealdelen nærmast skal gjennom ei statusoppdatering med enkelte presiseringar og endringar. Kommuneplanen er styrande for all planlegging innanfor kommunen. Formålet med kommuneplanen er å skape langsiktigheit i planlegginga. Kommuneplanens samfunnsdel skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar, medan kommuneplanens arealdel er eit juridisk bindande kart som viser nåverande og framtidig arealbruk i heile kommunen. Rammer og premisser: Utredningskrav planprogram: Etter plan- og bygningslova (pbl) 4-1. jf. 11-13 skal det utarbeidast planprogram for kommuneplaner. Som ledd i varsling av planarbeidet blir det utarbeidd eit planprogram som grunnlag for planarbeidet. Planprogrammet skal syne kva for tema og område planen skal omfatte, aktuelle problemstillingar, kva for utredningar som er nødvendige å gjennomføre, opplegg for medverknad samt planprosessen med fristar og deltakarar. Forslaget til planprogram skal ut på høring i minimum 6 veker før det kan fastsettast av kommunen. Planprogrammet bør vere tilpassa omfanget og nivået på planarbeidet. Då det ikkje skal leggast inn nye byggeområder i arealdelen, føreset kommunen at det ikkje er nødvendig å gjennomføre konsekvensutgreiingar etter pbl 4-2 og heller ikkje ROS-analyse etter pbl 4-3 for noen av revisjonsområda. Revisjon av samfunnsdelen: Målstyringskartet må korrespondere betre med gjeldande organisering og det må vere mindre statisk. For å oppnå dette må målstyringskarta korrespondere med gjeldande organisering og måleindikatorar og målemetodar i dei balanserte målstyringskarta må bli gjennomgått. Ambisjonsnivå / resultatnivå må bli flytta frå kommuneplanen til økonomiplanen, slik at ambisjonsnivået kan justerast årleg. Kommunen vedtok i 2013 Plan for utvikling av folkehelse og levekår i Åmli for perioden 2012 2016. Mål og strategier i planen bør innarbeides i revidert kommuneplan En del av Statistikken i kapittel 2 Korleis har vi det i gjeldende kommuneplan er gammel og må oppdateres. Revisjon av arealdelen: Revisjonen skal omfatte følgjande punkter: Revidere føresegn og retningsliner samt føringar for utbyggingsavtaler for fritidsbustader. Fastsette retningsliner og føresegn til omsynssoner som i dag ligg som retningsliner i Heiplanen. Legge inn faktiske endringar (etter vedtak) i arealbruken sidan sist revisjon. Gå gjennom tekstdelen slik at den er i tråd med dei vedtak, avgjersler og avtaler som er gjort sidan sist revisjon. Rette opp logiske feil og manglar i tekst, tabellar og plankart. Forslag til planprogram for revidering av Kommuneplan 2007-2019 Vår ref.: 2013/720-2 Side 2 av 5
Legge inn dei områda som i dag ligg inne som moglege byggeområde for fritidsbustader / alpinanlegg i arealdelen og der forholdet til villreinen er avklart gjennom Heiplanen. Dette gjelder områda Berghei (F13, I4) og Dale Aust (F31, F32) Sjå vedlagt kartutsnitt. Legge inn alle områder som potensielt kan være utsett for flom- og skredfare i kommuneplankartet som omsynssone Fareområde jfr. plan- og bygningsloven 11 8 a. Det skal også knyttes føresegn til omsynssonene med krav om nærmere kartlegging av faren i alle plan- og byggesaker (kulepunkt lagt inn etter høyringsinnspel frå NVE). Legge inn omsynssone rundt alle middelalderske kirkesteder i kommunen (kulepunkt lagt inn etter høyringsinnspel frå Riksantikvaren). Revisjonen vil ikkje opne opp for innspel til nye byggeområder. Planprosess og medverknad: Organisering: Planutvalet er arbeidsgruppa for planarbeidet og rapporterer til Kommunestyret som er styringsgruppe. Samfunnsdelen blir revidert av sentraladministrasjonen, medan arealdelen blir revidert av Plan- og næringsavdelinga. Rådmannen har det overordna koordineringsansvaret for revisjonen. Prosess og medverknad: Melding om planoppstart skjer samtidig med at planprogrammet blir sendt på høyring og lagt ut til offentlig ettersyn (min 6 veker). Kommunen skal på bakgrunn av dei uttaler som kjem inn, fastsette eit endelig program for planarbeidet. Det skal gjerast greie for innkomne uttalar og vise korleis desse er vurdert og ivareteke i programmet. Det vil ikkje bli gjennomført folkemøte(r) i samband med høyringa da innhaldet i revisjonen har vore kjent for aktuelle høyringspartar gjennom arbeidet med kommunal planstrategi som blei gjennomført hausten 2012. Det kan bli aktuelt å opprette dialog med statlege og regionale styresmakter for å avklare ulike tilhøve undervegs i planprosessen. Forslag til planprogram for revidering av Kommuneplan 2007-2019 Vår ref.: 2013/720-2 Side 3 av 5
Framdrift Forenkla framdriftsplan for revisjonen av kommuneplanen: Arbeidsoppgåver (fasar) Ansvarlig Frist Behandling Melding om planoppstart samt vedtak om å sende planprogrammet ut på høyring og offentleg ettersyn. Høyringsperiode: 21.06.13 02.10.13 Åmli kommune 19. aug. 2013 Planutvalet jf. delegasjonsreglement Fastsette planprogram. Åmli kommune 30. januar Planutvalet Utarbeide forslag til revidert Administrasjonen Februar/mars Saksbehandling kommuneplan Vedtak om å legge planforslag ut på Åmli kommune 24. april Planutvalet høyring og offentlig ettersyn. Høyringsfrist Åmli kommune 6 veker Gjennomarbeide uttalar. Evt justering Administrasjonen Juli/aug./sept. Saksbehandling av plan. Planvedtak Åmli kommune 30. oktober Kommunestyret Kunngjøring av planvedtak Administrasjonen November Ajourført 9.1. Vedlegg: 1. Kart over område Berghei (F13 og I4), målestokk ikkje kjent. Forslag til planprogram for revidering av Kommuneplan 2007-2019 Vår ref.: 2013/720-2 Side 4 av 5
2. Kart over område Dale Aust (F31 og F32), målestokk ikkje kjent. Forslag til planprogram for revidering av Kommuneplan 2007-2019 Vår ref.: 2013/720-2 Side 5 av 5