Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap 24.11.2009 049/09 JATJ Kvam heradsstyre 01.12.2009 105/09 JATJ Avgjerd av: heradsstyret Saksh.: Jan Tjosås Arkiv: N-132 Objekt: Arkivsaknr 08/752 Fykse og Innstranda skule - etterbruk av skulane Ny saksopplysningar finn du lenger bak i saka. Samandrag: Innstranda og Fykse skular er no ledige og det er viktig å avklara vidare bruk av bygningane for at dei skal verta ivaretekne på ein best mogleg måte. Årsmøtet i Innstranda grendahus BA gjorde slikt vedtak 07.03.2006: Innstranda grendahus BA ynskjer å overta tomt, bygningar og evt. inventar vederlagsfritt På Innstranda har Kvam herad ein leigeavtale med Grendahuset som har 12 månaders oppseiing. Fykse skule har vore ledig sidan sommaren 2007 og var siste året nytta av prosjektet Barselgrad. Dei har no flytta ut. Ei nemnd med medlemer frå skyttarlaget, sanitetslaget, grendalaget og grendautvalet har arbeidd med etterbruk av skulen. Dei har fått utarbeidd planar om påbygg på skulen for at dette skal verta samlingspunktet i grenda. Allmøtet i grenda 19.05.08 vedtok samrøystes å kjøpa skulen frå kommunen. Kommunen har og motteke brev frå Vivita og Egils Zaurins om kjøp av skulen til bustadhus. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: 1. Innstranda grendahus BA får overta skulehus og tomt, gnr. 99 bnr. 4, vederlagsfritt 2. Fykse skule, gnr.70 bnr. 23, vert overdregen til Fykse grendalag vederlagsfritt 3. Kostnadane med overdraginga vert betalt av dei respektive partane, Innstranda 4. Kvam herad har ikkje noko ansvar for framtidige manglar ved skulehusa. 5. Ved eventuelt vidaresal av heile eller deler av eigedomane skal det forhandlast om 6. Administrasjonen får fullmakt til å sluttføra forhandlingane.
19.09.2008 Kvam eldreråd Fellesframlegg frå Kvam eldreråd: Som rådmannen sitt framlegg til vedtak med følgjande tillegg i pkt. 1 Ein føresetnad for overføringa må vera at leigeavtalen vert nullstilt. Røysting: Fellesframlegget fekk 6 røyster og vart samrøystes tilrådd. KER-037/08 Tilråding: 1. Innstranda grendahus BA får overta skulehus og tomt, gnr. 99 bnr. 4, vederlagsfritt 2. Fykse skule, gnr.70 bnr. 23, vert overdregen til Fykse grendalag vederlagsfritt 3. Kostnadane med overdraginga vert betalt av dei respektive partane, Innstranda 4. Kvam herad har ikkje noko ansvar for framtidige manglar ved skulehusa. 5. Ved eventuelt vidaresal av heile eller deler av eigedomane skal det forhandlast om 6. Administrasjonen får fullmakt til å sluttføra forhandlingane. Tillegg i pkt. 1 Ein føresetnad for overføringa må vera at leigeavtalen vert nullstilt. 14.10.2008 Kvam heradsstyre Endringsframlegg: Framlegg frå Inga Lill Jensen Tolo, Ap Kvam heradsstyre sender saka tilbake til administrasjonen. Grunn: I samband med ny skulestruktur, vil mange skulebygg etter kvart verta ledige. Me ønskjer at administrasjonen skal utgreie saka på prinsipiell bakgrunn, slik at me sikrar ei likebehandling i avhending av skulane. Slik saka ligg føre i dag, er me redd ho lagar ein presedens som me ikkje veit konsekvensane av. Det vart halde gruppemøte. Røysting: Framlegget frå Inga Lill Jensen Tolo fekk 14 røyster og vart vedteke mot 13 røyster HST-130/08 Vedtak: Kvam heradsstyre sender saka tilbake til administrasjonen. Grunn: I samband med ny skulestruktur, vil mange skulebygg etter kvart verta ledige. Me ønskjer at administrasjonen skal utgreie saka på prinsipiell bakgrunn, slik at me sikrar ei likebehandling i avhending av skulane. Slik saka ligg føre i dag, er me redd ho lagar ein presedens som me ikkje veit konsekvensane av.
23.09.2008 Kvam formannskap Framlegg til vedtak frå Marie Fraas Aksnes, Sp: Som rådmannen sitt framlegg til vedtak. Framlegg til vedtak frå Lars Ragnvald Djupevåg, V: Innstranda skule og Fykse skule vert lagt ut for sal på den opne marknaden. Røysting: Framlegget frå Marie Fraas Aksnes, Sp fekk 7 røyster og vart tilrådd. Desse røysta for framlegget til Marie Fraas Aksnes, Sp: Marie Fraas Aksnes, Sp Arild Berge, DU Harald Kjosås, Krf Oddvar Brakestad, H Grethe Håland Stuve, Sp Astrid Farestveit Selsvold, Ap Even Øyri, Ap Framlegget frå Lars Ragnvald Djupevåg, V fekk 2 røyster. Desse røysta for framlegget frå Lars Ragnvald Djupevåg, V: Lars Ragnvald Djupevåg, V Inga Lill Jensen Tolo, Ap FSK-080/08 Tilråding: 1. Innstranda grendahus BA får overta skulehus og tomt, gnr. 99 bnr. 4, vederlagsfritt 2. Fykse skule, gnr.70 bnr. 23, vert overdregen til Fykse grendalag vederlagsfritt 3. Kostnadane med overdraginga vert betalt av dei respektive partane, Innstranda 4. Kvam herad har ikkje noko ansvar for framtidige manglar ved skulehusa. 5. Ved eventuelt vidaresal av heile eller deler av eigedomane skal det forhandlast om 6. Administrasjonen får fullmakt til å sluttføra forhandlingane. Saksordførar: Marie Fraas Aksnes
Lista inneheld sentrale dokument som det er referert til eller sitert frå i saksframstillinga: JournalID Journaldato Tittel Avsendar 06/7853 10.05.2006 Overtaking av skulehus og tomt, Innstranda grendahus BA Innstranda 08/11903 07.07.2008 Søknad om kjøp av Fykse skule Vivita og Egils Zaurins 08/13377 12.08.2008 Uttale ang. Kjøp av Fykse skule Fykse grendautval 07/590 03.01.2007 Forkjøpsrett ved sal av eigedom til Statsarkivet i Bergen skulehus 08/13190 11.08.2008 Søknad om kjøp av Fykse skule Fykse grendalag 08/15913 01.10.2008 Ad: Sal av Innstranda skule Odd og Torleif Hjartnes 08/19758 08.12.2008 Ynskje om å overta Fykse skule Fykse grendautval For å opne dokument det er referert til i tabellen må du klikke på lenka under her. Skriv så inn JournalID i søkefeltet DokumentID og utfør søket. http://www.kvam.no/innsyn5/wfinnsyn.aspx?response=journalpost_sok&simple=false
Saksopplysningar: Innstranda skule er ikkje i bruk som skule lenger og Innstranda grendahus BA ynskjer å overta skulen. Skulen ligg tett opp til grendahuset og har felles inngjerding og parkering. Skulen ligg og tett på vegen. På Innstranda skule ligg det eit hefte der Oppsitjarane på Hjartnes har forkjøpsrett Det er og ein leigeavtale mellom Kvam herad og Innstranda Grendahus BA om leige av grendahuset til kroppsøvingslokale for skulen. Leigesummen er kr. 10 000.- pr. månad og Kvam herad har oppseiingsfrist på 12 månader. Denne vart ikkje sagt opp i 2007 slik den burde vore. Ein forutsetnad for overføringa av skulehuset må vera at denne vert nullstilt. Fykse skule ligg midt i grenda på Fykse og framfor ligg skuleplassen som er den einast opne plassen på Fykse som kan brukast til balleik og parkering ved større tilskipingar. Det gamle skulehuset ligg på andre sida av vegen og har vore brukt som sløydsal. Vurdering: Innstranda skule ligg heilt opptil grendahuset på Innstranda. Grendahuset er det nyaste samfunnshuset i Kvam og er i svært god stand. At desse husa kan nyttast om einannan vil vera ein ressurs i grenda. Det vil difor ikkje vera naturleg å selja skulen på det opne markedet. Når grenda ynskjer å overta skulen vurderer rådmannen det som mest naturleg at dette skjer og at grenda får overta skulen vederlagsfritt.. På Fykse er det og eit grendahus frå før, samt at sanitetslaget eig bygget som husar barnehagen. Grendahuset ligg trongt til slik til at det er vanskeleg å utvida og finna høvelege parkeringsplasser rundt bygget. Grenda vurderer å selja grendahuset og samla seg om skulebygget som det sentrale bygget i grenda. Det er utarbeidd planar om påbygg på skulen som kan innehalda skytebane, kjøken, garderobe og toalett samt ny sal til erstatning av grendahuset. Kommunen har støtta arbeidet med dei nye planane med kr. 20 000.- Kommunen har og motteke brev frå familien Zaurins som ynskjer å kjøpa skulen med tanke på å bruka den som bustad. Fykse grendautval er bedne om å uttala seg til dette og frårår eit slikt sal med bakgrunn i dei planane grenda har. På Fykse skal det vera eit nytt allmøte i haust der dei skal ta stilling til eit eventuelt sal av grendahuset. Dette kan kanskje vera aktuelt for den aktuelle familien. NYE OPPLYSNINGAR I SAKA Saksutgreiing: Ovannemnde sak vart handsama av Kvam heradsstyre i møte 14.10.2008. Det vart gjort følgjande vedtak i saka. HST-130/08 Vedtak: Kvam heradsstyre sender saka tilbake til administrasjonen. Grunn: I samband med ny skulestruktur, vil mange skulebygg etter kvart verta ledige. Me ønskjer at administrasjonen skal utgreie saka på prinsipiell bakgrunn, slik at me sikrar ei likebehandling i avhending av skulane. Slik saka ligg føre i dag, er me redd ho lagar ein presedens som me ikkje veit konsekvensane av. Vurdering: Det har frå administrasjonen si side aldri vore lagt opp til ei likebehandling av skulane. Tvert i mot bør kvar skule handsamast individuelt etter kva som er Kvam herad og innbyggjarane sine interesser i kvar sak.
På Mundheim vart skulen i februar 2008 seld til høgstbydande etter at grenda hadde fått uttalt seg og heradsstyret gjorde vedtak om sal. Salssummen var om lag kr. 600 000.- Når det gjeld Oma skule har heradsstyret vedteke at den skal utgreiast for eventuell bruk som barnehage. Det er elles næringsinteresser som ynskjer å kjøpa skulen dersom kommunen ikkje sjølv ynskjer å bruka han. Grendautvalet har engasjert seg for å nytta skulen som barnehage. I Strandebarm har administrasjonen gjort eit arbeid for å sjå på skulen som ein ressurs for bustader. Det er laga eit utkast til oppdeling av ungdomsskuledelen til leilegheiter. Det er og sett på bruk av skuleplassen som bustadområde. Ein ny bruk av skuleområde vil styrka Tangerås som sentrumsområde i Strandebarm, men forutset ei anna plassering av grusbanen. Når det gjeld Steinsdalen og Vikøy/Aksnes skule har Kvam Kristne Skule vist interesse for desse bygga. Kommunen kan og ha interesse i å nytta bygga til kontor eller barnehage og det kan vera heilt andre interessentar. Det er framleis usikkert når desse bygga vert ledige. Norheimsund ungdomsskule har ikkje vore arbeidd med ut i frå dei usikre signala om vidare skuledrift. Ved eit sal av Innstranda skule er det kompliserande at Oppsitjarane på Hjartnes har forkjøpsrett på tomta utan bygg. Dei har i brev av 01.10.2008 skrive at dei ikkje vil nytta denne retten dersom skulen vert overført til Innstranda Grendahus, men at dei ynskjer heftet vidareført på ein eventuell ny eigar. Ved eit sal på den opne marknaden stiller dette seg annleis. Fykse Grendautval har i brev 08.12.2008 understreka det initiativ det er i grenda for ein ny bruk av skulen som eit tenleg bygg for grenda. Rådmannen legg fram 2 forslag til vedtak der det eine er som i første handsaming av saka, mens det andre opnar for sal til høgstbydande. ADMINISTRASJONEN - FRAMLEGG TIL VEDTAK: ALT 1. 1. Innstranda grendahus BA får overta skulehus og tomt, gnr. 99 bnr. 4, vederlagsfritt. 2. Fykse skule, gnr.70 bnr. 23, vert overdregen til Fykse grendalag vederlagsfritt. 3. Fykse gamle skule ( Sløyden ), gnr 70 bnr 3, vert overdregen til Fykse grendalag vederlagsfritt. Må grensejusterast for sikring av tilkomst til gnr 70 bnr 18 (gml. skuleplass). 4. Den eldste skuleplassen som ligg til Fykse gml. skule, gnr 70 bnr 18, vert ikkje overdregen, då denne bør sikrast som off. parkering og tilkomst til utmark/friluftsliv. 5. Kostnadane med overdraginga vert betalt av dei respektive partane, Innstranda 6. Kvam herad har ikkje noko ansvar for framtidige manglar ved skulehusa. 7. Ved eventuelt vidaresal av heile eller deler av eigedomane skal det forhandlast om 8. Administrasjonen får fullmakt til å sluttføra forhandlingane. Alt. 2 1. Innstranda og Fykse skule vert lagt ut for sal til høgstbydande. 2. Administrasjonen får fullmakt til å gjennomføra sala.
24.11.2009 Kvam formannskap Framlegg til vedtak Arild Berge: Som rådmannen sitt framlegg til vedtak alt. 1 : 1. Innstranda grendahus BA får overta skulehus og tomt, gnr. 99 bnr. 4, vederlagsfritt. 2. Fykse skule, gnr.70 bnr. 23, vert overdregen til Fykse grendalag vederlagsfritt. 3. Fykse gamle skule ( Sløyden ), gnr 70 bnr 3, vert overdregen til Fykse grendalag vederlagsfritt. Må grensejusterast for sikring av tilkomst til gnr 70 bnr 18 (gml. skuleplass). 4. Den eldste skuleplassen som ligg til Fykse gml. skule, gnr 70 bnr 18, vert ikkje overdregen, då denne bør sikrast som off. parkering og tilkomst til utmark/friluftsliv. 5. Kostnadane med overdraginga vert betalt av dei respektive partane, Innstranda 6. Kvam herad har ikkje noko ansvar for framtidige manglar ved skulehusa. 7. Ved eventuelt vidaresal av heile eller deler av eigedomane skal det forhandlast om 8. Administrasjonen får fullmakt til å sluttføra forhandlingane Framlegg til vedtak Lars Ragnvald Djupevåg, V: Som rådmannen sitt framlegg til vedtak alt 2: 1. Innstranda og Fykse skule vert lagt ut for sal til høgstbydande. 2. Administrasjonen får fullmakt til å gjennomføra sala. Framlegg til vedtak Nils Drage, Ap: Som rådmannen sitt framlegg til vedtak alt. 1 med eit tilleggspunkt nr.9: Andre skulebygg som blir fristilte i andre bygder skal dersom det er interesse for det frå grendalaget tilbys på tilsvarande vilkår. Røysting: Nils Drage sitt framlegg til vedtak alt. Pkt. 9 til rådmannen sitt framlegg til vedtak alt. 1.: fekk 3 røyster og vart difor ikkje vedteke. Desse røysta for framlegget til Nils Drage, Ap: Astrid Farestveit Selsvold, Ap Nils Drage, Ap Even Øyri, Ap Desse røysta mot framlegget til Nils Drage, Ap: Arild Berge, Du Heidi Sandven Botnen, Krf Martin Vik, Sp Lars Ragnvald Djupevåg, V Oddvar Brakestad, H Marie Fraas Aksnes, Sp
Lars Ragnvald Djupevåg, V sitt framlegg til vedtak vart sett opp mot Arild Berge, DU sitt framlegg til vedtak. Lars Ragnvald Djupevåg, V sitt framlegg til vedtak fekk 3 røyster og fall mot 6 røyster. Arild Berge DU sitt framlegg til vedtak fekk 6 røyster og vart dermed vedteke. Desse røysta for framlegget til Lars Ragnvald Djupevåg, V: Lars Ragnvald Djupevåg Nils Drage Astrid Farestveit Selsvold Desse røysta for framlegget til Arild Berge, DU: Even Øyri, Ap Arild Berge, Du Heidi Sandven Botnen, Krf Oddvar Brakestad, H Martin Vik, Sp Marie Fraas Aksnes, Sp Saksordførar: Marie Fraas Aksnes vart valt til saksordførar FSK-049/09 Tilråding: 1. Innstranda grendahus BA får overta skulehus og tomt, gnr. 99 bnr. 4, vederlagsfritt. 2. Fykse skule, gnr.70 bnr. 23, vert overdregen til Fykse grendalag vederlagsfritt. 3. Fykse gamle skule ( Sløyden ), gnr 70 bnr 3, vert overdregen til Fykse grendalag vederlagsfritt. Må grensejusterast for sikring av tilkomst til gnr 70 bnr 18 (gml. skuleplass). 4. Den eldste skuleplassen som ligg til Fykse gml. skule, gnr 70 bnr 18, vert ikkje overdregen, då denne bør sikrast som off. parkering og tilkomst til utmark/friluftsliv. 5. Kostnadane med overdraginga vert betalt av dei respektive partane, Innstranda 6. Kvam herad har ikkje noko ansvar for framtidige manglar ved skulehusa. 7. Ved eventuelt vidaresal av heile eller deler av eigedomane skal det forhandlast om 8. Administrasjonen får fullmakt til å sluttføra forhandlingane Protokolltilførsel Lars Ragnvald Djupevåg, V: Kvam Venstre reagerer sterkt på at rådmannen i si vurdering legg til grunn at det aldri har vore lagt opp til ei likebehandling av skulane. Saka vart utsett for å få ei vurdering på prinsippet om likebehandling. Ein kan ikkje sjå at rådmannen har fylgt opp vedtaket i HST i den framlagde saka.