saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 28.09.2016 102062/2016 Kjersti Hammerbukt Hasselø Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 14.11.2016 Fylkesrådmannens tilråding 15.11.2016 Fylkesutvalet 22.11.2016 Fylkestinget 12.12.2016 Byen som regional motor - økonomiplanperioden 2017-2020 Bakgrunn Møre og Romsdal fylkeskommune har i perioden 2012 2016 gjennomført prosjektet Byen som regional motor (BRM) i samarbeid med kommunane Ålesund, Molde og Kristiansund. Målet har vore å støtte byutviklingstiltak i dei tre største byane for å skape meir attraktive byar og byregionar. Heilt frå starten av har det vore eit mål å få til tett og godt samarbeid mellom dei tre byane i prosjektet, for å utvikle heile Møre og Romsdal. Grunngjevinga for prosjektet har vore at viss Møre og Romsdal skal ta del i veksten i Noreg framover, må fylket både utvikle og trekke til seg fleire kompetansearbeidsplassar og arbeidstakarar. Skal vi lukkast med det må vi stå fram som ein konkurransedyktig region med attraktive byar. Ålesund, Molde og Kristiansund konkurrerer med Oslo, Trondheim, Bergen og Stavanger eller utanlandske storbyar. Ein sterk by er eit regionalt nav, og vekst i eit regionsenter stimulerer også til positiv utvikling i omlandskommunane. Byen som regional motor 2012-2016 Det er laga ei oppsummering av prosjektet Byen som regional motor 2012-2016. Denne er lagt ved saka. Dette er dei viktigaste punkta: Fylkeskommunen tok initiativet til Byen som regional motor, og har hatt leiinga av prosjektet. Bymøtet har vore øvste styringsorgan, der ordførarar og rådmenn i bykommunane og fylkeskommunen møtest saman med representantar frå LO og NHO. Bymøtet har vore ein arena for informasjons- og kunnskapsdeling, samt diskusjonsforum for korleis dei tre byane best kan utvikle attraktivitet og bygge sterke byregionar. Strategisk forankring By- og regionutvikling har vore eit satsingsområde i fylkesplanen 2013-2016. I prosjektperioden har PwC, Gehl og byane ferdigstilt eit felles strateginotat med tittelen: «Tre byar trippel kraft». For at fylkeskommunen skal gi økonomisk støtte til tiltak, skal dei vere forankra i dette strateginotatet og i kommunane sine planar.
Arbeidet blir planlagt og gjennomført i kvar by Kvar by har hatt lokal arbeidsgruppe som har organisert og gjennomført tiltak. Gjennom fellesmøter mellom dei lokale arbeidsgruppene i Ålesund, Molde og Kristiansund har alle fått auka kunnskap om byutvikling. Ekspertar frå PriceWaterhouseCoopers (PwC) og Gehl Architects har vore leigd inn for å styrke fagkompetansen, gi opplæring i metodikk og innspel til heilskaplege løysingar i kvar by. Attraktive bysentra har vore viktigaste innsatsområde Byen som regional motor 2012-2016 har hatt tre satsingsområde: Attraktive bysentra Samferdsel og kollektivsatsing Kompetansemiljø og utdanning I den første femårsperioden har byane vald å prioritere utvikling av attraktive bysentra for å skape meir folkeliv og aktivitet og trekkje fleire til bysentrum. Arkitektur, estetikk, møteplassar og folk sin bruk av byromma har hatt fokus Moderne bysentra har stor fortetting og eit mangfald av bustadar i sentrum, som verkar tiltrekkjande på folk. Det er folk som skaper byliv og gjer byane til eit trekkplaster for både dei som bor i byen og dei som bor i området rundt. Folk må kunne gå, sykle og reise kollektivt i byane og mellom byane og omlandet. Det inneber at også samferdsel og kollektivsatsing har vorte ein viktigare del av arbeidet i Byen som regional motor dei to siste åra. For å drive samanhengande og målretta utviklingsarbeid, har byane jobba mykje med å ferdigstille samfunns- og arealdel av kommuneplanane, i tillegg til sentrumsog områdeplanar. Kvifor satse på byregionane? Bakgrunnen for å sette i gang Byen som regional motor for fem år sidan var at fylkesstatistikken peika på ein del utfordringar vi stod overfor: netto utflytting, kvinneunderskot, aldrande befolkning og fallande fødselstal. Fylkesstatistikken for 2016 viser at vi framleis har dei same utfordringane. Vi har ein flyttelekkasje som gir oss færre folk i reproduktiv alder enn landsgjennomsnittet. Siste tre åra har det vore auke i fødselsoverskotet og det er positivt. Samstundes har Møre og Romsdal også ein høgare andel eldre enn landsgjennomsnittet. Statistikken viser at Møre og Romsdal har lågare folketalsvekst i 2015 enn 2014. Det er grunn til å tru at veksten i 2016 blir enno lågare enn i 2015. Innflyttarar frå utlandet gir fylket eit flytteoverskot, mens innanlands hadde fylket i 2015 eit flyttetap på 987 personar. Mange av desse er ungdom som reiser ut av fylket til storbyane for å ta høgare utdanning og finne seg ein god jobb der. I tillegg har vi utfordringar med tap av arbeidsplassar, ikkje minst innanfor oljerelaterte næringar. Det betyr at det er viktig å vere opptekne av å utvikle både byane og kommunane rundt til å bli meir attraktive for tilflytting og jobbskaping. 2
Spesielt er unge kvinner og menn ei viktig målgruppe for Byen som regional motor å ha fokus på. Denne aldersgruppa veit vi er opptekne av å ha attraktive byar i nærleiken av der dei bur, slik at dei kan få noko av dei same livskvalitetane som storbyane har. Fylkeskommunen bør derfor fortsette å vere ein aktiv utviklingsaktør i by- og regionutviklinga i Møre og Romsdal. Satsinga heng saman med nasjonale reformer og utviklingsprosjekt I løpet av dei fem siste åra har det vore fleire nasjonale program og reformer som har styrka byane sitt arbeid lokalt og påverka den regionale tenkinga. Kommunal og moderniseringsdepartementet ( KMD) starta opp Byregionprogrammet (2015 2018), der både Ålesund, Molde og Kristiansund deltek. Dette programmet har mykje av dei same måla for arbeidet som Byen som regional motor. Så langt ser vi gode synergieffektar av at byane deltek i både Byen som regional motor og Byregionprogrammet. Vi ser også at prosessane rundt kommune- og regionreforma fører til meir samhandling på tvers av kommune- og regiongrenser. Samhandlingsprosessar som handlar om å bygge urbane, attraktive byar og tettstadar vil kunne utvikle sterke kompetansemiljø og skape vekst i næringslivet både i byane og regionane rundt. Vurdering I løpet av prosjektperioden har det vakse fram ei aukande interesse for, og forståing av kor viktig utviklingsretta byar og byregionar er for samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal. Erfaringar frå dei fem første åra i Byen som regional motor viser at byane i aukande grad oppfattar fylkeskommunen som ein viktig samfunnsaktør. På siste Bymøtet i 2016 sa ordførarar og rådmenn i byane at dei var nøgde med måten fylkeskommunen har teke rolla som leiar, prosjekteigar og økonomisk medspelar på. Byane ønska derfor å vidareføre prosjektet i fem år til med same organisering som før. Vi har utvikla eit sterkt og støttande samarbeid mellom Ålesund, Molde og Kristiansund i Byen som regional motor dei siste fem åra, og dette har ført til synergieffektar og læring på tvers av regionane. Satsing på byutvikling i ny 4-årsperiode Mykje av fylkeskommunen si verksemd har påverknad på utviklinga av byane og tettstadane i Møre og Romsdal, og det er eit kontinuerleg samarbeid på mange fagområde. Ved å satse spesielt på by- og byregionutvikling viser vi at vi ønsker å styrke byane sin posisjon i fylket som urbane sentra for å konkurrere med storbyane om næringsutvikling, tilflytting, handel og opplevingar. Møre og Romsdal er det einaste fylket i Noreg som har fått til eit godt samarbeid mellom sine tre største byar, og at alle deltek i eit felles løft for å gjere Ålesund, Molde og Kristiansund meir attraktive. Dette har vorte lagd merke til også nasjonalt. 3
Vi har no ei god organisering av arbeidet, og kan byggje vidare på dei gode erfaringane vi har opparbeidd oss. I tillegg har byane no kome så langt i planlegginga si at alle har større, konkrete prosjekt som er gryteklare. For å gjere det neste, store løftet i arbeidet med by- og regionutvikling i Møre og Romsdal, bør fylkeskommunen vidareføre Byen som regional motor i fem nye år. Alle fagavdelingane i fylkeskommunen deltek i Byen som regional motor, og vi bør halde fram med å bruke fagkompetansen vi har i gjennomføring av dei konkrete tiltaka i byane. Fylkeskommunen må sette av nok økonomiske midlar i takt med byane sine auka ambisjonar. Tilskot frå fylkeskommunen gjer større investeringar mogleg Økonomisk har fylkeskommunen dei siste fem åra støtta tiltak i Ålesund, Molde og Kristiansund med 16 337 265 kroner. Kommunane og eksterne finansørar har lagt inn 51 867 265 kroner til saman. Altså har våre tre største byar gjennomført eller planlagt tiltak for til saman 64 174 530 kroner frå 2012 2016. Byane seier at den økonomiske støtta frå fylkeskommunen er avgjerande viktig for at dei skal kunne leggje inn eigne midlar og søkje andre om støtte lokalt. Satsing på byane konkurrerer ikkje med tiltak i resten av fylket Fylkeskommunen bør sette av midlar til Byen som regional motor for dei komande åra på ramme 60 i Økonomiplanen, for at ikkje arbeidet i BRM skal hindre gjennomføring av andre utviklingstiltak i fylket. På den måten kan dei regionale utviklingsmidlane brukast til nærings- og samfunnsutvikling i resten av fylket. Byutviklingsfond for Ålesund, Molde og Kristiansund 2017 Byane har meldt inn at dei for 2017 til saman sett av 25 millionar kroner til tiltak i Byen som regional motor. Møre og Romsdal fylkeskommune bør derfor sette av tilsvarande beløp på ramme 60 i Økonomplanen for 2017. I tillegg foreslår vi at det blir sett av 1 mill. kroner per år 2017-2020 til drift av prosjektet. Vilkår for tildeling frå Byutviklingsfondet Det er eit viktig prinsipp i regionalt utviklingsarbeid at den som skal ha nytte av prosjektet bidrar med eigeninnsats. Fylkeskommunen sine verkemiddel skal verke utløysande, det vil seie at utviklingsarbeidet ikkje hadde blitt gjennomført utan tilskot. Vi får mest ut av pengane gjennom spleiselag, der kostandar og risiko blir delt mellom ein tydeleg prosjekteigar, fylkeskommunen og andre deltakarar. I fylkeskommunen sitt arbeid med regional utvikling er praksis å tildele inntil 50 prosent tilskot til «mjuke tiltak» som prosessarbeid, kompetanseheving, moglegheitsstudier osv., medan ein kan bidra med inntil 1/3 av godkjend kostnadsoverslag til fysisk infrastruktur. Det er avgjerande at Ålesund, Molde og Kristiansund set av eigne ressursar til arbeid med byutvikling, og vi foreslår difor at denne praksisen for maksimal tilskotsandel blir følgd. 4
Forslag til vedtak: 1. Møre og Romsdal fylkeskommune vidarefører prosjektet Byen som regional motor i Ålesund, Molde og Kristiansund i fem nye år, frå 2017 2020. 2. Det vert i økonomiplanen, ramme 60 sett av 25 mill. kroner i 2017 til Byutviklingsfond for Ålesund, Molde og Kristiansund. 3. Byutviklingsfondet skal forvaltast innanfor rammene av prosjektet Byen som regional motor. Samarbeidsprosjekt mellom kommune, næringsliv og andre aktørar vil bli prioritert 4. Regional- og næringsutvalet gjer vedtak om løyvingar frå fondet. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Bergljot Landstad regional- og næringssjef Vedlegg 1 Byen som regional motor - rapport 2012-2016 5