Brøyteavtale 2013-14 Aukra kommune TILBODSGRUNNLAG BRØYTING RODE 2. Aukra kommune ynskjer tilbod på brøyting og strøing av kommunale veger og plasser. Det er eigen konkurranse for kvar enkelt rode. Tilbydaren kan levere på alle eller på enkeltroder. Tildelingskriterium for kontrakta er det økonomisk mest gunstige tilbod basert på beredskapsprisar og timeprisar. Tilbudd utstyr vil og vere ein del av vurderinga for tildeling av kontrakt. Avvik frå tilbudd utstyr kan vere brudd på kontrakts vilkår og kan føre til diskvalifisering av entrepenør, viss ikkje det kan dokumenterast at utstyret som er brukt er likeverdig med det som er tilbydd. Tilbodet skal bestå av følgjande dokument: 1. Skatteattestar for skatt og meirverdiavgift. 2. Firma attest. 3. Referansar frå tidlegare brøyteoppdrag. 4. HMS-erklæring 5. Beskriving av tilbydd materiell og personell. 6. Eigenerklæring på at bedrifta innehar godkjent HMS-system som tilfredstiller internkontrollforskrifta. 7. Ferdig utfylte og signerte brøyteavtalar, 2 avtalar pr. rode tilbydar ønskjer å gi tilbod på. 8. Liste over tilbudd utstyr. Tilbydarar som ikkje leverer dokumentasjon som førespurt over vil ikkje bli vurdert i konkurransen.
Brøyteavtale Mellom Aukra kommune og Rode nr 2: Aukratun, Furutun, Hjertvikberget, Solem 1 og 2, Guriberget, Småge småbåthavn, Røsøvåg slipp, G/S veg Røssøyvågvegen- Solem skole, Ballplass Solem skole, Hukkelberg-Hjertvik, kvitosten, G/S-veg Flatvoll/Hukkelberget (Aukratun), G/S-veg sentrum/ smågekrysset. Brøytesesong: 2014-17. Det er inngått avtale om brøyting og strøing av kommunale veger og plasser jfr. Oversikt over rodene. Kart over desse ligg ved. Avtalen gjeld for tre- år. Sesongane 2014-17. Strekninga G/S-veg frå Smågekrysset til Solem vil bli lagt inn i denne roda når denne er tatt i bruk. Det vil bli gjort ei direkte forhandling med entreprenør om vintervedlikehald av dette området når dette er ferdig og tatt i bruk. I Aukra kommune gjeld pr. dato følgjande brøyteordningar: A. Generelt. 1. Brøytaren eig og held vedlike naudsynt plog/skjermateriell og utstyr for å strø veg og plassar samt står for innkjøp av naudsynt påriggingsutstyr som plogfeste, hydrauliske løftarar og naudsynt lysutstyr. Dei leverar også rett type strøsand som vert betalt etter forbruk. 2. Pårigging av utstyr må takast med i beredskapspris. 3. Brøytar/eigar ber kostnadar ved brøyteskaderog berging ved utforkøyring. Alle brøyteskader som er forvoldt på eigedom skal utbetrast av entreprenør innan 17. mai same året som skaden er skjedd. 4. a) Brøytar/eigar har ansvar for kva tid det skal brøytast og når det skal strøast. Aukra kommune har eigne vedtekne brøyterutinar som skal følgjast av entreprenøren. Alle vegkryss skal vere frie for laussnø. Snøsørpe skal fjernast slik at ikkje trafikale problem oppstår. Vegar/plassar skal sandstrøast når dette er naudsynt. 4. b) Brøytar legg ved dokumantasjon på kor han startar og avsluttar roden sin. Dette kan etter avtale mellom kommunen og entreprenøren. 5. Vegane skal haldast opne etter brøyterutinane til kommunen. Det er viktig at det blir brøytt i god tid før første ferje avgang. 6. Hovudvegar skal prioriterast før stikkvegar ved ekstraordinert uver. Unntak er
helsesenteret, brann-/ambulansestasjon. Brøyting av skuleplass og kommunale parkeringsplassar vert då teke etter at dette er gjort. Kommunal brøyting skal prioriterast før eventuell brøyting av private vegar. 7. Vegar, vegkryss og plassar skal brøytast med tilfredstillande bredde. Ved moderate snømengder skal det ikkje meir enn at køyreforholda blir ivaretkne ihht. Til pkt. nr 4. a) i avtalen. 8. Kommunen sett opp vegstikker og held desse vedlike under brøytesesongen. 9. brøytesesongen startar 01.11 for hausten og varar til 01.04 for våren. 10. Brøytaren seier seg viljug til å starte 14 dagar tidlegare om hausten og forlenge våren med 14 dagar om veret skulle tilseie dette. Brøytaren vil få betalt i forhold til kor lenge dette skulle vare. 11. Om brøytinga vert hindra av bilar som står parkert skal dette meldast til kommunen. Tre og andre ting fjernast av brøytar. Tette stikkrenner skal det gjevast melding om til kommunen. B. Rodeoversikt Rode: Sjå vedlagt oversikt. C. Faktura og betalingsrutinar 1. Det skal sendast rekning ein gong pr. månad med spesifikasjon for kvar dag- innan midten av etterfølgjande månad. Det skal vere høve til kontroll av teljar. 2. Avtale om brøyting av private roder må ordnast direkte med brøytar. Dette er kommunen uvedkommende. 3. Brøytar må ikkje reise bort utan at han har skaffa seg ein kvalifisert avløysar til å ta over brøytinga ved behov. Om kontaktpersonen tek fri må dette rapporterast til kommunen og ny kontaktperson oppgis. Brøyter påleggjast ein gjennomføringsgaranti ovanfor Aukra kommune for kvar brøytesesong. 4. Faktura for halve beredskapen skal vere sendt kommunen innan 1.nov i året. Den andre halvdelen skal vere sendt til kommunen innan 1. april neste år.
D. Godgjersle. 1. Fast beredskap. Beredskapspris pr. brøytesesong: Kr:.. 2. List opp kva utstyr som brøytaren vil stille med under:
3. Timeprisar. Kr:. Beredskap og timeprisen blir indeksregulert ihht SSB sin lastebilpris indeks i avtale tida med basis 2014. E. Kontaktinformasjon. Namn på firma:.. Namn på kontaktperson:.. Mobil nr til brøytevakt:. F. Signatur. Avtalen er utferdiga i to-2-eksemplar, der partane beheld kvart sitt. Underskrift/Dato:./.. Entreprenør Underskrift/Dato:./.. Aukra kommune