Folkemøte kommunestruktur Røldal 28.april 2016
Nytt inntektssystem april 2016: Kilde; regjeringen.no
Kilde: Kommunal rapport
Økonomiske virkemidler: Kilde; regjeringen.no
Støtte til eingongskostnadar og reformstøtte knytt til samanslåingsprosessen Engongskostnader: Reformtilskot kr. 30 mill kr. 5 mill Basistilskudd 2016. kr. 13,18 mill. * 2 kr. 26,36 mill. Småkommunetilskudd (for Jondal) kr. 5,475 mill. Distriktstilskudd (for Odda) kr. 8,305 mill. Distriktstilskudd (for Ullensvang) kr. 5,851 =Årlig inndelingstilskudd(2016-kroner) kr. 46 mill. 11.01.2016. Håvard Rød FM Hordaland
Kva her skjedd i kommunereformarbeidet i Odda? Initiativ om å reisa debatten på nytt i Hardangerrådet (jan 2013) Vedtak om å ta «nabopraten» Hardangerkommunane gjennom Hardangerrådet (2013-2014) Kvinnherad og Etne (2015) Oppretting av lokal styringsgruppe (Ordførar gruppeleiarar) (feb 2015) Administrative utgreiingar (juni 2015) Odda, Ullensvang og Jondal Odda, Kvam og Jondal Vedtak om å forhandla fram intensjonsavtaler (feb 2016) Val av forhandlingsutval (Ordførar varaordførar ein frå dei andre partia) (feb 2016) Framforhandla to intensjonsavtaler (feb 2016)
Prosess vidare: Informasjonsavis felles for kommunane. Kommunestyremøte 6.april endeleg vedtak. Folkemøte Odda 26.april Folkemøte Røldal 28.april Folkerøysting 23.mai. Vedtak om samanslåing i kommunestyra 8.juni 2016 Nemdsarbeid perioden 2016-2019. Ny kommune 1.januar 2020.
FØLGE MED? www.odda.kommune.no www.kommunereform.no www.nykommune.no www.distriktssenteret.no www.ks.no kommunestruktur http://www.lundogco.no/lvk/ (Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar)
Spørsmålsrunde 2 frå Arbeidsgruppa for kommunestruktur i Røldal Svar frå styringsgruppa Odda kommune
Spørsmål 1. Innbyggjarane i Røldal treng sannsynligvis meir konkret informasjon om driftsnivået utover "ingen endring» om kommunen vil utdjupa dette, og i tillegg kva ein eventuell storkommune ser for seg er likt/forskjellig mellom dei definerte bygdesentra Utne og Røldal anna enn navnet «bygdesenter» i intensjonsavtalen Svar spørsmål 1. Ingen endring er ingen endring. Dersom det skal utdjupast må det i vera at forholdet mellom behov og kommunale tenestetilbod er stabilt over tid. Del 2 av spørsmålet er ein reint hypotetisk. Å svara kva ein «eventuell storkommune ser for seg er likt /forskjellig mellom ei definerte bygdesentra Utne / Røldal» ville i beste fall vera uansvarleg. Det vert vist til ordlyden i Intensjonsavtalen pkt 6.1. der det vert slege fast at «Utne og Røldal skal oppretthalde det desentraliserte tenestetilbodet dei har i dag»
Spørsmål 2: Røldal skule er kommunens einaste barne/ungdomsskule og er dermed ikkje direkte sammenliknbar med dei andre. Om kommunen ser for seg endringar i drifts- og investeringsnivå på Røldal skule bør det belyses no. Svar : Når det gjeld Røldal skule ser ein ikkje for seg endringar av drifts- og investeringsnivå ut over tilpassing til endringar i elevtal. Det er ingen planar /vedtak om å avslutta ungdomssteget i Røldal.
Spørsmål: Haukelitunellen eller Hordalandsdiagonalen: bes bekrefta ordførers uttalingar på folkemøtet i Røldal om at Hordalandsdiagonalen er avgjerande for lang haukelitunell, og at Hordalandsdiagonalen derfor er kommunens prioriterte satsingsområde. Svar; har skapt og innarbeidd omgrepet Hordalandsdiagonalen som eit særnamn på den fysiske løysinga av trafikalt beste kontakten mellom E 134 og E 36 i Hordaland. har ved fleire høve ytt midlar til lobbyarbeid og oppretta og finansiert ( +2 mill.) eit eige interesseselskap for Hordalandsdiagonalen - «Hordalandsdiagonalen as». Om ikkje Hordalandsdiagonalen er avgjerdande for vintersikker veg over Haukeli ( lang tunell i aust), så er den ein svært sterkt medverkande faktor for at heile Haukeliprosjektet ( Røldalstunellane) fysisk vert sett i gang og avslutta innan ei akseptabel tidshorisont. Diagonalen sin store samfunnsmessige nettoverdi kan ikkje understrekast nok.
Hordalandsdiagonalen er difor og nøkkelen for Oddadalen og gode trafikale løysingar både for Røldal sentrum og Odda sentrum. Hordalandsdiagonalen har vore, er og vera skal eit prioritert satsingsområde for
Sentrumsplan, næringsutvikling og større prosjekter. Med henvisning til prosjekt Røldal 2020, intensjonen bak konsesjonsavgiftene og næringsutviklingsbehov ber me om konkret tilbakemelding om: I forbindelse med dei større prosjekta og samfunnsendringa som Røldal står overfor med ny vei, må det konkretiserast: Kor mykje av konsesjonsinntektene frå Røldal (i kroner per år) er kommunen villig til å overføre til Røldal næringsfond i ein omstillingsperiode? Kor lang er denne perioden (i år)? Svar: Dette er ikkje definert og vil truleg heller ikkje bli det før folkerøystinga om kommunesamanslåing / kommunegrenseregulering i vår. Det vert vist til dei formuleringane som er gitt i brev av 11.03.16. Konsesjonskraftinntekter /andre kraftinntekter vil også ha ei etterslep i tid / overgangsordning t.d. ved nye kommunegrenser. Det er ein prosess som går etter inndelingslova.
Punkt 7 Om reiseliv: Dette er, som med fleire andre punkt ekstremt vagt. Kven skal halda Røldalstunellen open? Kva defineres som pilegrimssatsing? Korleis skal kommunen sørge for at kulturidentitet, naturkvaliteter og kulturlandskap ivaretas? Svar : Det opprinnelege spørsmålet var; «Røldal som reisemål: Korleis ser kommunen for seg Røldal som reisemål om 5 og 10 år?» Svaret vårt var «Som eit sentralt reisemål vel integrert i kommunen si satsing på heilårsturisme men med eigen synleg profil, herunder pilegrimssatsing. Tilkomst til Håradalen frå nord må oppretthaldast. Røldal sin særmerkte kulturidentitet og naturkvaliteter er element som må ivaretakast. Kulturlandskapet må ivaretakast»
Utfyllande svar : Vi vil påstå at formuleringane verken er passive eller vage. Å påstå at dei er «ekstremt vage» er faktisk å lesa teksten i svarbrevet med rein vrangvilje. Svaret inneheld normative og aktive målformuleringar som det må gjevast gode og konkrete svar på i tida som kjem (overordna planvedtak, budsjett og økonomiplanvedtak, reguleringsplanvedtak m.v. ) Til det konkrete: Ansvaret for den framtidige Håratunellen ( no Røldalstunellen) er ikkje definert : Statleg fylkeskommune eller kommunal veg? Kommunen har likevel sagt at den må haldast open. Det er verken eit passivt eller vagt standpunkt Ei pilegrimssatsing i Røldal er og fullt mogeleg utan eit pilegrimssenter slik prosjektet i dag er fysisk utforma og prosjektert. Det står ikkje at «kommunen skal sørge for at kulturidentitet, naturkvaliteter og kulturlandskap ivaretas» Det som derimot står er: «Røldal sin særmerkte kulturidentitet og naturkvaliteter er element som må ivaretakast. Kulturlandskapet må ivaretakast».
Det betyr m.a. at kommunen har sett at det ligg særskilte verdiar nedfelt i dess elementa. Det igjen betyr at dei ikkje kan ivaretakast utan av folket i bygda og er av same meining, slik at det kan setjast i gang gode tiltak og prosjekt for både å synleggjera verna om desse verdiane Ei oppgåve som kommune har er då å laga arealforvaltingsplanar som tek omsyn til og framhevar desse grunnleggjande elementa. Ei anna er å definera verkemiddel for konkrete tiltak. Lite vil likevel fungera om ikkje dialogen i planprosessen er god og planane er i samsvar med dei lokale aktørane sine interesser og mål. I desse prosessane er det viktig at Røldal er politisk representert i dei kommunale vedtaksorgana.