MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE 2013-2014 VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET Målekartet bygger på prinsippa i Balansen og kommunen sin visjon for barnehage, skule, kulturskule og vaksenopplæring: ALLE BARN/ELEVAR OPPLEVER KVAR DAG LÆRING OG MEISTRING PRINSIPP 1 Barnehagen har varierte arbeidsmåtar og fleksibel organisering som stimulerer til aktiv læring og meistringsopplevingar God organisering av dagen gir nok rom for den frie leiken Barna skal får utfordringar tilpassa alder og utviklingsnivå Innhald og arbeidsmetodar skal vera tilpassa det enkelte barnet Dei vaksne er fleksible i forhold til organisering av barnegruppene 1. Opplæringa er allsidig og legg vekt på: Utvikling av sosial kompetanse Utvikling av språket Utvikling av kulturell forståing og kompetanse Utvikling av grunnleggjande ferdigheiter Tidlig innsats 2. Barna har gode grunnleggjande ferdigheiter som gjer dei rusta for skulestart 3. Med utgangspunkt i systematisk kartlegging av barna si læring og utvikling vert det tidleg sett i verk tilpassa hjelp til dei som treng det 4. God organisering av dagen gir nok rom for leik Barnesamtaler som kan gi svar på barnas trivsel i barnehagen Kartleggingsverktøyet Utviklingssteg 1-16 år og SMIB (sosial meistring) Læringsboka viser barnets utvikling og interesser
Mål Fag/tema Resultat Sosial kompetanse SMIB Min. 80% av barna har aldersadekvate resultat Utvikling av språket Tilpassa opplæring ved 3-4-års alder ved forsinka utvikling eller anna morsmål Kulturell forståing og kompetanse Grunnleggjande ferdigheiter Tidleg innsats «Viktige utviklingssteg 1-16» Alle barn i barnehagen skal delta på min.2 konsertar eller framsyningar i året Min 80% av barna har aldersadekvate resultat Samarbeid med PPT, helsestasjon og barnevern, godt fungerande sos.ped.team PRINSIPP 2 Læringsmiljø og læremiddel støttar læring og meistring Læringsmiljøet gir rom for mangfald og variasjon Læringsmiljøet er prega av orden og struktur Leiker og utstyr er variert og tilpassa ulike aldersgrupper og utviklingsnivå Nærmiljøet blir brukt aktivt Dei vaksne er kreative og fleksible 1) Barna er trygge, motiverte og leikar godt 2) Barnehagen er prega av trivsel, ro og orden 3) Barna får tilpassa opplæring, og dei vaksne er flinke til å sjå det enkelte barnet 4) Barna vert involvert i eiga læring, og får god og relevant tilbakemelding på arbeidet sitt Resultat frå foreldreundersøkinga Tilbakemelding frå føresette gjennom foreldresamtaler eller den daglege» drøsen» i garderoben I tillegg til foreldresamtalane kan barnesamtalar kan sei noko om barnets trivsel i barnehagen
PRINSIPP 3 Samarbeidet mellom heim og barnehage støttar opp under læring og utvikling Barnehagen har, saman med føresette, utarbeida eit forventningsdokument som seier noko om: Kva foreldre/føresette forventar av barnehagen Kva barnehagen forventar av foreldre/føresette Forventningsdokumentet skal vera eit levande dokument og skal brukast i samarbeidet mellom barnehagen og heimen. God informasjon til heimen ved gode månadsplanar og informasjon på barnehagen sine nettsider Foreldre har høve til å påvirka arbeidet i barnehagen 1. Foreldra/dei føresette opplever god kommunikasjon og samarbeid med barnehagen, gjennom formelle og uformelle samtalar 2. Auka foreldrmedverknad 3. Overgangssamtalen er formalisert og tek utgangspunkt i barnet som «robust og lærande» 4. Forventingsdokumentet vert brukt aktivt av alle tilsette og alle foreldra/føresette og har fokus på læring og utvikling 5. Betre og jevnleg oppdatering på nettsidene Foreldra/føresette kvitterer kvar haust på at dei har kjennskap til forventningsdokumentet. Dokumentet vert kvar år drøfta i SU. Overgangssamtalen for kvart einskild barn er godt dokumentert etter fast mal Det er godt frammøte på foreldremøta. PRINSIPP 4 Dei tilsette har rett kompetanse og er tydelege læringsleiarar God fagleg og pedagogisk kompetanse hos dei tilsette er ein føresetnad for kvalitet i tilbodet til barn og unge. God kompetanse er også nødvendig for at tilsette skal trivast og utviklast i jobben. For å sikra barna sin tryggleik i barnehagen må dei vaksne ha god sjølvinnsikt, vera omsorgsfulle og kunna setja grenser på ein god måte For å sikra godt læringsutbyte hos barna, er det nødvendig å vera ein tydeleg og romsleg vaksen
Det er viktig med mangfald i personalgruppene, både når det gjeld fagbakgrunn og realkompetanse, for å sikra læringsutbyte og nå breidda i måla i barnehagen. Noko av dette kan styrast gjennom rekruttering, noko gjennom etter- og vidareutdanning. Personalet må vera villige til å utvikla seg fagleg gjennom kurs og etterutdanning dersom arbeidsplassen legg til rette for dette Alle tilsette har ein kompetanseplan. Planen har eit omfang på 150 timar for pedagogar og på 100 timar for assistentar pr. år. 1. Pedagogane har god fagleg og didaktisk kompetanse, samt gode relasjonar til barna og er tydelege leiarar. 2. Få fleire av medarbeidarane til å ta vidareutdanning for å sikra kvaliteten i barnehagen 3. Ved nye tilsetjingar og vikariat: Få tak i gode pedagogar og barne-/og ungdomsarbeidarar med evne til å stå på og med god sjølvinnsikt Medarbidarsamtalane Kompetanseplanen Prosjektarbeid PRINSIPP 5 Barnehagane er lærande organisasjonar For å vera ein lærande organisasjon krevst det at ein utviklar evnen til å sjå samanheng og heilskap. Leiaren har ansvar for at organisasjonen er i stadig utvikling for å tilpassa seg nye krav og forventningar. Dei tilsette må fortløpande vurdere eiga verksemd knytt til kompetansetiltak, informasjon, refleksjon, involvering, utprøving og handling. Gjennom stadig fokus på dette sikrar ein utvikling og ny kunnskap. Institusjonsleiarane, saman med etatskontoret, er pådrivar i pedagogisk utviklingsarbeid som vil føra til meir meistring, meir trivsel og meir læring. 1. Barnehagen brukar aktivt eit system for vurdering, refleksjon og forbetring av eigen praksis 2. Barnehagen arbeider med ulike prosjekt som gjer at vi stadig er i utvikling 3. Satsingsområde framover er å jobba fram ein tydeleg profil i barnehagen Personalet opplever at dei er ein del av ein lærande organisasjon, spesielt ved å arbeida med prosjektarbeid der alle må delta aktivt Det vert sett av tid i kompetanseplanen til erfaringsdeling og refleksjon/ettertanke over faglige tema. Barnehagane har gode system for vurdering og arkivering av planar og pedagogiske opplegg