Veg i Sakselia - Dispensasjon frå kommuneplan. Utval Møtedato Utvalssak Planutvalet

Like dokumenter
Følgjande medlemmar hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Gry Kristin Ødegård Medlem SP/KRF Robert Vik Medlem H

FRÅSEGN SØKNAD OM BYGGING AV SANDÅA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

VESTNES KOMMUNE MØTEBOK

Møteinnkalling. Utval : Stølsheimen verneområdesty re Møtesta d: Kulturhuset, Voss Dato: Tidspunkt : 11:00

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 87/2019 Utval for drift og utvikling PS

NATURVERNFORBUNDET I SOGN OG FJORDANE

Møteprotokoll. Stølsheimen verneområdestyre

Dato Dykkar ref. Vår ref. Saksnr. Saksbehandlar / Tlf «REF» 1459/ /691 Jan Rune Jacobsen

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 15:00 - Møtestad: Kommunehuset

Side 2 av 6 Saka vart handsama i Naturutvalet, og det vart gjeve avslag på søknaden. Klagar skriv i brevet sitt at dei sendte inn forslag om

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Ingjald Lerum Arkiv: MTR 176/4 Arkivsaksnr.: 09/2508

Endring av reglar for gjerding i reguleringsplan for Avstjønna - endeleg behandling

Stølsheimen landskapsvernområde - melding om vedtak - enkel tilrettelegging av sti mellom Vatnane og Åsedalen

ØRSTA KOMMUNE Tekniske tenester

VESTNES KOMMUNE. Møteprotokoll. Utval: Planutvalet Møtestad: Formannskapssalen, Rådhuset Dato: Tidspunkt: 15:00

KLAGE VEDTAK OM SKOGSVEG - RAKSTANG

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 92/2019 Utval for drift og utvikling PS

SAKSF RAM L E G G. Sakshandsamar: Haakon Stauri Begby Arkiv: MTR 141/49 Arkivsaksnr.: 18 / 3073

Kommentarar frå Røyrvik Kraft til høyringsfråsegner for Røyrvik og Øyrane kraftverk i Gloppen kommune

Saksutgreiing til folkevalde organ

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

Skjåk kommune Plan, samfunn og miljø

HANDSAMING AV DISPENSASJON - 66/1 - GJENOPPBYGGING AV NAUST, HUGLO

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Saksansvarleg Giske formannskap /14 BJFR Giske kommunestyre

HARAM KOMMUNE Sakspapir

HANDSAMING AV DISPENSASJONSSAK - 45/237 - REHABILITERING OG UTVIDING AV MOLO, SÆBØVEGEN 28

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet

Utval Møtedato Utvalssak Planutvalet /2015 Kommunestyret /2015

Vår ref. 2016/ Særutskrift - Konsesjon - fallrettar - Tverrelva - Tverrelva Kraftverk AS

Vår ref. Dykkar ref: Saksbehandlar Dato 2014/564/27/ 2015/11167 Laila Nersveen

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Larissa Dahl Avslag på søknad om dispensasjon - gbnr 38/2 frådeling av tomt for 2 naust Refskar

Løyve til tillatelse til tiltak uten ansvarsrett gnr. 84 Bnr 1

Vår ref. 2011/ Særutskrift - DS - 244/2 - deling av grunneigedom - Utåker - Egil Heimvik

Stryn kommune Servicekontoret

FRÅSEGN STOKKELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

Uttale til søknad: Eivindsvatn kraftverk og ombygging av inntak Eivindsvatn i Kvinesdal kommune, Vest-Agder

Gunhild Austjord,

Stryn kommune Avdeling byggesak og regulering

Naturvernforbundet sin representant har sett på areala det er søkt om dyrking av, og elles dei dyrka areala som ligg mellom.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 3.gongs handsaming - Søknad om deling - 208/3 -Sydnes - Anne Marie Sydnes Helland

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Særutskrift - 194/6 - ny grunneigedom - Sæbøvik - Fredrik Johan Øvrevik

Vår ref. 2012/ Særutskrift - BS - 32/17 - terrasse - Hatlestrand - Alf-Rune Gundersen

o

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - gjennoppføring av tilbygg på stølshuset på Åsen

Vår ref. 2009/ Særutskrift - BS - 139/68 - garasje - Herøysundet - Odd Åge Helvik

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon - 84/1 - utvida parkeringsplass ved Melderskin - Kletta - Rosendal Turnlag Turgruppa

Saksframlegg. Sakshandsamar: Svein Ålhus Arkiv: MTR 54/3 Arkivsaksnr.: 14/556-2

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling - Søknad om deling - 99/1 - Dimmelsvik - Eivind Tvedt

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

REGULERINGSPLAN VESTNESBUKTA FORTAU VESTNES KOMMUNE

Nærøyfjorden verneområdestyre - melding om vedtak - tilrettelegging av lagerrom på Salthella

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 163/6 - fasade og takendring av naust - Varaldsøy - Bjørnar Torvik

Møteprotokoll. Frå administrasjonen møtte: Rådmannen, teknisk sjef og planleggjar. Ingen hadde merknader til innkalling eller sakliste.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Cornelis Erstad Arkiv: MTR 81/53 Arkivsaksnr.: 16/320-10

FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 90/2019 Utval for drift og utvikling PS

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre

Stordal kommune - oppføring av tilbygg til fritidsbustad - gbnr 158/1, Kvitlestølen - klage på vedtak om dispensasjon frå kommunedelplan

Vår ref. 2011/ Særutskrift - DS - 145/28 - frådeling av tomt - Husnes - Jorunn Marit Røsseland

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 153/97 - vedlikehald grunnmur og ny steinkai - Sunde - Bjarte Bjelland

Særutskrift - 112/17 - deling av eigedom - Dimmelsvik - Per Harald Lunde

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

Sakspapir. Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Jarle Lunde K2 - S11, K3 - &13 19/254

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2. gongs behandling dispensasjon - 123/75 - brygge - sikring av kloakkleidning - Uskedalen - Jan Helge Pile

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 045/18 Plan- og miljøutvalet PS

Møteprotokoll SAKLISTE

Særutskrift - 95/3 - arealoverføring - Dimmelsvik - Statens vegvesen

Kommunen skal vidare legge vekt på kunnskap som er basert på lokalkunnskap og erfaringar gjennom bruk av naturen.

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komité for kultur, miljø og /15

Møteprotokoll. Nærøyfjorden verneområdestyre

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /23. 99/4 - Mindre planendring utviding av utnyttingsgrad Eivindbu

Møteinnkalling. Utval: Nærøyfjorden verneområdestyre Møtestad: E-post Dato: Tidspunkt: 09:00

Utval Møtedato Utval Saksnr UTGÅTT - Planutvalet - UTGÅTT!! /117

Møteinnkalling. Utval : Nærøyfjorden verneområdestyre Møtesta d: E - post, Aurland Dato: Tid spunkt : 14:00

Vår ref. 2008/ BS - 196/51 - naust og brygge - Toftevåg - Liv Karin Helvik Skjærven

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /61 Plan- og miljøutvalet /85

Kvam herad. Sakspapir

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 243/26 - reidskapshus og tilbygg hytte - Salbuvik - Utåker - Lars Magne Stølen

JOB ing REGULERINGSPLAN FOR DEL AV GNR. 78 BNR. 22 I VESTNES. PLANBESKRIVELSE Plan- og bygningslova av 6

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 94/2 - bustadhus - Seimsfoss - Bjarte Naterstad

Klage på vedtak - Smøla kommune - terrasse gbnr 52/25 Været Veiholmen - dispensasjon frå reguleringsplan

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 3.gongs behandling dispensasjon - 146/124 - naust - Sunde - Elna Marie Fludal

Særutskrift - 196/49 - deling av eigedom - Sæbøvik - Egil Steinar Tofte

Vår ref. 2011/ Særutskrift - BS - 43/5 - basseng og tilbygg - Kysnesstrand - Asbjørn T. Rognaldsen

ØRSTA KOMMUNE Teknisk sektor

Ny behandling - Inngjerding av seterstøl, Alvstusetra - Svartåmoen naturreservat

ØRSTA KOMMUNE Tekniske tenester

Vår ref. 2010/ Særutskrift - MS - 27/1 - restaurering og ombygging av naust - Hatlestrand - Johannes A. Ask

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 59/1 - basestasjon for naudkommunikasjon - Mauranger - Technogarden Engineering Resources AS

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

2 av 8 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 056/13 13/565 Faste saker 057/13 13/77 O

Ørsta kommune. Søknad om løyve til å byggje Nøvedalselva kraftverk. Fråsegn til søknad om konsesjon.

Vår ref. 2014/ Særutskrift - 18/6 - garasje - Ølve - Jan Egil Skarvatun

Møteinnkalling. Arbeidsutvalg for Jotunheimen og Utladalen nasjonalparkstyre

Transkript:

VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: L12 Arkivsaksnr.: 2016/327 Saksbehandlar: Jan Rune Jacobsen Dato: 12.04.2016 Veg i Sakselia - Dispensasjon frå kommuneplan Utval Møtedato Utvalssak Planutvalet Administrasjonssjefen si innstilling Alternativ 1: Planutvalet avslår søknad om dispensasjon frå kommuneplanens arealdel av di ein ikkje finn fordelane klart større enn ulempene. Alternativ 2: 1. I medhald av PBL 19-2 gir planutvalet dispensasjon frå kommuneplanens arealdel og godkjenner at anleggsvegen til Sesskraft kan bli liggande som allmenn turveg, med tillatt bruk som kombinert driftsveg for grunneigarane. 2. Vegen skal avsluttast ved rikmyrområdet og takast inn til maks 3,5 m bredde. Massar frå staden skal tilbakeførast over røyrtraseen. 3. Det er eit vilkår at turvegen blir stengt for allmenn motorferdsel og planutvalet vurderer med dette at turvegen ikkje har vesentlege negative verknader for samfunn eller miljø. 4. Planutvalet legg til grunn at fordelane for friluftsliv, gardsdrift, trivsel og folkehelse er klart større enn mulege ulemper. SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Grunneigarane på Sætre søker i fellesskap om å behalde anleggsvegen som Sesskraft AS har bygd i samband med kraftutbygginga i Sessvassdraget. Dei ønsker å nytte vegen til kombinert driftsveg og turveg for ålmenta. Tidlegare: Søkarane har tidlegare fått avslag på søknad om å behalde vegen som skogsveg. Med heimel i 2-1 i forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksvegar avslo adm.sjefen søknaden om traktorveg klasse 7 i Sakselia. Avslaget var grunngitt med ei samla vurdering av omsyn til ulike faktorar som landskap, skog og verneområde, basert på data frå skogbruksplaner, kartdata og lokal kjennskap til området. Argumentasjonen bygger på at området har lite produktiv skog, at landskapsbiletet truleg vil bli endra i negativ retning ved ein permanent veg over lia og at traseen går gjennom eit verneskogområde.

Søkarane viste til at det opphavleg låg i konsesjonsvilkåra at vegen skulle fjernast når arbeidet med kraftutbygginga er ferdig. NVE har i brev av 02.02.2016 på visse vilkår gitt positiv fråsegn til å behalde vegen. Det låg også føre uttale frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune. Hovudmerknaden frå Fylkesmannen er at vegen ikkje kan behandlast etter landbruksforskrifta, fordi 50 % eller meir tilhøyrer anna interesse enn landbruk. Fylkesmannen kan ikkje sjå ressursgrunnlag eller næringspotensial innafor tradisjonell landbruksnæring i tilstrekkelig grad, og meiner dei største interessene ligg til kraftverkutbygginga. Dei konkluderer derfor med at søknaden bør behandlast etter PBL. No: I den nye søknaden presiserer grunneigarane at kraftverket ikkje har store interesser i vegen ettersom overføringsleidninga til kraftverket ikkje skal ha vedlikehald. Søkarane argumenterer for at anleggsvegen vil eigne seg godt som framtidig permanent driftsveg med tilkomst til beiteområde, granfelt og vedaskog. I tillegg vurderer dei vegen i perspektiv av lett tilgjenge til eit fantastisk turområde både sommar og vinter og såleis eit godt tiltak for trivsel og folkehelse. Det blir m.a. vist til at landskapsverknad eller sår i landskapet vil bli minimalisert etter oppussinga til Sesskraft AS og at vegen ikkje berører rikmyra ved Sess-setra. Saka vart trekt frå førre møte i planutvalet av formelle grunnar, av di ein meinte det var nødvendig med ny høyringsrunde. Dette fordi saka no skal vurderast etter Plan- og bygningslova og ikkje etter forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksvegar. Det er mottatt høyringssvar frå Møre og Romsdal Fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal. I tillegg har Naturvernforbundet v/øystein Folden gitt uttale. Alle innspela er referert og kommentert nedanfor. For å få eit betre vurderingsgrunnlag har adm.sjefen vore på synfaring i området ilag med fleire av grunneigarane, som står samla bak søknaden om turvegen/driftsveg. Vurdering: Når det no ligg føre ny og endra søknad, basert på anna grunngjeving, må saka vurderast på nytt. Skogressursen i området og tilsyn med beitedyr kan ikkje åleine forsvare at den omsøkte vegen blir liggande. Hovudvekta blir difor på behovet for turveg i området, og i det tilfellet ein dispensasjon frå kommuneplanens arealdel. Møre og Romsdal Fylkeskommune (MRFK) rår frå å gi dispensasjon og vurderer at fordelane med ein framtidig turveg ikkje er større enn ulempene med ein permanent køyrbar veg. Dette av omsyn til landskap, naturmangfald og verneskog. Dei meiner det ikkje er grunnlag for å gi dispensasjon for etablering av permanente, køyrbare vegar og stiller spørsmål ved om turvegen, dersom den blir blindveg, vil bli meir attraktiv enn eksisterande sti. Adm.sjefen viser til at vegen ikkje er så godt synleg i landskapet som ein kunne frykte. Den er mest synleg frå fjella i sørvest og mindre synleg frå andre sida av Tresfjorden. Det er røyrgata til kraftstasjonen som er mest synleg pr. dato. I tillegg veit vi at areala etter kvart vil gro til å bli enda mindre synlege. Turvegen skal gjerast smalare enn anleggsvegen ved å ta den inn på nedsida. Vidare blir det lagt tilbake masser over sjølve røyrtraseen, som ligg på øvre sida av vegen. Etter adm.sjefen si vurdering vil landskapsulempene med dette bli redusert. Når det gjeld naturmangfald, er det nok myra ovanfor turvegen som har størst fokus. Denne myra har delvis karakter av rikmyr. Generelt kan ulemper vere auka flaumfare, gjengroing og auka utslepp av klimagassar, i tillegg til tap av mangfald i naturen. Rikmyrer har høgt kalkinnhald i torva, og kalk påverkar vegetasjon og artsmangfald. Det betyr igjen at dersom rikmyra forsvinn, kan mange trua artar også forsvinne. I dette tilfellet er anleggsvegen bygd heilt i kanten av myra og har lagt beslag på eit svært lite område av det totale myrarealet. Eventuelle ulemper av dette er alt utløyst ved kraftutbygginga og er etter adm.sjefen si vurdering lite reversible, sjølv om vegen blir fjerna. Om ein smal utmarksveg blir liggande, vil dette bety lite for resten av myra.

Når det gjeld verneskog, ligg vegen i grenseland av verneskogområdet mellom kote 300 til 350. I gardskartet over skog + landskap er verneskog avmerkt ned til kote 295/300. Inngrepet i form av opparbeidd anleggsveg og rørtrasè påverkar naturlegvis verneskogfunksjonen. Etter adm.sjefen si vurdering vil truleg verneskogfunsksjonen delvis gjenopprettast ettersom skogen veks til att. Vegen er ikkje tenkt som permanent køyrbar veg. Tanken er å halde den stengt for allmenn køyring, ved bom, men at vegen etter behov kan nyttast av grunneigarar/gardbrukarane som motorisert tilkomst til skog og beite. Sjølv som delvis blindveg vurderer adm.sjefen at turvegen har betre kvalitet og er meir attraktiv for mange brukargrupper enn noverande sti lenger ned i lia. Fylkesmannen i Møre og Romsdal (FM) ser heller ikkje at fordelane er større enn ulempene og rår såleis frå å gi dispensasjon. FM varslar synfaring og vil vurdere å klage på eit eventuelt positivt vedtak. FM skriv at tiltaket vil bli godt synleg i landskapet og gi negativ landskapsverknad frå lang avstand, mellom anna frå vestsida av Tresfjorden. Vidare viser FM til at kommunen må vurdere om eksisterande sti i lia nedanfor og ev. andre stiar og turvegar gir god nok opplevingsverdi med omsyn til friluftsliv og folkehelse. Med andre ord må behovet for den omsøkte turvegen synleggjerast betre. FM varslar også at dei vil gå i mot vegbygging inn i rikmyra, som ligg ved endepunktet mot Sessetra. Adm.sjefen meiner FM er noko kategorisk i høve landskapsverknaden og viser til kommentaren ovanfor. I samband med saksbehandlinga i planutvalet blir utvalet invitert på synfaring. Adm.sjefen inviterer med dette også FM til å vere med på synfaringa, slik at alle aktørar i saka får same erfarings- og beslutningsgrunnlag. Eksisterande sti i lia nedanfor turvegen (som går frå Daugstadsetervegen via Sakselia til Hoemselva) er ein del brukt, men av heilt annan kvalitet enn det den nye turvegen kan tilby. Deler av stien er våtlendt og steinete og mykje tyngre å bruke. Dette gjer også at den ikkje er like attraktiv eller tilgjengeleg for alle, til dømes born på tur. Skogsvegane er elles gode innfallspunkt til både omsøkt turveg og fjellet generelt. Fordelen med den nye turvegen er at den blir meir tilgjengeleg og bruksvenleg for fleire og ikkje minst at den gir ei anna turoppleving, ettersom den har ein flatare trase, er slettare for dei som ikkje er så spreke til beins og ligg høgare opp mot fjellet med fantastisk utsikt. Når det gjeld rikmyra, viser adm.sjefen til kommentaren ovanfor og gjentek invitasjonen til synfaring i lag med planutvalet. Naturvernforbundet v/øystein Folden (Nvf) ber planutvalet seie nei til at vegen kan bli verande og meiner generelt at dei samla negative verknadane ved småkraftutbygging blir mindre når det ikkje er veg i inntaksområdet. Nvf vurderer såleis denne saka som ein del av eit større og generelt problem og er redd for presedens i tilsvarande utbyggingar av småkraftverk. Ikkje alle vegar er positive for friluftslivet og det blir ikkje dobbelt så positivt om ein bygg dobbelt så mange vegar, skriv dei, og konkluderer med at dei utmarksvegane som er positive for friluftslivet alt er bygde. Naturvernforbundet viser også til problema med reversering av inngrep som vegbygging ved forsvarets skytefelt på Hjerkinn. Adm.sjefen har ingen problem med å forstå dei generelle innvendingane frå Nvf. Det kan ikkje vere slik at det er automatikk i å behalde anleggsvegar når konsesjonen seier det motsette. Alle anlegg er forskjellige og alle saker må vurderast kvar for seg. Etter adm.sjefen si vurdering er denne turvegen positiv for friluftslivet og mulegheita for (na-)turoppleving og difor er det klare fordelar med vegen, sjølv om ein også ser ulemper. Samanlikning med Hjerkinn er lite relevant. Adm.sjefen synes Nvf er noko bombastisk når dei konkluderer med at alle utmarksvegar som er positive for friluftslivet alt er bygde. Auka aktivitet og bruk av skogsvegar og anleggsvegar i samband med Sesskraft-utbygginga (sjølv i anleggsfasen) viser at etterspørselen er til stades berre tilbodet er på plass. Adm.sjefen ser at dette er positivt for friluftsliv og folkehelse m.v.

Oppsummering Omsøkt driftsveg/turveg går frå kraftsverksinntaket ved Hoemselva fram til rikmyrområdet ved Sesselva og retning mot vegen til Sess-setra og vil gi fleire turalternativ for mange brukargrupper. I utgangspunktet er formålet turveg svært positivt, men etablering av permanente vegar har også ulemper knytt til landskapsverknad, naturmangfald og verneskog. Om dispensasjon skal gjevast må fordelane vere klart større enn ulempene. Kostnader med fjerning av anleggsveg og tilbakeføring av vegetasjonsdekke er ikkje ein avgjerande dispensasjonsgrunn. Dette er heller ikkje ein del av argumentasjonen for eventuelt å behalde vegen, sjølv om adm.sjefen skjønar at det kan framstå som unødvendig ressursbruk om vegen må fjernast heilt. Med bakgrunn i ny søknad frå grunneigarane og nyleg vedteken arealdel til kommuneplanen vurderte administrasjonssjefen det i første omgang som rettast å legge fram saka med 2 alternative framlegg til vedtak: 1. Planutvalet avslår søknad om dispensasjon frå kommuneplanens arealdel av di ein ikkje finn fordelane klart større enn ulempene. 2. a: I medhald av PBL 19-2 gir planutvalet dispensasjon frå kommuneplanens arealdel og godkjenner at anleggsvegen til Sesskraft kan bli liggande som allmenn turveg, med tillatt bruk som kombinert driftsveg for grunneigarane. b: Det er eit vilkår at turvegen blir stengt for allmenn motorferdsel og Planutvalet vurderer med dette at turvegen ikkje har vesentlege negative verknader for samfunn eller miljø. Adm.sjefen både forstår og respekterer at fylkeskommune og Fylkesmannen må innta ei generell restriktiv haldning til saka. Det kan ikkje vere fritt fram for alle slags anleggsvegar. Etter synfaring og nøye vurdering av det omsøkte tiltaket og mulege konsekvensar, vurderer adm.sjefen at det er fordelar med denne turvegen for friluftsliv, gardsdrift, trivsel og folkehelse samtidig som ein ser ulemper med omsyn til landskap, naturmangfald og verneskog. Sidan det er ulike vurderingar og konklusjonar frå dei fagansvarlege i kommunen, blir saka difor lagt fram for planutvalet med 2 alternative framlegg til vedtak. Grunngivinga går fram av vurderingane ovanfor. Særutskrift til: Fylkesmannen Fylkeskommunen NVE Søkarane Vedlegg: 1 Turveg i Sakselia - fråsegn til søknad om dispensasjon frå kommuneplan - Fylkesmannen i Møre og Romsdal 2 Etablering av turveg i Sakselia - fråsegn ved søknad om dispensasjon frå kommuneplan - Møre og Romsdal fylkeskommune 3 Turveg i Sakselia - Dispensasjon frå kommuneplanen 4 Landbruksveg i Sakselia - Kommentarar vedk. dispensasjon 5 Vegspørsmål - Sakselia 6 Landbruksveg i Sakselia - Dispenasjon frå kommuneplan 7 Landbruksveg i Sakselia - Søknad om dispensasjon frå kommuneplan 8 Situasjonsplan 1 9 Situasjonsplan 2

10 Diverse korrespondanse 11 Sakselia - om rikmyr