Ts-vurdering av veg til hyttefelt Storøynå i Vindafjord kommune Utført av TS Tenester Godkjent Ts-revisor av Vegdirektoratet Stord 15.05.2012
Innleiing TS Tenester er beden om å vurdera vegen frå kommunalveg til planlagt hyttefelt på Kvaløy. Bakgrunnen er at Fylkesmannen i Rogaland har kravd ei fagkompetent vurdering av trafikktryggleiken på vegen fram til planlagt hyttefeltet. Det er ikkje føreteke ts-inspeksjon etter Statens vegvesen si Handbok 222 men ei vurdering utifrå noverande forhold og forventa auka bruk med eventuelt nytt hyttefelt. Ts-vurderinga har fyrst og fremst vektlagt trafikktryggleik og framkomst. Vidare er det vurdert framkomst for utrykkingskjøretøy, politi, brann og ambulanse. Vegstandard Noverande vegstandard er ein 3 meter brei asfaltert veg med variabel horisontal og vertikal kurvetur. Vegbredda er variabel, fyrste 150 meter er ca 2,6 meter medan resterande asfaltert veg er ca 3,0 meter. Nokre stader har vegen liten horisontal kurveradius der det ikkje er passasje. Vertikal kurveturen er liten på nokre høgdebrekk (bakketopp) og er omtalt lenger bak i dette dokument. Vegen innbyr ikkje til høgt fartsnivå på grunn av vegens standard. Det er ikkje føreteke fartsmåling med radar registrering men snittfart ligg på om lag 20 km/t. Vegen har ikkje rekkverk/autovern slik Statens vegvesen si Hb 231 tilseier medan eksisterande 2 bruer har tilfredstillande rekkverk/autovern. Vegskuldrer og vegskråningar har variabel standard og nokre stader er skråningane bratte. Det er ikkje registrert potensielle utglidings parti. Det er opplyst at vegen ikkje vert brøyta vintertid.
Generell vurdering av vegen Det er registrert 1 bustadhus (heilårsbustad) på Kvaløy medan det er ca 17 hytter. Det er også båthamn midtvegs på Kvaløyvegen som genererer ein viss trafikk. Vegen må kategoriserast som låg trafikkert og ÅDT er ca 31 med forventa auke med eit nytt planlagt hyttefelt. Vegen vert innimellom også nytta som tilkomst skogbruk. Med nokre utbetringstiltak vil vegen verta betydeleg tryggare og få betre framkomst Føreslegne tiltak Vegen til Kvaløy har eit punkt der ts-revisor tilrår tiltak som er naudsynleg. Føreslegne tiltak er basert på trafikksikkerheitsrisiko og framkomst. Revisor har nytta ALARP-prinsippet det vil sei: AKSEPTABEL RISIKO FORBETRINGSOMRÅDE UAKSEPTABEL RISIKO
Bildet viser der ein må gjera tiltak. Revisor har også føreslege mindre tiltak som å grusa opp 3 møteplasser. Bakketopp har uakseptabelt risiko nivå og revisor har vurdert ulike tiltak. 1. Utviding av bakketopp dvs meisling ca 1,5 meter av fjellskjering best kost/nytteverdi. 2. Senke bakketopp dvs. slakkare vertikalkurve. Kostbart og dårlegare kost/nytteverdi.
Bilde 1, nedanfor viser start på vegen, ca 2,7 meter bredde. Bilde 2, med å meisla bort laust fjell kan ein få betra framoversikt og passering for 2 møtande bilar Det bør leggjast opp minimum 0,5 meter høg kant av stein på utsida som pil viser
Bilde 3, viser punkt der det er uakseptabel risiko der det er føreslege tiltak. Med å utvida vegen over bakketopp oppnår ein passering for 2 møtande bilar. Bilde 4, det må meislast bort fjell i skjæring
Bilde 5, revisor føreslår at det vert lagt opp ein kant av stein over bakketopp på utsida, minimum 0,5 meter høgde. Bilde 6, viser bratt bakke ca 1:15 stigning fram til snuplass ved planlagt byggefelt.
Bilde 7, viser grusveg ytre del av vegen Bilde 8, viser der slutt på asfaltert veg
Bilde 9, viser deler av parkeringsplass ved båthamn Bilde 10, viser parti over bakketopp retning Fv 46
Tabell over føreslegne tiltak Punkt/Bilde Føreslegne tiltak type Vurdering/Risikonivå Kostnad Prioritet nr kr 2-3-4-5 + kart Meisling av fjellskjering, Uakseptabel risiko 22 000,- 1 utviding veg med 1,5 meter 2-5 Oppføring av Uakseptabel risiko 7 000,- 2 sikringskant av stein ytre side over bakketopp, min. 0,5 m høgd Heile Skogrydding Forbetringsområde 5000,- 3 strekninga Punktvis Sikring av vegkant med Forbetringsområde 20 000,- 4 t.d autovern, ca 40 lm Heile strekninga Opprusting eksisterande møteplasser, 3 møteplasser Akseptabelt 10 000,- 5 Merk at vurderingane og prioriteringar er gjort utifrå ÅDT, risiko og kost/nytteverdi. Kostnadsberekning er gjort utifrå kostnadsbank. Kostnadene er eks mva. Oppsummering/Kommentar Revisor har vurdert vegen som akseptabel for tilkomst til 27 nye hyttetomter dersom ovanfor nemnde tiltak under risikonivå «uakseptabelt» vert utført. Det vil sei prioritet 1 og 2 må utførast. Dei andre prioriterte tiltak bør også utførast men er ikkje i så stor grad naudsynlege tiltak for vegen. Dette er tiltak som veglaget kan drøfta.