HORDALAND FYLKESKOMMUNE Sekretariat for kontrollutvalet Arkivsak 200804237-18 Arkivnr. 123 Saksh. Breistein, Roald Saksgang Møtedato Kontrollutvalet 06.05.2009 ÅRSREKNESKAPEN 2008 FOR HORDALAND FYLKESKOMMUNE, UTTALE FRÅ KONTROLLUTVALET Bakgrunn for saka: Kontrollutvalet skal gje uttale til rekneskapen, jmf. forskrift om årsrekneskap og årsberetning. Det er ikkje krav om at kontrollutvalet handsamar fylkesrådmannen si årsmelding, men denne skal følgja som sakstilfang til saka, og det skal merkast om det er vesentlege avvik mellom årsmeldinga og rekneskapen. Det er så fylkesutvalet som innstiller overfor fylkestinget, i saka om rekneskapen. Fylkestinget skal handsama både årsrekneskap og årsmelding i same møte. Dette følgjer av kommunelova 48, jmf. Forskrift om årsregnskap og årsberetning 10. Om sakstilfanget. Årsrekneskapen er lagt fram av fylkeskasserar, og inneheld driftsrekneskap, investeringsrekneskap, balanserekneskap, økonomiske oversiktar og noteopplysningar. Fylkeskommunen sin revisor, Deloitte AS, har lagt fram revisjonsmelding. Her er medteke at driftsrekneskapen viser kr. 3.562.670.000 til fordeling drift og eit rekneskapsmessig mindreforbruk på kr. 0. Frå revisjonsmeldinga merkar sekretariatet seg for øvrig: Vi meiner at årsrekneskapen er gjeven i samsvar med lov og forskrifter og gir eit uttrykk for fylkeskommunen si økonomiske stilling 31. desember 2008 og for resultatet i rekneskapsåret i samsvar med god kommunal rekneskapsskikk i Noreg
dei disposisjonar som ligg til grunn for rekneskapen er i samsvar med budsjettvedtak, og at beløpa i årsrekneskapen stemmer med regulert budsjett leiinga har oppfylt si plikt til å syte for ordentleg og oversiktleg registrering og dokumentasjon av rekneskapsopplysningar i samsvar med lov og god kommunal rekneskapsskikk i Noreg opplysningane i årsmeldinga om årsrekneskapen er konsistente med årsrekneskapen og er i samsvar med lov og forskrifter. Av rekneskapen for 2008 har sekretariatet merka seg at netto driftsrekneskap er positivt med kr. 9,081 mill., dvs netto resultatgrad på 0,20 % prosent (Sett opp mot sum driftsinntekter). Heile kommunesektoren hadde i følgje opplysningar frå SSB til samanlikning netto resultatgrad på 0 prosent i 2008. Teknisk beregningsutvalg for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) tilrår at ein over tid bør ha netto resultatgrad på 3 prosent for å ha ei forsvarleg økonomisk drift. For Hordaland fylkeskommune har netto resultatgrad vore slik dei siste åra: 2004 ( 3,96 %) 2005 (+ 8,62 %), 2006 ( + 7.16 %), 2007 (+ 1,61 %) og 2008 (+ 0,20 %), sjå graf nedanfor. Av årsmeldinga går fram at gjennomsnitt resultatgrad for fylkeskommunane i Noreg (utanom Oslo) ligg på 2,9 %. Som vi ser av desse tala har fylkeskommunen eit resultat som i 2008 ligg like over snittet for alle kommunane i Noreg, men langt under både snittet i fylkeskommunane og tilrådinga frå TBU. Hordaland fylkeskommune, Netto resultatgrad Prosent 8,00 % 7,00 % 6,00 % 5,00 % 4,00 % 3,00 % 2,00 % 1,00 % 0,00 % Årstall 2004 2005 2006 2007 2008 7,16 % 6,62 % 5,40 % 3,96 % 3,60 % 2,20 % 2,50 % 1,61 % 0,00 0,20 % Hordaland Norge Netto driftsresultat viser kva ein har att etter at alle driftsutgifter, inklusive renter og avdrag er dekka. Eit positivt driftsresultat kan nyttast til å finansiera investeringar eller avsetjast til seinare bruk, noko som gjev handlefridom og evne til å tola svingingar i økonomien. Sekretariatet merkar seg følgjande frå fylkesrådmannen sin uttale i årsmeldinga: Netto driftsresultat var i 2008 farleg nær nær null. Sunn økonomistyring tilseier at dette måltalet bør vera minst 3 %. Med tanke på at fylkeskommunen i fjor på nytt fekk ansvaret for kollektivtransporten i Bergen kommune, er resultatet til å leva med. Utan bruk av fondsmidlar hadde 2008-rekneskapen vist underskot. No er det nødvendig å vera påpasseleg slik at økonomien ikkje vert ytterlegare svekka. 2
Det vert tilrådd at kontrollutvalet denne gongen innarbeidar følgjande i uttalen sin: rekneskapsmessig mindreforbruk netto driftsresultat om disponering av driftsresultatet talmateriale og uttale frå revisjonsmeldinga. Om ønskjeleg kan kontrollutvalet og uttala seg om følgjande forhold: Ev. for seint avlagt rekneskap og eller årsmelding. Manglar ved den interne kontrollen. Presentasjonen av regnskapet og årsmeldinga. Manglande avstemmingar av lønsrekneskapen mot kommunerekneskapen. Utviklinga i utgifter vs. inntekter. Øvrig økonomisk utvikling, eks. lånegjeld osv. Viktige forhold som ikkje er omtala i rådmannen si årsmelding (i tilstrekkelig grad). Realismen i budsjettet (eks. store endringar mellom opprinneleg budsjett og justert budsjett) Kontrollutvalet sin uttale og revisjonsmeldinga er for øvrig to sjølvstendige dokument, som følgjer saka vidare om fylkesutvalet til fylkestinget. FORSLAG TIL VEDTAK: Kontrollutvalet vedtek utkast til uttale om Hordaland fylkeskommune sin årsrekneskap for 2008. Hogne Haktorson kontrollsjef Vedlegg: HFK: Årsmelding 2008 og Rekneskap 2008 Revisjonsmelding frå Deloitte for Hordaland fylkeskommune 2008 Uttale frå kontrollutvalet på årsrekneskap 2008 for Hordaland fylkeskommune 3
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Sekretariat for kontrollutvalet TIL HORDALAND FYLKESKOMMUNE V/ FYLKESTINGET. ÅRSREKNESKAPEN 2008 FOR HORDALAND FYLKESKOMMUNE, UTTALE FRÅ KONTROLLUTVALET. Kontrollutvalet har i møte 06.05.2009, handsama Hordaland fylkeskommune sin årsrekneskap for 2008. Grunnlaget for handsaminga har vore: Rekneskap 2008. Revisjonsmelding frå Deloitte dagsett 15.04.2009 Fylkesrådmannen si årsmelding for 2008. I tillegg var representantar for administrasjonen og ansvarleg revisor tilstades på utvalsmøtet, for å kunna supplera kontrollutvalet med munnleg informasjon om aktuelle problemstillingar. Kontrollutvalet har merka seg at Hordaland fylkeskommune sin rekneskap for 2008 viser eit rekneskapsmessig mindreforbruk på kr. 0 mill, medan netto driftsrekneskap er positivt med kr 9,081 mill., dvs netto resultatgrad på 0,20 % prosent (Sett opp mot sum driftsinntekter), medan gjennomsnitt resultatgrad for fylkeskommunane i Noreg (utanom Oslo) ligg på 2,9 %. Heile kommunesektoren totalt sett hadde i følgje opplysningar frå SSB til samanlikning netto resultatgrad på 0 prosent i 2008. Teknisk beregningsutvalg for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) tilrår at ein over tid bør ha netto resultatgrad på 3 prosent for å ha ei forsvarleg økonomisk drift. For Hordaland fylkeskommune har netto resultatgrad vore slik dei siste åra: 2004 ( 3,96 %) 2005 (+ 8,62 %), 2006 ( + 7.16 %), 2007 (+ 1,61 %) og 2008 (+ 0,20 %). Som vi ser av desse tala har fylkeskommunen eit resultat som i 2008 ligg like over snittet for alle kommunane i Noreg, men langt under både snittet i fylkeskommunane og tilrådinga frå TBU. Netto driftsresultat viser kva ein har att etter at alle driftsutgifter, inklusive renter og avdrag er dekka. Eit positivt driftsresultat kan nyttast til å finansiera investeringar eller avsetjast til seinare bruk, noko som gjev handlefridom og evne til å tola svingingar i økonomien. Sekretariatet merkar seg følgjande frå fylkesrådmannen sin uttale i årsmeldinga: Netto driftsresultat var i 2008 farleg nær nær null. Sunn økonomistyring tilseier at dette måltalet bør vera minst 3 %. Med tanke på at fylkeskommunen i fjor på nytt fekk ansvaret for kollektivtransporten i Bergen kommune, er resultatet til å leva med. Utan bruk av fondsmidlar hadde 2008-rekneskapen vist underskot. No er det nødvendig å vera påpasseleg slik at økonomien ikkje vert ytterlegare svekka. 4
Ut over det som nemnd over, og det som går fram av saksframlegget til kontrollutvalet i rekneskapssaka samt revisjonsmeldinga av 15.04.200, har kontrollutvalet ikkje merknader til Hordaland fylkeskommune sin årsrekneskap for 2008. Bergen 06.05.2009 Terje Hermansen (s) Kontrollutvalsleiar Hogne Haktorson Kontrollsjef / utvalssekretær Kopi: Hordaland fylkeskommune, fylkesutvalet 5