KONKURRANSEGRUNNLAG TRAKTOR Ulstein kommune Open anbodskonkurranse Sak nr 2013/888 og dok nr 11882/2013 Anbodskonkurranse kjøp av traktor Ulstein kommune side 1
1 OPPDRAGET 1.1 Oppdragsgjevar Oppdragsgjevar er Ulstein kommune. 1.2 Føremål Oppdraget gjeld innkjøp av traktor til driftsoppgåver i Ulstein kommune. 1.3 Kunngjeringar. Tilbodet vert kunngjort på Doffin. 1.4 Tilleggsopplysningar, oppdragsgivar sin kontaktperson. Dersom tilbydaren finn at konkurransegrunnlaget ikkje gjev tilstrekkeleg rettleiing, kan han be om tilleggsopplysningar på e-post til : Roar.ulstein@ulstein.kommune.no for spørsmål som går på tekniske ting. Verner.larsen@ulstein.kommune.no for spørsmål som går på anbudsprosessen. Alle spørsmål / tilleggsopplysningar skal vere merka: KJØP AV TRAKTOR i emnefeltet. Dersom det kjem ein førespurnad om tilleggsinformasjon i samband med konkurransegrunnlaget, og dette er framsett i tilstrekkeleg tid før tilbodsfristen, skal oppdragsgjevar sitt svar sendast til alle som har motteke konkurransegrunnlaget, seinast 6 dagar før tilbodsfristen. 1.5 Rettingar, tillegg eller endringar i konkurransegrunnlaget Oppdragsgjevaren har rett til å gjere rettingar, tillegg og endringar av konkurransegrunnlaget, som ikkje er av vesentleg karakter, heilt fram til fristen for levering av tilbod går ut. Rettingar, tillegg eller endringar skal omgåande sendast til alle som har motteke konkurransegrunnlaget. Opplysningane som oppdragsgjevaren gjev på førespurnad frå ein leverandør, skal også gjevast omgåande til alle dei andre leverandørane. Dersom rettingane, tillegga eller endringane, som er nemnde i første ledd kjem så seint at det er vanskeleg for leverandøren å ta omsyn til det i tilbodet, skal det fastsetjast ei forlenging av tilbodsfristen. Alle leverandørar skal varslast om forlenginga. 2 ALMINNELIGE REGLAR FOR GJENNOMFØRINGA AV KONKURRANSEN Anbodskonkurranse kjøp av traktor Ulstein kommune side 2
2.1 Reglar for konkurransen Konkurransen er regulert av lov om offentlige innkjøp av 16. juli 1999 med tilhøyrande forskrift. Konkurransen følgjer del I og II i forskrifta. 2.2 Prosedyre. Denne anskaffinga følgjer prosedyren for open anbodskonkurranse. 2.3 Offentleg innsynsrett Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova) av 19.05.2006, som trådde i kraft 01. januar 2009, gir rett til å unnta tilbod og protokoll frå offentleg innsyn, inntil valet av leverandør er gjort. Etter at kontrakt er tildelt, er tilboda offentlege. Oppdragsgjevar skal likevel ikkje offentleggjere til dømes forretningsløyndomar. Tilbyder må sjølv opplyse kva deler av tilbodet og kva opplysningar som han ynskjer skal vere unntatt offentlegheit. Vi vil etter eiga vurdering avgjere kva som må vere unntatt offentligheit. 2.4 Teieplikt Oppdragsgjevar og hans tilsette plikter å hindre at andre får tilgang, eller kjennskap, til opplysningar om tekniske installasjonar, framgangsmåtar eller drifts- og forretningstilhøve som det vil vere grunnlag for å halde hemmeleg av konkurransemessige omsyn. 3 KRAV TIL LEVERANDØR 3.1 Generelt Føremålet med å stille krav til leverandørane sine kvalifikasjonar er å sikre at leverandøren er i stand til å oppfylle ein kontrakt. Tilbydar kan bli avvist dersom dokumentasjon og referansar viser at dette ikkje er sannsynleg. Dersom leverandøren er klar over at opplysningane etter kvalifikasjonskrava kan gi uvisse om leverandøren si evne til å oppfylle ein kontrakt, bør relevant tilleggsinformasjon leggast ved tilbodet. Alle krav må vere oppfylt for at leverandør skal bli kvalifisert. 3.2 Obligatoriske og ufråvikelege krav. Skatteattestar Norske leverandørar skal legge fram skatteattestar for meirverdiavgift og skatt (skjema RF-1244) som dokumenterer at føretaket ikkje skuldar skatt eller meirverdiavgift. Anbodskonkurranse kjøp av traktor Ulstein kommune side 3
Skatteattestane for både skatt og meirverdiavgift kan tingast frå leverandøren sin lokale skatteoppkrevjar og Fylkesskattekontoret. Attestane skal ligge føre innan tilbodsfristen, og dei skal ikkje vere eldre enn 6 månader rekna frå tilbodsfristen. Leverandør som ikkje er etablert i Noreg, kan levere tilsvarande dokumentasjon frå myndigheitene i det landet leverandøren er etablert. HMS-eigenerklæring Leverandørar som skal utføre arbeid i Noreg, skal legge fram ei eigenerklæring om at leverandøren oppfyller, eller ved eventuelt tildeling av kontrakt, vil oppfylle, lovbestemte krav i Noreg når det gjeld helse, miljø og sikkerheit. Eigenerklæringa skal ligge føre innan tilbodsfristen. Skjema for HMS-eigenerklæring følgjer som vedlegg 2. Leverandøren si organisatoriske og juridiske stilling Kvalifikasjonskrav 1: Dokumentasjon Det vert kravd at leverandøren har eit lovleg etablert føretak a) Firmaattest frå Brønnøysundregisteret skal leggast ved tilbodet b) Firma som er registrert i fagleg register utanfor Noreg, skal legge ved annen dokumentasjon som vil vere relevant for å legitimere leverandøren si organisatoriske og juridiske stilling. Leverandørens økonomiske og finansielle stilling Kvalifikasjonskrav 2: Dokumentasjon Det vert kravd tilstrekkeleg økonomi for å kunne gjennomføre den aktuelle kontrakten Det skal leggast ved tilbodet utdrag frå leverandøren sitt årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding for dei siste to rekneskapsåra. Leverandøren sine tidlegare leveransar/referansar og dokumentasjon av desse. Det skal opplysast om minst 3, maksimum 5 leveransar siste 3 åra med relevans for dette oppdraget. Dokumentasjonskrav: Referanselista skal som minimum innehalde - Oppdragsgjevar sitt namn - Verdi på oppdraget - Referansepersonar med namn og telefonnummer. Oppdragsgjevar har rett, men ikkje plikt til å kontakte desse personane. Anbodskonkurranse kjøp av traktor Ulstein kommune side 4
4 KRAV TIL TILBODET 4.1 Tilbodets utforming og levering. I tillegg til dokumentasjon av kvalifikasjonskrava skal tilbodet innehalde tilbodsbrev med svar relatert til kravspesifikasjonen. 1 Tilbodet skal vere skriftleg, og skal innehalde eit dagsett tilbodsbrev, underteikna og stempla med verksemda sitt namn. 2 Tilbodet skal vere merka: Tilbod traktor 3 Tilbodet skal leverast i lukka sending 4 Tilbodet skal vere på norsk 5 Tilbodet kan leverast direkte til leveringsadressa, eller sendast med post 6 Tilbodet må ikkje leverast via e-post eller faks. Tilbydar ynskjer imidlertid ein elektronisk kopi av tilbodet i etter at tilbodsfristen er ute. 7 Tilbodet skal leverast i to eksemplar. 4.2 Tilbodsfrist. Innleveringsfristen er Torsdag 30. januar 2014 kl 12.00 4.3 Vedståingsfrist (3mnd) er til 30. april 2014. 4.4 Tilbodet leverast til: Ulstein kommune v/ Verner Larsen Sjøgata 63 6065 Ulsteinvik Konvolutten skal merkast med Tilbod traktor 4.5 Atterhald. Eventuelle atterhald må vere klart og eintydig formulert i tilbodsbrevet. Det må gå klart fram kva atterhalda gjeld og kva økonomiske konsekvensar desse vil kunne få. Det er imidlertid ikkje høve til å ta atterhald mot grunnleggande element i tilbodsgrunnlaget. 4.6 Alternative tilbod. Vert ikkje akseptert 4.7 Endre og tilbakekalle tilbod. Oppdragsgivar kan endre innhaldet i kravspesifikasjon inntil 6 dagar før innleveringsfrist. 4.8 Tilbods- og prisoppsett Anbodskonkurranse kjøp av traktor Ulstein kommune side 5
Samla prisoppsett, leveringstid og tilbydar sine svar på krav i konkurransegrunnlaget skal gå klart fram av tilbodsbrevet. Tilbydar må avklare korleis service på traktoren vert gjennomført, og kva system / beredskap tilbydar har for å hjelpe ved driftsavbrot. 5 BEHANDLINGA AV TILBODA 5.1 Registrering av tilboda. Mottakar fører på dato for mottak av tilboda, etter kvart som dei kjem inn. På førespurnad skal oppdragsgjevaren gje skriftleg stadfesting på at tilbodet er motteke. Det vil verte ført protokoll for anskaffinga. 5.2 Tilbodsopning. Tilbodsopninga finn stad kl 09.00 fredag 31. januar. på Ulstein rådhus. Opninga skal verte utført av minst to representantar for oppdragsgjevaren. Det skal skrivast protokoll frå opninga av tilboda. Leverandøren har ikkje rett til å være til stade ved opninga. 5.3 Avvising av leverandør Oppdragsgjevaren har plikt til å avvise leverandørar som ikkje har sendt inn tilbodet innan fastsette fristar, samt leverandørar som ikkje oppfyller dei fastsette og kunngjorde kvalifikasjonskrava. Oppdragsgjevaren kan avvise leverandørar som ikkje har sendt inn anna etterspurt dokumentasjon. 5.4 Avvisning av tilbod. Oppdragsgjevaren pliktar å avvise tilbodet når det: ikkje er levert innan fastsette fristar på grunn av atterhald eller feil, uklare eller ufullstendige tilbod, eller liknande som kan skape tvil om korleis tilbodet skal vurderast i høve dei andre tilboda. Oppdragsgjevaren kan avvise tilbodet når det: ikkje inneheld alle dei opplysningar, oppgåver, prøver mm. som er kravd ikkje gjev opp prisen, slik som føresett i konkurransegrunnlaget verkar unormalt lavt prisa i høve produktet det er gjeve tilbod på ikkje er underteikna 5.5 Retting av openbare feil. Dersom oppdragsgjevaren vert merksam på openbare feil i tilbodet, skal desse rettast, dersom det ikkje er tvil om korleis feilen skal rettast. Anbodskonkurranse kjøp av traktor Ulstein kommune side 6
6 AVGJERDA AV KONKURRANSEN 6.1 Avlysing av konkurransen og totalforkasting. Oppdragsgivar kan ved sakleg grunn avlyse konkurransen. 6.3 Kontakt med tilbydarar. Oppdragsgjevar vil berre forhalde seg til tilbod som ikkje er avvist etter punktet under avvisning. Oppdragsgjevar vil, om nødvendig, halde møte med tilbydarar for å avklare feil og mistydingar og sikre at innhaldet i tilbodet er rett forstått. Dersom det vert tilbode nye tekniske løysingar eller modeller som er ukjende for oppdragsgjevar må tilbydar syte for at oppdragsgjevar får gjere seg kjend med desse og prøve tilsvarande modell med tilsvarande utstyr jfr krava om funksjonalitet og miljø under kriteria for tildeling. 6.2 Kriteria for tildeling Tildelinga vert gjort på grunnlag av kva tilbod som økonomisk sett er det mest fordelaktige, basert på følgjande kriterium: Traktor Pris 30 % Service og funksjonalitet 25 % Miljø 35 % Leveringstid 5 % Referansar 5 % Nærare om tildelingskriteria: Pris: Pris på leveransen. Pris på opsjonar vert rekna inn i prisen i den grad oppdragsgjevar vel å løyse ut desse opsjonane. Service og funksjonalitet Vi vil vurdere utforming og funksjonalitet av dei løysingane som er foreslått med omsyn til ulike brukssituasjonar. Tilgang til service vurdert opp mot brukssituasjonen. Jfr innleiing i vedlegg 1. Miljø Vil vurdere førar- og driftsmiljø. Leveringstid: Anbodskonkurranse kjøp av traktor Ulstein kommune side 7
Leveringstid er ikkje kritisk. Det vert gjort vurderingar ut frå oppgitt leveringstid og kommunen sin driftssituasjon. Referansar: Vi vil her vurdere dei erfaringane som andre kundar, jamfør punkt 3.2 ovanfor, har hatt med den typen traktor de kjem med tilbod på. Vektinga av tildelingskriteria skal skje på følgjande vis; I vurderinga blir tilboda gitt poeng frå 1 til 10 for kvart av kriteria. Det tilbodet med den høgaste samanlagde poengsummen, vert vurdert som det mest fordelaktige tilbodet. NB! Det er leverandøren sin rett og plikt å sjå til at det vert sendt med relevant dokumentasjon som gjer oppdragsgjevar i stand til å vurdere tilbodet i forhold til dei oppgjevne tildelingskriteria. All informasjon som er nødvendig for å vurdere kjøpet skal gå fram av tilbodsbrev. Det skal ikkje være nødvendig å lese vedlagt brosjyremateriell for å finne nødvendig informasjon for kjøpet. Eventuelle avvik frå kravsspesifikasjonen må også gå klart fram av tilbodsbrevet. 6.3 Innstilling på kontraktstildeling. Oppdragsgjevaren si avgjerd om kven som får tildelt kontrakt, skal vere skriftleg, og sendast alle deltakarane samstundes i rimeleg tid før kontrakt vert inngått. Med kontrakt vert inngått meiner ein tidspunktet då begge partar underteiknar kontrakten. Meldinga skal innehalde ei grunngjeving for valet og gje ein frist for eventuell innlevering av klage over vedtaket. Vedlegg 1: Kravspesifikasjon Vedlegg 2: HMS-erklæring Anbodskonkurranse kjøp av traktor Ulstein kommune side 8
Vedlegg 1: Kravspesifikasjon Traktoren skal nyttast til transport med 12 tonns hengar med last, is skraping, snø brøyting, skraping av grusvegar og diverse anleggsdrift. Det midtmonterte skjæret vil sannsynleg vere påmontert heile tida og tilhengar må kunne nyttast samtidig. Traktor: Max bredde 2,50m Ca 200 hk 6 cyl. 50 km/t Trinnløst gir Ekstra comfort sete Fjærande framaksling / låsbar Fjærande hytte / Klima kontroll Industridekk Kjettingar El.betjente speil m/ varmetråder Dab radio med bluetooth Hydraulikk: 4 stk dobble hydr. uttak bak, minst 1 stk. med flytfunksjon 3 stk dobble hydr. uttak fram +ev, Fronthydraulikken, + 1 stk. open retur. Fronthyrdaulikk med HMV feste, hydraulisk låsing av reiskap, Må vere dimensjonert for brøyte utstyr. Toppstag til fronthydraulikk Anna utstyr: Kameraovervåking av fronthydraulikk. Deksel for lukking over linsa. Underliggende skjær. Rote eller Mâhler eller liknande. Må være dimensjonert for tung isskraping. Må ha en bakkeklaring på min. 25 cm når skjæret er oppe og bør ikkje vere breidare enn traktoren når det ikkje er i bruk. Dersom ein kan velge ulik funksjonalitet ut frå våre bruksområder skal dette dokumenterast og prisast. Kamera for underliggende skjær m/ skjerm 2 stk. Kameralinse må ha luke for lukking. Lysbjelke. Legion lysbøyle LED lavprofil m/ ekstra varsellamper sider og bak på traktor. HMV feste bak. Ekstra arbeidslys hjørne bak + brøytelys front. Opsjonar 1. Innbytte av 1997 mod. Massey Ferguson 6170 gått 3430 timer, m/ Trima 470 frontlaster og brøyteplate 2. Fliskutter, minimum 14 cm stammebredde. 3. Grusrive / Grusstrengspreder. 4. Piggdekk Anbodskonkurranse kjøp av traktor Ulstein kommune side 9
Vedlegg 2: HMS-erklæring EIGENERKLÆRING OM HELSE, MILJØ OG SIKKERHEIT Denne stadfestinga gjeld: Firma Adresse. Postnr./-stad Land.. Det vert med dette stadfesta at denne verksemda arbeider systematisk for å oppfylle krava i helse-, miljøog sikkerheitslovgjevinga og med det tilfredsstiller krava i forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid i verksemda (Internkontrollforskrifta) fastsett ved kgl. res. 6. desember 1996 i medhald av lov 4 februar 1977 nr. 4 om arbeidarvern og arbeidsmiljø o.a. Det vert stadfesta at verksemda er lovlig organisert i samsvar med gjeldande skatte- og arbeidsmiljøregelverk når det gjelder tilsette sine faglige og sosiale rettar. Det vert akseptert at oppdragsgjevar etter førespurnad vil bli gitt rett til å gå gjennom og rett til verifikasjon av verksemda sine system for ivaretaking av helse, miljø- og sikkerheitsarbeid. Dagleg leiar (sign.) Dato:... Det vert med dette stadfesta at det er sett i verk systematiske tiltak for å oppfylle ovannemnde krav i helse-, miljø- og sikkerhetslovgjevinga. Representant for dei tilsette: (sign.) Dato: * For utanlandske oppdragstakarar gjelder følgjande: Det vert med dette stadfesta at det ved utarbeiding av tilbodet er tatt omsyn til helse-, miljø- og sikkerheitslovgjevinga som følgjer av forskrift om systematisk helse, miljø- og sikkerheitsarbeid i verksemder (Internkontrollforskrifta), fastsett ved kgl. res. 6 desember 1996 i medhald av lov 4 februar 1977 nr. 4 om arbeidarvern og arbeidsmiljø o.a.. Det vert akseptert at oppdragsgjevar etter førespurnad får rett til å gå gjennom og rett til verifikasjon av verksemda sine system for ivaretaking av helse, miljø- og sikkerheitsarbeid. Forpliktande underskrift Dagleg leiar (sign.) Dato:.... Anbodskonkurranse kjøp av traktor Ulstein kommune side 10