Forskingsutvalet. Innkalling: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 6/2014. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

Like dokumenter
FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 3/2015, 12. mars

Forskingsutvalet. PROTOKOLL: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 4/2014. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet

Jørgen Amdam vil i starten av møtet orientere om Fjordkonferansen Jf sak

Forskingsutvalet. Protokoll: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 7/2015. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

Møtet vart flytta frå først oppsett 19. mai til 26. mai. Skrivar beklager at det har vore noko ugreie med møteinnkallinga i Outlook.

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 1/2015, 27. januar. Vedtak: Godkjent med endring: Anders Aschim deltok på møtet ikkje Peder Haug.

FU sak Godkjenning av referat frå FU-møte 9/2013, 26. november 2013.

Offentleg protokoll HOGSKULEN I VOLDA. Styremøte 7/2013. Utval: Høgskulestyret Møtestad: BK 220 VIP Dato: Tid: 11:00-15:30.

Handlingsplan for internasjonalisering

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet

MØTEINNKALLING Forskingsutvalet

Strategiplan for Forsking og utvikling (FoU)

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret. Kristin Marie Sørheim Janne Heggvoll. Jacob Kjøde

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 6/2014, 16. september

MØTEPROTOKOLL Fellesmøte med Strategisk studienemnd og Læringsmiljøutvalet

39/14 14/ Studietilbod på masternivå - samfunnsfag i lærarutdanninga 2. 41/14 14/ Møteplan for Strategisk studienemnd våren

MØTEPROTOKOLL STYREMØTE 5/2014 VED HØGSKULEN I VOLDA

OFFENTLEGMØTEPROTOKOLL

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

INNKALLING TIL MØTE I FORSKNINGS- OG FORMIDLINGSUTVALGET

Forskingsutvalet. UTKAST - PROTOKOLL: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 5/2014. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

Ei HOGSKULEN I VOLDA Møteprotokoll

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret. Styremøte 6/2015. Møtedato: kl. 9:00-14:45 Møtestad: Sagafjord Hotell, Sæbø Arkivsak: 15/00052

Studenttinget 2016/2017

Rektor Per Halse, leiar Prorektor Marie Nedregotten Sørbø, nestleiar Høgskulelektor Pål Hamre Høgskulelektor Jorunn Aske

En utvikling på høgskolenes premisser?

Studenttinget 2016/2017 Referat ekstraordinært møte

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

Tysnes kommune Møteprotokoll

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

MØTE IN N KALLIN G Arbeidsmiljøutvalet AM U

INNKALLING TIL MØTE I FORSKNINGS- OG FORMIDLINGSUTVALGET

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 8/2014, 18. november. FU sak Tildeling av professorstipend (Jf FU sak )

Funksjon Leiar Medlem Medlem Medlem Medlem Medlem Medlem Medlem Medlem Styresekretær. Møtte for Marit Vartdal Engeseth

FoU ved HVO faglege satsingsområde. Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering

Vedtakssaker. 19/14 14/ HMS-dag /14 14/ AMU- samansetning, roller, ansvar og opplæring 5 21/14 14/ AKAN 7

Nytt program for internasjonalisering i lærarutdanninga Invitasjon til innspel og møte i Bergen 14. juni 2017

Strategiplan for FoU

MØTEPROTOKOLL (revidert ) Strategisk studienemnd

HANDLINGSPLAN FOR INTERNASJONALISERING HØGSKULEN I VOLDA

MØTEPROTOKOLL Strategisk studienemnd

Frå administrasjonen møtte: Ingunn Welle Nina Cathrin Garshol Gonnie Smit

Studenttinget 2015/2016

DATO: SAKSHANDSAMAR: Anne Kristin Kleiven/Marit Solheim SAKA GJELD: Internrevisjon av forskingsaktiviteten i Helse Vest

11/12 Kontrollrapport 2011 vedr. skatteoppkrevjarfunksjonen i Kvinnherad kommune.

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet

Vurdering av allianse og alternativ

MØTEPROTOKOLL. Styremøte 7/2016. Høgskulestyret. Møtedato: kl. 11:00-15:30 Møtestad: BK 220 VIP Arkivsak: 15/00052

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 4/2014, 20. mai 2014

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

MØTEPROTOKOLL Høgskulestyret

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato: Møtetid: Møtestad: Kommunehuset

HØGSKULEN I VOLDA i Boks 50o 1 61oi Volda l Norway l T' F: Styret

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet

SØKNADSKRITERIER FOR TILDELING AV INSTITUSJONELLE FOU STIPEND

Offentleg møteprotokoll Styremøte 3/2015

HOGSKULEN I VOLDA Offentleg møteprotokoll Styremøte 5/2015 MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

HØGSKULEN 1 VOLDA i Boks 5 o0 i 6io+ Volda I N orw2y 1 7: ^007 5 o0o F: X 07 5 D S i 1 Styret

KD sin finansieringsmodell

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

MØTEINNKALLING Strategisk studienemnd

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

MØTEPROTOKOLL Læringsmiljøutvalet

MØTEPROTOKOLL Arbeidsmiljøutvalet AM U

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

Hornindal kommune. Innkalling. Sakliste. Utval: Utval for Oppvekst og Helse Møtestad: Smia Dato: Tid: Kl. 14:00-16:00

Studenttinget 2014/2015

Møtebok: Forskingsutvalet ( ) Forskingsutvalet. Dato: Møterom BK220 VIP. Notat:

Omfang HMR løyver inntil 1,5 million norske kroner til føremålet for Ein kan søkje om maks nok per prosjekt per år

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

Handlingsplan for formidling SV-fakultetet

Svar til Universitetet i Bergen på intensjonsnotat om framtidig og tettare samarbeid

Innkalling og sakliste

2 of 12 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 008/ /1175 Faste saker 009/ /1152 Statistikk over sjuke

Møtebok for Høgskulestyret - offentleg

RHF-enes strategigruppe for forskning

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/511 STYRESAK: 076/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK. Styret tar saka til orientering.

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Førde HF GÅR TIL: FØRETAK:

Utvalg: Kontrollutvalet Møtestad: Kommunestyresalen, Rådhuset i Austevoll Dato: Tidspunkt: 09:30-12:30

Jan Erik Hovdenak, kommunalsjef drift (under sak OS 16/16 og sak 27/16) Protokollen vert formelt godkjent i neste møte

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 1/2015, 27. januar

INNKALLING TIL STUDENTTINGSMØTE 1/17-18

Før møtestart vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad for kontrollutvalet.

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Bjørg Kristin Selvik, Brit Julbø, Gunn Haraldseid, Johanne Marie Trovåg, Anne-Grethe Naustdal, Øyvind Hatland, Frida Bjørlo Øien, Halvor Austenå

PARTSAMANSETT UTVAL FOR KOMMUNANE ULLENSVANG, JONDAL OG ODDA I PERIODEN Partssamansett utval - Ullensvang kommune

Samnanger kommune Møteprotokoll

Handlingsprogram for

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

FELLESNEMND FOR KOMMUNANE ULLENSVANG, JONDAL OG ODDA I PERIODEN Fellesnemnd Ullensvang kommune

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

Forskingsutvalet. Innkalling: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 8/2014. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

MØTEBOK. Læringsmiljøutvalet. Sakskart. Møtestad: Møterom 2020, Høgskulebygget Dato: Tidspunkt: 12:30-14:30

Vedtakssaker. Val av leiar for AMU /15 14/ AMU-samansetning Møteplan AKAN 7

Transkript:

Forskingsutvalet Innkalling: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 6/2014. Tid: Tysdag 16. september kl 13.15-15.00. Møterom: BK 220 (VIP-romet). Faste medlemmer: Eining Til stade Per Halse (leiar) Rektor X Ketil Jarl Halse (nestleiar) ASH (dekan) X Inger Marie Okkenhaug ASH X Arne Myklebust AHL (dekan) X Peder Haug AHL X Aud Folkestad AKF (dekan) X Karen Brænne AKF Kjetil L. Høydal (vara for Brænne) AKF X Sverre Liestøl AMF (dekan) X Pål Aam AMF X Anne Randi Fagerlid Festøy Stipendiatane X Karoline Strand Studenttinget Kathrine Garshol Studenttinget Sakshandsamar og skrivar: Johann Roppen FoU-rådgivar X Observatørar: Jacob Kjøde jr Direktør, HVO X Bente Gunn Lien Biblioteket, HVO X Geir Tangen FoU-konsulent, HVO X Finn Ove Båtevik Møreforsking Volda X Elisabeth Maråk Støle Direktør, Møreforsking AS FU sak 36-2014 Godkjenning av møteinnkalling og sakliste. Møtet startar med ei orientering om revidering av handlingsplan for internasjonalisering ved Arne Humberset. Utkast til plan ligg som vedlegg 2, og vert også handsama som eiga sak på møtet. Vedtak: Godkjent. FU sak 37-2014 Godkjenning av protokoll frå FU-møte 5/2014, 17. juni 2014 Framlegg til offentleg protokoll ligg som vedlegg 1. Vedtak: Godkjent.

2 FU sak 38-2014 Handlingsplan for internasjonalisering Vedlegg 2: Handlingsplan for internasjonalisering 2015-2017. Bakgrunn: Internasjonalt kontor har utarbeidd handlingsplan for internasjonalisering for åra 2015-2017. Planen er drøfta i internasjonalt utval, og uformelt med FoU-administrasjonen. Internasjonalisering er ikkje eit nemnt som eit punkt i Forskingsutvalets mandat og Forskingsutvalet har ikkje midlar som er øyremerka internasjonalisering. Men gjennom strategiplanane er det likevel klart at internasjonalisering er viktig for mykje av Forskingsutvalets arbeid. I FoU-meldingane vert det gjort greie for status på internasjonalisering i høve til overordna strategiplan og strategiplan for FoU. Hovudbildet er at HVO-forskarane blir stadig meir internasjonale, og at det skjer innanfor etablerte ordningar. Små driftsmidlar går i stor grad til deltaking på internasjonale konferansar og forskingsnettverk, HVO-forskarar publiserer stadig meir på engelsk, ein HVO-forskarar har fått midlar til eitt internasjonalt finansiert fleirårig forskingsprosjekt, Forskingsutvalet har tildelt reisemidlar til stipendiatar som ønskjer eit utanlandsopphald i studietida og det er også notert at HVO har fått på plass eit formelt forskingssamarbeid med University of Cardiff. I tillegg har dei fleste fagmiljø og einskildforskarar ei rekkje kontaktar og samarbeidsprosjekt med internasjonale forskarar og forskingsmiljø, men utan at det har vorte inngått institusjonelle avtalar. Oftast er det heller ikkje nødvendig. Men det er ein stor kontrast mellom HVOs godt over 100 avtalar om internasjonalt undervisningssamarbeid og den eine formelle avtalen om forskingssamarbeid. Det vil medføre kostnader for avdelingane å gjennomføre dette. To av punkta i handlingsplanen for internasjonalisering vil bli særleg kommentert: Hovudmål 1: «HVO skal ta aktivt del i EU-programma for utdanning, forsking og innovasjon, samt nordiske og nasjonale satsingar knytt til internasjonaliseringsfeltet.» ( ) FoU-kontoret og avdelingane har ansvar for tredje underpunkt: «HVO skal informere og mobilisere fagmiljøet til deltaking i Horizon 2020 (det nye Europeiske forskingsprogrammet).»

3 Dette er i samsvar med stillingsinstruks for FoU-rådgivar som også er HVOs EU-kontakt i Forskingsrådssamanheng. Som det går fram av Forskingsmeldinga har norske høgskular så langt fått lite forskingsmidlar frå EU, og det er også stor risiko knytt til denne typen av midlar, noko Høgskolen i Oslo og Akershus (HIOA) er det fremste dømet på då dei har måtta ta store tap på EU-prosjekt. Eit komplisert regelverk og krav om nasjonal delfinansiering av prosjekt aukar også risikoen ved internasjonalt arbeid. Ved sidan av HIOA er Høgskolen i Gjøvik er den einaste statlege høgskulen som har fått betydelege forskingsmidlar frå EU, men det er på fagområda som ikkje finst ved Høgskulen i Volda. Internasjonal finansiering og særleg finansiering gjennom Horisont 2020 skal vi difor ikkje rekne med vil tilføre Høgskulen i Volda store beløp i åra som kjem. Derimot kan det noterast at internasjonal finansiering som har vorte oppnådd av forskarar i miljøet har skjedd etter deltaking i internasjonale forskingsnettverk. Det er muleg at midlar til deltaking i EU-nettverk både kan medføre auka internasjonal aktivitet i form av konferansar og publisering og finansiering. HVO har ikkje i dag sentrale midlar til deltaking i slike nettverk. Små driftsmidlar vert berre gjevne for eitt år om gongen, og forskarar som skal gå inn i slike nettverk bør minimum vere sikra 3 års finansiering. Det kunne også vore drøfta i kva grad Forskingsutvalet eller FoU-administrasjonen skulle hatt ei rolle når det gjeld Hovudmål 6: «HVO skal vidareutvikle arbeidet med internasjonal mobilitet for studentar og tilsette og knyte utveksling tettare til læringsutbyttet i studieprogramma og FOUaktivitet ved HVO.» Internasjonalt kontor og avdelingane har fått ansvaret for gjennomføring av tiltaka på dette punktet. Saksbehandlar noterer at HVO har som strategisk mål å bringe studentar inn FoU-prosjekt, og det må vel også gjelde innreisande og utreisande studentar. Formelle samarbeidsavtalar som også omfattar FoU kunne gjere dette punktet meir aktuelt i framtida. Vedtak: a) Forskingsutvalet har drøfta utkastet til handlingsplan for internasjonalisering. b) Kvar av avdelingane bør inngå minst ein samarbeidsavtale som også omfattar FoU med ein utanlandsk institusjon på sine sentrale fagområde.

4 FU sak 39-2014 FoU-melding 2014 Vedlegg 3: FoU-melding for HVO for 2014. Bakgrunn: I høgskulestyrets mandat for Forskingsutvalet står det at utvalet skal syte for at det vert laga ei FoUmelding som skal vidare handsamast i styret. I mandatet står det også at Forskingsutvalet skal følgje opp strategiplanen for FoU. Begge desse føremåla vert oppfylt gjennom FoU-meldinga. Årets melding er den femte i rekkja. FoU-meldingane har over tid med skiftande FoU-leiarar/rådgivar endra noko innhald, men årets melding er i hovudsak sydd over same lest som i fjor. Forskingsutvalet bør kvart år vurdere form, omfang på og behov for Forskingsmeldinga. Til dømes eksisterte ikkje «Tilstandsrapport for høgare utdanning» i 2010 då den første meldinga kom. Tilstandsrapporten gjev eit overblikk over heile sektoren, men etter saksbehandlar si meining gjev forskingsmeldinga eit meir detaljert og nødvendig oversyn over kompetanse og FoU-aktivitet ned på avdelingsnivå. Nytt i årets melding er eitt kapittel som eksplisitt omhandlar den nye strategiplanen for HVO som vart vedtatt av styret i januar. I vedlegg til meldinga er det også to dokument som er nye i denne samanhengen. Det er for det første eit oversyn over dokument som gjeld kvalitetssikring av forsking sterkt inspirert av Høgskulen i Moldes plan for kvalitetssikring. For det andre ligg det også ved eit oversyn over forskingsgrupper ved Høgskulen i Volda, nærast som eit diskusjonsgrunnlag og som oppfølgjing av ei tidlegare sak i Forskingsutvalet. Nokre få andre saker som er omtalte i FoU-meldinga vil også bli tekne opp særskilt i Forskingsutvalet seinare i haust. Saksframlegg: a) Forskingsutvalet er nøgde med FoU-meldinga, men ønskjer at ho blir supplert med meir informasjon om utviklingsarbeidet som blir gjort ved Høgskulen i Volda. b) Forskingsutvalet ønskjer at det vert laga FoU-melding også for 2015 med same ambisjonsnivå som meldinga for 2014.

5 FU sak 40-2014 Publiseringspoeng omfordeling frå formidling til forsking. Referat frå Publiseringsutvalets møte nr 3/2014 vart lagt ved sakspapira til FU Møte nr 5 2014. Bakgrunn: Publiseringsutvalet har foreslått å forsterke støtta til vitskapleg publisering ved Høgskulen i Volda ved å flytte pengar frå formidling («Interne poeng») til forsking («Eksterne poeng»). Her er vedtaket i publiseringsutvalet (PU Sak 6/2014): Publiseringsutvalet tilrår at ein opprettar ei forsterkingsordning for forskingspublisering ved Høgskulen i Volda. I budsjettet for 2015 vert kr 1 million flytta frå formidling («Interne poeng») til forsterkingsordninga for forskingspublisering. Vurdering: Av FoU-meldinga går det fram at vitskapleg publisering («Eksterne poeng») ved Høgskulen i Volda har minka klart dei to siste åra frå ca 120 poeng i 2011 til ca 70 poeng i 2013. Det er nok mange grunnar til at dette har skjedd: Auka konkurranse om å få sleppe til i vitskaplege tidsskrift, auka press på FoU-delen av stillingane på grunn av innsparingar, fleire studentar og vakante stillingar, dårlegare tilgang på eksterne forskingsmidlar og sikkert også andre gode grunnar. Publiseringsgrad for statlege høgskular varierer ein del men det er klart Høgskulen i Volda ikkje har fått betre resultat dei siste åra. Vitskapleg publisering gjev Høgskulen auka inntekter, og vi har dermed fått eit fall i inntektene som følgje av minkande publisering. Samtidig som vitskapleg publisering minkar så er omfanget på formidling («Interne poeng») meir stabilt. Midlane som blir fordelte ut frå desse publiseringane er ei intern omfordeling av høgskulens eigne midlar. Det har ikkje lukkast å kome fram til nasjonale ordningar på dette området, og HVO er ein av få høgskular som premierer formidling. Når ein ser dei to formene for fagleg arbeid i samanheng må ein spørje seg om dette er ei ønskjeleg utvikling. Etter saksbehandlar si meining bør HVO prøve å vri publiseringa meir i retning av meir vitskapleg publisering, og ei omfordeling av midlane der ein flyttar noko av ressursane frå formidling til vitskapleg publisering burde kunne auke fokus på å publisere i godkjende kanalar som vitskaplege tidsskrift av god kvalitet. Det blir kort og godt meir lønsamt å publiser vitskapleg. Saksbehandlar meiner difor Forskingsutvalet bør slutte seg til framlegget frå Publiseringsutvalet.

6 Saksframlegg: a) Forskingsutvalet har notert at den vitskaplege publiseringa ved Høgskulen i Volda har gått klart ned dei to siste åra. Dette er ikkje ei ønskjeleg utvikling. b) Forskingsutvalet sluttar seg til publiseringsutvalets framlegg om å omdisponere 1 million kroner frå formidlingspotten til å forsterke den resultatbaserte omfordelinga av publisering og ønskjer at dette blir gjennomført ved tildelinga for 2015. Votering: Det vart røysta over framlegget og røystetala synte at 3 røysta for framlegget, og 6 røysta i mot. Framlegget er dermed ikkje vedteke. FU sak 41-2014 Utlysing av stipendiatstillingar Vedlegg 4: NOKUTS Tilsynsrapport for Ph.D.-utdanninga (19. juni 2014) Vedlegg 5: Kunnskapsdepartementets godkjenning av Ph.D.-utdanninga (18. august 2014). Bakgrunn: Forskingsutvalet skal i sitt mandat «gje råd om stipendiatsatsing.». På Forskingsutvalsmøte 5/2014 vart status ang stipendiatar drøfta. HVO har for tida ca 18 stipendiatar i arbeid. Erfaringane frå førre utlysingsrunde synte at det kan ta 12-18 månader å få tilsett stipendiatar og få dei på plass i Volda og tida blir endå lenger om ein tek med dei interne drøftingane om prioritering av tema for stipendiatstillingar. I løpet av dei neste 12-18 månadene vil ca 8 stipendiatar bli ferdige med sine stipendiatperiodar, og Forskingsutvalet bør difor ta høgde for dette ved å starte arbeidet med å lyse ut stipendiatstillingar no. Sidan FU-møtet i mai har det kome til eitt viktig moment ved at søknaden om å få etablere PhDutdanning i lag med Høgskolen i Molde har vorte godkjent av NOKUT og av Kunnskapsdepartementet. Vurdering: Ved førre runde av stipendiattilsettingar vart stipendiatstillingane øyremerka konkrete tema som vart utvalde etter vurderingar på avdelingane. For dei 8 stillingane var det 11 utvalde tema. For ei av stipendiatstillingane kom det ikkje aktuelle søkjarar, og stipendiatstillinga på eit anna tema skulle då lysast ut. To andre stipendiatar fekk tilsetting sjølv om dei ikkje vart innstilte som nummer 1. Saksbehandlar meiner denne prosessen syner at HVO har stor fleksibilitet, handlekraft og vilje til å tilsette stipendiatar, men at prosessen også kan framstå som uryddig. Kanskje kunne ein oppnå ein like god prosess i tilsetting av stipendiatar ved å signalisere kvalitet og fleksibilitet alt i utlysinga og

7 så overlate til interesserte søkjarar å «skrive seg inn» i våre faglege satsingar og også skaffe seg kontaktar med interesserte fagfolk i høve til mentoring eller rettleiararrolle. Fleksibiliteten takast i vare ved at to av stipendiatstillingane kan settast i «reserve» og seinare tildelast av rektor ut frå ei totalvurdering av søkjarmasse og omsyn til det nye Ph.D-studiet. Dette vil også vere eit signal om og invitasjon til fagmiljøa om at søkjarar frå mange fagområde kan vere aktuelle for Ph.D.utdanninga i Helse og sosialfag. Med den lange behandlingstida for stipendiatstillingar bør ein alt i dag starte arbeidet med å lyse ut stipendiatstillingar på tema som ligg innanfor tematikken på PhD-utdanninga: «Ph.D.-studium i helse og sosialfag (fellesgrad): Profesjonsutøvelse mellom fag, bruker og forvaltning.». Framlegg til vedtak: a) HVO tilrår overfor styret at det blir lyst ut inntil 8 stipendiatstillingar hausten 2014. Stipendiatstillingane vert lyste ut samtidig: 15. oktober. Søknadsfrist blir 15. januar 2015. Målsettinga er at stipendiatane skal ta til i stillingane ca 1. august 2015. b) For alle stipendiatstillingar gjeld at tematikken for PhD-arbeidet må vere knytt til sentrale tema for masterutdanning eller PhD-utdanning ved HVO, og gjerne på tvers av avdelingane. Stipendiatane bør ta sikte på å vere tilknytta ei eller fleire av HVOs forskingsgrupper der det finst. c) 2 av stipendiatstillingane vert reserverte PhD-studiet i Helse og sosialfag. Dette under føresetnad av at det vert praktisk muleg å ta op Ph.D.-studentar på studiet våren 2015. Utlysing av desse stipendiatane blir samordna med Høgskolen i Molde og kan eventuelt lysast ut separat. d) 4 stipendiatstillingar vert fordelte til avdelingane AHL, AMF, AKF og ASH med ei stipendiatstilling kvar. e) 2 stipendiatstilling kan fordelast av rektor ut frå ei totalvurdering av søkjarane. Søknader inn mot vårt eige Ph.D.-studium vert i utgangspunktet prioritert. Vedtak: Saka vart utsett til neste møte. FU sak 42-2014 prioritering av søknader til MidtNorsk Forskingsfond I mandatet for Forskingsutvalet står det blant anna at Forskingsutvalet skal «Kvalitetssikre og prioritere søknader om eksterne midlar.» På FU Møte 5/2014 orienterte representantar frå blant andre Noregs Forskingsråd og Midtnorsk Forskingsfond om utlysing av forskingsmidlar innanfor ei ordninga kalla: «Regionale institusjonsprosjekt 2015 for statlige høgskoler og regionale forskningsinstitutter». Søknadsfrist for

8 innsending av prosjektskisser er 1. oktober 2014, kl 13.00. 1 Høgskulen har høve til å sende inn tre søknader. Møreforsking AS kan også sende tre søknader, og vil sende ein søknad frå kvar av dei tre stadene: Volda, Ålesund og Molde. Saksbehandlar er kjend med at Møreforsking (Volda) vil kome med ein søknad, og at det er to miljø ved Høgskulen som arbeider med forskingssøknader. På Møreforskings søknad vil fagtilsette ved HVO også bli involverte, og på dei to HVO-søknadene som alt er i arbeid er det samarbeid med Møreforsking. Saksbehandlar vurderer det slik at søknadene som er i arbeid er seriøse og har verdifulle eigenskapar i høve til forskingssamarbeid og kontinuitet. Det er rom for nok ein søknad frå HVO, men skulle det kome fleire enn ein ny søknad må vi gjere ei prioritering. På grunn av at neste møte i Forskingsutvalet er planlagt 16. oktober bør rektor gjere ei slik prioritering. Vedtak: a) Forskingsutvalet ønskjer lukke til med søknadsarbeidet, og ser positivt på at det er samarbeid mellom HVO og Møreforsking i dette arbeidet. b) Om det skulle bli nødvendig å prioritere mellom aktuelle forskingssøknader vil rektor gjere denne prioriteringa. 1 http://www.regionaleforskningsfond.no/prognettmidtnorge/utlysning/rffmidt/1253996123937/p1253953730477?progid=1253960376462&visaktive=true

9 Orienteringssaker: O1: Besøk frå politikarar Høgskuleleiinga har hatt møte med Fredric Holen Bjørdal (Ap) og Pål Farstad (V). Etter møta har leiinga følgt opp med å sende brev om saker som vart drøfta på møta. Sjå vedlegg 6 og 7. Andre orienteringssaker: Doktorgradsdisputasar: o Pål Hamre: Disputerte 15. august. FU-relevante møte og arrangement: o 15. september 2014: Seminar ang forskargrupper og forskingssamarbeid, HVO. o 17. september: Regionalt møte ang kvalitet og struktur i høgare utdanning (Molde). o 17.-18. september 2014: Utdanning for framtidas arbeidsliv. Regional utdanningskonferanse for helse- og sosialfag i Midt-Norge, Ålesund. o 18.-21. september: Animation Volda o 19.-23. september 2014: Forskingsdagane 2014, Volda/Ørsta/Ulstein/Herøy/Ålesund. o 26. september: Maritim klyngeanalyse, Kunnskapsparken, Ålesund o 1. oktober: Karrieredagane, Høgskulen i Volda. o 8.-9. oktober: SHP-konferanse, Oslo. o 27. oktober: Framtidas skule og læring, HVO. o 30.-31. oktober: Barnehagekonferansen, Ålesund, HVO m.fl. o 4.-6. november: Utdanningsdagane, HVO o 6. november: Kurs: How to write a competitive proposal for H2020, Høgskolen i Ålesund / Noregs Forskingsråd. o 20.-21. november 2014: Media and the second Cold War 1975-1991, konferanse, HVO. o 10.-11. Mars 2015: Solstrand-seminar (UH Nett Vest), Solstrand Os. o 18.-19. juni 2015: Fjordkonferansen 2015, Loen. Volda blir arrangør. Vedlegg: 1) Framlegg til offentleg protokoll frå FU-møte 5/2014. 2) Utkast til handlingsplan for internasjonalisering. 3) FoU-melding for 2014. 4) NOKUTs vedtak ang Ph.D.-studiet. 5) Kunnskapsdepartementets vedtak ang Ph.D.-studiet 6) Innspel til Fredric Holen Bjørdal. 7) Innspel til Pål Farstad.